Arkiv Des 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Hugs å lese av straummålaren 28.12.2007

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Ved januaravlesinga skal også nærings- verksemder melde inn målardata. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

EEB sin kalendar kom nyleg ut i postkassene til folket i Svelgen, og EEB oppmodar om at ein nyttar denne slik at ein hugsar på avlesingsdatoane m.m. I kalendaren finn ein også frankerte avlesingskort som kan nyttast. Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.



Havari ved Elkem julafta 26.12.2007

Melding fra verksleiinga ved Elkem Bremanger:

 

Etter reparasjonen av vifta etter forrige havari, 2/11, har vi anskaffet et
nytt balansert viftehjul som vi planla å montere inn i uke 2. Det gamle
viftehjulet har dessverre havarert igjen nå juleaften og skal skiftes ut så
snart som praktisk mulig. Myndighetene  er varslet.


Bandits på hotellet nyttårsafta 26.12.2007

Creedence–Skynyrd–G.Moore–Purple–Gasolin–Abel’s Mods –Animals–Nazareth –Dire Straits og mange andre dansbar, anerkjente ’70 talls klassikere, står på repertoarlisten til guttene, når de på tredje gang i år kommer til å entre scenen på Svelgen Hotell. Nyttårsdans med nystarta Bandits i fjor vart et vellykket arrangement. Så håper vi at like mange finner veien til enndå ei koselig nyttårsfeiringa på hotellet også i år….

Arrangør :

www.svelgenhotell.no

Mer informasjon :

www.bandits.no


Heimalanne på Samfunnshuset 29. desember 23.12.2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

HEIMALANNE spelar opp til dans på Svelgen Samfunnshus laurdag 29. desember.

Dørene opnar kl. 2100. 18 års aldersgrense. Servering.

Les om gruppa på heimesida deira.

 


- Den beste julegåva 23.12.2007

 

- Dette var den beste julegåva vi kunne få. No blir det lettare å få utført  prosjekteringsarbeidet for opprusting av vegen mellom Flora og Måløy via Svelgen. Det seier Bjørgulf Myklebust i Svelgen Utvikling etter at Sparebanken Sogn og Fjordane denne veka gav 200.000 kroner til prosjekteringsarbeidet som vekstselskapa i dei tre kommunane er midt oppe i.

 

Sunnfjord 2020, Bremanger Vekst og Hamn KF, Svelgen Utvikling og Måløy Vekst er i full sving med å kartlegge verdiskapinga og vekstpotensialet i dei tre kommunane dersom vegstandarden og kommunikasjonane vert betre. Dei skal også kalkulere kva ei skikkeleg opprusting og rassikring av  kystvegen frå Florø til Måløy via Svelgen vil koste i tillegg til fullføring av Bremangersambandet.

 

Veg skapar vekst

- Vi syns dette er eit spennande og viktig arbeid for å skape vekst og utvikling på kysten. Ikkje minst med tanke på ei eventuell etablering av Elkem Solar i Svelgen og 200 nye arbeidsplassar, er betre kommunikasjonar sentralt. Derfor valde vi å støtte dette viktige arbeidet med gåvemidlar slik vekstselskapa i dei tre kommunane har søkt om, seier regionbanksjef Johan Magerøy i Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

Felles bu og arbeidsområde

- Utvikling av eit felles bu og arbeidsområde på aksen mellom Florø og Måløy er sentralt for å styrke lokalsamfunna og verdiskapinga på kysten. Derfor er målet vårt, som blinkar der framme, å få samanhengande gulstripe på vegen mellom Florø og Måløy ein vakker dag, seier Bjørgulf Myklebust i Svelgen Utvikling.

 

Prosjekteringsarbeidet, som dei tre kystkommunane har sett i verk, skal vere ferdig innan utgangen av februar neste år.

 

 

 


Juletrefest fredag 28/12 22.12.2007

Den tradisjonelle juletrefesten vert arrangert fredag 28. desember. Festen, som er på Svelgen Samfunnshus, tek til kl. 17.00.

 

Inngangsbiletten er kr. 25 pr. pers, eller kr. 100 for familiebillett.

 

Arrangørane ønskjer velkomen til ei hyggeleg stund på samfunnshuset.


Vert arrangert for 22. år på rad

Molleyturnering 3. juledag 21.12.2007

  Tid: 27. desember kl 1700

Stad: Svelgen idrettshus

   

Ta initiativ, få med slekt, vener, kjende,

og meld på lag.

 

Påmelding innan 27/12 kl. 12.00 til:

 

Frank Midtbø, tlf 57793700 / 91666879

Frank Hatleset, tlf 57795549 / 91616698

 

25 kroner per pers

NB: Hugs 2 damer på kvart lag


INC Bedrifts-cup i februar 2008 21.12.2007

INC Vedlikehold Svelgen AS melder at bedriftscupen vert arrangert i februar 2008. Les meir om dette på Svelgen Næringsråd si heimeside.

Svelgen Hotell 2. juledag

Danseduoen MIX 21.12.2007

Mix er en duo fra Årdal som ble startet høsten 2000.
Duoen består av to erfarne musikere med lang fartstid.
Bent Vadseth spiller gitar og synger. Bent er også kjent som en svært dyktig trubadur og har også erfaring fra diverse musikkprosjekt og band. Frank Johansen trakterer keyboard. Frank har mange års erfaring som dansemusiker blant annet som medlem i orkesteret Frank Tores. Mix har et allsidig reportoir som dekker alle aldersgrupper. Her kan nevnes gamle slagere av Elvis, Creedence, Beatles til nyere ting av Robbie Williams og U2. Mix er også kjent for stor spilleglede, godt humør og god lyd. Opplev duoen på Svelgen hotell 2. juledag!

Onsdag 26 des. kl 21.00. Førehandssal av billetar. Cover kr. 160,- (aldersgrense 20 år)


God jul til alle lesarar og sponsorar 18.12.2007

Redaksjonen i Svelgen.no ynskjer alle lesarar, brukarar og sponsorar av nettavisa ei god jul! 

 Vi tar no juleferie, men kjem tilbake etter juleveka. Vi vil spesielt ynskje alle utflytte svelgarar fjernt og nært ei god julehelg, på vegner av heile bygda!

 Redaksjonen ville bli veldig glade for rapportar om korleis de feirar jula der de enn måtte vere! Gjerne med bilder!


Juleferie for barnetrimmen! 20.12.2007

            

 

  Barnetrimmen har tatt juleferie og startar opp att fredag 04.januar.

 

  Vel møtt!


Julegåve til Svelgen-samfunnet 20.12.2007

Les meir om dette på Svelgen Næringsråd si heimeside.

Hugs å lese av straummålaren 19.12.2007

 

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Ved januaravlesinga skal også nærings- verksemder melde inn målardata. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

 I løpet av romjula/rett over nyttår kjem EEB sin kalendar ut i postkassene til folket i Svelgen, og EEB oppmodar om at ein nyttar denne slik at ein hugsar på avlesingsdatoane m.m. I kalendaren finn ein også frankerte avlesingskort som kan nyttast. Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


11 døgn på rad utan nedbør 20.12.2007

Desember månad har så langt vore uvanleg nedbørsfattig. I dag tidleg, torsdag 20/12, var det 11. døgnet på rad utan ein drope i nedbørsglaset til Elkem Energi Bremanger. Til no i desember har ein målt 89 mm nedbør i Svelgen.

 

I følgje vèrvarselet til Meteorologiske Institutt vert neste døgn med mykje nedbør sjølvaste julaftan. Det ser ut til å bli nokså mildt, så julaftan ser det ut til å bli "normalt" Svelgen-vèr i desember...


Slår ring om Gulhaugen 18.12.2007

Rådmann, Tor-Kristian Gulhaugen, skal ha plassert over 370 millionar kroner i risikofylte verdipapir utan at politikarane viste om det. Ingenting stod i rekneskapen. NRK Sogn og Fjordane har ringt alle representantane i kommunestyret i Bremanger kommune. 14 av 23 medlemmar svara på førespurnaden. Vi stilte følgjande spørsmål: Kva hadde du svara om framtida til rådmann, Tor Kristian Gulhaugen, skulle avgjerast i dag. Må han gå, eller får han fortsette? 14 av 23 medlemmar svara på henvendelsen frå NRK Sogn og Fjordane. - Eg vil at rådmannen skal bli sittjande. Vi er i ein situasjon der vi treng både rådmann og anna mannskap, seier Einar R. Kjerpeseth frå Senterpartiet.


Viktige dagar for Bremanger kommune 18.12.2007

I dag skulle Bremanger kommune møte Fylkesmannen, der dei skulle få vite om dei må om dei må selje obligasjonane med tap. Dette møtet er no utsett til over nyttår.

I morgon skal politikarane vedta budsjettet og så møte folket i kommunen, skriv Fjordenes Tidende i dag.

Bremanger og Vik kommune får i dag vite om dei har brote kommunelova i samband med Terrainvesteringane.

Juridisk rådgjevar Arvid Mellingen hos Fylkesmannen seier til NRK Sogn og Fjordane at dei vil informere Bremanger og Vik kommune før dei går ut med konklusjonen, men stadfestar at det no er klart kva som bli følgjene.

Dersom kommunane har brote kommunelova, risikerer dei å måtte selje obligasjonane med tap.

Det betyr at det blir ein vanskeleg budsjettprosess for politikarane i morgon. Så langt i budsjettet er det ikkje teke høgde for at det blir tap.

Etter budsjettmøtet skal leiinga i kommunen arrangere folkemøte, først i Svelgen og så på Hauge.

BILETSERIE Realen feira 25 17.12.2007

 

I Firdaposten kan du sjå biletserie fra Realens bursdagsfest    her  


Utbetring av Svelgen-Grov:

Stortingsrepresentant Starheim krev minister-svar 17.12.2007

Stortingsrepresentant Åge Starheim ber næringsministeren avklara kva regjeringa kan stille opp med for å få den nye Elkem Solar-fabrikken til Svelgen. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Elkem Solar har signalisert at betre infrastruktur som t.d. veg er ein føresetnad.

Difor vil Starheim vite om regjeringa vil gje ekstra-løyving til opprusting av vegnettet i Bremangerområdet sidan dette ikkje er prioritert i Nasjonal Transportplan.

 

Fjordenes Tidende skriv i dag at Bjørgulf Myklebust i Svelgen Utvikling vil ha garantiar for oppgradering av Rv 614 mellom Svelgen og Grov. - Når det er snakk om næringsutvikling er dette det klart viktigast for vår region, seier Myklebust.
Bakgrunnen er Elkem sine planar om bygging av ein ny solcellefabrikk og for at Svelgen skal vere med i kampen om denne må det satsast på infrastruktur. Med seg på laget har han fått næringsapparatet i heimkommunen, samt Vågsøy og Flora.

- Det er veldig viktig å understreke at dette ikkje er vegbygging som skal konkurrere med prosjekt som er prioriterte, men skal få midlar som ein del av ei satsing på næringsutvikling, seier Myklebust.

Elkem skal i løpet av 2009 avgjere kvar den andre Solar-fabrikken skal byggjast. Og Myklebust ønskjer at valet skal verte Svelgen. Men då må det ligge ein plan for opprusting av vegen frå industribygda og sørover. Etter eksisterande planar skal andre byggjesteg av fastlandssambandet til Bremanger vere i gong.

Les heile saka i papirutgåva til avisa måndag 17. desember.


Stemningsfull julekonsert i kapellet 17.12.2007

 

Svelgen Kapell var heilt full under den tradisjonsrike julekonserten i helga.  Svelgen Songlag med dirigent Grethe Berntzen og Svelgen skulemusikk med aspirantar med dirigent Fay Løvseth stod for dei musikalske innslaga der også kyrkjelyden var med på allsong. Norvall Klungresæter og Ludmila Matviyenko akkopangerte med høvesvis orgel og piano. Tore Myklebust heldt andakt og Torgeir Eidsvik sytte føre å knytte det tettpakka programmet med julesongar saman under konserten. I år hadde ein også fått med seg gitaristane Emil Kjerpeset og Jonas Dyrstad Valberg til den svenske folketonen "Mitt hjerte alltid vanker". På bildene ser vi Svelgen Songlag og fire representantar frå Svelgen skulemusikk som stod for eitt av høgdepunkta under konserten; framføringa av "O helga natt".

 


Neppe kvit jul i Svelgen i år 15.12.2007

Det blir neppe kvit jul i Sunnfjord i år, melder Firdaposten. Mellom to og fem grader og rolige vindforhold, er det som er varsla.  

Verket feirer 80 års jubileum med åpen dag 31. mai 2008

 

På den 14/11-1928 hadde rujernovnen, ovn 1, den aller første jerntappingen, og markerer en viktig milepæl i bedriftens og lokalsamfunnets historie. Elkem Bremanger vil feire dette med flere arrangementer i løpet av neste år.

 

På lørdag 31/5-08, kommer vi til å lage til et utearrangement for alle aldersgrupper ved båthavna, med bl.a. underholdning, mat under tak og omvisninger. Adgang blir gratis.

 

 

Programmet er under arbeid, og nærmere info vil bli gitt senere. Det som er viktig nå er å merke av datoen!

 

Vi benytter anledningen til å invitere lokale leverandører, organisasjoner og lag å melde sin interesse i å delta. Innvandrere til nærområdet oppfordres også til å varte opp med kulturelle innslag. Under visse betingelser vil bedriften yte økonomisk støtte til lokale lag og matlaging osv. Ta gjerne kontakt med oss ved roar.hatlenes@elkem.no eller robin.ephithite@elkem.no


Julekonsert førstkommande laurdag 14.12.2007

Den tradisjonsrike julekonserten i Svelgen kapell vert laurdag 15. desember k. 17.00. Lokale musikalske krefter bidreg.
 
Tore minner også om gudsteneste i Svelgen kapellet julafta kl. 16.00

Invitasjon til informasjonsmøte 14.12.2007

 

Det blir informasjonsmøte om Terra-saka onsdag 19.des.

Kl. 16.00 Rådhuset i Svelgen
Kl. 19.30 Bremangerhallen/Hauge skule

 

TIL INNBYGGARANE I BREMANGER KOMMUNE

 

Vi har vore i gjennom ein kaotisk periode for kommunen med mykje medieomtale grunna vårt engasjement i Terra.

 

Det har skapt mykje frustrasjon og usikkerheit for alle berørte, det gjeld både innbyggarar, ansatte i kommunen og politikarar. Mykje tid og ressursar er sett inn for å få oversikt over situasjonen, men kompleksiteten   og konkurs har gjort at arbeidet har teke lenger tid enn rekna med.

 

I perioden skulle det heilt sikkert vore informert meir ut til alle, det må vi beklage ikkje er blitt. Det har vore så mykje usikkerheit og varierande tal at det truleg ville skapt ennå meir frustrasjon.

Vi har sett saman informasjon i dette heftet (TRYKK PÅ LINK UNDER Les meir... red. anm.) med fakta så langt og håpar det kan gje svar på nokre av dine spørsmål. Det viktigaste hadde sjølvsagt vore å kunne gje svar for verknadane i åra framover. Dette er det ingen som har oversikt pr i dag. Det blir mange faktorar som kjem til å spele inn som vi dessverre har lita styring over sjølve.

 

Vi har eit felles mål om at Bremanger fortsatt skal vere ei god kommune å bu i.

  Les meir...  

 

Med helsing

Bremanger kommune

 

Kåre Olav Svarstad

-ordførar

 


NVE:

Bremangersambandet går ut over kraftanlegg 14.12.2007

Bremangersambandet kan føre til at eit av kraftmagasina til Elkem kan forsvinne, melder NRK Sogn og Fjordane.

 

NVE åtvarar mot av Vingevatnet som er ein del av kraftanlegget Elkem sin fabrikk i Svelgen kan få ein voldsom lekkasje. Regionssjef Gunnstein Brakestad i NVE seier det er dei spesielle grunntilhøva som kan skape problem.

 

- Det har vist seg at i enkelte situasjonar kan bli uventa stor inntrening av vatn i tunnelar, seier han.

Det er byggjinga av ein tunnel på den planlagde del to av Bremangersambandet som kan skape problem. Årsaka er at grunnen under vatnet er ei overgangssone mellom konglomerat og sandstein. Når tunnelen skal gjennom dette kan vatnet komme strøymande og Elkem kan gå glipp av verdifull kraft.  .

 

Les heile saka på NRK sine sider.


Ledig stilling:

Elektromaskinist til Elkem Energi 14.12.2007

Elkem Energi Bremanger har ledig stilling som e lektromaskinist på driftsentralen (5 skift) med mulighet for overgang til drift-/vedlikeholdstaben som idag omfatter 8 mann. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.


