Arkiv Feb 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Søndag 29. februar kl. 1800

Love Actually på Svelgen kino 27.02.2004

Alle sier at vi lever i en verden full av hat og grådighet - men jeg ser det ikke sånn. For meg ser det ut som Kjærligheten er overalt.

Kjærligheten skaper latter, knuser hjerter, og tvinger frem forpliktelser og valg. Den løfter sinnet samtidig som den bringer med seg risiko. Den kan være ekstatisk, eksepsjonell, uventet, uvelkommen, ubeleilig, uforklarlig, uelegant, uforlignelig. Kjærligheten er faktisk overalt.

Aldersgrense 11 år

Speletid: 2 ti 10 min


Førstkommande sundag 29. februar:

Skikarusellen 2004 26.02.2004

Til helga ser forholda svært bra ut til å gjennomføre Skikarusellen.

Det er Ålfoten IL og Svelgen TIL som arrangerer Skikarusellen.

I 2002 var Skikarusellen en stor suksess med ca 50 ungar som var med på eit eller fleire renn. I tilleg låg snøen lenge nok til at ein fekk arrangert eit "prøverenn" i skiskyting like etter påske.

Arrangørane skriv i meldinga si:

Vi vil ønske alle hjertelig velkommen til skimoro ved Karlskarstova/Langesi. Skikarusellen er åpen for alle og med fastlandsamband på plass håper vi på deltakere også fra ytre delen av kommunen.

LANGESI - KARLSKARSTOVA

29. februar og 7. mars (skisportens dag) (21.mars reservedato for 2. til 4.)

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.30.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior. Skimerkeprøve om nokon ynskjer det. Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 4 renn. Diplom til alle i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-. Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening


Motorsportbane ved Amsterdam 24.02.2004

Kommunestyret vedtok i dag reguleringsplan for motorsportbane ved Amsterdam i Svelgsdalen. Målet er å få til ei fullverdig bane med banetrasear, bygningar og tribune. Kommunen stiller seg positiv til planane som vi gje eit heilt nytt tilbod til innbyggarane i kommunen. Området er 85 dekar stort og ligg vest for RV 614.

Nytt styre i Bremanger Ap 24.02.2004

Bremanger Arbeiderparti avvikla årsmøte fredag 13. februar. Dei valde slikt nytt styre:

Leiar: Anette Forthun

Nestleiar: Nina Grotle

Sekretær: Aud Marit Sortevik

Kasserar: Arnt Willy Hjertø

Styremedlemmer: Espen Gulliksen og Øystein Kolseth.


Fire søkjarar til Bremanger VeKsT 24.02.2004

Det er fire søkjarar til stillinga som ny dagleg leiar i Bremanger VeKsT, opplyser styreformann Einar Kjerpeseth til Svelgen.no. Han fortel at det er velkvalifiserte søkarar, men vil førebels ikkje gå ut med namn. Søknadsfristen gjekk ut i går, og Kjerpeseth vil sjekke posten onsdag før vi får lista.

Skulemusikken jubilerer:

Musikalsk innslag til 40 års jubileum 24.02.2004

Svelgen Skulemusikk feirer 40 år i år, og det skal feirast med stor folkefest den 8. mai på Svelgen Samfunnshus. I komiteen for festen sit Astri Berle, Inger Rise Hallset, John Fløtre, Per Helge Eikeland og Torgeir Eidsvik. Vi har fått følgande melding frå dei:

Vi er godt i gang med planlegginga av dagen og håpar at markeringa vil ha interesse for mange og at gamle musikantar finn vegen til Svelgen denne dagen. Vi satsar på ei verdig markering og vil difor gjerne at tidlegare musikantar som framleis er aktive og har instrument vert med på eit musikalsk innslag. Dei som har lyst og høve tilå vere med på noko slikt kan ta kontakt med Tom Sølve Myklebust på epost tomsm@c2i.net. Gje opp instrument og stemme.


Bridge :

Klubbmeisterskapet nærmar seg slutten 24.02.2004

Når to runder gjenstår av klubbmeisterskapet i år, er det fortsatt ei forholdsvis klar leiing til Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen. Dette trass i at Arne og Leif Arild Lothe tok sin fjerde seier på siste spelekvelden. Med dette innehar dei ein nesten like klar andreplass i samandraget. Meir på bridgesida.

Frå årsmøtet i Bremanger Sp:

- Nei til områderektor 23.02.2004

Bremanger Senterparti meiner ordninga med områderektor ikkje er ei framtidig løysing i Bremanger kommune.

- Kvar skulekrins må samle seg om meir felles bruk av skulen sin, bygge opp ein positiv identitet om bygda si. Administrasjonen i kommunen og politikarar,må støtte ein utvida politikk med sambruk skule/barnehage/ samlingshus for ein positiv byggande identitet i bygdeutviklinga. Med dette må frivillige lag og organisasjoner innan kultur, sport og fritid få eit godt rom, meiner årsmøtet til Bremanger Senterparti.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker og områderektor-saka diskuterte partiet desse sakene: Politikarstyring i kommunen, evaluering av omorganiseringa og studiering "Livet leves lokalt."

Etter valet er styret samansett slik:

Rune Indrehus (leiar attval), Olav Jarl Frøyen (nestleiar), Eldrid Strømmen (kasserar attval), Einar Kjerpeseth (formannskapet), Gerda Frøyen (sekretær Senterkvinnene), Marius Strømmen Senterungdomen.

Utsendingar til fylkesårsmøte: Einar Kjerpeseth fylkesstyret, Erling Sande fylkestinget, Rune Indrehus lokallagsleiar, Gerda Frøyen formannskapet. Årsmøtevalde utsendingar: Sølvi Joensen, Kjell Leirgulen.


Bremanger Quarry:

Trua med stenging 23.02.2004

Bremanger Quarry kan bli stengd og meld til politiet for brot på arbeidsmiljølova. Arbeidstilsynet har i lengre tid påpeika alvorlege manglar hjå sandsteinprodusenten nord for Svelgen, utan at manglane har vorte utbetra, melder NRK.no

Uhell i dalen:

Rutebuss køyrde av vegen 23.02.2004

Ein bussjåfør og ei handfull passasjerar kom frå det utan skader då rutebussen for utfor vegen på riksveg 614 mellom Svelgen og Langesi i åtte-tida måndag morgon.

Lensmann Hans Rune Strandos fortel til NRK at utforkøyringa kunne ha gått mykje verre. - Det er svært glatt føre på vegane i området, opplyser lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos.

Passasjerane vart frakta med drosje ned til Svelgen. Vegen var stengd i ein kort periode då bussen vart teken opp av grøfta.


Var på søk på Rocknes

Claus trenar redningshundar 23.02.2004

Claus Røynesdal, som var kultursjef i Bremanger kommune fram til i fjor sommar, arbeider no som kommunalsjef i Aurland. All ledig fritid gå r med til å trene redningshundar, og nyleg deltok han i ettersøkinga etter «Rocknes»-forliset, skriv Firdaposten.no

Les meir

Gode Svelgen-jenter! 23.02.2004

Tambarskjelvar sitt jentelag i volleyball vant RM i Inderøy i helga.

Med på Førde-laget er Svelgen-jentene Kristina Mundal, Sylvi-Mari Fløtre, Herborg Eikeland og Eli Karoline Kvendseth.

Les heile resultatet på linken under bildet.

Resultat


Vasstilvenning/Symjeopplæring 23.02.2004

STIF har fått fleire innspel på at tilbodet i bassenget i regi av STIF manglar den grunnleggjande delen. Vi ynskjer å gjere noko med dette.

Svelgen turn og idrettsforening inviterer til møte om vasstilvenning og grunnleggjande symjeopplæring. Grunnen til dette er at Svømmegruppa ikkje har kapasitet til å drive denne delen av bassengaktiviteten. Dette kan gjelde for born som endå treng flytehjelp, funksjonshemma og dei som ikkje kan symje i det heile.

På møtet vil vi ta for oss følgjande:

* Informasjon/bakgrunn

* Er det behov for vasstilvenning?

* Kven skal dette gjelde for?

* Korleis organiserer vi dette?

* Kven gjer kva?

Dato: 26.02.04

Tid: 18.00 ? 19.30

Stad: Svelgen Idrettshus, møterommet.

Vel møtt!

Mvh Leo Cirotzki

Sportselg leiar, STIF


Mange nye vitsar 22.02.2004

Ein trufast lesar har sendt oss mange nye vitsar. Har du kanskje nokre du vil dele med oss andre? Trykk på Vitse-linken!

Meir skryt til STIF-boka 22.02.2004

Mange er imponert over STIF-boka, og dei som bur vekke syns ikkje minst det er kjekt lesestoff. På Fritt Ord-sida er det kome inn følgande melding:

Eg vaks opp i Svelgen i 1950- og 60-åra. Fekk tak i STIF-boka til jul. Skal seie eg blei imponert. Her var det mykje å mimre over frå min barndom og ungdom. Det er utruleg alt forfattaren av boka har fått med.

Les heile innlegget på linken ved sidan av.


Looney Tunes utsatt til 7. mars 20.02.2004

Filmen Looney Tunes, som skulle gå på Svelgen Kino i helga er utsatt til 7. mars. Neste film vert Love Actually den 22. februar.

I Svelgen mandag 23. februar:

Foredrag om helseforebyggande tiltak 19.02.2004

Mandag 23. februar kjem overlege og kreftspesialist, Geirfinn Vagstad, til Svelgen for å halde foredrag om forebyggande helse og det som har med kosthald å gjere. Her blir det tatt opp ulike spørsmål som:

Kva ligg i begrepet forebyggande helse?
Kva er eit godt kosthald?
Er eit godt kosthald tilstrekkeleg?
Er dette noko som berører meg, og som eg bør tenke på?
Kva kan eller bør eg gjere i denne samanheng?

Desse spørsmåla og kvifor dette er så viktig å vere oppmerksom på i dag, vil Geirfinn Vagstad informere grundig om:

Mandag 23. februar kl. 19.00 på Svelgen Hotell (fri inngang)

Kom og høyr eit tankevekkande foredrag!

Helsekonsult ANS


Kavringen tilbake i Svelgen! 18.02.2004

Vi har fått følgande melding på Fritt Ord sida:

GLADMELDING: No kan ein få kjøpe den gode "Rolf-kavringen i Svelgen igjen. Under eit kort besøk "heime i Svelgen" oppdaga eg til mi store glede at bakeriet på nytt var teke i bruk, og at det mellom anna vert baka kavring. Det frettest at Rolfen har vore inne og lært dei kunsten å lage dette produktet som har vore særmerkt for Svelgen. Til dykk som har teke initiativet til gjenopninga: Måtte de halde ut leeenge. Takk for god kaffi og gode vafler. Alv Ry.


Bridge :

Uendra i teten 17.02.2004

Den sjuande spelekvelden i klubbmeisterskapet vart vunne klart av Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen. Dermed trygga dei leiinga si i samandraget som dei har hatt sidan første runda. Resultat finn du på bridgesida.

Ørjan Forthun blir Vågsøy-rådmann 13.02.2004

Ørjan Raknes Forthun er tilsett som ny rådmann i Vågsøy.

Han har tidlegare mellom anna vore økonomisjef ved Elkem Bremanger, og har utdanning frå Norges Handelshøyskole, melder NRK Sogn og Fjordane.


Svelgarar tok medaljar i Bergen 12.02.2004

Seks Svelgen-symjarar deltok førre helg i Bergen Svømme Clubs All Maritim Vår Cup 2004. Både Joachim Raknes Forthun og Torstein Ask (begge 1991) kom på pallen, melder Firdaposten.no. Bildet er frå tidlagere medaljesanking.

Les meir

Bremanger kommune.

Fortsetter samarbeid med Vestkysten 11.02.2004

Bremanger kommune har skrive ein ny 3-årig avtale med Vestkysten Reiseliv AS. Det er ikkje skrive tilsvarande med Reisemål Stryn/Nordfjord, melder Firdaposten.no.

Les meir

Søndag 15. februar kl. 1800

Hekta på deg 11.02.2004

Førstkommande sundag viser Svelgen Kino filmen Stuck on You - eller Hekta på deg som er den norske tittelen. Litt om filmen:

Farrelly-brødrenes nye komedie Hekta på deg går sannsynligvis forgjengere som Alle elsker Mary, Dum og dummere og Shallow Hal en høy gang hva absurditeter angår. Denne gangen møter vi Matt Damon og Greg Kinnear som et siamesisk tvillingpar, Bob og Walt. De to er selvsagt uadskillelige, det vil si, inntil Walt bestemmer seg for å følge sin store drøm om å dra til Hollywood og bli stjerneskuespiller. Da må han overtale sin mer enn motvillige andre halvpart til å bli med

Det blir ellevill komedie når de notoriske Farrelly-brødrene regisserer Matt Damon og Greg Kinnear i rollene som de siamesiske tvillingene Bob og Walt Tenor, som bokstavelig talt aldri forlater hverandres side. Deres unike bånd fører til vanvittige episoder når Walt bestemmer seg for å følge sin drøm om å bli skuespiller og overtaler sin motvillige bror til å være med på moroa.

Bob og Walt Tenor er småbylegender som er overlegne sportsutøvere og de stolte eiere av en fastfoodrestaurant der deres fire hender opererer grillen med lynets hastighet.

Aldersgrense 7 år

Speletid 1 t. 58. min


FERIEVIKAR I KOMMUNEN? 11.02.2004

Bremanger kommune har no lagt ut annonse for ledige stillingar som ferievikar sommaren 2004. Stillingane er innan omsorgstenestene og teknisk eining.

Svelgen bu- og servicesenter:

Mange ledige stillingar 11.02.2004

På Stilling Ledig sida vår er det no lagt ut mange ledige jobbar i Bremanger kommune. Stillingane er knytt til Svelgen bu- og servicesenter, og dei søkjer etter personell både med og utan fagutdanning. Trykk på linken over.

Stort bank-tap 11.02.2004

Sparebanken Sogn Fjordane tapte i fjor 99 millionar kroner. Storparten av tapa skriv seg frå engasjement banken overtok frå Sparebanken Flora-Bremanger og frå fiskerbransjen i Vågsøy.

Les Meir

Jente etterlyser kjende 10.02.2004

Ei jente (22) som flytta frå Svelgen til Måløy då ho var seks år gammal, søker kontakt med kjende frå Svelgen. Les meir på Ris&Ros sida vår.

Husk konsert 14. febuar:

Kafe på Samfunnshuset lørdag 10.02.2004

Svelgen Samfunnshus opnar kafe i vestibylen laurdag 14. februar klokka 15 - altså ein time før konserten med Florø Storband. Vi håpar mange kjem og støttar opp om arrangementet og gir seg sjølv ei musikalsk oppleving.

Av bandet sine 17 medlemmer er fire frå Svelgen: Tor Hjalte (bass), Janne Linn Myren (vokal), Trond Teigene (trommer) og Annika Myklebust (trompet).

Om kvelden på Valentin-dagen er det dans på Svelgen hotell med Bjarne Lunde.


Med Hjalte, Teigene, Myren og Myklebust:

Klart for konsert med Florø Storband 10.02.2004

HUSK KONSERTEN LØRDAG:

Det blir konsert med Florø Storband kl. 1600 på Svelgen Samfunnshus.

Florø Storband har fleire medlemmar frå Svelgen; Tor Hjalte, Trond Teigene, Annika Myklebust og Janne Linn Myren. Til saman tel bandet 19 musikarar og dei har spesialisert seg i Glenn Miller sjangeren. Set av denne ettermiddagen til ei musikalsk oppleving i storsalen på Samfunnshuset!

Billettpris: Vaksne 80,-

Barn/Pensjonistar 40,-

På bildet ser vi Janne Linn Myren i ein pep talk med dirigent Arne Sunnarvik.


Postbil i grøfta:

Forsinka post i dag 10.02.2004

Postutleveringa vert i dag forseinka i Sunnfjord. Årsaka er at postbilen frå Bergen har køyrt i grøfta i Vadheim.

Det er posten frå andre stader enn Sogn og Fjordane som vert ein dag forseinka. Lokalpost går ut som vanleg, opplyser Jon Lien, distribusjonssjef i Posten overfor NRK.no.


Glatt i dalen 09.02.2004

På vegen mellom Ålfoten og Svelgen fekk eit vogntog vanskar på det glatte føret i dag føremiddag. Hengaren sklei ut av vegbana, og på føremiddagen måndag var vegen berre open for mindre køyretøy, melder Firdaposten.

Innebandy i Svelgen 09.02.2004

Vi har fått følgande melding frå Stian Bøhmer:

Vi starter opp med trening for gutter og jenter i ungdoms- og videregående skole tirsdag 10. februar kl 1900 - 2000.

Svelgen turn- og idrettsforening har innebandykøller og baller, så alt du må ta med er idrettsglede og treningsiver.

Møt opp i Svelgen idrettshus!

Om du har spørsmål ringer du Stian Bøhmer på tlf 97015460.


Innlegg på Fritt Ord:

Bør Coopen ta inn blomar? 08.02.2004

I eit innlegg på Fritt Ord sida, tek Håvard Nesbø til orde for at Coopen bør slutte å ta inn blomar slik at Aina Alfredsen Førde sin nye butikk får betre vekstvilkår. Har du meiningar om dette?

Skikarusell avlyst 07.02.2004

Skikarusellen i Myklsbustdalen i morgon, søndag, er avlyst på grunn av snømangel. Neste renn vert 29. februar.

Årsmøte i Bremanger SV 06.02.2004

Det vert halde årsmøte i Bremanger SV på Svelgen Hotell måndag den 23. februar 2004 kl. 18:30

Sakliste:

Sak 1. Godkjenning av innkalling.

Sak 2. Godkjenning av sakliste.

Sak 3. Årsmelding.

Sak 4. Rekneskap.

Sak 5. Budsjett for 2004. (Diskuterast på møtet)

Sak 6. Val

Sak 7. Referatsaker/aktuelle saker

Det vert høve til innmelding i lokallaget på møtet. Nye medlemmer kr. 100.-

VEL MØTT!

Nils-Jørgen Sagebø

- Styreleiar interimstyret -


Gunhild Stang (30) frå Stongfjorden:

Ny kultursjef tilsett 06.02.2004

Personalsjef Liv Marit Bøen opplyser til Svelgen.no at Gunhild Berge Stang er tilsett som ny kultursjef i Bremanger etter Claus Røynesdal. Stang er 30 år og kjem frå Stongfjorden.

- Eg ønskte meg denne jobben, og trur den blir både spennande og utfordrande, seier ho til Firdaposten og legg til at ho ynskjer å busette seg i kommunen.

Sjølv om ho har ei veke å bestemme seg på, er ho så godt som sikker på at ho kjem til å takke ja til stillinga som kultursjef i Bremanger, som har vore ledig i vel eit halvt år.

Les meir


Søndag 8. februar:

Ondskapen på Svelgen kino 06.02.2004

Søndag viser Svelgen Kino filmen Ondskapen. Den er nominiert til Oscar for beste utenlandske film. Ondskapen er basert på den svenske suksessforfatteren Jan Guillous selvbiografiske bestselger ved samme navn. Boken, som ble skrevet alt i 1981, er en moderne klassiker som er trykket i over 700.000 eksemplarer!

- Ondskapen er en fortelling med mange sterke karakterer og komplekse personligheter, sier filmens regissør Mikael Håfström. - Filmens temaer - vennskap, kjærlighet, frigjøring og vold - er like aktuelle og viktige i dag som da boken ble skrevet og den tiden handlingen er lagt til. Internatskolemiljøet er et fascinerende lukket miljø som stadig føles uutforsket på film.

16 år gamle Erik lever i ondskapens og voldens grep både i hjemmet og i skolegården. Når han blir utvist fra skolen på grunn av sin voldelige adferd blir han flyttet til internatskolen Stjärnsberg. Det er Eriks siste sjanse til å ta seg sammen og bryte med sitt gamle liv.

Men på Stjärnsberg kommer han fra asken til ilden. Her er ondskapen satt i system, forkledd under betegnelsen "kameratslig oppdragelse". Dette er en systematisk, og av skolen akseptert, undertrykkelse av de yngre elevene, utøvd av de eldre elevene.


INC-cup 6. mars! 05.02.2004

Det er no klart at det vert INC-Cup i idrettshuset laurdag den 6. mars med påfølgande bankett på Svelgen hotell. Som vi hugsar vart cupen ein stor suksess i fjor, og bedriftene vil få tilsendt invitasjon om deltaking ein av dei næraste dagane.

Øvingar:

- Fotball, 5 spelarar + reservar (som i fjor)

- Volleyball, 6 spelarar + reservar (som i fjor)

- Squash, individuelt (som i fjor)

- Miniatyrskyting, individuelt (som i fjor)

- Pilkast, individuelt (ny øving)

Bankett:

Det vert bankett på Svelgen Hotell om kvelden. Vi får der servert heilsteikt ytrefilet m/tilbehør, samt dessert. Det vert i år som i fjor, premieutdeling og anna moro på banketten.

Påmelding av lag og individuelle deltakarar gjerast til INC Vedlikehold Svelgen AS:

e-post: nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no, eller på telefon 577 96 784/907 50 970 (mobil) eller telefax 577 96 799

Påmelding til banketten gjerast til Svelgen Hotell på e-post svhotell@online.no eller telefon 577 93 301

Prisar og betaling:

Deltakaravgifta vert som i fjor, kr. 100,- pr. deltakar. Denne skal betalast til INC Vedlikehold Svelgen AS. Prisen for banketten vert óg som i fjor, kr. 250 pr. pers. Betaling for banketten må ordnast direkte med hotellet.

Her ser vi bilde frå banketten i fjor.


NM-sølv til Svelgen jenter! 05.02.2004

4 jenter ifrå Svelgen tok NM sølv i Skule NM i Volleyball i Førde sist helg!

Dei som spilte for Hafstad sitt jente lag var: Kristina Mundal, Sylvi-Mari Fløtre, Herborg Eikeland og Eli Karoline Kvendseth. Dei spiller til dagleg på Tambarskjelvar sitt volleyballag.

På bildet ser vi heile sølv-laget.


Minus i kommuneøkonomien:

Må kutte 10 - 15 årsverk 05.02.2004

For å dekke inn overforbruket av driftskostnadar siste åra, må politikarane i Bremanger setje i verk smertefulle tiltak for å komme i balanse.

- Eg kan i alle fall ikkje love at alle får behalde jobbane sine etter denne omorganiseringa, sa rådmann Tor Kristian Gulhaugen på møtet i plan- og utviklingsutvalet.

- Skal eg seie eit tal, trur eg vi må redusere talet på tilsette med mellom 10-15 årsverk, men vi har ein naturleg avgang som tilseier at dette blir relativt smertefritt, meinte gruppeleiaren i Høgre, Roar Førde (H)

Les meir


Mørkt frå 1. april 05.02.2004

Frå 1. april blir veglysa kutta i heile kommunen, kva tid lysa kjem på att til hausten, er det kommuneøkonomien som bestemmer.

Ordførar Kåre Olav Svarstad vedgjekk på møtet i plan- og utviklingsutvalet at 1.april var ein dårleg dato, men det er altså ingen aprilspøk. Dette melder Firdaposten.no i dag.

Les Meir


Bremanger Vekst:

Søkjer dagleg leiar 04.02.2004

Bremanger kommune har dei siste 6 åra hatt status som omstillingskommune, og prosjektperioden gjekk ut 31.12.03. Omstillingsarbeidet har vore vellykka, og Bremanger kommune har vedteke å vidareføre arbeidet i Bremanger VeKsT KF. Selskapet er kommunen sitt næringsapparat som skal arbeide for å sikre, utvikle og skape arbeidsplassar, kompetanse og trivsel i Bremanger.

Til å drive dette arbeidet søkjer dei etter ein dagleg leiar i 100% stilling. Dagleg leiar vil ha det økonomiske og administrative ansvaret for føretaket.

Sjå utlysingstekst under Ledig Stilling.


God dag Svelgen! 03.02.2004

Vi har fått følgande melding frå Orkester Blåkål:

Vi vil gjerne takke ein av vår ivrige fans angåande den hilsen vi fikk den 02.02.04. det varmar sterkt. Vi håper òg vi kjem vidare til landsmøstringa i trondheim. Har håpt på å få spille Highway Star med Deep Purple, men det kan hende vi må spille Scuttlin Buttin' (Stevie Ray Vaughan) på grunn av reglane. Men vi håper det går bra, vi får øve masse på Scutlle Buttin' no framover.

M.V.H Orkester Blåkål

Meir om Kulturmønstringa


Bridge :

3 på rad for Lothe 03.02.2004

Arne og Leif Arild Lothe vann for tredje gangen på rad i klubbmeisterskapet på mandag. Det er likevel Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen som held leiinga samanlagt. Samanlagtista og spelstensil for siste spelekvelden finn du på bridgesida.

Søker kokekyndig 03.02.2004

Finnes det ein kokekyndig person i Svelgen eller omegn?

Nokre tilreisande karer som har fått arbeid og husvære i Svelgen treng litt varm mat i ca 6 veker f.o.m. veke 17.

Nærare informasjon:

57792033/Sverre Magne Dyrstad


PÅMINNING:

Musikk-skule konsert 9. februar 02.02.2004

Musikkskulen skal ha konsert i storsalen på Svelgen Samfunnshus måndag 9. februar kl. 1730. Då får vi høyre kva elevane har lært i haust og vinter.

Inngangsbillett kr. 10,- pr. person.


Lensmann Strandos rysta:

- Nye høgder på kreativiteten 02.02.2004

Lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger er rysta over forslaget om å sløkkje veglysa frå 1. mars.

- Her satsar vi tid og ressursar på å auke trafikktryggleiken, og så kjem slike forslag på bordet, sukkar han opprørt overfor Firdaposten.

- Eg tykkjer no at kreativiteten har begynt å nå store høgder. Det er greitt at kommunen skal spare pengar, men kva sparer ein til ved å skru av veglysa? Vi i politiet har ein nullvisjon, ei trafikkulukke er ei for mykje. Det blir kvart år brukt mykje tid og pengar på å førebyggje trafikkulukker og auke trafikktryggleiken. Å mørklegge bygdene våre på denne måten kan ikkje vere trivselskommunen Bremanger verdig, seier Bremanger-lensmannen vidare til avisa.

Firdaposten


Bremanger Vekst

Skal tilsette ny dagleg leiar 02.02.2004

Bremanger Vekst har lagt ut følgande melding på nettsida si:

Som ein del sikkert har registrert, har Geir Gjørsvik og Tom Joensen takka nei til vidare engasjement i Bremanger VeKsT. Det nye styret er på plass og gjorde den 16.01.04 vedtak om å lyse ut stilling som dagleg leiar. Denne prosessen er no i gang. Inntil ny dagleg leiar er på plass vil Tom Joensen drifte Bremanger VeKsT sitt kontor på vanleg måte. Prosjekt som ikkje er avslutta, vil bli følgd opp av respektive prosjektleiarar.


Blåkål gikk vidare 02.02.2004

Vi har fått følgande melding frå ein entusiastisk svelgar som i helga har vore på Ungdommens Kulturmønstring på Davik:

Blåkål kom seg vidare til fylkes mønstringa i Førde! Supert!

Dei var på Davik å spelte den fantastiske sangen Scuttle Bluttin' av Stevie Ray Vaughan!

Fantastisk!

Ønsker Blåkål lykke til videre i Førde :=) (Ryktet seier at dei vil framføre noko med Deep Purple, kven veit....)


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov