Arkiv Sept 2013

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

30.09.2013

Kurs i massasje - til heimebruk

2. og 3. november  og

12. og 13. oktober

Florø ( OM DET VERT NOK PÅMELDE FRÅ SVELGEN KJEM ANNE GRETHE HIT)

På kurset vil du lære ein enkel og behagelig massasje av heile kroppen, men med mest vekt på rygg, nakke og skuldre. Du vil også lære nokre litt djupare og effektive grep og triggerpunkt.
Kurset passar for alle som ønskjer å lære ein grunnleggande god massasje til heimebruk, eller om du vurderer å arbeide med massasje og vil prøve det ut,. 
Kursa vert halde på Helse & Velvære sine lokaler i Trovikbakken i Florø.
Tider: lørdag og søndag, kl. 10.30 – 17.00 
Pris: Kr. 1500,- pr deltaker. Inkl te og litt pausesnacks
Ta med: Lunch, behagelige klær, innesko og eit pledd
Max 6 deltakarar, du treng ikkje ha partner med på kurset

Info og påmelding snarast til Anne Grethe på tlf 95 24 99 68 eller  agbrandsoy@gmail.no
 
Kurshaldar er Anne Grethe Brandsøy, som er innehaver av Sunnfjord Rekreasjon & Bedriftsterapi. Ho har massert private og bedriftskundar i 22 år og har på denne tida tileigna seg mykje erfaring og har lært seg mange forskjellige teknikkar som ho ønskjer å dele med fleire. 
Massasje er ein flott måte å gjere noko i lag og for kvarandre, og samtidig få løyst opp vonde knuter og spenninger i kroppen, eller berre for velvære rett og slett !!
Vel møtt til ei fin helg i lag!

 



Svelgen kino 24.09.2013

 

 

      Turbo

 Søndag 29.september. Kl.17:00

  Kinopremiere: 27.september

Fra skaperne av Madagaskar og Kung Fu Panda kommer Turbo; en høyhastighets komedie om en hagesnegle med drømmer om superspeed som plutselig en dag får drømmen oppfylt. Han møter en gjeng gatesmarte Racersnegler og lærer av dem at ingen kan lykkes uten hjelp fra andre. Så, han gir alt han har av hjerte og hurtighet for å hjelpe dem - og, å få oppfylt nok en drøm: å vinne verdens kuleste bilrace: Indy 500.

                                       Aldersgrense:   Tillatt for alle

 


Pilates 29.09.2013

  

Det vert ikkje pilates tysdag 1.oktober.


KURS I HJERTEKRANS 28.09.2013

Om det blir ledig plass opner vi opp for ikkje medlemmar. Kursavgifta blir då kr 500,-



QUIZ PÅ LØRDAG 27.09.2013


Hjort truleg årsak til utforkjøring i går 27.09.2013

Politiet fekk melding om at eit køytetøy hadde køyrt inn i ein fjellvegg ved 20-tida i går. Utrykning ved politi, brann og ambulanse. Det var eit einsleg kjøyretøy som hadde kjørt av veien. Fører i bilen, ei kvinne i 20 åra, vart sendt til sjukehus for kontroll. Lettere skade på bil. Det er ikkje mistanke om promille eller høg fart. Unnamanøver for hjort i vegbana er opplyst å vera årsak til hendinga. (Frå politiet sin logg)

Festforestilling med Odd og Ingebjørg 25.09.2013

I dag var det Svelgen sin tur til å få besøk av Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland. Dei vart møtt med ein fullsett storsal på samfunnshuset og leverte ei festforestilling av ein konsert. Dei kjende songane fra albumet "Heimafrå" er grunnlaget for turnèen. Duoen, og bassisten Gjermund Silse, har til hensikt å besøke 120 stadar, eller krinkelkrokar, som Nordstoga sa - innan utgangen av oktober.

I tillegg til den viseinspirerte musikken var det også ispedd mykje humor både med ord og kvad, som fell i smak hos Svelgen-publikummet. Det unike samspelet og dei eigenarta harmoniane desse to får til i lag kan nesten ikkje samanliknast med noko anna innan norsk musikk. Og det femner breitt - frå dei heilt unge til dei eldste eldre - og alle i mellom. Etter ekstranummer og til slutt ståande applaus gjekk eit vel nøgd publikum kvar til sitt -  ei stor oppleving rikare.


Sirkeltrening 24.09.2013

Det vert ikkje sirkeltrening onsdag 25. september grunna Odd Nordstoga på samfunnshuset.

Vel møtt neste onsdag!

 


16.oktober 2013 23.09.2013

 

FELLESMØTE/ ELDREFEST

.

BUSS FRÅ SVELGEN KL.1400



Trenger du ved til vinteren? 18.09.2013

  

  

 Friidrettsgruppa til STIF har

         ved til salgs!

  

  Kontakt Ingvald Ytrehus

  Tlf. 90 920 577  /  577 93 682


Svelgen kino 16.09.2013

 

Hokus pokus Albert Åberg

Søndag 22.september kl.17:00

         Norgespremiere: 13.september

Albert mener han er stor nok til å få en hund nå som han har begynt skolen og snart fyller syv år. Men pappa syns fortsatt han er altfor liten til et så stort ansvar. Albert prøver alt han kan å overbevise pappa om at han tar feil. Men det er ikke så lett for en liten gutt som fortsatt benytter seg av en fantasivenn for å løse sine problemer.

Albert får et nytt håp når han blir kjent med en ekte trollmann. Med magiens hjelp kan han kanskje få seg en hund likevel, tenker han, og kaster seg inn i magiens fantastiske verden med stor entusiasme. Men Albert tvinges til innsikt om at virkelige problemer ikke kan løses ved hjelp av trylling. Det blir et stort vendepunkt for ham, for da må han samtidig erkjenne at han kanskje likevel ikke er så stor som han ønsket å tro. Men når drømmen til slutt blir virkelighet på en måte han ikke kunne forestilt seg, så er det nesten magisk som trylling likevel.

  Aldersgrense:   Tillatt for alle        Lengde:   1 t. 12 min.


Svelgen kino 16.09.2013

    

      Pionér

Søndag 22.september kl.20:00

PIONÉR er en thriller fra starten av det norske oljeeventyret. Store forekomster av olje og gass er funnet på norsk sokkel og norske myndigheter ønsker å føre dem i land via en rørledning på 500 meters dyp. Yrkesdykkeren Petter er besatt av tanken på å være den første på bunnen. Sammen med broren Knut har han den disiplin, styrke og eventyrlyst som trengs til å ta på seg verdens desidert farligste oppdrag. En tragisk ulykke vender imidlertid alt på hodet og sender Petter ut på en reise hvor han gradvis mister oversikt over hvem som trekker i hvilke tråder. Jo nærmere Petter kommer sannheten, jo mer går det opp for ham at også hans eget liv står i fare...

  Aldersgrense:   11 år      Lengde:   1 t. 46 min.


Fotballturnering 21.09.2013

Søndag 22. august kl 1000 - 1530 er det Kongleriketurner for miniputtar på Svelgen stadion.Det skal vere 56 lag frå 6 klubbar med. Det skal spelast omlag 100 kampar fordelt på 5 baner. Det vert sal av pølse, kaffi og kake.

 

Vel møtt til ein sportsleg søndag på stadion!!


Søndagsskule 22.september 20.09.2013

Det vert søndagsskule i kapellet kommande søndag kl.11.00

  

Ta med deg ein ven og kom!

  

Helsing Magni og Siv Norunn



Zumba avlyst i dag 19.09.2013

Det vert ikkje zumba i dag, torsdag 19.september.



Elkem Bremanger

Ledig stilling 17.09.2013

Elkem Bremanger har fleire ledige stillingar.

Sjå "stilling ledig" i menyen til venstre.


Volleyballtrening for seniorar startar opp att 17.09.2013

Torsdag 19/9 kl. 20.30 i Svelgen Idrettshus.

 

Volleyballgruppa STIF.


BASAR PÅ KEIPENSTOVA. 18.09.2013

 

Torsdag 19.september er det basar på Keipenstova.

Vi startar åresalget kl.11 - og vi vil trekke hovedlotteriet kring kl.13.

Fram til onsdag ettermiddag er det loddsalg på Coopen og torsdag skriv vi lodd på Keipenstova heilt fram til trekking.

 

Også i år har vi mange fine gevinstar - nydelig handarbeid og mykje anna.

Keipenstova er open slik som vanleg frå 10 til 14 og det blir salg av  kaffi og sveler  - så spanderer Pensjonistlaget kake til alle som kjem.

Vel møtt! Bilde tatt av Mina Susanne


Hiv deg med på Zumba 16.09.2013

Har du tenkt å byrje på Zumba og ikkje har vore med før?

Då er tysdag 17.september kl.18.30 ein flott dag å starte på.
Då skal Petya gå grundig gjennom alle grunnbevegelsane.

Dei som allereie går på Zumba må selfølgelig også komme :) 

 

Vel møtt!


Nøkkel mista mellom sjukeheimen og skulen 17.09.2013

Vi har mista ein nøkken med nøkkelhank med eit miniskatebord på. Mista mellom Sjukeheimen og skulen. Har du funne den kan du levere den inn på servicekontoret på rådhuset.

Sirkeltrening 16.09.2013

Onsdag 18. september klokka 1930 - 2100 startar sirkeltreninga opp att. Per Arne er komme tilbake og vil geleide oss gjennom ulike styrkeøvingar. Sirkelrening passar for alle! Håpar mange møter.

For STIF

Hege Iren


Dag H. Nestegard med bok om flypioneren Thor Solberg 16.09.2013

Forfattar Dag H. Nestegard, som er oppvaksen i Svelgen, har skrive bok om sin barndomshelt, flypioneren Thor Solberg (1893-1967) frå Florø. Frå 1825 til 1925 reiste ein million nordmenn over havet til Amerika. I 1935 blei Thor Solberg den første som flaug tilbake. Sommaren 1935 flaug han som første nordmann eit spinkelt einmotorsfly frå USA til Noreg.

LANSERING PÅ TEKNISK MUSEUM 21. OG 22.9.: Nestegard held miniforedrag ved Solbergs fly kl 13 og 16 begge dagar.

Nestegard vaks opp med Solbergs historier om venen Roald Amundsen, stornazisten Herman Göring som ville gje han Jarnkorset etter kryssinga, og som han takka nei til, og historia om Solberg som under krigen fortalte president Roosevelt at ein tysk invasjon kunne kome over Grønland.

Forfattaren ville skrive om helten sin, men først måtte han dokumentere alt det Solberg sjølv fortalte norske journalistar på 1950- og 60-talet. Han sjekka difor med National Arhcives, Det kvite hus, kongressbiblioteket, flymusea på Grønland og Island, og ei heil rekke andre offentlege arkiv og bibliotek. Tredje gongen han kontakta Roosevelt Library i New York, fekk han eit irritert svart om at dei hadde gått gjennom alle dagbøker og protokollar fleire gonger. Dei fann ingen med namnet Thor Solberg.

Nestegard blei skuffa og stod lenge fast. Men så las forfattar Arnhild Skre gjennom råmanuset og påpeika det heilt openberre: Thor Solberg kom til Amerika det tiåret moderne marknadsføring slo gjennom for alvor. Derfor brukte han mange timar på å posere i fotostudioet til Knud Vang i
Brooklyn, i arbeidet med å bygge myten om seg sjølv. Thor Solberg var ein røvar, og så langt dreiv han mytebygginga, at artiklane både på Wikipedia og i Store norske leksikon inneheld faktiske feil. I dag står det ein statue av mannen framfor flyplassen i Florø, og gata ned til flyplassen heiter Thor
Solberg-vegen.

 Dag Nestegard (f.1968) er journalist og redaktør i   Bok og Samfunn.


ELKEMKOPP TIL LEO OG JOHANNES – OG EIN TIL TURGÅAR I OMVENDESKARET SOM VI ENDÅ IKKJE HAR TREKT
 
I august har vi trekt Elkemkopp til Leo Stangeby (nr. 266 på Gulebrystet) og til Johannes van Dijken (nr.1028 på Sandsegga) GRATULERER!
Vinnaren av koppen i Omvendeskaret vert trekt når vi no hentar ned FJELLTRIMBØKENE for 2012/2013. I september skal det trekkast koppar på bøkene
Risevatnet 3,5 km, Knekkevatn og Moldahytta – i oktober Risevatnet, Vasskaret, Sandsegga og Ivervatn. Fjelltrimbøkene 2012/2013 vert i månedsskiftet sept./okt.
bytta med fjelltrimbøker for 2013/2014 og på årsmøtet til turlaget vert det trekt gåvekort på kr. 300,- frå tre av desse bøkene. Keipen turlag i indre del av kommunen har Fjelltrimbøker på fylgjande stadar:
Gulebrystet, Moldahytta, Jakthytta, Risevatnet 3,5 km, Risevatnet Vasskaret, Knekkevasshuset, Ivervatn, Sandsegga og Omvendeskaret – alle er velkomne til å delta!
KEIPEN TURLAG FJELLTRIMMEN


Skattejakt med Barnas Turlag! 16.09.2013

 
Det var 21 born og 13 vaksne som var med på turen vår på laurdag.Vi gjekk opp frå motorcrossbana og fulgte merka sti eit godt stykke oppover før vi tok av og gjekk mot tunellen. Eit kjempe flott oppmøte sjølv om det regna. Det var ein utfordrande og spennande tur. Skattejakta gjorde nok til at ein klarte å holde motivasjonen oppe, då det var eit godt stykke å gå og ganske bratt for små føtter. Men alle klarte seg fint og ungane kosa seg. Det var litt skummelt, men mest spennande i tunellen. Heilt mørkt var der så det var viktig med lommelyktene våre. Tunellen delte seg i to, og det hang ledetråder til venstre, så vi fulgte dei, men der låg ingen skatt - då snudde vi og gjekk andre vegen og jammen var der ein skatt som arbeidarane hadde gløymt att! Den var vi heldige og fekk smake på! Vi kosa oss med niste og kakao, og leika litt i tunnelen før vi vende nasa heimover. Turen tok tilsaman 3 timer. Tusen takk til alle som kom!!
 
Helsing oss i Barnas Turlag. 

Fleire bilder frå turen 16.09.2013

'

¨

 


Innebandy for jenter og damer 13.09.2013

  

Vi startar trening igjen måndag 16.september kl.20.30.

 

Møt opp! Dette er både moro og god trening! :)

 

 


Store investeringar ved Svelgen Hotell og ny dagleg leiar

Vi er godt i gong med   full renovering av heile hotellet.  52 rom og bustader er nybygd og restaurert med parkett golv, nye fjernsyn og senger. Ved renovering har vi bygd om frå 3 til 35 dobbeltrom. I haust blir det også ny solariumavdeling i kjellaren. I hotellhagen vil det skje forandringar for kvart år.   Neste store investeringsprosjekt blir full renovering av resepsjon, bar og restaurant.

Dei siste åra har vi vore heldig med mykje anleggstrafikk, som har gjeve hotellet bra med overnatting, og inntekter. For å sikre framtidig drift  blir det avgjerande for Svelgen Hotell   å komme inn på nye marknader og i større grad også få nye kundar utanfrå til Svelgen.   Samstundes som vi forsett skal arbeide med  bygning og fasilitetar, vil vi framover rette større   fokus på god drift , service, kvalitet , oppleving og marknadsføring - og ikkje minst tilbod til bygda.

Eg er svært glad for at Svein Arve Steinset frå Svelgen ser potensialet i hotellet, og har takka ja til jobben som dagleg leiar og hotelldirektør. Svein Arve starta ved hotell Continental i Oslo i 2005, og har sidan den tid arbeidd ved fleire anerkjente restaurantar, vore med og starte opp Spa Hotell og dei siste åra vore kjøkkensjef  i Sarpsborg. Svein Arve tek til i jobben den 16. september.

Lykkast vi med både god drift og fortatt store utviklingstiltak, er målesettinga at Svelgen Hotell for framtida kan utvikle seg til noko langt større en   i dag. Opplevingsretta næring har eit særdeles stort framtidig potensial. For å lykkast i Svelgen på vi levere ein samla godt produkt. I samarbeid med Bremanger kommune må vi  skape større reisemål ut  av dei store nasjonale attraksjonane vi har i Hornelen, Vingen , samt  lokal industrihistorie. Det er også viktig at  vi fortsatt klarer å arbeide for eit finare   og  meir imøtekommande  kommunesenter. Løfter vi i lag og utviklar, blir bygda  og kommunen meir interessant og tiltalande både for turistar og nyetablerarar.

Jostein Eimhjellen.




Svelgen kino 10.09.2013

 

 

  De tøffeste gutta

 Søndag 15.september kl.17:00

Vinner av publikumsprisen på Barnefilmfestivalen i Kristiansand, og en actionfylt familiefilm og komedie om Modulf som tror han er en slags superhelt.

Hver dag blir han mobbet av de tøffeste gutta på skolen. Og det er helt greit. For da redder han de andre barna. En dag flytter Lise inn i nabohuset. Hun synes Modulfs ideer er det dummeste hun noen gang har hørt, og skaper det komplette kaos.

Aldersgrense:   Tillatt for alle   Lengde:   1 t. 14 min.


Svelgen kino 10.09.2013

 

    One Direction

  Søndag 15.september kl. 20:00

An all-access pass to the British pop sensation One Direction live in concert.

"ONE DIRECTION: THIS IS US" er et fengslende og nært innblikk i livet på turné for musikkfenomenet One Direction. Ispedd bilder og opptak fra livekonserter, forteller filmen den spesielle historien om Niall, Zayn, Liam, Harry og Louis sin reise til berømmelse. Fra deres snublende start i hjembyen, via konkurransen X-Factor, til å erobre verden og opptre på Londons berømte O2 Arena. Hør historien fra gutta selv og opplev gjennom deres egne øyne hvordan det er å være One Direction.

Aldersgrense:   Tillatt for alle   Lengde:   1 t. 32 min.



Søndagsskule 11.09.2013

Det vert ikkje søndagsskule 15.09. slik det står på programmet.

 

Det vert søndagsskule 22.09. i staden.

 

Magni og Liv


Volleyball 09.09.2013

Volleyballtreningane startar oppatt onsdag 11.september.
Treningstidene vert som følger:

  

Onsdagar kl.18.00 - 19.30:   6. - 7.kl., samt 8.kl. - 1. kl.VGS.

Fredagar kl. 18.00 - 19.30:   8.kl. - 1.kl. VGS.

  

Kjem tilbake med treningstider for 5.kl. etter fotballsesongen.

  

STIF/Volleyballgruppa




BARNAS TURLAG ARRANGERER LOMMELYKTTUR! 11.09.2013

På lørdag 14/9 vært det tur att med oss i Barnas Turlag. Vi møtast ved Motorcrossbana. Herifrå går vi eit lite stykke innover vegen til vi kjem til starten av tunellen. Ta med deg hodelykt(om du ikkje har det så ta med vanleg lommelykt), ha på deg litt varme klær (kan være kaldt i tunellen), niste og drikke. Kanskje finn vi ein skatt?

Oppmøte 14.september kl 12 ved motorcrossbana!

Parkering ved hovedvei.

Barnas Turlag indre

v/Ossenkamp 95030335/Langedal 47063543


Dei tre nynorskteatra presenterer “Ein dag kjem aldri for tidleg” -   ein leiken kabaret frå Ivar Aasen til Odd Nordstoga.

 

 

Billettar kan kjøpast på nettet ved å gå inn på www.softeater.no under billettinformasjon.

Vi kjem med meir informasjon når det nærmar seg speledato.

 

Bremangerhallen:                        Torsdag 21.11. kl. 19.00
Svelgen samfunnshus:                 Fredag 22.11. kl. 19.00


Velkommen til Trubadur Eivind Johansen i dag, 14.09 på Svelgen Hotell!

frå kl 22.00

Cover kr 100,-



Fotballkamp, jenter 10 år 10.09.2013

Det vert fotballkamp på Svelgen stadion onsdag 11.09. kl 1800. Det vert sal av kaker og kaffi.



Opningstider i røystelokala:


Her finn du oversikt over opningstider i røystelokala i Bremanger kommune.

Hauge - Bremangerhallen: kl. 09.00 - 19.00
Kalvåg - Kalvåg samfunnshus: kl. 09.00 - 19.00
Svelgen - Rådhuset: kl. 09.00 - 20.00
Kolset - Kolset oppvekst: kl. 15.00 - 18.00
Davik - Davik oppvekst: kl. 13.00 - 18.00
Åfoten - Ålfoten oppvekstsenter: kl. 15.00 - 18.00

 

 


Svelgen kino 02.09.2013

 

   

  Elysium

Søndag 8.september kl.20:00

De rike har trukket seg tilbake til en kunstig romstasjon. Resten av befolkningen må prøve å overleve på den ødelagte planeten Tellus. En mann vil ha rettferdighet.

I år 2154 eksisterer to typer mennesker: De rike, som bor på en perfekt menneskelaget romstasjon ved navn Elysium, - og resten - som bor på en overbefolket og ødelagt planet. Jordens befolkning er desperate etter å flykte fra kriminaliteten og fattigdommen som herjer tøylesløys i alle land.  
Den eneste som har en sjanse til å skape likhet mellom disse to verdenene er Max (Matt Damon), - en vanlig fyr med et desperat behov for å komme seg til Elysium. Med livet hengende i en tynn tråd, tar han motvillig på seg et farlig oppdrag - et oppdrag som setter han opp mot Elysiums Secretary Delacourt (Jodie Foster) og hennes harde styrker. Men klarer han oppgaven kan han ikke bare redde sitt eget liv, men også livet til millioner av mennesker på jorden.  

  Aldersgrense:   15 år      Lengde:  1 t. 49 min.


Søndagsskule 08.09.13 07.09.2013

Velkommen til søndagsskule i Svelgen kapell i morgon kl. 11.00

 

Ta med deg ein ven og kom!

 

Helsing Liv og Deborah


Førjulsmoro med marknad 07.09.2013

Svelgen Opp og Fram i samarbeid med Svelgen skulemusikk vil også i år arrangere førjulsmoro med marknad. Dette skjer laurdag 30. november, med tenning av julegrana.

 

Vi vil lage boder under baldakinen ved samfunnshuset og dei som ynskjer kan stå der og selje julegåver.

 

Er det noko du lurer på eller har du noko du kan selje?

Ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth på tlf. 90 58 00 55.

 

Start produksjonen i dag!

 


Tongane-dag 8. september 03.09.2013

Søndag 8.september ser værmeldingene meget gode ut for Bremanger kommune. Tangane Kulturlag og KKU's prosjektgruppe inviterer derfor til en "kosedag" på Tongane kystfort. Det vil bli omvisning på fortet ved representanter fra kulturlaget, enkel servering av kaffe, vafler, saft og pølser, og vi håper at deltakerne også kan legge igjen litt enkel innsats i form av noe stirydding mens de allikevel går runden, eller enkel snekring. Ta derfor gjerne med en hagesaks, en sag, eller annet ryddeutstyr.

Plakater vil bli hengt opp på oppslagssteder i kommunen i løpet av de nærmeste dagene, så følg med.

Så langt har over 550 personar røysta via internett!


Du kan røste via internett fram til i dag,  fredag 6.september klokka 23.59


Siste frist for å førehandsrøyste på papir er i dag, fredag 6.september klokka 15.30 på Servicekontoret på Rådhuset.

For å røyste elektronisk, skriv inn følgjande nettadresse i nettlesaren din:
evalg.stat.no


Fotballkamp, Jenter 10 år 03.09.2013


Det vert fotballkamp mot Tambarskjelvar på stadion onsdag kl.18.00.

 

Sal av kaffi, kake og saft.

 

Vel møtt!


Cirkus Zorba i Svelgen mandag 2. september 01.09.2013

Mandag 2. september vitjar Cirkus Zorba Svelgen sentrum. Forestillinga tek til kl. 18. Les om sirkusforestillinga i Firda og på sirkuset si nettside.

 

 

 



Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov