Arkiv Juni 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Pol på Rådhuset ..? 30.06.2005

Firdaposten melder at Bremanger kommune vil søkjer om å få vinmonopol lokalisert i tilknytning til sørviskontoret på Rådhuset.  Dette kjem vi attende til når vi har undersøkt om det VERKELEG er sant!

Vekst-leiar har Svelgen-kjærast 30.06.2005

Den nye leiaren i Bremanger Vekst, Ann Irene Eliassen Myrheim (37) frå Odda fortel til Firdaposten i dag at ho er sambuar med Harry Gulestøl (sonen til Per og Berit som no bur i Kalvåg) og at dei skal busette ser her i kommunen. Ho har jobba seks år ved Elkem sitt hovudkontor i Oslo.
- Vi er ofte i kommunen, både til jul, påske og om somrane. Så når stillinga som leiar i Bremanger Vekst vart lyst ut, var det midt i blinken. Vi hadde lyst å flytte til heimtraktene til sambuaren min, og endeleg dukka det opp ein interessant jobb som passa til mi utdanning og erfaring, seier ho og legg til at ho gler seg frykteleg til å ta tak i alle arbeidsoppgåvene.
Ann Irene tek til 1. oktober og vi ynskjer ho og Harry velkommen til kommunen!!

Trafikkulukke mellom Svelgen og Haukå 29.06.2005

To personar i 20-åra hadde enorm flaks etter at bilen deira fôr utfor eit seks meter høgt stup ved riksveg 614 ved Haukå - mellom Svelgen og Nordalsfjorden i føremiddag.
Dei to krabba ut av bilen med lettare skader - eit mogleg brote ribbein og ein kul i hovudet.

Politibetjent Stian Bøhmer var på ulukkesstaden, og seier dei hadde englevakt, fordi bilen var ganske kveistra. Han hadde teke med seg i alle fall eit mindre bjørketre på vegen ned, seier betjenten til NRK Sogn og Fjordane. 

Svelgen kan få vinmonopol 29.06.2005

Vinmonopolet skal etablere 20 nye butikkar i landet dei neste tre åra, og seks kommunar i Sogn og Fjordane har søkt. Svelgen kan bli ein av stadane som får såkalla minipol, melder Fjordenes Tidende fredag.

Per i dag finst det sju pol i fylket. Desse ligg i Måløy, Eid, Stryn, Florø, Førde, Sogndal og Årdal. No vil seks nye kommunar ha pol, og søkjarane er Høyanger, Fjaler, Gloppen, Lærdal, Luster og Bremanger.
Vinmonopolet skal etablere 20 butikkar dei neste tre åra, og står fritt til å føreslå plassar ut frå kundegrunnlag og nærleik til andre pol. Små tettstader kan få  minipol, som har noko mindre utval og kortare opningstider. 

Og det blir SOL SOL SOL!! 29.06.2005

 

 

Meteorolog Camilla Holmbakken i Storm Weather Center fortel at vi kan vente oss sol til helga. 

 Alle snakkar om det dårlege sommarveret vi har hatt i distriktet så langt, men ingen klarar å gjere noko med det.

I går ettermiddag fekk meteorolog Camilla Holmbakken dei siste prognosane for helga, og ho fortel at det blir strålande sol frå onsdag og i alle fall fram til fredag.

- Det kan sjå ut til at det blir fint også resten av helga, men ein må nok belage seg på enkelte mindre byger både laurdag og sundag, seier Holmbakken.

Ho legg raskt til at det er fullt lovleg å håpe på strålande sol gjennom heile helga.

- Det er generelt sett mykje vanskelegare å varsle vêr om sommaren fordi det er mindre forskjell mellom høgtrykk og lågtrykk på denne tida.  Det er av og til vi ynskjer at vi tar feil – eller at prognosane snur, seier Holmbakken til Fjordenes Tidende fredag.


Elskhug og Eksis på Eid:

Der skulle du ha vore! 27.06.2005

I helga var vi så heldige å få overvære Elskhug og Eksis på Nordfjordeid.  Stykket handla om livet som gjekk føre seg då Nordfjordeid var ein viktig militærplass. Sentralt i stykket var forholdet mellom dei fattigslege vaskekjerringane, ungjentene frå Eid  og soldatane som kom frå heile Nordfjord, truleg også Svelgen, og Søre Sunnmøre for å avtene si plikt.







På bildet ser vi barnebarnet  Erling Lunde og døtra til Annbjørg Lunde, som no er busett på Bryggja. Malene Lunde Sætren hadde ei sentral rolle i spelet. Somme dreg nok også kjensel på den andre dama som er Anne Tove Thorsnes som er gift med Frank Fossedal og busett i Svelgen for nokre år sidan.

Rapport frå Friidrettsgruppa

Fleire topplasseringar i Lillehammer! 27.06.2005

Så var vi tilbake i regnfulle Svelgen etter fleire varme og solfylte dager
på Lillehammer.
Friidrettsgruppa til Svelgen TIF, stilte med 11 utøvere på G-Sport leikane
i år.
10 åringane : Marte H.Holm, Eirik Ask og Fredrik D.Valberg.
11 åringen : Ole Martin Gjerde.
12 åringane : Daniel H.Holm og Pål Valberg.
13 åringane : Marita Solvang og Jonas D.Valberg.
15 åringen : Jørgen Bjørkedal.
17 åringane : Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten.

Svelgen TIF tok 3 førsteplassa,(Marte: høgde,Ole Martin: kule og Kim: stav)
1 andreplass (Daniel: spyd)
og  5 tredjeplassar. (Marte: kule, Daniel: kule Jørgen høgde og to på Tor Inge: stav og
diskos)
Det vart og sette mange nye personlige rekorder.
Resultat liste finn en på http://www.lillehammer-if.no/gsportlekene/

Denne gangen var det Marte (10år) som imponerte med 1,20 i høgde,
som gir 1000 poeng etter Tyrvingtabellen.
Vi hadde en kjempe tur!

Kvinne overtar Bremanger Vekst 24.06.2005

 

Styret i Bremanger Vekst har tilsett Ann Irene Eliassen Myrheim (37) frå Oslo i stillinga som ny dagleg leiar. Ho tek til 1. oktober.

 

Ann Irene Eliassen Myrheim har i følgje Einar Kjerpeseth brei relevant erfaring mellom anna som leiar av fleire omstillingsprosjekt. Ho har også reiselivserfaring, jobba i Elkem og  utdanning innan marknadsføring, skriv Fjordenes Tidende i dag.

 


Åtvarar mot entreprenørar 23.06.2005

Politiet i Bremanger åtvarar no mot useriøse entreprenørar som tilbyr seg å gjere bygningsarbeid.
Entreprenørane tilbyr å gjere ein jobb for ein avtalt sum pengar, men stikk av etter at dei har fått betaling utan at jobben er gjort.
To personar har meldt entreprenørane til politiet, men politiet kjenner til at det er fleire i distriktet som har blitt lurte, melder NRK Sogn og Fjordane. 

STIF slo Jølster !! 22.06.2005

STIF sitt herrelag i 5. divisjon slo laurdag Jølster, som kjempar om opprykk til 4. divisjon, med 1-0 på Skei stadion. Med nok ein siger har STIF på få dagar avansert frå 9., og sistplass, til 6. plass på tabellen. STIF tar no sommarferie, og har spelefri fram til 6. august, då Hyen er motstandar på Svelgen stadion.

I ein annan kamp i 5. divisjon onsdag tapte Vadheim /Høyang 2 med 4-0 mot topplaget Hornindal. Tabellen kan du sjå her. 

Referat vil du finne seint onsdag, eller ut på torsdag, på følgande nettstad: http://home.no.net/thorkien/

FISKEKONKURRANSE !! 22.06.2005

SVELGEN JEGER OG FISKERFORENING ARRANGERER LAURDAG 25.06 FISKEKONKURANSE FOR BARN/UNGDOM, OPPMØTE/REGISTRERING VED NAUSTET PÅ SVELGSVATN.

ARRANGEMANGET STARTER KL 11 OG VARER TIL OG MED KL 1500.


Damelaget slo Vik mandag 22.06.2005

I ein kamp i 4. divisjon for damer mandag, vann STIF 3-0 mot Vik i Svelgen. I følge Fjordenes Tidende scora Hilde Myklebust 2 mål, og storscorar Carina Solvåg eit.

Testkjøring i Straumane i dag 22.06.2005

 I dag vil vatnet flaume gjennom den nye turbinen i Straumane. Elkem Energi Bremanger (EEB) har investert 12 millionar i det nye småkraftverket.

 EEB tok til arbeidet med småkraftverket i september i fjor. Utbygginga skal utnytte fallet mellom  Sørdalsvatnet og Svelgsvatnet og gje ein årleg produksjon på om lag 7 GWh.  Det tilsvarar straum til 350 vanlege husstandar, og gje EEB ei årleg inntekt på mellom 1.5 og 2 millionar kroner.

 Denne veka var rørleggar Roald Nigardsøy på plass for å gjere siste montering på røyrgata. Elles er det Audun Ramstad AS frå Eikefjord som har gjort alt arbeidet.

- Dei har verkeleg gjort ein eineståande innsats. Eg syns resultatet er blir svært bra. Vi har vore medvitne på å ikkje prøve å kamuflere sjølve bygget i sjøhusstil eller noko slikt, men la kraftverket sjå ut som det det er, nemleg eit industribygg, seier prosjektleiar Per Helge Eikeland (bildet).

Både Svelgsvatnet og Sørdalsvatnet er frå før regulerte vatn, men fallet mellom desse har ikkje vore utnytta.

- Ein positiv sideverknad av dette er at Sørdalsvatnet ikkje vil verte så ofte og så kraftig nedtappa for at ein skal kunne halde eit visst trykk, seier Eikeland.

 Nyetableringa vil ikkje auke talet på tilsette som i dag utgjer 12 årsverk. EEB har fungert som sjølvstendig verksemd etter skilsmålet med Elkem i 1987 og produserer 650 GWh til ein omsetnad  på 135 millionar kroner årleg. Meir i dagens Fjordenes Tidende.

 

 


Feil om Florø-støtte 22.06.2005



Leiaren i Sogn og Fjordane Skjeldyrkarlag, Peter Havgaard, vedgår no at styret aldri vedtok  støtte til blåskjelmottaket i Florø framfor Davik.

 
Dagleg leiar i Fjord Shell AS, Bjørn Myklebust, er overraska og oppgitt over oppstyret støtta frå Innovasjon Norge og etableringa av mottaket på Davik har ført til.


 
I morgon reiser representantar frå Fjord Shell og Innovasjon Norge til Oslo for å få verifisert den nye avgiftingsteknologien hos NIVA.   Meir i dagens Fjordenes Tidende.


Klare for Norway-cup! 22.06.2005

Svelgen turn- og Idrettsforening (STIF) sender to lag til Norway Cup i år, eit jentelag og eit gutelag. Verdas største fotballturnering går av stabelen første veka i august. Som vi ser på bilda har begge laga fått nye flotte Umbro-draktsett frå Coop i Svelgen. Vi ynskjer lukke til!!

Orsaking frå Bremanger-rådmann

Rådmannen i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen, kom på kommunestyremøtet i går med ei orsaking for at han ikkje har svart på innkommande brev og purringar frå kontrollutvalet. Rådmannen sa at manglande tid og høve var årsaka, melder NRK Sogn og Fjordane.

Fjerner gangfelt i Svelgen 20.06.2005

Statens Vegvesen fjernar no fotgjengarfelt over heile fylket, og det gjeld som observante innbyggarar har sett, også Svelgen.
Audun Heggestad i Trygg Trafikk meiner mange overgangsfelt er reine trafikkfeller. Han er samd med Vegvesenet i at mange må bort.
I Vågsøy er nær halvparten av gangfelta over riks- og fylkesvegar fjerna, skriv Fjordenes Tidende. I Førde og Florø er førti gangfelt fjerna.  Talet på gangfelt skal vesentleg ned, ifølgje Vegvesenet. Folk skal bruke dei gangfelta som er igjen, og slik skal det bli ryddig og trygt.
Vegvesenet vil ikkje la seg intervjue av NRK. Fjerning av gangfelt er ikkje lett å forklare folk, blir det sagt. Men forsking frå USA, Sverige, Danmark og Sintef i Trondheim viser at gangfelt kan vere farleg. Særleg felt der folk sjeldan kryssar. Her blir sjåførane sløve og fotgjengarane får falsk tryggleik.
Eit av gangfelta som er fjerna i Vågsøy ligg på andre sidan av Måløybrua. Her vart ei kvinne påkøyrd og drepen.

Nye stillingar 20.06.2005

Bremanger kommune har no lagt ut fleire ledige stillingar både i open omsorg og i skulen. Trykk på link til venstre.

Nytt flott arrangement av Svelgen AmCar Club: 19.06.2005

AmCar treffet er over
80 biler og omkring 600 betalande har vore med å sette sitt preg på Svelgen denne helga.
Fint ver og prikkfritt arrangement har prega treffet. På denne linken kan du sjå
spektakulære bilder (husk å bla bortover  - der ligg seks ulike sider i linken).
Også AmCar klubben har no lagt ut
bilder på sine sider.



Dette bildet har vi fått tilsendt fra Sverre Rotevatn.

Nokon betre??

Fotball

Damekamp i Svelgen 19.06.2005


Måndag 20. juni kl.17.00 spelar Svelgen mot Vik på Svelgen Stadion.


Slo Oppstryn 4-3 borte i botnkampen

Viktig siger for STIF 18.06.2005

STIF sitt 5.div.lag tok laurdag ein viktig siger, då dei vann 4-3 borte mot Oppstryn. I følge rapportane gjorde STIF ein god kamp. Målscorarar var Geir Myklebust (på biletet, 2 mål), Arild Myklebust og Andrè Hatleset. Referat vil du finne på A-lagssida i løpet av helga.

Ved halvspelt serie ligg STIF nest sist på tabellen, to poeng foran Oppstryn. På dei 8 første kampane har STIF teke 7 poeng, alle på bortebane! STIF har berre spelt to heimekampar, og møtte då topplaga Hornindal og Vik. 
Tabellen kan du sjå her.

Førstkomande onsdag spelar STIF borte mot Jølster. Dette er siste kampen før sommarferien.

Til sals

Opel Vectra 1,6 stasjonsvogn 98 modell 17.06.2005

Interessert ? Meir info finn du her. 



Så da blei det tur på 10. klasse dette året også... 17.06.2005

Dei viste ingen ting, så det blei blåtur på dei til ålesund. Der dei fekk oppleve både båtrafting og go cart. Håper at alle hadde en kjekk tur og at dokke kosa dokke. Lykke til vidare alle samen.
 
Merethe Myklebust



Brukbare vèrutsikter for amcar-helga 17.06.2005

Medan det tidlegare i veka melde nokså mykje nedbør til helga, ser Metoerologiske Institutt (DNMI) sitt nedbørsvarsel for Svelgen betre ut fredags morgonen: Det skal lette opp fredags føremiddag, og vere nedbørsfritt til ut på føremiddagen lørdag. Då vert det, i følge DNMI, ikkje dei store nedbørsmengdene, men lett bygevèr. Lørdagskvelden vert det minimalt med nedbør, og det same er meldt for søndag føremiddag. Temperaturen vil vere om lag 12 gr.C det meste av helga, med stigande temperatur søndag.

For info om amcar-treffet i Svelgen, sjå amcar-klubben si heimeside: http://svelgen-amcar.com/


Herrelaget til Oppstryn lørdag 16.06.2005

5. divisjonslaget til STIF reiser lørdag til Oppstryn for å kjempe om viktige poeng mot heimelaget, som ligg på plassen før STIF på tabellen. Same dag møtast dei to andre botnlaga, Hyen og Vadheim/Høyang 2, i Hyen.


Nye bedriftspresentasjonar på SNR-sida 16.06.2005

På heimesida til Svelgen Næringsråd (SNR) kan du lese bedriftspresentasjonen til medlemsbedriftene Brødrene Mundal AS, og Plan og Bygg DA .

Svelgen Næringsråd er ein organisasjon, med 30 medlemsbedrifter, som har som føremål å samle næringslivet i Svelgen-området til felles innsats for å styrke næringsgrunnlaget, samt å bidra til ei positiv utvikling for næringslivet i kommunen generelt, og for dei einskilde medlemsverksemdene.

Krass rådmannskritikk 16.06.2005

Rådmannen Tor Kristian Gulhaugen i Bremanger må tole krass kritikk frå kontrollutvalet i kommunen som seier han bryt forvaltningslova ved å ikkje svare på brev. Saka skal opp i plan- og utviklingsutvalet tysdag.

Også Florø SK slit 16.06.2005

Det er ikkje berre Svelgen og Bremanger sine herrelag som slit i sine divisjonar, også Florø SK ligg på botnen i sin divisjon. Tidlegare STIF-spelar og trenar, Arne Petter Grindheim er sportsleg leiar i FSK og er ein av dei som må forklare motgangen i lokalpressa. Les meir i Firdaposten.

Kim Leirvik med juniorkrinsrekord i stav 15.06.2005

Friidrettstalentet Kim Leirvik (biletet) frå STIF sette onsdag kveld, under 2. runde i Hopp- og løpskarusellen i Florø, ny krinsrekord for junior i stavhopp. Den nye krinsrekorden er på 3,80 m, og var 1 cm høgare enn den tidlegare rekorden, som vart sett i 1989. 3,80 m er også ei forbetring av 17-åringen sin eigen klubbrekord for senior i STIF med heile 13 cm. Det er også ei like stor forbetring av krinsrekorden for 17-åringar, som Leirvik sjølv hadde.

Ingvald Ytrehus, som er og har vore Leirvik sin trenar gjennom mange år, fortel til Svelgen.no at Leirvik først byrja å trene stav i fjor sommar. I følge den stolte trenaren skuldast den store framgangen over kort tid mellom anna at Leirvik over mange år har visst stor og allsidig treningsiver innanfor friidretten. Leirvik har også i vinter hatt fleire turar til Bergen der han har fått spesialtrening i stav. Ved sesongslutt i fjor hadde Leirvik ein pers på 3,10 m. Seniorkrinsrekorden på 4,40 m, som vart sett i 1975, kan vere i fare om nokre år om Leirvik held fram den store framgangen. Leirvik er no den personen som har hoppa 3. lengst i stav i Sogn og Fjordane gjennom tidende, uansett alder. Eit stavhopp på 3,80 m for ein 17-åring gir gode 928 poeng på Tyrvingtabellen.

 

Dei andre krinsrekordane STIF har for senior og junior er: Kurt Hessvik 100 m senior og junior, Kurt Hessvik 200 m junior, og STIF 4 x 100 m junior.

 

Svelgen.no gratulerer Leirvik, og trenar Ytrehus, med den nye krinsrekorden.

Les meir på Friidrettskrinsen si netteside her.

Svelgen skule

Friluftsprosjekt 15.06.2005

Som vi tidlegare har skrive har 1. - 4. klasse ved Svelgen skule hatt friluftsprosjekt.
Klassene avslutta prosjektet med ein flott tur til Nesbø tysdag.
Sjå fleire bildeter på heimesida til Svelgen skule.


Informasjon frå 15.06.2005






Vi har nyleg tatt i bruk eit nytt datasystem, og i samband med det ynskjer vi å informere straumforbrukarane i Svelgen om følgande:

Endringar vedr. innmelding av målarstand kvart kvartal:

  1. Det vert heilt nødvendig å oppgi målarnummeret når dykk melder inn målarstanden ved kvartalsavrekning. Målarnummeret finn ein på straummålaren, og på tidlegare straumrekningar.
  2. Vi oppmodar om å bruke korta som følgde med kalendaren, som vi sende ut ved nyttår, når dykk skal melde inn målarstanden framover. Desse korta er frankerte, og mottakaren vil betale portoen. Dykk kan også bruke vår epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Mellom dei som melder inn målarstanden med kort og epost vil vi trekke ut ein vinnar som vil få 1000 kr i avslag på neste straumrekning. Om ein ikkje har avlesingskorta, kan ein også sende inn målarstand, målarnr. og namn på kunden pr. kort eller brev. Også desse vert med i premietrekninga. Kort og epost utan målarnummer vert ikkje med i trekninga.
  3. Om dykk vel å ringe inn målarstanden ber vi om at dette vert gjort etter kl. 16.00 på kvardagar. Dette fordi pågangen med målaravlesingstelefonar på dagtid er stor, samstundes som driftskoblingar o.l. pågår. Vårt gratis telefonnummer er: 800 30 175. Husk å oppgi målarnummeret dykkar.  

Endringar på våre purrerutiner:

  • Det vil i framtida kun bli sendt ei purring, og den vert i form av eit stengevarsel med ein ny betalingsfrist på 14 dagar.

Vedrørande målaravlesingar kvart kvartal:

  • Det er berre private hushaldningar som skal melde inn målarstanden kvart kvartal, d.v.s. fire gongar i året.
  • Næringsverksemder skal berre melde inn målarstanden rett over nyttår, d.v.s. ein gong i året.

Avlesingsdatoane i 2005:

  • Avlesedatoane som står att dette året er mandagane 4. juli og 3. oktober. Målarstanden skal då meldast inn innan 7 dagar. Om du er vekkreist på ein av datoane bør du melde inn standen før du reiser. Premieringa, som vart nemnt ovanfor, gjeld i første omgang ved desse to avlesingane.

Svelgen 15/6-05

Elkem Energi Bremanger AS


Meir om fjellturboka om S. og Fj. 14.06.2005

Som Svelgen.no tidlegare har skrive lanserer Selja Forlag, i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag, den 22. juni ei bok om fot-/ og fjellturar i Sogn og Fjordane. Boka omhandlar turar i tekst og bilete frå alle kommunar i fylket. Nedanfor ser du kva for turar i Bremanger kommune som er omtala:

Gjegnen

Åskora - Ålfotbreen

Troda

Hjelmevatnet

Keipen

Sande - Vingelvsetra

Moldahytta og Risesetra

Gulebrystet

Hornelen

Smalerabben

Svarstad - Vetvika


Her kan du sjå heile turlista.

Les meir om boka hjå Selja Forlag og S. og Fj. Turlag. 

Melding frå 9. klasse:

Bakarhuset åpent under Amcar-treffet 14.06.2005

 




















Laurdag 18. juni held vi i 9. klassa ope  
Bakarhuset. Vi tenkte det var eit flott

høve for kafé i samband med dette arrangementet.

Vi sel pizza, vaflar, fleire typar kake,  klippekrans, kaffi, saft, Tine-varer, m.m.

Håpar på godt oppmøte!

Helsing 9. klasse!


Nye friidretts-prestasjonar av Svelgen 12.06.2005

Her kjem ei oppsummering av Svelgen-utøvarane sin innsats under Førdeleikane som vart avvikla i dag, søndag 12.juni.

Svelgen TIF stilte med følgende utøvarar:
11åringane: Ole Martin Gjerde og Magnus Myrhol.
12 åringane: Marius Solberg, Pål Valberg, Jan Rune Nigardsøy og Daniel
Holm.
13 åring: Marita Solvang
17 åringane: Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten

Denne gongen vart det og sett mange nye personlige rekorder.
Svelgen tok fem førsteplassar, ein andreplass og fem tredjeplassar.

Bildet viser en stolt Kim Leirvik som persa på 200m og 3-steg.


Resultatlista finn du her. Der finn du også fleire bilete, mellom anna av Daniel Holm frå STIF.

Damelaget tapte heime mot Syril 12.06.2005

STIF sitt damelag tapte søndag 2-6 heime mot Syril. Ved pause var stillinga 1-5, takka vere Syril sin store effektivitet. Kampen var faktisk nokså jamn spelemessig, og STIF hadde fleire skot og headingar i stolpar og tverrliggar. Målscorarar for STIF var Carina Solvåg og Sissel Dyrstad. Tabellen kan du sjå her. 

Lene Gjerde gjorde come back i denne kampen, og vert nok eit positivt tilskot i spelarstallen framover.

Stine Sortevik, jentespelaren til STIF som denne sesongen også har spelt på damelaget til STIF, var denne helga utlånt til Bremanger IL sitt jentelag. Dei deltok på Møre-cup i Ulsteinvik, der laget vann bronsemedaljar. Les meir her.

Imponerande av mellomsteget 12.06.2005

Mellomsteget på Svelgen Skule har dei fire siste veke arbeidd med musikkprosjekt. Fredag fekk foreldre og medelevar sjå resultatet. Og det var ganske imponerande. I samla tropp song dei fleire melodiar i kor, dei har skipa band, øvd inn skodespel og dans, skrive dikt teke bilder og video og stilte med eigne konfraniserar under førestillinga. Her var det mykje å bygge framtidig kulturliv i Svelgen på!!




På det øverste bildet ser vi eitt av høgdepunkta. Marcus (fremst), David, Dag og Mads gjorde ein fantastisk artig miming av Barbie girl og såg verkeleg ut som skikkelege jålejenter. Det gjekk ei stund før publikum klarte å fange opp kven dei søte barbiane var. Tøft gjort!  Alle på scena er gutar, og heilt til høgre ser vi den einaste i gutekle, sjarmøren Ken (Thomas).

På det andre bildet ser vi gitargruppa som framførte mellom anna Mykje Lys og Varme i sin orginalversjon. Tidlegare på kvelden fekk vi også høyre den meir humoristiske Odin-versjonen.




Nederst er bilde av ei av gruppene som hadde ei rap-framføring med stor innleving! På bildet midt på sida ser vi  heile den flotte gjengen samla i kor med akkompagnement av gruppa utan namn framføre Dreamer med Ozzy Osbourne med rektor Kåre Myklebust som stolt tilskodar heilt  til høgre i bilde
t.

Innovasjons-direktøren:

- Positivitet i Svelgen 12.06.2005

- Det er utruleg mange gode idear og masse positivitet i Svelgen, sa ein opprømt Innovasjons-direktør Halvor Flatland etter besøket denne veka. Han vart invitert til å delta på medlemsmøtet i Svelgen Næringsråd og etter initiativ frå Bjørgulf Myklebust stilte han seg også til disposisjon til å møte innovatørar frå heile kommunen på dagtid. Det vart ein stor suksess.

- Eg må sei eg er imponert over evna til nytenking og har møtt ein masse interessante folk med gode idear. Faktisk har pågangen vore så stor at eg har vore nøydd å avvise folk, fortel Flatland til Fjordenes Tidende.

Kva ideane går ut på vil han naturleg nok ikkje komme inn på, men nemner reiseliv og meir internasjonale satsingsområder.

- Innovasjon Norge sin visjon er ”frå lokal idè til global mogelegheit“. Vi kan hjelpe til med å knyte kontakter og har nettverk i over tredve land. Men før ein kjem så langt er det viktig å ha tilgang til kunnskap og dernest risikokapital. Dette er noko av det eg har prøvd å vidareformidle i dag, seier Flatland som rosar Svelgen Næringsråd.

- Det virker som ein særs oppegåande organisasjon med aktiv web-side og ekte stå-på-vilje. Mellom anna er eg blitt fortalt at ein jobbar med å få til ei eiga ressursgruppe der nyetablerarar kan få hjelp til å komme seg vidare. Det er utruleg positivt, seier Halvor Flatland.

Leiaren i Svelgen Næringsråd, Bjørulf Myklebust, er særs nøgd med besøket frå Innovasjon Norge.

- Det var veldig gledeleg at ein fekk såpass stor respons frå dei som tenker på å etablere seg. Også på medlemsmøtet vart det godt utbytte med orientering om Innovasjon Norge og mange uformelle samtalar, seier Myklebust.

Han meiner den store responsen vitnar om at kommunen snarast treng eit oppegåande næringsapparat. Så langt har ikkje næringsrådet teke stilling til om dette skal bli ei vidareføring av Bremanger Vekst eller ein næringssjef integrert i kommuneadministrasjonen.

- Eg personleg har tru på ei vidareføring av Bremanger Vekst, men næringsrådet har ikkje handsama det som sak. Men vi må ha på plass eit apparat ganske kjapt no, seier Myklebust som i mellomtida tek saka i eigne hender.

- Det stemmer at vi jobbar med å etablere ei ressursgruppe der etablerarar kan ta kontakt for å få hjelp. Vi reknar med å ha dette på plass i løpet av hausten, seier Myklebust og understrekar at gruppa skal arbeide idealistisk og at målet er nyskaping i kommunesenteret.


Friluftsliv for dei minste 12.06.2005

I tre dagar har dei minste elevane i Svelgen hatt friluftsprosjekt. Skuledagen har starta med å reise opp i dalen med stopp på idylliske Myklebustsætra, skriv Fjordenes Tidende fredag.

- Målet har vore at alle elevane skulle gjennom seks postar. Mellom anna har dei plukka brennesle og laga suppe av det, fortel klassestyraren til 3. klasse, Vibeke Kjerpeseth.

Då Fjordenes Tidende var oppom var elevane i full gang med å koke dei grøne blada for open eld, og dei forsikra om at det kom til å smake godt.

- Dei aller fleste som har smakt på suppa syns det var godt. Vi har oppskrift og det er putta oppi både creme fresh, smør og buljong, så det vart smakfullt til slutt. Mange meiner det smakar berneaise-saus, fortel Kjerpeseth om ”Muskelsuppa”. På bildet ser vi  ein gjeng som lagar tomatsuppe på stormkjøkken.

Lenger inne i skogen heldt ei gruppe på å leite etter småkryp og det vart funne både padder, rumpetroll og anna som kravla. Andre elevar sat med skarpe knivar og spikka seg flotte piler og bogar som truleg vart flittig brukt etter skuletid. Ved vasskanten sto ei titalls elevar og prøvde fiskelukka.

- Den andre gruppa fekk fisk, og då må vi også få, meinte Vegard Strandos som sto med vatn opp til støvlekanten.

Lenger ut i sjøen kom to kanoar med ein vaksen og to elevar om bord. Elevane padla og foreldre og lærarar prøvde å vise rett lei, og ikkje minst forklare kva side åra skulle brukast på og kva veg den skulle gå. Etter ein del koordineringsproblem gjekk etterkvart begge kanoane rett fram.

- Elevane har verkeleg storkosa seg og vore veldig engasjerte, fortel Vibeke Kjerpeseth etter at klassane var vel tilbake ved pultane i fredag. Fleire bilder i Fjordenes Tidende fredag.


Symjing

Resultat frå Førde-sprinten forrige helg 12.06.2005

STIF stilte med mange symjarar på stemnet i Førde 4. og 5. juni, og resultata kan du sjå her.

STIF på tabellbotn etter 1-5-tap heime 12.06.2005

Laurdag tapte STIF 1-5 heime mot Vik. Referat vil du truleg finne på A-lagssida i løpet av søndagen. Gutespelaren Tor Erik Nigardsøy, som endå ikkje er fylt 16 år, fekk sin seniordebut mot Vik. Biletet t.v., av Nigardsøy, vart teke av Firdaposten på Norway Cup 2004. Der spelte Nigardsøy på dispenasjon for STIF sitt smågutelag.

STIF ligg no på sisteplass i 5. divisjon. 

Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart medlem nr. 28, Steinar Loftheim. Scoringsklubben har no 38 medlemar, men det er ikkje for seint å verte medlem. STIF har til no scora 11 mål på 7 kampar, og om det scoringssnittet held fram ut sesongen, betalar kvar medlem ca 250 kr til drift av Fotballgruppa sine mange lag. Meir info om Scoringsklubben finn du på seniorlaget si heimeside: http://home.no.net/thorkien/ 

Også det andre herrelaget i kommunen, Bremanger IL, slit. Dei ligg sist i 4. divisjon, med 4 poeng etter 8 kampar.

5. div. kampen laurdag går likevel i Svelgen 10.06.2005

Det har vore litt for mykje fram og tilbake vedr herrekampen Svelgen-Vik, men det er no endeleg bestemt at kampen likevel går på Svelgen stadion laurdag 11/6 kl. 1500.

Ei veke til Amcar-treffet i Svelgen 09.06.2005

Neste helg er det AmCar-treff, og vi håpar sjølvsagt at finveret kjem til då!  Treffet har no fått eiga heimeside som du han sjå her. Her kan du lese program og sende ei helsing gjennom gjesteboka.

Også på Bremanger kommune si nettside kan du sjå programmet og info om "Svelgen-treffet". 

Klikk deg inn på denne linken: http://www.sognadrag.com/  og sjå videoane av dragsteren til Sognadrag.

Heimesida til "Night Hawks", som skal spele til dans på Samfunnshuset laurdagen, finn du her. 

Redaksjonen i Svelgen.no oppmodar lesarane om å støtte opp om "Svelgen-treffet".

Ny bok om fotturar i Sogn og Fjordane 09.06.2005

Selja Forlag i Førde kjem 22. juni ut med ei bok som omhandlar fot-/ og fjellturar i Sogn og Fjordane. Boka omhandlar turar i tekst og bilete frå alle kommunar i fylket. Svelgen.no kjenner ikkje til kva fjellturar som er omtala, men det er ikkje urimeleg at turen til Risekeipen (litt t.v. for midten av biletet) vert beskriven.

Les meir om boka hjå Selja Forlag og S. og Fj. Turlag. 


Skuleinnbrod oppklart 07.06.2005

Fleire av dei mange PC-tjuveria i fylket i år er no oppklarte. Det har kome tilståingar i innbrota både i Askvoll, Svelgen og Førde, melder NRK Sogn og Fjordane no i ettermiddag.

Meir om Svelgen sitt vinnarlag i helpekorps-DM 06.06.2005

I Firdaposten  tysdag og Fjordenes Tidende måndag kan du lese meir om, og sjå bilete av Svelgen Røde Kors Hjelpekorps, som gjekk til topps i DM for hjelpekorps. Svelgen sitt lag bestod av: Sissel Myklebust, Marit Myklebust, Trond Kvellestad, Arne Rebni, Asbjørn Sande og lagleiar Leo Cirotzki.

Har du ein gard til overs? 05.06.2005

Ordføraren helsar til kommunen sine innbyggarar:
"
Lite_Kaare20Olav3.jpg
Vi har utruleg mange hus i Bremanger som står tomme heile eller mesteparten av året. Til no har ein klart å få andre til å slå jorda som høyrer til mange av desse slik at det ser velstelt ut, men etter kvart blir det nok av tilleggsjord. Derfor vil nok mange småbruk gro igjen om vi ikkje finn på nye løysingar.

Vi har innflyttarar som er på jakt etter gardsbruk dei kan overta og drive vidare. Har du vurdert om dette kan være ei løysing – selje eigedomen og kanskje byggje ei hytte i staden for slik at du fortsatt kan feriere i Bremanger utan å må bruke all tid på vedlikehald og stell av eigedomane. Då får du muligheit å nyte tilværelsen og få tid til å være med på alle aktivitetar som er planlagt i løpet av sommaren.
Kulturlivet i Bremanger er tufta på mangfald og variasjon, med arrangement gjennom heile sommaren. Sommerakademiet i Kalvåg har spennande opplevelser og kunnskapsbaserte aktivitetar innan kunst og kultur heile sommaren. Likar du brummande bilar er Svelgen staden 17.-19.juni, då blir det arrangert Amcar-treff i sentrum.

Bremanger Rockweekend 14. – 17. juli hevdar seg på høgd med nasjonale og internasjonale arrangement. Friluftsåret blir markert med Vetenløpet 9.juli, det går frå ”fjære til fjell” til fjellplatået Veten 527 meter over havet.

Landsstemne til Forbundet Kysten blir arrangert i Kalvåg 28. – 31.juli. Til dette stemne er det venta 5-600 båtar og 10.000 besøkande.

Vi forventar mange tilreisande til kommunen i sommar. Dette er viktig for dei som driv utleige og servering, men det er også viktig for vårt omdømme utad. Ta derfor godt imot dei som kjem. Husk at den viktigaste reklamen er godord frå dei som har vore på besøk og er fornøgde med det dei har sett og opplevd.

GOD SOMMAR ALLE SAMAN! "
(henta frå Bremanger kommune sine heimesider
www.bremanger.kommune.no)

Vi ynskjer god sommar tilbake til ordføraren vår, Kåre Olav Svarstad!!


Endeleg poeng til STIF 05.06.2005

I ein kamp i 5. divisjon søndag spelte STIF uavgjort 4-4 mot Kaupanger 2, som ligg på 2. plass på tabellen. STIF låg under 2-4 når 3 minutt stod att av kampen. Referat frå kampen finn du på A-lagssida.

I ein annan kamp i 5. divisjon søndag vann Oppstryn 6-3 over Vadheim/Høyang 2, dermed ligg sistnemnde sist på tabellen med 3 poeng. Sjå tabellen her. 

Neste kamp for STIF er mot Vik på Svelgen stadion laurdag 11/6 kl. 15.00.

Hus til sals på Langeneset 05.06.2005

 Einebustad med garasje på Langeneset til sals (Erlevegen 19).
Oppført i 1965. 

Fem soverom (tre store og to små), stor stove med parkett, eikekjøkken, tørr vaskekjeller, gode boder og mange innebygde skåp, bad/dusj i kvar etasje.


Glasert takstein, vedlikehaldsfri og evigvarande.
Stor hage/rolig område. Panoramautsikt over Svelgen.


Vising/informasjon/bod Ingrid Elisabeth Haugen tlf. 57793606/92261787 ingrid@haugen.no

Prisantydning: ca. 800 000,- kroner.  

 


Turorienteringa til STIF er lagt ut 05.06.2005

Den tradisjonsrike turorienteringa er no lagt ut, og STIF ønsker nye og gamle medlemar velkomne til ny dyst i skog og mark. Postane ligg i området Nesbø – Omvendeskaret,  Langevatn – Vingevatn og Rise –Risesetra. Postane blir hengande ute til slutten av august. I år er det lagt ut 24 postar med litt ulik vanskelighetsgrad.

 

Pris pr. pose 50 kr, klippekort kr 20. Materiell selgast på Svelgen Motorsenter (Statoil).

Meir info finn du her.


Svelgen til topps i DM for hjelpekorps 04.06.2005

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps deltok helga i Distriktsmesterskap for hjelpekorps, som vart arrangert i Sogndal. Dette er ei fylkesvis tevling der vinnaren i kvart fylke kvalifiserar seg til NM for hjelpekorps. Svelgarane gjorde ein strålande innsats og gjekk heilt til topps i DM!! Dei to foregåande åra har Svelgen teke 3. plassen i DM.

Svelgen.no gratulerer !! Vi kjem truleg tilbake med meir info frå DM.
 

Vil legge ned Bremanger Vekst

Styremedlem i Bremanger Vekst, John Ove Bratseth meiner at Bremanger Vekst ikkje har livets rett lenger.

 


FOTO: ÅGE SENNESET
- Slik situasjonen er i dag er eg ikkje i tvil om at ei vidare drift av dette selskapet ikkje gagnar kommunen sine mål eller næringslivet sine behov. Eg vil ta initiativ overfor dei folkevalde om at dei finn andre løysingar for eit oppegåande næringsapparat enn det vi har i dag med Bremanger Vekst, seier Bratseth.

I følgje Bratseth er den einaste mogelegheita for at Bremanger Vekst kan halde fram er om det vert tilført vesentleg meir pengar til selskapet.

- Per i dag har ikkje Bremanger Vekst økonomisk ryggrad som gjer at dei er i stand til å støtte gode idear frå etablerarar. Eg vil seie det så sterkt at ambisjonane som ligg nedfelt i strategisk næringsplan ikkje står i forhold til midlane selskapet rår over, hevdar Bratseth.
Meir i papirutgåva av Fjordenes Tidende fredag.

Nyhende på Svelgen Næringsråd si side 04.06.2005

Nyhende frå næringslivet: http://www.snr.svelgen.no/

Fråfall av lag i 4. divisjon for damer 03.06.2005

I damelaget til STIF sin divisjon har både Lavik og Lærdal falle frå. Dei fire laga som er att har blitt einige om å spele 3 kampar mot kvarandre, slik at kvart lag får 9 kampar.

STIF sin neste kamp er i følge oppsettet heime mot Syril 12. juni. Svelgen har fått 5 heimekampar og 4 bortekampar. Sjå terminlista her.

Fotball herrar 5. divisjon

STIF til Kaupanger på søndag 02.06.2005

Søndag 5. juni spelar Torgeir Vårdal (biletet) og STIF borte mot Kaupanger 2. Kampen går på ei av grasbanene på Sogndal sitt treningsfelt på Hafslo (NB: endring) kl. 15.00. Kaupanger 2, som er nyoppykka, har starta sesongen svært godt, og etter 5 kampar har dei fire sigrar og eit tap, og ligg på 2. plass. STIF ligg nest sist, med ein siger og fire tap.

Dei to laga som ligg rundt STIF på tabellen, Vadheim/ Høyang 2 og Oppstryn, møtast til dyst i Oppstryn søndag. Om Oppstryn tar poeng i den kampen, må STIF ta minst eit poeng i sin kamp for å unngå sisteplassen i 5. divisjon. Sjå tabellen her.

Torgeir Vårdal er no inne i sin 18. sesong på rad på A-laget til STIF. Han har i inneværande sesong spelt alle 6 kampane til STIF. Om Vårdal spelar minst 10 av dei 11 gjenståande kampane vil han passere 400 seniorkampar for STIF. Det er berre tre andre spelarar som har nådd 400 seniorkampar i STIF. Vårdal debuterte på A-laget i 1988, då nokre av lagkameratane hans på STIF anno 2005 enno ikkje var fødde. Ut frå desse tala og årstala kan det verke som Vårdal er ein gamal mann, men faktum er at karen berre er 34 år og at han framleis er rask, sprek og "nokså lett på foten".

A-lagssida kan du sjå oversikta over alle med over 100 seniorkampar (og mykje annan statistikk om A-laget), om du går inn på Statistikk.

Snart Am-Car treff i Svelgen 02.06.2005

Amcar-treffet i Svelgen nærmar seg med stormskritt.

 Klikk deg inn på denne linken
http://www.sognadrag.com/ 

og sjå videoane av dragsteren til sognadrag.
 


Ein ekte helt 01.06.2005

Stian Hansen (22) frå Svelgen redda livet til føraren av ulukkesbilen som hamna i sjøen etter ei dramatisk utforkjøring i Birkelia laurdag.

 

- Eg gjorde vel berre det dei fleste andre ville gjort, seier Stian Hansen til Fjordenes Tidende i dag.

Det er lensmann Hans Rune Strandos ikkje så sikker på.

- Hansen reagerte utruleg kjapt og korrekt, seier Strandos som har hatt rumenaren inne til forklaring.

- Han fortalde at bilen gjekk svært raskt til bunns. Heldigvis hadde han belte på seg, slik at han sat fast i setet og ikkje vart slengt rundt. Han hadde ikkje fått opp døra, men til alt hell var ei rute knust. Han forklarte at han tok spenntak og kom seg opp til vassoverflata. Då såg han folk på vegen og ropte ”help help”. Etter dette gjekk han under ein gong til og huska ikkje noko meir før han låg på land, fortel Strandos.

- Stian Hansen utførte ein bergingsdåd og redda mannen frå den visse død. Det er eg heilt sikker på. Han fortener all mogeleg ros for innsatsen sin, seier han.
 Les heile historia til Stian Hansen i dagens papirutgåve 


Innovasjon Norge i Svelgen 7. juni 01.06.2005





HAR DU EIN IDE ELLER PROSJEKT DU ØNSKER Å REALISERE ?

Den 7. juni 2005 kjem regionsdirektør Halvor Flatland i Innovasjon Norge til Svelgen. Han vert å treffe på Bremanger Vekst sine kontor i Svelgen Næringsbygg på Rise i Svelgen. Fra kl 10.30 til kl 16.00 samme dag.

Avtal direkte med Flatland om du vil ha eit møte:

Halvor Flatland
Tlf: 57 65 19 40/60
Mob: 95 78 14 93
E-post:
hafla@invanor.no

Gjennomførast etter initiativ frå Svelgen Næringsråd og Bremanger Vekst.

http://www.innovasjonnorge.no


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov