Arkiv Okt 2013

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Skulemusikkbasar 28.10.2013

Laurdag 2. november klokka 12.00 er det basar på samfunnshuset.

Det vert sal av kaffi og kaker.

Det vert åresal og sal av 21. lodd.

Drillen skal drille og skulemusikken spele.

Til slutt vert det trekking av hovudlotteriet.

 

Onsdag, torsdag og fredag kan ein kjøpe lodd på hovudlotteriet utanfor kopen.

 

Vel møtt til basar!


Søndagsskule 03.11. 25.10.2013

Det vert søndagsskule i Svelgen kapell

 

kommande søndag kl. 11.00

 

Ta med deg ein ven og kom!

 

Helsing Ingrid og Wenche





ZUMBA 27.10.2013

  

Det vert dessverre ikkje Zumba i dag, søndag 27. oktober, og ei tid framover pga sjukdom.
Vi vil informere når Zumbaen kjem i gang igjen.


Svelgen kino 25.10.2013

Søndag 27.oktober kl.20:00

Kinopremiere:  25.oktober

2 Guns



I kveld på Lasse`s kro, velkommen: 26.10.2013



Zumba avlyst i morgon 23.10.2013

  

Det vert ikkje Zumba torsdag 24. oktober pga sjukdom.

  

Vibeke


Ledig stilling Serfix AS 23.10.2013

Sjå "stilling ledig" i menyen til venstre.




TV-aksjonen 2013

Bremanger kommune ønskjer å rette ei stor takk til alle som var med som bøssebærarar i årets TV-aksjon.
 

Vi vil og takke alle som har støtta denne viktige saka som demens er. 

Her kan du sjå ei oversikt over resultata frå TV-aksjonen 2013.


          Sogn og Fjordane Fri-idrettskrins inviterar til

Aktivitetsleiarkurs for barnefriidrett

Mål: Kurset skal gje ei generell innføring i friidretten sine øvingar, og korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre friidrettstrening med born i alderen 6-12 år.

Innhald: Innføring i friidretten sine øvingar. Barnet si utvikling, tips og idear for korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre leikbasert aktivitet med vekt på allsidigheit og variasjon.

Kurset har både teoretiske og praktiske leksjonar både ute og inne. NB! Ta med skrivesaker og treningstøy for både inne og utebruk!

Timetal: 16 skuletimar med 4 t teori og resten av kurset er praktisk retta.

 

Dato: Fredag 8. november kl 18.00-21.30 (teoretisk del i klasserom)

Laurdag 9. oktober kl 09.00-16.00 (praktisk del i gymsal)

Stad: Storehagen Atrium Fylkeskommunen (fredag), Sunde Skule (laurdag)

Kurslærar: Merete Helgheim.

Kursavgift: kr 100,-  Materiell: kr 300,- (blir fakturert i etterkant av kurset)

Kontaktperson: Merete Helgheim, mob 994 57950 /  Narve Heggheim, Sogn og Fjordane FIK tlf 57 76 12 22.

Påmeldingsfrist: Tysdag 5. november kl 22.00.

Påmelding: Via idrettskurs.no

Spørsmål rettast til: SFFIK tlf 57 76 12 22     e-post: sof@friidrett.no

Detaljert tidsplan for kurset vert sendt påmelde deltakarar.

 

Meir info om kurset:

http://friidrett.no/kurs/trenere/Sider/Aktivitetslederkursbarn.aspx


Tv - aksjonen 20.10.2013

Bøssebærarane i Svelgen og omegn har samla inn vel 45.000 kroner. Det er sett mange lappar på dørene til dei som ikkje var heime, så vi reknar med at det kjem inn endå meir.  


Svelgen kino 16.10.2013

                          Fly   

         Søndag 20.oktober kl.17:00

                            Kinopremiere:  18.oktober

 

Fly

 

 

Fra en verden over "Biler" kommer Disneys "Fly", en spenningsfylt animert eventyrkomedie med Dusty, et propellfly som drømmer om å konkurrere som et jagerfly.

 

Men Dusty er ikke akkurat laget for å konkurrere og i tillegg har han høydeskrekk. Derfor oppsøker han et pensjonert krigsfly som hjelper Dusty å kvalifisere seg til å utfordre ligaens tittelforsvarer. Dustys mot blir satt på den ultimate test når han forsøker å nå nye høyder han aldri har drømt var mulig, og gir en trollbundet verden inspirasjon til å sveve.  

Aldersgrense:   Tillatt for alle          Lengde: 1 t. 32 min.


Svelgen kino 16.10.2013

 

 

      About Time

    Søndag 20.oktober kl.20:00

Romantisk komedie med Rachel McAdams, Domhall Gleeson og Bill Nighy, om en ung mann som oppdager at han kan reise i tiden.

I en alder av 21 år oppdager Tim Lake (Domhnall Gleeson) at han kan reise i tiden…

Kvelden etter en mislykket nyttårsfest, forteller Tims far (Bill Nighy) ham at alle menn i deres familie har hatt evne til å reise i tiden. Tim kan ikke endre på historiens gang, men han kan endre på ting som skjer og har skjedd i sitt eget liv. Tim bestemmer seg for å gjøre sin verden til et bedre sted… ved å skaffe seg en kjæreste. Dessverre blir det langt fra så enkelt som han hadde trodd.

Tim flytter fra kysten av Cornwall til London for å studere til å bli advokat. Der møter han omsider den vakre, men usikre, Mary (Rachel McAdams). De forelsker seg, men så fører en uheldig tidsreise til at de aldri møtes i utgangspunktet. Tim sørger for at de treffes for første gang på nytt - og på nytt - helt til han etter mange listige tidsreiser vinner hjertet hennes igjen.

Tim bruker deretter evnen sin til å skape det perfekte romantiske frieriet, redde bryllupet sitt fra tidenes verste forlovertaler, berge sin beste venn fra en yrkeskrise og få sin gravide kone gjennom en trafikkork så de rekker sykehuset i tide til datterens fødsel.

  Aldersgrense:   7 år         Lengde: 2 t. 3 min.




TV-aksjonen 2013. 18.10.2013

VI HAR INGEN TID Å MISTE.

TV-aksjonen 2013  går til Nasjonalforeningen for folkehelse sitt arbeid med demens. Målet er å gje mennesker med demens og deira pårørande ein enklare kvardag og eit betre liv. Pengane går til tre prioriterte områder: forskning - aktivitetstiltak og informasjon.

I Svelgen er det stort sett pensjonistar som går med bøsser - ta godt i mot dei og pass på å ha kontanter klar!


Bremanger kommune


FAGARBEIDAR/SPESIALARBEIDAR VED TEKNISK – 100 % fast stilling
Saknr.  13/2345
         


VIKARIAT FOR ARKIVLEIAR/SEKRETÆR – 100 %
Saksnr.  13/2346


Sjå fullstendig utlysning på:
www.bremanger.kommune.no eller under "stilling ledig" til venstre.


Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening


Søkjarlista er offentleg , og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det. 
Søknadsfrist: 01.11.2013

Vi har følgjande ledige stillingar:

Oppstart av norskopplæring 18.10.2013

Oppstart av norskopplæring for vaksne framandspråklege i Svelgen.


Oppstart måndag 28.10.2013 kl. 17.45 i Risebygget (ved Bademiljø og Færstad installasjon

 

Henvendelse til NAV Bremanger ved Anita Grotle – telefonnr: 55 55 33 33


Med helsing
NAV Bremanger

 


Landinformasjon om Somalia, 17.oktober kl. 17.00 08.10.2013

Svelgen Oppvekst får besøk av Shiva Adhiri som skal snakke om Somalia.

Dei fleste av våre busette flyktningar kjem frå Somalia. På kort tid har det vorte ei ganske stor gruppe gjennom raske og store familie-gjenforeingar. For å få til god integrering er det viktig å kjenne til kultur, tradisjon og tru som våre busette flyktningar har med seg.

 

Det vil også bli informert om kva som vert gjort ved busetting.

 

Alle kan få stille spørsmål. Det vil være tilsette frå både NAV og Svelgen oppvekst til stades.

 

Ein slik informasjon kan også bidra til å få informasjon om kva som er rett og kva som ikkje er rett i samband med busetting av flyktningar.

 

Kva får dei? Kva må dei gjere? Kva gjer NAV og kommunen? Kva treng dei? Kva kjem dei frå? Kva er dei vande med? Kva er viktig for dei? Kva er trua? Kor viktig er trua? Skal dei jobbe? Kva ventar dei seg? Kva er «halal»? Kva har skjedd i landet deira? Har alle opplevd krig? Omskjæring?

 

Dette og mange fleire spørsmål vil Shiva Adhiri og kommunen prøve å svare på. Det kan vere viktig å kunne litt om våre nye landsmenn. Då kan vi lettare skape toleranse for eit fleirkulturelt samfunn, der vaksne og born har respekt for kvarandre på tvers av landegrenser, kultur, hudfarge og religion. Det vil kunne bety betre integrering, respekt og tryggare miljø for alle.

 

Vi voner du vil komme å høyre på. Vi vil servere litt å ete og drikke sidan det ligg tett opp til middagstid.

 

 

Med venleg helsing frå
Bremanger kommune
NAV Bremanger
Svelgen Oppvekst




Volleyballtrening for 4. og 5.klasse 13.10.2013

Det vert starta opp volleyballtrening for gutar og jenter i 4. og 5.klasse på onsdagar kl.17.00 - 18.00.

 

Vel møtt!


Svelgen kino 08.10.2013

 

   Gåten Ragnarok

  Søndag 13.oktober kl.20:00

Arkeologen Sigurd Svendsen (Pål Sverre Hagen) har viet sitt liv til å løse de 1000 år gamle mysteriene fra Osebegskipets gravkammer. Når han finner spor som peker mot den største myten av alle; myten om Ragnarok, blir Sigurd besatt av tanken om at Oseberggraven skjuler svaret på opphavet til historien om vår egen undergang.
En mystisk runestein med spor etter Osebergvikingene avdekkes i Finnmark og fristelsen blir for stor: Sammen med to kolleger og sine to barn legger Sigurd ut på en ekspedisjon som leder dem dypt inn i Ingen-Mannsland - et avsperret område mellom Norge og Russland.

Eventyret får en dramatisk endring når de gamle runene viser seg å få ny mening og hemmeligheten de avdekker er langt større og mer skremmende enn noen kunne drømme om. Sigurd må ta sitt livs viktigste avgjørelse: Hvor langt er han villig til å gå og hvor mye er han villig til å ofre i jakten på svaret som til slutt kan lede til deres egen undergang?

  Aldersgrense:   11 år        Lengde:   1 t. 36 min.



ELKEM KOPP TIL STEINAR, LIV OG LUKAS I SEPTEMBER – OG TIL SVEIUNG I AUGUST
 
Etter loddtrekning har Steinar Solvang vunne kopp i Risevatnet 3,5 km(nr.2415), Liv Sigdestad Brekke på Knekkevatn,(nr.399) og Lukas Dyrstad Valberg på Moldahytta (nr.1796).Augustkoppen er også endelig trekt og der var Sveinung Leirvik den heldige vinnaren (nr.219)
Dette var siste trekninga for turåret 2012/2013. Fjelltrimbøkene er no bytta til nytt turår 2013/2014 og for oktober kan du vinne kopp på Risevatnet Vasskaret, Sandsegga og Ivervatn, i november skal vi trekke på Gulebrystet, Risevatnet 3,5 km og Knekkevatn.
VELKOMMEN TIL Å DELTA !
KEIPEN TURLAG
FJELLTRIMMEN

Svelgen-tvillingar på Foreldre.no 09.10.2013

På nettstaden Foreldre.no kan du lese om dei to Svelgen-tvillingane Ronja og Rianna som er 6 år gamle. Her fortel mamma Tone Damstuen Ryland om kor forskjellige dei er, sjølv om dei er veldig like utsjåandemessig. Les intervjuet her


Dersom du er uheldig å køyre på hjort, bør du merke deg dette: 07.10.2013

1. Du har varslingsplikt. Ring politiet på 02800, som tek seg av å kontakte lokal ettersøksring for å søkje etter dyret.

2. Forlat ikkje åstaden utan å varsle, då bryt du lova. Dine observasjonar og opplevingar er viktig for ettersøksarbeidet som snart skal starte.

2. Prøv ikkje å avlive eit eventuelt skadd dyr på eigahand. Overlat dette til fagfolk.

3. Har du køyrt på ein hjort som i etterkant stikk skadd til skogs, sørg først for å sikre ulukkesstaden, bilen din og deg sjølv med varseltrekant i vegbana. Gå ikkje ut i vegbana utan å iføre deg refleksvesten du er pålagt å ha (og sjølvsagt har liggande?) i bilen.

4. Merk mest mogleg nøyaktig påkøyrslepunktet, og plassen der du såg hjorten stikke til skogs. Merkeband som er spesielt tilpassa kan du få gratis hos   Norges Jeger og Fiskerforbund  og ha liggande i bilen din. Merkebanda inneheld også ei hugseliste på kva du skal gjere om uhellet er ute.

Korvidt du passar på å følgje regelverket om du køyrer på vilt i vegbana, vil også ha betydning for økonomien din. Fleire forsikringsselskap tek no dette med i betraktninga når det gjeld eigenandelsvurdering og bonustap  ved påkøyrsler. (Henta frå Firdaposten)


Svelgen J 15/ 16 7'ar til Månadens Fair Play 07.10.2013

Sogn og Fjordane fotballkrets har kåra Svelgen  J 15/ 16 7'ar til Månadens Fair Play, som har skapt eit flott og inkluderande miljø, til tross for manglande sportslege resultat!

I begrunninga for tildelinga heiter det:

"Eg vil gjerne nominere jentene på Svelgen J 15/16 til Månadens Fair Play. I skrivande stund ligg dei nederst på tabellen, med 0 poeng og minus 274 i målforskjel. Det er ingen 16-åringar med og laget spelar med jenter født i 98/99/00.

Til tross for store tap og motgang, så er dei alltid smilande og blide på bana. Dei har gått av bana med heva hove, og turane heim frå bortekampar er alltid kjekke uansett. Det er aldri negative kommentarar til motstandarane, sjølv om det ikkje er så motiverande med kun tap.
Jentene har, til tross for lite spelarar, aldersskilnad og manglande resultat, holdt i lag i fem sesongar, og har vokst seg til å bli eit samansveisa lag. Det har vore jobba veldig hardt med gode haldningar, og i følgje trenar på laget, har dei oppnådd eit kjemperesultat der.

På ein del av kampane har dei opplevd foreldre/heiagjengar frå motstandarlag, juble like mykje for alle dei 20 måla som Svelgen har fått imot, men jentene har teke det med eit smil. Dette er særs beundringsverdig av laget".

SFFK gratulerer jentene frå Svelgen med Månadens Fair Play i september. Fair Play handlar om respekt, toleranse og inkludering. Dette syner laget til gangs at dei tek på alvor.Dei har skapt eit godt og trygt miljø på laget kor fotballgleda og samhøyrigheit er viktig, noko som også representerer fleire av grunnverdiane i fotballen! Godt jobba, jenter!

Firda har i dag intervju med trenar Kristine Sande - les det her



Husk operafesten på Eid i desse dagar! 07.10.2013

 

 

Det er ein spent og aldri så lite kry operasjef som inviterer til ti framsyningar av operetten Flaggermusen, samt tre visningar av balletten Nøtteknekkaren i oktober.

– Vi har lenge hatt eit ønskje om å ha ei familieførestilling, og Nøtteknekkaren er også vår første ballett. Då er det ekstra kjekt at over 60 born og ungdommar i alderen 4-19 år frå Ballettskulen i Eid deltek i førestillinga, samt fire unge og lovande, profesjonelle dansarar: Ane Jørgine Frøyen frå Kalvåg , Jonas Pedersen Øren frå Høyanger, Magnus Emaka Einang frå Sandsøya på Sunnmøre og ballettkollega av Jonas, Anette Antal frå Oslo, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

 

Finn billettar her             


Ikkje sirkeltrening i haustferien 07.10.2013

Det vert ikkje sirkeltrening onsdag 9. oktober.

 

For STIF

Hege Iren Svarstad


Zumba og spinning i haustferien 03.10.2013

Zumba:

Zumba tek haustferie frå og med måndag 07.oktober. Fyste trening etter ferien vert søndag 20.oktober.

 

Spinning: 

Søndag  06.oktober   kl.20.00    Vibeke

Måndag  07.oktober   kl.20.00    Hilde

Torsdag 10. oktober  kl.19.00    Vibeke

Søndag  13.oktober   kl.20.00    Hege Iren

 

For STIF,

Vibeke Kjerpeseth


Svelgen kino 30.10.2013

 

 Thor: The Dark World

 Søndag 3. November kl: 20:00

    Kinopremiere fredag 1.November

0


Fotballkamp 03.10.2013

I dag, torsdag 3. oktober, kl 1800 skal gutar 12 år spele siste heimekampen for i år på Svelgen stadion.

Møt opp og hei!

 

Det vert sal av kaffi, saft og kaker.


Helikopter redda mann og fire hundar på Omnen 01.10.2013

Politiet fekk melding om at ein mann i 50 åra hadde gått seg skårfast på Omnen i Svelgen. Han hadde med seg fire hundar. Mannen og hundane vart henta ned av sea king redningshelikopter kl. 0058. Mannen var uskadd. (Frå Politiet sin logg)

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des