Arkiv Nov 2016

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Svelgen Kino 4. desember 29.11.2016




Sparebanken legg ned filialen i Svelgen 30.11.2016

Sparebanken Sogn og Fjordane vil legge ned filialen i Svelgen før sommaren. Det melder Firda som har intervjua administrerande direktør Trond Teigene om saka.

 

FIRDA


Har du lagt att klede på Samfunnshuset? 30.11.2016

Attgløymde kle som heng på Samfunnshuset.
Dei må hentast innan måndag 05.12.16





97 personar gjennomførde turboktrimmen 26.11.2016

Foto: Eli Mehlum Stølan

Heile 97 deltakarar gjennomførte Turbokrimmen 2016.

I Ytre Bremanger vil premien bli delt ut personleg, mens i indre må premien hentast hos Liv Sigdestad på Coop Prix Svelgen. Gratulerer med godt gjennomført turboktrim til dykk alle.

Her er lista over dei som gjennomførte:

Resultatliste Turboktrimmen 2016

1

Alexander Ossenkamp

Svelgen

2

Alice Torvanger

Bremanger

3

Alvrunn Førde

Svelgen

4

Andrea Kramàrovà

Svelgen

5

Andreas M Førde

Isane

6

Andrei Nicolae Napau

Svelgen

7

Anna Elisabet Kravik

Ålfoten

8

Anne Karin Svarstad

Bremanger

9

Anne Karin Vårdal

Svelgen

10

Anne Kristin Røys Nesbakk

Bremanger

11

Annette Svarstad

Bremanger

12

Annlaug Havnen

Florø

13

Arne Loftheim

Svelgen

14

Arthur Holm

Svelgen

15

Arve Svarstad

Bremanger

16

Arve Vik

Ålfoten

17

Astrid Olsbø

Rugsund

18

Astrid Solberg

Svelgen

19

Aud Marit Svarstad Sortevik

Svelgen

20

Audhild Vistnes

Svelgen

21

Baron Tiko Håøy

Svelgen

22

Bente Fosse

Bremanger

23

Bjørg H Didriksen

Svelgen

24

Bjørg Nesbø

Svelgen

25

Bjørg Nesbø

Svelgen

26

Bjørg R Håøy

Svelgen

27

Einar Elde

Elde

28

Elianne Gulestøl

Svelgen

29

Elias Arstein Nybø

Kalvåg

30

Elisabeth Heimtun

Svelgen

31

Else Moe

Bremanger

32

Emil Sigdestad Sunde

Svelgen

33

Erling Brekke

Svelgen

34

Esmeralda Swald

Svelgen

35

Esmeralda Swald

Svelgen

36

Espen Sortevik

Svelgen

37

Fred Arild Grøneng

Florø

38

Geir Nesbakk

Bremanger

39

Grethe Myren

Svelgen

40

Gry Gulestøl

Svelgen

41

Gunvor Holm

Svelgen

42

Guro-Amalie Sigdestad Brekke

Svelgen

43

Hannah Ossenkamp

Svelgen

44

Heidi Ramsevik

Kalvåg

45

Heidi Vatsø

Førde

46

Hilde Iren Elvebakke

Svelgen

47

Ingjerd Stoveland Hauge

Bremanger

48

Jannike Brenden Frøyen

Kalvåg

49

Jarle Igland

Bremanger

50

Jofrid Sundal

Florø

51

Jon Bakke

Svelgen

52

Jorunn Styve

Svelgen

53

Karen Eikås Rylandsholm

Berle

54

Karoline Sigdestad Sunde

Svelgen

55

Kirsten Grotle

Bremanger

56

Kåre Myklebust

Svelgen

57

Laila Kristin Kristiansen

Kalvåg

58

Leif Willy Larsen

Kalvåg

59

Leni Lisæter

Kalvåg

60

Linda Førde Svarstad

Bremanger

61

Linda Nilsen

Svelgen

62

Linda Stenseth

Kalvåg

63

Line Nødset

Bremanger

64

Liv Nybø

Svelgen

65

Liv Sigdestad Brekke

Svelgen

66

Liv Sigdestad Brekke

Svelgen

67

Liv Sigdestad Brekke

Svelgen

68

Maria M Førde

Isane

69

Marit og Jarle Frøyen

Svelgen

70

Martin Nybø

Svelgen

71

Matilde Sigdestad Sunde

Svelgen

72

Merete Blom

Svelgen

73

Morten Gulestøl

Svelgen

74

Morten Haugum

Førde

75

Nina F Nybø

Kalvåg

76

Oddvar Førde

Svelgen

77

Per Helge Olsbø

Rugsund

78

Per Oddvar Lien

Davik

79

Rita Janne Igland

Bremanger

80

Rita Svarstad Isene

Svelgen

81

Rolf Solvang

Berle

82

Rune Rylandsholm

Berle

83

Signe M Førde

Isane

84

Sissel Sandvik Igland

Kjelkenes

85

Siv Elin Gresdahl

Kalvåg

86

Siv Merete Stadheim

Florø

87

Solrun Arstein Nybø

Kalvåg

88

Solveig Sundal

Florø

89

Steinar Isene

Svelgen

90

Ståle Kjempenes

Svelgen

91

Svanhild Liset

Kalvåg

92

Svenn Petter Kjerpeset

Bremanger

93

Tore Sørgulen

Svelgen

94

Torstein Blom

Svelgen

95

Turid Oaland Roti

Svelgen

96

Wenke Hope

Florø

97

Åse Nesbø

Svelgen


Laurdag morgon 10.30:

Førebels ikkje open veg til Florø 26.11.2016

Vegtrafikksentralen melder i følge Firda  at Magnhildskartunnelen på fv. 614 i Bremanger var stengd på grunn av steinnedfall inne i tunnelen.

Tunnellen vart meldt open att i 07-tida.

Vegen til Florø er framleis stengd etter at det gjekk ras omlag ein kilometer frå Grov. Følg med på Statens Vegvesen. www.vegvesen.no




Til sals 24.11.2016

Elsa Johanne har hekla eit flott sengeteppe. Sjå bilde under "Kjøp og sal" til venstre.

Svelgen Kino - Reprise 23.11.2016


Årsmøte i Keipen Turlag fredag 25.11 24.11.2016

Det vert årsmøte i Keipen Turlag   fredag 25.11.16 - kl. 18.00 på Isane forsamlingshus.

Vanlege årsmøtesaker som:

  •  årsmelding
  • rekneskap
  • budsjett
  • val
  • planar framover
  • premieutdeling m.m.

Enkel servering.

Saker til årsmøtet, må vere levert styret innan 18.11.16

Vel møtt!

Dokument vert lagt ut på keipen.dnt.no før møtet


JULEMESSE PÅ KJELKENES 23.11.2016

SØNDAG 4. DESEMBER KL 16.00 I TRUDVANG
 
TENNNING AV JULEGRANA
TOMBOLA
KAKER, KAFFI OG BRUS
BASAR
 
VEL MØTT TIL 2. SØNDAG I ADVENT I TRUDVANG PÅ KJELKENES
 
 
Arr. Kjelkenes kvinne og familielag

Støtte til meir "liv" i fontena? 22.11.2016

 

   
Laurdag sel vi bodplankar til inntekt for fontena.

     

Stikk innom julemarknaden og sikre deg ein plank! :)      

 

Svelgen Opp og Fram


Vi har gløymt å feire:

Bremanger kommune 150 år i år 22.11.2016

FRAMSYNT MANN: Kristian Faye med kona og stortingsmann Kristian Indrehus i 1917.

 

I Fjordenes Tidende si papirutgåve i dag (tysdag) kan du lese at kommunen vår i år fyller 150 år. Men vi har gløymt å feire det!

- Det må jo absolutt markerast! seier ordførar Audun Åge Røys som vedgår at det har gått rådhuset heilt  forbi.

Det var tidlegare lensmann Guttorm Bjørnsen som gjorde avisa merkam på jubileet. Han meiner at kommunen straks burde sette i gang og arrangere ein storstilt fest i Bremanger-hallen eller Idrettshallen i Svelgen.

- Bremanger kommune har bestemt at dei ikkje vil slå seg saman med andre, og det burde vel då vere ein god grunn til å feire eit slikt jubileum, meiner Bjørnsen og oppfordrar kommunen til å tromme i hop kulturelle krefter.

Avisa har ein kronikk av kommunen sin spede start. Og der går det fram at kanskje Elkem Bremanger har ein fest på lur kommande år også. Det første anleggsarbeidet starta i 1917.

 

Utdrag om Svelgen  frå kronikken   i Fjordenes Tidende om utviklinga av Bremanger kommune:

Ordre nr. 1 til Citroên i Paris

Av Ingrid Elisabeth Haugen

Heilt ulikt resten av kommunen vart det i Svelgen satsa på industri. Men for 150 år sidan var det jordbruk, skogbruk og fiske på dei einaste to gardane - Sande og Rise.

Og sidan vi er inne på jubileum starta det første anleggsarbeidet i Svelgen i 1917 – og kan såleis ha 100-årsfeiring neste år.   Generalforsamlinga vart halden 3. mars 1914 med ein aksjekapital på 180 000,- kroner.   Det var tre aksjehavarar; overrettssakførar Kristian Faye, skipsreiar Vilhelm Torkildsen – begge frå Bergen og konsul Hans Halvorsen frå Kristiania. Dei såg verdien av vasskrafta og det var sink som skulle produserast.  

Arbeidet vart sett i gang i Breivika 1918. I november same år vart det slutt på første verdskrig og marknaden etterspurde ikkje sink lenger.   Anleggsarbeidet vart stogga og det kom aldri nokon fabrikk i Breivika. Eit nyttig samarbeid med «Ålfot Interkommunale Kraftselskab» gjorde at industriplanane likevel ikkje vart lagt på is. Optimismen vaks igjen og det kom anleggsfolk til Svelgen.

Men samstundes herja spanskesjuka og mange låg låke på brakkane. Sjukestova vart bygd i ein fart, og den står framleis ved Riseelva i Svelgen i dag.

Christiania Spigerverk tok etter kvart over jernsmeltinga i Svelgen.

Oppbygginga av verket med 15 tonns kaikran,   tappehall, transformatorhus med smeltetransformator, sinterverk med omnshus, silo for råvarer, laboratorium og meir gjekk nokolunde programmessig og fekk ein kostnad på 1.4 millionar kroner.

Ordre nr. 1 var 10 tonn jern til Citroen i Paris. I dag er Elkem Bremanger i Svelgen leverandør til alle produserte Iphonar på verdsbasis.

Les heile historia om Bremanger kommune i Fjordenes Tidende si papiravis tysdag.

 


"Rockebandet Punch" fra Florø er fengende norsk rock fremført med slagkraft og særegenhet!

Band medlemmer:
Jan Kjetil Klubben, Niklas Iversen,Thomas Hansen og Rune Hopen

 

http://www.firdaposten.no/__2015_er_v_rt__r-5-16-19680.html

http://www.bandorg.no/medlemmer2/punch/

 

PUNCH,Er en sexy og fengslende rockekvartett fra Florø som øser ut gitar-licks, riff, catchy vokal harmonier, pulserende trommer, råstødig bass og en hel haug med spilleglede. Fire unge herremenn som vet hva de vil og gir flat pedal.
På punchkonsert får du servert rockelåter på pur florødialekt. Med sine norskspråkelige tekster og sceneenergi, får du levert rock av særs høy kvalitet. Her er det intensitet og trøkk fra første akkord og du vet, et godstog i fart er vanskelig å holde igjen.
Bandet er stasjonert i Bergen og Florø. Kvartetten har eksistert siden høsten 2007, og har på desse fem årene opparbeidet seg et navn på dei lokale scenene i fylket. Punch har gitt ut to ”utgivelser” Den første ”Roadtrip”, som var en demo på tre sanger og EP'en "Lifeline". Dette er unge, sultne og samkjørte rockere, 346 kg med hardtslående vestlandsungdom som venter på å slå deg i trynet med en brostein! Enjoy your Punch!

 

 

https://www.facebook.com/Punchband/


 


Svelgen Kino 20. november

Fabeldyr og hvor de er å finne 15.11.2016


HVORFOR BEHOLDE BREMANGER LENSMANNSKONTOR? 21.11.2016

Les innlegget til Espen Gulliksen under "Lesarinnlegg" i menyen til venstre.

Intervalltrening 20.11.2016


  
Det vert intervalltrening måndagar kl.19.00 på Svelgen stadion.

    

Alle er velkomne!

  

Friidrettsgruppa


Volleyballturnering i morgon 19.11.2016

Volleyballturnering for 4.- 7.klasse i Svelgen Idrettshus i morgon.

Det er påmeldt lag frå Svelgen, Florø, Førde og Gaular.

  

Kampane startar kl.11.00.  

  

Open kiosk! Vel møtt!


Vi har plass til fleire salsboder, meld deg på 10.11.2016

Svelgen Opp og Fram i samarbeid med Svelgen Skulemusikk arrangerer førjulsmoro med marknad og tenning av julegrana. Dette vert i Svelgen laurdag 26.november.

  

Som tidlegare år, vert det laga til salsboder under baldakinen ved samfunnshuset og Skulemusikken sel mellom anna graut inne på samfunnshuset.

   

Det vert også aktivitetar for ungane.
Dei kan snikkere seg ein båt, det vert lesestund og vi tenner opp bålpanna.

 

Er det noko du lurer på, eller har du noko du vil selge?

Ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth, tlf. 905 80 055.

 

 

 




PEPPERKAKEBYGD I ÅR OGSÅ!



La Bello har tatt på seg å lage til ei pepperkakebygd.

Dei inviterer ivrige pepperkakebakere, barnehager, skule, lag og foreninger å bidra til ei flott pepperkakebygd i Svelgen!   

Einaste kriteriet dei har, er at byggverket ikkje blir for stort, da dei har litt begrensa plass.

Slepp kreativiteten laus! Levering 25. november :)


Laurdag kan du levere lopper 16.11.2016

Innsamling av lopper: lørdag 19. november er det igjen muleg å levere lopper til 9. klasse sin loppemarknad. Vi har ope kl. 14-15 på gamle SBSS (aldersheimen).

Trykk på bildet og sjå filmen på Youtube:

Havarikommisjonen sin film om brannen i Skatestraumen 16.11.2016


Svelgen Kino 13. november 08.11.2016


Garasjesal i Trostevegen 10 tysdag og onsdag kl 17-19 14.11.2016

Tysdag 15/11 og onsdag 16/11 kl 17:00 -19: 00 er det "opa garasje" i Trostevegen 10 i Svelgen. Der vil ein gi vekk mykje og noko selgast for ein rimeleg penge. Sjå meir info under "Kjøp og sal" til venstre her på Svelgen.no

Omsorgssenteret fekk årets byggeskikkpris 14.11.2016

Svelgen Omsorgssenter fekk byggeskikkprisen 2016.

-           Årets prisvinnar går til eit nytt bygg som vart teken i bruk i mars i år. Bygget er satt saman av ulike bygningselement som visualiserar dei ulike funksjonane både gjennom form, storleik og fargebruk. Bygget framstår som moderne og urbant og dannar ein ny fasade i det offentlege rom. Eit tidlegare ubrukt og til dels ruskete areal er blitt løfta og er med på å heve den estetiske opplevinga av bygda. Innvendig er det brukt mykje ressursar på å lage eit moderne men også tidlaust, effektivt og inkluderande uttrykk, sa ordførar Audun Åge Røys før han gav prisen til leiaren i byggenemnda for omsorgssenteret i Svelgen, Per Helge Eikeland.   Han fekk også ein plakett til å henge opp i vestibylen som prov på utmerkinga.

. – Dette er vel det næraste ein kjem ei inhabil tildeling, smilte ein likevel godt nøgd leiar av byggenemnda, Per Helge Eikeland.

Forfattar Dag H. Nestegard var også heimom kulturnatta for å presentere biografien om samferdsleminister Kjell Opseth. Les meir i papirutgåva til Fjordenes Tidende tysdag.



Gymsal med grafitti og skating 12.11.2016

 

Les saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende.


NB! Nytt tidspunkt kl.20.00 04.11.2016




Ledig stilling ved Maskinentreprenøren 09.11.2016

Maskinentreprenøren søker etter Bergsprenger/maskinfører. Sjå ledig stilling til venstre.

Svelgen Kino 6. november 01.11.2016


Vedlikehaldsarbeid i røykrenseanlegget 09.11.2016

På grunn av vedlikehaldsarbeid i røykrenseanlegget vil det i løpet av dagen verte røyk frå nødskorsteinar.

Spørsmål kan rettast til HMS –sjef Torstein Ask, tlf 47815941

 



Laurdag 5. nov klokka 11.30

Skulemusikkbasar 04.11.2016

Det vert sal av lodd, kaker og kaffi.

Korps og drill opptrer klokka 13.30.

Håpar mange kjem og støttar oss.


OBS - snø i Grytadalen i dag - laurdag 05.11.2016



Ynskjer roklubb i Breivika og lys langs Risevatnet 03.11.2016

Det er komme mange innspel til kommunedelplanen for fysisk aktivitet. Leo Cirotzki vil ha lys i Risevatnet, Keipen Turlag vil ha dagsturhytte ala Martinsbu i Veten og Asle Førde i Svelgen Båtforening luftar ideen om ein roklubb i Svelgen. Les saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag.

 


Tidlegare lensmann Guttorm Bjørnsen:

- No må folk vakne og forstå kva dei misser 03.11.2016

Les saka på www.fjt.no

 



Skyting i Svelgen Idrettshus 03.11.2016

Skyting i Svelgen Idrettshus:

Søndager Rifle:kl 1800-2000(er det ingen oppmøte kl 1900 stenger vi)

Torsdag Pistol :kl 1800-1900 (hvis interesse til kl 2000)

Husk STIF medlemskap.

Skytegruppa.


Brukte litt av ferien til å lese 03.11.2016

Mange barn i Svelgen har brukt sommaren til å lese bøker. Sist veke var tida komen for å få diplom og kake i eit festpynta bibliotek.

I år måtte «Sommarles» arrangerast på dugnad på grunn av kutt i kulturbudsjettet.

Den oppgåva tok Deborah Ossenkamp på seg. Les om dette på www.fjt.no


Ikkje pilates torsdag 02.11.2016

Det vert ikkje pilates i morgon, torsdag 3. november. Bjørg N.

Mestringsparken åpen kommande helg 02.11.2016

ÅPENT:   �� �� ��

Det er strålende meldinger for helga og kanskje siste helga i år før det blir frost og snø, så det blir åpent:

LØRDAG 5 November kl 12 til 16
SØNDAG 6 November kl 12 til 16.
Oppmøte seinest kl 15.   :-)
☀️ �� ��
Vi fyrer i bålpannen så man kan grille. Ta gjerne med mat og drikke.

180 kr pr. som klatrer.
Man kan få kjøpe kaffe.   ☕️ ☕️ ☕️
Og div.brus og snacks.   ��
Du kan bruke kort og kontanter.

Du finner klatreparken på Nesbø, ca 12 km fra Svelgen sentrum.
Ingen aldersgrense.
Minimum høyde på den som klatrer er 100 cm.
Max vekt 120 kg.
Barn under 6 år må gå med en voksen i løypen. (Max to barn med en voksen).
Barn under 16 år må ha signatur fra en voksen.

PS: Bruk gode sko, og KLÆR SOM DU IKKE ER REDD FOR BLIR SKITTENT. Dette er jo i skogen   :-)
VELKOMMEN




Kretsmester delfinale G13/14 01.11.2016

  

Onsdag 02.november kl.19.00 spelar G13/14 kretsmester delfinale mot Dale på Svelgen stadion.

       

Dale vann 8-6 mot Aurland. Dersom gutta slår Dale har dei store sjangsar til å bli kretsmestere, om dei også vinn eller spelar uavgjort mot Aurland.

  

Møt opp og støtt laget!

 

Åpen kiosk.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des