|
Lenger nede på denne sida finn du bildepresentasjonar laga i samband med at Ingvald Ytrehus fekk "Kongen`s Fortenestmedalje i sølv" i 2009, og at han fylde fylde 70 år i 2008, og då STIF fylde 75 år i 2005. Nedanfor desse vil du finne nokre tekstutdrag og bilete frå historieboka om Svelgen TIF. Svelgen TIF si heimeside finn du ved å klikke her. Historieboka om Svelgen TIF
Ein smakebit frå dei 18 første sidene i boka finn du ved å klikke her. Ein smakebit frå Fotballgruppa, i åra 1982-1991, finn du ved å klikke her. Bokprosjektet har gått med overskot takka vere godt boksal og positive sponsorar , og kvar bok som vert selt framover gjev difor STIF ei rein inntekt på 100 kr. Her finn du info om innhaldet i boka. Her kan du sjå kven som er omtala i boka, og på kor mange sider dei er omtala på. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og boklanseringa. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og forfattaren. Her kan du lese kva to nøgde bokkjøparar skreiv på Fritt ord på Svelgen.no etter å ha lese boka i 2003/2004. Boka kan bestillast på følgande måte: Epost: al@bremanger.kommune.no , telefon: 57792320, eller postadresse : Aktiv Jobb, Bakarhuset, boks 104, 6721 SVELGEN I tillegg til bokprisen på kr 100, vil det koste ca kr 100 å pakke/sende boka, uansett om du bestiller ei eller to bøker. ”Bakarhuset kafe” sel og boka over disk for kr. 100. Dei har ope tysdagar, onsdagar og fredagar kl. 10.30-13.30. Du finn dei det nyresteurerte "bakarbygget" ved Riseelva. Kostfri frakt til mange stadar i Sogn og Fjordane: Om det er ønskeleg, kan boka no leverast kostfritt frakta til mellom anna følgjande stadar i Sogn og Fjordane: Sandane, Eid, Måløy, Ålfoten, Bremanger, Florø og Førde. I desse tilfella kan ein ikkje rekne med levering ”på dagen”, men det kan gjerast når det byr seg ei anledning å frakte boka. Kanskje kan vi også organisere fri frakt til andre stadar i nærområdet. Om dette er ynskjeleg, ta kontakt med Frank Ryland på epost: post.bnr@bremanger.biz så kan ein avtale tid for levering. Om ynskjeleg kan boka signerast av forfattar. All inntekt av boksalet går til Svelgen TIF. Kongen`s sølv til Ingvald i 2009: 24. januar 2009 var ein stor dag i historia til Svelgen Turn- og Idrettsforening. Då vart idrettslaget si fremste eldsjel gjennom alle tider, Ingvald Ytrehus, tildelt "Kongen`s fortenstmedalje i sølv". Om du klikkar her vil du finne ei samleside med omtale frå presse, nettstadar, og bilder frå tildelinga. Du vil og finne ein bilde- og tekstpresentasjon, om Ingvald sitt idrettsliv, som vart laga i samband med utdelinga.
Ingvald 70 år i 2008: Den 15/11-08 fylde Ingvald Ytrehus 70 år. P å Svelgen.no vart det då lagt ut ein bilde-og tekstpresentasjon av noko av det Ingvald har vore med på på idrettsbana. Klikk her for sjå framsyninga med tekst og bilete frå jubilanten sin innsats på idrettsbana. STIF 75 år i 2005:
I 2005 markerte STIF at foreininga var 75 år. I den forbindelse vart det laga ein bildepresentasjon av laget si historie. Denne har du no høve til å sjå her på internet. P.g.a. at det var ei stor fil, og det dermed ville teke lang tid å laste ned heile fila, har ein difor valt å dele fila i 3. Men sjølv med ”ordinært heimebreiband” vil det nok ta 1-2 minutt (+/-) å opne kvar av delane. Før framsyninga vart delt i tre tok det 15 minutt å sjå gjennom den. Om du vil sjå framsyninga i full skjerm ( anbefalast) , velger du: ”Bla gjennom” (e.l.) og deretter ”Full skjerm” etter framsyninga har starta. Klikk her for å sjå del 1, som omhandlar stiftinga, særskilde hendingar på og utanfor bana, æresmedlemar og formenn/leiarar. Klikk her for å sjå del 2, som omhandlar anleggsutviklinga, med bilete både frå anleggsbygging og ferdige anlegg. Klikk her for å sjå del 3, der du finn glimt frå aktiviteten i dei 16 (!) ulike særgruppene STIF har hatt i dei første 75 åra. ------------------------------------------------------------------------------
|
"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på "Bakarhuset kafè"
For mange i Svelgen vekkjer nok dei ovanfor nemnde namna minner frå "ei svunnen tid". "Sokkedansen" var populær blant ungdomen i Svelgen på slutten av 60-talet, "Supporterklubben" hadde mange medlemar som støtta fotballen i Svelgen på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet, medan "STIF-klubben" var den første tilhaldsstaden for ungdom i Svelgen då den vart starta opp i 1981.
Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå "STIF-boka" og mimre om dei ovanfor nemnde aktivitetane. Klikk her for å lese dette.
På det øvste av dei to bilda nedanfor, ser du "Supporterklubben" på tur til kamp i Vik i 1978. Etter to opprykk på to sesongar var det fotballfeber i Svelgen. På biletet ser ein f.v. Aina Alfredsen og Fredrik Varpe, og med supporterklubben sin capsar f.v. Marianne Torgersen, Elin Torgersen og Eva Sagengen. I sjåførsetet skimtar ein Asbjørn Sande.

Biletet under syner delar av "STIF-klubben", slik den framstod i 1987, som var siste året den eksisterte. Det var Fotballgruppa som dreiv "STIF-klubben", som også vart brukt som klubblokale for Fotballgruppa.

"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè
Svein Frøyen er utan tvil den idrettsutøvaren som har oppnådd beste resultat som medlem av Svelgen TIF. I NM i 10-kamp i friidrett for seniorar i 1950 og 1951, vann Frøyen høvesvis bronse og sølv i hard konkurrranse med svært gode utøvarar. I 1949 leia han NM i 10 kamp halveges, men måtte bryte pga skade.
I følgje årsmeldinga til Friidrettskrinsen for 1952 gjekk Frøyen utan tvil glipp av ein tur til dei Olympiske Leikane (OL) i Helsingfors i 1952 pga. skader tidlegare den sesongen. I løpet av seks sesongar vann Frøyen heile 18 gull i krinsmeisterksapen for seniorar her i fylket. Ein kombinasjon av mange skadar og sin fars bråe bortgang gjorde at han slutta å trene og konkurrere seriøst før han fylde 26 år.
Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå "STIF-boka" vedrørande nokre av høgdepunkta i karriera til Svein Frøyen. Klikk her for å lese dette.
På biletet under ser ein Svein Frøyen (t.h.) under sigerseremonien under NM i 10 kamp i Trondheim, der han vann ein imponerande sølvmedalje.

"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè
Frå Svelgen TIF til eliteserien i fotball 16.12.2008
Her på Svelgen.no har du no høve til å lese nokre utdrag frå "STIF-boka" og mimre litt om dei tre fotballspelarane sin innsats. Klikk her for å lese dette. I STIF-boka finn du mykje meir info om desse tre, enn det ein finn i dette vedlegget. Bileta nedanfor syner f.v. Roger Føleide, Marit Renate Midthjell og Arild Førde.
|
|
|
STIF-boka i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè
Dei første spenstfantoma trena av Ingvald Ytrehus 17.12.2008
Her på Svelgen.no har du no høve til å nokre utdrag frå "STIF-boka" vedrørande konkurransane i Donald Duck-meisterskapen. Klikk her for å lese dette. Biletet nedanfor, frå 1982, syner 14-åringane Arild Langedal (t.v.) og Kjell Langseth.
| |||||||||||
|