Arkiv Jan 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Djuve ny flyktningekonsulent 29.01.2002

Signe Kristin Djuve,Tromsø, er tilsett i den nyoppretta stillinga som flyktningkonsulent i Bremanger kommune.

Det var seks søkjarar til stillinga og Thorstein Schäffer, som har vore leiar for flyktningprosjektet i Bremanger i fire år, var ein av dei.

Etter årsskiftet er også Susanne Talle, Svelgen, tilsett som reinhaldar I i 75 prosent stilling ved Svelgen Bu- og Servicesenter, og Sigrunn Irene Lidal frå Os er tilsett som kokk med same arbeidsstad. Det er Firdaposten som melder dette.


80 på korpstreff i Svelgen i helga 28.01.2002

I går ettermiddag fekk vi høyre resultatet av musikkseminaret Bremanger sang- og musikkråd arrangerte i Svelgen. Korpsa frå Bremanger, Svelgen og Smalsarhorn (Davik og Ålfoten) deltok med den innleigde instruktøren Magne Rutle. Nokre hadde overnatta på skulen frå laurdag til søndag, og laurdagskvelden var det mat, underholdning og diskotek på Svelgen samfunnshus. Og at dei hadde sett pris på denne korpshelga var det ingen som helst tvil om.

Magne Rutle hadde i løpet av helga lært fire av sine komposisjoner til musikantane i Svelgen.

- Dei er både flinke til å spele og er entusiastiske, dette lover godt for framtida, fortel han til Firdaposten og lovprisa Svelgen skule for å ha lagt aspirantundervisninga inn i skuletida.



Sjå bilde av Linn, Stine, Benedikte og Tone


33 barn deltok på skikarusellen 28.01.2002

Første renn av Skikarusellen 2002 gikk av stabelen i går, 27. januar. Været og føret var meget bra og både barn og voksne koste seg i og ved løypene.

Det var relativt kaldt, men Karlskarstova var åpen med servering så det var mulighet for alle å varme seg hvis det ble for kaldt ute.

11 barn stilte i klassen for barnehagebarn. De gikk 500 m uten tidtaking og evt. med hjelp av foreldre.

11 barn stilte i 1 km løypen. Denne løypa er for barn som går i 1. til 4. klasse. Her var det tidtaking uten plassering.

11 barn som er 11 år og eldre stilte i konkurranseklasser (STIF=Svelgen Turn og Idrettsforening, ÅIL=Ålfoten Idrettslag):

2 km Født 1991 gutter:

1. Joachim Raknes Forthun STIF 10:50

2. Øyvind Myrhol STIF 11:06

3. Torstein Ask STIF 13:47

Født 1991 jenter:

1. Veronica Elde ÅIL 14:10

2. Martine Myklebust ÅIL 14:29

3 km Født 1989 gutter:

1. Kristian Midthjell ÅIL 22:04

2. Christoffer Ephithite STIF 23:08

Født 1988 gutter:

1. Tor Inge Øvrebotten STIF 14:52

2. Kim Leirvik STIF 17:18

Født 1987 gutter:

1. Stian Sandal ÅIL 14:41

2. Anders Midthjell ÅIL 14:50

Totalt stilte altså 33 barn til start. Alle deltakere fikk utdelt diplom for strålende innsats.

Det gjenstår nå tre renn hvor neste renn er 24. februar, opplyser Ørjan Raknes Forthun i STIF


Bjørgulf har sagt opp ved Elkem 26.01.2002

Klubbleiar Bjørgulf Myklebust har sagt opp stillinga si ved Elkem Bremanger i Svelgen. Det betyr at han også fråtrer vervet som klubbleiar i Svelgen kjemiske. Myklebust vert verande fram til mars, og det er ikkje avgjort kven som vert hans etterfølgjar.

Søndagsfilmen på Svelgen kino

The Fast and the furious 26.01.2002

Heftig og ung actionthriller om en ung politibetjent som går "undercover" for å infiltrere en bandegjeng i Los Angeles som er mistenkt for ulovlig bilkapring. Svelgen Kino opplyser at dei ikkje har fått kinoplakat til søndagsfilmen denne veka. Filen The fast and the furious har blitt svært godt motteken i byane, og vert søndag vist på Svelgen kino. Litt om handlinga:

De har bensin i blodet og hormoner i bensinen. De lever for og i sine biler. Skinnende, topptrimmede og alltid med en overraskelse eller to under panseret. Det ligger tusenvis av timer og dollars bak disse maskinene.

Aldersgrense: 15 år

Speletid: 1 time 45 min.



Meir om søndagsfilmen


Skirenn i dalen søndag! 25.01.2002

Vi har fått følgande gla`melding frå Ørjan i STIF: "Nå er værgudene med oss!!

Første renn i Skikarussellen 2002 blir på søndag 27. januar. Dette blir det første av fire planlagte renn i vinter.

Dette samarbeidsprosjektet mellom Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn & Idrettsforening gjør at det for første gang på flere år blir arrangert en serie med skirenn i Bremanger kommune gjennom vinteren.


Nærradio-materiell skal sikrast 22.01.2002

I går møttes aksjeeigarane i Svelgen nærradio for å drøfte kva som skal gjerast med dei historiske verdiane som ligg lagra i Hønsehuset på Messa.

Etter at nærradioen vart starta i februar i 1985, har det vore mange minnerike sendingar som er av høg verneverdi for folk i Svelgen.

Det vart nedsett ei nemnd på fem personar som skal komme med framlegg til som skal leggast fram til aksjeeigarane på nytt. Der skal det også komme fram forslag om nærradioen skal opnast i gjen, eller om aksjeselskapet skal leggast ned for godt. Dette vil det truleg bli ei avklaring på i løpet av våren.


Skal lede INC vedlikehald:

Helge Robert heim til Svelgen 22.01.2002

Etter 25 år er Helge Robert Midtbø attende i Svelgen. Han er tilsett som leiar for den nye vedlikehaldsverksemda som i første omgang vil få 50 tilsette. Firdaposten fortel at Midtbø kjem frå stillinga som sjef for Siemens si avdeling i Førde, der han har arbeidd sidan 1997. Han har nytta nokre fridagar for å vere i Svelgen og gjere seg kjend med den nye jobben. Han reknar med å installere seg permanent når det lir ut i februar.

- Eg ser det først og fremst som ei stor utfordring og ein krevjande jobb som det er interessant å bryne seg på. Elles skal eg heller ikkje legge skjul på at det er ekstra interessant sidan eg kjem herifrå, seier Midtbø til avisa.

Forutan han sjølv skal det tilsettast ein økonomisjef.


Asken fann tann i brødet 19.01.2002

Då Dagfinn Ask i Svelgen skulle overraska Elsa med laksesmørbrød fredag, fekk han seg ei overrasking.

I det han sette tennene i smørbrødet møtte han ei tann!

- Eg trudde første det var mi eiga, fortel ein smilande Dagfinn Ask til Firdaposten og sjekka eigen tanngard før han tok tanna med til Eriksen:

- Ei mjølketann! kunne tannlegen konstatere.



Meir i Firdaposten.no


REISEBREV FRA FRODE I AUSTRALIA 19.01.2002

Sidan min første mail blei eit førsteside-oppslag på svelgen.no, og ryktene allereie går på bygda om helsing frå Australia (eg har mine kilder heime i Naustvegen), tenkte eg det kunne vere passeleg med eit lengre 'reisebrev'...

Eg og kjærasten min, Jorun Alice Akre, bestemte i fjor vinter at vi ville reise til Australia for å jobbe og feriere eit år! Vi reiste fra Norge 22 september med noko som heiter Working Holiday Visa. Fram til denne nye avtalen mellom Norge og Australia tredde i kraft fra 1.august, var det vanskeleg og få jobb-visum i Australia. Vi var faktisk dei to fyrste fra Norge som reiste på dette nye visumet. Det spesielle med dette visumet er at du kun har lov til og jobbe 3 månar med ein og samme arbeidsgjevar! Det er for og "tvinge" deg til og reise og oppleve for dei pengane du tjener!

Les meir...


Første skirenn er utsatt 17.01.2002

Ørjan i STIF har følgande melding:

På grunn av lite snø vert skirennet 20. januar utsett til søndag 27. januar. Om det ikkje då heller er gode nok forhold vert neste renn 24. februar etter tidlegare oppsett.

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.30.


Skirenn i dalen i vinter 17.01.2002

I VINTER VIL DET BLI ARRANGERT FIRE SKIRENN OPPE I DALEN LANGESI - KARLSKARSTOVA:

27. januar

24. februar

10. mars

24. mars

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.30.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.

Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 4 renn.

Diplom til alle som er med i minst et renn. Påmeldingsavgift kr. 30,-.

Vidare vil det bli arrangert skileik 13. februar.

3.april vil det bli "mini"-skiskytingsrenn om forholda tillet det.

Open kiosk.

ÅLFOTEN IDRETTSLAG OG SVELGEN TURN OG IDRETTSFORENING


2.2 mill for nytt service kontor 17.01.2002

2.2 millionar kroner vil det nye servicekontoret på rådhuset i Svelgen koste.

- Rådhuset er bygd på byrjinga av 70 talet og er av betong. Det har gjort ombygginga vanskeleg og det kan høyrest kostbart ut med ein slik sum. Vi har flytta på veggar og fått tre nye kontor, arkiv og møterom i tillegg til glashuset ved inngangspartiet, forklarer prosjektleiar Ole Bjørn Førde overfor Fjordenes Tidende.

Det nye kontoret skal vere ferdig 1. februar og skal i tillegg til kommunen sine eigne folk også huse kyrkjekontoret og trygdekontoret.


"Vegprosjektet på Svelgen skule:"

Tusen takk frå to 8. klassingar 15.01.2002

Hei... 2 elevar frå 8'ande klasse Svelgen Ungdomsskule vil gjerne takke desse personane som hjalp oss med vegprosjektet vårt!!!

Ein STOR takk til:

Svelgen Ambulansetjeneste

Inger Hilde Eikeland

Bernard Andersen

Brannvernet i Bremanger Kommune

Magnhild Myklebust

Randi Solheim

Resepsjonistane på Svelgen Rådhus

Teknisk Etat i Bremanger Kommune

Lærarane som ga oss fri

Irene Holm og Sigve Holm Sæterlid


Fryktar for arbeidsplassar 15.01.2002

Tilsette i Elkem-konsernet fryktar sal eller nedleggjing av deler av verksemda, dersom Alcoa kjøper fleire aksjar i selskapet. Det amerikanske storselskapet Alcoa satsar hovudsakleg på aluminium, men 40 prosent av omsetnaden i Elkem er ferro-silisium og silisium-metall.

Hovudtillitsvald Einar Støfringshaug fryktar dermed for blant anna arbeidsplassane i Svelgen i Bremanger.

Alcoa har hatt ein eigardel på 39,5 % i Elkem sidan oktober og ønskjer no å løyse ut dei andre aksjonærane.


Helsing til alle i Svelgen frå Australia 14.01.2002

Vi har fått følgande mail frå Frode Kjerpeseth som for tida kosar seg i 30 graders varme på andre sida av jordkloda. Vi håpar å få høyre meir frå Frode i Australia!

Hallo! Svelgen.no er ei bra nett avis med gode linkar!! Eg er innom nett sida eit par gonger i veka for og faa med meg nytt fraa Svelgen! Eg er for tida i Australia paa Working Holiday og daa er det greit og ha ei nettside ein kan gaa inn og lese nytt fraa heimstaden!

Har nett lest om Anne-Marie sitt syn paa hunde baesj, og andre ny hende!!Spanande! Det einaste er at det kunne godt ha vert meir stoff i avisa!! Vil samstundes hilse til svelgarane som er heime i kulda! (her er det sommar og 30 grader om dagen)

MVH Frode Kjerpeseth


Ungdomsskuleelevane:

Etterlyser moteklede frå svunne tider 14.01.2002

Vi har fått følgande mail frå Janne Sørgulen i 10. klasse: -På skulen er vi starta med prosjekt-arbeid, der vi sjølv kunne velge kva vi ville jobbe med. Eg og fire andre i 10.klasse har valt å jobbe med mote, og det heile skal til slutt ende i ein prosjekt rapport - men også ein catwalk.

- For å få til catwalk, treng vi sjølvsagt klede for å få gjennomført dette. Om det er nokon som har nokon gamle klede (eller tilbehør som belte, briller, sko osv.) i frå 1960-talet og framover i tid? Vi er takknemmelige for all den hjelpa vi kan få! :) Dei som vil hjelpe kan levere klede inn til skulen, eller til klasseforstandaren vår Gunhild Bjørløw. På forhånd: takk!


Søndagsfilmen på Svelgen kino:

American Pie 2 12.01.2002

Sommerferien står for døren og våre helter fra sist er samlet i hjembyen Michigan når vi treffer dem igjen.

Et år har gått siden det berømte skoleballet og alle de seksuelle uhellene.

Jim (Jason Biggs) oppdager til sin store skrekk at man kan miste jomfrudommen uten å automatisk bli en beleven verdensmann. Sportsidioten Oz (Chris Klein) må finne en måte å takle at kjæresten Heather (Mena Suvari) tilbringer sommerferien i utlandet.

Kevin prøver å finne ut om det er mulig å være venn med ekskjæresten Vicky (Tara Reid) som har kommet tilbake fra universitet - heitere enn noensinne. Finch (Eddy Kay Thomas) er fortsatt opphengt i fjorårets uforglemmelige biljardbord-opplevelse med kvinnen i hans drømmer; mora til Stifler. Og hva driver Stifler med? Egentlig ikke noe annet enn å sette standarden for dårlig oppførsel.

Les meir om filmen


Ikkje avgjerd om Omn 5 11.01.2002

Elkem leiinga har enno ikkje avgjort om omn 5 blir sett i drift att. Direktør Per Otto Ustad opplyser at 46 tilsette for tida er permitterte frå verksemda.

I dag er det 140 som har Elkem Bremanger som arbeidsgjevar, men talet vil gå ytterlegare ned når vedlikehaldsavdelinga no vert skipa ut. Omlag femti tilsette er venta å gå over i den nye verksemda.


Kreativ hotellsatsing 09.01.2002

Medan hjørnesteinsverksemda Elkem vaklar, er Svelgen Hotell inne i ein kreativ prosess med å utvikle seg vidare. Dei kan no tilby verksemder og organisasjonar opphald og kursing i det topp moderne kreative læresenteret på Svelgen skule.

- Dette styrkar tilbodet til Svelgen Hotell og gir inntekter til å utvikle det kreative læresenteret på Svelgen Skule vidare. Vi må tenke nytt og ta i bruk alle ressursar vi har i nærmiljøet, meiner hotelldirektør Geir Gjerde. Dei som leiger seg inn, kan få jobbe sjølvstendig på læresenteret eller få rettleiing av leiaren på senteret, Tom Sølve Myklebust. - Vi har eit fleksibelt opplegg, slik at det er mogeleg å leige berre ein del, medan skulen held fram med si undervisning i ein annan del. Med inntektene vi får inn, kan vi fornye maskiner og programvare eller til dømes kjøpe utstyr for videokonferansar, fortel Myklebust til Firdaposten.

Ideen til det kreative læresenteret kom etter ein studietur til USA, der konseptet med Creative Learning Senter (CLS) er utvikla. Den mest effektive og kreative delen av opplegget er i Svelgen omdøypt til idéhola eller idéverkstaden. Der kan opptil seks personar jobbe saman opp mot ein storskjerm.

- Det er ikkje tilgangen på datamaskiner som gjer dette så effektivt og kreativt. Det er korleis omgjevnadene er forma og korleis menneska er gruppert saman. Det skaper den rette atmosfæren. I idéhola har ei gruppa samla fokus og alle kan påverke produktet like mykje. Samhandlinga gjer vedtaksprosessen kortare og meir effektiv. Faktisk kan dei jobbe seg fram til ferdig produkt medan dei er her, forklarer Myklebust.

Denne sommaren har Svelgen Hotell booka inn så mange turbuss-besøk og reisande som dei kan ta sjansen på. Hotellsjef Gjerde strekar under at dei må halde av ein viss kapasitet til Elkem og til tilfeldige gjestar. - Utfordringa er å få til betre utnytting av kapasiteten heile året. Nytt i år er at vi har fått inn nokre organisasjonar som skal halde årsmøte her. Dette er eit lite hotell. 40 gjestar er ideelt, men vi kan strekke oss opp i 60. Vårt styrke er at vi skal gjere ein så god servicejobb mot dei gjestene vi har at dei ønskjer å komme tilbake til oss. Derfor vil vi kombinere opphaldet her med turar til dømes til Langesjø-hyttene i Ålfotdalen eller til Knutholmen i Kalvåg. Ved å samarbeide med andre reiselivsverksemder kan vi gje gjestene ei heilt unik oppleving, meiner Gjerde.

Les meir


Ny internett side i Svelgen 08.01.2002

No er det komen ei ny internett side for Svelgen. Det er Svelgen samfunnshus som står bak, og ein av intensjonane er å auke besøkstalet til kinoen under mottoet "Søndag er kinodag i Svelgen". Kinoprogrammet ein månad fram skal til ei kvar tid ligge på denne sida. "Ringenes Herre" kjem til dømes 10. februar.

I tillegg skal sida presentere ein aktivitetskalendar som viser alt som skal skje på "huset" kommande månad.

Enkel historikk er det også laga plass til. Ikkje mange visste for eksempel at Svelgen Samfunnshus feira 40 år 13. september i fjor..?

Å leige småsalen til ein privatfest på samfunnshuset kostar 400,- kroner - der kan ein også leige kaseroller og mykje meir. Leigepriser skal stå på heimesida - og bestilling kan skje via e-post - men også sjølvsagt via telefon eller personlig kontakt.

Bingogjengen er ein av samfunnshuset sine trufaste og avgjerande medspelarar. Desse vil på sikt få ei eiga side. Ved å spele bingo kvar torsdag støttar du samfunnshuset direkte - og får ei hyggeleg stund sjølv.

Sidene er førebels ikkje komplette - men vil bli fyldigare etterkvart.

Har du for eksempel eit ønske til ein film - er det berre å sende ein e- mail.

Husk : Svelgen Samfunnshus er Svelgen-samfunnet sitt hus! Sjå innom web-sida!

Sjå ny web-side


-Lei hundedrit i Svelgen 08.01.2002

All hundelorten som dukkar opp når snøen smeltar, er berre til å spy av, meiner Anne-Marie Thorgersen. Ho er mektig lei egoistiske hundeeigarar.

Egoistiske hundeeigarar fornektar seg ikkje. Dei lar bikkja gjere frå seg kvar som helst og når som helst, og lar så hundelorten bli liggjande.

- Heilt motbydeleg, er Anne-Marie Thorgersen sin karakteristikk der ho står og ser på eit lite utval av alle dei store hundelort-rukene som no openberrar seg og vert ekstra godt synlege etter kvart som snøen smeltar.

Etter å køyrt gjennom tunnelen frå Svelgen til Sande spaserer ho saman med Firdaposten ei lita strekning der hundelorten ligg tett i tett. Thorgersen hevdar at også på fortauet inne i tunnelen ligg rukene med hundelort tett. Men aller verst er det forbi Sande og på turområdet mot Dyrstad. Thorgersen er førtidspensjonert og er glad i å gå og å sykle turar, men det ufyselege synet av hundelort som ho vert møtt av over alt, øydelegg mykje av gleda. Ho har i lengre tid irritert seg over alle hundeeigarane som ikkje klarar å ta med seg lorten etter bikkja, men berre lar det bli liggande.

- Sjå på dette, eg blir heilt kvalm, seier ho indignert, når dei passerer neste ladning i vegkanten.

Ho er truleg ikkje den einaste som vemmast over synet. Og om ikkje synet skulle vere nok, klarar enkelte til overmål å trakke rett opp i rukene. Og, ja, det luktar minst like fælt som det ser ut til. Det veit alle som har prøvt å vaske hundebæsj av skotøyet. Er du riktig uheldig, ser du ikkje at du har trakka rett opp i ei ruke, og tar det med inn i bilen. Litt hamnar på golvmatta, litt hamnar på gasspedalen og der sit du og har ingen sjanse til å kome unna ein lang, varm og illeluktande biltur heim. Det veit Thorgersen alt om, ho har køyrt som postbod i mange år og har opplevd akkurat det.

- Eg hatar ikkje hundar sjølv om eg har vore postbod, forsikrar ho og kan ikkje anna enn å le litt heller.


Aage Kvendseth ny rektor på Hauge 07.01.2002

Aage Kvendseh (51) er tilsett som rektor ved Hauge skule i ytre Bremanger. Den noverande rektoren ved skulen, Svein Kåre Senneset, skal ha eitt års permisjon frå stillinga.

Kvendseth har mangeårig erfaring som lærar og rådgjevar ved Svelgen skule og har i følgje skulesjef Gunnar Skjølberg takka ja til stillinga som vikarierande rektor ved Hauge skule. Kvendseth tek til i stillinga 1. februar.

Det var totalt fire søkjarar til vikariatet.


Stor nedgang i utsleppa:

12 ulovlege utslepp ved Elkem 04.01.2002

Tolv gongar i fjor kom det ulovlege utslepp i havnebassenget frå Bremanger Smelteverk. Det går fram av ein rapport etter at Statens forurensningstilsyn var på inspeksjon i november.

Men trass i dei alvorlege avvika er seksjonsleiar i SFT, Signe Nomdal, ganske nøgd. For Bremanger Smelteverk har hatt ein kraftig nedgang i talet på utslepp, frå omlag 60 for berre to år sidan til 12 i fjor.


Ny storfilm søndag

Moulin Rouge på Svelgen kino 04.01.2002

Her er litt om søndagsfilmen på Svelgen kino:

Paris, 1899. Can Can er mer populært enn noensinne. Christian (Ewan McGregor), en ung, fattig forfatter blir virvlet inn i den dekadente og surrealistiske verdenen rundt Moulin Rouge.

Skjebnens lunefulle veier fører ham til hjertet av Moulin Rouge. Han møter og forelsker seg i den vakre Satin (Nicole Kidman). Han får den mektige Hertugen som sin argeste rival og han blir hyret til å skrive det første bohem-stykke som vil bli vist.

Fra regissør Baz Luhrmann (Strictly Ballroom, Romeo + Juliet) kommer en fargesprakende, musikalsk virvelvind av en film. Mot et bakteppe av 1800-tallets burleske verden inneholder soundtracket sanger fra noen av det 20. århundredets mest kjente artister som Madonna, Fatboy Slim, Massive Attack, David Bowie, Christina Aguilera, Elton John, Queen, T-Rex, for å nevne noen.

Den første singelen fra albumet - "Lady Marmalade" - har allerede nådd nr. 1 på hitlistene flere steder i verden. Mange spår at den blir sommerens store slager. Og dette blir nok ikke den siste, for albumet med filmmusikken inneholder en rekke godbiter med hitpotensiale.


Husk juletrefesten fredag! 03.01.2002

Fredag er det klart for den tradisjonelle juletrefesten på Svelgen samfunnshus. Skulemusikken skal spele, og det er også venta at julenissen kjeme. Det er fedrene i 3. klasse og mødrene i 2. klasse som kvart år lager juletrefest i Svelgen. Det blir kaker, kaffi og brus og truleg småpakkar til dei minste på festen. Arrangørane ønskjer velkomne!

207 såg Harry Potter

Ny storfilm i Svelgen: Moulin Rouge 02.01.2002

207 store og små såg filmen "Harry Potter og de vises sten" forrige søndag. Allerede på søndag er det klart for nok en storfilm:"Moulin Rouge"! Organisasjonen til de amerikanse filmkritikerne har kåret "Moulin Rouge" til årets beste film.

Filmen topper National Board of Reviews liste over årets beste filmer som ble offentliggjort onsdag. Dermed har filmen styrket sine sjanser for Oscar-nomineringer. National Board of Reviews liste gir som regel en god pekepinn over aktuelle kandidater.

"Moulin Rouge" er regissert av Baz Luhrman med Nicole Kidman og Ewan McGregor i hovedrollene. Medskuespiller Jim Broadbent er med på listen for beste birolle for rollen som cabaret-eieren, samt for "Iris" hvor han spiller elskeren til forfatteren Iris Murdoch.


Svelgen utan vatn 1.1.2002 01.01.2002

Store delar av Svelgen vart utan vatn første dagen i det nye året. Heile Sande, Sentrum og Naustneset miste vatnet etter at eit røyr under brua ved smelteverket fraus. Vi har ikkje fått kontakt med vakttelefonen til teknisk etat, men Kraftstasjonen opplyser at kommunen har brukt føremiddagen på å tine opp røret som fraus på grunn av veromslag.

I skrivande stund, omlag 13.30, ser det ut som om vatnet er kome tilbake.


"Under normalt" med nedbør i 2001 01.01.2002

I desember 2001 fall det 204,1 mm nedbør ved nedbørststasjonen til Kraftstasjonen i Svelgen. Normalen har metrologisk institutt berekna til 293 mm. Det meste som vart målt på eit døgn var 45,5 mm. Svelgen hadde i desember 8 dagar utan nedbør.

I 2001 fall det 2394,2 mm i Svelgen, mot "normalt" som er 2570. Dette er det minste ein har målt sidan 1996, då det berre fall 1647 mm. Mindre nedbør enn i 1996 har ein ikkje målt sidan ein byrja å måle nedbør i Svelgen i 1939.

Nedbørsrekorden for eit døgn stammar frå september 1966 då det fall 130,5 mm. På 48 timar fall det då 232,5 mm. Nedbørsrekorden for ein månad stammar frå oktober 1967 då det fall 742 mm. Det minste ein har målt på ein månad er 7 mm, dette var i juni 1982. Nedbørsrekorden for eit år stammar frå 1990 då det fall 3702 mm.

Ved inngangen til 1973 flytta ein nedbørsstasjonen frå Rise til Smelteverket. Så nedbørsdata før 1972, kan ikkje 100 % samanliknast med 1973 og seinare, melder Kraftstasjonen.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des