Arkiv Juli 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

SUVERENE BIL-JENTER VANN GRUPPA ! 31.07.2006

 

LEIAR MED 6 poeng

RIDABU/OTTESTAD - BREMANGER

JENTER 16 år

Resultat : 3-0 (2-0).

KAMPEN : Dette vart nok ein kamp for BIL-jentene der dei var totalt overlegne, og styrte kampen frå start til slutt. BIL-keeperane Gry og Stine stod i mål kvar sin omgang i dag.Dei fekk begge den store "æra" av å vere borti ballen kvar sin gong i løpet av den omgangen dei spelte, det seier vel litt om at dette stort sett var spel mot eit mål.

* BIL spelar sin siste kamp i gruppespelet i morgon kl. 11.10 mot Holum på bane 14.

 


STRÅLANDE START FOR BIL-JENTENE ! 31.07.2006

I går vart Norway Cup sparka i gang for fullt, og BIL sine lag leverte gode prestasjonar. 

JENTER 16 år    BREMANGER  - ALVDAL
Resultat : 5-0 (2-0) Stine Sortevik frå Svelgen deltek på dette laget.

 

HEIA BREMANGER/SVELGEN


Tur til Kalvåg laurdag 27.07.2006

Det blir arrangert tur til Kalvåg med MS Stadt lørdag 22 juli og lørdag 29 juli.

 

Avgang fra Svelgen kl 2100 med retur ca 02 00.

Fortrinnsvis forhåndsbetaling til konto nr:8647 10 06779

 

Kvittering fremvises ved ombordstigning

 

Ta kontakt med Allan Dyrstad på tlf 480 65784 

eller Ole P. Dahl på tlf  91 88 45 28 for meir info!


Treng støttekontanter 25.07.2006

Bremanger kommune treng støttekontakter og avlastningsheimar til barn og unge.   Sjå Stilling ledig til venstre.


Svelgen:

Jente skoten med luftgevær 10.07.2006

Ei 17 år gamal jente vart sendt til sjukehus med skader i ein fot etter ein skyteepisode i Svelgen natt til søndag.

 

Jenta vart treft av ein prosjektil frå eit luftgevær. Det var ein gut på 20 år som skaut, opplyser politiet.

Guten har opplyst til politiet at han var uheldig, og at det ikkje var meininga å skyte. Politiet fekk melding om hendinga kl halv eitt natt til søndag. Politiet vil ikkje sei noko om relasjonen mellom dei to involverte i skyteepisoden

Hendinga skal ha skjedd i eit privathus i Svelgen. Saka blir no etterforska, melder NRK.


GOD SOMMER!! 07.07.2006

Det blir ferie på Svelgen.no ut juli, med lite oppdateringar. God sommar til alle sammen!

Turorientering 2006 er klar! 04.07.2006

 

Turorienteringa 2006 er klar. Du kan kjøpe kort og kart hjå Svelgen Motorsenter/Statoil.

I konvolutten med materiell til turorienteringa finn du kart, kontrollkort, plastlomme til kartet, ein foldar som gir ein kort innføring i bruk av kart og kompass.

Løypene dette året er Øvste kupa- via Høgefjellet til Storefossvatnet, den andre er Amsterdam-toppen via Ulvestegane til R614.

Begge turane kan delast opp og kan gåast frå begge endar, slik at ein får passelege ettermiddagsturar.

 

I år er det Keipen turlag som står føre turorienteringa og vi ynskjer deg ein god tur.

 


Trafikkuhell mellom Svelgen og Grov 03.07.2006

Ein bil har havna på taket ved Haukåvatnet mellom Svelgen og Grov.

 

Personen i bilen, ein mann i 80-åra er frakta til Førde Sentralsjukehus.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15:55, melder NRK Sogn og Fjordane.


Ledige stillingar i Bremanger kommune 03.07.2006

Bremanger kommune har no lyst ut stillinga som kultursjef. Sjå link Stilling Ledig. Det er også utlyst fleire stillingar innan helse- og omsorgssektoren.

Tur til Vetvika sundag 02.07.2006

Søndag 02.juli arrangerer Keipen Turlag i samarbeid med Sogn og Fjordane turlag fottur til Vetvika i Bremanger. Turen startar frå Svarstad kl. 10.00 . , går oppover mot Steinfjellet, så mot vest   og bratt ned til stranda. Vetvika er kjent for si fine sandstrand - kanskje kan det friste med eit sjøbad ?. Tilbaketuren går i eit slakkare terreng,  forbi Solheimgardane, opp ei ur til Fåvatnet og tilbake til Svarstad. Det går ferje frå Kjelkenes kl.08.45 , eller du kan kome deg til Bremanger ferjefritt via fastlandsambandet. Turleiar Gunnar Skjølberg, han kan kontaktast på telefon 95217780 for nærmaer info. Startkont. Kr. 50,- for voksne.

Opning av Campus Fosshaugane

Stian Holm på linja i TV-sendt kamp 7. juli 02.07.2006

Fredag 7. juli tek Sogndal sitt lag i Adeccoligaen (1. divisjon) i bruk sitt nye stadionanlegg, Fosshaugane Campus. "Årets idrettsutøvarar" i STIF 2005, Stian Holm, er utteken som assistendommar (linjemann) i denne kampen. Kampen vert overført direkte på TV2, og sendinga byrjar kl. 18.55.

 

Dommartalentet frå Svelgen TIF har i følge n3sport.no ei rekkje spanande dommaroppdrag i tida som kjem. Ein nemner her oppdrag som assistendommar og 4. dommar i Adeccoligaen, assistendommar i NM-cupkampen mellom Løv Ham og Ålesund 5/7, og assistendommar i 2. divisjon. I tillegg oppdrag som hovuddommar i 3. divisjon, og ein nemner også at han allereie har debutert som hovuddommar i 1. divisjon for kvinner.

 

STIF sitt andre dommartalent, Thor Kristian Sortevik, var nyleg uheldig og skada foten. Sortevik var utteken til å vere Sogn og Fjordane Fotballkrins sin representant på eit høgthengane dommarkurs i regi av Norges Fotballforbund under Norway Cup 2006. Stian Holm, som deltok på det same kurset i 2004, har fått tilbod om å overta plassen til Sortevik på kurset. Uhellet til Sortevik hende rett før han skulle debutere som hovuddommar i 4. divisjon.

 

Biletet over syner Stian Holm i midten, før ein 3. divisjonskamp i år mellom Eid og Sogndal 2. Foto: Fjordabladet.no


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov