Arkiv 2010

KEIPENSTOVA.

Svelgen Pensjonistlag  si eiga heimeside: Her vil vi skrive om aktuelle saker - slik som møter, turar, festar og andre aktivitetar. Så har vi ei side  med foto og minner frå Svelgen og omegn.  Det vil også bli orientert om saker som vedkjem seniordansarane, styrketreninga for pensjonistar, og oversikt over bøker som er tilgjengeleg på Keipenstova.

 

 


KEIPENSTOVA 22.12.2010 / ALG

 

  Keipenstova er open :

Veslejulafta frå kl. 10 til 12.30

3.juledag frå kl- 10 til 12.30

Veslenyårsafta frå kl- 10 til 12.30.

Velkommen til julekaffi, julekake, frukt og knask.

 


VERTSKAP 14.12.2010 / ALG

VERTSKAP PÅ KEIPENSTOVA.

 

 

Veke

 

50 – Ester og Kjærulf Ryland og Ester Hatleseth

51 – Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland

52 – Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren

 

2011

 

1 – Lise og Johannes Frøyen og Møyfrid Hestetræet

2 – Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland

3 – Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen

4 - Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen

 

5 – Bjørg Damstuen, Karen Sande og Odd Birkelid

6 – Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal

7 – Gunvor og Rolleif Hansen og Jorunn Årøen

8 – Eva og Per Ytrehus og Kirsten Høynes

 

9 –   Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre

10 – Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad

11 – Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

12 – Oddvar Førde, Anne Lise Gilleshammer og Edith Fotland

 

13 – Åse Eikeseth, Marta Navekvien

14 – Edith Fuglemo, Magni og Halvor Nesbø

15 – Sigrun og Bjarne Ripe og Karen Solheim

16 – Margot og Kåre Nødseth og Olaug Heimtun

 

 

 


KEIPENSTOVA 12.12.2010 / ALG

OPNINGSTIDER I JULE- OG NYÅRSHELGA.

Vi vil ha open Keipenstove måndager og torsdager som vanleg, men lillejulafta har vi redusert opningstid slik at det blir open kafe frå

kl.10 til kl.12.30.

Velkomne til Keipenstova!


EDITH FOTLAND 90 ÅR DEN 19.DM 14.12.2010 / ALG

En vordende nittiåring…..kven skulle tru det????


TAKK FOR DEILIG FROKOST! 12.12.2010 / ALG

På vegne av Svelgen Pensjonistlag vil eg takke Geir og medarbeidarane hans på Coop for kjempegod frokost og godt samarbeid med oss pensjonistane.

 

Vi har ikkje tal på kor mange som var innom, men etter tal på kaffikanner som vart trekte var det nok godt over hundre, og så kjem alle barna i tillegg. Komiteen Anne Lise, Kirsten, Ester, Lillian, Lise, Åse , Marta og Johannes.

 


SANGTIME. 07.12.2010 / ALG

HUSK SANGTIMEN!

Måndag 13.desember  frå kl.12 er det sangtime på Keipenstova.

Underhaldningsgruppa deltek som vanleg, og denne gongen skal vi berre synge julesangar.

Alle er velkomne!

Vertskap denne veka er Ester og Kjærulf Ryland og Rita Mulehamn


JULEFROKOST PÅ KEIPENSTOVA. 07.12.2010 / ALG

Slik som i fjor vil Coopen spandere julefrokost på alle kundar i samarbeid med Pensjonistlaget.

Laurdag 11.desember på Keipenstova.

 

Lillian Myren er bindeledd mellom Coopen og pensjonistane - og ho syter for at det er nok kaffikokarar og ryddehjelp.

 

Kafeen opnar kl. 10 og stenger kl.13.

 

 


EINSEMD. 02.12.2010 / ALG

Ho er søt, einsemdi,

so lenge vegen attende

til dei hine

er open.

For du skin ikkje

for deg sjølv.

 

Olav H. Hauge.

("Attum einsemds berg")

 

 


JULETRE PÅ KEIPENSTOVA. 02.12.2010 / ALG

Måndag 6.desember pyntar vi juletreet på Keipenstova.

Oddvar Førde og Morten Johansen står for hogging og bringing - takk til dei og til Per Helge Eikeland!

(Vertskap den veka er Margot og Kåre Nødseth og Olaug Heimtun)


SENIORDANSEN. 01.12.2010 / ALG

Siste dansekveld før jul tirsdag den 7.desember. Det vert ein liten avslutningsfest med pizza og julebrus - og leiar Olga håper at det blir stort frammøte.

Svarte støvlettar er mista. 01.12.2010 / ALG

Støvlettane mine er framleis på vidvanke. Dei var borte når eg skulle gå frå Pensjonistfesten onsdag kveld ca 22.45. Det må vere nokon der ute som har teke feil - dei er svarte, ankelhøge, med glidelås på innerside og spenne på ytterside - eit nummer større enn dei som stod att ( men som no også er borte) :(

Anne Lise tlf. 41418231


BILDER FRÅ FØRJULSTREFFET. 29.11.2010 / ALG

 









Underhaldningsgruppa på førjulstreffet 26.11.2010 / IEH


ADVENT PÅ KEIPENSTOVA. 25.11.2010 / ALG

Fredag kl-1400 samlast Seniordansarar og andre som har lyst å hjelpe til for å pusse vindu og gjere klart for adventstid på Keipenstova.

 

 


PENSJONIST HJELPER PENSJONIST 25.11.2010 / ALG

Liten jobb ledig i Bremanger kommune for mannleg pensjonist som "treningskontakt" til eldre mann.

Arbeidstid 2 timer pr. veke - tariffløn.

Nærare opplysningar Ann Kristin Bråthen - fagleg leiar tlf. 95982989. 


BØKER TIL KEIPENSTOVA. 22.11.2010 / ALG

Takk for alle bøkene vi har fått til Keipenstova.

Jorunn Årøen har merka bøkene og sett dei på plass - så no er det berre å låne med seg heim.

Vi har alt frå seriar, romantiske bøker, lettleste bøker, klassikarar og fleire bøker frå bokklubben. krigshistorie og mykje anna. Det er komne inn fleire bøker med "storskrift" som er gode å lese for

dei som ser litt dårleg.

 

Vi har fylt opp bokreolen og vel så det - så no må vi seie stopp!


HVEM KALLER DU DIN NESTE.

Ord for dagen v/ Edith Fuglemo

 

Hvem kaller du din neste her?

Hvor tror du han finnes?

Du vet at du skal ha ham kjær,

Hvis Herrens ord du minnes.

Hvem er den mann – hvor finnes han?

På denne strand i fremmed land –

Hvor tror du vel han finnes?

 

Kan hende det er bare dem

Som slekt og blod forener?

Er det din far, din mor, ditt hjem

Som Gud vår Herre mener

Og Kristi flokk – mon det er nok

Hver søster, bror som på ham tror

Mon er det bare dem han mener

 

Å. Nei – på all den vide jord

Hvorhelst seg liv kan feste

Hvorhelst Vårherre dekker bord

Som mennesker kan gjeste;

I snøens land – i solens brand

På lovrik lund – på mager grund

Der vandrer og din neste.

 

Hvorhelst din neste du får se

Så minn deg ordets lære.

Og skynd deg – hvor han sank i kne

At berge og at bære.               

Vær varm og var – vær snill   og snar

Med trøst og råd – med verk og dåd

Til Jesu fryd og ære.

 

 

Sannferdig er Guds dyre ord

At elske er det beste

I alt, i himmel og på jord

Gjør kjærlighet det meste

Men uten spor på denne jord

Og uten venn forsvinner den

som har seg selv til neste.     

 


HAGEN OG FØRJULSTREFFET! 15.11.2010 / ALG

Stein Erik Hagen takker for invitasjonen, men  kan ikkje delta på førjulstreffet.

 Han er på utenlandsreise i det tidsrommet.


 

 

 

 

 

FØRJULSTREFF!

 

Onsdag 24.november kl.1800 møtes vi til

Førsjulstreff på Svelgen Hotell.

 

Program:

Velkommen

Allsang

Ord for dagen v/Aage Tansøy

Underhaldningsgruppa

Kanskje kommer Hagen

Servering av hotellets Juletallerken

Kaffi og kake

Seniordansarane syner nye dansar

Allsang

Lynlotteri

Trekkspillklubben overtek og spelar til

Underhaldning og dans.

225 kroner for juletallerken kaffi og kake. 

Påmelding på Keipenstova eller til Anne Lise tlf41418231

(det er alt snart 80 påmelde.)

 


SANGTIME. 05.11.2010 / ALG

Måndag 8.november er det sangtime på Keipenstova - kl.1200.

Vertskap er Edith Fotland, Oddvar Førde og Anne Lise Gilleshammer.


STEIN ERIK HAGEN TIL SVELGEN? 04.11.2010 / ALG

.

 

 

INVITASJON TIL FØRJULSTREFF I SVELGEN.

 

Svelgen Pensjonistlag inviterer deg med dette til å delta på ”Førjulstreffet” vårt på Svelgen Hotell – onsdag 24.november kl.1800

 

Svelgen-samfunnet er bygd opp kring hjørnesteinbedrifta Elkem   med basis i utbygde vassfall. Bedrifta har gjeve grunnlag for arbeidsplassar frå 1928, og alle som bur her – også vi som no er pensjonistar - har tilknytning til ”Verket” og har henta livsgrunnlaget vårt derifrå.

 

Grunnen til denne invitasjonen er at vi, som pensjonistar, ønskjer å vise deg korleis vi lever og bur her. Vi veit at du gjennom ditt eigarskap vil ha stor innverknad på framtida for dette samfunnet. Vi ønskjer at du kan ha eit kort innlegg for å formidle kva tankar du har om framtida for Verket og for oss som bur her. Det skal ikkje vere noko ordskifte etter ditt innlegg.

 

På ”Førjulstreffa” har vi juletallerken og kaffi og kaker. Vi har underhaldning av Trekkspillklubben og Seniordansarane samt ei sanggruppe. Tilslutt er det dans for alle som måtte ønskje å svinge seg .

 

Dersom dette passar for deg blir vi svært glade og vi ønskjer deg vel møtt!

 

 

 

 

 

PS: Vi har ikkje midlar til å dekke reise og opphald – så det reknar vi med at du ordnar sjølv.

 


DANSEGALLA! 29.10.2010 / ALG

Det vert arrangert dansegalla for voksne i Kalvåg Samfunnshus fredag 12.november.

Sjå plakat for opplysning om program, mat og drikke mm.

 

Det er lagt ut liste på Keipenstova for dei som er interessert i å reise med buss frå Svelgen.

 

Påmelding til festen:

Modulf Førde - tlf. 57791126 - 95943754

Ragnar Larsen - tlf. 57792180 - 95732937


FØRJULSTREFFET - STEIN ERIK HAGEN 01.11.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag inviterar Stein Erik Hagen til førjulstreffet!

Brevet til Hagen vert lagt ut seinare når vi reknar at han sjølv har motteke det.


VERTSKAP PÅ KEIPENSTOVA 01.11.2010 / ALG

Det har vore etterlyst oppdatert liste over vertskap på denne sida.

Det er plakat på Keipenstova, men ein av første dagane vil eg legge inn liste.

Vertskap denne veka er Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik.


MEDLEMSMØTE PÅ KEIPENSTOVA 19.10.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 27.oktober kl. 17.00.

 

Program:

Opning

Allsang: La oss leve for hverandre

Ord for dagen v/ Edith Fuglemo

Referat frå møte på Trudvang

Diverse lagssaker

Allsang

Underhaldningsgruppa spelar og syng

Utvandringshistorie v/ Magni, Olga og Bjarne

Bordvers

Mat og kaffi og sosialt samvær

Allsang

Underhaldningsgruppa

Åresalg

Avslutning.

 

Gamle og nye medlemmer er hjerteleg velkomne.

 

Styret.

 

 

 


DIVERSE FRÅ PENSJONISTLAGET 17.10.2010 / ALG

Det skal vere medlemsmøte onsdag den 27. oktober på Keipenstova. Plakater vert sett opp tirsdag/onsdag.

 

Når det gjeld bokutlån er det komne inn ein del bøker, men vi har plass til fleire.

 

Kanskje blir det nytt datakurs om ikkje så lenge. Bell vil sjå på om han kan få til eit kursopplegg.

 

Vertskap denne veka er Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre.


BOKUTLÅN PÅ KEIPENSTOVA. 07.10.2010 / ALG

Vi har fått den nye bokreolen til Keipenstova. Vi tek oppatt  vidareutlån av bøker frå biblioteket, men vi vil også ha ei avdeling med brukte bøker.

 

Er det nokon som vil gje bøker til Keipenstova?

Seriar, romaner, krim, lokalhistorie og  andre fortellingar vil vi gjerne ha, men ikkje gamle biografiar om "gløymde personar".

 

Vi tek imot bøker måndag og torsdag i opningstida - eller ta kontakt med Anne Lise tlf. 41418231


DANSEGALLA! 11.09.2010 / ALG

Arbeidet er i gang med å planlegge dansegalla i haus

 

Datoen blir 12.november  og arrangementet blir i Kalvåg.

 

Det vert sett opp plakatar seinare - og nærare om programmet kjem også på denne sida seinare.

 


SANGTIME. 06.10.2010 / ALG

Måndag 11.oktober kl.1200 er det sangtime på Keipenstova.

Alle som har lyst å vere med er hjerteleg velkomne. Musikkanter og forsangarar  er Harald, Alf, Ester og Margareth.


SEPTEMBERMØTE. 18.09.2010 / ALG

Det er blitt ein tradisjon at septembermøte vert halde i Trudvang på Kjelkenes.

Slik blir det også i år. Møtet blir som vanleg siste onsdagen i månaden og tek kl.1700.

Kommunalsjef Randi Ytrehus skal orientere om pleie- og omsorgstenestene. Ho har kanskje med seg litt lysbilete som syner korleis det kan komme til å sjå ut på Naustneset om nokre få år. I tillegg blir det sang og spel, god mat, åresalg og diverse.

 

Det blir sett opp plakater  og vi kjem att seinare med opplysningar på denne sida.


INNTEKT AV BASAREN. 18.09.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag takkar alle som tok lodd til inntekt for Keipenstova. Vi fekk inn 33.000 - noko som vi er svært fornøgd med.

Vinnarlista er på oppslagstavla på Keipenstova. Dei som hadde lagt mest arbeid i å få til ein flott basar fekk blomar og gode ord - det var Erna Dahl, Sigrun H. Ripe, Inger Førde og Modulf Førde. Det var fleire som hadde laga fine ting, ikkje minst Aud Leirvik  takk til henne og takk til alle som hjelpte til.

 

Vi har alt begynt å bruke av pengane - vi har kjøpt nye dukar til møtebruk, bestilt 12 stablestolar og tralle til kjøkkenet. Så kan vi bruke pengar på å få til litt større kjøkken - dersom alt går slik styret har tenkt.

 

Takk til alle for den velviljen de syner Pensjonistlaget og Keipenstova.


Sakliste til styremøtet. 13.09.2010 / ALG

STYREMØTE TORSDAG 16.SEPTEMBER KL.13.30 PÅ KEIPENSTOVA.
 
Saklise:
Godkjenning av innkalling og sakliste
Referat
Diverse skriv og meldingar
Evaluering av sommertreffet i Førde
Bruk av turpengar
Basaren - innkjøp av utstyr til Keipenstova
Økonomisk oversikt
Program pensjonistmøte på Kjelkenes 29.september
Saker som kan kome til.
 
Vel møtt!

STYREMØTE. 11.09.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held  styremøte torsdag 16.september kl.13.30 på Keipenstova.

Sakliste vert lagt ut seinare.


SANGTIMEN PÅ KEIPENSTOVA. 10.09.2010 / ALG

Måndag 13.september er det sangtime på Keipenstova frå kl. 1200 til ca. kl.1300.

Underhaldningsgruppa vår - Harald, Alf, Ester og Margareth - leiar sangen.

Vertskap er Anfinn og Annfrid Førde og Lillian Nilsen.

Vel møtt!


BASAREN 6.SEPTEMBER. 30.08.2010 / ALG

KEIPENSTOVA-BASAR!

Måndag 6.september held vi basar på Keipenstova.

Vanleg opningstid - og det blir høve til å ta fleire lodd på bøkene, trekning blir ca. kl 13

 Åresalget tek til kl.12

Frå kl. 11.00 er det salg av kaffi, vafler/sveler og kaker.


LODDSALG PÅ COOPEN. 31.08.2010 / ALG

 

Torsdag 2.september

11 - 13    Bjørg Damstuen

13 - 15    Konrad Ryland

15 - 17    Lillian Myren

 

Fredag 3.september

11 - 13   Sigrunn Halse Ripe

13 - 15   Asbjørg Førde

15 - 17   Elsa-Johanne Sande Hauge

 

Laurdag 4.september

11 - 13    Arne Lothe

13 - 15   Anne Lise Gilleshammer

 

Dersom det ikkje passar, må dei som er oppsette bytte eller finne andre til å ta økta.

 

 


BREMANGER - KALVÅG OG SVELGEN! 20.07.2010 / ALG

Onsdag den 25.august er det felles samling av dei tre pensjonistlaga i kommunen.

Møtet skal vere på Havly Pensjonat.

 

Programmet er ikkje ferdig endå, men det skal i allfall vere god mat og sang og musikk. Så må vi feire at arbeidet med Fastandsambandet del II er kome i gang.

 

Men viktigaste av alt er at vi skal ha det triveleg  i lag - og bli bedre kjende med kvarandre.

 

Programnemnd er dei tre leiarane: Kjell Torvanger, Karen K. Røys og Anne Lise Gilleshammer.


VERTSKAP SOMMER/HAUST 12.07.2010 / ALG

 

VERTSKAP PÅ KEIPENSTOVA.

Veke:

24 Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

  1. Ragnhild Senneset og Reidun Føleide

  2. Oddvar Førde, Anne Lise Gilleshammer og Edith Fotland

  3. Åse Eikeseth og Marta Navekvien

  4. Edith Fuglemo, Magni og Halvor Nesbø

  5. Sigrun og Bjarne Ripe og Karen Solheim

  6. Ester og Kjærulv Ryland og Ester Hatleseth

  7. Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland

  8. Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren

  9. Lise og Johannes Frøyen og Møyfrid Hestetræet

  10. Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen

  11. Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad(Lillian og Åse)

  12. Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen

  13. Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland

  14. Bjørg Damstuen – Karen Sande og Odd Birkelid

  15. Hildur og Arne Andersen og Else Fossedal

  16. Gunvor og Rolleif Hansen og Jorunn Årøen

  17. Eva og Per Ytrehus og Kirsten Høynes

  18. Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre


VOGGE TIL BASARDUKKA! 29.06.2010 / ALG

Keipenstova har fått ei nydeleg vogge til basardukka. Det er Modulf Førde som er meistaren bak den nydelege dukkevogga. Kom å sjå - det er også høve for alle til å ta lodd.

Foto av vogga ligg på origo.svelgen.no

 

Tusen takk til den flinke snekkaren!


ARVID EIKEVIK PÅ KEIPENSTOVA. 29.06.2010 / ALG

Keipenstova har fått ei storarta gåve - nemleg eit bilete av svelgenkunstnaren Arvid Eikevik.

Det er måla kring 1965 og motivet er frå Svelgen.

Gjevaren vil vere anonym, men eg kan seie så mykje at det er ei dame som nyleg er flytta til ein mindre bustad enn den ho hadde før.

Stor takk for at det var Keipenstova som fekk biletet.


REGLAR FOR UTLEIGE AV KEIPENSTOVA. 16.06.2010 / ALG

Styret i Svelgen Pensjonistlag har bestemt reglar for utleige slik:

 

1. Medlemmer av pensjonistlaget får leige Keipenstova til selskap f.eks ved feiring av store dagar.

 

2. Andre får leige Keipenstova til konfirmasjon, barnedåp o.l. dersom det er oppteke på Hotellet og Samfunnshuset. Grunnen til dette er at vi ikkje skal konkurrere med dei som baserar drifta si på leigeinntekter (Obs! Vi tek ikkje imot tinging av lokale til konfirmasjon før dato er fastsett)

 

3. Pensjonistlaget låner ut Keipenstova til "gode formål" gratis - Skulemusikken 17.mai, 10.klassingar til inntekt til reisekasse, Røde Kors ( for å nemne dei som har vore aktuelle til no)

 

4. Pris for utleige er   500 kroner for medlemmer og 750 kroner for ikkje-medlemmer.

 

5. Dersom det skal arrangerast selskap med servering av alkohol pliktar leigar sjølv å syte for skjenkeløyve.


OMSORGSSENTER I SVELGEN. 15.06.2010 / ALG

 

VI KAN SJÅ FRAM TIL EIT MODERNE OMSORGSSENTER I SVELGEN!

 

Kommunestyret har i dag vedteke at det skal byggast 40 nye plassar med heildøgns omsorg  på Naustneset i Svelgen.

Alle bueiningane vert nye, men den gamle delen skal  ma nyttast til fellesareal, lagerplass og administrasjon.

 

Truleg vil detaljplanlegginga ta til alt i haust og med byggestart i 2011.


SOMMERTREFFET I FØRDE. 13.06.2010 / ALG

  Det er no 23 påmelde til pensjonistane sitt sommertreff i Førde.

 


SOMMERTREFF I FØRDE! 03.06.2010 / ALG

Den årlige treffen for pensjonistar frå heile fylket skal vere i FØRDEHUSET i Førde den 22. juni - det er ein tirsdag.

Det er no over 20 som har  som har meldt seg på frå Svelgen Pensjonistlag.

 

Ring til Anne Lise 57793553 eller 41418231 for påmelding innan 10.juni. Du kan også skrive deg på liste på Keipenstova måndag.

 

Svelgen Pensjonistlag får tildelt billettar etter kor mange som er påmelde. Treffet startar med mat - varm buffe frå  kl.11 og fram til kl.13. Program frå kl.13.

Pris pr. billett er 290 kroner inkl.varm mat.

 

Arja Saijonmaa skal underhalde

Det blir også anna underhaldning av lokale krefter.

 

Vi reknar med at det vert køyrt med eigne bilar og at vi kan tilby skyss til dei som ikkje kan/vil køyre.

Det er også muleg å ta buss - den går 08.20.

 


DAGSTUR TIL SELJE OG STADT. 19.05.2010 / ALG

Er det fleire som har lyst å vere med på dagsturen den 2.juni - så er der nokre få plasser ledige.

Påmelding kan skje på Keipenstova eller til Konrad Ryland tlf.57793336 eller Anne Lise 57793553.

 

Kanskje nokon av pensjonistane har lyst til å invitere med ein ven eller venninne,

Det er ikkje krav om medlemskap.

 

Turen er subsidiert med 100 kroner og kostar 550 kroner inkl. lunsj/middag på Selje Hotell og ettermiddagskaffi på Kvilehytta på Åheim.

Avreise frå Svelgen er kl 08.


Medlemsmøte. 18.05.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held møte på Keipenstova onsdag 26.mai kl.1700.

 

Program:

Velkommen

Allsang: LA oss leve for hverandre

Ord for dagen v/ Margareth Hjalte

Underhaldning - heile Trekkspillklubben deltek .

Eli Tidemann syner "lysbilder" frå Gamle Svelgen.

Allsang

Rømmegraut  (Edith spesial) + kaffi med litt å bite i

Diverse lagssaker

Orientering om Selje/Stadt-turen.

Pensjonisttreffet i Førde - Per Y orienterer om spanande program.

Åresalg.

Allsang

Avslutning av møtet (og avslutning av denne møtesesongen)


TAKK TIL SVELGEN VASKERI. 10.05.2010 / ALG

Vi på Keipenstova takkar Svelgen Vaskeri for gåve i form av gratis rulling av store dukar.


 

VERTSKAP KEIPENSTOVA -Ny liste

- lista over vertskap framover mot hausten

  18.  Bjørg Damstuen – Karen Sande - Odd Birkelid

19 Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal ( minus kr.h.fartsdag)

  20  Gunvor Hansen, Rolleif Hansen og Jorunn Årøen ( minus 17.mai)

  21 Eva og Per Ytrehus og Kirsten Høynes  (minus 2.pinsedag)

22 Sigrun og Bjarne Ripe og Karen Solheim

2 3. Margot og Kåre Nødset og Olaug Heimtun

24.    Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik

 2 5. Ragnhild Senneset og Reidun Føleide

 

 2 6  Annfrid Førde – Anfinn Førde - Lillian Nilsen

 2 7.  Åse Eikeseth og Marta Navekvien

 2 8. Edith Fuglemo, Halvor Nesbø og  Magni Nesbø 

 

 2 9. Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre

 3 0. Ester og Kjærulf Ryland – Ester Hatleseth

 3 1 Olga Arsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland

 

 3 2 Asbjørg Førde og Alf Førde og Lillian Myren

 3 3 Lise og Johannes Frøyen og Møyfrid Hestetræet

 3 4 Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen 

 3 5 Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad

 

 3 6 Oddvar Førde – Edith Fotland og Anne Lise Gilleshammer

 3 7  Åse Frøyen og Edith Langedal – Konrad Ryland

  3 8 Bjørg Damstuen – Karen Sande - Odd Birkelid

 

  



TUREN TIL GOL. 07.05.2010 / ALG

Det er stor påmelding til bussturen til Gol, seier Konrad.

 

Men obs obs - onsdag den 12. mai vert det sett strek for påmelding!

For dei som framleis er i tenkeboksen er det berre nokre få dagar att til å bestemme seg.


SANGTIMEN. 05.05.2010 / ALG

Måndag 10.mai er det sangtime på Keipenstova frå kl12 og utover.

Reknar med at Harald er komen til landet og Svelgen -  og vi håpar då på tonefølgje av Harald &Alf og at Ester og Margareth også stiller.

Velkommen til sangtime.


BASAR. 01.05.2010 / ALG

Det er klart for å legge ut basarbøkene. Vi har ein del gevinstar, men vi ventar oss fleire. Det vi til no har fått tilsagn om er :

Lappeteppe ( lappane er klare - trur eg - kanskje manglar det nokre få.

Strikka pledd (Erna vil gje oss det)

Strikka pledd (Sigrunn vil gje oss det)

Dukke med heimestrikka garderobe (Inger vil strikke i år også)

Alt er ikkje notert, men det er gjeve lovnad på labbar, strikka dukar/serviettar mm. Det skal også vere åresalg så vi tek i mot gevinstar som passer for det.

Basaren blir første måndagen i september.

Inntekt av basaren vil bli brukt til å ruste opp Keipenstova - feks. innkjøp av stablestolar,  tralle til å sette brukte kopper og kar på, nye dukar til møtebruk,  serveringsbrett, supplering av kaffiservise, kjøkkenutstyr

mm.. vi arbeider også med å få installert teleslynge på Keipenstova.

 

 


DAGSTUR TIL SELJE OG STADT. 01.05.2010 / ALG

Det var påmelding til turen på medlemsmøtet onsdag, men det er høve til å skrive seg på lista på Keipenstova, sist eg såg var det 32 som hadde meldt seg på - dersom vi satsar på ein buss med 40 seter er det berre 8 plassar att.

Dato: 2.juni!

 

Opplegget for turen er at vi reiser ytre vegen via Flatraket til Selje. Vi hadde planlagt at vi skulle vitje galleriet til Amdam, men han er fortida i utlandet så det gjekk ikkje. Men vi skal innom "Doktorgarden" - der er det mykje å sjå og det er også ei kunstutstilling i kjellarane. Dei som ikkje vil vere med på det kan sjå på båtar og den fine naturen. Lunsj/middag på¨Selje Hotell. Så går turen til Stadt - vi vitjar Kapellet i Ervik som vart reist til minne om  dei som omkom i St.Svithun-ulukka  rett utfor stranda der.

Turen går vidare til industribygda Åheim og kaffistund på Kvilehytta. Det kan bli litt endring i programmet, men dette er det vi no veit.


MEDLEMSMØTET 01.05.2010 / ALG

Onsdag 28.april var nær 60 pensjonistar samla på Keipenstova. Melchior Leirmo las dikt av Bruheim og orienterte  om Blindeforbundet. Ordførar Kåre Olav Svarstad synte filmar frå Bremanger kommune - natur og kultur, og ein film om "Den globale bygda - Svelgen".

 

Han orienterte også om aktuelle politiske saker.

Frå pensjonistane si side vart saka om tilkomst til Svelgen Kapell teke opp ( ordførararen lova å finne ut om det lar seg gjere å få til ei midlertidig løysing). Det som er vedteke i reguleringsplanen er at det skal byggast veg over berget mot Rise Næringsbygg og det er då teikna inn parkeringsplassar og rundkøyring, men det er ikkje sett gang noko konkret planlegging av arbeidet.

Det var sjølvsagt mat og kaffi - Vertskap denne gangen var Annfrid og Anfinn Førde, Sigrunn og Bjarne Ripe og Gudrun og Arvid Frøyen. Dei hadde smurt deilige smørbrød, og det vart servert  kringle frå Bakarhuset - Keipenstova var pynta med masse påskeliljer frå Nesbø .

Ein triveleg kveld!

Neste møte er 26.mai (kanskje blir det rømmegraut )

 


SITAT 18.04.2010 / ALG

Nokre sitat frå bladet "Pensjonisten":

 

"" Det avgjørende er ikke hvor gammel du er, men hvordan du er gammel"

"Den som bruker sin tid dårlig er den første til å klage over at den er for knapp"

"Det viktigste er ikke å finne ut hvem som har rett, men hva som er rett"


MEDLEMSMØTE! 18.04.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte onsdag 28.april kl.1700.

Stad: Keipenstova.

 

Program:

Opning

Ord for dagen v/ Melchior Leirmo

Allsang

Lagssaker

Referat frå fylkesårsmøte

Underhaldning

Orientering om dagstur til Selje og Stadt og pensjonisttreffet i Førde

Ordførar Kåre Olav Svarstad syner lysbilder frå kommunen

Ordføraren fortel også om aktuelle kommunale saker

Kaffi og mat.

Påmelding til turar

Loddsalg

Allsang og avslutning.

 


HVIS JEG BLIR DEMENT! 17.04.2010 / ALG

Dette er ein song som ein dansk sjukepleier hadde med seg frå Danmark. Den er verdt å lese gjennom og tenkje på.

Hvis jeg blir dement vil jeg ønske å vere

et sted med et enkelt og kjærligt miljø.

Med trygghet og ro blir mitt liv til å bere.

Så her vil jeg leve inntil jeg skal dø.

 

Hvis jeg viser vrede - gjør livet besværligt

så vet du at det skyldes maktesløshet.

Du holder min hånd og forteller meg kjærligt

at du meg forstår - også når jeg er vred.

 

Hvis ordet forsvinner når jeg vil fortelle

så vet jeg du prøver tross alt å forstå.

Så tager du om meg og vugger meg stille,

langt bedre enn ord du meg sådan kan nå.

 

Hvis jeg i min uro og angst omkring farer

forsøker å gå, og sier jeg vil hjem.

Så er det så rart, hvis du roligt meg svarer

at du godt forstår at min dag er slem.

 

Jeg sanser jo, selv om min verden er stille

ser farver og blomster - musikken har klang.

Jeg gjenkjenner ting jeg har prøvet som lille

kanskje har jeg lyst til å synge en sang.

 

Jeg ønsker å føle at du holder av meg

kan ikke forstå at jeg er til besvær

kan ikke gi uttrykk for at jeg kan like deg

jeg glemmer ditt navn, selv om du er meg nær.

 

Jeg husker kanskje ikke mer - min kjære

Min sykdom kan vere så svær å forstå.

Min verden er blevet et trygt sted å å vere

og kjærlig forståelse håper jeg på.

(JOAN)

Melodi: Jeg elsker den gamle den vaklende rønne.


SKRIV TIL KOMMUNEN. 13.04.2010 / ALG

SVELGEN KAPELL – PARKERING OG TILKOMST.

 

Svelgen Pensjonistlag har tidlegare peika på dei trafikale problema for tilkomst og parkering ved Svelgen Kapell.

 

Vi er kjende med kommunen sine planer om veg over Riseberget, men slik vi ser det kan dette ta mange år før det blir realisert. Vi oppmodar difor om at det må setjast i verk strakstiltak når det gjeld parkering ved kapellet.

 

Mange av pensjonistane har problem med å gå bakkane i frå pakeringsplassen ved Svelgen stadion til kapellet, og vil gjerne køyre – eller bli køyrt. Men som regel er den vesle parkeringsplassen full – t.d. i gravferder er der ikkje parkeringsplasser til andre enn dei heilt næraste pårørande og prest og gravferdsbil. Det blir difor mange som må køyre/rygge ned den smale vegen medan andre folk er på veg opp.

 

Pensjonistlaget meinar at det er   plass til å lage fleire parkeringsplassar/ snuplass ved kapellet som ei mellombels løysing til den nye vegen kjem på plass.

 

Vi håpar at kommunen finn ei løysing på dette og vi høyrer gjerne i frå dykk.


VÅRSAMLING 07.04.2010 / ALG

 

VÅRSAMLING

12.APRIL PÅ KEIPENSTOVA!

DET BLIR NESTEN SOM EI VANLEG MÅNDAGSSAMLING PÅ KEIPENSTOVA, MEN MED NOKO ATTÅT.

  • Underhaldningsgruppa spelar og syng

  • Det vert servert bløtkake

  • Lotteri (åresalg)

  • Sosialt samvær.

  • Kanskje litt «lysbildeshow»

Velkommen til måndagssamling på Keipenstova 10 -14 som vanleg, underhaldninga tek til kl.11.


SENIORDANS! 06.04.2010 / ALG

Det er seniordans i Storsalen i dag - tirsdag kl.1700!

SYDENTURISTER. 31.03.2010 / ALG

Svelgen-pensjonistane som har vore på Lanzarote er no komne vel heime etter ein fantastisk fin tur.

No er vi klare for Keipenstova og Seniordansen

Fotograf: Seniordanser Bodil og ektemann Oddvar frå Arna.


HILSEN FRAA OSS PAA LANZAROTE 23.03.2010 / ALG

PENSJONISTANE PAA LANZAROTE SENDER EI HELSING HEIM.

 

Her har vi det fint og flott

danser og badar - ja, verkeleg kosar oss!

Vi er ein triveleg gjeng, stemninga er paa topp,

mykje aa handle, mykje aa sjaa.

FLOTT AA VERE PENSJONIST - FLOTT AA VERE TE´ !

 

Helsing oss  14 paa Lanzarote


 

IKKJE MØTE I MARS!

 

Svelgen Pensjonistlag har ikkje medlemsmøte i mars.

I staden skal vi ha ei vårsamling på Keipenstova måndag

12.april på dagtid.

Keipenstova opnar då som vanleg kl.10 – så blir det litt underhaldning, loddsalg og servering av kake frå 11 til 13.

 

Velkommen til vårsamling!

 

 

Styret.

 


PENSJONISTFERIE! 09.03.2010 / ALG

Snart reiser ein gjeng med pensjonistar/seniordansarar til Lanzarote. Vi håpar på varme og sol og har registrert at det i dag kl. 9 var 22 grader. (Varmegrader :) altså). Kanskje det blir eit lite reisebrev frå oss på denne sida når vi er komne godt i gang der nede.

8.mars 08.03.2010 / ALG

8-mars er den internasjonale kvinnedagen. GRATULERER MED DAGEN!


STYREMØTE SVELGEN PENSJONISTLAG. 08.03.2010 / ALG

 Det vert kalla inn til styremøte på Keipenstova torsdag 11.mars kl.13.30 (dag og tid kan bli endra)

 

Saker:

Skriv og meldingar

Evaluering av årsmøtet

Vårsamling torsdag 8.april på Keipenstova (i staden for medlemsmøte i mars)

Abonnement Bremanger Budstikke

Bruk av Keipenstova

Oppstarting av loddsal til basaren

Orientering om ny organisering av Samfunnshuset.

Tilskomst og parkering - Svelgen Kapell.

Saker som kan kome til.

 

Anne Lise Gilleshammer 

-leiar-

Innkallinga vert sendt som epost til styremedlemmane når dag og tid vert endeleg bestemt seinare idag.


Sangtimen. 04.03.2010 / ALG

Sangtimen på Keipenstova!

Det nye er at sangtimen vert den 2.måndagen i månaden - ikkje som før den 1.måndagen.

Forsangarar og musikkanter stiller opp kl.12.


Nytt på Keipenstova. 03.03.2010 / ALG

No blir vi sjølvhjelpne med utstyr til å syne ma bilete og film på Keipenstova. Sakene er bestilt og kjem til Svelgen torsdag fk.


Trekkspelklubben spelar på årsmøtet vårt 26.02.2010 / ALG


SVELGEN PENSJONISTLAG - VAL 2010 25.02.2010 / ALG

 

Leiar: Anne Lise Gilleshammer

Nestleiar: Per Ytrehus (ikkje på val)

Kasserar: Gunvor Hansen

Skrivar: Kirsten Frøyen (ikkje på val)

Styremedlemmer: Lillian Myren

« Oddvar Førde (ikkje på val)

« Arne Lothe

Varamedlemmer til styret:

Aage Ole Tansøy

Anfinn Førde

Bjørg Damstuen

Revisorar:

Åse Eikeseth

Liv Ytrehus

SKAF: Dagfinn Ask

Svelgen Samfunnshus

Anne Lise Gilleshammer og Kirsten Frøyen

Valnemnd:

Ragna Svarstad

Gerd Ryland

Marta Navekvien

Utsendingar til fylkesårsmøte; Per Ytrehus og Eva Ytrehus

Vara: Oddvar Førde, Kirsten Frøyen


Våren kjem (kanskje) 22.02.2010 / ALG

I dag 22.februar er det etter primstaven "Pers varmestol" - dei gamle sa at då tek telen til å gå nedanfrå.

Dagen er også kalla Peters stol.


 

ÅRSMØTE

Svelgen Pensjonistlag

24.februar 2010 kl. 17.00 på Svelgen Hotell

Sakliste:

Opning

Registrering

Godkjenning av innkalling

Godkjenning av sakliste

Val av ordstyrar,skrivar og 2 til å skrive under møteboka

Årsmelding frå styret

Rekneskap 2009

Budsjett og driftsplaner for 2010

Saker som kan kome til

Nestleiar i fylkeslaget Gerd Brekke

Val

Avslutning av årsmøtet.

ÅRSMØTEFESTEN.

Opningssang: La oss leve for hverandre

Ord for dagen v/Per Ytrehus

Servering av mat og drikke.

Underhaldningsgruppa syng og spelar

Allsang: Morgen på Kobbeskjeret

Kaffi og bløtkake

Nestleiar Gerd Brekke helsar festlyden

Allsang: Skal gamalt venskap kverva bort

Seniordansarane syner nye dansar.

Allsang Opp med humøret.

Trekkspelklubben spelar opp underhaldning og dans.


PLAN FOR 2010 19.02.2010 / ALG

ARBEIDSPLAN   FOR 2010.

 

Faste aktivitetar:

Drift av Keipenstova – opningstid uendra

Sangtime – 2.mandag i mnd kl.1200

Trim kvar torsdag kl.12.30

Datakurs – onsdager (når lærar er tilgjengeleg)

Andre aktivitetar

Styremøter før   medlemsmøte

 

 

Medlemsmøte på Keipenstova                      27.januar

Årsmøte og årsmøtefest                               24.februar

Fylkesårsmøte – Sogn og Fj. P.lag               veke 12 i Florø

 

Planlegge for gevinstar til basaren

 

Vårsamling på Keipenstova 12.april     med litt ekstra                 

Medlemsmøte i april                                     27.april

Dagstur i mai dato og reisemål ikkje bestemt endå

Medlemsmøte i mai                                      26.mai

Sommertreff i Førde                                    juni

 

Medlemsmøte i august i Ytre ev. fellesmøte med Bremanger og Kalvåg

Pensjonisttur til Gol   i aug/sept

Basar 6.september

Medlemsmøte i september i Trudvang          29.september

Haustkonferanse                                         sept?

Medlemsmøte i oktober på Keipenstova       27.oktober

 

Førjulstreff på Svelgen Hotell                       24.november

 

Advent/jul på Keipenstova    

 

 

 


BASAR. 14.02.2010 / ALG

Dersom årsmøtet godkjenner styret sine driftsplaner for året 2010, vert det også dette året laga til basar med alt det fører med seg.

Styret har drøfta kva som kan vere aktuelt å bruke basar-inntekta til utan at vi har konkludert.

Forslag:

"Massasjestol"

Musikkanlegg

Teleslynge for høyrselhemma på Keipenstova

"Lysbildeframvisar" og fastmontert lerret i taket.

Stablestoler (ekstrastoler til Keipenstova)

Nye duker til møtebruk.

Er det andre forslag?

Helsing Styret.


SAMFUNNSHUSBASAREN. 10.02.2010 / ALG

Laurdag 13.februar er det basar til inntekt for Svelgen Samfunnshus.

Pensjonistlaget har kjøpt ei god dyne som gevinst og desse skal levere kaker:

Lillian Myren

Åse Eikeseth

Møyfrid Hestræet

Anne Lise Gilleshammer.


STYREMØTE. 10.02.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag har styremøte på Keipenstova måndag 15.februar kl.13.30.

Sakliste:

Skriv og meldingar

Førebuing av årsmøtet og årsmøtefesten

Årsmelding 2009

Rekneskap 2009

Arbeids-og driftsplaner 2010

Budsjett 2010

Ev. saker frå medlemmane til årsmøtet

Saker som kan kome til.


DANSETREFF I SVELGEN. 09.02.2010 / ALG

I dag tirsdag skal seniordansarar frå Bremanger, Florø og Svelgen ha dansetreff på Svelgen Samfunnshus.

Dans på parketten i Samfunnshuset og mat og sosialt samvær på Keipenstova.


TAKK! 04.02.2010 / ALG

Pensjonistlaget takker Centrum v/Svein for gåve (teppe) til ein verdi av 450 kroner.


STYRKETRENING. 04.02.2010 / ALG

I dag - torsdag - startar vi opp med styrketrening for pensjonistar med  gruppe 1..

Det har meldt seg 3 personar til gruppe 2. Dei som ønskjer å vere med kan skrive seg på liste på Keipenstova. Det kostar 30 kroner pr treningsøkt. Treninga skal vere i lokala til fysioterapeut Asle Førde på Helsehuset.


Samfunnshusbasaren . 04.02.2010 / ALG

  VIL DU BAKE EI KAKE?

Laurdag den 13.februar er det Samfunnshus-basar. Pensjonistlaget er bedne om å skaffe til veie 4 kaker - til no har 1 - ein kakebakar meldt seg. Vi manglar altså tre kaker. Meld i frå til Anne Lise dersom du vil bake ei kake til eit godt føremål.

 

 


DATAKURS. 04.02.2010 / ALG

DATAKURS FOR PENSJONISTAR

startar opp onsdag 10.februar på Keipenstova.

Kurshaldar er Willy Bell.


ÅRSMØTE. 28.01.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held årsmøte onsdag 24.februar kl. 1700

Sakliste og program for årsmøtefesten vert lagt ut seinare.

Saker som medlemmane ønskjer handsama på årsmøtet må vere styret i hende innan 10.februar.

 

Styret.

Påmelding til årsmøtefesten: Liste på Keipenstova eller  tlf. 57793553/41418231.

 


-

PENSJONISTMØTE! 19.01.2010 / ALG

Svelgen Pensjonistlag held møte på Keipenstova onsdag 27.januar kl.1700

 

PROGRAM:

Opning - allsang

Ord for dagen v/ Møyfrid Hestetræet

Harald, Alf, Ester og Margareth syng og spelar 

Kultursjef Espen Frøysland: Nidarosdomen og kyrkjebygg gjennom 1000 år.

Fysioterpeut Asle Førde : Om styrketrening for oss over 60

Diverse lagssaker bl.a vårturen

Påmelding til årsmøtefesten

Kaffi og mat

Loddsal

Avslutning.


OMSORGSSENTER I SVELGEN. 19.01.2010 / ALG

Formannskapet handsamar i dag sak om omsorgssenter i Svelgen. I rådmannen sitt forslag går det fram at det er nødvendig med ein del avklaringar - dette gjeld:

- romprogram/arelabehov

- fysiske føresetnader for effektiv drift

- om SSA kan nyttast - heilt eller delvis

- finansieringsformer (tilskot etc)

Det er sett ned ei nemnd som skal arbeide med dette fram til veke 12 (slutten av mars)

Dei skal i hovedsak avklare følgjande:

Romprogram/arealbehov

Hente inn informasjon/sjå på relevante prosjekt

Avklare tilskot etc med Husbanken

Lage enkle skisser av alternative modellar

Velge plassering/tomt

Utarbeide saksdokument/prosjektplan fram til politisk handsaming.

Ferdig i veke 12.

Prosjektansvarleg er Ordføraren

Prosjektleiar er Rådmannen

 

 


STYREMØTE - SVELGEN PENSJONISTLAG 09.01.2010 / ALG

Det vert med dette kalla inn til styremøte på Keipenstova torsdag 14.januar kl.13.30
 
Sakliste:
Godkjenning av innkalling og sakliste
Skriv og meldingar
Medlemsmøte 27.januar - program
Årsmøte 24. februar - kunngjering
Utbetaling til Svelgen Samfunnshus for leige av moppar etc
Saker som kan komme til.
 
Forfall må meldast til Anne Lise eller Kirsten.
 

Keipenstova 04.01.2010 / ALG

På Keipenstova er det varmt og godt!

God kaffi, nysteikte vafler/sveler og hyggeleg vertskap.

Måndag og torsdag frå kl 10 til 14!


Sangtime. 03.01.2010 / ALG

Vi prøver å få til sangtime kl. 1200  på Keipenstova denne første måndagen i januar.

Vertskap er Else, Hildur og Arne .

 


Nyttårshelsing frå Eli og Arnar 01.01.2010 / IEH

Her er det kaldt og fantastisk fint. I går hadde vi ca 20 kalde, dagen før var det 18 og i dag er det rundt 15. Inne er det godt og varmt heldigvis, men eg saknar det å kunne fyre i peis eller omn.

Bilde nr 423 er teke frå gangvegen ved ei fotballbane. Eg bur i blokka t.v.
Bilde 415 er teke frå inngangsdøra til blokka 26.12. kl 17.00
Bilde 414 er teke frå terrassen på andre sida den 26.12 på ettermiddagen.
Vevelstadåsen er ein fint og landeleg stad å bu. Bilane står parkert på parkeringsplassar ute eller i "Kjellaren" og det er berre lov å bruke bilane inne på området om ein skal lesse av eller lesse på så det er trygt å ferdast her for alle. Barna har mange fine leikeplassar og flotte akebakkar.
Godt nytt år til deg frå oss to. Eli

GODT NYTTÅR! 01.01.2010 / ALG

GODT NYTTÅR!

Arkivoversikt
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 ]