Arkiv Juni 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Sjeldant lite nedbør i juni i Svelgen 30.06.2007

I juni månad fall det berre 22,4 mm nedbør i Svelgen. Det normale for månaden er 129 mm. Heile 21 døgn var utan ein drope i måleglaset, og det meste ein målte på eit døgn var 9,7 mm.

 

22,4 mm nedbør på ein månad er det lågaste ein har målt på ein månad sidan juli 2000, då det fall 21 mm. I juni 1982 fall det berre 7 mm nedbør, noko som er det minste ein finn på på nedbørsstatistikken for Svelgen, som går tilbake til 1939.


Båttur til dans på Knutholmen fredag 25.06.2007

Det blir tur med M Stadt til  Knutholmen til dans med PK og Dansefolket fredag 29. juni med avgang
fra Firda kaia kl 2000. Retur 0300

Pris båttur tur/retur 250,- kr pr person.
Pris billett Knutholmen kr 150,- (normalpris 200)
Påmelding på sms til 99505785 (navn og ant. pers)

 

STADT SJØTRANSPORT AS


Fleire ledige stillingar i kommunen 28.06.2007

Bremanger kommune har ledig stillingar som brannkonstablar i Svelgen, lærar, reinhaldar og spesialarbeidar ved teknisk etat. Sjå ledig stilling til venstre.


Bandits på Lasses fredag 26.06.2007

Svelgengruppa Bandits spelar på Lasse's Kro 29. juni. Det vert fengande, dansbar rock med "trøkk i" på kroa denne kvelden. Heimesida til gruppa, inneholdande smakbitar av repertoaret, finn de her .

Cover 100,-


Glad driftsleiar ved SBS 26.06.2007

- Eg er verkeleg glad, seier driftssjef Berit O. Frøyen etter politikarane bedtok å bygge nytt i staden for å rehabilitere det eksisterande bygget. Svelgen bu- og servicesenter (SBS) har i ei årrekkje stått med nokre kroner i budsjettet til Bremanger kommune. Like lenge har pengane vorte omdisponerte og ingenting har skjedd ved institusjonen. Sist veke vart SBS endeleg sett på sakskartet. Og investeringa vil komme til å koste rundt 100 millionar kroner, og kommunen sin del rundt 50.

I kommunestyret fekk politikarane tre alternativ, ei lett ombygging, ei total renovering eller nybygg. Politikarane gjekk for det siste alternativet, og Berit O. Frøyen jubla etter vedtaket.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende måndag 25. mai

Brann ved Elkem Bremanger 26.06.2007

Brannvesenet rykka i ettermiddag ut til ein mindre brann ved Elkem i Svelgen, melder NRK Sogn og Fjordane.

Politiet fekk melding om brannen klokka 14.56 måndag ettermiddag. Den skal ha opstått i det som vert kalla råstoffen ved Elkem sitt smelteverk i Svelgen. Brannvesenet var raskt på plassen og melde tilbake til politiet at brannen var begrensa.

Brannvesenet skal no ha kontroll på brannen.

Det var ingen ved Elkem som i går ettermiddag kunne seie noko om konsekvensane av brannen.

Vil ha vidaregåande i Svelgen 26.06.2007

  Med bakgrunn i industrien sitt behov for kvalifisert arbeidskraft, føreslår Bremanger Høgre at det vert oppretta to tilbod om vidaregåande opplæring i Svelgen, melder Firdaposten .

 

 Både ved Elkem Bremanger og i steinbrota i kommunen ettersøkjer dei stadig kvalifiserte arbeidstakarar, og såleis kan det vere grunnlag for å opprette skuletilbod både innan prosess- og kjemifag og for maskinførarar, meinte Jorunn Frøyen (bildet), Høgre sin ordførarkandidat. Ho peikte på at i dag må elevane som ønskjer å gå desse linene til Årdal inst i Sognefjorden og Os ved Bergen. På grunn av avstandane vert desse skulane ofte ikkje noko reelt alternativ for elevar frå ytre delar av fylket. Dei vil såleis ikkje konkurrere, meinte Frøyen som også understreka at slike skuletilbod også er viktige i arbeidet for å få Elkem Solar til å etablere seg i Svelgen.