Referat fra Ekstraordinært årsmøte i STIF. 12.12.2007

 

   

        Les på STIF si heimeside  her

 

   

 


Bremanger kommune vil orientere innbyggjarane:

Folkemøte om Terrasaka 19. desember 12.12.2007

Ordførar Kåre Olav Svarstad lovar innbyggjarane all informasjon dei har tilgjengeleg.
- Vi sender ut skriv i posten og den 19. desember vert det folkemøte, opplyser Svarstad.
Etter sterkt press og mange oppmodinga kjem informasjonen innbyggjarane og politikarar har etterlyst i samband med Terra-skandalen. I første omgang vil ordføraren sende ut skriftleg informasjon til innbyggjarane i kommunen.

- Eg har brukt heile helga på å skrive og vil venteleg ha det ferdig til utsending i morgon (onsdag, jour. anm.), seier Kåre Olav Svarstad.


Ordføraren har også planlagt folkemøte. Det første vert i Svelgen på ettermiddagen den 19. desember og det andre i Bremanger same kveld.

- Vi skulle eigentleg ha kommunestyremøte den 18., men då er får vi vite resultatet av granskinga fylkesmannen har gjort i Terra-saka. Derfor er kommunestyremøtet utsett ein dag, seier Svarstad.

Les meir om Terra-saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende i dag, onsdag

Realen feirar 25 år 12.12.2007

 

I Firdaposten kan du lese meir og sjå bilder fra 2000 og fram til 2007     her


Invitasjon til bursdagsfest 14. desember 11.12.2007

Fredag 14 desember fyller jeg 25 år. HURRA.
Derfor vil jeg invitere alle mine venner fra 25 år tilbake og frem til i dag på party. Festen starter kl: 19.30 avsluttes kl: 24.00. Du vil få servert kake og kaffe. Kiosken er også åpen.
I kjelleren vil det bli skumparty , noe jeg ser veldig frem til. (Ta med deg handkle og skiftetøy:)
Send denne invitasjon til de vennene jeg ikke når, det er godt plass til alle.
Hva jeg ønsker meg......tja, det er mye og mangt det, men kommer du , er det godt nok.
Mange hilsen ungdomsklubben Realen.

Åpningstider i jule- og nyårshelga 10.12.2007

Vi har no lagt ut link for åpningstidene til dei forskjellige butikkane i Svelgen i jule- og nyårshelga. Trykk på link under Coop-logoen. Mellom anna blir det sundagsope på Coopen lissje-julafta.

Ny veg Svelgen-Grov kan sikre nye arbeidsplassar 10.12.2007

- Betre og breiare veg i Magnhildskaret kan hjelpe Svelgen-samfunnet i kampen om den tredje solarfabrikken i Elkem, seier Steinar Talle til NRK Sogn og Fjordane. Viss Svelgen får solcellefabrikken, er det snakk om ei investering på 3,5 milliardar og 200 arbeidsplassar.

Vegen gjennom Magnhildskaret inn mot Svelgen er smal og kronglete og vil ikkje tole den trafikkauken ei storetablering i Svelgen vil føre til. Ei utbetring av vegen er kostnadsrekna til mellom 200 og 250 millionar kroner.

- Det vil bli ein enorm auke i transporten viss vi får fabrikken på plass, seier Talle.

 

Han og fleire andre personar frå Sunnfjord-regionen møtte fredag fylkesordførar Nils R. Sandal.

- Dette er veldig viktig for heile regionen. Får vi ikkje vegen på plass, kan fabrikken hamne i utlandet, seier Rolf Årdal som er leiar i Sunnfjord Næringråd til avisa.

Talle seier at eit vedtak om utbygging må vere på plass før Elkem bestemmer seg for kvar solarfabrikken skal liggje i løpet av 2009. 

 

Les kva Firda skriv om saka her og Firdaposten her.


Ekstraordinært årsmøte i STIF 09.12.2007

  

Svelgen Turn og Idrettsforening

 

Vert halde på Svelgen Hotell mandag 10.12.2006 kl 18.00.

 

Les meir på STIF si side  her


Sal av STIF-boka 09.12.2007

Historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, "Heia STIF!", er no i sal for  150 kr. Den 432 sider tjukke boka kosta 400 kr då den vart lansert i november 2003. Ein smakebit frå boka finn du ved å klikke her.  Du finn meir info om boka på "Kjøp og sal" t.v. på denne sida.

 

I Svelgen er boka i sal over disk hos Blomsterbua, Coop Marked, "Bakarhuset", Svelgen Hotell, og Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

I Florø kan du kjøpe boka hos Bademiljø Florø AS (ved Elkjøp).

 

I ytre Bremanger er boka i sal hos Blomsterbua. 

  

Boka kan bestillast hos Aktiv Jobb KF (tidlegare Bakarhuset):

- epost: al@bremanger.kommune.no , telefon: 57792320 (dagtid vekedagar)

- postadresse: Aktiv Jobb KF, Bremanger kommune, 6721 SVELGEN

I tillegg til bokprisen på kr 150, vil det koste kr. 90 å pakke/sende boka, uansett om du bestiller ei eller to bøker.


Svelgen Røde Kors

Hjelpekorpset i aksjon 08.12.2007

Svelgen røde kors hjelpekorps var fredag kveld i aksjon ved Dalsete. Du kan lese meir her

Sjå opningstidene til Svelgen-butikkane

Dagleg leiar sluttar i INC Vedlikehold Svelgen 06.12.2007

På Svelgen Næringsråd si  heimeside kan du mellom anna lese om fleire leiarskifter i INC Vedlikehold Svelgen, og om opningstidene til butikkane i Svelgen.

 


Trubadur på hotellet tre dagar 06.12.2007

Olav Hammersland kjem til Svelgen torsdag 6. desember og spelar opp til dans tre kveldar på rad. Fredag og laurdag på julebord (fullt laurdag). Olav Hammersland har vært musiker i ca. 20 år derav 10 år på heltid. På 80-tallet var han med kjente danseband som Yankee, Torry Enghs og smile.

Fra 1988 var han med i Walking Tall som bestod av musikere som Pål Towsend, Tom Erik Antonsen og jan Simonsen. Walking tall var et backingband som jobbet mye med

Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel m. flere. Fre 1993 til 1997 spilte Olav sammen med Vidar Johnsen, vokalist i Vamp. Han spiller nå mest som single artist med stort repertoir i sjangeren pub / dansemusikk. Olav skaper god stemning og dansetakt!


Konsert i kveld i Midtgulen 06.12.2007

Bremanger mannssongforening har konsert i kveld torsdag 6. desember i Midtgulen kyrkje kl. 2000.

Ledige stillinger ved Elkem Bremanger 06.12.2007

Elkem Bremanger søker   driftsoperatører til arbeid   i våre produksjons- og hjelpeavdelinger.

Det er ledige stillinger både i Ovnsavdelingen og  Silgrainavdelingen.

Sjå utlysing under stilling ledig til venstre.


Elkem Bremanger slepp Enova-avgift

7.5 millionar mindre til straum 06.12.2007

Stortingsrepresentant for Ap, Ingrid Heggø, fortel at ho etter to år endeleg har lukkast med å fjerne Enova-avgifta til kraftkrevjande industri. Det betyr 7,5 millionar mindre i avgift for Elkem Bremanger i året.

Heggø fortel at Enova-avgifta som har gitt påslag på eitt øre per kilowattime har vore noko ho bestemte seg for å fjerne den dagen ho vart vald inn på tinget.

– Dette har vore ei sterkt konkurransevridande avgift som på grunn av systemet ikkje har treft kraftkrevjande industri utanom verka i Høyanger og Svelgen, seier Heggø til Firdaposten. 

Det betyr at Elkem Bremanger har betalt eitt øre per kilowattime meir i året sidan 2001. Med eit årleg forbruk på 750 GWh betyr det i praksis at Elkem i Svelgen får 7,5 millionar mindre i fast straumrekning.  Verksdirektør Steinar Talle vil vente med å feire før han får stadfesta reduksjonen.


Legg fram tiltakspakke for å få Solar 06.12.2007

Bjørgulf Myklebust i Svelgen Utvikling, Steinar Talle i Elkem Bremanger og ordførar Kåre Olav Svarstad skal møte representantar for fylkeskommunen fredag. Dette melder Firdaposten.no i dag.

Frå fylkeskommunen stillar fylkesordførar Nils R. Sandal, assisterande fylkesdirektør for samferdsle, Endre Høgalmen, og oljekonsulent Audun Erik Sunde.

– Vi vil leggje fram eit ønske når det gjeld tiltakspakke i samband med Elkem Solar. Samferdsle vil stå i fokus under møtet, og potensialet i Svelgen i forhold til samferdsle, seier Bjørgulf Myklebust, som førebels ikkje vil røpe meir om kva som skal diskuterast


Ledig assistentstilling i Ålfoten 06.12.2007

Ved Ålfoten oppvekstsenter er det ledig ei   90 % assistentstilling i barnehagen i perioden f.o.m. 01.01.08 t.o.m. 30.06.08. Sjå utlysing under Stilling ledig til venstre.

Skilnad på 19 grader på ei veke

Svingande temperaturar i desember 04.12.2007

I følgje Firda vil temperaturen frå i morgon, onsdag 5. desember til neste onsdag den 12. svinge med opptil 22 grader enkelte stadar i fylket. I morgon er det for Bremanger meldt om ni varmegrader medan det neste onsdag etter prognosane vil bli minus ti grader - ein skilnad på 19 grader! Trykk på link over for å lese meir.


Teaterstykket ”Mikal Hetles siste ord” av Edvard Hoem kjem til

 

Svelgen samfunnshus

Onsdag 30. januar klokka 19.30.

 

Billettpris:                  

Vaksne:                                                kr 160,-

Student/honnør/gruppe (min 5):             kr    80,-

 

Billettar kan kjøpast på servicekontoret i Rådhuset frå 1. desember.

 

Informasjon om stykket

Hetlesaka er eit av Noregs største og mest kjende justismord. I 1906 vart Henrik Hetle funnen død på Hetlestøylen i Viksdalen. Naboen Mikal Hetle og sonen Ole vart dømde for drap. Saka rysta eit lite lokalsamfunn og verserte i rettsapparatet i 40 år. Først etter sin død vart Mikal Hetle frifunnen.

 

Handlinga i Mikal Hetles siste ord er lagt til Viksdalen og Bergen. Henrik Hetle blir funne død på Hetlestøylen og folk meiner han er drepen. Mistanken vert raskt retta mot naboen Mikal Hetle som lenge har hatt eit anstrengt forhold til Henrik. Vi blir vitne til korleis menneske i ei lita bygd gjennom løgn og sladder peikar ut den dei meiner er skuldig. Vi følgjer Mikal og bygdefolket i kvar sin kamp for rettferd, ein kamp som til slutt endar med rett og dom i Bergen

 

 Les meir på SOFT sine nettsider


JULEMESSE PÅ SVELGEN BU-OG SERVICESENETER!
 
NO  slår vi til, etter ei lita utsetjing:
 
TIRSDAG  11. desember  kl. 15.30---  ca 17.30 blir det koseleg  JULEMESSE på SBS.
 
Salg av fine og nyttige ting, og l oddsalg med trekking av  mange gevinstar.
 
Legg turen innom SBS, -ta ettermiddagskaffien her, og hels på kjende.
 
VELKOMMEN!

Dagens Næringsliv/Finansavisen i dag:

- Vill gambling i Bremanger kommune 04.12.2007

Bremangers investeringer har hittil vært lite eksponert i media, men nå ser det ut til at de har kommet helt ut av kontroll, og tapene estimeres i øyeblikket til 150-160 millioner kroner, skriver Finansavisen.

Kommunen bekreftet overfor avisen at den hadde investert 170 millioner kroner i en lånepakke som ligner på den de fire kommunene i Nordland har kjøpt.

Granskningen så langt har slått fast at Bremanger har lånt 350 millioner kroner, og investert 370 millioner.

 
- Hele denne forvaltningen synes å være forankret i fullmakter. Og den er holdt utenfor kommuneregnskapet, sier kommunerevisor Terje Førde til Bergens Tidende.

Ifølge avisen skal Terra ha vært sentral i utformingen av kommunale sakspapirer. 

Fjordenes Tidende skriver at sentrale folk i kommunen, blant annet økonomisjef og ordfører, har vært med Terra i Barcelona, Reykjavik og Alta.

Nå fåregår det en omfattende oppvask lokalt, der det krangles om skyld for fadesene, melder Dagens Næringsliv.

 

Siste:

Dagbladet.no skriv at ingen vil kjøpe Terra-fonda som må tvangsselgast etter konkursen, og at kommunane dermed er heilt i uvissa om kor store tapa kan verte. 


- Terra har drive med lureri, seier Andenæs 04.12.2007

- Det er heilt uakseptabelt at ein ikkje får fram kva som verkeleg er risikoen i slike produkt. Det er rett og slett lureri, seier banksjef i Sogn og Fjordane Sparebank, Arvid Andenæs, til NRK Sogn og Fjordane i dag.

- Dette er noko som rammar heile banknæringa, trur Andenæs.

Både Vik og Bremanger har investert store beløp i risikofylte amerikanske obligasjonar. Også seks andre har gjort liknande investeringar. Fire nordlanskommunar står i fare for å misse heile investeringar på 451 millionar kroner.

Andenes avviser at sparebankane på eigarsida skal vere med å dekkje kommunane sine økonomiske tap.

- Nei, det bør dei ikkje. Her har vi ansvar frå begge sider. Dei har gått på ei blemme som dei må ta ansvar for sjølve. Terra-gruppen har gjort det gjennom å køyre selskapet sitt konkurs, og ein kan meine mykje om det. Verdiane vart borte over natta. Det kan det stillast spørsmål ved også, seier Andenæs.

 


Terje Sørgulen fann gull i Afrika 04.12.2007

For en uke siden dro Terje Sørgulen til Ghana på gulljakt i beste Onkel Skrue-stil, melder BA. Nå er han på vei hjem igjen med lommene fulle av gylne klumper.

– He-he. Ja, dette var bra greier, forteller han til Bergensavisen på telefon fra graveområdet. Gullforekomsten har han funnet i jungelen ved Prestea, syv timer fra hovedstaden Accra.

 

– Det er gull overalt i jungelen der nede, det gjelder bare å finne måter å utvinne det på, sa han før han dro og jammen fikk han ikke rett.

Foreløpig har han ikke fått oversikt over størrelsen på gullåren.

– Men det er mye, sier han og ler sin beste gull-latter.

Sammen med 17 ghanesere og en svenske har sunnfjordingen bosatt i Bergen funnet frem til en gullåre som ligger rett under jordsmonnet. Fra en halvmeter og nedover finner man det, ifølge Sørgulen. I beste Klondyke-stil jobber de nå med å utvinne det, ved å grave det opp med gravemaskin og så vaske det rent.

– Kan man bare gå rundt med en spade og begynne å grave?

– Ja, det er faktisk måten man gjør det på. I starten graver man for å finne det, så tar man frem vaskepannen og finner ut hvor mye det er der, forteller 47-åringen.


Svømmestevne i Volda. 04.12.2007

 
I år var det bare rekruttane fra Svelgen som reiste til det årlege julelauget i Volda.
Det var innmarsj rundt bassenget med julemusikk, smånisser og utdeling av julelaug-sleiv til alle deltakarar.
Totalt var det 196 påmelde til stevnet.
 
Desse var med fra Svelgen:
-Annika Dassen
-Rebekka F. Blix
-Ingrid F. Blix
-Vegard Strandos
-Matias Gulestøl
-Bendik Gulestøl
 
Alle gjorde ein kjempefin innsats.
God Jul.
Svømmegruppa

Etterlyser fleire lesarinnlegg på Svelgen.no 04.12.2007

Forventningane vert mindre og mindre for kvar gong ein går inn på "Lesarbrev" på Svelgen.no. Her har det nemleg ikkje skjedd store endringane dette året. Eg les om "Gode skiforhold" i Myklebustdalen, men dateringa er 26.02.2006. Det må då skje noko i Svelgen - positivt til glede eller negativt som kan rettast?
Kom igjen folkens.
Eg var heime nokre dagar i månadskiftet nov/des  og då passa det slik at eg fekk vere med på boksleppet til Kåre Kjelkenes og Eli Tidemann Sørland (f. Rylandsholm). Boka heiter "Soga vår om Svelgen". Dette er ei fin bok som må passe utruleg godt til julegåve
 - ikkje minst til svelgarar som har flytta ut.
Alv Rylandsholm

Pressemelding frå Bremanger kommune:

ANSVAR I TERRA-SAK BREMANGER 04.12.2007

 

 

 

Media har fredag 30.11. mykje fokus på manglande vedtak, dokument og rekneskapsføring i forbindelse med vårt Terra-engasjement.

 

Manglande vedtak: Det er politiske vedtak frå formannskap i 2001, kommunestyre i 2004 og 2005.     Det er politisk vedteke økonomireglement frå 2002 som inneheld finansreglement med fullmakter til administrasjonssjefen innan finansforvaltning.

Manglande dokument:   Bremanger kommune sin økonomisjef fikk skryt for veldig bra og systematisk dokumentasjon som er overlevert dei som granskar Terra-saka for oss.

Manglande rekneskapsføring: Alle kontantstraumar knytta til obligasjonane er bokført i rekneskapane sidan 2001.

 

Fylkesmannen har starta arbeidet med lovleg kontroll av vedtak og   om bruk av fullmakter er rett   ifølge finansreglement . Vi må avvente fylkesmannen sitt vedtak før vi konkluderar med ansvarsforholda   i denne saka.

 

Kåre Olav Svarstad

-ordførar


Krev gul stripe gjennom Svelgen 02.12.2007

Næringslivet i Florø, Bremanger og Vågsøy mobiliserer for kystveg med gul stripe. Næringslivet i dei tre kommunane mobiliserer for rask utbygging av samanhengande kystveg med gul stripe frå Florø til Måløy. Ordførarane har gjeve vekstselskapa i kommunane eit formelt mandat for å utføre arbeidet.

  

Les meir om dette på SNR-sida.


Siste nytt om Bremanger-Terra/saka:

Pressemelding fra Advokatfirmaet Selmer 28.11.2007

Tidspunkt: 22:56
Dato: 28.11.2007
Avsender: Advokatfirmaet Selmer

Terra Securities ASA, dets konkursbo

Ved Oslo byfogdembetes kjennelse av 28. november 2007 ble boet til Terra Securities ASA tatt under behandling som konkursbo. Advokatfirmaet Selmer DA v/advokat Jon Skjørshammer er oppnevnt som bostyrer.

Ved konkursåpning var selskapets virksomhet opphørt. Terra Securities ASA gjennomførte handler over Oslo Børs til og med 27. november 2007.

 

Det ble umiddelbart etter konkursåpning avholdt et møte hvor Kredittilsynet, Verdipapirsentralen ASA (VPS), VPS Clearing ASA og Norges Bank, samt boet var til stede.

 

Formålet med møtet var å legge til rette for et forsvarlig oppgjør av de forpliktelser som Terra Securities ASA har påtatt seg før konkursåpning i forbindelse med verdipapiroppgjøret (VPO).

 

Boet har inngått avtale med DnB NOR Bank ASA som ivaretar at verdipapiroppgjøret (VPO), hvor Terra Securities ASA var part, blir gjennomført som normalt og innenfor ordinært garantiregime med normal oppgjørsperiode (T+3).

 

Boet har inngått en tilsvarende avtale med DnB NOR Bank ASA der Terra Securities ASA har vært kontofører for utsteder av obligasjoner/sertifikater.

 

Når det gjelder derivater, har VPS Clearing ASA i henhold til regelverket overført oppgaven som midlertidig clearingrepresentant til DnB NOR Bank ASA.

 

Dette innebærer at boet har tilrettelagt for at investorer som før konkursåpning har handlet i finansielle instrumenter registrert i VPS, vil bli håndtert på ordinær måte.

 

Boet arbeider med å få oversikt over situasjonen og vil avholde en pressekonferanse torsdag
29. november 2007 kl 14 i lokalene til Advokatfirmaet Selmer DA (Støperigaten 2).


8 kommunar vil finne ei løysing

 

Pressemelding, 28. november 2007

 

Vi arbeidar på spreng saman med våre rådgjevarar for så raskt som mogeleg å få samordna dei 8 kommunane.

 

Vi konstaterar at nordlandskommunane ifølgje Kredittilsynet har vore utsett for alvorlege og systematiske overtredingar på god forretningsskikk, noko som dessverre samsvarar med funn også i våre kommunar.

 

Vi har med stor interesse registrert Sparebankforeningens invitasjon til dialog om ei mogeleg

løysing. Vi ser fram til ein slik dialog, som kan føre til ei løysing. Vi har tillitt til at våre sparebankar vil bidra til det.

 

Kåre Olav Svarstad, ordførar Bremanger kommune

Petter Steen, ordførar Haugesund kommune

Odd Omland, ordførar Kvinesdal kommune

Marta Halset, ordførar Vik kommune


Julekafè på Samfunnshuset - tenning av julegrana 28.11.2007

Laurdag 1. desember blir det julekafe og tenning av julegrana på Svelgen Samfunnshuset frå kl. 1300 til 1600

Sal av risengrynsgraut, kaker, kaffi og brus

Åresal og 21-lotteri med fine premiar.

 

Tenning av julegrana ved Svelgen Samfunnshuset kl. 1600

 

Skulemusikken og drilljentene underheld ved tenninga

 

Arr.: Svelgen Skulemusikk


Stem fram din favoritt til "Årets ildsjel" 28.11.2007

Norges Idrettsforbund etterlyser kandidatar til "Årets ildsjel". Svelgen TIF har mange eldsjeler som står på for sine respektive særgrupper og/eller heile idrettslaget. Stem fram din favoritt ved å klikke her. Dette må gjerast innan 3. desember kl. 11, og innstillinga må ikkje overstige ca 80 ord.

 

Når ein tenker på eldsjeler i STIF kjem ein ikkje utanom 68-åringen Ingvald Ytrehus. Ingvald har hatt verv i STIF sidan 1964, bortsett frå 6 år han budde vekke pga utdanning og at det var umogeleg å få husvære i Svelgen. Men i 4 av desse åra var han friidrettstrenar og formann i Frøy IL, så Ingvald har over 40 års innsats for idretten. Nyleg vart Ingvald valt til leiar i Friidrettsgruppa for 2008 (for 27. gong), og han er i ferd med å førebu utøvarane for ein ny sesong som trenar (hans 34. sesong på rad i STIF). Biletet er henta frå STIF si heimeside, og syner Ingvald i midten med nokre av STIF sine lovande utøvarar anno 2007 rundt seg.

 

Det er komplett umogeleg å beskrive Ingvald sin innsats for idretten på 80 ord, men om du klikkar her finn du nokre alternativ. Om du vil lese meir om Ingvald sin fantastiske innsats for STIF og idretten, finn du ei oversikt her, og ei korrigert innstilling her.

 

Det hadde vore grådig kjekt, og ikkje minst fortent, om Ingvald skulle få ei ny utmerking. Til "Årets ildsjel-utmerkinga" skal først plukke ut ein kandidat frå kvar av fem regionar, før ein til slutt kårar ein vinnar på idrettsgallaen. STIF høyrer heime i Region Vest, og ein kan gjere seg tankar om fjorårets utvelging i region Vest var loddtrekning, når ein les om regionvinnaren frå 2006, som hadde 11 års innsats for idretten.

 

Sommaren 2004 var Ingvald Ytrehus gjest i "Onsdagsportrettet" til NRK Sogn og Fjordane. I august 2004 fekk Svelgen.no løyve av NRK Sogn og Fjordane til å legge ut radiointervjuet, og nedanfor kan du høyre intervjuet med Ingvald på nytt. Klikk her for å høyre det 33 minutt lange intervjuet Linda Nødseth hadde med Ytrehus.

  
På biletet under, frå KM i 10 kamp i 1968 på Svelgen stadion, ser ein Ingvald Ytrehus (klubbrekordhaldar i høgde m/ og u/ tilløp) på toppen av pallen. Også nr. 2 representerte Svelgen, nemleg Andreas Areklett (klubbrekordhaldar i kule). I bakgrunnen ser ein Moelven-brakka, som STIF nytta som reiskapsbrakke frå 1962. Biletet og tekst er henta frå STIF si historiebok, som no er i sal for kr. 150. Meir info om boka finn du på "Kjøp og sal (t.v.).


Gigantkontrakt til Elkem
Elkem Bremanger har signert ei storkontrakt med ein ny kunde i Sør-Korea. - Over fem år er denne verd mange 100 millionar kroner, seier verksdirektør Steinar Talle.
Talle fortel at dette er den største hendinga i hans tid som direktør ved Elkem Bremanger. Vanlegvis har kontraktene til Elkem ei lengde på tre år.

Kontrakta vi har inngått med vår nye kunde i Korea varer ut 2012 og er av ein slik storleik at den utgjer heile 30 prosent av kapasiteten vil Silgrain-avdelinga.

Den eksakte verdien av kontraka kan eg ikkje opplyse om, men den har ein verdi på mange 100 millionar kroner dei neste fem åra, opplyser Talle til Fjordenes Tidende.

 

Lag og organisasjonar i Svelgen gjev pengegåve til Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern.

 

 

Alternativ 1. mai feiring i Svelgen resulterte i pengegåve på kr. 13.033,- til Ungdomsavdeling for psykisk helsevern i Førde.

 

Dei seiste åra har dei frivillige laga og organisasjonane i Svelgen gått saman om eit felles arrangement 1. mai,   der fellesnemnaren er ”å bry seg om”.   Her går organisasjonar som Røde Kors, Svelgen T.I.F, Skulemusikken, Fagrøsla, Saniteten, Pensjonistlaget, Songlaget, Kulturskulen og   Samfunnshuset i lag om aktivitetar på dagen og festprogram på kvelden. I år var presidenten i Røde Kors, Thorvald Stoltenberg, hovedatraksjonen, og samla fullt hus på kvelden.

 

Overskotet frå arrangementet vert kvart år blir   gitt til eit godt formål, og i år fall valet på aktivitetsretta ting til Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern.

 

Det var leiar i Svelgen Røde Kors, Synøve Sande,   og Jonvald Nausdal fra fagrøsla som var på plass ved UPH i forige veke for å overrekke sjekken. Miljøterapeut Silje Skagen tok i mot gåva på vegne av institusjonen.

Miljøterapeutane som var til stades under overrekkinga takka for gåva. Dei fortalde om behova avdeling har for utstyr. Pengane blir ikkje ståande lenge på konto. Det er viktig at vi får utstyr slik at vi kan få aktivisert ungdomane ute. Dette gjev gode opplevingar og meistringsfølelsar, fortalde miljøterapeut Irene Hjelm. Kanoar står høgt på prioriteringslista. UPH vurderer å gå til innkjøp av tre kanoar, og gåva vil dekke om lag halvparten av dette beløpet.

Eg er glad for valet vi gjorde av mottakar for pengane. Etter å ha høyrt på miljøterapeutane ser eg kva behov denne avdelinga har for utstyr, sa leiaren i Svelgen Røde Kors, Synøve Sande.


Frå venstre:  Jonvald Naustdal, Anette Vågene Shanks (opphaveleg Svelgen-jente red. anm.), Irene Hjelm, Silje Skagen, Else Frøynes, Olaug Kårstad og Synøve Sande.


Terra slo seg sjølv konkurs 28.11.2007

Terra Securities har slått seg sjølv konkurs i dag, og dermed er det høgst usikkert om   Bremanger kommune får dekka sine tap.

 

Selskapet slår seg konkurs etter at det ikkje klarer å møte sine forpliktingar ovanfor dei fire kommunane Rana, Hemnes, Hattfjelldal og Narvik.

Terra vil holde pressekonferanse klokka 10.00. Terra opplyser at dei ikkje vil gi kommentarar til pressen i forkant av konferansen.

Kor mykje pengar Bremanger har tapt er ikkje helt klart.I Terra Securities låg det ved årsskiftet ein eigenkapital på 50 millionar kroner, men selskapet hadde samtidig forsikringsordningar av ukjent omfang. Dette melder NRK Sogn og Fjordane

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov