| Svelgen.no | Arkiv |
Mai 2001Nytt bustadfelt på Langeneset 31.05.2001 Bremanger kommune planlegg eit nytt stort bustadfelt på Langeneset, det blir plass til 28 tomter. Det er berre to tomter att på Naustneset og i byggefelta på Sande er det inga bygging trass nedsette tomteprisar. Risane protesterer: Svelgen sentrum blir nytt - eller? 31.05.2001 Atle Rise, Inger Rise Halset, Odd Rise og Andreas Riise protesterer på reguleringsplanen for Svelgen sentrum. Den har no lege ute på høyring for 3. gang før fristen gjekk ut 18. Mai. Kommunen har fått inn ei rad merknader. Dei fire grunneigarane på Rise har slått seg saman og sendt eit langt skriv. Rådhuset får stort servicekontor 31.05.2001 Bremanger kommune vil løyve ein million kroner til å ombygge hallen i rådhuset til offentleg servicekontor der også kulturseksjonen skal integrerast. Det er venta at prosjektet er ferdig i oktober/ november dersom alt går etter planen. Pengane skal takast frå budsjettet for bygging av veg til Rugsundøy som rådmannen forslår skrinlagt. 30 tomter på Dyrstad? 31.05.2001 Skal vi få til stabile arbeidstilhøve, er det og ein føresetnad at vi kan tilby tomter. I samband med dette tilbyr vi Bremanger kommune bustadfeltet, heilt eller delvis, til sal. Dei to grunneigarane Ståle og Roald Dyrstad meiner det er plass til omlag 30 tomter fordelt på 54 dekar. Dei to har også eige kraftverk som bustadfeltet kan forsynast med vatn frå. Utviklinga av steinverksemda Bremanger Quarry er bakgrunnen for tomte-behovet. Vedlikehald ut av Elkem og i eige firma? 30.05.2001 Spørsmålet om utskiping av vedlikehaldsavdelinga på Elkem Bremanger i Svelgen skapar debatt i bygda. Svelgen.no har samla artiklar om saka som uansett vil få følger både for Svelgen-samfunnet og verket. Eit nytt selskap på 70 - 80 arbeidsplassar er målet. 10. klasse på Island 30.05.2001 10. klasse ved Svelgen skule, altså dei oransje som vekte oss 17. mai, er no reist til Island på klassetur. I utgangspunktet var det planlagt Englands-tur, tradisjonen tru, men på grunn av munn- og klovsjuka tidlegare i vår, valgte klassen å endre reisemål. Dei tok laust frå Svelgen tysdag kveld klokka 21 og er trygt framme i Reykjavik onsdag. Og dersom dei les internettavisa på turen, så kanskje dei sender oss nokre ord? Sant, Stian?? Klassen er tilbake på Svelgen skule sundag. Støtte til restaurering av Grotle kirkegård 29.05.2001 Svært mange i Svelgen har røter i Bremanger, og ikkje minst ligg mang ein stamfar og -mor på kirkegården på Grotle. Denne kirkegården er heilt unik i landssamband og difor verneverdig. har du ikkje vore der, bør du legge turen innom neste gang du skal utover. Les pressemeldinga vi fekk frå Riksantivaren i dag. 500 på AmCar treff 27.05.2001 500 betalte billett til Amcar-treffet i Svelgen i helga – noko som er svært bra for ei bygd som tel 1400 innbyggarar! Det kom imidlertid berre 50 amerikanske bilar på besøk, og det brukar å vere langt fleire. Det dårlege veret må ta skulda for dette. 17 heiter Svelgen i Norge 27.05.2001 Visste du at 17 personar har Svelgen som etternavn i Norge? Ordførar Einar Kjerpeseth er den einaste i verda med dette namnet. Sjekk om du deler namn med nokon på www.ssb.no/navn FULL FRES I SVELGEN 26.05.2001 Det er fullt fres i Svelgen under AmCar treffet. Tidlegare i dag, akkurat når sola gløtta framom, var det offroad-race oppe ved Kupa. Fleire hundre menneske var tilstades då gamle vrak vart kjørt på tilsynelatande uframkommelege "vegar". Gjørmesprut, rykande motorar og svidd gummi var nokre av ingrediensane som serleg begeistra store og små gutar. Vinnaren, mr. Myklebust, fekk 1000 kroner i premie, men ga seg ikkje med det. Han forsatte villmannskjøringa heilt til eine dekket regelrett spratt av vraket. Men ikkje ein gong då stoppa racet. På berre felgen trakka han gassen i botn så moldspruten sto, men unngjekk som ved eit under at bilen kvelva i den serdeles bratte løypa. Fleire bilar prøvde seg samstundes og etterkvart sto alle bom fast. Men så snart vaktene frå Svelgen AmCar klubb fekk løyst bilane frå gjørma og frå kvarande, var det full gass igjen. I denne gjengen var det ingen som var redde for å bulke bilen - snarare tvert om skulle ein tru. Publikum veksla mellom å riste på hovudet og applaudere, og smågutane var både storaugde og imponerte over å sjå slikt show på få meters avstand. Ut over kvelden forset programmet, og Svelgen.no skal få statusrapport ettersom tingene roar seg utover. Svelgen-guten Knut Eikeland og Michael Dorfman står bak suksessverksemda Mercatus i Florø. Dei er i ferd med å få til eit lite IT-eventyr. I løpet av hausten tek dei sikte på å verte ti tilsette Første steinlast frå Dyrstad 26.05.2001 Ein viktig milepæl vart nådd i Bremanger fredag. Då vart den første lasta på 4000 tonn stein skipa frå Steinbrotet på Dyrstad. Det er berre den spede byrjinga. 35 arbeidsplassar og utskiping av ein million tonn stein neste år er målet. Kjerpeseth i kollisjon med SP 25.05.2001 Ordførar Einar Kjerpeseth er optimist sjølv om hans eige parti, Senterpartiet ikkje har funne rom for fullfinansiering av Bremanger-sambandet før i 2011. Er du interessert i meir fakta om fastlandssambandet har vi plukka ut nokre hovudmoment frå vegsjefen sitt saksarkiv. Der står det mellom anna at vegen Kolset-Klubben blir heile 93 millionar kroner dyrare enn først antatt.
AMCAR TREFF I SVELGEN I DAG 25.05.2001
I dag blir Svelgen innvadert av AmCar-bilar. Blankpolerte og med stolte eigarar blir dei verande i Svelgen over helga både for å ta i mot beundrande blikk og vere med på oppvisningsshow og konkurransar i ymse former. Svelgen AmCar-club er blitt proffe arrangørar som miljøet veit å sette pris på. I dag kom også sola fram og vi kryssar fingrane for at det varer.
Svelgen med kreativt læresenter22.05.2001 I dag opna det kreative læresenteret ved Svelgen skule. Senteret vil vere for elevane på skulen, samt organisasjonane og bedriftene i Svelgen. Desse kan nytte senteret til etter- og vidareutdanning av sine tilsette. Elles vil senteret vere ope på kveldstid til allment bruk.
Fornøgd ordførar 22.05.2001
Eg vil arbeide for å få løyving til ferdigstilling av fastlandssambandet på neste års statsbudsjett som ei ekstraløyving, seier ordførar Einar Kjerpseth til Svelgen.no. Har er komen heim frå møtet på Leikanger, og fortel at det ikkje var mindre enn 12 delegasjonar tilstades for å fremje sine samferdsle-saker. - Raudeberg-Måløy er prioritert først og dernest er det Bremanger-sambandet, seier ein godt fornøgd ordførar. 650 BREMANGER-GENSARAR SELDE! 22.05.2001 Vi var innom handarbeidsbutikken til Marit Fotland i dag, Spøta, og ho fortalde at dei til no har strikka 650 Bremanger-gensarar på bestilling. Salget har gått utan nokon som helst aktiv marknadsføring, og det i seg sjølv er imponerande. Det velkjende jaktlaget "Over Stokk og Stein" har som kjent gjort gensaren til sitt varemerke, og figurerer stadig med gensaren i media. Mange utflytta bremangerar har også sikra seg gensaren som har ein hjort framme på bolen og kommunenamnet "Bremanger" på ermet. Det sereigne mønsteret i grått og svart har falle i smak hos mange og passar like godt til mannfolk og kvinnfolk. No er det Siri Johansen som sit bak strikkemaskina på Spøta. Delegasjon til Hermansverk i dag 21.05.2001 Ein delegasjon frå kommunen og selskapet Kystvegutvikling AS er i dag reist til Hermansverk for å gje ei brei presentasjon av kommunen sine samferdlse prosjektet. Sjebnen for vidareføring av fastlandssambandet og rassikring av Magnhilskaret vert avgjort i Fylkestinget i juni – men i morgon er det eit viktig møte og Kjerpeseth er truleg innstilt på å ta natta til hjelp for aktiv lobbyverksemd. Ras i Magnhildskaret 21.05.2001 Lørdag ettermiddag gikk det eit ras på riksveg 614 i Magnhildskaret, og vegen måtte stengast ei stund på grunn av store steinblokker i vegbana. Vegvesenet kom raskt til og fekk rydda vegen, melder Fjordenes Tidende. Kamskjel for Per Åge Nygård 18.05.2001 Per Åge Nygård, tidlegare aktiv Bremanger-politikar for SV, har søkt om å etablere botnkultur for kamskjel på tre lokalitetar i og i tilknytning til Bremangerpollen. Denne veka fekk han klarsignal frå Bremanger kommune til prøvedyrking. Svelgen-vatn til 8 millionar 16.05.2001 Vi i Svelgen er av dei svært få innbyggarane her til lands som ikkje kan drikke vatn rett frå spingen. Vi er blitt så vant med det at vi heller ikkje drikk vatn frå spingen når vi er på reise heller. Ungane våre er oppdregne til å ikkje drikke anna enn kjøpevatn eller reinsa vatn. Kor lenge har desse u-landstilhøva eigentleg vart? Eller kan vi endeleg spør kortid vil det ta slutt? Ja til blåskjelloppdrett for Gulhaugen 16.05.2001 Rådmannen i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen og kona Sylvi, har søkt Bremanger kommune om etablering av blåskjellproduksjon på Isane – nærare bestemt på Engelstad. Det er planlagt ein årleg produksjon på 150 tonn. Plan og utviklingsutvalet sa i går einstemmig ja til planane. Ny snekkerverksemd får støtte 16.05.2001 Bremanger kommune løyver kr. 50 000 i oppstartingstilskot til snekkerverksemda "Plan og Bygg DA" ved Stig Gjerde og Karsten Leirvik. Det bestemte eit einstemmig plan- og utviklingsutval i går.
Reisebrev frå Naomi i Equador 13.05.2001
Svelgen.no har fått eit reisebrev frå gutta på tur, Jostein Eimhjellen, Øyvind Myklebust og Frode Yttrehus. Vi ankom Bahia De Manta I Ecuador for ei veke sidan, etter "historiens" seinaste seglas frå Panama. Sju døgn, inkludert eit 20 timers opphald på perleøyane var tida det tok å segle dei 550 mila ned hit til Manta. Det var difor nokre lykkelege karar som kunne "plante" beina på fast grunn og begynne å utforske kva denne fiskarbyen hadde å by på. Svelgen på tabelltoppen 16.05.2001 Svelgen var det førande laget på Førde Stadion igår. Neste veke er det divisjonsfavoritt Tempo som kjem på besøk og då får ein svar på om STIF er gode nok til å toppe tabellen vidare. Elevar held 17. Mai talen i Svelgen 15.05.2001 17. mai komiteen har også i år lage eit programhefte for dagen som vi fekk i posten måndag. Ta godt vare på det og ta det med på den store dagen! I heftet finn du mellom anna programmet for heile dagen og allsongane som skal nyttast. Fastlegeordninga i vår kommune 15.05.2001 På landsbasis vil 87 prosent av dei som vil vere med på fastlegeordninga få den faste legen dei helst vil ha. I vår kommune er det litt færre. 1568 kvinner og 1531 menn sendte inn skjema og 1306 kvinner, altså 83.3 prosent, og 1290 menn, 84.3 prosent fekk oppfylt førstevalet sitt. KOPEN VERT GULARE OG GULARE 15.05.2001 Som alle i Svelgen veit har Kopen fått og ny og frisk farge. Det er STIF-fotball gruppa som har teke på seg jobben med å male Kopen – og for dette får dei eit godt tilskot i kassa til fotballgruppa. I eit skriv til foreldre og føresette blir ein oppfordra til å vere med på å fortsette jobben med maling av samvirkelaget slik at ein vert ferdige til 17.mai. Dugnaden skal føregå frå mandag til onsdag. Nye arbeidsplassar: Svelgen Hotell oppgraderer Svelgen Hotell AS skal gjennomføre renovering av kjøkkenet sitt med nytt og moderne utstyr. Investeringa vert gjennomført for at hotellet skal kunne ta på seg større oppgåver, og dekke den aukande trafikken. Satsinga på nytt kjøkken vil bety 1-2 nye arbeidsplassar. Brann i Svelgen Onsdag kveld måtte brannvesenet i Svelgen rykke ut for å slokke ein grasbrann ved bygget til Klausen Mek. Verksted. Kjempebursdag i Svelgen Då rektor Kåre Myklebust fylte 60 år måndag 7. Mai inviterte han like godt heile Svelgen skule på bursdagsfest med is og godord i brevs form. Nytt Bremanger Nytt Ordføraren seier at skjebnen for vidareføring av Faslandsambandet vert avgjort i Fylkestinget i juni. Ein delegasjon frå kommunen og selskapet Kystvegutvikling vil reise til Hermansverk 21.mai for ein brei presentajon av prosjektet. Ordføraren seier at fullføring av dette sambandet har ein svært høg kostnad/nytteverdi - faktisk den høgste verdi av alle kjende vegprosjekt. Han fortel at omlegging av vegen gjennom Svelgen sentrum er ferdig planlagd av vegkontoret og at problemet er mangel på løyving. Det same gjeld for rassikring av Magnhildskaret. Vil frede Vingen-feltet Sogn og Fjordane Fylkeskommune ber Riksantikvaren om å frede helleristningsfeltet i Vingen. Framleis best i klassen Politiet i Flora og Bremanger har framleis den største oppklaringsprosenten for brotsverk i Fjordane politidistrikt. Vi har lukkast godt takka vere dyktige og stabile folk, seier Jan Petter Sæbø, politistasjonssjef i Florø. Fem dagar frå Bremanger til Bremanger Etter innføring av post i butikk og nye rutinar, brukte Posten fem dagar på å sende ut eit flygeblad frå Bremanger Idrettslag til husstandane i bygda.
STIF med nye web-sider
Svein Arne Sandvik (web-ansvarlig) og Ingve Eikeland (web-designer) lanserer i dag ny web-side på Internett. Sjekk www.svelgen-tif.no, og her vil du finne nyhende om sport og anna interessant stoff frå STIF. Vi gratulerer med sida! Nydal ny sjef i Florø Teknisk sjef ved Elkem Bremanger i Svelgen, Gustav Nydal (40) tek over stillinga som administrerande direktør ved verftet Kleven Florø. Nydal har pendla til og frå Brandsøya der familien bur. Han tek over etter Bjørn Lillelien allereie 1. juni. Farleg å ete skjel Algeprøver for veke 17 viser at skjel henta frå store delar av kysten er giftige. Svelgen -- ei levande bygd 1.mai arrangementet i på samfunnshuset viste at Svelgen er ei høgst oppegåande og levande bygd. Under tittelen Kultur mot Rasisme fekk ein heilt fullstappa storsal med store og små, gamle og unge sjå og høyre mykje fint. Det som kanskje likevel trefte hjarterota var talen til Kari Beheim Karlsen. Hennar Spørsmål blir kanskje aldri besvart: Kvifor måtte Arve døy? NAOMI SØKER MANNSKAP Allan Dystad har vore innom Svelgen.no og har kome med ei lita korrigering angåande gutta på Naomi. Det kom oppdatering i dag (1. Mai) , og dei har teke seg litt lengre tid enn tidlegare nemnt. Dei kom til Bahia De Manta i Equador 25. April. Der blir dei liggande nokre dagar til dei seglar vestover. Dei søker no etter meir mannskap for kortare eller lengre tid. Dette kan du lese meir om på: Ny trasè til Bortne? Kystvegutvikling AS har nettopp utarbeidd forslag til ein ny trasè mellom Sørdalsvatnet og Bortne i staden for Langesi/Bortne: Dette vil korte ned kjørelengda mellom Måløy og Florø med 7 kilometer og dermed også tilsvarande mellom ytre Bremanger og Svelgen. Ola Svangstu ved Statens Vegvesen seier denne vegen er betydeleg kortare, men at det er for tidleg å seie om denne vil bli valgt framfor den opprinnelege tunnelen. - Dette er ein diskusjon ein må ta opp. Mellom anna må ein sjå på kostnadskalkylane. Her er det snakk om lenger tunnel og kortare tilkomstveg, og det det vert som regel ein god del dyrare, seier Svangstu. FAKTA OM FASTLANDSSAMBANDET Å reise den nye vegen skal også vere ei estetisk oppleving. Statens Vegvesen har lagt stor vekt på å gjere naturinngrepa så lite synlege som mogeleg. Dei reisande får også tilgang til å sjå Hornelen frå ein ny vinkel. Her er historia om fastlandssambandet som ein vil bruke 20 år på å fullføre. Trur på fullføring Ordførar Einar Kjerpeset har tru på at heile fastlandssambandet for ytre Bremanger vert ferdigstilt utan opphald. – Berre vi har pengar å starte med, kjem vi i gang, seier han til Fjordabladet. Eit nytt stort steg av sambandet vart teke då siste salva for Krakeviktunnelen gjekk av under påsyn av mellom andre vegsjef Lars Lefdal. Psykomotorikk på lada Når eg skulle vurdere altenativ gardsdrift, tenkte eg meir på frittgåande høns og villbringebær. At eg skulle ende opp med ny lade og flytte fysioterapi-praksisen min til Davik var heilt i det fjerne, fortel Sølvi Joensen – ei odelsjente utanom det vanlege |
|