 

Med på møtet var også to av sjefane på verket i Bremanger, støyperidirektør Frode Nummedal og teknologidirektør Robin Ephithite, som begge står på høgrelista til kommunevalet. Dei understreka kor viktig det er med kvalifisert arbeidskraft, og Ephithite meir enn antyda at det kan vere aktuelt for Elkem Bremanger å sponse eit slikt utdanningstilbod på same måte som verket har lova å støtte enkeltelevar og studentar som tek relevant utdanning innan realfag.

Også Edith Aarebrot Madsen og Mathias Råheim hadde sans for tankane som vart lagde fram, og utan å forplikte seg lova dei å ta ideen med seg

 

– Vi tek dette med oss vidare, sa Aarebrot Madsen, som minte om at ein skuleklasse kostar om lag ein million kroner.

– Men i skulesamanheng er det også veldig inn i dag å lytte til næringslivet sine behov, sa ho vidare.


Friidrett

Veidekke-leikane på Lillehammer. 25.06.2007

  

    Svelgen TIF stilte med 8 utøvera på Veidekke-leikane 

    (tidligere G-sport leikane) på Lillehammer i helga.

 

                            Resultater kan leses på STIF si heimeside  her


Sykkeleigar har meldt seg 25.06.2007

 Ein glad eigar vore og henta sykkelen sin, melder Irene.

Kraftkarar heidra for lang og tru teneste 22.06.2007

Under ei hyggjeleg tilstelling på Svelgen Hotell onsdag gjorde Elkem Energi Bremanger AS ære på tilsette for lang og tru teneste. Morten Johnsen og Atle Rise vart heidra med Det Kongelige Selskap for Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste, samt blomster. Dei to har vore tilsette i Elkem i henholdsvis 32 og 31 år. Under markeringa fekk dei rosande ord frå kraftverkssjef Oddleiv Hj. Andersen. På biletet ser ein f.v. Morten Johansen, Oddleiv Hj. Andersen og Atle Rise.


Aktiv Jobb med logo og "infoskriv" 22.06.2007

Aktiv Jobb har no fått logo, samstundes som dei har lansert eit "infoskriv". I dette skrivet finn ein opplysningar om kva Aktiv Jobb er, kva dei driv med og kva oppdrag dei tek på seg, samt bilete frå dei tre avdelingane Aktiv Jobb har i Bremanger kommune.

 

Infoskrivet finn du på Svelgen Næringsråd si heimeside.


Herresykkel funne i Breivika 20.06.2007

Eg har funne ein herresykkel i skogen ved båthamna i Breivika. Sykkelen henta eg opp og har den no i garaga mi på naustneset. Dersom du trur det er din sykkel kan du ta kontakt med meg på tlf 95982971 el 57793304
 
Irene Holm Sæterlid

Tørr juni månad så langt i Svelgen 20.06.2007

Vi skriv i dag 20. juni, og det har til no vore ein svært tørr månad. Berre 7,2 mm har ein til no i månaden kunne rapportere frå EEB til Meteorologisk institutt.

Husk å lese av straummålaren 20.06.2007

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at mandag 2. juli skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 


Fotball

Lillejente og Småjente seier, tirsdag 19.juni. 20.06.2007

 

Både Lillejentene og Småjentene vant kampane sine heime

på Svelgen stadion i går.

 

                     Les meir på heimesida til STIF   her


Løkke-Øwre sluttar i Elkem 19.06.2007

Tidlegare verksdirektør ved Elkem Bremanger, Erik Løkke-Øwre (t.h.) , har sagt opp som sjef for Elkem Solar. Løkke-Øwre slutar også i Elkem, der han har jobba i 20 år.

 

Les meir i Fædrelandsvennen og Petromagasinet. 


Svelgen kan få nytt Bu- og Servicesenter 19.06.2007

Om politikarane i Bremanger seier ja, kan Svelgen få nytt Bu- og Sevicesenter til 99,8 millionar kroner, melder Firdaposten. Etter at investeringstilskot og momskompensasjon er trekt frå, vil den totale investeringa for Bremanger kommune bli på omlag 48 millionar.

Rådmannen i Bremanger ber no kommunestyret ta stilling til om det skal byggast heilt nytt Bu- og Servicesenter i Svelgen, eller om det skal jobbast vidare med enkel rehabilitering av det eksisterande, alternativt fullstendig rehabilitering.


Friidrett

Svelgen gjorde det bra på DM, søndag 17.juni. 19.06.2007

 

   DM for Sunnfjord og Nordfjord vart avvikla på Byrkjelo Stadion, søndag 17.juni.

   Svelgen var på pallen 25 ganger...

 

   Les meir på STIF si side    her


- Kraftintensiv industri utan kart og kompass 18.06.2007

Her kan du lese leiaren Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee (bildet) har skrive i samband med kraftdemonstrasjonen utanfor Stortinget sist veke:

- Altfor lenge har den kraftintensive industrien i praksis segla utan kart og kompass når det gjeld kva framtidsutsikter dei har med omsyn til tilgang på ny kraft, få behalde den krafta dei har – og ikkje minst kva den skal koste.

Når dette er den avgjerande faktoren (og det einaste konkurransefortrinnet!) andsynes lågkostland, skulle det berre mangle om saka ikkje burde få politisk prioritet langt inn i regjeringskorridorane og på Stortinget.

Til liks med ein del andre viktige og «store» saker, som vil ha vesentleg betydning for framtidig sysselsetjing i vårt fylke, har så vidt vi har registrert, svært få av «våre» rikspolitikarar, engasjert seg eller profilert seg i saka. Eit heiderleg unnatak er Reidar Sandal, som ved fleire høve har prøvd å presse fortgang i prosessen med eit nytt industrikraftregime.

Det kan heller sjå ut som om fagrørsla, og då særleg dei kjemiske fagforeningane i Høyanger, Årdal og Svelgen må køyre kampen gjennom sine direkte linjer inn til Løvebakken.


Bremanger vil ha kraftline i kabel 18.06.2007

11 av 14 kommunar, deriblandt Bremanger, som får den store kraftlina mellom Ørskog og Fardal innanfor kommunegrensene, krev heile eller deler av linja lagt i kabel.

 Årsaka er dei store negative konsekvensane den vil få for miljøet og menneska.

Det viser ei undersøking som Bergens Tidende har gjort.

Hovudmålet med gigantlina er å få retta opp kraftunderskotet i Møre og Romsdal ved å bruke kraftoverskot frå indre Sogn.

Men politikarar, grunneigarlag, skogeigarlag, grendelag, elveeigarlag og helselag har vist kraftig motstand mot linja.


Prosjektleiar teknisk avdeling 18.06.2007

Bremanger kommune har ledig ei fast 100 % stilling som prosjektleiar ved teknisk driftseining frå snarast. 

Skulemusikken på stemne i helga 15.06.2007

Svelgen skulemusikk skal i helga delta på stemne i Bremanger. 11 korps med over 350 musikantar gjestar Bremanger frå fredag 15. til søndag 17. juni. Laurdag er det offisiell opning av stemnet. Det vert ulike valfrie aktivitetar for deltakarane frå kl. 11.30. Blant anna: Dansekurs, musikkseminar, fisketur, kajakkpadling og strandvolleyball. Kl. 13.30 er det samling for alle på Grotlesanden. Kl. 20.00 vert det fest der Bremanger skulemusikk skal underhelde med musikk, song og dans.


Krinslaga ladar opp til regionalturnering 15.06.2007

Fylkets beste 14-åringar samlar seg på Sandane med større oppgåver for auge denne helga. Daniel Hessvik Holm er med frå Svelgen og kan nok få med seg litt musikk i og med at det også er Glopperock denne helga.


Fotballresultat frå siste kampane 15.06.2007

Firdaposten har no lagt ut fotballresultat frå kampane som vart spelt 11. og 12. juni.

Gav kommunal tomt til oppmålingssjefen 15.06.2007

   I fjor haust let teknisk sjef Ole Bjørn Førde oppmålingssjef og kollega Henrik Frøyen kjøpe eit kommunalt areal på 275 m2 for 25 kr per kvadratmeter. Dette melder Firdaposten i dag.

 No reagerer nabo Naustneset Burettslag. I eit brev er dei sterkt kritiske til framgangsmåten og spør om kva som har hendt.

– Det finst ikkje vedtak i kommunen om at dette arealet skal seljast, seier styrar Ronny Bjørlo i burettslaget.

 

– Det er då berre kommunestyret som kan vedta eit slikt sal. Vi forventar no at kommunen tek dei naudsynte stega og ryddar opp. Dersom ikkje dette vedtaket vert gjort om, må vi gå vidare med saka, held han fram.

– Vi du kalle dette for korrupsjon eller misbruk av makt og posisjon?

– Eg vil ikkje komme med slike karakteristikkar. Men som styreleiar i Naustneset Burettslag tykkjer eg framgangsmåten er under einkvar kritikk. I denne saka er det så mykje som er uklart, svarer han.


Enoksen til Svelgen tysdag 15.06.2007

Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen besøker kommande tysdag Elkem Bremanger og Svelgen. Han skal også også innom Nordfjordeid, Bremanger, Florø og Gulen i Sogn og Fjordane. Tema er fjordvarmeprosjektet, småkraft, kraftliner, vindkraft, industrikraft og petroleum. I Gulen vil statsråden opne Gulen Brine Plant project.

Dette melder regjeringa på sine heimesider.


Avslutning for kulturskulen 15.06.2007

Eit sikkert teikn på at sommarferien nærmar seg er avslutningskonserten til kulturskulen. Denne vart avvikla onsdag og foreldre, slekt og vener fekk høre kva elevane har øva på i løpet av skuleåret. På scena fekk vi høyre alt frå musikkbarnehagen til hard rock frå dei eldste ungdomsskuleelevane. I tillegg var det mange som imponerte både med blokkfløyte, gitar, song. Også aspirantane til skulemusikken fekk vise seg fram til stor applaus frå publikum. Bildene viser musikkbarnehagen si framføring av Tornerose, Kim, Tore og Norvall på gitar og Erik og Norvall som framførte D.D.E melodien Det går likar no.


Friluftsveke for småsteget 15.06.2007

Denne veka har 1. til 4. klasse ved Svelgen Oppvekst vore to dagar på Myklebustsætra.

Der har dei padla i kano, laga mat i steinomn, delteke på natursti, spikka, leika og gjort mykje anna.

Bildet er frå matpausen tirsdag. Kommande tirsdag vert prosjektet avslutta.


Bilder fra demonstrasjon i Oslo 15.06.2007

Som vi ser var SKAF godt synlege under demonstrasjonen framom Stortinget tidlegare i veka (foto: Tor Helge Ulvmoen)


Åge Steinset med utstilling i Kalvåg 15.06.2007

 
Åge Steinset frå Svelgen og Florø, som nyleg gjorde suksess i Praha, stiller ut på Gamleskulen i Kalvåg i sommar. Utstillinga omfattar ca 20 oljemåleri og har fått namnet "Vestnorsk landskap".   
 
Utstillinga opnar fredag 15. juni kl 18.00 og varer heilt til 20. august
 
Opningstider elles: 
Torsdag til laurdag: kl 15.00 til 19.00 og sundagar kl 14.00 til 18.00.
 
Etter avtale med Kalvåg Appartement Gamleskulen, (tlf 5779 5950) er det også mogeleg for grupper å besøke utstillinga til andre tider. 
 
 

Svelgen inn i Sunnfjord Næringsråd 14.06.2007

Sunnfjord Næringsråd (SN) har vedteke å ta opp Svelgen Næringsråd i falden.

På styremøtet i Sunnfjord Næringsråd 12. juni, blei Svelgen Næringsråd teken opp som medlem.

I ei pressemelding slår SN fast at svelgenmedlemsskapet styrkjer foreninga.

Sunnfjord Næringsråd består no av følgjande organisasjonar FIN (Flora Industri og Næringsforening), FIF (Førde Industriforening), Reisemål Sunnfjord, Vestkysten Reiseliv, Florø Sentrum, Førde Næringssamskipnad, og Svelgen Næringsråd.


Søndagsturen 17, juni:

RISE - RISESETRA- YTREHUSSELET - YTREHUS. 14.06.2007

Turlaget ynskjer velkomen til ein fin familietur på søndag. Frammøte ved Svelgen hotell kl.10.30. Det vert organisert skyss tilbake til Svelgen etter turen. Turleiar/info. Olga Årsnes og Sissel Sandvik Igland, 57795558/ 91102564.
Minner også om turorienteringa som no er lagt ut, trur vi finn nokre postar frå Rise til Risesetra !!
Du får kjøpe O-kart på Statoil.
NB ! BARNAS TURLAG  ER SPESIELT VELKOMNE TIL Å VERE MED OSS PÅ SØNDAG.
 
Keipen turlag

På Kjelkenes laurdag 23 juni

Midtsommarfest for store og små 13.06.2007

Kl. 19.00 Grilling ved Trudvang

Ta med grillmat, ellers vert det salg av potetsalat, grønsalat, rømmegraut og forfriskninger

 

               Leik og Moro!

 

Kl. 21.00 Båltenning i Furunesvågen

 

Fra Kl. 22.00 Dans i Trudvang til musikk av

                                Trekkspillklubben                          

                                Bar med øl og vin

 

Pris på dansen 150,- (for vaksne)

        

Arrangør U/L Framover


Krev industrikraft no:

Svelgen markerte seg under demonstrasjon i dag 13.06.2007

Tjue karar frå Svelgen kjemiske (SKAF), pluss Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad slutta seg i dag til den store demonstrasjonen i Oslo for eit nytt industrikraftregime på vegner av framtida til Elkem Bremanger. Tusenvis av representantar frå fagrørsla over heile landet samla seg utenfor Stortinget dei dei krevde avklaring på løfta frå Soria Moria erklæringa om rimeleg energi til kraftkrevjande industri - eit såkalla industrikraft-regime.

 – Får vi ikkje eit slikt regime på plass, blir det tørke på alle nyinvesteringar. Signala har alt begynt å kome frå Elkem og andre aktørar, hevdar ein kampvillig Bjørnar Førde (bildet), klubbleiar på Elkem Bremanger til Firdaposten i dag. Les heile saka her.

 

 


Rapport frå Tour de Bremanger 13.06.2007

Som mange sikkert har fått med seg la nokre spreke svelgarar ut på sykkeltur kommunen rundt den 2. juni. Nettavisa vår har no fått bilder frå turen, samt rapport frå initiativtakar Per Arne Sæterlid:

  Han fortel:

- Etter mange joggeturar ved Risevatnet i Svelgen vart eg lei av å trene aleine. Under ein treningstur prøvde å finne på noko som kunne engasjere fleire trimmarar til å vere med på ein felles tur. Tanken kom såleis om å sykle Bremanger rundt. Eg lagde ein innbydingsplakat og responsen let ikkje vente på seg. Etter kvart vart det mange som melde seg på fortel han for fortset:

-   Laurdag 2. juni klokka 08.15 starta vi sykkelturen ved Svelgen sentrum (underteikna gjekk turen på rulleski)   Vi hadde første pause ved Langesi, der hadde vi væskepåfyll og litt frukt. Neste stopp hadde vi på Isane. Då vi kom til Davik hadde vi ein lang matpause med god betasuppe. Her fekk vi òg tøygd ut med hjelp frå fysioterapeut Sølvi Joensen. Dette gjorde underverk på slitte musklar, slik at vi kunne ta fatt på resten av turen. Dei neste etappane var til Kolset, Gloføykje,  Oldeide,   Struen i Bremanger   og til slutt Smørhamn der vi tok ferja over til Kjelkenes.   Då vi kom til Kjelkenes vart vi møtt med flagg og heiarop frå ivrige syklistar som dessverre ikkje hadde hatt høve til å vere med på heile turen. Når vi kom til Svelgen samla vi oss på Lasse`s og fekk ein velfortent kvil med pizza og godt drikke. På alle stoppestadane vart det servert frukt og påfyll av sportsdrikk. Og ikkje minst fekk vi vere med på ein flott naturoppleving i nydeleg veir.

Redaksjonen i svelgen.no er så imponert over disse sprekingane at vi tar med namna på deltakarane:

SYKLISTAR: Tour de Bremanger-gjengen samla på eitt brett: Jon Åge Senneseth, Merete Myklebust, Anita Løver, Torbjørn Myklebust, Asle Førde, tre besøkjande frå Tyskland, Liv Wenche Dyrstad, Morten Gulestøl, Atle Rogne, Terje Vågene, Per Arne Sæterlid, Irene Holm Sæterlid, Jarle Frøyen, Marit Frøyen, Steinar Svarstad, Anne Kristin Svarstad, Elin Endestad, Espen Sortevik, Trond Hatleset, Karl Standal, Ronald Førde, Alf Stokkenes og Astrid Solberg. 

 

 

 

 


Aerobic 13.06.2007

Aerobicen har tatt sommerferie.

 

Vel møtt til hausten. 


Svelgen Røde Kors

Hjelpekorpset til NM 13.06.2007

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps skal representere Sogn og Fjordane i NM for Hjelpekorps 2007. Dette skal gå av stabelen i Fredrikstad 24-26 august. Det lykkast ikkje Sogn og Fjorane røde Kors hjelpekorps å arrangere DM i år. Sidan Svelgen er tittelforsvarar i DM frå 2006 får vi delta utan kvalifisering. Svelgen Røde Kors ynskjer lykke til.

 

 

 

 

 

Bilete er frå NM i kristiansand 2006


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Vi takkar for tilliten 13.06.2007

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps vart forspurde om å delta som sanitetsvakt på stordansen under AmCartreffet. Dette vart løyst med to på vakt under heile dansen samt ei stund etterpå.

 

 

Svelgen Røde Kors takkar for tilliten og gratuelarar Svelgen AmCar klubb med eit vel gjennomført arrangement.

 

 

 

 

 

 

Biletet er frå NM på Os i 2005


Svelgen Røde Kors

Svelgen Røde Kors på Villmarksdagar 13.06.2007

Svelgen Røde Kors hadde stand på Villmarksdagane i Ålfoten. Du kan lese meir om det på Svelgen Røde Kors si side.

Svelgen Røde Kors

Svelgen Røde Kors vervar stadig nye medlemmar 13.06.2007

 

Svelgen Røde Kors har hatt stor suksess med sin vervekampanje. Les meir på sida til Svelgen Røde Kors.


Svelgen Røde Kors

Grunnkurs i GPS 13.06.2007

 

 

 

 

 

Svelgen Røde Kors arrangerte grunnkurs i GPS tysdag denne veka. Du kan lese meir på sida til Svelgen Røde Kors.


Suksess for Svelgen-treff 11.06.2007

AmCar-treffet i Svelgen vart denne helga ein ny suksess for amcar-klubben i Svelgen. Godt besøk, strålande vêr og god stemning er inntrykket frå helga i Svelgen, melder Fjordenes Tidende i dag.

Dei skriv vidare; Det tradisjonelle Svelgentreffet samlar bilentusiastar frå eit stort område. Amerikanske bilar i alle variantar var  på plass, og godbitane var mange. Det er Svelgen AmCar Club som arrangerer Svelgentreffet, og det kan vel passe å ta fram reklameuttrykket "av kjennere, for kjennere" når det gjeld treffet. For det er verkeleg inntrykket av treffet i Svelgen. Arrangørane veit kva som trekkjer til seg amcar-interesserte, gong etter gong. Det er presidenten i klubben langt på veg einig i. Her kan du sjå bildene på nett, og avisa har også reportasje i papirutgåva i dag. Her kan du sjå kva Firdaposten (foto) skriv om treffet.

Skadeverk og uro i Svelgen 11.06.2007

Like før midnatt laurdag fekk politiet melding om eit skadeverk i Svelgen. Men her tok saka ei heilt anna vending då dei skulle sikre plassen, melder Firdaposten

 To brør blanda seg inn med altfor mange god råd, og ville heller ikkje fjerne seg frå huset då dei blei bedne om dette. Det enda med at politet måtte kaste ut den eine. Han kan vente seg eit oppgjer vidare for å ha forstyrra politiet i arbeidet.  Medan ambulansen henta den andre broren og fekk han til sjukehus etter at han klaga over at ein bil hadde køyrt over eine foten. Det opprinnelege gjeremålet til politiet, skadeverket derimot, såg ut til å koke bort i inkje, melder avisa.
Laurdag ettermiddag kontakta folk i Svelgen politiet på grunn av mykje bråk og støy frå camp området. Her greidde arrangørane sjølve å ordne opp før politiet kom fram frå Florø.

Eit par timar seinare fekk politiet melding om at ein kar låg og sov ut tung rus på ein benk midt i Svelgen. Politiet køyrde han heim.


Grisa til bil og båt med paintball 11.06.2007

Paint ball er ikkje alltid like uskyldig. Ein mann i Svelgen reagerte etter at bilen hans blei skjemd av måling frå ein paintball markør like før midnatt laurdag. Han konfronterte då skyttaren frå Bremanger med saka. Og det vart ikkje heilt utan konsekvensar. Han som hadde skote slo like godt til bileigaren. Etter det politiet kan fortelje med ikkje mindre enn seks slag mot hovudet.

Saka blir meld til politiet.  Svelgen.no har også fått melding frå ein båteigar som har fått tilgrisa båten sin med fargekulene.


Kasta ut av kabriolet 11.06.2007

To ungdomar måtte på sjukehus etter at dei vart kasta ut av ein kabriolet på Isane i helga. Det skjedde under ein svingmanøver på ferjekaia  laurdag kveld like før klokka tjue.Den eine med luftambulanse til Førde, den andre med mindre skader til Eid.

 Føraren, ei atten år gammal jente frå Sunnmøre, måtte gje frå seg sitt ferske førarkort til politiet, då ho møtte lovens lange arm på Eid.

 Det var fire passasjerar i bilen som truleg hadde vore med på amcar-treffet i Svelgen. Dei skulle rekke ferja til Stårheim. Men då dei såg at dette ikkje gjekk, gjorde føraren ein manøver på sjølve ferjekaia som førde til at to av passasjerane vart kasta ut av den opne bilen.


Keipen Turlag

Turorientering 2007 er klar! 10.06.2007

 

Turorienteringa 2007 er klar. Du kan kjøpe kort og kart hjå Svelgen Motorsenter/Statoil.

I konvolutten med materiell til turorienteringa finn du kart, kontrollkort, plastlomme til kartet, ein foldar som gir ein kort innføring i bruk av kart og kompass.

Konvolutten kostar kr 50,-. Ynskjer ein fleire kontrollkort så kostar dette kr 20 ,- pr stk.

 

Tilbakemeldingane i 2006 var at løypene var vel luftige og vi har justert dette i år.

 

Løypene dette året er:

Rise-Risesetra-Knoltren

Dalsete-Huarvatnet

Dalsete-Dalsetevatn-Myklebustsetra

 

Keipen Turlag ynskjer god tur J

 


"NY" Liv Marit til Svelgen 07.06.2007

Når Liv Marit Wedvik kjem til Svelgen ihelga har ho mykje ny musikk med seg. Den siste plata er blitt rost opp i skyene av fleire anmeldarar som meiner den har gitt ho endå større tilhengarskare. VG skriv om den siste musikken/CDen til  Liv Marit: For det første er låtvalget mye bedre, mer variert og spennende. Wedvik synger bedre enn jeg har hørt henne på plate tidligere, samtidig som produksjonen er friskere, litt mer spenstig enn før. 
 Det er fortsatt countrymusikken som er hennes stil, og hun har en bra stemme som kler denne musikkstilen. 
 
 Wedvik har denne gangen fått spesialskrevet ni av de tolv sangene på platen. Det er en klar fordel. Sangene på albumet er melodier du hører hun liker å synge, enten det er «Safe in the Arms of Love», «Dance All Night» eller «He'll Be Leaving in the Morning», tre av de beste sangene på «Home Sweet Home». Fansen vil nok sette stor pris på dette albumet. Kanskje hun får noen nye også? 

 

Møt opp på Idrettshuset i Svelgen lørdag og få med deg stordansen der også Kruttrøyk skal spele!
 


Knutholmen i tet som årets gjestehavn 07.06.2007

Knutholmen på Kalvåg ligg no på førsteplass på www.gjestehavner.no si avstemming. Dei som har gitt si stemme rosar både beliggenhet, atmosfære, service, mat, interiør og eksteriør og mykje meir. - Flotteste plassen på jord, er det ein som skriv mellom anna. Gå inn på linken over, eller sjå den flotte heimesida til Knutholmen,

Knallver under AmCar-treffet 07.06.2007

Det er meldt knallver i Svelgen under heile AmCar-treffet. Opp mot 25 grader både fredag, laurdag og sundag. 

Sjå verutsiktene her .

Følg med på AmCar-treffet sine eigne sider . Det er det no lagt ut fullt program for dei tre dagane.

 

 


Paintball under Amcar treff i Svelgen 07.06.2007

 

 

Under Amcar treffet   til helga kjem   Hugo Hellesen og Flora Paint ball til Svelgen. Det vil bli satt opp bane ved sjøkanten ved Svelgen hotell. Det blir ikkje   organisert noen turnering, men alle som vil, kan danne lag og spele.

- Paintball under Amcartreffet blir lansert i samråd med Svelgen Amcarklubb. Vonleg vil dette bidra til at enda fleire finner vegen til Svelgen denne helga, seier Jostein Eimhjellen ved Svelgen hotell. Han fortel vidare:

 

- Firdaposten melte tidlegare at Svelgen Hotell vurderte å sette opp permanent paintballbane ved hotellet. Dette er feil, men ulike interessentar jobbar no for å finne ein plass å sette opp ei slik bane i   andre omgjevingar som ikkje er i sjenanse for nokon.   Jostein Eimhjellen melder til Svelgen.no ,at han gjennom eige firma no   har investert i   bane og 10 markørar. Organisert utleige av markørar vil ikkje skje før ein har funne eit egna området der bana kan settast opp. Bana vil kun bli rigga opp   i sentrum under godkjente løyver, som til dømes no under   det årlege Amcar treffet. Svelgen hotell ser verdien av å   kunne   by på Paintball som ein av fleire   aktivitetar.  


Europeisk ungdomsuke 06.06.2007

Europeisk ungdomsuke markeres på flere steder i landet.
Ungdomsklubben Realen markerer den ved å holde åpent hus fredag 8 juni kl: 19.30 - 24.00.
Kom innom å ta del i en vanlig fredagskveld hos oss.
Kl: 21.00 har vi quizz, du er velkommen til å delta.
Vi inviterer spesielt 7 klasse til å besøke oss.
Ha en hyggelig kveld.

Dans ved SBS i ettermiddag 05.06.2007

Seniordansegruppa frå Svelgen danser i ettermiddag kl. 1700 utanfor Svelgen bu- og servicesenter i dag tysdag.

SVELGEN PENSJONISTLAG 05.06.2007

 

 

 Minner om   dagstur til Indre Sunnfjord

torsdag 21.juni.

 

Oppmøte ved Firda Billag kl.09.00

Bussen stoppar på Langeneset, Kjelkenes og Myklebustkrysset.

Det har meldt seg på nær 40 personar – dersom fleire ønskjer å vere med ta kontakt med Konrad

Tlf. 57793336.

Vi minner også om

 ”Sommertreff for pensjonistar”

 i   Samfunnshuset i Florø

 15.juni kl.12.00 – pris. Kr.200,-- for middag og kaffi og fint program.

Påmelding til Konrad tlf. 57793336.


Friidrett

Resultat Framo leikane 1-3.juni. 05.06.2007

  Svelgen TIF stilte 7 utøvera på Framo leikane på

  Fana Stadion i helga.

  

  Det var ei kjempe fin helg med flott vær og mange nye perser.

  Les meir på STIF si heime side  her      STIF  www.svelgen-tif.no

 

 


Hessvik ikkje lenger fylkets raskaste mann 05.06.2007

Firdaposten melder: "Eivind Stavang (25) tok svelgaren Kurt Hessvik sin 12 år gamle krinsrekord på 100 meter på Florø Friidrettsfestival laurdag."

 

Les meir i Firdaposten 


Tur til Sansegga sundag 02.06.2007

Søndag 03.06. Frammøte ved Skogsvegen på Sande eller ved Svelgen hotell kl.10.00.Vel møtt til store og små.
Turleiar/info Kåre Myklebust og Arne Loftheim,telefon 95982946.
Keipen turlag

Meir enn dobbelt av normalnedbør i mai 01.06.2007

I mai månad fall det 248,5 mm nedbør i Svelgen, medan det normale for månaden er 110 mm. 15 døgn var heilt utan ein drope i måleglaset, og 39,6 mm var det meste ein målte på eit døgn.

 

Ved utgangen av mai ligg ein godt over normalen for nedbøren hittil i år. På dei 5 første månadane fall det 1408,6 mm nedbør, medan normalen for desse månadane er 837 mm.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov