Arkiv Mai 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Natt til søndag:

Frykta eksplosjon på Silgrain ved Elkem Bremanger 31.05.2009

Natt til søndag byrja det å brenne i ei vifterom ved Elkem Bremanger i Svelgen. Brannvesen og politi rykka ut etter at meldinga kom klokka 01.00. Alt tilgjengeleg mannskap i Svelgen var kalla ut.

Det var ei stund fare for at brannen ville spreie seg og mannskapet på staden frykta eksplosjon, melder NRK Sogn og Fjordane.

Omlag ein time seinare byrja brannmannskapa å få kontroll over situasjonen. Klokka 02.42 var brannen sløkt og situasjonen var under kontroll.

Det er framleis brannvakt ved smelteverket og midt på dagen i dag vil brannfolk sjå på staden.

Saka vil bli etterforska av politiet etter pinsehelga.

 


Nesten dobbelt så mykje nedbør som normalt i mai 30.05.2009

Vèret i Svelgen i pinsa vart heilt supert. Men slik har det ikkje vore heile månaden: I mai fall det 205 mm nedbør i Svelgen, mot normalt 110 mm. Det meste som kom på eit døgn var 28,3 mm, medan 9 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til Elkem Energi Bremanger.


Oppsummeringsmøte for 17. maikomitèen 2009 29.05.2009

Medlemane i 17. maikomitèen 2009 vert med dette kalla inn til oppsummeringsmøte på

Svelgen skule tysdag 9/6 kl. 19. Vel møtt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Biletet er henta frå Firdaposten.no, fotograf Aud Marit Svarstad.


Stølsvandring til Indrehusselet 29.05.2009

  

Turlaget Keipen arrangerar fjellvandring 7. juni. kl. 10.00.

Turleiar for dagen er Reidun Indrehus som tar deg med på vandring til Indrehusselet.

Vandringa tek om lag to timar i roleg gange. Oppmøte er ved Grustaket på Indrehus.

Ta med mat og kaffi.

Arrangementet er gratis.

Eit arrangement i Kulturminneåret 2009


Dugnadsbilder fra uke 20-21-22.2009. 29.05.2009

 

    

   

  

Meir på STIF si side her

        

Svelgen TIF


Prisliste for levering på gjenbruksstasjonar 29.05.2009

NOMIL har innført betaling for levering på gjenbruksstasjonar. Prislista kan du sjå her. I Svelgen-området er det Stølsboden, som ligg mellom Sande og Dyrstad, som er gjenbruksstasjon. Opningstidene finn du her.

Lisenskurs for motorcross 28.05.2009


Det vert arrangert lisenskurs for motorcross på Svelgen Skule onsdag den 10. juni kl. 1730 i landskapet.
Kurset vil pågå i omlag tre timar, og pris er kr. 200,-
Du ha lisens for å bruke motorsportbana.
Lisens frå  9 års alder, er lovpålagd.
Foreldre til barn frå  5 -  9 år, bør gå kurset.
Lisenskurset tar du berre ein gong, så det er berre å verte ferdig med det!
Medlem i ein motorsportsklubb tilknytta NMF, er ein betingelse.

Motorsportsgruppa ligg no under STIF, for å verte medlem betalar  du medlemskontigent til idrettslaget.

Merk innbetalinga motorsportgruppa.
Giro for kontingent får du i Idrettshallen, STIF si side, eller ved å kontakte Svenn Os.
Påmelding til Svenn Os på e-post :  svennno@online.no eller ring 95988773.
Påmeldingsfrist er  8 juni.


DAGSTUR 17.JUNI 28.05.2009

 ELDALEN - BALESTRAND - HØYANGER - pensjonistlaget på tur!

 

 

Turen starter med buss frå Svelgen kl.08 og går via Førde og vidare til Eldalen der det blir stopp for å sjå på brukskunst og drikke kaffi - så går turen  over Gaularfjellet til Balestrand, der det blir lunsj/middag på det det fantastiske gamle og flotte Kviknes Hotell. Vi har avtale med hotelldirektøren om ei omvisning og orientering om hotellet og bygda. 

 

Så vestover langs Sognefjorden til Høyanger - der møter vi ein representant for kommunen - varaordførar Monica Oppedal (ho er dotter til Kari Indrehus). Vi vil også vitje industrimuseet og leiar for Pensjonistlaget, Lilly Slinde, har invitert oss til Eldresenteret i Høyanger slik at vi får sjå korleis dei har det.

 

Vidare via Vadheim og Førde og heim.

 

Vi trur dette blir ein trivelig pensjonisttur.

 Det er høve til å melde seg på heilt til bussen er full!

 


6000 år gamle buplassar 28.05.2009

På Kolset i Bremanger har arkeologar dei siste vekene funne spor etter 6000 år gamle buplassar. Det er i samband med del to av Bremangersambandet det er gjort utgravingar.

Men funna vil ikkje få fylgjer for vegbygginga, skriv firdaposten.no. - Vi snakkar om eit fangstsamfunn med mange busetjingar, som mot slutten av yngre steinalder også utvikla eit ganske omfattande jordbruk, seier prosjektleiar Trond Lødøen.


Streik i Elkem onsdag 28.05.2009

Onsdag 3. juni går alle fagorganiserte i forbundet Industri Energi ut i ein to timar lang politisk streik. Dette gjeld også tilsette ved Elkem Bremanger.

Dei fagorganiserte føler at regjeringa driv løftebrot med tanke på industrikraftregimet. Det fortel hovudtillitsvald ved Elkem Bremanger, Knut Sande til Firdaposten.

– Vi føler oss ført bak lyset av regjeringa, seier Sande.

Streiken som varer frå klokka 11.00 til klokka 13.00, vert markert med ei samling i kantina på Elkem Bremanger.

Alle dei fagorganiserte i Industri Energi vil bli tekne ut i streik, med unntak av folk som skal halde oppe drifta på dei store maskinene.


SVELGEN PENSJONISTLAG 26.05.2009

Svelgen Pensjonistlag

skal ha møte 3.juni på Keipenstova

Programmet finn du under linken til Keipenstova.


Samfunnshuset si side.. 27.05.2009

 

Ta en kikk innom Samfunnshuset si side og sjå kva det nye styre har fått til... Veldig bra jobba :)

 

Sjå egen link fra Svelgen.no si side....


"Tour de Bremanger" laurdag 30. mai 26.05.2009

Laurdag 30. mai (pinsaftan) vert sykkelturen "Tour de Bremanger" arrangert for 3. gong.

Så det er berre å sette i gang med å sjekke sykkelutstyret.

 

For meir informasjon -   klikk her.


Gode prestasjonar av Matias Gulestøl i helga 26.05.2009

 

Matias Gulestøl presterte godt under svømmestevne i Bergen i helga.

 

Landsdel Årsklassemønstring vart arrangert i sentralbadet i Bergen i helga. 180 svømmere fra 20 klubber var samlet. De 18 guttene og 18 jentene med høyest sammenlagt poengsum i øvelsene 400fri, 200rygg, 200bryst, 200medley og 100butterfly deltar. Alderen er fra 11-15 år.

Utøverne rangeres etter sammenlagt poengsum for de 4 beste av de 5 øvelsene.

Matias var den eneste fra Svelgen som kvalifiserte seg. Matias presterte veldig godt i helga til tross for å ha vert skadet i ryggen siden påske.

Det var første gang han var med på et så stort stevne. Det var høgtidlig innmarsj før kvar start noe som virkelig gjorde inntrykk.

På 400 fri fikk han vann i brillene og svømte for langt, men perset allikevel med 2 sek. På 200 bryst stoppet han etter 150m da han trodde han var ferdig, fortsatte ikke før det gikk ca 5 sek. Kom inn 1 sek bak pers. På 200rygg, 200 medley og 100 butterfly perset han med 10 sek.

Han fikk 2 tredjeplasser, 2 fjerdeplasser og 1 femteplass. Det førte til en bronsemedalje sammenlagt.

 

 

Tekst bilde:  Vinnerne sammenlagt f.v  1.pl Maurice Sudkamp (Randaberg) 2. pl. Erik Åsland Giskehaug (Bryne)  3. pl. Matias Gulestøl (Svelgen)


STIF

Sirkeltrening 25.05.2009

 

Sirkeltreninga tar sommarferie frå og med denne veka.

 

Vel møtt til hausten.

 

Mvh.

Per Arne Sæterlid.


Orkla vil selje Elkem sine kraftverk 25.05.2009

Orkla vil selje alle Elkem sine vasskraftverk. Det er ikkje klart kva konsekvensar det kan få for Elkem i Svelgen.

 

Ifølgje Dagens Næringsliv kan ikkje Orkla lenger utvikle og tene pengar på kraftverka på grunn av heimfallsregelen.

 

Heimfallsregelen inneber at rettane til vasskrafta vederlagsfritt fell tilbake til staten etter 60 år.  - Heimfallslova gjer at vi ikkje kan vidareutvikle kraftverka i den forstand at vi ikkje kan kjøpe kraftverksemda. Vi kan heller ikkje byggje ut meir. Difor må kraftverka seljast, seier direktør for samfunnskontakt i Elkem, Johan Hovland (bildet).

Dei totalt 15 vasskraftverka ligg ifølgje Dagens Næringsliv i Rogaland, Nordland og i Sogn og Fjordane.

 

Ingen NRK har vore i kontakt med på Elkem Bremanger eller Elkem Energi vil uttale seg i saka.

Heller ikkje Hovland vil seie noko om konsekvensane for verksemdene i Svelgen.

 

- Vi har sjølvsagt tankar om kva vi eventuelt må gjere, men vi kan ikkje seie noko om det sidan dette er noko vi må vurdere, seier han.

Heller ikkje tidspunktet for sal vil Hovland kommentere overfor NRK Sogn og Fjordane.

 


Jaktleiar følte seg utskjelt 25.05.2009

Jostein Myklebust, som er leiar i Myklebust jaktlag i Ålfoten, seier han fleire gonger har opplevd å bli skjelt ut av ein sakshandsamar i Bremanger kommune.

- Vi vart utskjelt. Det er synd. Berre vi stilte eit spørsmål så vart han opptrekt, og eg følte at han vart sint, seier ;Myklebust.

Myklebust seier det over tid har vore eit problem med ein bestemt sakshandsamar når deg gjeld hjorteforvaltninga.

 

NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med vedkomande sakshandsamar. Han vil ikkje la seg intervjue om saka.

- Det har ikkje vore noko kjekt, seier Myklebust.

Konflikta mellom jaktlaga og sakshandsamaren vart etter kvart av ein slik karakter at rådmann Tom Joensen fann grunn til å skrive brev til jaktlaga der han ber om orsaking på kommunen sine vegne.

- Bakgrunnen for at eg har teke saka opp er innspel frå jaktlaget, seier rådmannen.

Han vil undersøkje saka.

- Vi skal gje skikkeleg service, og alle som tek kontakt med kommunen skal få lik behandling, seier rådmannen.


Elevkonsert på Samfunnshuset fredag 5. juni 25.05.2009

Kulturskulen arrangerer elevkonsert på Svelgen Samfunnshus fredag 5. juni kl. 1700. Kr. 20,- for vaksne, barn gratis. Sal av kaffi, brus og noko attåt.

Alle er hjarteleg velkomne!


Annonse:

Salgsmesse på Samfunnshuset 24.05.2009

Mandag 25, mai kl. 1100 til 1800 blir det utsalg av fritidsklær for alle og enhver.

 

Kvalitetslær for alt friluftsliv. Fjell, jakt, fiske, tur til voksne og barn. Kamuflasje microfiber i superkvalitet! Alt til fornuftige priser.

 

JAKT- OG FRITIDSKLÆR

7139 Brekstad mob. 950 77 338

Vi har bankterminal


Friidrettstrening 23.05.2009

 

   Mandagstreninga fra kl.18:00-19:30 for dei opp til 13 år går ut.

   Treninga starter opp igjen til hausten, og vi ønsker alle velkommen tilbake.


Årsmøte i Svelgen Nærradio 22.05.2009

  

Minner om årsmøte i Svelgen Nærradio onsdag 27.mai kl.20.10 på Svelgen skule.

   

 

Vel møtt!


Turen til Sogndal avlyst. 20.05.2009

Svelgen Pensjonistlag har avlyst turen til Sogndal tysdag 26.mai.

 

 


Møte i Mental Helse Bremanger 22.05.2009

Lokallaget Mental Helse Bremanger held møte i kveld fredag 22. mai kl. 1800 på Davik legekontor. Til hyggekveld og planlegging framover.

 

Alle hjarteleg velkomne!


Ros til 17.mai-komiteen! 21.05.2009

   
Eg vil gi ros til årets 17.mai-komité for flotte barneleikar.

Kjekt med variasjon og nokre ”nye” leikar.
   

Var fint å ha leikane på skuleplassen. Då slepp ein å vere redd for at ungane skal springe ut i vegen og der er også mykje betre plass enn på fortauet ved bana. Kanskje noko ein kan tenke på framover :)
   

Mvh.

Vibeke Kjerpeseth


Takk til Tore Myklebust og Martin Hennøy 21.05.2009

"Sikksakkstien" frå Sande til Sandsegga er no rydda for greiner, heller og steinar er lagt på plass, nye heller og steinar har kome til, ++. Tore Myklebust har gjort mykje med stien nedanfor skoggrensa, samt gjort mykje også med andre stiar i område ovanfor Sande. Martin Hennøy har gjort ein god del ovanfor skoggrensa.

 

Siste tida er det mange fleire som har teke i bruk stiane frå Sande og oppover, og dette folk i "alle aldrar". Positivt! Dette skuldast nok blant anna at stiane er godt veldikehaldne og utbedra. Takk til Myklebust og Hennøy, og evt. andre som har jobba på stien, for flott utført arbeide. Utan desse hadde nok stiane grodd igjen.

 

Helsing turgåar


Bremanger får ikkje godtkjent søknadar om spelemidlar 21.05.2009

Hovudutval for kultur skal i neste møte handsame fordeling av spelemidlar til nærmiljø og ordinære anlegg. Over 20 søknadar er ikkje godkjent fordi dei er ufullstendige eller mangelfulle. Fire av desse kjem frå Bremanger kommune. Som ein konsekvens av dette sit fylket med tre millionar i udisponerte midlar som skulle komme folk til gode. Dette er ikkje godt nok og er til bekymring for politikarar og administrasjon på fylkesnivå.
Kåre Jarl Langeland
Sogn og Fjordane Venstre 

Søkjer turleiar til Ålforbreen 30. mai 20.05.2009

Keipen Turlag står pr. dags dato uten turleiar på turen til Ålfotbreen som er planlagd den 30.mai. Om du er interessert i å vere turleiar på denne flotte turen, kan du ta kontakt med turlagsleiar Ottar Dahl eller Kristian F. Skaar. Vi søker ein person eller fleire med kjennskap til breen og ruta.


Tlf Ottar Dahl: 577 95 573

Tlf Kristian F. Skaar: 975 86 695

Ikkje reduksjon av politidistrikt 20.05.2009

Søknaden frå politimeister Johan Brekke om å redusere frå 23 til fire lensmannsdistrikt er lagd vekk av Politidirektoratet.

 

Brekke får støtte for argumenta sine, men direktoratet meiner det ikkje er noko poeng i å sende søknaden vidare til Justisdepartementet som handsamar slike saker, skriv Firda.

Det må nemleg vere full semje i politidistriktet og i dei aktuelle kommunane for at departementet skal sjå på saka. Sjølv om fleirtalet av kommunane var positive til framlegget var usemja stor nok til at Politidirektoratet ikkje vil gå vidare med saka.

Johan Brekke ville ha Flora og Bremanger i eitt distrikt, Vågsøy, Selje, Vanylven, Stryn, Hornindal og Eid i eitt, Førde, Naustdal, Fjaler, Gaular, Askvoll, Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Jølster og Gloppen i eitt, og Sogndal, Leikanger, Vik, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland i iett distrikt.

 


Sjukepleiarar frå Orange for dårlege i norsk 20.05.2009

Dei utanlandske sjukepleiarane som blir rekrutterte gjennom selskapet Orange Helse er altfor dårlege i norsk.

Dette hevdar Liv Marit Bøen som er personalsjef i Bremanger kommune.

Bremanger har nytta fleire utanlandske sjukepleiarar, men er skuffa over språkkunnskapane.

- I følgje dei som ansvar ved sjukeheimen, så har det vore for dårleg kvalitet til at alt var forstått rett. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Revidert rekneskap for Bremanger:

Driftsresultat på minus 47 millionar 20.05.2009

Terra er forklaringa på at Bremanger kommune gjekk på eit uderskot på heile 47 millionar kroner i 2008.
Det syner den reviderte rekneskapen til Bremanger kommune for 2009.

Tek ein med interne finansieringstransaksjonar er underskotet for fjoråret på nesten 49 millionar kroner og med det har kommunen eit bokført underskot dei siste åra på   230,5 millionar kroner.

Underskota skuldast tapa som følgje av Terrainvesteringane som kommunen har fått ti år på seg på å dekke.
Denne jobben er kommunen allereie i gong med og på budsjettet for inneverande år er det sett av 7,7 millionar kroner til dekking av underskota frå 2007 og 2008.

I budsjettet for 2010 er det sett av 12, 5 millionar. Så aukar inndekkinga av underskotet i budsjettet for 2011 til 32, 8 millionar og i 2012 skal kommunen bruke 36,8 millionar kroner frå driftsbudsjettet til å dekke inn underskotet som følgje av Terra-investeringane. Dette melder Fjordenes Tidende.

Utviding av Silgrain-anlegget 19.05.2009

På Svelgen Næringsråd si heimeside kan du no lese om utvidinga av Silgrainanlegget på Elkem Bremanger.


Fleire bilder frå 17. mai i Svelgen 19.05.2009

Her kan du sjå fleire bilder frå feriringa av nasjonaldagen i Svelgen. Her frå toget og talar Jens Petter. (Foto Aud Marit Sortevik)

 



Ledige stillingar i Bremanger kommune 19.05.2009

Bremanger kommune har ledige stillingar som assistentar i skular og barnehagar. Dei har også ledig stilling som sosionom og barnevernspedagog. Sjå Stilling ledig til venstre.

PRESSEMELDING:

Vedtak for å skape ny vekstregion 19.05.2009

Florø – Svelgen – Måløy 18. mai 2009

 

45-minuttsregionen: Flora, Bremanger og Vågsøy med felles vedtak for å skape ny vekstregion

Flora, Bremanger og Vågsøy kommunar har no fatta likelydande vedtak om realisering av ein

samla bu- og arbeidsmarknadsregion mellom Ytre/Midtre Sunnfjord og Nordfjord, 45-

minuttsregionen. Dei tre kommunane står no samla om traseval, prioritering av strekningar og

finansieringsplan for utbetring av vegen mellom Florø og Måløy via Svelgen. Alle tre kommunar

seier ja til brukarfinansiering som del av eit heilskapleg finansieringsopplegg for dei

nødvendige vegutbetringane og vil opprette av eit felles ”vegselskap” for prosjektet.

.

.

- Vedtaka i våre tre kommunar kan vere starten på ein heilt ny vekstæra for Sogn og Fjordane, seier

ordførar Bente Frøyen Steindal (Flora), Kåre Olav Svarstad (Bremanger) og Roger B. Silden

(Vågsøy). - Sogn og Fjordane kan for første gong få ein samla, slagkraftig bu- og

arbeidsmarknadsregion på kysten som bryt med gamle fogderigrenser, seier dei tre ordførarane.

Analyser gjort av næringsutvikingsselskapa i dei tre kommunane syner at utan snarleg realisering av

45-minuttsregionen vil Sunnfjord og Ytre/Midtre Nordfjord oppleve sterkt negativ folketals- og

arbeidsmarknadsutvikling i åra framover. Sjølv i sentra som Førde, Eid og Florø er vekstkrafta no i ferd

med å tømast ut. Meir perifere kommunar på kysten vil oppleve dramatisk nedgang om ikkje kysten

sitt vekstpotensiale snart blir tatt ut gjennom større bu- og arbeidsmarknader på line med det fylka sør

og nord for oss allereie har bygd ut. Analysene syner at med snarleg realisering av 45-minuttsregionen

vil Sogn og Fjordane kunne utløyse store investeringar og næringslivssatsingar i kystnæringane som

skaper vekst elles på Vestlandet, inkl. olje&gass, fornybar energi (vind, solar), havbruk, fiskeri og

mekanisk/maritim industri, seier dei tre ordførarane.

.

.

Ordførarane i Flora – Bremanger – Vågsøy har no sendt eit formelt brev til fylket der ein ber om

snarlege prinsippavklaringar frå fylket på følgjande punkt:

a) Prinsipptilslutning til dei tre kommunane sine vedtak om delfinansiering av vegprosjekta i 45-

minuttsregionen med brukarbetaling (sikrar finansiering på ca 320 mill kr)

b) Prinsippvedtak om å tilføre vegprosjekta i 45-minuttsregionen dei innsparde midlane over

ordinært veginvesteringsbudsjett til Bremanger 2 som er frigjort gjennom at perioden for bruk av

ferjeavløysingsmidlar er auka frå 15 til 30 år (sikrar finansiering på ca 150 mill kr)

c) At fylket sluttar seg til kravet om og arbeider aktivt for ein statleg regionbyggingspakke til

realisering av 45 minuttsregionen (sikrar finansiering på (sikrar finansiering på 275 mill kr). Nye

analyser dokumenterer at ein slik regionbyggingspakke er avgjerande for å snu ei elles

dramatisk forvitring av Sogn og Fjordane og utløyse eit nasjonalt viktig verdiskapingspotensiale

d) Umiddelbar oppstart av arbeidet med planavklaring for prioriterte parsellar på Rv 614 for å

realisere 45-minuttsregionen, med finansiering av planarbeidet over riks-/fylkesvegbudsjett

.

.

- Vi ser det som særs viktig at fylkeskommunen allereie denne våren fattar prinsippvedtaka i punkta

ovanfor, seier dei tre ordførarane. - Kysten av Sogn og Fjordane er av områda i landet som er hardast

råka av den pågåande finanskrisa, Det hastar med å få realisert 45-minuttsregionen for å utvide bu- og

arbeidsmarknaden og legge grunnlag for vekst på kysten av Sogn og Fjordane.

45-minuttsregionen er også ein viktig del i realiseringa av ein framtidig Kystveg Ålesund-Bergen. Meir

informasjon og fakta om prosjektet finst på heimesida 45minuttsregionen.com

Kontaktpersonar:

Flora Kommune Bremanger Kommune Vågsøy kommune

Ordførar Ordførar Ordførar

Bente Frøyen Steindal Kåre Olav Svarstad Roger B. Silden

41530110 95982950 91833590

 


Lensmannskontoret i Svelgen får passautomat 18.05.2009

Frå 1. juli sluttar politiet å skrive ut pass i små kommunar. I Sogn og Fjordane betyr det at berre 15 lensmannskontor kan hjelpe deg med pass, mot 23 i dag. Men Bremanger lensmannskontor i Svelgen, er eitt av kontora som framleis skal levere pass.

 

På landsbasis kan du i dag søkje om pass på rundt 375 politikontor kring om i landet. Innan utgangen av juni skal dette talet vere redusert til 190. I Sogn og Fjordane er det i dag 23 politikontor der du kan søkje om pass, frå 1. juli er talet redusert til 15.

– Det blir stans 1. juli, men det er ikkje sikkert alle automatane er oppe og går akkurat på den datoen. Vi tek dette fortløpande, og så fort vi klarar, men det er ein del som skal på plass. I utgangspunktet skal automatane vere oppe og gå 28. juni, men dette må vi komme nærare tilbake til, seier politiinspektør ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden til Firda.

Hjå mange lensmannskontor krevst det noko ombygging for at ein skal få til ei funksjonell ordning.

Bakgrunnen for endringa er den lenge varsla innføringa av biometriske pass, som i tillegg til bilete skal innehalde fingeravtrykk. For å få dette til trengst det eigne biometriske kioskar.

Men trass i at det er automatar som skal gjere ein del av jobben, som til dømes å ta bilete og fingeravtrykk, så blir ikkje dette noko heilautomatisk teneste.

– Med tanke på arbeid, trur eg ikkje det blir noko skilnad. Kvar automat må betenast av ein funksjonær, seier Iden.


Dialogmøte om Måløy-Svelgen-Florø 18.05.2009

For å få fleire oljearbeidsplassar til fylket må vi gjere noko med reiseavstandane, meiner lokalt næringsliv.

- Får vi på plass 45-minuttsregionen mellom Måløy, Svelgen og Florø kan vi bli meir attraktive for oljeselskapa, seier Bjørn Hollevik som er styreleiar for Flora Industri- og næringsforeining.

 

På eit dialogmøte i Florø før helga diskuterte utsendingar frå oljeindustrien, næringslivet, fylkeskommunen og NHO Sogn og Fjordane framtida for oljeindustrien langs kysten av Sogn og Fjordane.

Bjørn Hollevik i Flora Industri og Næringsforening er ein av fleire som vil ha fleire oljearbeidsplassar til fylket. Og for å få det til må det gjerast noko med infrastrukturen langs kysten meiner han.

 

- Skal vi få ungdom til å komme tilbake, må fylket ha jobb til i alle fall to om det er eit par som kjem. Då vert Florø, Førde, Vågsøy og Bremanger kvar for seg for små. Vi må lenkje dei saman, seier Hollevik.

Og for å få til det må betre veg på plass meiner han.

- I linjeavstand er det 39 kilometer frå Vågsøy til Florø. Og i dag brukar vi to og ein halv time for å komme oss mellom desse to stadane, seier Hollevik.

På grunn av dei store reiseavstandane vert det vanskeleg med dagpendling meiner Hollevik. Og på den måten går fylket glipp av eit stort vekstpotensiale.

- Å kunne tilby eit større bu- og arbeidsfelleskap er heilt avgjerande om vi skal lukkast vidare, seier Hollevik. Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane.


Vel blåst 17. mai i Svelgen 18.05.2009

Det vart ein flott 17. mai feiring i Svelgen, ikkje minst takka vere gjengen på bildet; Svelgen skulemusikk som spelte både i barnetog og folketog i Svelgen, samt i togen på Kjelkenes, tradisjonen tru. Flott ver med oppmot 20 grader var perfekt bunadsvær - og det er vel ikkje mange plassar som har så mange ulike bunadar fordelt på så få innbyggarar!

I år måtte barneleikane flyttast til skuleplassen på grunn av arbeidet på stadion, noko som fungerte fint. 15 år gamle Jens Petter Kjerpeset heldt årets 17. mai tale, og han fortalde om reisa 10. klasse hadde til Polen/Tyskland i april. Han fortalde om grunnlovsdagen, og det den har betydd for Norge - og korleis det har vore å vekse opp her i Svelgen.

Under folkefesten var det stor variasjon frå pensjonistdamene si framvisning, til halsbrekkande kjerringbæring, ung dans og ABBA musikk, for å nemne noko. Ståle Dyrstad leia festen og fekk låtten fram blant publikum.

 Nasjonaldagen vart med andre feira på beste vis i Svelgen! (foto: Willy Bell)


Gratulerer med dagen! 17.05.2009

Biletet er henta frå Firdaposten sitt webcamera på Villabakken 17. mai 2009


Bilulukke i Magnhildskaret laurdag morgon 16.05.2009

Det har vore ei bilulukke på riksveg 614 ved Magnhildskaret.

Politi og ambulanse er på veg ut til ulukkesstaden no kl. 1000, der ein personbil skal ha køyrt utfor vegen.

Operasjonssentralen hos politiet har fått antyda at det er to personar i bilen, men skadeomfanget er førebels uvisst.

Ulukka vart meld frå om klokka kvart på ti i føremiddag. Dette melder NRK Sogn og Fjordane


- Takk til EEB og EL&IT-forbundet! 15.05.2009

 
Vi i Grønehuset ynskjer å takke Elkem Energi Bremanger (EEB) og EL & IT-forbundet ved EEB for pengegåva vi fekk av dykk. Pengane gjekk til innkjøp av leikar.
 
Helsing store og små i Grønehuset

9. klasse med kiosk 17. mai 15.05.2009

9. klasse ved Svelgen Oppvekst står ansvarlig for kiosk salg under barneleikane.
Det går til inntekt for klassetur med aktive fredsreiser i 10 klasse.

Vi ynskjer alle velkomen og håpar alle får ein fin dag !   :)

Revidert nasjonalbudsjett framlagt i dag:

Pengar til Bremangersambandet 15.05.2009

Sogn og Fjordane får totalt 549 millionar kroner til veg i revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram i dag.Samferdsleministeren lovar mellom anna 100 millionar kroner til Dalsfjordbrua og Bremanger2-sambandet.

 

Fylket får 158 millionar kroner kvart år i ein tiårsperiode til drift og vedlikehald av vegane når dei tek over ansvaret for riksvegane frå årsskiftet. Tor Bremer, stortingskandidat for Ap er storfornøgd.

- Det ser veldig bra ut. Det kjem monalege midlar til fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Det har vore eit stort etterslep på drift og vedlikehald. Vegdekket er dårleg og holete. Og her kjem det 158 millionar kvart år til vedlikehald. Det er vi nøgd med, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

 


Mykje nedbør tidleg i mai 15.05.2009

Midt i denne veka kom godvèret til Svelgen, og det ser ut til å vare nokre dagar framover... Men byrjinga av mai var svært fuktig, og i løpet av 11 døgn fall det 141,6 mm nedbør. Dette er godt over normalen for Svelgen i mai, som er 110 mm. Det meste som kom på eit døgn var 28,3 mm.


      ... . Trudvang

                  På Kjelkenes   

So ....Sommaren inn med Helga

Den 23. Mai   frå Kl. 21.00

 

* Sosialt samvær

* Bar med all verdens rettigheiter

* Småsalg av småretter

* Helga`s utvalde CD-Musikk

* Konkurranse Quiz  


2. Nyhetsbrev Svelgen Stadion 12.05.2009

Det er no gått ei stund siden forrige nyhetsbrev i forbindelse med oppgraderingen av Svelgen Stadion... 

 

Les meir på  STIF si heimeside

 


                    17 Mai i Svelgen 

           

 

08:00    Flaggheising ved samfunnshuset

            Skulemusikken spelar. 

             

10:00    Barnetog.                                                       

            Start ved ungdomsskulen. 

             

11:00    Gudsteneste. 

                   

12:30    Barne- og familieleikar på skuleplassen. 

            Leikane blir i idrettshuset i fall dårleg vær. 

             

16:00    Folketog.

            Start frå samfunnshuset. 

            Vi oppfordra lag og organisasjonar til å stille med faner.        

 

17:00    Tale ved Jens Petter Kjerpeset ved samfunnshuset.            

 

17:30    Folkefest på samfunnshuset.  Bill.  Barn.    kr. 20,-

                                                             Vaksne kr. 50,-

                                                             Familie kr.100,- 

                     

 

 

Skulemusikken har open kafe/kiosk i småsalen og vestibylen på

samfunnshuset frå kl.11:00. 

                          

   Sal av kaker, kaffi, brus, is og pølse m/brød.

 

                                                                                                           God 17.mai !

                                                                                                                 

                                                              

 

 

                                                                   


17. mai på Kjelkenes

 

1200 Sal av rømegraut i Trudvang

 

1415 Folketog frå Trudvang til kyrkja

 

1500 Gudsteneste i Midtgulen Kyrkje, Svelgen Songlag deltek          

                      

1545 Samling ved Trudvang. Kaffi, kaker, pølser, brus og is

 

1700 Samling innandørs, premieutdeling, DVD med gamle minne

God 17. mai!

 


 

Bremanger ungdomsråd / Youth in Action

 

Want youth between 17 – 20+ years for exchange in Finland.

 

Description of the program:

SHORT FILM WORKSHOP.

 

You will learn basic techniques of making a short film with a help of professional trainers.

The aim of the youth exchanges   is to gain more experience and knowledge of the film process and participants get a chance to practice each step of the way.

 

You will learn:

·        How to write a movie script

·        Work with a camera

·        How to be a good actor J

·        Sound and light

·        Edit a film to its final form

·        Get to know youth from Finland and Russia

 

 

The youth exchanges is located in North Karelia, and the dates are 1 – 10 October, in Hyvarila Youth centre, Nurmes.

 

Interested – questions?

Call 95985267   Anita Løver – youth leader.


STRAUMSTANS PÅ SANDE 12.05.2009

Det vert i dag, tirsdag 12.mai straumstans på Sande og Mevika frå

Kl. 2200 til kl. 2300 grunna arbeider i høgspenningsnettet.

 

Straumnettet må i heile stansperioden reknast som spenningsførande!

 

Elkem Energi Bremanger AS


Svelgen seniordans 04.05.2009

 

Svelgen seniordans markerar   ”Seniordansens dag ” tysdag 12. mai 2009.

Det vert oppvisning kl 17.00 ved Svelgen Bu-og Serviceseneter, og

Kl 18.00 på Svelgen Samfunnshus. Alle er velkomne.

Styret.


Elkem Bremanger:

Brukar permitterte til ferieavvikling 07.05.2009

Elkem Bremanger vel å setje inn dei 50 permitterte som sommarvikarar ved silisiumavdelinga.

 – Vi ville sjølvsagt hatt full drift ved støyperiet og 40 ferievikarar, men slik verda er i augeblinken vil vi prioritere våre eigne folk. Det seier verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle til Firdaposten. 

Men det er med tungt hjarte Talle må takke nei til 40 unge vikarar. Han byrja sjølv industrikarrieren sin som ferievikar ved verket i Årdal, og ser på tilbodet som verdifullt både for ungdommen og for verksemda.


STRAUMSTANS PÅ SANDE 07.05.2009

 

 

Det vert i dag, torsdag 7.mai straumstans på Sande frå

Kl. 1700 til kl. 1800 grunna arbeider
i høgspenningnettet.

 

Straumnettet må i heile stansperioden reknast som spenningsførande!

 

Elkem Energi Bremanger AS


Fra Sogn og Fjordane Friidrettskrets si side.. 06.05.2009

God sesongstart i Bergen
Foto: Svelgen T&IF

Under sesongåpninga for stavhopparane i Bergen klinka dei to Svelgengutane Daniel Hessvik Holm og Pål Valberg til med nye personlege rekordar over kvalifiseringskravet for jr. NM. 

Persane lyder på 3,63 for Daniel og 3,43 for Pål.

Treningtilhøva for stavhopparane i Svelgen vert betre utover sommaren. Ny stavmatte kjem til bygda denne veka og ny stadion med kunsstoffdekke er venta klar i august. Dette reknar vi med blir til stor inspirasjon både for aktive utøvarar og for staventusiast og trenar Ingvald Ytrehus.

 

   Sogn og Fjordane Friidrettskrets


Janne Sørgulen kulturredaktør 06.05.2009

"Styret i Studvest ansatte i forrige uke Janne Sørgulen som ny kulturredaktør i Studvest.  Janne G. Sørgulen er 23 år gammel og kommer fra Bremanger i Sogn og Fjordane (Sørgulen vår anm.). Hun har vært ansatt i Studvests kulturredaksjon siden august 2007. Sørgulen er utdannet journalist fra Norge Kreative Fagskole i Bergen og har studert nordisk ved Universitetet i Bergen. Hun har jobbet som journalist i blant annet Bygdanytt og Firdaposten" skriv Studentavisa i Bergen.

 


Dans med Sten Uno Rambøl 15. mai 05.05.2009

Fredag 15. mai blir det dans på Svelgen hotell med Sten Uno Rambøl.
 
Sten spiller variert og dansbar musikk. Mesteparten av repertoaret er pop og rock fra 60- og 70-talet. Men han spiller også musikk fra både 80- og 90-tallet.
Musikken er på norsk, svensk, dansk og engelsk. Det går i Beatles, Rolling Stones, Kinks, Kim Larsen, Sven Ingvars, Bob Dylan, Mannfred Mann, Neil Young, Bjørn Afzelius, Mikael Wiehe, Creedence, Kornelis Vreesvijk, Jonas Fjeld, Odd Nordstoga, Åge aleksandersen og mye mer. Han har gitt ut to CD-er med egne melodier. Han spiller gitar og synger, og har i tillegg trommer, bass og keyboard på disc. Dermed blir det lyd som tilsvarer et band med tilsvarende instrument. Cover kr. 130, -

Norvall & Co. med Claptonturnè 05.05.2009

Eilif Vaardal, Jarle Grotle, Norvall Klungresæter og Martin van Gastel turnerer i desse dagar fjordfylket med musikk av Eric Clapton. Det er ungdomsskulane, i første rekkje i Sogn, men også i Førde, som er så heldige å få besøk av dei dyktige musikarane,  Konsertprogrammet til «Slowhand – A tribute to Eric Clapton» er arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune som eit tilbod i Den kulturelle skulesekken, etter idé og opplegg av dei fire musikarane i samarbeid med Øyvind Lyslo.

 

Dei første konsertane var allereie i går, i Årdal kommune. I dag er det Førde som står for tur.

– Vi skal spele i alt 18 konsertar, to kvar dag, så det blir to travle veker framover, fortel Norvall Klungresæter, som er vokalist og gitarist i Bremanger-gruppa Spik Adel.

Repertoaret er tileigna den legendariske gitaristen Eric Clapton og musikken hans, og dei fire musikarane lovar eit fengande og engasjerande møte med mange kjende og kjære hits frå dei ulike epokane i Clapton sin rike og produktive karriere.

 

Klungresæter og dei tre andre Clapton-venene inviterer elevar på elgitar til å spele med på låten «Cocaine», som er laga av J.J. Cale, men som dei fleste kjenner frå Eric Clapton. Dei elevane som vil vere med skal spele sjølve gitar-riffet pluss eventuell improvisasjon, og det kan bli ei spennande utfordring, melder Firdaposten.

 .



Svelgen-stasjonert kar med NM sølv i judo 05.05.2009

Torbjørn Engebretsen spilte, sang og smilte akkompagnert av fire av klubbkompisene, da de avsluttet judo-NM på Bolkesjø sist helg, melder Laagendalsposten. Og grunnen til at vi tar det med her i Svelgen-avisa er at mannen for tida er busett her - i følgje avisa:

" Torbjørn Engebretsen slo an tonen på judomatta i finalekampen om kongepokalen, og hadde oppgjøret mot Lars Lynge Christiansen vart et minutt til, hadde kongepokalen havnet i premiehylla til 24-åringen fra Veungsdalen (p.t. Svelgen) og ikke i Sande  .

- Han var skikkelig kjørt. Han hadde tapt hadde kampen vart litt lenger, mener Engebretsen, som til slutt tapte med minst mulig margin.

- Han hadde en yoko mer enn meg, sier BK-gutten, som var overrasket over at han kom seg til finalen i åpen klasse.


 

Engebretsen er ingen nykommer på judomatta, men har ikke trent så mye i det siste.

- Nei, det er ikke spesielt mange treningsmuligheter i Svelgen hvor jeg jobber nå, sier 24-åringen, som kom dit rett fra en tre måneders tur Mexico (!) , Cuba og Costa Rica
."

 


Bremanger krev auka inntekt for bøndene 05.05.2009

I eit brev frå ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) i Bremanger kommune til Landbruks- og Matdepartementet går det fram at eit samrøystes kommunestyret støttar opp om Bondelaga i kommunene sitt krav om ei årleg inntekt på 300.000 kroner pr. årsverk i landbruket. Det går også fram av brevet at Bremanger kommune ynskjer ei sterkare utjamning av inntektene mellom distrikta og mellom produksjonar enn det som statistikken over inntekta i landbruket syner er tilfelle i 2008.

 

Dette melder Noregs Bondelag på sine heimesider.


Eid og Bremanger einige:

Kommunen vil ha kraftlinja via Svelgen 05.05.2009

Eid og Bremanger vil at den nye kraftlinja  (420 kW) skal gå via Svelgen og over fjorden ved Bryggja i Vågsøy. Bremanger vil verne Ålfoten og sikre billeg straum til Elkem i Svelgen, medan Eid vil unngå lina gjennom kommunen.

 

Ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger har stor tru på alternativet med fjordkryssing lengre vest.

- Dette er viktig for lokalsamfunnet Svelgen og for Bremanger og for omkringliggande kommunar.

Bremanger og Eid krev at NVE utgreier eit nytt trasealternativ med fjordkryssing ved Bryggja for den omstridde kraftlina mellom Ørskog og Fardal.

 

Kraftlina er i dag planlagd med transformering i Ålfoten, noko som gjer at Elkem Bremanger kan tape så mykje som ti millionar kroner i året på dyrare straumpris fordi dei ikkje lenger blir ein del av sentralnettet for straum.

I tillegg vil det noverande alternativet føre til at lina går gjennom Ålfoten og store deler av Eid kommune. Ordførar Sonja Edvardsen i Eid vil difor gjerna ha straumlina flytta vestover.

 

Alternativet til dei to kommunane vil føre til at lina krysser fjorden aust for Bryggja og går innom Vågsøy og Vanylven kommunar.   Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Flotellet på oppdrag i Ulsteinvik 05.05.2009

Utpå kvelden 30. april kasta «Fjord Comfort», flotellet til DD Maritime AS, loss og sette kursen mot Ulstein og nye oppdrag der. Det fortel dagleg leiar i DD Maritime, Allan Dyrstad til Firdaposten.

– Vi har inngått ein langsiktig kontrakt med Ulstein Verft AS på eitt år med opsjon på eitt års forlenging, seier han.

«Fjord Comfort» kom fyrst til Florø i overgangen mellom april og mai i fjor, før den tilbrakte sommaren i Svelgen. 1. oktober kom den attende, og det siste fortøyingspunktet i Florø før kontrakten her gjekk ut, var ved Fanevik si kai i Hesteneset.

Men det har også vore eit ønskje frå DD Maritime AS om meir langsiktig leige av flotellet. Og flotellet fekk tilbod om fleire langtidskontrakter i Florø, men det var diverre ikkje kaiplass å oppdrive.


Lite nedbør i april

Mindre nedbør enn normalt hittil i år 05.05.2009

I løpet av dei fire første månadane i 2009 har det falle 640 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for same periode er berekna til 727 mm. Her følgjer dei same tala i rekkefølgje f.o.m. januar (med normalen i parantes): 237 (230), 148 (174), 184 (200), og 71 (123) mm i april. I same rekkefølgje på månadane hadde ein følgande høgste døgnverdi/tal døgn utan ein drope i måleglaset: 38/11, 39/7, 24/9, og 23 mm/14 døgn i april.

  

Tala er henta frå målestasjonen til Elkem Energi Bremanger AS, som har Meteorologiske Institutt sin offisielle målestasjon for Svelgen.


Fotballpub på kafèen 04.05.2009

 
Svelgen hotell har fotballpub i kafèen under dei siste semifinalane i Champions League
Tirsdag 5 mai  kl.20.30 og onsdag 6 mai  kl 20.30
 
- Velkomne

Friidrett

Nye personlege rekorder for Svelgen guter i stavhopp. 04.05.2009

 

   16.åringane Pål Valberg og Daniel Hessvik Holm har vært i Bergen denne helga

   på Paavos stavsamling. Paavo er fra Finland og er trener for Kim Nes Leirvik i stav.

 

   Gutane fekk med seg to stavstevne og nye personlege rekorder blei det på dei

   begge :) Kjempe bra!

 

   Les meir på STIF si heimeside her  og  her

 

   I tillegg til å ha kvalifisert seg til UM 2009  er dei og kvalifisert til Junior NM


Påminning

SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA 03.05.2009

Det er sangtime på Keipenstova måndag kl.12!

Minner om at det er 1.måndag i månaden og sangtime på Keipenstova. Sangen vert leia av Harald Førde & co.


Hei på dere lesere!
Er fra tid til annen innom Svelgen.no, for å se hvordan det står til på gamle tomter.
Klikket meg frem til nyheten om at det går fremover med mitt gamle idrettslag. Ekstra hyggelig var det å se at dere fra høsten 2009 får egen kunsgressbane, og ny løpebane. Jippi. Dette vil bli et enormt løft for alle som er glad i idrett, og spesielt fotball. Kanskje kan Svelgen komme seg oppover i divisjonene igjen. Lykke til. Skal følge ekstra godt med fremmover.
 
Utflyttet "Svelgar" i 1974.
Johnny Rise

170 høyrde på Aarebrot 1. mai 03.05.2009

-Stoltenberg må tenkje «arbeidsplassar, arbeidsplassar og arbeidsplassar» i desse finanskrisetider, og sende Giske og dei andre ministrane som ikkje fokuserer på dette på ferie til Hawaii. Det sa  Frank Aarebrot 1. mai i Svelgen framom omlag 170 tilhøyrarar.
I talen sparka Aarebrot også mot regjeringa si handsaming av Terra-kommunane, mellom dei Bremanger.

- Den såkalla Terra-skandalen kom eigentleg eit halvt år for tidleg. Hadde dette skjedd eit halvt år etterpå, ville Terra-kommunane fått hjelp frå Staten sidan det ville bli sett på som ein del av finanskrisa, seier Aarebrot og understrekar at mediebildet av dei dumme Terra-kommunepolitikarane som let seg lure ikkje er korrekt.

-Vi trudde det var slik, men Terra-skandalen var eigentleg forvarselet til finanskrisa, seier han.

 

1. mai-markeringa i Svelgen vart opna av ordførar Kåre Olav Svarstad, før Svelgen skulemusikk underheldt publikum med tre musikkstykke.

Den fyrste appellen vart halden av ungdomsrådsleiar i Bremanger, Lina Vågene, som understreka at ungdom også har viktige innspel i samfunnsdebatten.

– Det er viktig å ta ungdom på alvor. På den måten kan lokalpolitikarane våre få andre perspektiv på sakene. Men dei må også ta meir initiativ utanom valåra, understreka ho i sin tale.

Dagens andre appell var ved HTV ved Elkem Bremanger, Knut Sande. Han viste til skuffelsen over at regjeringa ikkje har innfridd valløfta om industrikraftregimet. Les meir om arrangementet i Firdaposten

Om kvelden var det duka for dans med dansebandet Hæla i Taket til inntekt for Svelgen Samfunnshus.


Frykta lokalsamfunn og aviser:

Terra gjekk på helsa laus for ordførar og revisor 03.05.2009

Det er i laurdagsutgåva av Dagens Næringsliv toppane i Terra-kommunane fortel om presset, utfrysing, drapstruslar og sjølvmordstankar.

 

Kommunetilsette vart nærast rikskjendisar over natta i det bomba smalt hausten 2007. Investeringar i amerikanske obligasjonar, gjennom Terra Securities, viste seg å vere tidenes bom – og etterlet norske kommunar med eit tap på nesten ein milliard kroner til saman. Blant Terra-kommunane er Vik og Bremanger i Sogn og Fjordane.

 

For kommunerevisor i Bremanger, Terje Førde, tok skandalen kraftig på helsa. I mars 2008 vart han flydd til Førde sentralsjukehus med ein halv centimeter stort magesår og indre blødingar som hadde halvert blodmengda.

– Han kom i grevens tid, sa legen ved sjukehusets intensivavdeling.

– Alt eg klarte å tenkje på var Terra. Det er galskap, seier Førde til DN.

 

Førde unngjekk gata i kommunesenteret Svelgen då saka herja som verst i media. Han orka rett og slett ikkje slengbemerkningane. Også stilla i gangane i rådhuset vart tunge å bere.

– Eg lurte på om det var verdt det. Du risikerer at det klikkar heilt for deg, og så gjer du noko du ikkje skal gjere. Du fekk lyst til å flykte frå alt saman. Men du kan ikkje gjere ende på deg sjølv, det løyser ikkje problema, seier kommunerevisoren til avisa.

Og så når bygdefolk hadde fått i seg litt alkohol, kom trusseltelefonane.

 

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, seier han fekk angst og smerter i magen av å lese aviser og gløymer aldri melodien til den lokale nyhendesendinga.

– Eg måtte byggje meg opp for å bla gjennom avisene, seier han.

 

Etter vekttap, mageverk og søvnlause netter, sette Svarstads lege foten ned. Svarstad fekk beskjed om å ta ferie og kollegaene på kommunen fekk beskjed om å halde eit ekstra godt auge med ordføraren.

Hadde det ikkje vore for legen, kunne det gått gale, trur Svarstad.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov