Arkiv Juni 2001

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Motorsykkeltreff i Berle 30.06.2001

Det gode samarbeidet mellom MC-klubbane i Svelgen og Bremanger fortsetter. Svelgen Mc klubb og Bremanger MC klubb arrangerer MC-treff i Berle 10-12 august.

Les meir...

Sandal til Sparebanken 28.06.2001

Redaksjonssjef Arve Sandal i NRK Sogn og Fjordane er tilsett som banksjef Sparebanken Sogn og Fjordane. Han skal ha ansvar for kommunikasjon og samfunnskontakt, og tek til i stillinga 1. oktober, melder lokalradioen.

Slutt på Postkontoret i november 28.06.2001

I veke 46, altså i november, er det slutt på postkontoret i Svelgen. Då skal Max Matsenter ta over, på same måte ein har gjort i Bremanger, Kalvåg og på Davik tidlegare.

Vi har hatt eige postkontor i Svelgen sidan 1916. Det var først stasjonert på Rise, seinare på Stasjonskaia og i 1949 flytta det til det nye lager og kontorbygget på verket. I 1961 flytta Posten til Samfunnshuset og i 1971 til Rådhuset. Ti år seinare var det Granden som husa Posten før dei i november 1992 flytta inn i tilbygget til Firda Billag. Etter det vi i redaksjonen har funne ut er det usikkert om Posten fortsatt skal ha lokala til postsortering, eller om det skal leigast ut til andre. Det har allereie vore andre interessentar på døra, stadfester Firda Billag.


- Bratseth ansvar for mobbing av naboar 27.06.2001

Striden om Bratseth sitt nybygg i Bremanger vil ingen ende ta. Margret Igland rasar mot lokalavisene og byggherren/politikaren Bratseth.

- Det er alarmerande å sjå at lokalaviser ikkje er i stand til å drive kritisk journalistikk og er til inga nytte som vaktbikkjer for demokratiet, skriv ho i eit rykande ferskt lesarinnlegg. Ho understrekar at Fylkesmannen faktisk har gjeve klagarane medhald at det er gjeve byggeløyve før innkomne klager var handsama. I Fjordenes Tidende seier likevel John-Ove Bratseth at "slik han tolkar vedtaket har ikkje klagarane nådd fram med eit einaste av sine ankepunkt". Til dette svarar Igland: - Bratseth er ikkje berre byggherre. Han er også politikar, var ordførarkandidat ved siste val og sit i alle tenkelege posisjonar som vedkjem nettopp slike saker. Han har også eit spesielt ansvar for mobbinga som etterkvart er blitt ganske utriveleg for naboar som har hatt klagepunkt i saka, skriv Igland.


FISKEKAKEREKORD 27.06.2001

"Man tager 225 kilo fiskefilet, mest hyse og 100 liter melk...." Noe sånt står det antagelig i oppskrifta på rekord fiskekaka som skal lages under årets Måløydager.

- Steikepanna med fiskekaka og lokket på kommer til å veie to tonn, og vi har fått en kranfører til å hjelpe til med å løfte og snu panna. For å overvåke rekordforsøket kommer det folk fra Fiskeridirektoratets kontrollverk. Den ferdigsteikte og kontrollerte kjempefiskekaka med tilbehør blir tilslutt servert gratis til publikum på Torget i Måløy. Å bli notert i Guiness Rekordbok er målet, melder Fjordenes Tidende.


OK-tiltale denne veka 27.06.2001

Mot slutten av denne veka blir det truleg teke ut tiltale mot tidlegare dagleg leiar og eigar i OK-fish Kvalheim AS, Jarle Kvalheim. Økokrim håpar saka kan kome opp for retten i haust, skriv Fjordenes Tidende. Fylkesskattekontoret meiner dei kan dokumentere svindel for 260 millionar kroner, og at summen kan verte endå større!

Vern om barnet 27.06.2001

Sosialsjefen i Bremanger, Randi Vangsnes, vil ufarleggjere barnevernet. - Det er sjelden dramatikk, men oftast førebyggande hjelpetiltak det er snakk om der barnevernet kjem inn, seier Randi Vangsnes til Fjordenes Tidende. - Terskeleg for å melde frå til barnevernet har etter mi meining vore for høg. Folk flest har kanskje den oppfatning at når Barnevernet grip inn, då er det dramatisk. Slik er det heldigvis ikkje, det er berre unntaksvis det må brukast tvang, opplyser Vangsnes som vil at Barnevernet skal skifte namn til "VERN OM BARNET".

Strauk på grunn av ironi 27.06.2001

Elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket har stroke til eksamen i norsk fordi dei ikkje sjønar ironi. Ved Sogndal Vidaregåande skule har ti elevar stroke, like mange som i alle andre fag til saman, melder NRK Sogn og Fjordane. Fortattaren i den aktuelle oppgåva, Kjartan Fløgstad, meiner ein ikkje bør bruke ironiske tekstar til eksamen.

Vingen for folk eller forskarar? 27.06.2001

- Eg syns det blir noko dramatisk når fredelege, redelege borgarar forvillar seg til kai og risikerer politianmeldelse for miljøkriminalitet. Slik handling har ingen ting med mitt begrep om kultur å gjere. Tvert om: det er ein ukultur, skriv lokalpolitikar Kåre Jarl Langeland i eit lesarinnlegg om ferdselen på Vingenfeltet.

Meiningsytring? 26.06.2001

Bremanger lensmannskontor fekk måndag morgon melding om skadeverk på postkasa til kyrkjekontoret på Davik. Lensmannen meinte at det å ramponere presten si postkasse var ein merkeleg ting å gjere, og i alle høve dersom det skulle vere ei meiningsytring, melder Fjordabladet.

Bremanger Quarry utvider 26.06.2001

Steinbrotet på Dyrstad søker no etter endå fleire folk. På grunn av vidare oppbygging av Bremanger Quarry, som faktisk er av dei største steinbrota i heile landet, søker dei no etter fleire steinbrotsarbeidarar.

Bremanger Quarry driv no med knusing og båtlasting, og allereie neste år skal tre kilometer tunnel stå ferdig med sjakt og underjordisk knusehall. Dei skal då ta til med dagbrot oppe på fjellet.


Grasbrann på Davik 26.06.2001

Eit jonsokbål mot Gamlesætra på Davik kom litt ut av kontroll laurdag. Det lokale brannvernet måtte rykke ut etter at elden spreidde seg i graset, men fekk fort kontroll.

Presten forlet Bremanger 26.06.2001

Etter seks år som sokneprest tek Morten Torsvik no avskil med dei tre kyrkjelydane i Bremanger prestegjeld. Etter sommarferien reiser soknepresten til ny jobb på Sotra som lærar ved bilbelskulen på Bildøy.

Høgare kraftpris i Svelgen 25.06.2001

Tida då vi i Svelgen kunne få litt billegare straum henta frå "eige" kraftverk er nok forbi for alltid.

På grunn av lav magasinfylling og lite snø i fjellet har prisen på kraft vore høg dei siste månadane. Elkem Bremanger Kraft har difor sendt ut melding om å auke den flytande kraftprisen i Svelgen frå 39.80 øre/kWh til 41.29 øre/kWh frå 2. juli. Ein interessant statistikk for nedbør i Svelgen for første 5. månadane følger med (millimeter - normalnedbør i parantes): Januar 47.7 (230), Februar 209.2 (174) Mars 51.7 (200) April 110 (123) og Mai 140.8 (110).


Jonsokmoro i Leirvika i kveld 23.06.2001

Bål I kveld er det duka for tradisjonell jonsok-feiring i Leirvika. Grendalaget frister med sin gode rømmegraut og spekemat, kaffi og kaker. Det blir stort jonsokbål på Leirvikneset, og tradisjonen tru blir det også konkurransar og ikkje minst god gammaldags basar med mange fine premiar.
Festleghetane startar klokka 17, og med slikt uvanleg flott ver, blir det nok mykje folk og høg stemning langt ut i dei små timar.

STIG EIKAAS FÅR SKRYT 21.06.2001

Utskjelte Stig Eikaas får no ros frå den kjende bilethoggaren Nils Aas for skulpturen av Gjest Baardsen. Aas skriv i ein uttale om skulpturen " at Eikaas har greid å få steinen i tale og fått gitt uttrykk for lengselen, trassen og draumen i denne mannen".

Nils Aas har laga ei rekkje kjende skulpturar, mellom anna av Marilyn Monroe i Haugesund og Helge Ingstad. Han meiner sogndølene bør ønskje Gjest Baardsen velkomen heim.


Færre hjorteløyver 21.06.2001

Bremanger skjære kraftig ned på tildelinga av hjorteløyve. Bremanger var for få år sidan den største hjortekommunen i landet. No har viltnemnda skore ned frå 886 til 567 dyr for i år.

Årsaka er minkande hjortestamme, seier Lars Myklebust i Ålfoten, leiar av viltnemnda i Bremanger kommune.

Mange har alt klaga på vedtaket, og desse klagene skal no opp til vurdering,. Den 10. september er det dags for å sette geværet på aksla, men kor mange dyr som må bøte med livet gjenstår altso å sjå.


NYE REISEBREV FRÅ NAOMI 21.06.2001

Eit nytt reisebrev er no lagt ut på Naomi sine nettsider. Spennande opplevingar i Bahia de Manta, Equador, blir fyldig skildra i kjent stil av gutta ombord. Denne gangen dreier det seg om alt fra kirkebesøk til våpenkjøp, fotballtrening og illegal jakt på "nesten" frittgåande kyllinger. Ellers har vi tatt sjansen på å publisere svaret på Jostein sin søknad om utsatt/fritatt militærtjeneste. Eit heller tørt svar på en særdeles fargerik søknad.

Les meir

Heiste flagget på Storøy 21.06.2001

-Eg var sjølv på kommunestyremøtet, og ringde heim til mannen og sa han måtte heise flagget! Eg er berre utruleg glad, seier Eldrid Strømmen som no er lova vegutløysing til Rugsundøy og Storøy. Vegen på 2.5 kilometer får ein prislapp på heile 9 millionar og vil gje vegutløysing til 12-13 menneske.

SVELGEN SENTRUM BLIR GRØNT 20.06.2001

Kommunestyret vedtok i går at området frå parkeringsplassen til Elkem og heilt bort til elva skal vere grøntareal i framtida. Dei tok heilomvendig i forhold til vedtaket som vart fatta i plan- og utviklingsutvalet. Dei vedtok også at grusbana skal regulerast til forretningsareal, og at fotballbana skal ligge der den ligg. I den opprinnelege reguleringsplanen var det foreslått å flytte bana ned til grusbana og legge krøllgras på. Det vart vidare bestemt at Andreas Riise får industriområde tett attmed seg. Det blir også opparbeidd gangsti frå hovudvegen til Risevatnet, forbi gravplassen.

Feiltolking kosta 7.5 mill. 20.06.2001

Kommunestyret i Bremanger vedtok tysdag å ta opp lån på 7 506 943,- kroner for å fullfinansiere Klokkartunet på Davik. Prosjektet vart vedteke utbygt juni 1998. Anleggsarbeidet vart starta med ein gong, og Bremanger kommune tok i bruk bygget i juli 1999. Kostnadane med bygget vart totalt 14.2 millionar kroner. Dette er omlag 1.7 millionar kroner meir enn ved kontraktinngåing. Grunnen til at kommunen må ut med 7.5 millionar kroner er ei feiltolking av tilskotsordninga frå Husbanken.

SVELGEN VANN 3-0 20.06.2001

Svelgen har i kveld vunne 3-0 over Gaular i 6. divisjonskampen som gjekk på Svelgen stadion. Etter fredagens begredeleg kamp i Hyllestad ville Svelgen vise idag at det berre var eit arbeidsuhell. Lenge såg det ut til at denne kampen også skulle bli arkivert under "uhell". Første 20 minutta køyrer Gaular over Svelgen og produserar fleire gode mulighetar. I det 21 minutt i Svelgen sitt andre angrep blir det eit hjørnespark. Dette sett Arild Myklebust direkte inn frå hjørneflagget, skrudd innover og utagbart. Etter dette målet snudde omgangen fullstendig, Svelgen blir det førande laget resten av omgangen og produserar sjansar på løpande bånd. Dei to andre målscorarane var Eirik Fotland og Frank Hatleset.

Les meir (STIF)

Bratseth får skjenke øl, vin og brennevin 20.06.2001

May-Britt og John-Ove Bratseth fekk innvilga både skjenke- og severingsløyve i går. Levekårsutvalet har tidlegare sagt nei til skjenkesøknaden frå politikar-kollegaen Bratseth som er gruppeleiar for Ap i kommunestyret. I går var heile kommunestyret på synfaring på Iglandsvik der Bratseth er i gang med å bygge lokaler for Bremanger Gardsmat AS. Bygget har vekt stor diskusjon, og kommunen har mellom anna fått påtale frå fylkesmannen for å ha godkjent bygginga før alle klagene var behandla. Og klagene - ja, dei er mange og lange...

- Lynet vil grille elevane! 20.06.2001

At det er manglar ved skulane i Bremanger fekk politikarane dokumentert då dei i går besøkte to av dei store skulane, Frøyen på Kalvåg og Hauge i Bremanger.

- Vi har opplysningar om at døra inn til traforommet vil verte sprengt ut om lynet slår ned i trafoen. Då vil den treffe rett inni nybygget. Ein annan ting med denne trafoen er at den er plassert rett under badebassenget, og enkelte meiner at elevane vert grilla om lynet råkar trafoen når dei er i bassenget, opplyste rektor Olav Jarl Frøyen overfor kommunestyrerepresentantane.

Rektor ved Hauge skule, Svein Kåre Senneset, hadde bede om ekstramidlar til eit nytt allrom, og dette sa politikarane ja til.


Tekstmeldings-forbod umogleg 20.06.2001

Det er umogleg å forby folk å bruke mobiltelefonen til å varsle om kvar politiet har kontrollar langs vegane. Det seier Sindre Strøm som er dagleg leiar i eit firma som sel slike tenester. Utrykkingspolitiet vil ha eit slikt forbod, men det er i praksis ikkje mogleg å gjennomføre, seier Strøm til NRK Sogn og Fjordane.

MAKKVERK AV GJEST 20.06.2001

Forfattar Erling Gjelsvik i Bergen er ikkje nådig i sin kritikk av Gjest Baardsen-statua som står i Sogndal.

Gjelsvik, som sjølv har skreve bok om kjeltringen frå Sogndalsfjøra, meiner Stig Eikaas sin skulptur rett og slett er eit makkverk.

Han seier at Eikaas ikkje er ein kunstnar, og at han har fått dette oppdraget berre fordi han er son til den kjende kunstnaren Ludvig Eikaas.


Munn- og klauvsjuke i Vingen 20.06.2001

Risikoen for at husdyra på Vingen-feltet blir smitta av munn- og klauvsjuke er så absolutt reelle. Dette hevdar Helga Vingelven, overfor NRK Sogn og Fjordane. Ho har husdyra sine beitande på Vingen.

Ho er svært uroa over alle dei ukontrollerte turistbesøka til feltet, og har no fjerna dyra sine etter råd frå distriktsveterinæren. Fylkesveterinær Bjørn Thorson meiner på si side at risikoen for at sauene på Vingenfeltet blir smitta med munn og klauvsjuke er svært liten.


Brukte 38 millionar kroner igår 20.06.2001

I følge informerte kjelder skal kommunestyret i går ha nytta heile 38 millionar kroner. Mellom anna bygging av Davik vassverk (7.8 mill), Klokkartunet på Davik (7.5 mill), veg til Rugsundøy (9 mill), bygging av servicekontor (2 mill) tre leiligheter ved Amtskaia til 13 000 kroner pr. m2. I tillegg vart det ansvarleg lån til nytt bygg for brødrene Larsen på Kalvåg og partsrederiet Anne Johanne, for å nemne noko.

Ikkje redusert barnehagebetaling 20.06.2001

Kommunestyret valde med 11 mot 12 stemmer å ikkje ta stilling til Arbeiderpartiet sitt forslag om å redusere barnehagesatsane frå 1. juli. Fleirtalet ville først har skriftelege lovnadar frå Staten før vedtaket vart fatta. Det var sagt på møtet at når vedtaket kjem skal det ha tilbakeverkande kraft.

Fulltidsbarnehage i Berle 20.06.2001

Kommunestyret vedtok i går å utvide opningstida ved Berle Barnehage. Det er foreldra ved Berle og Grendalaget i Berle som søkte kommunen om at barnehagen blir utvida til fulltidsbarnehage. Søknaden vart grunngjeven med at foreldra i bygda meiner det er umogeleg å nytte ein korttidsbarnehage for barna i samband med jobb. Med dette vedtaket er alle barnehagane i kommunen fulltidsbarnehage. Auka driftskostnad for i år vert 85 000,- kroner, og neste år omlag 150 000,- kroner.

Får ikkje tilbake vatnavgift 20.06.2001

Dei 47 husstandane som har krevd tilbakebetaling av vassgebyret fekk ikkje medhold då kommunestyret i går behehandla klagen. Det er Bjørgulf Myklebust som har stilt seg i spissen av aksjonen der ein krevde reduksjon på 50 % av vassgebyret tilbake til 1995, med 15 % rente og fram til kommunen får orden på vasskvaliteten. Alle i Svelgen har fått 25 % avslag på gebyret, og dei som var med på underskriftskampanjen må altså nøye seg med det same. På Kolset får dei også 25% avslag, sjølv om teknisk sjef meinte deira ulempe hadde vore så stor at ho forslo berre halv avgift.

Fjæremannsbustadar på Kalvåg 20.06.2001

Ved Liset på Frøyna er det funne eit felt med til saman femten hustufter som truleg er spor etter fjæremannsbuer frå yngre jernalder (550-1050). Sannsynlegvis var dette eit fiskevær der bønder frå indre strøk dreiv fiske i kortare periodar både i merovingartid og vikingtid. Uttrykket fjæremann kjem av fjordmenn som tyder menn frå fjordane. I tilknyting til tuftene på Liset er det også funne tre innhegningar, sju båtopptrekk og to moloar.

Dette er henta frå ei ny internettside der historikk frå Nordfjord-kommunane er samla: www.nordfjordhistorie.no


Resultat frå Workshop på skulen 20.06.2001

Det Kreative Læresenteret på Svelgen skule vart som kjent offisielt opna den 22. mai. På denne opninga deltok gjestar frå næringslivet i Bremanger og frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. I samband med ein "Workshop" som vart arrangert samstundes vart det produsert ei rekkje dokument. Workshopen ynskte at presentasjonane skulle gjerast tilgjengelege gjennom Svelgen.no sine sider, melder Tom Sølve Myklebust.

Les meir

Kultur på Kalvåg 19.06.2001

Song og dans stod i fokus då elevane ved Frøyen skule på Kalvåg heldt avslutningsfest sist veke. Den kunstneriske utfaldinga var resultat av eit forsøksprodsjekt skulen har vore med på dette året, fortel Firdaposten. Olav Jarl Frøyen er svært oppglødd over prosjektet dei har arbeidd med i heile år. Dei har drege inn ressurspersonar frå lokalmiljøet, og interesserte foreldra har tilbydd hjelp i f.eks gamle handverksfag.

Kollekt til Sildabordet 19.06.2001

Økonomien i samband med årets Sildebord blei berga av at folk la rikeleg med pengar i hatten, og den irsk-norske festivalen kom også ut med overskot. Firdaposten summerer at det vart ei flott festivalhelg i Florø der mange tilreisande fekk seg positive opplevingar dei seint vil gløyme.

KJEMPESUKSESS VED KINNASPELET 19.06.2001

Alt låg tilrette for ei fantastisk festivalhelg i Florø. Veret og den store frivillege innsatsen gjorde sitt til at det blei ei kulturhelg av dei ytterst sjeldne. Kulturminister Ellen Horn blei så bergteken og sjarmert av Kinnaspelet og Kinn at ho på strak arm løyvde 100 000,- kroner. i støtte til spelet medan ho var i byen.

Billegare barnehagar 19.06.2001

Arbeiderpartiet i Bremanger vil redusere foreldrebetalinga i barnehagane frå 1. juli. Forslaget vert i dag lagt fram som ekstrasak for kommunestyret, og leiar Kåre Olav Svarstad håpar på støtte også frå dei anre partia. Han seier til Firdaposten at reduksjonen vil utgjere to tusen på årsbasis.

TULLEBUKKAR 19.06.2001

Johan Trygve Solheim, leiar av Norsk Hjortesenter, er overtydd om at einsidig skyting av store bukkar i hjortejakta fører til ein mindre hjortestamme på sikt. I brunstida vert det nemleg meir tullball med dei yngre, mindre og lite rutinerte bukkane. Det blir ikkje effektiv paring av slikt. Dette kom fram under eit hjorteseminar på Svanøy nyleg, skriv Firdaposten.

Langdrygt møte 19.06.2001

Kommunestyret er truleg budde på eit langt møte i dag. Først skal dei på synfaring på Frøyen skule, på Hauge og Igland. Møtet tek til med ei orientering av kultursjefen og Bremanger VeKsT om Bremanger som kulturkommune. Deretter vil Bremanger VeKsT orientere kommunestyret om stoda i første halvår. Etter desse orienteringane skal kommunestyret gjennom ei sakliste på 30 punkt, der dei mellom anna skal bruke ti talls millionar på ymse prosjekt - t.d. overskridinga ved Klokkartunet, kjøp av bustader på Amtskaia på Kalvåg, utbygging av vassverk på Davik, ombygging av servicekontor på rådhuset - som forøvrig er sett i gang før vedtaket er fatta...

Synfaring på Frøyen skule 19.06.2001

I dag skal alle kommunestyrerepresentantane på synfaring på Frøyen skule. Dei skal også på synfaring på Hauge og Igland før møtet tek til.

Reguleringsplan vedteken i dag 19.06.2001

I dag er kommunestyret samla mellom anna for å vedta den mykje omtala, og tildels omstridde, reguleringsplanen for Svelgen sentrum. Det er mest usemje om arealet ovanfor båthamna - om det skal vere grønt friområde eller om det skal regulerast til lettare industri/verkstad.

Det er også forslått å lage industriområde på Rise tvers over vegen frå Klausen. Dette vart nedstemt i plan- og utviklingsutvalet. Det er også foreslått å lage gangsti bak kirkegården, slik at ein kan komme seg til Risevatnet utan å gå gjennom tunet til dei som bur på Rise. Også dette er nedstemt av plan- og utviklingsutvalet. Men kommunestyret kan i dag altså gjere nye vedtak i saka i dag.

Ei anna sak som skal vedtakast er bygging av veg og opparbeiding av industriområde i Breivika, i samband med etableringa av Stig Bakke si nye fiskeverksemd.


Avlyst fotballkamp 18.06.2001

5. divisjonskampen mellom Bremanger og Syril er avlyst. Kampen skulle opprinneleg vore spelt søndag, men Syril klarte ikkje å stille lag. - Dei ringde lørdag og ga beskjed om at dei hadde for mykje skader og sjukdom. Sidan dei ga beskjed så seint reknar eg med at vi får alle tre poenga, seier BIL-trenar Magne Elde til Fjordenes Tidende.

Domstein på børs 18.06.2001

Konsernsjef Rolf Domstein i Domstein ASA har dei siste månadane farta rundt i inn- og utland for å vekke investorane si interesse. Denne veka vert nemleg Måløy-selskapet notert ved Oslo Børs. Det er i følge Fjordenes Tidende ikkje småpengar konsernsjefen ber om når han held foredrag for finanseliten. I beste fall vil Domstein ASA få inn 650 millionar kroner i ny egenkapital.

KYSTVAKTA PATRUJLERER SVELGEN 18.06.2001

Kystvaktskipet Tromsø patruljerer i skrivande stund (20.30) hamnebassenget mellom Naustneset og Langeneset i Svelgen. Det store skipet har forflytta seg seint rundt og rundt i timevis som om det er på leit etter noko. Gummibåt frå KV Tromsø med mannskap har også vore i aktivitet til og frå hovudskipet.

I følge vaktsjef, Atle Selvær, ved Sjøoperasjonssenteret i Stavanger, driv dei rutinemessig aktivitet. - Eg kjenner ikkje til akkurat kva båten gjer i Svelgen i kveld, men høgst sannsynleg er det vanleg patruljering. Det kan hende dei har nytt personell ombord og at dei difor har gått inn til Svelgen for å trene, seier Selvær til Svelgen.no.


Kjerringa mot Straumen? 16.06.2001

Dersom politikarane vil øydelegge det lille vi har i Svelgen som pyntar opp - området mellom dei to elvane, må dei sjølvsagt berre gjer det. Men det er på tvers av folkeviljen i heile Svelgen. Reguleringsplanen i Svelgen har vekt eit veldig engasjement. Vår tidlegare lensmann Guttorm Bjørnsen er ein av dei som har gripe etter pennen.

Les meir...

Høgt spel om rådhus i Florø 16.06.2001

Dag Eikeland (oppvaksen i Svelgen) i Forum Eiendom AS skuldar administrasjonen i Flora kommune for å feilinformere politikarane om vesentlege forhold i iveren etter å få flytta rådhusfilialen frå Hestenesgata i til Strandgata 43. Han hevdar at admnistrasjonen vil flytte for ein kvar pris.Det er Firdaposten som melder dette.

Siste sildabordet i går? 16.06.2001

Sildebordet i Florø fylte Strandgata til trengsel i går kveld. Firdaposten sin journalist Harald J. Stavang tør ikkje fastslå kor mykje folk der var men tippar mellom seks og ti tusen menneske! - Framfor trappa til Strandgata 27 samla der seg ko inn mot den anonserte matjesild og Genever, fortel han i dagens avis. Blir dette det siste sildebordet var det i alle fall ein flott punktum!

Svelgen tapte 6-0 16.06.2001

6. divisjonskamp fredag 15. juni Hyllestad - Svelgen 6 - 0 (2 - 0) Kampen var rimeleg jamn i første omgang, med eit visst overtak til Hyllestad etterkvart. STIF hadde to svært store sjansar aleine med keeper, men lukkast ikkje. I staden var det Hyllestad som scora på to dødballsituasjonar der målscorarane fekk gå opp å heade i mål totalt uhindra av svelgarar. Les meir på STIF sine sider/Sport

Les meir

Kaffikrok i Berle 15.06.2001

Kirsten Førde har søkt kommunen om løyve til å drive serveringsverksemd i Berle. Der skal serverast mat og drikke, pluss kioskvarer.

Ekstrapengar til Hauge skule 15.06.2001

Hauge skule har fått nytt skulekjøken i tilknytning til ungdomsskulebygget. På det gamle er ein i gang med å ominnreie til allrom. For å kunne verta nytta til føremålet, må allrommet ha tenleg innbu. Dette vil koste 105 000 kroner som kommunestyret skal ta stilling til om kommunen skal løyve på førstkommande tysdag.

Innfører gebyr på hjelpemiddel 15.06.2001

Bremanger kommune ynskjer å innføre gebyr på korttidsutlån av hjelpemidler. Ordninga skal gjelde frå 1. juli. Det betyr at ein må betale depositum på kr. 200,- og gebyr på 100,-. Ved utlån av coxit-serien (dvs toalettforhøyarar, skråputer, gripetenger og strømpepåtrekk) skal gebyret vere 200,- kroner i tillegg til 350 i depositum. Om politikarane ser dette som ein teneleg veg til auka inntektene for kommunen på gjenstår å sjå på kommunestyremøtet tysdag.

2 millionar til Amtskai på Kalvåg 15.06.2001

Bremanger kommune ynskjer å sette av 2 millionar kroner på årsbudsjettet for 2002 til utfyllingsarbeid ved Amtskaia på Kalvåg. Dei vil inngå ei avtale med Kalvåg Næringsbygg om forskottering av kostnadane med utfylling. Dersom kostnadane overstig beløpet, må næringsbygget sjølv dekke overskridinga. Politikarane tek stilling til forslaget på kommunestyremøte tysdag.

350 000 til Anne Johanne 15.06.2001

Partsrederiet Anne Johanne får truleg innvilga 350 000,- i ansvarleg lån frå Bremanger kommune i samband med kjøp av kystnotbåt og etablering av ANJO AS. Det er Harald Gulestøl (35) og Frode Andal (35) som driv kystsjarken MS Anne Johanne. Dei ynskjer no å kjøpe kystnotbåt med torskekvote og rettar for pelagisk fiske. Båten kostar totalt 3.5 millionar kroner. Båten er ein 46 fot Skogøy sjark bygd i 1994, heimehøyrande i Dønna kommune i Nordland. Torskekvota er i 2001 på 48 tonn. På den nye båten vil det vere trong for eit mannskap på fire. Kva politikarane vil seie får vi vite tysdag.

1/2 million til Larsen Eftf. 15.06.2001

Bygget til Brødrene Larsens Eftf. har vorte langt dyrare enn ein først hadde kalkulert med; 4.5 millionar kroner. Dei var tildelt 300 000 i ansvarleg lån (dvs lån som ikkje treng betalast tilbake dersom verksemda ikkje klarer seg). Dette er framom møtet i kommunestyret tysdag foreslått auka til ein halv million kroner. Verksemda skal sjølve skyte inn like mykje. Sparebanken Flora Bremanger låner bort 1.7 mill, medan SND gir risikolån på 1.2 mill, og tilskot på ein halv million. Brødrene Larsen er ei tradisjonsbærande verksemd som har vore i drift i Kalvåg sidan 1900.

BASSENGET STENGER 15.06.2001

Måndag 18.juni stenger bassenget i Svelgen. Her i bygda har vi ei slik ordning at kvar og ein som vil kan sette seg på liste og få både fast tid og nøkkel for å få si private stund i bassenget åleine eller saman med familien. Timeplanen til bassenget etter skuletid er heilt full frå måndag til sundag heilt til midnatt, og flittig brukt. Det unike tilbodet i Svelgen er svært populært, men måndag er det altså sesongslutt. Så no blir det Zakkenbukta eller Grotlesanden neste ......får vi håpe.

SMÅLÅTE AV KOMMUNEN? 15.06.2001

Når Elkem si verksemd i Svelgen har valt å avvikle 50 arbeidsplassar, var det smålåte om kommunen berre skulle applaudere. Ei skikkeleg premiering måtte være rettkome. Og kva var då meir naturleg enn å tildele ein oase, teken frå folket.

Med slik ein kløktig argumentasjon mot seg, vert det nok vanskeleg for kommunestyret å etterkome folkeviljen, når dei den 19. juni skal handsame reguleringa av Svelgen sentrum, skriv Finn Steinset i nok eit engasjert lesarinnlegg.

Les meir...


RETT I EIGA FELLE 15.06.2001

Dei var ikkje lure tjuvane som tok bilde av seg sjølv i aksjon på Vågsøy ungdomsskule. Under ein uroaksjon i narkotikemiljøet i Vågsøy onsdag fann politiet bilda. Dermed er innbrotet oppklart.

SIKRAR AMBULANSEN 15.06.2001

Bremanger Røde Kors hjelpekorps får fleire fylkeskommunale kroner når ambulansebilen får endra status frå reservebil til dagbil. Leiar Frode Olsen er nøgd med vedtaket etter at ambulansedrifta har gått med store underskot.

Hjorteskinn og ull i nye antrekk 15.06.2001

Karin Flatøy Svarstad som står bak det årlege "Sommarakademiet" på Kalvåg, har dei siste åra samarbeidd med Skinn og Bein i Svelgen. Resultatet har vorte ein heilt spesiell kolleksjon antrekk av hjorteskinn. - Filt er verdas eldste tekstilhandverk og eg har teikna forskjellege antrekk der vi brukar ull i kombinasjon med skinn frå hjort. Produkta frå samarbeidet får publikum sjå på ei moteframsyning i Berle der det også skal vere konsert med Andrea Rice.

SKRYT TIL BJARNE 15.06.2001

Bjarne Lunde får svært positiv presseomtale i forkant av festen på Furebuda på Stad i kveld. "Dette er ein musikar som spelar på fleire strengar og instrument alt etter kva publikum han spelar for. I tillegg er han også ein dyktig vokalist. Han har lang erfaring som musikar i ulike lokale band og har også jobba ein del som lydteknikar. Som dansemusikar har han skapt stemning på dei fleste utestadane i distriktet, og stiller med repertoar som fenger dei fleste. Alt frå gammalpop til nyare kjende låtar blir mesterleg framført", skriv pressa.

Søndagskonsert på Kalvåg 15.06.2001

"Songen og musikkens dag" er eit årvisst arrangement. Søndag står mange musikarar på scena i Kalvåg. Rektor ved Bremanger musikkskule, Norvall Klungresæter, lovar innhaldsrikt og variert program. - Det vert hornmusikk, trekkspel og sang på konserten i Kalvåg og eg håpar mange finn vegen til Samfunnshuset for å høyre på, seier Norvall til Fjordenes Tidende. Det er Bremanger Sang og musikkråd som saman med Kalvåg skulemusikk står som arrangør.

SVEIN KÅRE TEK IKKJE GJENVAL 15.06.2001

Svein Kåre Senneset seier til Fjordenes Tidende at han ikkje kjem til å ta ein ny periode på Fylkestinget. Han fortel også at han skal til Hellas i ferien og at han skal delta på flyttesjau i helga. I eit lett helga intervju seier han at ein tur med snekka er sjølve paradiset for han. Av bøker liker han å lese Henning mankell sine krimbøker. Svein Kåre Senneset er blitt heile 54 år. Han er rektor ved Hauge skule, fylkespolitikar (sit som leiar i helse- og sosialutvalet) og styreformann i Kystvegutvikling. Så no veit du det.

POL I MÅLØY 15.06.2001

I dag opnar Vinmonopolen utsal i Måløy. Polet held hus i Brunsvikbygget i Gate 1 der Rema 1000 tidlegare hadde sine lokaler. Utsalet i Måløy skal tilby grunnsortimentet på 360 ulike sortar til sine kundar. Det er Kari Kvalheim som i dag har hatt sin første arbeidsdag som butikksjef på det ny polet.

Uro kring Vingen-feltet 14.06.2001

Lite ante ved Gunnar Skjølberg om uroa han kom til å skape ved å reise til Vingenfeltet utan annan klarering enn ein dispensasjon frå kultursjefen her i fylket, Lidvin Osland. Krangelen om helleristingsfeltet i Vingen i Bremanger har pågått i årevis. Forskarane vil helst ha feltet for seg sjølv - andre vil by helleristingane fram for turistane i større eller mindre grad. Avdelingsdirektør Sjur Helseth hos Riksantikvaren ser ingen grunn til å orsake Vingen-utspelet. Der blir både fylkeskommunen og Bremanger kommune skulda for brot på ferdselsforbodet i Vingen. - Så lenge vi ikkje får beskjed om at det er gjeve dispensasjonar, så kan vi heller ikkje late vere å reagere på denne måten, seier Helseth.

Svelgen.no klar for sponsorar! 14.06.2001

Som du sikkert har lagt merke til har www.svelgen.no vore utan sponsorar. Dette har vore bevisst, fordi vi først ville ha eit skikkelig produkt å tilby og vite at folk faktisk bruker avisa. Og det har vi fått bevis for. Ikkje berre frå vår eigen heilt nøyaktige statistikk, men også av folk som sender hyggeleg epost, skuleungdom som blir oppfordra av lærarar til å bruke sidene i undervisning og som på eige initiativ skriv og spør oss om forskjelleg og kjem med positive innspel. Det er tydeleg at dette fenger mange og at det styrkar heimstadskjensla. Fleire og fleire brukar dagleg sidene. No er vi klare for sponsorar. Send ein e-post!

Bratseth får skjenkeløyve 13.06.2001

Under namnet Bremanger Gardsmat AS søker John-Ove og May-Britt Bratseth om løyve for øl, sterk øl, vin og brennevin for skjenking i restaurantlokala med uteområde i eit bygg som er under oppføring i Iglandsvik i ytre Bremanger. Sosialsjefen rår til at ein ikkje oppretter fleire skjenkeløyver, men administrasjonssjefen rår likevel til at løyve vert gjeve. Politikarane skal ta stilling til søknaden tirsdag.

Spørretime i kommunestyret 13.06.2001

Kommunestyret i Bremanger skal tysdag ta stilling til om dei skal innføre offentleg spørretime. Det er lokalpolitikaren Erling Sande som har foreslått ei slik ordning.

Hån og arroganse uten sidestykke 13.06.2001

Les innlegget til Roald Løvfald, Finn Steinset, Bjarne Eikeset, Jon Eikeset, Guttorm Bjørnsen:
...så ser vi til vår forferdelse en arroganse og hån frå plan- og utviklingsutvalet, som ikkje har sidestykke. Der står det svart på kvitt at det er Elkem og Bygg- og reinhaldsservice som bestemmer korleis sentrum skal brukast, folket bryr vi oss ikkje om. Først applauderes Elkem for nedlegging av 50 arbeidsplassar, så skal dei få bestemme over del av reguleringa i sentrum...

Les resten av innlegget ...

Lokale nettsider populære 13.06.2001

Lokale nyheter blir stadig mer populært lesestoff på nettet. Det er spesielt ulykker og sport som faller i smak, men også kvinnekropper (!) (red. anm.) og lokale diskusjonsgrupper får mange klikk. - Lokale nettsteder vil bli blant de mest poulære nettstedene i framtiden. Mennesker som bor i et nærmiljø forbruker de samme aktivitetene, handler i de samme butikkene og er opptatt av de samme lokale sakene, sier merkevaresjef Per-Einar Roth i Telenor Media. Roth har fulgt utviklingen av de norske nettportalene med stor interesse, og er en av de ansvarlige bak Lokalveiviseren Ditt Distrikts lokale portaler. - Jeg tror mange brukere blir frustrerte i møtet med kaoset på nette, og at lokale portaler er populære fordi de er lette å bruke og finne fram til, sier Roth.

Bjørgulf får ikkje støtte 13.06.2001

Klagen frå Bjørgulf Myklebust vert ikkje teken til følge. Slik ligg tilrådinga til kommunestyre-politikarane når dei førstkommande tysdag skal avgjere om svelgarane skal få redusert vassavgift, og i tilfelle kor mykje. Truleg vert kommunestyrevedtaket frå tidlegare ståande ved lag der det heiter at vi får 25 % reduksjon. Kravet frå klagarane var 50 % tilbakebetaling av vassgebyret tilbake til 1995, med 15 % rente og fram til kommunen ha fått orden på vasskvaliteten. Dette har politikarane stemt ned, noko som Bjørgulf Myklebust har klaga på. Han vil ha vedtaket endra til å støtte krava til dei 47 husstandane i Svelgen som har levert klage på drikkevatnet. Han har i tillegg sendt saka til forbrukarrådet i Sogn og Fjordane. Dei tek førebels ikkje standpunkt i saka, men minner om at kommunen aksepterte vedtak i Forbrukartvistutvalet som gjaldt 50% prisavslag for abonnentane ved Kalvåg vassverk frå januar 1990 til august 1993. I saksdokumenta framom kommunestyre møtet tysdag heiter det at abonnentane skal ha reint vatn i mai juni 2000!

Redusert vassgebyr på Kolset 13.06.2001

Huseigarane på Kolset bustadfelt vil truleg få redusert vassavgifta med 25 % etter at dei 20-30 gongar i i løpet av året har vore utan vatn. Og når bustadfeltet først har fått vatn, har det vore så dårleg at det må kokast. Teknisk sjef i Bremanger, Magnhild Myklebust, meiner ulempene har vore så store at ho foreslår halv avgift.

VIL LEIGE UT BYGDESTOVA 13.06.2001

Bremanger kommune ynskjer ikkje at "Bygdestova" på Klokkartunet på Davik skal brukast gratis av lag, organisasjonar og privatpersonar. Dei vil no innføre leige, og inntektene skal gå til dekking av auka kostnader i samband med drifta av huset.

Utvidar Kolset Barnehage 13.06.2001

Kolset barnehage skal utvidast til 18 plassar. Etter hovudopptaket til barnehagane er alle plassane disponerte. Likevel er det venteliste på 4 barn. Skule- og barnehagesjefen i Bremanger, Gunnar Skjølberg, peikar på at barnetalet i Kolset krins er stigande og at talet på barnehageplassar ein i dag har vil vere for lågt. Han foreslår difor ei permanent utviding til 18 plassar. Politikarane avgjer om dei har pengar til ekstrakostnaden på 75 000,- kroner på møte førstkommande tysdag.

Klokkartunet 7.5 mill. for dyrt 13.06.2001

Det som var tenkt som ei ombygging av trygdebustadar for litt over ein halv million, er blitt eit gigant-prosjekt på tilsaman 14.2 millonar kroner. Bygging av "Klokkartunet" på Davik har pågått kontinuerleg frå 1996 til 2000, og har no ein budsjettmessig sprekk på 7.5 millionar. Revisor vil ikkje godkjenne byggerekneskapen før kommunestyret fullfinansierer.

Full pott til Einar 13.06.2001

Ordførar Einar Kjerpeset seier seg godt nøgd med at fylkespolitikarane i går prioriterte fastlandssamabndet for ytre Bremanger med 15.5 millionar i perioden 2002-2005 og 284.5 millionar i perioden 2006-2001.

FLØYELSSTEMMA TIL EIRIN 13.06.2001

Eirin Ask Nyheim (14) frå Berle song seg inn i mange hjarte i Trondheim. Ho deltok på landsmønstringa for første gong, men har tre år bak seg på den lokale Ungdommens Kulturmønstring. - Det er kjempekjekt å stå på scena og kjenne at det går bra, seier ho til Fjordenes Tidende. Mellom anna song ho "Killing me softly" i eigen versjon. Det unge talentet ynskjer å satse på sangen og vil gå på musikklinja på Sandane når ho er ferdig med ungdomsskulen.

Industriområde i Breivika 13.06.2001

Norsk Marin Yngel AS (Stig Bakke) vil etablere seg i Strandveien 22 (der Brødrene Mundal no eig) og Brema Fisk vil utvide sitt eksisterande anlegg i Breivika. Desse to etableringane gjer at Bremanger kommune no skal bygge ferdig vegen i Breivika til ein kostnad på 1.2 millionar kroner. Det er Brødrene Mundal som har fått arbeidet med utsprenging av tomt kombinert med utfylling av industriområde. Aktuell ny tomt for Brødrene Mundal blir vest for den planlagde vegen. Den totale kostnaden for med veg, overdraging av grunn legging av dekke utfylling av industriområdet med meir er kostnadsrekna til 6.1 millionar kroner. Det går ikkje fram av sakspapira korleis dette skal finansierast eller av kven.

Dømt for rasistisk motivert vold 13.06.2001

Dei to 19-åringane frå Naustdal som var tiltalt for vald, trugsmål og rasisme mot indisk-fødde Arve Beheim Karlsen, vart tysdag dømde til tre og eitt års fengsel. Mor til Arve, Kari Beheim Karlsen, er ikkje nøgd med at den såkalla rasismeparagrafen ikkje vart brukt i straffeutmålinga. - Kor ligg lista då, spør ho.

Svelgen-jente dokumenterer:

ENDRA NARKO-HALDNINGAR 12.06.2001

Vernepleiarstudent Linda Håøy frå Svelgen har saman med fire andre intervjua 180 ungdommar mellom 15 og 20 år for å undersøke haldningar og bruk av narkotika i Nordfjord-regionen. Det viste seg at halvparten av dei ungdomane som har fått tilbod om å prøve lot seg friste. Av dei som har prøvd hasj er halvparten for legalisering, og meir enn 60 % meiner at alkohol er farlegare enn hasj. - Det er skremmande, seie Linda Håøy i eit intervju med Fjordabladet på Eid etter undersøkinga..

BETALT MED GLEDE 12.06.2001

Sanitetsforeninga gir alt som kom inn under ofringa i Svelgen kapell frå 140 krinsårsmøte delegatar, til Svelgen skulemusikk. Total var det innsamla 4089 kroner. - Vi får betalt i form av glede, seier Karen Solheim som er leiar i Svelgen sanitetsforening til Firdaposten. Skulemusikken leia an det flotte bunadstoget som gjekk i strålande sol laurdag ettermiddag.

BLÅLYS OGSÅ FOR DEI MINSTE 12.06.2001

Blålys I dag har det igjen vore stor ståhei i Svelgen. Denne gangen var det barnehagebarn mellom fire og seks år frå heile kommunen som fekk vere dei lukkelege passasjerane i politibilar, ambulanser og brannbilar som har kjørt fram og tilbake med fulle sirener og blinkande blålys.

"Barnas Dag" er eit samarbeidstiltak mellom lensmannskontoret, industrivernet, brannvernet, Røde Kors, sosialseksjonen, skule- og barnehageseksjonen, kulturseksjonen og alt arbeid med dagen er basert på dugnadsinnsats frå arrangørane!


Nysgjerrigper i Svelgen 12.06.2001

7. Klasse ved Svelgen skule kom på ein kjempeflott 6. plass i årets landsomfattande Nysgjerrigper konkurranse i regi av Norsk Forskningsråd.
Og det dei lurte på var:
"Kvifor er det forskjell på vegetasjonen på Sandesida og Eikelandssida av fjorden som går inn til Svelgen?"

Les meir...

SVELGEN-KOLSET PÅ STORTINGET 12.06.2001

Eg skal med glede vere med på å arbeide for vegprosjektet Svelgen-Kolset, seier Reidar Sandal som er Ap sin førstekandidat framom Stortingsvalet til hausten. Tirsdag denne veka vil fylkestinget etter alt å dømme prioritere vegen i perioden etter 2005. Men sjansane kan også vere gode for at arbeidet på vegen kan starte opp tidlegare. Føresetnaden er at Stortinget løyver pengar over statsbudsjettet.

KrF sin 1. kandidat, Magne Aarøen seier det er viktig at lokalsamfunnet held trykket i saka oppe dersom ein skal få ekstraløyvingar frå Staten. Vegsjef Lars Lefdal har tidlegare sagt til Svelgen.no at dei er klare dersom pengane vert skaffa. Dermed er det framleis sjanse for at fastlandssambandet vert fullført utan stans. – De i Bremanger har gode argument, og er meir taleføre enn folk flest, konstaterer Reidar Sandal og er optimistisk på vegner av kommunen vår.


GLOBE TIL SVELGEN KAPELL 12.06.2001

Oddgeir og Yngve Sande (son og far) ville gjerne pynte opp i kyrkjene i soknet og sette på eige initiativ i gang med å lage to glober i smijern. Dei stilfulle globene med plass til 24 lys vart første gang tekne i bruk ved konfimasjonsgudstenestene i Svelgen og på Kjelkenes. – Eg syns kyrkjene våre rett og slett ser litt triste ut, det er så lite som pyntar opp, svarar Oddgeir Sande på spørsmål om kva som gav han ideen til dette arbeidet. (Fjordenes Tidende)

HUSBRÅK I SVELGEN 12.06.2001

Ved 01.30 tida natt til laurdag måtte politiet i Florø reise til Svelgen for å hente ein person som hadde tedd seg valdeleg i eit privat husvære.

Mannen skal mellom anna ha sparka til ein av personane i leilegheten slik at personen som melde frå til politiet også ønska ambulanse på plass. Denne vart seinare tilbakekalla.

Det var oppgitt å vere fem personar i husveret der det kom opp til slosskamp. Då politiet var på plass var personen det vart meldt frå om så berusa at han vart teken med til Florø der han måtte tilbringe natta i drukkenskapsarresten.

Personen vart permittert etter avhør søndag morgon. Saka er framleis under etterforsking.

Det er Firdaposten som melder dette.


Elskovsdrikk i rute 12.06.2001

"Under trærnes grønne grener, der er det svalt og godt å hvile." Oratoriekoret til Opera Nordfjord kviler ikkje under trea; det er godt i gang med øvinga til Elskovsdrikken, melder Fjordabladet. No er det fire månader att til nok ein stor musikkaften i aulaen på Eid.

Tilgrising av Frøyen skule 12.06.2001

Glasskår, rusk og rask, sigarettsneipar i hopetal og spor etter urinering oppetter veggen og anna svineri. Dette er noko at det som møtte tilsette og elevar ved Frøyen skule då dei møtte til ny arbeidsveke i går. Rektor Olav Jarl Frøyen seier til Firdaposten at han er oppgitt over all tilgrisinga skulen hans er utsett for.

Dom i Beheim Karlsen saka 12.06.2001

Dommen i Beheim Karlsen saka vert avsagt i dag. To gutar på 19 år er tiltalt for vold, truslar og rasisme mot Arve Beheim Karlsen.

Kjetil Ånensen i SOS rasisme seier til NRK at saka er svært interessant fordi den vi seie noko om korleis domstolane ser på kvardagsrasisme.

Medan aktor la ned påstand om tre og to års fengsel, kravde forsvararane full frifinning.


Overdose på Eid 12.06.2001

Ein mann i 20 åra vart fredag funnen død på Eid etter å ha sett ei overdose med heroin. Kameraten har forklart at dei sette kvar si sprøyte, og at han dagen etter fann gjesten sin død i husværet sitt.

NYE SIDER I DAG 11.06.2001

Som du vil sjå på menyen, har Svelgen.no i dag utvida med to nye sider; BREMANGER og RUNDT OM. På Bremanger sida vil vi presentere notisar frå det som skjer rundt om i kommunen. På sidene "Rundt Om" vil du finne kva som skjer i nabokommunane og distriktet rundt oss av stort og smått. Håper du set pris på det nye tilbodet - vi tek gjerne imot respons!

Mykje skryt for Abba-konsert 11.06.2001

Bremanger Musikklag har fått mykje velfortent skryt for Abba-konsertane dei har hatt i Florø og Bremanger. Aage Gudnitz Skarrud skriv: ..til de grader å få til en fremragende ABBA-sound som dette ensemblet maktet er få amatørensembler forunt. Orkesteret var et perfekt musikalsk bakteppe som aldri falt for fristelsen til å overdøve de meget dyktige vokalistene...

Slutt på Davik postkontor 11.06.2001

Om to dagar er det slutt på postkontoret i Davik. Den går då inn i butikken til Dragset.

Bremanger totalt utspelt 11.06.2001

Tornado 2 gav ubeseira Bremanger-spelarar ein solid fotballeksjon på Refvik søndag. Bremanger hadde så langt seks sigrar av seks mogelege i årets siger. Men Raudebergarane vann heile 11-1 over eit Bremanger-mannskap som ikkje spelte god fotball, i følge Fjordenes Tidende.

Frekke bladfyk 11.06.2001

Bladfykane er som folkeslag frekk tenk å skrive om økonomisk sprekk Bort i Bremanger ryk budsjetta støtt har dei aldri ein kalkulator møtt? Det er no berre å summere tal så slepp ein at summen vert gal Dette er Fjordenes Tidende sin poetiske kommentar til budsjettsprekken på den nye sjukeheimen på Kalvåg.

Frode heim til Honndalen 11.06.2001

700 jenter og gutar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er påmelde til Grodås Cup neste helg. Frode Grodås har i år fått med seg tidlegare lagkamerat frå Lillestrøm, Dennis Schiller til å vere med på cupen. Grodås avslutta sesongen med å bli tysk cupmeister for Schalke 04. Eit plaster på såret etter at seriemeisterskapet glapp i siste minutt. - Eg gler meg til Grodås Cup. Det er alltid kjekt å vere saman med unge fotballspelarar, seier honndølen med 49 A-landskampar. (Fjordabladet)

Brødrene Larsen med nybygg 11.06.2001

Den hundre år gamle bua til Brødrene Larsen AS på Kalvåg er no rive for å gje plass til eit nybygg til 4.5 millionar kroner. Nybygget vil stort sett ha same utsjånad som den gamle trebua, men vil vere utført i betong med kledning i tre. Ein av eigarane, Per Røys seier det er viktig for dei at det gamle sjøhusmiljøet vert bevart. - Går alt i orden vil vi kunne gje eit betre og meir heilskapleg tilbod til fiskarane. Då kan dei losse, bunkre og få utført vedlikehaldstenester, seier Per Røys. Brødrene Larsen er eit tradisjonsrikt firma som dei siste 40 åra har vore drive av Odd Larsen. I vinter overlet han verksemda til nye eigarar. Omsetnaden i fjor var på 23 millionar kroner. Det vert utført seks årsverk i verksemda som i høgsesongen har 11 tilsette, fortel Firdaposten.

150 års jubileum 11.06.2001

17. mai 1969 var det 150 år sidan Eidsvollmennene, Grunnlova og 1814, skriv Firdaposten...

Miljøkrim på Vingen 11.06.2001

Lindebjerg vart skulda for å drive med miljøkriminalitet då han gjekk i land på Vingenfeltet i Bremanger i forrige veke. Han var i Vingen i samband med opptaket til TV-serien SommerDag. Lindbjerg seier han berre filma skiltet der det stod ADGANG FORBUDT slik at folk kunne få eit inntrykk av kor ille det står til med helleristningsfeltet. Fylkeskultursjef Lidvin Osland vurderer å melde forholda til Riksantikvaren dersom bilda frå Vingenfeltet blir sendt på TV, melder NRK Sogn Fjordane.

Eik før ask gir plask 11.06.2001

"Eik før ask gir plask", heiter det frå gamalt. No står eika med store blad medan aska i hagen enno er svart. Eg er redd det blir ein våt sommar, seier Per Solvang i Grøndalen. Dette verteiknet har eg merka meg gong etter gong, og det stemmer så og seie eintyding, seier Solvang. (Firdaposten)

Nok ei ILA mistanke 11.06.2001

Det er mistanke om ILA ved nok eit oppdrettsanlegg i Bremanger. Denne gangen er det eit anlegg i Skatestraumen som har mistanken hengande over seg. - Dette ligger an til å bli det verste ILA året på ti år, seier spesialveterinær Martin Binde ved IntraFish til Fjordenes Tidende.

Alle barna med på idrett 11.06.2001

Bortimot 100 % av ungane i aldersgruppa seks til ti år har i vinter delteke i barneidrettsgruppene i regi av Bremanger Idrettslag. Torsdag var det avslutning før ferien, og ungane fekk både medaljar og diplom for flott innsats.

Baksmell på Kalvåg 11.06.2001

Før grunnmuren på den nye sjukeheimen på Kalvåg er ferdig har prosjektet ein økonomisk sprekk på nesten fire millionar kroner. Det som overraskar prosjektleiar Ole Bjørn Førde mest er at media har fått opplysningane, i følge Fjordenes Tidende. Mesteparten av overskridingane går til arkitektar og rådgjevarar. Ombygginga av sjukeheimen tok til i mars og skal etter planen vere ferdig til jul neste år.

SommarDag i Frøysjøen på NRK 11.06.2001

Dag Lindebjerg har i det siste besøkt både Rugsund og Kalvåg i opptaket til SommarDag. Mellom anna besøkte dei nyanlegget til Fossen på Knutholmen. Programmet skal heite SOMMARDAG I FRØYSJØEN og blir sendt på NRK ein fredag i sommar.

Svelgen-gut med suksess II 10.06.2001

- Kundar som gjer joben sjølve blir premierte, seier banksjef for Sparebanken Sogn og Fjordane, svelgaren Trond Teigene. Banken hans er den einaste banken med kontor i Flora og Bremanger som kan dokumentere at kunden sit att med pengar ved å nytte nettbanken deira. Det er finansmagasinet "Dine Penger" som har rangert banken som den fjerde billegaste i heile landet.

Les meir: Firdaposten

Mannskapet som ikkje kan segle:

NAOMI LIKEVEL PÅ GALAPAGOS 10.06.2001

Dei tre gjenverande på Naomi har lagt ut følgande fornøyelege melding på internettsida si:
Når det gjelder maten om bord går det mykje i pasta, ris, fisk og hermetikk. Vi baker brød ombord (kaker om nødvendig). Av middags spesialiteter kan vi nevne:
- Jostein`s pannekaker
- Øyvind`s pastagryte
- Frode`s fiskegryte
Du treng ikkje ha seglerfaring for og vere med (vi kan heller ikkje segle) Learning by doing it!


Les meir: www.naomi2000.com

70 fotballkamper i Svelgen søndag! 10.06.2001

Ja, det er heilt riktig. I dag mellom klokka elleve og fem vil det blir spela nesten 70 fotballkampar på Svelgen stadion. Vi får besøk av lag frå Eikefjorden, Florø, Tambarskjelvar og Krokane. Fotballspelarane er mellom 10 og 7 år og kampane varer i 12 minutter kvar. Når bana i tillegg vert oppdelt i tre, blir det mogeleg å gjennomføre ei slik gigantturnering.

Tiltalt i juni 10.06.2001

Økokrim håpar å ha ein tiltale mot måløyværingen Jarle Kvalheim i OK fish klar før utgangen av juni. Førstestatsadvokat Petter Nordeng seier at etterforskinga no er konsentrert om det som skjedde i OK fish før 1995. Men dette arbeidet er vanskeleg, fordi rekneskapspapira frå før 1994 gjekk tapt i ein brann. Økokrim prøver å få oversyn over kvar pengane har funne vegen. Økokrim meiner Jarle Kvalheim har svindla til seg 260 millionar kroner frå fylkesskattesjefen. (Firdaposten)

Nedtur for skipstunnelen 10.06.2001

Det er ikkje avsett midlar til Stad Skipstunnel i revidert nasjonalbudsjett. Det er også lite truleg at prosjektet vert prioritert dei første åra. (Sunnmørsposten)

Fjordenes Tidende til Molde 10.06.2001

Det siste eksemplaret av Fjordenes Tidende er trykt i Måløy. Den 91 år gamle avisa er til dags dato blitt trykt i avisbygget, men måndagsavisa blir altså trykt i Molde. - Den siste trykkedagen var ein utruleg vemodig dag for oss, sier dei tre som har sitt virke i trykkeriet i Måløy, Nils Holvik, Joar Bænes og Alfred Solibakke som tilsaman har arbeidd i Fjordenes Tidende i 102 år! (Fjordenes Tidende)

Skifter namn 10.06.2001

Verksemda Bremanger Fiskeindustri AS i Kalvåg, som er ein del av Domstein-konsernet, har skifta namn til Domstein Kalvåg.

Bremanger slo Måløy 10.06.2001

Bremanger slo torsdag Måløy ut av Firda-cupen. Bremanger ligg ein divisjon lågare enn Måløy og fekk ei handicapstraffe som dei brende. Men kampen vann dei 3-1, melder Firdaposten.

Veg til Rugsundøy 10.06.2001

Politikarane i plan og utviklingsutvalet i Bremanger er positive til at kommunen skal bygge veg til Storøy og Rugsundøy. Brødrene Mundal sitt anbod på 6.6 millionar kroner vart godkjent men når asfaltering, sikring av kulturminner og bygging av bru også er teke med er kostnaden komen opp i ni millionar kroner. Saka skal opp til endeleg handsaming 16. juni i kommunesyret.

ETTERFORSKNING MANDAG 09.06.2001

Politiet i Florø opplyser no at dei først vil etterforske innbrotet på ungdomsklubben "Realen" på mandag. Svelgen har ikkje eiga vakt i helga.

15 NYE ARBEIDSPLASSAR I BREIVIKA 09.06.2001

Stig Bakke vil investere 30 millionar kroner og skape 15 nye arbeidsplassar knytta til produksjon av torskeyngel i Breivika i Svelgen. Konsesjonen er på plass og Bakke håpar at han kan starte yngelproduksjon tidleg neste år.

Les meir...

INNBROT PÅ REALEN 09.06.2001

Tjuvar tok seg i går inn på ungdomsklubben "Realen" og stal pengar frå klubbkassa. Då Svelgen-ungdommane kom til klubblokalet i går kveld, var det hengt opp lappe på døra om innbrot. I følge vakthavande politi i Florø var det berre pengar som var stole, og ikkje stereoanlegget slik det gjekk rykter om blant dei unge i går. Politiet i Florø kjenner ikkje til korleis eller kortid tjuvane har teke seg inn. Vi kjem attende med meir om saka seinare. Vi har ikkje lukkast å få tak i lokalt politi endå.

Bunadstog gjennom Svelgen i dag 09.06.2001

Dersom du i dag ser 140 bunadkledde kvinner marsjere gjennom Svelgen, er det ingen grunn til å gneke seg i augene. Det er Sogn og Fjordane sanitetsforening som har krinsårsmøte i Svelgen – og det er faktisk nesten 20 år sidan sist. Mange kom til Svelgen i går kveld frå heile fylket for å delta på årsmøtet som starta i dag tidleg klokka ni.

Les meir...

Hornelen rasar 08.06.2001

Fredag var Gudmund Olsø vitne til endå eit ras frå Hornelen. Olsbø meiner det er på tida å vurdere faresone for skipstrafikken ved klippa. Han bur slik til at han har utsikt rett mot Hornelen. Då han stod ute og kasta eit tilfeldig blikk vestover såg han sjøsprøyten reise seg opp av sjøen.
-Det var på storleik med eit svært turistskip. Nokre sekund seinare høyrde eg braket, og då skjøna eg at det hadde fått nok eit ras, seier Olsbø til Fjordenes Tidende. Olsbø torer ikkje tenke på kva som hadde skjedd om det hadde vore ein båt i leia der raset gjekk. Han meiner at det i periodar av året er så utrygt fjell og så stor rasfare at skipstrafikken bør passere eit godt stykke frå land.

SIRENER OG BLÅLYS I SVELGEN 07.06.2001

Blålys Det har vore stor ståhei i Svelgen i dag.. Folk som ikkje kjende til storhendinga, kunne tru det hadde skjedd all verdas skade. Politibilar, ambulanser og brannbilar har kjørt fram og tilbake med fulle sirener og blinkande blålys. Men denne gangen var det berre glade passasjerar.

1. til 4. klassingar frå heile kommunen, 170 i talet, såg ut til å stortrivast med brannsløkking og opplæring i gjenoppliving. Det heile vart toppa med at kvar og ein fekk sertifikat for parkert politibil med bilde av seg sjølv i førarsetet. Bollar og juice og marsjerande skulemusikk la heller ingen dempar på den gode stemninga.

"Barnas Dag" er eit samarbeidstiltak mellom lensmannskontoret, industrivernet, brannvernet, Røde Kors, sosialseksjonen, skule- og barnehageseksjonen, kulturseksjonen og alt arbeid med dagen er basert på dugnadsinnsats frå arrangørane!

Neste veke, den 12. juni, er det klart for barnehagebarna og nok ein stor dag i kommunesenteret.

Lukkeleg er den som er liten og bur i Bremanger!


Bruker einromsreformmidlane til sjukeheimen i Svelgen:

Rådhuset får 2 millioners servicekontor 07.06.2001

Plan- og utviklingsutvalet vedtok i går å bygge servicekontor på rådhuset for to millionar kroner.

Politikarane vedtok at dei vil bruke 800 000 kroner som er avsett til einromsreforma til sjukeheimen i Svelgen til idèen. Det er kommunestyret som skal ta endeleg stilling til prosjektet 16. Juni.

Les meir...


VEGEN I TUNNEL GJENNOM KRUNA 07.06.2001

Når det gjeld den framtidige vegen i Svelgen vil det bli bygd rundkjøring på hovedvegen overfor idrettshuset. Derfrå skal vegen gå i tunnel gjennom Kruna bak Kvelve for å munne i den knappe svingen ved Risevatnet. På denne måten vil det ikkje bli så mykje tungtrafikk gjennom Svelgen sentrum som er gjennomfartsveg mellom Sunnfjord og Nordfjord.

Ynskjer du å sjå reguleringsplanen sjå her: Reguleringsplan - kart (865KB)


HYTTEINNBROT 07.06.2001

Dei siste tre vekene har lensmannen i Bremanger, Hans Rune Strandos, fått melding og tjuveri i Midtgulen og Sørgulen området. Han ber no andre hytteeigarar i Bremanger om å vere på vakt for å hindre fleire innbrot. Det første innbrotet han fekk melding om var på strekninga Sørgulen-Botnane for tre veker sidan. Nokre dagar seinare kom meldinga om innbrot i ei hytte på Indrehus og søndag altså den tredje meldinga frå ein annan hytte på Indrehus. Det er Firdaposten som melder dette.

IKKJE INDUSTRI PÅ RISE 07.06.2001

Politikarane ynskjer ikkje at den dyrka marka på Rise skal omgjerast til industriområde. Dei vedtok i går reguleringsplanen med denne endringa. Området mellom elvane i Svelgen sentrum blir truleg opna for lettare industri og verkstad slik Elkem og Leif Myklebust i Bygg- og reinhaldsservice har peika på i sine merknader til planen.

Ynskjer du å sjå reguleringsplanen sjå her: Reguleringsplan - kart (865KB)


BROT PÅ KRANIET VED ELKEM 05.06.2001

Ein mann vart i går sendt til Haukeland sjukehus i Bergen med helikopter etter ei arbeidsulykke ved Elkem Bremanger. 35- åringen fekk brot på kraniet etter at han fekk ein trykkluftslange i haudet. Tilstanden til mannen skal etter forholda vere gode, vert det opplyst frå verket.

Reguleringsplanen for sentrum opp i dag 05.06.2001

I dag skal plan- og utviklingsutvalet ha møte der mange viktige saker for Svelgen si framtid skal behandlast: Mellom anna reguleringsplan for Svelgen sentrum til og med Rise og nye bustadfelt på Dyrstad og Langeneset. Alle desse sakene kan du lese meir om på www.svelgen.no. Ynskjer du å vite kva andre saker som skal handsamast? Bjørnar Førde viser m.a. at det nytter å protestere!

Les meir...

KAOS BLIR KREATIVITET I SVELGEN 05.06.2001

Som vi tidlegare har skrive, er det no opna kreativt læresenter ved Svelgen skule. Mange føresette føler dei veit lite om kva dette betyr for ungane. Svelgen.no vil difor denne veka sjå nærare på det skulen tilbyr små og store i skuletid og ettermiddagstid.

Les meir...

Brødrene Mundal:

Dobla antal tilsette på eit år 03.06.2001

På eit år har antal tilsette ved Brødrene Mundal i Svelgen økt fra 9 til 18 tilsette. Selskapet stod i 1999 framom fleire utfordringar og mogelegheitene var mange. Mellom anna kjøpte dei opp ein konkurrent som sleit med å få lønsemd med si eiga bedrift. Samstundes vart det arbeidd med etablering av pukkverket på Dyrstad. Brødrene Mundal fekk oppdraget med å klargjere anlegget med fyllingar, murar, vegar, deponi med meir. Dagleg leiar Arild Mundal har von om at dei også skal vere ein betydeleg aktør i drifta av pukkverket.
- Utan solid støtte frå Bremanger VeKsT hadde ikkje dette latt seg gjennomføre, seier dagleg leiar Arild Mundal.

Nye egenandeler fra i dag 01.06.2001

Det er i dag innført nye egenandeler på legetenester i Bremanger kommune. På kommunelegen sine heimesider finn du heilt detaljert prisar på enkelttenester hos legen. Legg f.eks merke til at ein graviditetstest er gratis dersom det viser seg at du er gravid. Men er testen negativ kostar den deg 110,- kroner! Det er mykje spennande lesestoff på legane sine internettsider - sjølv for deg som er heilt frisk!

KOPEN UTAN SJEF 01.06.2001

I går var siste arbeidsdagen til butikksjef Finn Frøseth ved Samvirkelaget i Svelgen. I dag står Kopen dermed utan sjef. Etter det Svelgen.no forstår er det søkarar til stillinga men førebels er det ikkje gjort noka tilsetting. Frøseth tek med seg familien til Trøndelag for å ta til i ny jobb der.

NY LINK TIL LEGANE 01.06.2001

Legg merke til den nye linken (ved sidan av kommunevåpenet til høgre). Her finn du mykje nyttig informasjon om helsevesenet i kommunen vår. Det er nok vår datainteresserte kommunelege, Kan Shanker, som har laga dei flotte web-sidene.

2630 besøkande i mai:

PANGSTART FOR WWW.SVELGEN.NO 01.06.2001

Svelgen.no har fått ein pangstart etter første driftsmånaden. Heile 6596 sideoppslag ("hits") i mai er langt over forventingane - ikkje minst med tanke på minimalt med marknadsføring. Vi vil også framover legge inn nye saker kvar dag. Vi set stor pris på tilbakemeldingar, tips, ris og ros. Ingen nyhet er for lita eller for stor for Svelgen.no. Husk også å tipse slekt, venner og bekjente som bur utanfor Svelgen om sidene. Vi har fått mange mailer frå utflytta svelgarar som set stor pris på oppdateringa dei får via internett-sidene.

Sjå statistikken vår

SVELGEN IDRETTSHUS MED OVERSKOT 01.06.2001

Rekneskapen for Svelgen idrettshus er gjort opp med eit rekneskapsmessig overskot på omlag 31 000,- kroner. I løpet av år 2000 er det ikkje brukt noko av kapitalen som stod til disposisjon for styret pr. 31.12 .99. Etter årets resultat viser rekneskapen såleis ein unytta akkumulert overskot på 172 000,- kroner. Det er fungerande leiar Magne Kjerpeseth som denne gangen legg ut årsrapporten på vegne av styret.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov