Arkiv Okt 2011

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

31.10.2011

SVELGEN FÅR PEPARKAKEBYGD I DESEMBER


Langeneset i solnedgang 31.10.2011

Vi har fått tilsendt dette flotte bildet frå Ann-Christin Norevik som ho har tatt frå Langeneset. Ho fortel at ho er svært fotointeressert og nyinnflytta hit. Vi håper vi får mange flotte bilder frå ho og ynskjer velkomen til Svelgen.


Fotball og handball 30.10.2011

 

  Det vert fotball- / handballtrening for damer/jenter 18+, søndagar kl.19.30.

  I partalsveker vert det fotball og i oddetalsveker vert det handball.

  Fyste trening vert søndag 6. november og då er det fotball.

 

  Vel møtt!


Svelgen Kino 26.10.2011

OLE BRUMM

Søndag 30. oktober 17:00

kiosk og billetter fra 16:30

Walt Disney Animation Studios vender tilbake til Hundremeterskogen med "Ole Brumm." Med den tidløse sjarmen, viddet og besynderlighetene vi kjenner så godt, gjenforener denne helt nye filmen publikum med en filosofisk "bjørn med bare liten forstand" og vennene Tigergutt, Petter Sprett, Nasse Nøff, Ugla, Kengu, lille Ru - og sist, men definitivt ikke minst, Tussi, som har mistet halen sin.

Aldersgrense:
Egnethet: Barn
Begrunnelse:
Denne filmen inneholder ingen scener som antas å kunne virke skremmende på de yngste.

PARANORMAL ACTITY 3

Søndag 30. oktober 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Mer overnaturlig skrekk: Opplev hemmeligheten bak den paranomale aktiviteten.

Paranormal Activity-filmene er en av tidenes mest suksessfulle grøsserfranchiser. Nå er det duket for det tredje bidraget i filmserien som har skremt vannet av kinogjengere over hele verden. Handlingen formidles også denne gangen via håndholdte kameraer som fanger opp demoniske aktiviteter. I Paranormal Activity 3 får vi vite mer om hendelsene som ledet opp til de to første filmene, med fokus på yngre utgaver av det hjemsøkte søskenparet Kristi og Katie.

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Angstskapende stemning og skrekkeffekter gjør at denne filmen får 15-årsgrense.

Basar på Kjelkenes søndag 29.10.2011

 

SØNDAG 30. OKTOBER KL 17.00

 I TRUDVANG PÅ KJELKENES

TIL INNTEKT FOR HUSET

ÅRESAL OG LODD

KAFFI, BRUS OG   KAKER

TA ETTERMIDDAGSKAFFIEN HOS OSS!

DU ER HJERTELEG VELKOMMEN

Arr.: Byggjelaget TRUDVANG


Zumba 29.10.2011

 

  Vi satsar på å starte opp med Zumba i veke 46.

 

  Kjem tilbake med meir informasjon.


Treningstider i Svelgen Idrettshus 29.10.2011

 

 

  Treningstidene for hausten 2011 kan du sjå her.


Ledige stillingar 28.10.2011

Bremanger kommune har for tida fleire ledige stillingar. Bla.a. helgestillingar innan pleie og omsorg, lærar ved Svelgen oppvekst, Lærar ved Kolset oppvekst, assistent ved Kolset oppvekst og økonomikonsulent ved Rådhuset.

 

 

For meir informasjon sjå "ledige stillingar" til venstre, eller www.bremanger.kommune.no

 

 

Minner om at søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter: www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

SØKNADSFRIST: 14.11.11



Gevinst også til Liv og Ingvald 27.10.2011

Eit vinnarnr. hadde ramla ut av vinnarlista til svømmegruppa sitt lotteri: nr 6006: Liv og Ingvald Ytrehus.

DANSOTEK 27.10.2011


Temakveld - Svelgen og omegn husflidslag 27.10.2011


Svelgen og Omegn Husflidslag har temakveld i Bakkevegen13, tirsdag 15.
november klokka 18.30.

Emne - Løpar på ein kveld.

Ein kan nytte egne stoff eller kjøpe materialpakke.

Deltakaravgift - kr. 50,00 for medlemmer og kr. 150,00 for ikkjemedlemmer.

Modell vert utstilt på Bakarhuset.

Påmelding til Aud Leirvik   telf. 41563328 innan 11. november

Haustfest i Trudvang avlyst 27.10.2011

4H sin haustfest i Trudvang fredag er avlyst

SPAREBANKEN ORIENTERER. 27.10.2011

Representantar for banken kjem til Keipenstova i dag torsdag kl. 1200 for å orientere om omlegging av banktenestene i Svelgen.

RIVING AV BYGG. 26.10.2011

Skulevegen 11 på Naustneset vert no sletta med jorda. Huset vart oppført i samband med at kommuneadministrasjonen vart flytta frå Kalvåg til Svelgen , og mange kommunetilsette har budd i huset frå 1966 til det blei ståande tomt for ca 5 år sidan. Kommunen kjøpte grunnen frå Ida (Rise) Myklebust sin gard på Naustneset. Der huset står var det eit lite tjern som dei kalla for "storesøyla" og når det var is om vinteren gjekk ungane på skøyter der. Det var bygningsfirmaet Hauge & Torvanger som bygde huset.


HUSK AT DET ER PENSJONISTMØTE I DAG. 26.10.2011

I dag onsdag 26.oktober held Svelgen Pensjonistlag medlemsmøte på Keipenstova.

Møtet tek til kl. 1700.

Program for møtet på Keipenstova -sida.

 


 

Årsmøte i Keipen Turlag

Småsalen Svelgen samfunshus tirsdag 15.11.10 kl.18.00

 

Sakliste:

1 Konstituering

2 Årsmeldingar 2011

- Keipen Turlag

- Barnas Turlag, Ytre Bremanger

- Barnas Turlag, Indre / Svelgen

3 Rekneskap 2011

4 Moldahytta, -  ubetjent DNT hytte ? !

5 Knekkevanshytta. Orientering.

6 Budsjett 2012

7 Turplanar 2012

8 Trim – resultat/premiering

9 Val etter vedtektene

10 Saker som kan kome til.

11 Utmerkingar

 

Det vert enkel servering på møtet.

Medlemmar som har saker dei vil ta opp på møtet må melde desse til styret innan 10.11.-11.

 

 

Vel møtt!

Arne Loftheim

-leiar-


Vinnarar av svømmegruppa sitt lotteri 25.10.2011

Svømmegruppa takker alle som bidro med salg og kjøp under loddsalget i forrige uke. Dei som har vunne blir kontakta og får kake til avtalt tid. Desse vant:

nr 3373: fam. Arve Berle
nr 3275: Anne Katrine Nødset
nr 1096: Edel Lind Håøy
nr 3019: Eva og Per Ytrehus
nr 4402: Erlend Nigardsøy
nr 2233: Halvar Sigdestad
nr 2666: Aksel Myklebust
nr 3894: Idun Lind Håøy
nr 6294: Chris Førde

Bygdakveld 24.10.2011

   

25. oktober kl.20.00 møtes alle som har lyst å arrangere bygdakveld i Svelgen.

 

Vi treng alle med litt talent - alt frå kaffikoking til møbelsnikring.

 

Møt opp på personalrommet på Svelgen skule.


Søndagsskule 22.10.2011

 

Søndagsskulen startar oppatt i morgon, søndag 23.oktober kl. 11.00, i Svelgen Kapell.

 

Vel møtt!

 

Ingrid, Magni og Liv.


Startar treningar for 8., 9. og 10. klasse

Endeleg er volleyballen i gong att i STIF 21.10.2011

Etter ein del år utan volleyballaktivitet for yngre startar vi no opp att med volleyballtreningar i Svelgen Idrettshus. Dette gjeld for jenter og gutar i 8. 9. og 10 .klasse.

 

Treningane startar opp tysdag 25. oktober, og det vert trening tysdagar kl. 19.30 og fredagar kl. 18.00. 

 

Vi er så heldige at Sylvi Mari Fløtre og Herborg Eikeland.her teke på seg å trene desse ungdomane. Dei har tidlegare vore aktive i STIF, og seinare spelt i høgare divisjonar for andre klubbar. Dei har og vunne fleire gull i NM i aldersbestemt volleyball.

 

Vel møtt!

 

Volleyballgruppa i STIF


Svelgen Kino 18.10.2011

KONG CURLING

Søndag 23. oktober 17:00

Kiosk og billetter fra 16:30

Tenk deg at du engang ledet laget ditt til seier i Curling-NM. Du var kjent for din pedantiske milimeterforståelse og fokuserte vesen. Så går rullgardinen ned. Det klikker for deg. Du legges inn på psykiatrisk, og hver morgen må du knaske et pillebrett langt som et vondt år. Plutselig får du vite at din tidligere trener og mentor ligger alvorlig syk, og trenger penger til en livsnødvendig operasjon i USA. Hva gjør du?

Aldersgrense: Tillatt for alle
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Filmen inneholder ingen scener som antas å ha skadelig virkning på de yngste.
TRE MUSKETERER

Søndag 23. oktober 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Storslått nyinnspilling av den verdenskjente historien og klassiske boka av Alexandre Dumas. I rollene møter vi bl.a. Christopher Waltz, Orlando Bloom, Milla Jovovich og Mads Mikkelsen.

Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Barn/ungdom
Begrunnelse: Filmen inneholder kampscener og enkelte voldshandlinger som kan virke skremmende på 7-åringer. Filmen får derfor 11-årsgrense.

Takk!
Svelgen Samfunnshus v/ Jubileumskomiteen vil med dette takke alle aktørar som bidrog til å gjere 50-årsjubileet til ein suksess. Jubileumsveka vart ei flott markering av storstova vår, og Samfunnshuset fekk vist kva det kan brukast til. Samfunnshuset sit att med eit positivt økonomisk resultat etter jubileet, og dette vil hjelpe styret i Samfunnshuset med å kunne fortsette opprustinga av huset.
Vi vil difor takke underhaldarar, musikarar, konferansierar, scenearbeidarar, arrangørar av dans på lokalet, bingo og basar, rømmegrautkokarar, pyntegjengen, kunstlaget, lag og organisasjonar som bidrog, og alle andre som hjelpte til både i forkant og under jubileet. På vegne av arrangør av basar vil vi også få takke alle som gav gevinstar, baka kaker og hjelpte til under basaren. Og sist, men ikkje minst, ei stor takk til sponsorane som var med på å gjere arrangementet mogleg.
Tusen takk for hjelpa!
Jubileumskomiteen
Svelgen Samfunnshus 

Basar 21.10.2011

SVELGEN SKULEMUSIKK

HELD BASAR PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS

LAURDAG 5.NOVEMBER
KL.12.00

 

     ·     Sal av kaffi og kake             

     ·     Sal av 21                                    

·     Åresal

Trekning av hovudlotteri ca kl. 14.30

VELKOMEN

 


Ingen representantar frå Svelgen i formannskapet 21.10.2011

Svelgen var utan representantar i det første formannskapsmøtet etter valget. Dei som møtte var

Karl Vidar Førde (Ålfoten), Anita Nybø (Davik), Petra Strømmen (Rugsund), Nina Grotle (Bremanger), Kåre Jarl Langeland (Kjelkenes), Espen Gulliksen (Leirgulen), Audun Åge Røys (Kalvåg) og rådmann Tom Joensen (Davik)


Vil ikkje stenge Risebrua under reperasjon av gangvegen 21.10.2011

Formannskapet gikk i mot rådmannen sitt framlegg om å stenge brua over Riseelva medan gangvegen til Villabakken blir reprarert.

Setninga "Gangbru over Riseelva vert avstengt i begge endar inntil det er vurdert utbetring eller riving" vart stroken i formannskapet sitt vedtak som lyder slik:

«Gangsti frå Fv 614 til Villabakken vert reparert, og skråninga vert stabilisert ved masseforflytning og eventuell etablering av ein mur i nedkant i samråd   med grunneigar.   Fortau vidare frå gangstien langs Fv 614 til gangsti til Villabakken vert å innarbeide ved rullering av kommunedelplan for trafikktrygging.» Bildet er henta frå Origo og tilhøyrer Bjarne Ripe. Frå omlag 1940.



Føl kjøreforhold på webkamera oppe til høgre:

Grytadalen og Langesi i morgontimane fredag 21.10.2011


MINIATYRSSKYTING I SVELGEN IDRETTSHUS
Vi starter med treninger TORSDAG 20 oktober KL 18 00 til 20 00 og Mandager
Gulen Skytterlag
Bjørg

Høg snittinntekt i Svelgen:

Desse tjente mest i Bremanger i fjor 21.10.2011

www.bremanger.no kan du no sjå skattelista frå Bremanger kommune. (Oversikt over Svelgen isolert kan ikkje lenger hentast fram: " Slutt på søk via nettaviserDet er fra i år slutt på søk i skattelister via nettaviser. Det er Stortinget som har bestemt denne innstrammingen. Hensikten er å unngå kommersiell bruk av opplysningene. Nettavisene har likevel lov til å la folk gjøre søk i opplysninger fra tidligere års skattelister. "

Det står imidlertid av Svelgen har over 100 prosent høgare snittinntekt enn resten av landet og resten av Bremanger kommune.

"Snittinntekten i 2010 for postnummer 6721 er 106.4% høyere enn landssnittet og ligger på.

Snittinntekten er 119.7% høyere enn snittet i resten av Bremanger".


Hotellet avsluttar softis-sesongen 20.10.2011

Denne veka vert det siste anledninga til å få seg softis på hotellet.

Frå og med måndag 24. oktober vert salet avslutta for sesongen.


Hei og hå!

No nærmar det seg haustfest i 4H. Vi byr på kake, kaffi, underhaldning og ikkje minst utstilling av våre 4H prosjekt.

Det vert loddtrekning med flotte gevinstar.

Haustfesten vert halden på Trudvang på Kjelkenes 28. oktober kl. 19.00 og utover kvelden.

Håpar på godt oppmøte!

Leiar og nestleiar ved Røsslyngen 4H - Elise Mulelid & Frida Nilsen Haugland.


STIF Skytegruppe
STIF Skytegruppe vil starte med skytetrening Onsdag 19 okt kl 1800.

Det vil bli skyting kvar Onsdag og Søndag KL 1800-2000.

STIF Skytegruppe
Steinar Isene


Svelgen våtast i landet! 18.10.2011

Ikkje sikkert det kjem som ei stor overrasking men Svelgen var våtast i heile landet sist døgn. Det melder NRK.

Influensavaksinering! 18.10.2011

Det er igjen tid for å vaksinere seg mot influensa. Vaksineringa finn stad ved Svelgen Helsesenter

 

Dei som har Dr. Shanker til fastlege møter for vaksinering torsdag 27.10.2011:

Kl. 09.00 - 10.00 Svelgen / Bremanger
Kl. 10.00 - 11.00 Ålfoten
Kl. 11.00 - 12.00 Davik
Kl. 13.00 - 14.00 Rugsund / Leirgulen

 

 

Dei som har Dr. Giritharan til fastlege møter for vaksinering fredag 04.11.2011:

Frå kl. 09.00 - 12.00
Frå kl. 13.00 - 15.00

 

Vaksina kostar kr. 150,- + kr. 40,- for vaksineringa.

 

  Vaksine mot sesonginfluensa anbefalast spesielt til:

• Alle frå fylte 65 år 
• Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheimar 
• Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester) 
• Born og vaksne med:
• Diabetes mellitus, type 1 og 2
• Kronisk luftveissjukdom
• Kronisk hjarte-/karsjukdom
• Kronisk leversvikt
• Kronisk nyresvikt
• Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• Nedsett infeksjonsforsvar
• Svært alvorleg fedme (BMI over 40) 

 

Dersom du har spørsmål, ta kontakt på tlf. 57 79 64 00


Informasjonsmøte om PALS 18.10.2011

   
 
 
 
Minner om informasjonsmøte om PALS som skal vere i dag 18.oktober kl.18.00 i Landskapet på ungdomsskulen. 

Ein lærar og rektor frå Haugen skule kjem på møtet og informera og delar erfaringar frå deira PALS-skule.


A-lagstreninga startar i morgon 17.10.2011

 

  A-laget startar opp med trening kvar tysdag kl.20.30 og fredag kl.19.30.

 

  Alle frå 9.klasse og oppover er velkomne.

 

 

  Mvh.

                               Kjell Åge Bueie.


Ledige stillingar ved BIS 16.10.2011

Fleire ledige stillingar ved Bis Production Partner i Svelgen. Sjå ledig stilling til venstre.

Ledig stilling som IT-konsulent 14.10.2011

Elkem Bremanger har ledig stilling som IT-konsulent. Sjå Stilling ledig til venstre.

Sirkeltrening 12.10.2011

 

  Sirkeltreninga startar opp onsdag 19.oktober kl. 19.30.

 

  Vel møtt!

 

  Mvh.

  Per Arne Sæterlid


Svelgen Kino 11.10.2011

 

BABYCALL

Søndag 16. oktober 20:00

kiosk og billetter halv time før forestilling

"Babycall" er en psykologisk thriller med Millenium-trilogiens store stjerne Noomi Rapace Kristoffer Joner, fra regissøren av Budbringeren og Naboer, Pål Sletaune. Anna og hennes 8 år gamle sønn Anders er på flukt fra Anders sin voldelige far. De flytter til hemmelig adresse i en gigantisk boligblokk. Anna er livredd for at eksmannen skal finne dem, og kjøper en babycall for å passe på Anders mens han sover.

Aldersgrense: 15 år - Frarådes ungdom under 15 år
          
   
SMÅSPIONER
Søndag 16. oktober 17:00
kiosk og billetter fra 16:30
Den fjerde Småspioner-filmen har norsk tale og Jessica Alba på rollelisten. Barnemoren Marissa har et tilsynelatende perfekt liv, hun er gift med en kjent tv-reporter som jobber med å avdekke spioner på skjermen. Marissa er også mor til en søt liten baby, og stemor til to supersmarte tvillinger.
Aldersgrense: 7 år - Frarådes barn under 7 år

Operasjon Dagsverk.
Den årlege OD-dagen er i år torsdag 27. oktober. Då skal alle elevane i ungdomsskulen jobbe ein dag istaden for å gå på skule. Minimum betaling for eit "dagsverk" er 200 kr. Pengane går uavkorta til Operasjon Dagsverk.
OD-prosjektet i år legg til rette for at ungdom i Rwanda får støtte til utdanning.
Elevrådet ved Svelgen Oppvekst håper at bedrifter, forretningar, organisasjonar,
lag og privat personar tek kontakt dersom de vil "ansette" ein eller fleire elevar for ein dag. "Løna" er 200 kr. De kan betale meir, men ikkje mindre.
Kontakt på telefon 48079629 (Olaug Loftheim- elevrådskontakt)
47393693 (Amalie Frøyen- elevrådsleiar)



Vatnet i Langeneset 12.10.2011

  På grunn av arbeid på ledningsnettet kan vatnet i Langeneset verte vekke i periodar i dag, onsdag 12.10.11

Fotballkampar som blir viste på Svelgen Hotell i helga : 12.10.2011


Mellom Svelgen og Ålfoten

Tre personar til sjukehus etter bilulukke på slapseføre 12.10.2011

I 23-tida tysdag kveld vart tre personar sende til sentralsjukehuset i Førde for observasjon etter ei utforkjøring på Rv 614 i Ålfotedalen/Sørdalen. Det var lokalt slaps i vegbana i området og bilen var utrusta med sommardekk. Personane i bilen var heimehøyrande i Flora kommune.

 

Les meir hjå Firdaposten og NRK



Vil ha slutt på hærverk av bosdunkane 10.10.2011

– Det er kjedeleg å oppleve dette gong på gong. No er det berre 14 dagar sidan vi måtte reparere dunkane, og plukke opp søppel som pøblane hadde spreidd utover. Det er trist for folk som ferdast i tunnelen å oppleve at dette gode tiltaket vi har med bossdunkar ikkje vert respektert, seier Roy Vegard Sørgulen.

Det er Aktiv Jobb Svelgen som har i oppgåve å tømme dei 16 bossdunkane som står rundt om i Svelgen. Ein gong i veka går Roy Vegard Sørgulen runden rundt Svelgen og tømmer bossdunkane. Fleire gongar har han opplevd at det i Sandetunnelen er utført vandalisme, skriv Firdaposten.


TAKK!
Bakarhuset har fått skilt på veggen.
Skiltet fortel kvar vi held til og litt av det vi held på med.
Skiltet er sponsa av Bjarne Ripe.
Bjarne er også hovudpersonen bak bileta i kafeen, - både dei som heng på veggane og dei som vert viste på skjermen.
Aktiv Jobb, Bakarhuset seier
TUSEN TAKK!!

Sangtime/påminning. 09.10.2011

Måndag er det sangtime på Keipenstova frå kl.12. Harald har laga sanghefte med nye sangar.

Alle som har lyst å vere med er velkomne.


211 mm nedbør på 7 døgn 08.10.2011

F.o.m. morgonen lørdag 1/10 t.o.m. morgonen lørdag 8/10 fall det 211,2 mm nedbør i Svelgen. Dette er meir enn normalnedbøren for Svelgen for kvar av månadane f.o.m. februar t.o.m. august. Innimellom desse regnfulle døgna hadde ein søndag ein varm og fin dag nesten utan nedbør. Desse sju døgna hadde ein følgande målingar ved målesstasjonen til Svelgen Kraft AS, f.o.m. morgonen 1/10: 38,0 - 0,1 - 27,3 - 32,5 - 39,0 - 38,6 - 36,0 mm.

Svelgen skule takkar Saniteten 07.10.2011

      

Både elevar og tilsette vil takke for det flotte måltidet Saniteten laga til oss på Samfunnshuset,

onsdag 28/09 2011.

 

Les meir og sjå bilete frå lunsjen på Svelgen oppvekst si nettside her.


Svelgen Kino 05.10.2011

KNERTEN I KNIPE

SØNDAG 9. OKTOBER 17:00

kiosk og billetter fra 16:30

Alle gode ting er tre? Her kommer den tredje og siste filmen om Knerten og Lillebror. I "Knerten i knipe" møter du noen skumle typer, en forundringspakke og Lille-Knerten. Og som om ikke det var nok forsvinner Knerten. Få med deg hvordan det fantastiske eventyret slutter!

Aldersgrense: Tillatt for alle
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Filmen inneholder ingen scener som antas å ha skadelig virkning på de yngste.
JOHNNY ENGLISH REBORN
Søndag 9. oktober 20:00
kiosk og billetter fra 19:30
Rowan Atkinson er tilbake i rollen som den surrete etterretningsagenten Johnny English. I sitt seneste eventyr må den mest tvilsomme spionen i Hennes Majestets Hemmelige Tjeneste stoppe en gruppe internasjonale leiemordere før de eliminerer et statsoverhode og skaper globalt kaos.
Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Filmen inneholder flere actionscener som kan virke skremmende på 7-åringer. Filmen får derfor 11-årsgrense.

EIN REGNFULL TUR TIL OMVENDESKARET 1/10
Då vi starta turen vår på laurdag kom regnet, men det stoppa ikkje 12 born og 8 vaksne
i å nå turens mål, nemleg Omvendeskaret. Vi gjekk stort sett samla heilt inn og tok oss ikkje tid til noko kvilepause på vegen innover, då ungane var ivrige på å gå.
Då vi kom til Omvendeskaret regna det ein god del og det var dårleg med utsikt. Vi skreiv oss inn i bøkene og traska tilbake til sela. Her tok vi matpausa vår og alle fekk premie. Turen inn til Omvendeskaret tok ca1 time. Totalt brukte vi 2,5 time på turen. Tusen takk til alle som var med!!
Innmelding i BT gå inn på heimesida til den Norske Turistforening og videre inn på Bli medlem.
Langedal/Ossenkamp.


FREDAG 7. OKTOBER STENGER VI LASSE`S KRO KL 23:00 GRUNNA STOR ARRANGEMENT PÅ HOTELLET:)

Lørdag 8. Oktober blir det lukka fram til klokka 18:00 grunna privat arrangement. Deretter åpent for alle som normalt.   

Mvh Therese Løvfald


Bremanger-bok klar - bokslipp tirsdag 11. oktober 06.10.2011

Nå er endelig Bremangerboka klar til sal. Vi inviterer deg og dine til:
BOKSLIPP:
Svelgen hotell
Tirsdag 11. Oktober 2011
Kl.: 18.00
Pris for boka er: 400,-

Det er Anita M. Ingebrigtsen og Leni Marie Lisæter som har skrive og laga boka, på eige initiativ. Boka prøver å formidle den flotte naturen og bremangaren over 256 sider. Ho tek deg med på ei reise gjennom årstidene, røystene, stemningane og fotodagen i Bremanger. Vi ønskjer deg ein god tur og håpar boka vil begeistre og opplyse deg, og vi håpar du tek turen på boksleppet.

Fleire av vore intervjuobjekt vil vere tilstades under boksleppet, blant anna Grethe Berntzen og Trond Strand som også skal stå for det musikalske innslaget. Det vert god kaffe, og gode kaker og nokre overraskingar undervegs.

VINN EI BOKVi trekk ut ein heldig vinnar av Bremangerboka på boksleppet blant alle dei som har sendt inn bilde til oss i anledning Fotodagen den 10.10.2010. Var du ein av dei som sendte inn, kan det vere du som vinn. Vi håpar alle som sendte inn bilde til oss kommer på boksleppet på Svelgen hotell

Seinare blir det muleg å kjøpe boka i dei forskjellige butikkane i Bremanger.

Vennleg helsing,

Anita M. Ingebrigtsen og Leni Marie Lisæter


FIBER I SVELGEN 06.10.2011

 

Langeneset 4 burettslag har hatt ein dialog med Enivest om å få fiber til Svelgen.For tida er det ingen umiddelbare planar om slik utbygging.  Vi er to burettslag (tilsaman 40 husstandar) på Langeneset som har sagt vi vil ha fiber.
Oppfordringa til alle som ønsker fiber i Svelgen bør gå inn på : http://www.enivest.no/fiber/bestill/interesse-skjema/ og melde si interesse.
Jo fleire vi er som skriv oss på jo større sjanse er det for at dei starter utbygging i Svelgen. 
Nokre grunner til at vi trenger fiber:
Meir stabilt internett med høgare hastighet. Ledningsnettet i Svelgen er svært gammalt og mange klagar på ustabilt internett. Fiber vil fjerne den ustabiliteten.
Kabel-tv over fiber - då slepp ein å montere parabol bl.a. Også mulighet for leige av film rett på tuneren.
Telefoni over fiber. Blir litt samme grunnlaget som internett.
Enivest vil då legge inn tre fibrer til kvar hustand, slik at om internett er nede på ein vil dei to andre fungere. Man kan også omkoble slik at internett og telefon går på samme om noke skjer med fiberen.

Skulemusikken sitt årsmøte flytta 06.10.2011

“ÅRSMØTET til Svelgen skulemusikk vert flytta til tysdag 25.oktober kl 18.00.

Dette pga orienteringsmøtet om PALS ved Svelgen oppvekst. “


ELKEM KOPP TIL LIV, SVENN PETTER OG MAGNAR.

 

Loddtrekning av Elkem-koppar for september: Sandsegga nr. 1930 Liv Sigdestad Brekke, Gulebrystet nr. 475 Sven Petter Kjerpeset og Risevatnet 3,5 km nr. 2629 Magnar Myklebust. GRATULERER !

FJELLTRIMMBØKENE 2010/2011 er /eller skal bli utskifta med nye FJELLTRIMMBØKER for 2011/2012. Korleis premieringa vert for neste sesong vert bestemt på årsmøtet til turlaget. Der vert også vinnarane av FJELLTRIMMEN 2010/2011 kungjort.

KEIPEN TURLAG


5.oktober kl.20.00 04.10.2011

 

Onsdag 5.oktober kl.20.00 samlast vi til ei idemyldring for å få til ein bygdakveld i Svelgen.


Vi treng DEG og dine kreative idear!


Møt opp på personalrommet ved Svelgen oppvekst.



Informasjonsmøte om PALS 05.10.2011

 

Les meir om dette på Svelgen oppvekst sine sider. Klikk  her.



Prisendring standard variabel 04.10.2011

Prisen vert endra frå 38,95 øre/kWh til 36,95 øre/kWh.
Prisen er inklusiv meirverdiavgift og gjeld frå 17.10.11.


Med helsing
SFE Kraft AS


Førehandssalet av billettar er starta 04.10.2011

Vi minner om at førehandssalet av billettar til dansen med Vestlandsfanden, på Svelgen Hotell fredag 7. oktober, no er starta. Billettar får ein kjøpt i resepsjonen på hotellet, og prisen er kr. 300,-

 

Vi minner også om kveldens middagstilbod denne kvelden ( NB bordbestilling 57796520 ) :

 

Heilsteikt ytrefilet m/fløytegratinerte poteter og peparsaus kr. 270,-

Creme Brulé kr. 80,-

 

I Drammens Tidene kan ein lese konsertanmeldelse om gruppa.


Idrettskulen 03.10.2011

 

Vi er i idrettshallen kvar onsdag kl 17.00 – 18.00.

Aktivitetane vert lagt opp for 1. – 4. klasse.

 

Vi ønskjer alle velkomen.

                                                                                                              

Hausten 2011:

 

 

Veke

Dato

Aktivitet

36

07.09

Balleik

37

14.09

Friidrett

38

21.09

Fotball/klatring

39

28.09

Basket

40

05.10

Innebandy

41

12.10

HAUSTFERIE

42

19.10

Balleik

43

26.10

Friidrett

44

02.11

Fotball/klatring

45

09.11

Basket

46

16.11

Innebandy

47

23.11

Balleik

48

30.11

Friidrett

49

07.12

Fotball/klatring

50

14.12

Balleik

51

21.12

JULEFERIE

                       

                       Minner om at alle som nyttar seg av treningstilboda i hallen
                            må vere medlem i STIF og betale treningsavgift

                       Desse avgiftene går på kalenderår og ikkje skuleår.

                                            Giro finn de i hallen.

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov