Arkiv Jan 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  


Årsmøte i fotballgruppa STIF 14.01.2014

 

 

Det vert årsmøte i fotballgruppa onsdag den 5.februar kl. 17.30 på Svelgen oppvekstsenter.

 

Sakliste:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Årsmelding 2013

3. Rekneskap 2013

4. Budsjett 2014

5. Val

 

Styret i forballgruppa


Svelgen kino 28.01.2014

The Secret Life of Walter Mitty

           Søndag 2.februar kl.20:00

           0


Stemningsbilde frå Svelgen i kveld (Tor Mjåseth) 30.01.2014


Bremanger kommune

 

 

 

  Vi har følgjande ledige stillingar:

 

 

 

Famile og helse

Sak 14/106


Vi har ledig ei 100% fast stilling som arbeidsleiar i einetiltak psykisk helse frå snarast


Søknadsfrist 19.02.14

 


Ferievikar  2014

 

Pleie og omsorg

Sak 13/2719

 


Turistvert

Sak 14/165


Teknisk Driftseining

Sak 14/197

 


Søknadsfrist 01.03.14


Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening


Søkjarlista er offentleg , og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det. 

 

Sjå fullstendig utlysning under ledige stillingar eller på www.bremanger.kommune.no



Ny påskerevy på Davik 30.01.2014

Langfredag og Påskeafta brakar det på ny laust på forsamlingshuset “Davang”, i Davik. Då

inviterer dei

går beire Now” .

karane gjekk på scena var i påska 2012, då til utselt premiere og over 100 på venteliste. I år har

vi derfor sett opp 2 forestillingar, langfredag og påskeafta, seier primus motor Rune Sunde

“10 Aldrande Menn” til nyskreven revy “The går beire Now".

Revyen i år blir presantert med lokale sleivspark, sjølvironiske innslag og kraftige herrestemmer.

Vi nølar ikkje med å gje folk også i år lattergaranti, og i kjent stil vil vi leike oss gjennom to akter –

tettpakka med sang, verbale morsomheter og hysteriske skjetsar. Stemmene til karane vil ta deg

med tilbake til 80 og 90 talet, kor du vil få høyre slagarar frå norske og internasjonale artistar,

med full allsang stemning frå salen.

Billettsalget starta 6.januar og har godt veldig bra, dei 170 billettane til påskeafta, blei revne vekk

på svært kort tid. Vi er svært glade for den gode mottakinga revyen har fått, seier Sunde. No står

det att å fylle forestillinga på langfredag, der det er i underkant av 90 billettar ledig.

Etter at karane har gått av scena for kvelden, vil trubadur Torbjørn Gran, frå Sandane sikre den

rette pubstemninga vidare utover nattetimane. Sunde lovar at mange faser av livet til dei 10

aldrande mennene, vil bli sett på med et skrått blikk under forestillingane. Ynskjer du å sikre deg

billettar til langfredag, må du snarast gå inn på vår facebookside

å bestille billett, samt å halde deg oppdatert på siste nytt om påskerevyen på Davik, avsluttar

Rune Sunde

Arrangementet er et samarbeid mellom ”10 aldrende menn”, Davik utviklingslag og Davik

Idrettslag.


KomDegUtDagen med Barnas Turlag Indre og Ytre
 
Vi ynskjer dykk velkomne til KomDegUtDagen 2. februar. Oppmøte er på parkeringsplass ved hyttene på Langesi kl 12. Turen vil vare til ca kl 1500. I anledning KomDegUtDagen vært det som tidligere lagt opp til ei quiz løype for born og vaksne. Det blir trekt ut ein vinner blant dei vaksne som har alle svara riktig og 3 blant borna som har alle svara riktig. Desse får hovedpremier. Det vært ellers også delt ut deltakerpremier til alle born som blir med oss på denne dagen. Barnas Turlag spanderer pølse m/brød og saft til alle saman. Det er allikavel lurt å ta med litt ekstra niste og varmt drikke.
Snøen har begynt å komme, men det er dessverre ikkje mykje av den. Men dei som ikkje er redd for litt striper i skia må gjerne ta med seg ski. Akebrett/rompeakebrett må du også gjerne ta med. Ønskjer du å spikke så må du gjerne ta med deg kniv. Her er vi åpne for ulike aktiviteter.
Ynskjer du å melde barnet ditt inn i turistforeningen kontakt Inger Lise Langedal BT indre eller Kari Songedal BT ytre. Ein kan også gå inn på turistforeningen.no og vidare inn på bli medlem. For barnet koster det 110kr i året og alt går til Keipen Turlag.
 
Vi gler oss til turdag
 
Kari Songedal          mob.   901 29 570 (ytre)
Inger Lise Langedal mob.   470 635 43 (indre)
Deborah Ossenkamp mob. 950 30 347 (indre



Årsmøte Svelgen Opp og Fram 29.01.2014

Årsmøte i Svelgen Opp og Fram vert halde på Svelgen Hotel onsdag 12.februar kl.19.00-20.00.

          

Sakliste:

* Vanlege årsmøtesaker.

         

 

Dersom nokon har saker til årsmøtet, må desse meldast til Vibeke Kjerpeseth tlf. 90 58 00 55

innan onsdag 5.februar.

 

      

Vel møtt!

 


Elkem Bremanger, ferieavløysarar 2014 29.01.2014

Sjå full tekst under stilling ledig

Totalforbud mot open eld/bål i Bremanger kommune

 
Det er no totalforbud mot open eld/bål i heile kommunen grunna tørke. 



Møteinnkalling oppsummeringsmøte 17. mai komiteen 2013

        

         Dei som ynskjer møter

Torsdag 30.januar kl. 18:00

Sted : Kantina Elkem Bremanger

Leiar :

Espen Sortevik

Kasserer

Elin Endestad Gjerde

Sekretær

Vidar Haugland

Program , annonser

Pyntekomite

Kristin Myrold

Margunn Solheim

Siv Mundal

Svenn Os

Liv Haukenes

Sigbjørn Vadstein

Aud Marit Sortevik

Randi Vadstein

Børge Teigene

Henrik Frøyen

Beate Standal

Kjell Mundal

Barneleikar

Festkomite

Stig Gjerde

Vegard Olsø

Anne Karin Leirvik

Yngve Rønning

Karsten Leirvik

Inge Rogne

Merete Blom

Inger Valberg

Torstein Blom

Kjetil Løvold

Gjert Kåre Solheim

For 17.maikomiteen

Espen Sortevik


Pensjonistmøte. 27.01.2014

MEDLEMSMØTE PÅ KEIPENSTOVA onsdag 29.01.14 kl.1700 sjå om programmet på Keipenstova-sida.


Sigrid Moldestad « Brevet til kjærleiken»

Tekstar av Jan Magnus Bruheim.

Konsert i Midtgulen søndag 16.februar kl. 18.00

Førehandssal på servicekontoret og sal ved døra i kyrkja

 

 

 

 

14 Februar kjem Sigrid Moldestad med si fjerde soloplate. Den har fått tittelen "Brevet til kjærleiken" og er ein hyllest til diktaren Jan Magnus Bruheim som ville vore 100 år i år. (1914-1988) Tekstar som krinsar kring kjærleiksbegrepet i vid forstand og om det å vere menneske og medmenneske. I konserten "Brevet til kjærleiken" får publikum møte dei nye songane og historiene blanda med sterke songar og låtar frå tidlegare plater. Jan Magnus Bruheim kom opphavleg frå Skjåk i Gudbrandsdalen, men budde fleire år i eit skulehus i kystbygda Botnane i Sogn og Fjordane. Det same skulehuset nytta Moldestad og co til innspeling hausten 2013.

Sigrid og band held konsert i Midtgulen Kyrkje Søndag 16.02.2014 kl 18:00.

Produsent Kato Ådland er mellom anna kjend for sine samarbeid med Sondre Lerche, Nathalie Nordnes, Røyksopp, Hans Petter Gundersen m.fl.


Konsert med Sigrid Moldestad i Midtgulen kyrkje

 


Søndag 16. februar kl. 18.00 vert det konsert med Sigrid Moldestad m/band i Midtgulen kyrkje. Det er fyrste konserten på turneen med den nye CD-en «Brevet til kjærleiken», der Moldestad har sett tonar til dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim. Dagen før er det 100 år sidan han vart fødd i Skjåk. Dagen vert markert i heimbygda hans, men det er tida hans i Botnane som gjer at den fyrste konserten vert i Bremanger kommune.

 

 

 

Jan-Magnus Bruheim budde i Botnane frå 1978-1985, og sa sjølv at det var sju gode år med ro og inspirasjon til å skrive. – Stilla i Botnane er stillare enn alle andre stader, skreiv han. Han vart «Bruheimen» for alle i bygda og livet på kysten prega diktinga hans. Bruheim gav ut ti bøker og ei «Dikt i utval» dei åra han budde i Botnane. Totalt skreiv han 45 lyrikk-, prosa – og barnebøker frå debuten i 1941 til han døydde i 1988.

 

Sigrid Moldestad vart spurd av Bruheim-nemnda om ho kunne tenkje seg å tonesette dikta hans til 100-årsjubileet. Ho tok mot oppgåva på strak arm og gler seg svært til å legge ut på turne med «Brevet til kjærleiken».

 

Både Botnane og Årebrot grendalag og Bremanger kommune har støtta utgjevinga av denne CD-en økonomisk, og han der delvis spelt inn i det gamle skulehuset i Botnane, der Bruheim budde. Meir informasjon om konserten kjem litt seinare.


Sjå meir

www.janmagnusbruheim.no

Kulturkontoret

 



Svelgen kino 20.01.2014

 

Karsten og Petra på vinterferie

            Søndag 26.januar kl.17:00

                   Kinopremiere:  24.januar.

                                 0


Spinning søndag 25.01.2014

Denne søndagen vert spinninga kl.20.00.

 

 



Friidrettstrening for gutar og jenter

3., 4., 5. og 6. klasse.

Torsdag kl.17.30 til 19.00

Ta med ein venn og kom


Jonas Valberg og Niane med konsert onsdag 20.01.2014

Onsdag 22.01 har Jonas Dyrstad Valberg med seg bandet Niane til Svelgen for å holde en konsert på samfunnshuset. Niane har utspring fra Universitetet i Agder og har medlemmer fra Oslo, Stavanger, Kristiansand, Lillehammer OG Svelgen.
Niane spiller sin egen blanding av Pop og Rock, med fengende melodier og funky rytmer.
Konserten starter 2030 og alle er hjertelig velkomne! Inngang kr. 50,-

Pårørandeskule i Bremanger kommune

Kurs/samtalegruppe for pårørande til personar med demens, vinteren/våren 2014.
 





Pårørandeskulen er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein god venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på instutisjon.

Gjennom faglege førelesingar og gruppesamtaler får du kunnskap om demens, og du treff andre pårørande i same situasjon.

Kurset er lagt opp med 5 samlingar.


Meir informasjon om tidspunkt og påmelding til samlingane finn du på heimesida til Bremanger kommune


Det er byrja mange nye musikantar i skulemusikken denne sesongen, og vi har ikkje nok uniformer. Dersom det er gamle musikantar som har henganede uniformer heime må dei ta kontakt med Hege Iren Svarstad for avlevering, telefon 99 04 59 71 eller berre levere den heime med meg.

 

Hege Iren


Årsmøte i skulemusikken 21.01.2014

Tid: Tysdag 25. februar 2014, kl 17.30

Stad: Svelgen skule - ungdomsskulen

 

 

 

 

Medlemmar i Svelgen skulemusikk og deira føresette vert kalla inn til årsmøte.

 

 

 

 

SAKER:

1. Godkjenning av innkallinga
2. Godkjenning av saklista
3. Val av møteleiar

4. Val av møtereferent

5. Val av 2 til å skrive under møteprotokollen

6. Årsmelding

7. Rekneskap 2013

8. Budsjett 2014

9. Val

10. Saker som kjem til

 

Omdet er saker de vil ta opp på møtet, må dei vere melde til underteikna innan 11. februar.

 

Vel møtt til årsmøte!

 

Svelgen 21.01.2014

 

Kari Rita Frøyen

-leiar-

 

 

 

 


Kosten kom tilrette 20.01.2014

Tusen takk til deg/ dere som kom tilbake med kosten til Skulevegen 11. Vi ble veldig glad.
Mvh.
Synøve Sande

Kost manglar i Skulevegen 20.01.2014

I Skulevegen 11 på Naustneset inne på veggen i carporten hang det en kost, nå er den forsvunnet. Har du/ dere tatt den kanskje?
Vi ville blitt veldig glad om den ble hengt på plass igjen.
 
Mvh.
Synøve Sande



Påminning om avlesing av vassmålarar ved årsskifte 2013/2014

 

Abonnentar ved kommunale vassverk som har installert vassmålar og betalar forbruksgebyr ut frå vassforbruket må snarast lese av vassmålaren og melde inn resultatet til kommunen.

 

Vassforbruket skal lesast av ved kvart årsskifte. De kan melde vassmålarstanden via kommunen sitt digitale søknadssenter: www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening , på papirskjema ( Skjema for avlesing av vassmålar) eller på e-post til mm@bremanger.kommune.no .

Kommunen har fått innmeldt målarstand frå nokre av abonnentane, men manglar framleis ein god del tilbakemeldingar.

Husstandar som ikkje melder inn målarstanden vil få utrekna gebyret ut frå stipulert forbruk.

Teknisk kontor


Søndagsskule 17.01.2014

Søndagsskulen starter opp igjen søndag 19. januar kl 11:00 i Svelgen kapell.

Ønsker gamle og nye velkommen!

Svelgen kino 13.01.2014

         Boktyven

      Søndag 19.januar kl.20:00
 
                 0

Basketballkamp i Svelgen 17.01.2014

Søndag 19/1 spelar Eikefjord/Svelgen sitt herrelag mot Bønes. Kampen går i Svelgen Idrettshus kl. 14.30. Håpar mange tek turen for å heie på vårt lokale lag. Gratis inngang.


Spinning framover 15.01.2014

Spinningtidene vert slik utover våren:

   

Søndag kl.19.00   Hege Iren / Hilde / Vibeke

Tysdag kl.20.00   Vibeke

Torsdag kl.19.00  Hege Iren / Hilde

   

Måndag kl.19.00. Hege Iren / Hilde. Denne treninga er for ungdomsskule- og vgs elevar.
Ingen påmelding, berre møt opp.


Toaletta blei kjempe fine!

Takk for gåver (kronerulling) og dugnadsinnsats i 2013.

Ynskjer de å gje ei pengegåve – kan de betale innpå konto 3776.03.19962.

 

Vi tar gjerne imot innspel på ting som de synst bør gjerast på/med huset.

 

Svelgen Samfunnshus

for styret Bjørg H. Didriksen

 




LUS

Helsestasjonane får tilbakemelding om gjentekne tilfelle av lus på skulane i Bremanger kommune.

Vi oppmodar difor foreldre om å undersøke borna minst ein gong i veka til lusa er vekk frå alle skular.

Ta kontakt med din helsestasjon ved spørsmål, eller besøk folkehelseinstituttet sine sider: http://www.fhi.no/tema/lus

Helsing Helsestasjonane       

Bremanger: 95 98 29 64         Svelgen: 95 98 29 65  


ELKEM-KOPP TIL JORUNN, HILDE OG SVENN PETTER. 12.01.2014

Etter loddtrekning av  Elkem-koppar for desember 2013 har vi fylgjande vinnarar: Jorunn Styve nr. 58 på Jakthytta, Hilde Elvebakk nr. 331 på Moldahytta og Svenn Petter Kjerpeset nr. 174 på Sandsegga. GRATULERER !
No i januar 2014 skal det trekkast koppar i Vasskaret, Risevatnet 3,5 km og på Gulebrystet – i februar skal  vi trekke Risevatnet 3.5, Ivervatn og Sandsegga. Det er berre til å delta – BERRE GJER DET !
KEIPEN TURLAG
FJELLTRIMMEN



Det ligg mykje kle igjen i hallen 10.01.2014

                 

Det ligg mykje kle og sko i hallen.Ta ein tur innom garderobe 3 og sjå om dåkke eig noko.

Det som ikkje er henta innan fredag 17.januar vert kasta.

  

For STIF

Vibeke Kjerpeseth



Nøkkelknippe funne i Tiurvegen 08.01.2014

Ei nøkkelknippe med 4 nøklar vart funne i Tiurvegen på Langeneset 8.januar. 

Ta kontakt med Ingrid Bueie, 99411849 viss du saknar dei! 


 

Bremanger kommune har følgjande ledige stillingar:

 

 

 

 

Hauge oppvekst avd. Stasjonen Barnehage

Sak 14/25 

 

Vi har ledig ei 80% mellombels stilling som fagarbeidar frå snarast og fram til 20.06.14

 

Søknadsfrist: 17.01.14

 

 

Barnevern

Sak 14/34

Vi har ledig eit 100% vikariat som fagleiar ved barneverntenesta.

Stillinga er ledig frå 01.04.14 - 01.06.15

 

Søknadsfrist: 03.02.14

 

 

Sjå fullstendig utlysing på:
www.bremanger.kommune.no

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det.  

 




EIG DU NOKO AV DETTE? 06.01.2014

 

Ber om at du hentar det snarast.

Det som ikkje er henta innan 1.februar blir kasta.

 

Svelgen Samfunnshus

Bjørg (95982945)




Spinning 04.01.2014

 

Spinninga søndag vert kl.18.00 pga kino.

 



Svelgen kino 04.01.2014

Hundreåringen som klatret ut  gjennom vinduet og forsvant

        Søndag 5.januar kl.20:00

              0



Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov