Arkiv April 2012

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Sosialtrening for hund!

Det vert sosialtrening for hund kvar onsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

Ingen hund er for liten, eller for stor. 

 

   

Vi har med oss hundeinstruktør

Bjørn Henry Marthinussen!

 

Vel møtt.



  BASAR

LØRDAG 5.MAI
PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS
FRA
KL. 11.00

 

 

LODDSALG, ÅRESALG
OG
LYNLOTTERI
KAKER, KAFFI, BOLLER OG BRUS

 

 

INFO-STAND
 HJELPEKORPS OG OMSORG
LODDSAL PÅ COOP'EN FRA 30.APRIL
GEVINSTER VERT UTSTILT PÅ
”GAMLE-COOPEN”,
VINDU MOT HOVEDVEGEN FRÅ 25.APRIL

 

VELKOMMEN!

 

 

 


Årsmøte Svelgen Båtforening
Årsmøte i Svelgen Båtforening 9.5.2012 kl. 1800 i småsalen på samfunnshuset.
Arsmøtesaker.
Saker som skal takast opp på årsmøtet må være styret i hende før 4.5.2012,

Svelgen Båtforening

Attgløymde kle på Samfunnshuset. Må hentast innan 10.mai. 30.04.2012


Laurdag 28.april er det lukka arrangement på Svelgen Hotell.
Det er mogelegheiter for å sitte i kafèen fram til
kl. 15.00, men kjøkkenet er stengt heile dagen. Dette gjeld og pizzaservering.


Strålande vèrmeldingar for 1. mai !!!!

Bli med Keipen Turlag til Keipen 1. mai. 27.04.2012

1. mai går vi den etter kvart så tradisjonsrike skituren til Keipen. Har du lyst til å vere med på ein fantastisk tur møter du opp ved demningen ved Sørdalsvann tirsdag 1.mai klokka 09:00.

 

Vi starter turen ved demningen og går derfra opp til Knekkevannshytta der vi tar på oss skia. Det er bra med snø i fjellet så sammen med gode vermeldinger blir dette ein flott turdag. Vi satser på å kjøre ned hylle 7 mot Førdedalen i Ålfoten, og dei sprekaste kan då få med seg toppen av Plogen i tillegg. Når vi kjører ned denne veien blir nedkjøringa mykje lettare,      

Dette er ein tur d ei fleste med normal fysikk klarer, vi går i roleg tempo. Skiteknisk er den ikkje vanskeleg, Vi håper flest mulig blir med.

 

 

Er det spørsmål ta kontakt med Asbjørn Svarstad( 90763705) eller Jarle Frøyen (90880507).

  

Keipen Turlag

Jarle Frøyen


Svelgen Kino 24.04.2012

TITANIC (2d)

Søndag 29. april 16:30

Etter den enorme suksessen med "AVATAR" har James Cameron gått tilbake den Oscar-vinnende filmen TITANIC, og 100 år etter skipet Titanic sank kommer filmen igjen på det store lerret.

Intet på denne jord kan måle seg med den storslåtte og legendariske beretningen om TITANIC. Som vinner av 11 Oscarstatuetter, inkludert Beste Film, seilte denne gripende kjærlighetshistorien rett hjem hos kinogjengere over hele verden, for til sist å fremstå som den mest populære filmen gjennom alle tider.

Lengde 3 t 15 min

Aldersgrense: 11 år

 


Svelgen kino 24.04.2012

 

           The Hunger Games

          

                Søndag 29.april kl.20:00.

             Kiosk og biletter fra kl.19:30

 

 

I restene av det som en gang var Nord-Amerika, tvinger Panem-nasjonen hvert år alle sine tolv distrikter til å sende en tenåringsgutt og en tenåringsjente for å konkurrere i "The Hunger Games". The Hunger Games er dels forskrudd underholdning, dels skrekktaktikk fra myndighetene, en TV-overført happening der "tributter" må slåss med hverandre inntil én overlevende står tilbake.

 

Lengde: 2 t. 22 min  


Allsidig person innan byggservice for snarlig fast tilsetting.

Arbeidsoppgåvene vil spenne over eit vidt spekter – som snikering, forskaling, kjerneboring,

stillasbygging, div maling, flis arbeid og skadebegrensning og anna service arbeid Vi søkjer snarast etter ein positiv, sjølvstendig og fleksibel medarbeidar med arbeidslyst og erfaring frå arbeidsområda. Det er en fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Sjå ledig stilling til venstre.


Sogn og Fjordane Teater skal syne teaterstykket Matias Orheim av Mette Brantzeg og Norvald Tveit

 

Billettpris

Vaksne:            kr.240,-

Student/honnør/firdakortet/gruppe (min) 5 personar      kr 190,-

Billettavgift kjem i tillegg.

 

Mathias Orheim med ord, felespel og glasmusikk.

 

Svelgen kapell

Fredag 27. april 19.00

 

Frøya kyrkje, Kalvåg

Torsdag 26. april kl 19.00

 

Billettsal på www.billettservice.no . Vi oppmodar flest mogeleg til å kjøpe billettar på billettservice og skrive billettane ut heime.  

 

Matias Orheim frå Stårheim i Nordfjord fann vegen til hjarte på ein heil generasjon. Han vart blind i ungdomsåra, men reiste likevel rundt i heile landet saman med kona Marie og forkynte. På møta spelte Orheim fele og glasmusikk.

 

Meir informasjon

www.softeater.no

 

Kulturkontoret

MI


Svelgen Kino 24.04.2012

THE ROCKA

Fredag 27.april 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30 Big B Thunders har tatt et valg; i en alder av 44 år sier han opp jobben og børster støv av sin gamle guttedrøm om å bli internasjonal rockestjerne. Det er nå eller aldri.

Aldersgrense: Tillatt for alle
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Denne filmen inneholder ingen scener som antas å kunne ha skadelig virkning på de yngste.

"Tour de Bremanger vert arrangert laurdag 2. juni 27.04.2012

Årets "Tour de Bremanger", som vert det 6. i rekka, skal etter planen arrangerast laurdag 2. juni. Så set av denne datoen.

 

"Tour de Brremanger" er ein sykkeltur (IKKJE eit sykkelløp) rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet, med start og avslutning i Svelgen. I fjor vart det ny rekord med 40 deltakande syklistar. Deltakarane fekk oppleve ein flott tur i naturskjøne omgivnadar i eit nydeleg vèr. Meir informasjon vil kome etterkvart, men det er berre å få unna vårpussen av sykkelen og førebu kroppen på det som skal skje. Det er Per Arne Sæterlid med gode medhjelparar som står bak denne populære sykkelturen, som vert arrangert for sjette år på rad.

 

Nedanfor kan du sjå Per Arne Sæterlid i lag med Anita Holm Cirotzki under turen i 2009.



Takk til Gjert Kåre Solheim

som har laga fraktekasse til Hjelpekorpset sin gamme-ovn!

 

Den kjem vel med når 3 ungdommar og 3 veilederar frå Svelgen Røde Kors Hjelpekorps skal delta på Operativ Grunnkurshelg på Nesholmen  denne helga. Der vil det vere samla omlag 170 deltakerar, 80 av dei ungdomar frå heile fylket, til ei helg med fokus på førstehjelp.


BINGO. 26.04.2012

Torsdag er det BINGO - på same stad og til same tid som før!

Overskotet går til Samfunnshuset - så møt opp og støtt ei god sak!


Påminning - kundekveld på Ytrehus Sag torsdag ettermiddag 25.04.2012


Hold hundane i band 26.04.2012

 

Uten førerhunden «Carta» kommer ikke Melchior Leirmo seg noen steder. Men selv med førerhunden er det nå med hjertet i halsen at han beveger seg utendørs.

For da han og «Carta» var ute og ruslet hjemme i Svelgen i Sogn og Fjordane tidligere i år, traff de på en innpåsliten løs hund. Førerhunden mistet konsentrasjonen, og Melchior stupte rett utfor en to meter høy mur.

AVHENGIG AV FØRERHUND: Melchior Leirmo. AVHENGIG AV FØRERHUND: Melchior Leirmo.  Foto: Geir Johnny Huneide, TV 2

– Jeg pleier å si retningen vi skal gå i til førerhunden. Da skal den gå rett vei, men det nytter ikke når den blir så forstyrret som da, forteller Melchior til TV 2.

– Det var en ekkel følelse da jeg falt, for jeg visste jo ikke hvor langt ned det var, sier han.

Les meir her


Snart tid for ny målaravlesing 25.04.2012

Det er snart tid for ny målaravlesing for straumforbrukarane i Svelgen, og for aller første gong skal ein levere avlesinga slik det vil bli framover i SFE Nett. Korleis du skal gjere dette kan du lese på SFE Nett si nettside ved å klikke her.  Du kan også lese meir om korleis du leverer rett målaravlesing ved å klikke her .

 

Ein skal med andre ord ikkje lenger levere målaravlesing på epost eller telefon til kraftstasjon i Svelgen (Svelgen Kraft).

 

Svelgen Kraft vil nytte høvet til å takke straumkundane i Svelgen for fint samarbeid gjennom mange år!


Sal av fotballstrømper/nikkers

 

 

Det vert sal av fotballstrømper og nikkers i hallen på tysdag den 24/4 kl 18.00

Det vert og sal av shorts dersom vi har motteke dei frå leverandør.

 

Prisar:

 

shorts                 90 kr

nikkers              100 kr

strømper             50 kr

 

pakke med shorts+2 par sokker + nikkers   250 kr

pakke med nikkers + 2 par strømper           180 kr

 

 

Styret i fotballgruppa


Stem fram Svelgen Oppvekst 16.04.2012

STEM HER  

 

 

 

 ( For å stemme send SKOLE 237 til 05050)

 

 


 


71 grader Nord i Svelgen - på Hornelen i dag 23.04.2012

Søndag kveld inntok eit team på over 40 personar fra serien 71 grader nord Svelgen hotell, og i dag dreg dei vidare til Hornelen.

Deltakarane i serien som skal visast på TVNorge først til hausten sov ute i telt ved Risevatnet i natt, medan produksjonstemaet bur på hotellet i Svelgen.

Idag set dei kursen mot Hornelen der dei skal klatre opp på austsida.

Hotelleigar Jostein Eimhjellen som plutseleg fekk hotellet fullt har stor tru på at dette kan gje positive ringverknader for reiselivet i kommunen.

– Dette kan bidra til at vi får attraksjonane våre endå meir fram i lyset, seier han.

71 grader nord-produksjonen reiser vidare onsdag.

Les meir i papirutgåva Fjordenes Tidende onsdag 25. april.



Keipen farga rosa i flott ver i kveld 23.04.2012


Matias Gulestøl (15) til NM igjen i sommar:

14 frå Svelgen deltok på Vårduppen 23.04.2012

Svelgen Svømmeklubb kom med ni rekruttar og fem konkurransesvømmarar til Vårduppen på Eid i helga. Gry Gulestøl, som er leiar og trenar for Svelgen fortel til Fjordenes Tidende at dei opplever god rekruttering.

- Det vi slit med er bassenget, seier ho og legg til at 12.5 meters basseng ikkje gir optimale tilhøve.

Dei som trenar mest av svømmarane i Svelgen har opp til sju-åtte økter i bassenget kvar veke, mens rekruttane trener ei til to gongar.

Matias Gulestøl (15), sonen til Gry, svømte for Ålesund under Vårduppen. Han vart tatt inn på sunnmørslaget for å svømme NM-stafett i november og har blitt verande. For tida ligg han på topp-ti-lista i si årsklasse med frisymjing som beste område. Han skal også delta i NM til sommaren. (På bildet over ser vi Anna Igland og under Matias Gulestøl)

 

 


Kunsten ut til FOLKET !

Kunstutstilling på Øyratunet

Rådhuset feirar 40 år 4.mai, og i samband med

jubileet vil kunsten der bli samla på Øyratunet

slik at publikum kan sjå kva skattar vi har!

    

Øyratunet held ope:

Laurdag 28.04 kl 13-16

Søndag   29.04 kl 16-18

NB! Kultursjef Espen Frøysland held kåseri

om kunstverka søndag 29.04 kl. 17

Arr: Svelgen Kunstlag


Ledige stillingar hos Brødrene Mundal 23.04.2012

Brødrene Mundal AS driver som maskinentreprenør med hovudkontor i Svelgen .

Søker anleggsarbeider, maskinførar /sjåfør (kl. CE)

.

og sjåfør feiemaskin. Sjå ledig stilling til venstre.

 


God Bremanger-innsats på UKM i går 21.04.2012

Magnus Myhold framførte sin eigenkomponerte song "Home".

Sjå fleire bilder på  www.bremanger.no frå UKM på Nordfjordeid i går - 20. april.


A-lagskamp laurdag 20.04.2012

 
Laurdag 21. april kl.12.30 skal A-laget spele treningskamp mot Bremanger på Svelgen Stadion.

 

 Kjell-Åge



Svelgen kino 19.04.2012

Film forslag til Svelgen Kino kan sendes til:  filmforslag@gmail.com
   
Visningsliste for Svelgen Kino finner du på: Link visningsliste Svelgen Kino

Svelgen Kino 18.04.2012

            THE ROCKA

        Fredag 20.april kl.20:00

 

  Filmen er avlyst p.g.a.

  rot hos filmselskapet.

  

 


Medlemsmøte! 16.04.2012

Svelgen Pensjonistlag har som vanleg sitt medlemsmøte siste onsdag i månaden.

Møtet vert halde på Keipenstova onsdag 25.april og tek til kl. 1700.

Program for møtet vert lagd ut på "Keipenstova-sida!" i morgon.


LAURDAG 21. APRIL PÅ SVELGEN HOTELL

 

Hunky Dory er ein gitarduo frå Sunnfjord/Sogn som består av Øyvind Lindelid og Rune Thorsnes. Begge har lang fartstid og erfaring frå forskjellige band og forskjellige musikktypar, noko som gjenspeglar seg i duoen sitt repertoar.
Låtvalga spenner frå Beatles, Bowie, Springsteen, Lou Reed og CCR til Jonas Fjeld, Di Derre og Åge Aleksandersen, alt gjort med to gitarar, tamburin, munnspel og stor speleglede!
Her er ingen "musikk på boks", men musikken er godt dansbar.
Så dersom god musikk framført med stor speleglede er "your cup of tea", er Hunky Dory definitivt noko for deg!

 

Cover kr 150,-

Frå kl 22.00


SVELGEN VASSVERK

PÅ GRUNN AV OMLEGGING TIL NY MIDLERTIDIG VANNKILDE KAN DET

ONSDAG 18.04.12 FRÅ KL.0900 – ca.1500

VERTE REDUSERT TRYKK TIL ALLE ABONNENTANE VED SVELGEN VASSVERK.

VATNET KAN I KORTE PERIODAR VERTE HEILT STENGT.

Dei som får frå høgdebassenget på Sande og Langeneset vil ikkje bli berørt .

BREMANGER KOMMUNE


Lisenskurs for motorcross 19.04.2012

Om det vert nok påmelde, vert det lisenskurs for motocross i Stryn, søndag 29 april. Kurset går over ein dag.

Ring Jan Gunnar på tlf. 98 68 40 29 for påmelding, og info.
Alle over 9 år må ha lisenskurs.

Svelgen Motorsportsklubb 



Vi håper på sol og godt oppmøte. Mange KNALLTILBUD som vil gjelde kun denne dagen!


Teaterframsyninga "urmakarens hjarte" av Miriam Prestøy Lie i Svelgen samfunnshus laurdag 21. april kl. 18.00 og Bremangerhallen 20 april er avlyst pga tekniske årsaker.

Kulturkontoret


Amcar Svelgen feirer 20 år med treff 15. - 17. juni 18.04.2012

Amcar Svelgen vert 20 år i år og vil dermed invitere heile bygda på burdagsfeiring i kjent amcar style! Sett av helga 15-17 juni og bli med på feiringa!


Bustad til ferievikarar sommaren 2012. 

 

Open omsorg Davik har behov for bustad i Davik området til 2 ferievikarar frå slutten av veke 25 og t.om veke 33.

Ferievikarane kan gjerne dele husvære.

 

Har du hyblar eller annan bustad til leige, så kan du kontakte  fagleg leiar Gerd Barstad mob 95982938.


Rekordstort oppmøte på ope hus Moldahytta søndag 16.04.2012

( På bildet ser vi vertskapet på Moldahytta sist søndag:   Olga, Johanna og Sissel)
Keipen turlag sitt tradisjonelle ope hus på Moldahytta vart arrangert søndag 15.04. med rekordstort frammøte. Endeleg skein sola og det vart "vårslepp" for store og små.
Det er notert 130 besøkande og det er spesielt gledeleg for turlaget at 46 av desse var born. Dei fleste kom til hytta på vegen frå Langeneset og den nye skogsbilvegen som gjer turen lettare og tryggare.
Turlaget serverte suppe, kaffi, kaker og saft. Dei siste som kom fekk berre dråper og smuler - men det var ingen som klagde på det.
KEIPEN TURLAG

STORBOSS 14.04.2012

Stølsborden Gjenbruksstasjon - nye opningstider!

Torsdag er det ope frå kl. 1300 til 1900.

Onsdag er det stengt!

Endringa tek til å gjelde frå veke 16.


Sosialtrening for hund!

Det vert sosialtrening for hund kvar onsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

Ingen hund er for liten, eller for stor. 

 

   

Vi har med oss hundeinstruktør

Bjørn Henry Marthinussen!

 

Vel møtt.


3-vekers varsel

Basar laurdag 5.mai 14.04.2012

Hald av laurdag 5.mai, då vert det Røde Kors-basar på Svelgen Samfunnshus.

Asfaltering Eikeland-Svelgen-Myklebust i år! 14.04.2012

Dagens glamelding har vi fått frå Atle Rogne. Som skjemaet viser vil Statens Vegvesen asfaltere heile strekninga frå Eikeland til Myklebust.

Følgjande strekningar er planlagt asfalterte på FV614 i 2012:

Hp Km Hp Km Lengde

45

14

4

5

F

614

Myklebust - Eikeland

3

5000

3

13070

8 070

46

14

4

6

F

614

Eikeland tnl - Svelgen Ø

3

13170

3

14000

830

47

14

4

7

F

614

Eikeland tnl - Svelgen Ø

4

1400

5

155

1 940


Sesongavslutning for volleyballen 12.04.2012

Volleyballtreningane for seniorar sluttar av for sesongen. Vi startar oppatt til hausten.

Herborg/ Volleyballgruppa

"Den store skoledugnaden" 12.04.2012

  
Svelgen skule er med i konkurransen "Den store skoledugnaden".
 
Er vi riktig heldig kan skulen vinne 100.000,-
 
Og til dette treng vi di stemme. Send ei tekstmelding der du skriv SKOLE 237 og send den til 05050.

Svelgen Kino 11.04.2012

Lille speil på veggen der

Søndag 15.april 17:00

Kiosk og billetter fra 16:30

Det klassiske eventyret om Snøhvit får helt nytt liv i en film der selveste Julia Roberts har fått rollen som den onde dronningen, med Sean Bean som kongen og Nathan Lane som hennes uheldige og klomsete tjener Brighton. Når den onde dronningen tar kontroll over Snøhvits rike går hun i eksil og får hjelp av syv ressurssterke opprørere for å vinne tilbake fødselsretten. "Lille speil på veggen der" er en livlig eventyrkomedie fylt av sjalusi, romantikk og bedrag som garantert vil fange oppmerksomheten til et stort publikum over hele verden.

Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Denne filmen inneholder truende skikkelser og mørke sekvenser som kan virke skremmende på de aller yngste. Filmen får derfor 7-års grense.
Lengde 1 t 39 min

Battleship

Søndag 15.april 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Verdenspremiere 11 april (en måned før USA) En skipsflåte blir tvunget til å kjempe mot en armada med ukjent opphav i denne actionfylte science fiction-filmen. I rollene møter vi blant andre artisten Rihanna, Liam Neeson og Alexander Skarsgård.Peter Berg (Hancock) produserer og regisserer Battleship, et episk actioneventyr som utspiller seg til sjøs, i skyene og på land idet planeten vår kjemper for å overleve en invasjon fra verdensrommet. Battleship er basert på Hasbros klassiske marinestrategispill.

Aldersgrense: 11 år - Frarådes barn under 11 år

Egnethet: Ungdom
Begrunnelse: Store mengder slagscenene mellom mennesker og utenomjordiske vesener gjør at filmen får 11-årsgrense. Enkelte scener med katastrofestemning gjør at filmen frarådes barn under 11 år.
Lengde 2 t 11 min


OPE HUS PÅ MOLDAHYTTA
Søndag 15.04. ynskjer Keipen turlag alle velkomne til ope hus på Moldahytta frå KL.12.00 - 15.00.
Der vert enkel servering av suppe,saft,kaffi og platekake.
Vegen finn du sjølv på merka sti frå Langeneset,Breivika,Rise eller Ytrehus - eller du kan ringe 91102654 for nærmare orientering.
KEIPEN TURLAG

EIN ELKEMKOPP TIL ANJA OG TO TIL LIV
Ved trekning av Elkem-kopp mars har Liv Sigdestad Brekke vunne koppen på Gulebrystet (nr.65) og i Risevatnet 3,5 km (nr.811). Anja Senneset har vunne koppen i Omvendeskaret (nr. 108).
GRATULERER !
Dei som deltek på Fjelltrimmen i april kan vinne kopp på Sandsegga, Risevatnet 3,5 og på Moldahytta. Det er no lagt ut Fjelltrimmbok også på Knekkevatn. Bokkassa står inne på do.
I mai skal vi trekke kopp på Knekkevatn, Ivervatn og Risevatnet 3,5. Aller er velkoment til å delta på FJELLTRIMMEN
KEIPEN TURLAG
FJELLTRIMMEN

STENGING AV VATNET

TORSDAG 12.04.12 FRÅ KL.1000 – ca.1030

VERT ALLE ABONENNTANE VED SVELGEN

VASSVERK UTAN VATN.

Dei som får frå høgdebassenget på Sande og Langeneset vil ikkje bli berørt .

BREMANGER KOMMUNE


Sponsorstøtte frå Svelgen Kraft & SFE 10.04.2012

Alle som ynskjer søke sponsorstøtte hjå Sogn og Fjordane Energi (SFE) eller Svelgen Kraft (56 % eigd av SFE) må gjere dette via heimesida til SFE: www.sfe.no  Du finn ein snarveg her, og velgjer deretter Kven kan søke, og/eller slik søker du. 

 

Det er fire søknadsfristar i året, og desse er: 1. mars, 1. juni, 1. september, og 1. desember.

 

Svelgen Kraft AS og SFE ynskjer å vere ein positiv støttespelar for lag og organisasjonar i Svelgen-området.


Påmminning; 10.04.2012

Folkemøte

om kommunedelplan for parsell av fv 614, Svelgen – Myklebust .

Trudvang på Kjelkenes, tysdag 10. april kl 18.00. Orientering om planframlegget som er på høyring, høve til merknader og spørsmål. Lett servering.

 

Alle velkomne!

 

Bremanger kommune v/ordføraren


Foreldremøte i fotballgruppa 

 

Minner om foreldremøte i fotballgruppa tysdag den 10.04 kl 18.00 på ungdomsskulen.

Dette gjeld foreldra til alle aldersbestemte fotballspelarar.

 

Sakliste:

1. sal av "drakter"

2. oppmenn

3. Dugnad info

4. Køyring til kampar

5. Oppmøte kampar

 

De vert moglegheit til å kjøpe sokkar, shorts og fotballnikkers på møtet.

Prisar på dette er:

Shorts:      90  kr

Nikkers :  100 kr

Strømper :  50 kr

Pakke med nikkers, shorts og 2 par strømper: 250 kr

 

Styret i fotballgruppa


Utetrening A-laget 09.04.2012

 

  A-laget startar med utetrening tysdag 10. april kl.19.30.

 

  Vel møtt!

 

  Kjell Åge.


 

Svelgen Kino 04.04.2012

Varg Veum - Kalde hjerter

Mandag 9.april 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Ny krimthriller med Gunnar Staalesens legendariske privatetterforsker Varg Veum, denne gang med nye navn som Mads Ousdal, Ingrid Olava og Laila Goody på rollelisten, regissert av hovedrolleinnehaveren selv, Trond Espen Seim.

Varg Veum skal bli far. På en måte han aldri kunne forestille seg tar livet en ny retning mens han leter etter et forsvunnet søskenpar i Bergens prostitusjonsmiljø. Varg innser at saken har en sammenheng med et drap som etterforskes av førstebetjent Hamre, der offeret hadde ubehagelig tette bånd til de forsvunne søsknene. Men i takt med Karins voksende mage vokser også trusselen mot Varg etter hvert som sporene peker mot en skruppelløs narkoliga på jakt etter et stort parti heroin på avveie.

Varg innser at livet aldri mer blir det samme når han må ta valget: la forbryterne gå eller sette Karins liv i fare.

Lengde 1 t 30 min 

Aldersgrense: 15


Svelgen Kino 04.04.2012

  HUGO CABRET

Søndag 8. april 17:00

Kiosk og billetter fra 16:30

Mesterregissør Martin Scorseses store 3D-film, som bygger på Brian Selznicks roman "The Invention of Hugo Cabret". Hugo Cabret forteller historien om en 12 år gammel foreldreløs gutt som bor inne i veggene på en stor togstasjon i 1930-tallets Paris. Hans eneste venn er en mystisk, menneskelignende maskin faren har etterlatt ham. Hugo er overbevist om at innretningenrommer en hemmelig beskjed fra hans avdøde far, hvis han kan få den kompliserte maskinen til å virke. Livet til Hugo tar imidlertid snart en helt ny vending, idet han møter eksentriske Isabelle (Chloë Moretz) og stefaren hennes, den gretne leketøysmakeren Georges (Ben Kingsley). Før han vet ordet av det befinner han seg midt i et fantastisk eventyr, som kan gi ham svar på alle spørsmålene. I de øvrige rollene finner vi navn som Jude Law, Christopher Lee og Sacha Baron Cohen. Scorseses fabelaktige filmatisering av Brian Selznicks roman er blitt en magisk film for hele familien, samt en kjærlig hyllest til filmhistoriens pionerer.

Lengde 2 t 6 min 

Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Enkelte truende og dramatiske sekvenser gjør at filmen får 7-årsgrense.

Into the white

Søndag 8. april 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Into the White er inspirert av en sann historie: Høyt over den norske fjellheimen skyter et engelsk og tysk fly hverandre ned etter en voldsom kamp 27. april i 1940. Tre tyske og to engelske piloter overlever nødlandingen og søker tilfeldigvis ly i samme fangsthytte. Selv om krigen har gjort dem til fiender må de samarbeide om de skal overleve på den isolerte hytta på vinterfjellet.  

Den tyske bombepiloten leutnant Horst Schopis er en høyt utdannet, femte generasjons militæroffiser. Schopis spilles av Florian Lukas - en av Tysklands mest anerkjente skuespillere i sin generasjon. Lengde 1 t 40 min

Aldersgrense: 11 år




Svelgen Røde Kors takker 05.04.2012

Roald Nigardsøy for sponsing og montering av nytt blandebatteri på kjøkkenet vårt i Røde Kors-huset!


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

Vi oppfordrer alle til å ta med seg kontantar. Dette for å korte ned på barkøa, då vi kun har ein kortterminal. 

 

Free Beer si heimeside finn du her.

 


I påska med ekstra Jackpot! 04.04.2012


FUCK UP

onsdag 4. april 20:00

En sort actionkomedie for det store lerretet fra teamet bak suksess-serien "Dag", med Atle Antonsen, Jon Øigarden, Tuva Novotny og Anders Baasmo Christiansen i front av en sterk rolleliste.

For første gang på årevis er Jack fornøyd med seg selv. Han har bestemt seg for å slutte å pule alt som har puls og kutte ned på sin heftige og entusiastiske narkobruk. Men så kræsjer bestekompisen i mørket med en elg på svenskegrensen. Han blir funnet med et gevir i pannen og 2.5 kilo kokain i bagasjerommet. Innen de neste 24 timene er over, har Jack mistet huset, dama har forlatt ham og tatt med seg datteren.

Og som han snart er i ferd med å erfare: Når du har sunket så lavt det går an å komme kan det alltids bli enda verre.

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Enkelte nærgående voldsscener gjør at denne filmen får 15-årsgrense.
Lengde 1 t 39 min

Sosialtrening for hund i dag, 04.04.12

  Det vert sosialtrening for hund kvar onsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

Ingen hund er for liten, eller for stor. 

 

   

 

Vel møtt.



Svelgen Hotell held påskestengt:

 

Etter dansen med Free Beer onsdag 04.04.12 vert hotellet stengt.
Vi opnar dørene igjen tysdag 10.04.12. 

 

Dersom nokon skulle ha behov for overnatting, kan vi kontaktast på tlf. 57 79 65 20.

God påske!

 





Svelgen Røde Kors takkar av Synøve som leiar. 02.04.2012

På Svelgen Røde Kors sitt årsmøte i februar vart Synøve takka av som leiar for Lokalforeninga. Årsmøte heidra ho med Norges Røde Kors Fortenestediplom med nål, blomar og gode ord for sitt langvarige engasjement som leiar gjennom 18 år. Når Synøve og Asbjørn i tillegg vert tildelt Sogn og Fjordane Røde Kors sin "Bry seg"-pris, er det vel fortent! Vi er stolte, glade og takknemlege for å ha slike engasjerte frivillige med i våre rekker.

 

Ny leiar for styret er Inger Valberg, ho har med seg Linda Førde som nestleiar samt Herborg Eikeland, Elin Stubhaug og Espen Frøysland som styremedlemer. I tillegg er Hjelpekorpsleiar Leo H. H. Cirotzki og Omsorgsleiar Torunn Frimannslund faste medlemer i styret. 

 

Kontaktinformasjon finn de på Bremanger kommune si heimeside, under kultur og fritid - Lag og organisasjoner, eller trykk her 


Aktivitetsdag på Langesi med Barnas Turlag 31. mars 02.04.2012

Dagen starta kl 1200 og varte til kl 1500. 25 born (4 over 12 år) og 16 vaksne var med på ein kjekk dag på Langesi.
Været var varierande med litt sol, litt snøbyger og opplett.
Det var laga til orgeltramp, kuleløype og langrennsløype som både borna og dei vaksne prøvde seg på. I orgeltrampen og kuleløypa var det om å gjere å
slappe av i kroppen og følge løypene - ikkje lett - vi måtte tåle mange fall - men kva gjer no det
Etter ei økt med aktiviteter tok vi oss ei matpause. 3 elevar frå 9. klasse solgte pølse m/brød, kaker, kaffè og brus. Inntekta går til klassetur til Polen neste år.
Alle borna under 12 år fekk drikkekopp med Barnas Turlag logo på, borna over 12 år fekk turbestikk med DNTung logo på.
Vi i Barnas Turlag vil takke Per Arne Sæterlid for å ha tatt initiativ til ein slik aktivitetsdag, og for hjelpa både på fredag og på laurdag. Vi storkosaoss alle mann!
Ynskjer dykk å melde borna inn i Barnas Turlag (0-12år) går dykk inn på Den Norske Turistforening si heimeside og videre inn på medlem.
Det koster 110kr per born per år.
Langedal/Ossenkamp (Alle bildene frå turen ligg på sida til Keipen Turlag på facebook)

30.03.2012. Tor Inge klarte NM kravet i Stav 01.04.2012

  

Les meir på heimesida til STIF  Friidrett


Vedlikehaldsarbeid avdekka farleg fjell; båtrute mellom Sande og Svelgen 01.04.2012

I samband med vedlikehaldsarbeidet i Sande-tunnelen førre veke vart det oppdaga store areal med porøst fjell. Statens vegvesen opplyser tunnellen difor vil verte heilt stengt for all trafikk frå i morgon, måndag. – Det vil ikkje vere forsvarleg at den er open for trafikk slik situasjonen er no, seier Asmund Espe. Han er svært glad for at dette vart oppdaga i tide.

Det vil bli sett opp båtrute mellom Mevika og Svelgen Sentrum i perioden. Vi har leigd inn skyssbåt frå Fjord1 som vil gå kvar 3. time frå klokka ni om morgonen til åtte om kvelden (kl. 0900, 1200, 1500, 1800 og 2000)

-           I og med at det ikkje er skule den første veka tunnelen vert stengt har vi, av omsyn til våre eigne økonomiske rammer, funne det tilstrekkeleg med ein slik frekvens i båtskyssen, seier Espe.

På spørsmål om kva innbyggarane på Sande, som startar tidlegare på arbeid skal gjere, svarar Asmund Espe at det er avtalt med Elkem Bremanger at ein kan nytte porten på Iverplassen medan tunnelen er stengt.

-           Eg reknar med at også dei kommunetilsette og andre som må tidlegare på arbeid i Svelgen kan nytte same veg til arbeid, legg han til.

Kor lenge tunnelen vil vere stengt kan han ikkje svare på.

-           Vi treng tid til å finne omfang og løysing på problemet – men har i første rekke sett ein frist til oss sjølve til 18. mai, seier Espe som sjølv var på synfaring i tunnelen under vedlikehaldsarbeidet som pågjekk heile førre veke og vart førebels avslutta fredag.

Les meir om saka på Statens Vegvesen sine eigne sider.


Snøkave i Svelgen 1. april 01.04.2012


Hugs båndtvang! 01.04.2012

Har du tenkt deg ut med den håpefulle firbeinte i helga? Kalenderen har passert 1. april, og det inneber at vi er inne i den ordinære båndtvangsperioden igjen.

 

Lov om hundehold § 6. Sikring av hund ved båndtvang m.m. I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerda eller innestengt, slik at ikkje den kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov