Arkiv Sept 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Bruk epost/post - bli med i trekning om 1000 kr i rekningsavslag

Straummålaren skal avlesast 30.09.2005

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at mandag 3. oktober skal straummålarane til hushaldningskundane avlesast. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same.

      

EEB minner elles om:

  1. Det er heilt nødvendig å oppgi målarnummeret når dykk melder inn målarstanden ved kvartalsavrekning. Målarnummeret finn ein på straummålaren, og på tidlegare straumrekningar.
  2. Vi oppmodar om å bruke korta som følgde med kalendaren, som vi sende ut ved nyttår, når dykk skal melde inn målarstanden framover. Desse korta er frankerte, og mottakaren vil betale portoen. Dykk kan også bruke vår epostadresse:  kraftverk.bre@elkem.no Mellom dei som melder inn målarstanden med kort og epost vil vi også ved denne avlesinga trekke ut ein vinnar som vil få 1000 kr i avslag på neste straumrekning. Om ein ikkje har avlesingskorta, kan ein også sende inn målarstand, målarnr. og namn på kunden pr. kort eller brev. Også desse vert med i premietrekninga. Kort og epost utan målarnummer vert ikkje med i trekninga.
  3. Om dykk vel å ringe inn målarstanden ber vi om at dette vert gjort etter kl. 16.00 på kvardagar. Dette fordi pågangen med målaravlesingstelefonar på dagtid er stor, samstundes som driftskoblingar o.l. pågår. Vårt gratis telefonnummer er: 800 30 175. Husk å oppgi målarnummeret dykkar.
  4. Det er berre private hushaldningar som skal melde inn målarstanden kvart kvartal, d.v.s. fire gongar i året. Næringsverksemder skal berre melde inn målarstanden rett over nyttår, d.v.s. ein gong i året.
  5. Det vil heretter kun bli sendt ei purring, og den vert i form av eit stengevarsel med ein ny betalingsfrist på 14 dagar.

  6. Nest høgste septembernedbøren sidan 1939

    Høgste månadsnedbøren på over 15 år 30.09.2005

    Det fall heile 619 mm nedbør i Svelgen i september månad. Dette er nær det doble av "normalen" for september, som er 324 mm. 619 mm er den høgste månadsverdien, uansett månad, som er målt i Svelgen sidan i mars 1990 (645 mm). Sidan nedbørsstasjonen vart flytta frå Rise til smelteverket ved nyttår i 1973, har ein berre hatt fire månadar som har målt høgare verdi. Og om ein reknar sidan 1939, som er første året ein har nedbørsstatistikk på i Svelgen, er det i alt berre 9 månadar (av over 800) som har hatt meir nedbør.

     

    Elles var det berre 3 døgn i september som var utan nedbør i Svelgen, og det meste som vart målt på eit døgn var 77,5 mm. 7 døgn hadde 39 mm eller meir nedbør.

       

    Nedbørsrekorden for ein månad for Svelgen skriv seg frå oktober 1967, då det fall heile 742 mm. Rekorden for september er frå 1975 då det kom 700 mm i måleglaset.

       

    Til no i år har det falle 2482 mm, og det manglar berre 88 mm på at "normalen" for eit år i Svelgen, på 2570 mm, alt er nådd. Årsrekorden stammar frå 1990 då det dalte ned heile 3702,4 mm over Svelgen. Og vi nemner at det framleis er tre månadar att av dette regnfulle året, og at det er meldt mykje nedbør frå fredag ettermiddag til laurdag morgon.


    Plan og Bygg vil kjøpe kommunale bygg 29.09.2005

    Bremanger kommune vil vurdere å la eit privat selskap kjøpe alle kommunale bustadar, for så å leige dei tilbake. Målet er å sleppe vedlikehaldsarbeidet.

     

    Det er Plan og Bygg DA i Svelgen som vurderer å etablere eigedomsselskap med kommunale utleigebustadar. Eigarane, Stig Gjerde og Karsten Leirvik, har allereie hatt møte med med ordførar Kåre Olav Svarstad, teknisk sjef Ole Bjørn Førde og Bremanger Vekst om saka.

    Eigedomsselskapet ynkjer i alt å kjøpe 26 bustadar og åtte hyblar for 2.5 millionar kroner. Inkludert i denne summen er også aktivitetshuset Realen i Svelgen og trygdebustadane på Davik.

    Det er lagt fram to ulike driftsformer.  I desse framgår det at kommunen skal ha disposisjonsrett for husværa som eigedomsselskapet eig og vedlikeheld. Det er presisert at utleigeprisen skal ligge på dagens nivå med vanleg indeks regulering. Eit anna forslag går ut på at kommunen er heilt eller delvis inne på eigarsida i selskapet.

    Bremanger kommune har i dag ei svært stor bygningsmasse å ta vare på, også utanom dei kommunale husværa. Difor meinte rådmann Tor Kristian Gulhaugen at forslaget er vel verdt å sjå nærare på. Plan og Bygg DA ynskjer på sikt å ta over skular og aldersheimar.  Saka kjem truleg opp på neste politiske møte i Bremanger, melder Fjordenes Tidende.


    Løyvde 700.000 29.09.2005

    Det vart ingen diskusjon då plan- og utviklingsutvalet i går løyvde midlar til å dekke flyttinga av Brødrene Mundal i Svelgen. I tråd med administrasjonen si tilråding brukte politikarane 700ÿ000 kroner frå kontoane til omsorgsbustad i ytre Bremanger og Davik Vassverk, melder Fjordenes Tidende.

    Fotball

    Miniputt - turnering 1.og 2.oktober 2005 28.09.2005

    PreviewSvelgen TIF arrangere Miniputt -turnering no kommande helg. (1-2.oktober)

    Dette er den utsette turneringa som Svelgen skulle arrangert den 11.september.

     

    Sidan været ikkje heilt er med oss så, har vi måtte gjett oss på og arrangere

    turneringa ute på Svelgen Stadion. (bana vår er alt for våt)

     

    Miniputt -turneringa vil no bli både i Ballbingen (for dei minste) og i Idrettshallen.

    Det blir og kiosk ved ballbingen og i idrettshallen med servering av

    svele, kake, brus, kaffe og pølse m/brød.

     

    Ta turen og sjå då, ungane synes det er stas med heiagjeng.

    51 lag er påmeldt og kampdag og bane blir fordelt slik :

     

     

    Kampdag og baner.

    NB Ballbinge er ute, ta med utekle.

    KLASSE

    Kampdag

     

    Idrettshall

    Ballbinge

    Gutar 1998

    Lørdag

     

     

    Ballbinge

    Gutar 1997

     

    Søndag

     

    Ballbinge

    Gutar 1996

    Lørdag

     

    Idrettshall

     

    Gutar 1995

     

    Søndag

    Idrettshall

     

     

     

     

     

     

    JENTER

     

     

     

     

    Jenter 1995

     

    Søndag

    Idrettshall

     

    Jenter 1997

    Lørdag

     

     

    Ballbinge


    Volleyball 28.09.2005

    Volleyballtrening for alle, torsdager kl 20:30 i Svelgen idrettshus.

    Blandede lag, unge og gamle, vi har mye morro! Alle er velkomne!

    For mer info: ta kontakt med Anita Ingebrigtsen: 48119849


    Svelgen Karamikk 28.09.2005

    Kunne du tenkt deg en ny hobby? Kanskje Svelgen Keramikk er noe for deg? I kjelleren på Realen disponerer Svelgen Keramikk et eget verksted med dreiemaskiner, keramikk-ovn og masse utstyr.

     

    Her kan du lage julegaver, eller ting til deg selv, kanskje nye kopper til å drikke julegløgg av? Vi lærer av hverandre, og reiser en gang i året til en lokal keramikk-kunstner for ytterligere inspirasjon.

     

    Vi holder kurs for nybegynnere, og lett øvede til rimelige priser. Ta

    kontakt om du er interessert i kurs. Ønsker du å være medlem koster det bare 100,- pr år. Du får din egen nøkkel, og kan gå inn og jobbe når det passer deg.

     

    Har du lyst på en prøvetime, eller vite litt mer om Svelgen Keramikk

    ta kontakt med styreleder: Anita Ingebrigtsen på tlf.: 48119849

     

    Bildet viser elevarbeid fra kurset 2003.


    Friidrett

    KM/ Krinsleikar Florø 24. og 25. september 2005. 25.09.2005

    Svelgen TIF avslutta ute sesongen i friidrett på Florø stadion i helga.

     

    Følgande utøvere deltok for STIF :

    10 åringane : Marte H.Holm, Eirik Ask, Siri Vågene

    11 åringane : Ole Martin Gjerde, Magnus Myrhol

    12 åringane : Daniel H.Holm, Pål Valberg, Jan Rune Nigardsøy, Marius Solberg

    14 åringen   : Kjell-Rune Ytrehus

    15 åringen   : Jørgen Bjørkedal

    16 åringen   : Arvid Ytrehus

    17 åringane : Tor Inge Øvrebotten, Kim Leirvik

     

    Mange gode resultater og personlige rekorder blei det denne gangen og.

    12.første plasser / 10.andre plasser / 6.tredje plasser.

     

    Resultat fra begge dagene finner du på http://www.friidrett.no/sognogfjordane/t2.asp

     

    Svelgen TIF si friidretts gruppe har vekst dei siste årene. Det er en kjekk gjeng og reise

    på stevne med. Trenings forholdene for friidretts gruppa UTE er ikkje så masse og rope

    hurra for, men Ingvald og kompani har stått på.

    Vi håper at nye og gamle medlemmer forsatt vil være med oss framover. 


    STIF-herrane vann 4-1 25.09.2005

    STIF vann søndag 4-1 over Oppstryn i den siste kampen i 5. divisjon. Målscorarar var Andrè Hatleset, Andrè Gjerde (2 mål - biletet) og Frank Hatleset. Ved pause leia STIF 2-0.

     

    Ettersom Kaupanger 2 slo Vik 4-2, enda STIF på 5. plass, med like mange poeng som Kaupanger 2 og Vik på 3. og 4. plass. STIF har i 5. divisjon scora nest flest mål, og sluppe inn nest flest (!). Etter dei 8 første kampane hadde STIF berre teke 7 poeng og hadde målskilnad på 15-33. Svelgarane pukka 18 poeng på dei 8 siste kampane, og fekk då ein målskilnad på 33-16.   5. divisjon. 

     

    Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar

    Svelgen Hotell, vart medlem nr. 22, Einar Gjerde. Kven som vinn Scoringsklubben sin hovudpremie, som er julebord for to personar på Svelgen Hotell, også gjeven av Svelgen Hotell, vert trekt om nokre veker. Ettersom STIF scora 48 mål i 5. divisjon, betaler dei 38 medlemane i Scoringsklubben 480 kr kvar.

    Det vert kamp i Svelgen kl. 15 i dag 25.09.2005

    Vèrgudane har vore samarbeidsvillige, og det er difor klart at 5. divisjonskampen i dag går på Svelgen stadion kl. 15.00. Då møter STIF og Roy Vegard Sørgulen (biletet) Oppstryn.

     

    Med Tor Inge Øvrebotten på friidretts-KM er det truleg Roy Vegard Sørgulen som vaktar målet til STIF i dag. Sørgulen har tidlegare i år spelt 5 kampar i 5. divisjon som innbyttar, og har halde "nullen" i dei fleste av dei. Forrige helg, borte mot Vik, spelte Sørgulen sin første kamp frå start denne sesongen. Sørgulen debuterte på A-laget i 2001, og spelar i dag truleg sin senior-/A-kamp nr. 34. Då STIF i 2003 rykte opp, frå 6. til 5. divisjon, vakta Sørgulen målet i fleire kampar frå start. Sørgulen har om lag sidan 1998 i hovudsak vore den som har sørga for at alle fotballaga i Svelgen har hatt ei nyslått og velstelt grasbana å spele på.

     

    Svelgen.no vil truleg kome med pauseresultatet om lag kl. 15.50, og sluttresultatet om lag kl. 17.


    Besøk oss då vel!

    Svelgen Røde Kors på Svelgen.no 24.09.2005

    Svelgen Røde Kors med spesialavdelingane hjelpekorps og besøkstenesta har fått ein eigen "avdeling" her på Svelgen.no.

    Her vil vi prøve å gjere kjent kva som skjer i Svelgen Røde Kors.

    Du finn oss i menyen til venstre.


    Har passert 500 mm nedbør i september 24.09.2005

    Etter ein flott fredag i Svelgen, med solskinn og temperatur rundt 20 gr. C, opna himmelen seg att natt til laurdag. Dermed passerte ein i Svelgen 500 mm nedbør i september.

     

    Det er ikkje kvart år det vert målt over 500 mm nedbør i løpet av ein månad i Svelgen. Forrige gong var i desember 2004, med 551,3 mm, og før det måtte ein tilbake til januar 2000, då det fall 534,1 mm.

     

    Sjølv om det er nokre dagar att av månaden når ein neppe september-rekorden, som er på 700 mm og skriv seg frå 1975. Ein må tilbake til 1991 og 1982 for å finne september-målingar med over 500 mm, då fall det høvesvis 525 og 535 mm nedbør.


    Konkrete planar for Svelgen 23.09.2005

    På Lesarinnlegg sida kan du lese eit forslag som Svelgen Amcarkubb, Jostein Eimhjellen og Andre Vistnes begynte å jobbe med i fjor sommer. Teikningar og meir konkrete planer er under bearbeiding. Dei skriv:

    - Vi  forsetter no dette arbeidet og håper på eit god samarbeid med nemda fra Arbeiderpartiet og nye krefter i Bremager Vekst.

     


    Nemnd for Svelgen sentrum 22.09.2005

    Det er sett ned ei nemnd frå Arbeidarpartiet som skal arbeide vidare med planane om eit nytt og flott Svelgen sentrum. Les innlegg på "Lesarinnlegg".


    Programmet til STIF si 75-årsmarkering 22.09.2005

    Nedanfor kan du sjå programmet som er klart til markeringa av STIF sitt 75-årsjubilèum i helga 21.-23. oktober. Det kan verte små endringar på programmet nedanfor, og mest truleg vil det skje også andre spanande hendingar i løpet av året i samband med at STIF er 75 år i år. 

         

    FREDAG 21.10

    Barnearrangement 3.- 7. klasse på Realen kl. 17.30 - 21.00

    Ymse aktivitetar, samt premiering.
    Kiosk m/Pizza-brus-kaker m.v.

      
    Ungdomsarrangement - NattCup i Idretthuset kl. 20.30 - 03.00
    Ope for ungdom fra 8. klasse og oppover frå heile kommunen.
    Det blir sett opp buss frå Kalvåg/Bremanger via Leirgulen/Davik/Ålfoten.
    Ymse aktivitetar ( Fotball - Volleyball - Basket m.v).
    Premiering – Gåvekort.
    Kiosk m/ Pizza-brus-kaker m.v.

    LAURDAG 22.10

    Folke- og familiedag i Svelgen Idrettshus kl. 11.00 - 17.00

    Salg av kaker frå stort kakebord, og anna mat - brus – kaffi.
    Basar - lotteri - mykje lokal, spanande og god musikalsk underholdning.
    Trekning av Jubilèumslotteri (stor og flott premiesamling - vert utstilt i gamle Coopen-vindauge).
    Aktivitetar: STIF syner breidda av aktiviteten i laget.
    Aktivitetar for born - andre aktivitetar – utstilling.

    SØNDAG 23.10

    Familietur/Ope hus på Moldahytta kl. 10.00 - 14.00 (sjå biletet nedanfor)

    Servering på hytta.

      

    Riseløpet kl. 13.00 eller 14.00

    Konkurranseklasse og mosjonsklasse.
    Premiering.

    Svelgen TIF vonar folket i bygda, utflytta svelgarar, og tidlegare STIF-medlemar stiller opp om 75-årsmarkeringa, og lover topp underhaldning og ei verdig markering av STIF sitt 75-årsjubilèum. 

       

    For STIF
    75-årskomitèen

     

    Biletet nedanfor er frå ope hus på Moldahytta våren 2002, i regi av Keipen Turlag. Skihytta på Molda var det første anlegget/bygget som STIF bygde. Hytta vart bygd på dugnad av medlemane, og sto ferdig i 1937. STIF eig framleis hytta, og samarbeider med Keipen Turlag om vedlikehald og bruk.


    Brødrekamp for å verte toppscorar

    Svelgen stadion søndag 25/9 21.09.2005

    Søndag kl. 15.00 spelar STIF sitt herrelag sin siste kamp for året i 5. divisjon. Motstandar på Svelgen stadion er Oppstryn. Mads Kvam må stå over kampen grunna 3 gule kort. Dette vert første gong denne sesongen at ein STIF-spelar må stå over ein kamp p.g.a. gule kort, og det er ikkje værst etter 15 spelte kampar. STIF ligg no på 5. plass på tabellen, men kan klatre ein plass eller to med siger. Dei to laga som ligg på 3. og 4. plass møtast innbyrdes. Om Kaupanger 2 slår Vik med eit mål, må STIF slå Oppstryn med 6 mål for å kapre 3. plassen. Det treng ikkje vere umogeleg, då STIF i haust har scora nær 5 mål i snitt pr. kamp.

    Dersom det vert aktuelt å flytte kampen frå Svelgen stadion p.g.a. all nedbøren siste tida, kjem Svelgen.no tilbake til det. Men det er meldt mindre nedbør laurdag og søndag, så forhåpentlegvis kan kampen går i Svelgen.

     

    Om trenar Trond Hatleset scorar to mål i helga, og broder Andrè vert utan mål, endar begge på 14 seriemål denne sesongen. Trond har også eit mål i treningskamp, så om dei endar likt, vert det trenaren sjølv som får storscorar-statuetten denne sesongen. Om ein tek med at broder Frank Hatleset denne sesongen har scora fire seriemål, er dei tre brødrene oppe i 30 seriemål. Ettersom STIF til no i år har scora 44 mål, har dei tre scora 68 % av STIF sine mål denne sesongen. Og ikkje nok med det, i følge heimesida til A-laget, ligg alle tre på toppen av lista over dei med flest målgjevande. Her har ”Hatlesetarane” lagt opp til 24 av 44 mål. Dei tre brødrene har til saman 736 seniorkampar for STIF, og har til saman scora 241 mål for A-laget.

     

    Forhåpentlegvis held desse tre karane, og alle andre i årets stall fram også neste år, noko som er nødvendig for å halde liv i herrefotballen i STIF. Berre ein spelar i den aldersbestemte fotballen i STIF er gamal nok til å spele seniorfotball i 2006. På smågutenivå har STIF for første gong på mange år lag i 11`ar-serien, og forhåpentlegvis greier ein å halde i gong herrefotballen til desse kjem opp og kan avløyse dei eldste karane med ”grått hår på brøstet”.

     

    Biletet nedanfor vart teke i 1998 då STIF leia 3. divisjon etter 4. rundar, og syner dei tre Hatleset-brødrene; f.v. Andrè, Trond og Frank. Foto: Firda


    Har du hørt om Anders Strand? 21.09.2005

    Vi har fått følgande epost frå ein av våre lesarar:
    Leser litt om Svelgen da min mormor slekter dit, der jeg kom inn på en side om kjente norske trolldomshistorier, men her stod kun navn og att de var registrert i retten i sin tid, ikke historiene. Der stod en mann fra Svelgen og han het Anders Strand også stod det 1691. Kjenner noen til
    historien....? Den kunne vært innteressant og høre!
     
    Lene.

    Ledige stillingar i Bremanger kommune 20.09.2005

    Bremanger kommune har no lagt ut fleire ledige stillingar. Trykk på link til venstre

    Svelgen Songlag

     

    Er du glad i å syngje så kom og bli med!!

    Vi startar øvingane igjen den 7. sept. og øver kvar onsdag kl.19.00 på Svelgen Skule, musikkrommet.

    På menyen i haust har vi mellom anna korseminar med superdirigent Per Oddvar Hildre (PROTS) kjend frå SKRUK, og sjølsagt julekonsert.

    Seminaret vert på Davik 21.-22.-23.okt. med avsluttande konsert i Davik kyrkje.

    Fleire kor har alt meldt si interesse.

    Julekonserten er som vanleg i Svelgen kapell, og vert under leiing av Luis Santiago Ruiz.

    Vi ønskjer gamle og nye songarar velkomne til ein triveleg songarhaust.

    Kontakt:

    Tlf. 95030396    e-post charlotte.lindstad@elkem.no


    Friidrett

    Bergenslekene 17-18.september 2005 19.09.2005



    Svelgen TIF stilte med følgende 10 utøvere til Bergenslekene                     på Fana stadion.


    10 åringane : Marte H.Holm, Eirk Ask
    11 åringane : Ole Martin Gjerde, Magnus Myrhol
    12 åringane : Daniel H.Holm, Pål Valberg, Jan Rune Nigardsøy, Alf Erik Sande
    14 åringen :  Torstein Ask
    17 åringen :  Tor Inge Øvrebotten

    Det var et KALT og VÅTT stevne.

    I høgde persa Ole Martin med 1.30 og Eirik med 1.15, og fekk kvar sine 2.plasser.

    Ikkje like heldig med været var 12 åringane når dei skulle i ilden… då vart det virkelig et Bergens vær… men med humøret oppe, gjorde dei sitt beste.

    Tor Inge tok 2.plass i 110m hk & høgde.Torstein tok 2.plass i høgde og 3.plass i kule.

    Resultater blir lagt ut på http://home.online.no/~ilgbk/bglekene_resultater.htm


    Dametrening 19.09.2005

    Måndagstreningane startar oppatt i dag kl.19.30.


    STIF tapte 4-6 18.09.2005

    STIFsitt herrelag tapte søndag 4-6 borte mot Vik. Målscorarar var Trond Hatleset (2), Frank Hatleset og Andrè Gjerde (biletet). Sistnemnde spelte sin første kamp for hausten, etter som han har slite med ein skade.

     5. divisjon.

    Heimeside STIF 5. div. 


    Vårdal spelar sin seniorkampar nr. 400 for STIF 16.09.2005

    Når STIF søndag 18/9 spelar bort mot Vik, spelar Torgeir Vårdal (biletet frå hausten 2005) sin seniorkamp nr. 400 for STIF. Sin aller første seniorkamp fekk han allereie i 1987, som gutespelar, då han fekk spele ein kamp for B-laget. 28 av dei 400 seniorkampane har han spelt på B-laget/Svelgen 2.

      

    Vårdal debuterte på A-laget som 17-åring i 1988, den gong fleire av hans lagkameratar på årets STIF-lag framleis ikkje var fødde. Han debuterte i serien i 2. serierunde, borte mot Syril. I den kampen fekk han 20. minutt som innbyttar, som var nok til at han fekk starte i den neste seriekampen heime mot Bremanger. Alt i første seriekampen frå start vart han notert i dommarboka med gult kort. Etter dette er det ikkje få raid, duellar, dommartilrop og dødballar Vårdal har utført på fotballbanene rundt om i Sogn og Fjordane. Vårdal har tidlegare stort sett halde seg på venstresida til STIF, der har spelt back og på kant på midtbana, medan han i år har vore nytta mest i midtforsvaret. På dei 371 A-lagskampane han har spelt før kampen i Vik, har han scora 26 mål for STIF. 13 av desse er scora i seriekampar. Men han har også vore nest sist på mange STIF-mål.  

                   

    34-åringen har i alle år vore trufast og lojal mot STIF. Dette til tross for at han ved mange høver har hatt tilbod frå naboklubbar som Bremanger, Florø og Eikefjord, med tilbod om både den eine og den andre ”frynsegoda”. 2005 er den 18. sesongen til Vårdal på A-laget til STIF. Berre Øyvind Grindheim har tidlegare halde det gåande like lenge, då han var i A-stallen i 18 sesongar frå 1980 til 1997. Vårdal har vore med på fire av STIF sine opprykk i divisjonssystemet, og tre nedrykk. Spel i 3. divisjon i sesongane 1998, 1999 og 2000, kvalifiseringskamp til NM-cupen i 2000, og Firda Avis Cup-finale i 2002 er nok dei sportslege høgdepunkta for Vårdal. Han har også opplevd alt frå å score sjølvmål på sin eigen bror etter berre 25 sekundars spel, til å score flotte mål på frispark frå langt hald.    

                               

    STIF- trenar i 2005, Trond Hatleset, er glad for at Vårdal framleis vil spele for STIF. Han gir Vårdal følgjande karakteristikk: "Eg vil karakterisere Torgeir som ein utruleg lojal spelar som sett laget sine interesser framfør eigne. Han har eit godt venstrebein, noko som alltid er nyttig for eit lag. Torgeir er solid defensivt frå sin posisjon i forsvaret, og gjev i tillegg laget ein dimensjon offensivt med sine lange raid. Han legg gode døballar med både presisjon og fart". 

                                        

    Tidlegare er det berre Øyvind Grindheim (539 kampar ), Frank Midtbø (427) og Terje Førde (424) ( i same rekkefølge på biletet nedanfor) som har nådd 400 seniorkampar for STIF. Desse var aktive i ei tid STIF spelte langt fleire enn dei 17-20 kampane STIF har spelt dei siste fem sesongane. På midten av 80-talet spelte STIF fleire sesongar over 40 A-kampar i året, og hadde også B-lag som ein kunne spele på. Om ein summerer berre A-kampar har Grindheim 464 kampar, Førde 398, Midtbø 396, og Vårdal vil i helga spele sin A-kamp nr. 372.

                                

    Om Vårdal held seg frisk og skadefri ser ein ikkje vekk frå at han tek endå nokre sesongar på STIF. Med stor sikkerheit kan ein sei at ingen nokon gong har sjanse til å slå Øyvind Grindheim sin klubbrekord på 539 seniorkampar. Ein spelar, vil om han spelar med eit snitt på 20 seniorkampar i året, bruke heile 27 sesongar for å nå Grindheim sitt utrulege kamptal. Men om Vårdal tek eit par sesongar til vil han kunne nå opp på 2. plassen på STIF sin maratontabell. Vårdal manglar også tre mål på å kome inn på A-laget si storscorarliste, som byrjar på 30 mål.


    Torgeir Sørheim og Førde til 2. divisjon ? 15.09.2005

    STIF sin keeper i 2003 og 2004, Torgeir Sørheim (biletet frå 2004), spelar i år på Førde. Han byrja sesongen på Førde 2 i 4. divisjon, der han også er oppmann. Men etterkvart har det blitt 3. divisjonspel på naustedølen. Han har i følge Firda starta i halvparten av dei 20 kampane Førde har spelt i 3. divisjon, mellom anna dei 5 siste kampane i haust.

    Når to kampar står att i 3. divisjon har Sogndal 2 48 poeng, Stryn 47 p, og Førde 46 p. Sogndal 2 kan ikkje rykke opp, dermed kjempar Stryn og Førde om å få spele kvalifisering for opprykk til 2. divisjon. Førde har att Tornado Måløy (H) og Høyang (B), og Stryn har att Skavøypoll (H) og Fjøra (B).

    3. divisjon  Trekning kvalik. til 2. div.


    Kurs i Hardangersaum for nye og vidarekomne 15.09.2005

    Kurset er på 12 timar. Lærar: Åshild Dombestein

    Fredag 23.september kl. 19-21

    Laurdag 24.september kl. 11-15

    Fredag 30.september kl. 19-21

    Laurdag 1.oktober kl. 11-15

     Kursavgift:

      kr. 384,- for medlemmar

      kr. 480,- for ikkje medlemmar

    Bindande påmelding innan 16. september.

    For opplysningar og påmelding,

    ring studieleiar Svelgen og Omegn Husflidslag; Ragna Myklebust, tlf: 57793218


    Nettbankkurs førstkommande tysdag 15.09.2005

    Sparebanken Sogn og Fjordane skal arrangere nettbankkurs.
    Vi skal vere i det Kreative Læresenter ved Svelgen Skule kl.18.00, tirsdag
    20.09.05.
    Kursleiar vert Per Magne Hervik Sparbanken Sogn og Fjordane avd.Førde.
    Påmelding innan 16.09.05.

    Ring 57 79 68 00 og meld deg på!!
    mvh
    Sparebanken Sogn og Fjordane avd.Svelgen.

    Svelgen- og omegn husflidslag

    Kurs i applikasjon 15.09.2005

    Svelgen og omegn Husflidslag arrangerer kurs i applikasjon. Kurset er for nybegynnarar. Lærar: Hilde Iren Elvebakke

    Fredag 28.oktober kl. 18.00 - 21.00

    Laurdag 29.oktober kl. 10.00 - 17.00

    Sundag 30.oktober kl. 11.00 - 17.00

      Kursavgift:

     kr. 500,- for medlemmar

     kr. 640,- for ikkje medlemmar

    Bindande påmelding innan 14.oktober!

    For opplysningar og påmelding,

    ring studieleiar Ragna Myklebust, tlf: 57793218


    Nedbøren i Svelgen

    Ny døgnrekord for året 14.09.2005

    I Svelgen vart det målt 77,5 mm nedbør onsdag morgon, noko som er om lag 10 mm over det meste ein tidlegare i år har målt på eit døgn.

    Erling (Sp) i staden for Heidi (SV) i Bremanger 13.09.2005

    Senterpartiet sin 2.kandidat Erling Sande fekk 17,5 prosent oppslutnad i heimkommunen Bremanger.





    Sjå valresultat for Bremanger

    Det var ein framgang på 7,1 prosentpoeng, men langt frå noko valskred for partiet. Mest fram gjekk Ap som enda på 28,8 prosent oppslutnad etter ein framgang på 7,8 prosentpoeng. Her kjem både Reidar Sandal og Ingrid Heggø inn frå Sogn og Fjordane.

    Den store taparen vart KrF som gjekk tilbake 10,3 prosentpoeng til 9,6 prosent oppslutnad.

    Heidi Grande Røys er opphaveleg frå Bremanger, men partiet gjekk tilbake 4,2 prosentpoeng til 11,9 prosent oppslutnad.

    Framstegspartiet vart det nest største partiet i kommunen og fekk 17,8 prosent oppslutnad. Det er fram 5,6 prosentpoeng. Høgre hadde nest størst tilbakegang og enda med 8,1 prosent av røystene. Dette melder nrk.no


    Bruk stemmeretten i dag! 12.09.2005

    Svelgen.no oppfordrar lesarane til å bruke stemmeretten i dag. Di stemme kan faktisk avgjere kven som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget dei neste fire år! Dei som ikkje stemmer gir naboen ei dobbelstemme - dei som ikkje veljer gjer også eit val som har stor betydning.
    La ikkje heimesitterpartiet bli det største denne gongen også.
    Ver med å bestem og bruk din demokratiske rett!
    Godt val!!


    Ny siger til STIF

    Fire mål av trenaren 10.09.2005

    STIF sitt herrelag i 5. divisjon vann laurdag 6-2 heime mot Kaupanger 2. Målscorarar for STIF var Trond Hatleset (arkivbiletet) med 4 mål, Frank Hatleset og Thor Kristian Sortevik. Frederic Talle (16) fekk sin debut i førsteelvaren til STIF, og kom godt frå oppgåva som spiss. Kaupanger 2 hadde berre med seg 10 spelarar til Svelgen.

    Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart medlem nr. 14, Per Åge Bueie. Meir info om Scoringsklubben finn du på seniorlaget si heimeside: http://home.no.net/thorkien/  Kampreferatet vil du finne på den same linken i løpet av helga.

    Frist for innlevering av turO-kort 09.09.2005

    1. oktober er siste frist for å levere inn korta til STIF si turorientering. Korta skal innleverast til Alf Håøy.

    Lillegutter 11år : Flatraket - Svelgen TIF 1-16 ( 1-6)

    Stor STIF-siger på 75års dagen. 09.09.2005

    Lillegutter 11år (med fleire 10 åringer ) reiste i går til Flatraket for å spille seriekamp på STIF sin 75-årsdag .

    Svelgen:
    Magnus Myrhol, Ole Martin Gjerde, Håvard Heimtun,
    Sondre Henden, Jørgen Haugland, Ingebjørn Mundal,
                                 Fredrik Nigardsøy,Eirik Ask, Pål Gjøran Blom, Fredrik Valberg

    Mål:Ole Martin, Magnus og Håvard scora alle 4.Sondre og Ingebjørn scora kvar sine 2.

    I følge Trond Valberg som stilte opp som lagleder for Stig Gjerde,
    så var det 1.mål i første angrep, siden berre rant dei inn……….


    Strålande vèr til jaktstarten 09.09.2005

    Laurdag morgon brakar det laust: Hjortejakta er i gong, og i mange av bygdene/grendene i Bremanger kommune er det nærast unntakstilstand nokre månader framover.

    Meteorologisk Institutt sitt varsel for laurdag lovar strålande sol i Svelgen-området, og opp i 14 gr. C midt på dagen.

    Svelgen.no ynskjer jegerane lukke til med årets jakt.

    Lillejenter: Svelgen TIF - Bremanger 4-2 (2-1)

    STIF-siger på 75-årsdagen 08.09.2005

    På dagen 75 år etter at STIF vart stifta, vart det spelt lokaloppgjer i lillejente-klassa mellom Svelgen og Bremanger i Svelgen.


    Det var ein jamn kamp som der Svelgen fekk to raske mål ved Lina Vågene og Rikke Halseth.
    Rett før sidebyte reduserte Bremanger ved Viviane Grotle. Etter pausen opna Bremanger jentene best og utlikninga stod Martine Fosse for. Men Svelgen-jentene vart for sterke mot slutten, Lena Førde og Katrine Ask scora Svelgen sine mål i 2.omgang, slik at heimelaget vann 4-2. Kampens domar, Benedicte Grindheim.

    På biletet ser ein STIF-jentene til venstre, og Bremanger til høgre.


    Meir om Biopellets og Solar 08.09.2005

    Tre veker etter at Svelgen.no/Fjordenes Tidende skreiv om Elkem sin patent og verket sine planar om produksjon av Biopellets i Svelgen har nyhendet i dag også nådd NRK Sogn og Fjordane!
    Her kan du lese artikkelen.

    Svelgen oppvekst

    Laurdagskafè på Bakarhuset 08.09.2005


    Laurdag 10. september kl.11.00 – 14.30, held 10. klasse ope Bakarhuset. For å lese meir om kva fristelsar dei har å tilby, gå inn på Svelgen skule si heimeside ved å klikke her.


    Fotball

    Miniputt-turneringa i Svelgen 11.september er avlyst 08.09.2005

    På grunn av store nedbørsmengder, har forballgruppa 
    avlyst miniputt-turneringa som var planlagt på Svelgen Stadion
    kommande søndag.
    Det vert jobba med og finne en ny dato.  

    07.09.2005

    STIF 75 ÅR I DAG!
    I dag, torsdag 8. september, er det 75 år sidan Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) vart stifta.
    Bursdagen skal feirast helga
    21. til 23 oktober.

    - Ramma rundt feiringa blir som dei gode gamle STIF-dagane, seier leiar, Svein Arne Sandvik, som har 400 medlemmer i ryggen.


    Fredag er det mellom anna planlagt natturnering.
     Laurdag blir det samling i sentrum med kafe og underhaldning og jubileumsfest om kvelden.
    Søndag blir det open dag på Moldahytta samt Riseløp.
    Les meir om jubilanten i onsdagens Fjordenes Tidende.


    ASFALTERING AV SKULEPLASSEN

    Arbeidet med å asfaltere skuleplassen er godt i gong. No ser både elevar og
    lærarar fram til å drive aktivitetar utan store sølepyttar på banene.
    Gå inn på skulen sine sider for å sjå større bilder.

     


    Løkke-Øwre på politikar-besøk:

    200 NYE ARBEIDSPLASSAR TIL SVELGEN 07.09.2005

    Verksdirektør Erik Løkke-Øwre orienterte politikarane i plan- og utviklingsutvalet om den nye silisium-fabrikken og produksjon av Biopellets tysdag. Han skal i følgje Fjordenes Tidende uttrykt at det kan vere snakk om så mykje som 200 nye arbeidsplassar til Svelgen.
    - Det ligg mykje arbeid framover for å realisere planane, men med eit godt samarbeid både lokalt og fylkeskommunalt er viktig. Mellom anna kan vi ved produksjon av Biopellets etablere eit mottak for avfall frå store delar av Vestlandet til ein forbrenningsomn som produserer stim til pellets. Dette kan sysselsetje mellom 25 og 30 personar. Totalt med mottak av avfall og jobbar innan flisproduksjon snakkar vi om 100 tilsette, sa Løkke-Øwre. I tillegg kan dei 100 Solar-arbeidsplassane vere innan rekkevidde. Meir i dagens Fjordenes Tidende.

    Slutt for Ainas Blomster 08.09.2005

     Etter mindre enn to år er det slutt for Ainas Blomster og Gaver i Svelgen. – Eg gjev meg av helsemessige årsaker, men trøysta er at det er andre som startar opp att etter meg i midten av november, seier innehavar Aina Alfredsen Førde til Firdaposten.

    Ei krone pr. innbyggar 07.09.2005

    Bremanger kommune gjev ei krone pr. innbyggjar til TV-aksjonen 2005. Summen vert runda av til 4000,- kroner, melder Fjordenes Tidende onsdag.

    Inga ny regulering i Svelgen sentrum 07.09.2005

    Ingen av politikarane i PLU ville opne for ei ny runde med endring av reguleringsplanen for Svelgen sentrum, skriv Fjordenes Tidende onsdag. Elkem vil som kjent ha parken til industri, og naboane protesterer.
    - Det er klart vi skal strekke oss langt for å gje Elkem det arealet dei har behov for, mem går vi for å gjere parkområdet om til industriområde må vi gjennom ei ny runde reguleringsplanen, sa Roar Førde (H) som ikkje var stemt for dette.

    - Vi har området i Breivika som er dobbelt så stort og etter slik eg har forstått leiinga ved Elkem som eit godt alternativ, sa ordførar Kåre Olav Svarstad. Meir i dagens Fjordenes Tidende.

    Fastlandssamband i 2008 07.09.2005

    Ordførar Kåre Olav Svarstad håpar på oppstart av andre byggjesteg på fastlandssambandet i 2008. - Dette er eit viktig prosjekt for einheil region, sa ordføraren då han orienterte politikarane i plan- og utviklingsutvalet sist tysdag.  Ein lang tunnel til Sørdalsvatnet kortar  vegen frå Rugsund til Svelgen frå frå 63 til 21 kilometer, skriv Fjordenes Tidende onsdag. - Sjølv om dette kostar litt meir, er det absolutt det beste alternativet, sa Svarstad.

    Ingen symjehall - no 07.09.2005

    Bremanger-politikarane likte planane om symjehall i Svelgen, men pengemangel gjer at prosjektet ikkje vert realisert dei neste tre-fire åra, skriv Fjordenes Tidende onsdag.
    - Her må vi vere edruelege. Vi må gjere prioriteringar, kva skal komme først, symjehall eller krøllgras, sa Einar Kjerpeseth (Sp).
    - Dette vil koste mykje pengar for kommunen. Vi har mange store prosjekt som allereie er skubba ut i tid, derfor ser eg dette som lite mogeleg å realisere dei neste åra. Vi må komme attende til dette i samband med handsaminga av investeringsplanen, sa Espen Gulliksen (Ap).
    Det var dei andre i PLU samde i, skriv avisa.

    Fleirbrukshall manglar fullfinans 07.09.2005

    Bremanger har vedteke økonomireglement der det står at ingen prosjekt skal startast opp før dei er fullfinansierte. Roar Førde (H) spurte om fleirbrukshallen var fullfinansiert under PLU sist tysdag. Rådmann Tor-Kristian Gulhaugen opplyste  i følgje Fjordenes Tidende at det manglar mellom 1.2 og 1.6 millionar kroner. Kommunestyret må no løyve ekstra midlar til hallen.

    Fylkesordførar Nils R. Sandal:

    - Veldig spennande Elkem-satsing 06.09.2005

     

    Fylkesordførar Nils R. Sandal syns planane i Svelgen er veldig spennande, og vil presse på oppover for at silisiumfabrikken kjem hit.

     

    - Vi fekk ei svært interessant informasjonsrunde om sjansane for ny næring i Svelgen. Framover blir det viktig å vise til den kompetansen som fins ved Elkem Bremanger. Det er deira største pluss, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til Fjordenes Tidende i dag, onsdag.

    Han meiner også Svelgen har fordel ved at dei har fleire tenlege areal og at plassen ligg strategisk plassert med tanke på transport på sjø.

    - Eg likar også den offensive haldninga til verksleiinga ved Elkem Bremanger. Vi hadde eit veldig konstruktivt møte, og dette er viktig å følgje opp raskt, seier Sandal som allereie har kalla inn til møte med mellom andre Innovasjon Norge, Siva, Aetat og andre relevante instansar på regionalt nivå. Meir i dagens Fjordenes Tidende.

     


    Svelgen stadion laurdag 10/9 06.09.2005

    Laurdag kl. 15.00 er Kaupanger 2 motstandar for STIF sitt herrelag i 5. divisjon. Med siger i denne kampen vil STIF komme på like mange poeng som Kaupanger 2 og Vik, som ligg på 3. og 4. plass på tabellen. STIF har vunne 5 av dei 6 siste kampane, og forhåpentlegvis kan STIF fullføre sesongen med stil sjølv om hjortejakta tek til til helga.

     

    På biletet nedanfor ser ein tre av dei yngste spelarar til STIF denne sesongen, f.v. Tor Inge Øvrebotten, Karl Anders Mundal og Frederic Talle.


    Meir om overløpet i Svelgsvassdraget 06.09.2005

    Som Svelgen.no tidlegare har meldt er det for tida overløp på tre vatn i Svelgsvassdraget, dette kan du lese meir om i Firdaposten.

    Minus for Mundal 06.09.2005

    Entreprenørverksemda Brødrene Mundal i Svelgen måtte i fjor bokføre eit mindre driftsunderskot på 116 000 kr av ei omsetning på 13,5 mill. kr. Omsetninga har sidan 2002 gått ned med seks mill. kr, melder Firdaposten.no

    Lokal måling:

    Ap tilbake 6 prosentpoeng 06.09.2005

    Leiaren for meiningsmålinga ser ikkje bort frå at Reidar Sandal (Ap) sine uttaler om Hydro kan ha påverka resultatet. Intervjua er gjort 31. august, midt i medieoppstusset etter at Sandal gjekk ut og sa at Hydro sine nedleggingplaner i Årdal og Høyanger burde frå følgjer for tildeling av leitekonsesjonar etter olje og gass på norsk sokkel.



    Les Firdaposten sin journalist Harald J. Stavang si analyse av meiningsmålinga og framtidig Stortings-representasjon frå Sogn og Fjordane
    her. 


    67,3 mm nedbør målt mandag morgon 05.09.2005

    Ikkje uventa vart det ny døgnrekord for året då Elkem Energi Bremanger AS mandag morgon målte nedbøren i Svelgen; 67,3 mm viste målinga. Dette er den høgste verdien som er målt på eit døgn sidan i desember 2004, då det fall 91,4 mm i eit av døgna..

    Det er framleis overløp på Hjelmevatn, Sørdalsvatn og Svelgsvatn.

    At det kan vere store skilnader på nedbørsmengde innanfor nærområder synte målingane i Botnane i Bremanger kommune i dag. Der målte dei i følge NRK S. og Fj. heile 130,9 mm i dag tidleg. Les meir om det her. Dette er over døgnrekorden for Svelgen, som stammar frå september 1966, då det fall 130,5 mm.

    Krev svar frå statsråden 05.09.2005

    Stortings- representant Tor-Arne Strøm (A) vil ha klart svar fra olje- og energiminister Thorhild Widvey om hun fortsatt ikke vil opprette et industrikraftregime, etter medias oppslag om vanskane til Elkem og andre kraftintensive verk.

    Elkem i vansker fleire stadar 05.09.2005

    – Situasjonen er ekstremt dramatisk. Vi risikerer både produksjonskutt og permitteringer i løpet av kort tid. Høsten og vinteren kommer til å bli skjebnesvanger for oss, sier Kai Isaksen, hovedtillitsvalgt ved Elkem Fiskaa Silicon.

    Verksdirektør Odd Olsen sier at det brenner under bena for alle innen kraftkrevende industri. Han sier det kommer til å gå galt dersom de ikke får andre rammebetingelser, melder Ringblad.


    STIF

    Aerobic 05.09.2005

                   

                 STIF startar med aerobic onsdag 
                 07. september kl.19.30.
     

    Svelgen kino kan bli kommunal 05.09.2005

     

    Svelgen kino kan verte kommunal etter nyttår, melder Fjordenes Tidende i dag. Det er Svelgen Samfunnshus som driv kinoen og årsmøtet har sagt klart i frå at  forsamlingshuset ikkje skal  subsidiere kinodrifta lenger.

     - Kinoen har gått med underskot i fleire år. Frå i år er det innført "kulturmoms" på sju prosent som betyr eit tap for kinoen på rundt fem kroner for kvar selde billett.  Svelgen kino valde å halde på fast billettpris på femti kroner og har dermed inkludert momskostnaden i eksisterande pris.  Filmleiga som kinoen betaler har også fått eit momspålegg på 25 prosent og dette er i tung kostnadsauke når avgifta ikkje kan motreknast sidan Svelgen kino er privat driven, opplyser kinosjef Janne Tytingvåg.

    Førstkommande onsdag skal styret møte kultursjef Gunhild Berge Stang for å drøfte kva som kan gjerast vidare.

    - Eg har ikkje lyst til å gå inn på kva alternativa kan vere, men vi håpar å få til eit samarbeid med kommunen, seier styreleiar Marianne Herje.

     Ho meiner det er på tide å tenke nytt med tanke på kinodrifta.

    - Vi har slett ikkje lyst å legge ned kinoen, sånn at det er sagt. Men kanskje vi kan gjere ting annleis, skifte dag frå søndag til laurdag eller fredag, når ungdomane er heime, seier ho.

     - Viss ein såpass stor plass som Svelgen ikkje har kino, manglar det noko vesentleg. Dersom  kinoen blir kommunal får vi refundert momsutgiftene, som utgjer ein vesentleg del av kinoen sitt underskot. Ein modell kan vere at vi får til ei driftsavtale,  seier Berge Stang.

     - Vi må prøve å få til ein modell som gagnar alle. Vi kjem nok til å bruke hausten på dette, men håpar å ha tilbodet oppe å gå til nyttår igjen. Då lagar vi til ein skikkeleg kinofest, seier kultursjef Gunhild Berge Stang optimistisk.

     

     


    - Kystproblema må i fokus 05.09.2005

     - Alle piler peikar oppover! Det blomstrar! utbasunerte Mathias Råheim (H) under paneldebatten på Hauge. Ordførar Kåre Olav Svarstad teikna eit heilt anna bilde av sin kvardag.

     - Alle kurver peikar nedover for Bremanger kommune. Gjennomsnittstal for fylket generelt kan ikkje vidareførast til kystkommunane utan vidare. I 1970 hadde Bremanger 5703 innbyggarar, i dag bur her 4014. Det er ein nedgang på 1790 innbyggarar, eller 50 færre personar kvart einaste år. Det døyr fleire enn det blir fødde. Gjennomsnittsalderen blir stadig høgare, og det blir færre igjen til å fø ungar, sa Svarstad. Han ville også vite kva politikarane ville gjere med breibandutbygging, fastlandssamband, industrien, Nordfjord sjukehus og skipstunnelen. Og svara vart etterkvart både mange og lange.

     Heidi Grande Røys (SV) skrytte av Bremanger kommune, som trass dårleg kommuneøkonomi, har satsa på kultur og næring. Ho er sterkt oppteken av politisk styring av naturressursane.

    - Vi må ta eit verdival. Vi kan ikkje få utvikling med privatisering og sal av krafta vår. Vi må tørre, ha evne og vilje til å styre dette. På dette punktet kan ikkje markanden få rå slik Høgre ynskjer, fastslo ho.

     -  Problemet for kystnæringar er at det manglar risikokapital til forsking og utvikling. Ap vil difor etablere eit eige statleg investeringsfond, sa Reidar Sandal (Ap).

    Alle partia støtta opp om ferdigstilling av fastlandssambandet.

    - Det må vere sjølvsagt for alle at eit halvferdig prosjekt som fastlandssambandet må få første prioritet, sa Gunvald Ludvigsen (V).

    Ordførar Jan Helgøy (KrF) frå Vanylven hadde også funne vegen til Bremanger og sat som tilhøyrar i salen. Han ivra sterkt for fastlandssambandet og formidla dette til alle tilhøyrarane og politikarane. Helgøy ville understreke nok ein gong at sambandet vil skape ei heilt ny ferdselsåre mellom nord og sør og at ingen må tru at dette er ein lokal veg berre for Bremanger sine innbyggarar.

    Erling Sande (Sp) meinte hovudmålet var å gjere distrikta så attraktive at han og andre unge finn vegen heimatt etter endt utdanning.

    - Vi må ta heile landet i bruk, sa Sande. Han vil jobbe for lønsamt jordbruk, nettolønsordning for fiskarar, gratis ferjer, såkornsfond, offentleg bribandsutbygging og kommunale næringsfond.

     Mathias Råheim  (H) fortalde om blomastrande næringsliv og at alle piler peikar oppover.

    - Det blomstrar og gror.  Arbeidsløysa er på veg ned og talet på nyetableringar går oppover, fortalde han og meinte det var ingen grunn til kursendring.

     Dette ville ikkje leiaren i Svelgen Kjemisk Arbeiderforening, (SKAF), Bjørnar Førde, vere med på. Han kunne fortelje om alvorlege vanskar for den kraftkrevjande industrien, og at  politikarane har lita tid til å gje industrien konkurransevilkår å leve med.

    Åge Starheim (FrP) var heller ikkje fullt så optimistisk som Råheim.

    - Statistikkane for kysten er inga lystig lesnad, sa Starheim og meinte billegare drivstoff er det beste verkemiddelen for næring og busetnad i utkantane. Les meir i dagens Fjordenes Tidende.

     


    Erna vil ha silisiumfabrikk til Svelgen 05.09.2005

    Partileiar og kommunalminister Erna Solberg (H) meiner Svelgen bør ha svært gode sjansar for å få den nye silisiumfabrikken til Elkem. Ho meiner Svelgen samfunnet er meir sårbart og har gode argument i høve til Kristiansand.
    - Eit poeng er at Innovasjon Norge sine verkemiddel kanskje kan nyttast i Bremanger, seier ho til Firdaposten og legg til at ho gjerne ser nærare på saka dersom ho får spørsmål frå lokale politikarar eller verksleiinga i Svelgen. 

    Har nyleg debutert som hovuddommar i 3. divisjon

    Stian Holm klatrar på divisjonsstigen 04.09.2005

    Dommartalentet Stian Holm frå STIF får stadig nye utfordringar. I fjor fekk han dømme 5. divisjon, og i år har han dømt mest i 4. divisjon. Den 20. august debuterte han som hovuddommar i 3. divisjon i kampen mellom Høyang og Skavøypoll. Dette var i samband med at leiar i dommarkomitèen i Hordaland Fotballkrets, Arnor Dingen, skulle sjå Holm i aksjon. Når Dingen tar turen til Sogn og Fjordane er det for å sjå på talent utanom det vanlege. Tilbakemeldingane frå Dingen var så gode at Holm fredag 2/9 fekk dømme ein ny kamp i 3. divisjon, denne gong Høyang- Kaupanger. Holm har også vore assistendommar i 2. divisjon denne sesongen.

    Biletet t.v. vart teke på Norway Cup i 2004. Som Svelgen.no har skrive før har Holm dømd finalekampar dei siste 3 åra på Norway Cup.

    Biletet nedanfor er henta frå Høyang sine heimesider, og er frå Holm sin debutkamp i 3. divisjon.

    STIF sin mest rutinerte fotballdommar i divisjonssystemet, Øyvind Grindheim, har hatt ei travel veke, då han har dømt 6 kampar på 5 dagar.


    Damelaget knuste topplaget 04.09.2005

    STIF sitt damelag vann søndag 6-3 heime mot topplaget Dale, etter å ha leia 3-1 ved pause. I følge trenar Vibeke Kjerpeseth var det ein veldig god kamp, der samtlege svelgarar spelte godt og gav alt. Kjerpseth skraut ekstra av jentespelarane som har vore med på laget, dei har verkeleg jobba og stått på i dei siste kampane. Dette var og ein flott revansje frå forrige kamp mot Dale, då det vart tap 0-12 på bortebane.

    For STIF scora Benedicte Grindheim (biletet frå Norway Cup 2005), Lene Gjerde, Hilde Myklebust, og Sissel Dyrstad (3). Sistnemnde ligg no berre eit mål bak Carina Solvåg i kampen om å bli laget sin toppscorar. God dommar var Espen Sortevik, som mellom anna delte ut eit gult kort til Stine Sortevik.

    Tabellen

    Foto: Firdaposten

    Friidrett

    Bronsemedalje til Kim Leirvik i stav under UM 04.09.2005

    17 år gamle Kim Leirvik frå STIF hoppa 3,70 m i stavsprang under UM i Moss søndag, og sikra seg med det bronsemedaljen. Dette var Leirvik sin 2. bronsmedalje frå UM utandørs, då han også i fjor vart nr. 3. Tidlegare er det berre Kjell Idar Berle og Kurt Hessvik som har teke medalje for STIF i UM/NM for ungdom. 3,70 m i stavsprang for ein 17-årig gut gjev 892 poeng på Tyrvingtabellen. Leirvik har tidlegare i år hoppa 3,81 m. Dei to som vann dei edlaste medaljane hoppa begge 3,90 m.

    Tor Inge Øvrebotten frå STIF følgde opp med 5. plass i same øving i same årsklasse, etter eit hopp på 2,85.

    Les meir om UM  her.

    NM i førstehjelp

    Svelgen RKH enda på ein flott 10. plass i NM 03.09.2005

    Svelgen Røde Kors Hjelpekorps avanserte frå ein 13. plass etter nattorienteringa natt til laurdag, til ein svært god 10. plass, etter å ha gjennomført ei svært god ringløype på dagtid laurdag. Det var ein glad og nøgd lagleiar, Leo HH Cirotzki, som på banketten på laurdagskvelden fekk vite den endelege NM-plasseringa.

    Svelgen RKH låg som nemnt på 13. plass av dei 19 laga etter nattorienteringa natt til laurdag. Dette var eit reint o-løp der ein fekk poeng for fart i løypa og funn av flest postar.

    På dagtid laurdag var NM-deltakarane igjennom ei ringløype med 20 postar. 10 av desse postane var førstehjelps-postar der ein møtte forskjellige situasjonar som ein måtte handtere. Denne siste delen var rekna for å vere svelgarane sin sterkaste del i NM, og dei avanserte altså 3 plassar på denne delen.

    På biletet ovanfor ser ein Svelgen sitt lag som vann DM i Sogndal i vår, og kvalifiserte seg for NM, bak f.v.: Trond Kvellestad, Asbjørn Sande og Arne Rebni. Framme f.v. Sissel Myklebust, Leo HH Cirotzki (lagleiar) og Marit Myklebust. I NM erstatta Alf Håøy (biletet t.v.) Rebni, då sistnemnde var skada.

    Meir om NM finn du på arrangøren si heimeside:
    http://www.nm-hjelpekorps.no/


    No også med dei andre resultata frå laurdagen

    Bjørkedal persa og kom på ein flott 4. plass i UM 03.09.2005

    15 år gamle Jørgen Bjørkedal (arkivbiletet frå 2005) frå STIF hoppa heile 1,73 m i høgde under UM/NM for ungdom i Moss i dag, og klarte med det ein strålande 4. plass. Bjørkedal gjekk over 1,65 og 1,70 m i første forsøk, og måtte ha 3 forsøk på 1,73 m, før han klarte sin nye personlige rekord. Bjørkedal prøvde seg også på 1,76 m, men det gjekk ikkje. 1,73 m i høgde for ein 15-årig gut gjev gode 951 poeng på Tyrvingtabellen. Resultatlista for høgde gutar 15 år kan du sjå her.

    I høgde for gutar 17 år vart Tor Inge Øvrebotten nr. 7 med 1,65 m. Øvrebotten har pers på 1,70 m.

    I lengde for gutar 15 år vart Jørgen Bjørkedal nr. 11. med 5,19 m. Bjørkedal sin pers er 5,51.

    I diskos kasta Tor Inge Øvrebotten 33,22 m, og vart nr. 12 med 33,22 m. Øvrebotten sin pers er på 36,00 m.

    17-åringen Kim Leirvik var påmeldt til tresteg fredag, og 200 m laurdag, men er ikkje å finne i resultatlistene.

    Frykter oppsplitta Elkem under Orkla 02.09.2005

    Ledelsen i Elkem og ledelsen i Orkla er i krig, og Elkems finansdirektør Richard Aa har sagt opp sin stilling i protest. Aa skal ha sagt opp i protest mot at Orkla skal beholde Elkem under sin paraply. Flere i Elkems toppledelse vurderer å gjøre det samme, skriver Dagens Næringsliv. Anbefalinger fra konsulentselskapet McKinsey er å beholde Elkem i minst to-tre år fremover, og gjennomføre en full samkjøring med Borregaard. Men de ansatte er ikke fornøyde med at Elkem er på vei til å bli et rent datterselskap under Orkla. For Elkems menn, som har arbeidet hardt for en utskillelse av Elkem fra merkevarekonsernet, var dette det verste utfallet. - Elkem vil dø sakte dersom Orkla skal beholde Elkem i to-tre år. Vi frykter at Elkem under Orkla vil bli splittet opp, og at biter og deler vil bli solgt ut etter hvert, sier en av dem som vurderer å si opp sin stilling i Elkem, til avisen.

    Elkems mangeåringe sjef Ole Enger har heller aldri lagt skjul på at han mener konstituert konsernsjef Dag Opedal mangler kompetanse om tungindustri, skriver Nettavisen.no.


    Gjerde håpar på ny fabrikk 02.09.2005

    Hotelleigar Geir Gjerde er svært spent på om Elkem kjem til å etablere ein ny silisium-fabrikk i bygda. Gjerde meiner ein slik fabrikk vil få mykje større betydning for bygda enn folk trur, skriv Firdaposten.

    Fredag kl. 1800 på kinoen på Hauge

    Paneldebatt med Bremanger-fokus 01.09.2005

     Fredag ettermiddag kan du få selskap av listetoppane til dei politiske partia, dersom du møter opp i kinosalen i Heimen på Hauge, melder Fjordenes Tidende onsdag.
     Desse skal delta: Reidar Sandal (Ap), Erling Sande (Sp) Åge Starheim (FrP), Mathias Råheim (H), Per Steinar Osmundsnes ( KrF), Gunvald Ludvigsen (V) og Heidi Grande Røys (SV).

    Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) skal sjølv vere konferansier og fortel at han kjem til å ta opp mange saker som er aktuelle serskilt for Bremanger og håper folk stiller frå alle delar av kommunen.

    - Politikarane skal få svare på sitt syn på fastlandssambandet og framdrifta her. Vi skal også ta opp industrietablering og trongen for meir kraft. Her vil eg mellom anna poengtere verneforslaget i området ved Ålfotbreen som vil bandlegge 200 GWh, og høyre kva dei ulike partia meiner om dette. Likeins må vi komme innom den dramatiske nedgangen i talet på arbeidsplassar i Svelgen og i den samanheng komme inn på industrikraft og kva dette vil ha å bety for Elkem sine konkurransevilkår. Vi vil også kome inn på at det ligg gass fem mil utanfor kommunen vår, og finne ut kva dei potensielle Stortingsrepresentantane meiner om ilandføring til vår kommune eller i fylket. Eg vil også ta opp fiske og havbruk og kva framtid landbruk og skogbruk har. Spørsmålet må bli om det er vits å halde på med dette i distrikta og kva rammevilkår politikarane er villege til å gi desse næringane. Dette med breiband til distrikta er også viktig og eg vil stille spørsmål om det skal vere opp til kommunane å syte for framgangen i dette arbeidet. I tillegg vil sjølvsagt spørsmålet om kommuneøkonomi komme opp. Så her blir det nok eit kvart som vil interessere dei fleste, seier Kåre Olav Svarstad som håpar på full kinosal.

    SVELGEN:
    Laurdag inviterer Bremanger Arbeiderparti på gratis kaker og kaffi på Svelgen Hotell frå kl. 1100 til kl. 1400. Det blir også fleire stands utanfor Kopen denne dagen. 

     


    Helsing til Gina Elise og Stian fra Tonga: 01.09.2005

    Naar vi no er utan satelittlf,og ikkje faar ringt naar vi vil er det kjekt
    aa kunne
    benytte seg av Svelgen.no sida:)

    Saa her kjem ei STOOOR bursdagshelsing fraa Tonga til
    Gina Elise Blom som blir 9 aar den  6 sept.
    og til Stian med dei 20 den 25 sept.
    Haapar de faar to fine feiringar!

    Klem fraa tante Anne Grethe og onkel Ronnie



    20 grader 1. september 01.09.2005

    I dag skriv vi 1. september. Som de ser nedunder har vi hatt ein temmeleg våt august, men denne nye månaden teiknar godt. Halv åtte i dag tidleg, før sola kom opp bak fjella, var det over 20 grader!

    Arkivoversikt
    2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov