Arkiv Nov 2001

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Bremanger med i fylkesleksikon 30.11.2001

Bremanger kommune er no komen med i det nye fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane.

Klikk her

Tenning av julegrana lørdag 30.11.2001

Lørdag klokka 14.00 vert det tenning av julegran og opning av julegata i Svelgen. Skulemusikken skal spele og står også for kafe på samfunnshuset frå klokka 12.00. Det vert det sal av heimelaga kaker, graut, kaffi og brus. Det vert også åresal og sal av 21-lodd. Smånissar skal dele ut overraskingar til alle barna som møter opp.

Ingen aksept 30.11.2001

Selskapet Kystvegutvikling kan ikkje godta ein situasjon der ferja mellom Måløy og Oldeide sluttar å gå. Strekninga er ein del av kystvegen mellom Måløy og Florø og Bremanger Fastlandssamband.

Det skriv Kystvegutvikling i eit brev til vegsjefen. Dersom Måløy - Oldeide blir lagt ned i ein periode, vil trafikken på strekninga Kolset - Isane bli uforsvarleg stor, skriv selskapet.


Straffegebyr for ulovleg bygging? 29.11.2001

Heretter kan det bli ei dyrt å bygge utan at formalitetane er i orden. Teknisk seksjon i Bremanger vurderer å doble sakshandsamingsgebyret for bygg som er påbegynt utan løyve, og tredoble gebyret for bygg som ikkje er omsøkt i det heile.

Teknisk sjef Magnhild Myklebust la fram i alt fem saker som gjeld fastsetting av nye gebyrsatsar for kommunale tenester, då plan-og utviklingsutvalet var samla til møte tysdag. Vassgebyra blir auka med ti prosent, med det vil kommunen få tilnærma full inndekning for hushaldningar og andre private forbrukarar, for industriverksemdene vil inndekningsprosenten ligge på rundt åtti prosent, melder Firdaposten.no.

Gebyra for feiing og kontroll av eldstad får ein auke på 12 prosent, og slamtømmingsgebyra vil stige med åtte prosent. Einaste avlaupsgebyra blir ståande uendra, då desse allereie ligg i høgste skoren for det brukarar elles i fylket må betale for tilsvarande teneste.


318 medlemmer i STIF! 29.11.2001

Aktiviteten i STIF har igjennom året 2001 vært jevnt bra og laget har no 318 medlemmer, som må seiast å vere svært bra for ei bygd med totalt 1400 innbyggarar!



Link til STIF


Uråd å utdanne vaksne 29.11.2001

Ordførar i Bremanger, Einar Kjerpeseth Bremanger kommune vil ikkje gje vaksne tilbod om grunnskuleopplæring, sjølv om dei er pålagde å gjere det. Årsaka er pengemangel.

I lag med fleire nordfjordkommunar set dei no ned foten og nektar å gjere noko som helst før pengane ligg på bordet.

Ekspedisjonssjef i Utdanningsdepartementet Petter Skarheim meiner kommunane får pengar, men det er opp til kvar enkelt kommune å prioritere dei rett. Det kan bli bråk om dei ikkje følgjer lova, seier Skarheim, skriv NRK.no.


120 på fotballfest! 28.11.2001

120 var innom Svelgen hotell på fotballfesten forrige veke. Mykje pizza, brus og moro, melder Svein Arne Sandvik.

Les meir

'Realen' redda i første omgang 28.11.2001

Kulturbygget Realen i Svelgen vert likevel ikkje stengd med det første. Plan- og utviklingsutvalet sendte i går saka tilbake til teknisk etat for å få ei ny kostnadsanalyse.

Utvalet vil så vurdere om dei vil sjå seg råd til å halde kulturbygget ope. Taket er hovudproblemet, sidan hellene er i ferd med å losne. Men ordførar i Bremanger, Einar Kjerpeseth, seier det kan vere meir enn taket som må ordnast på.

Svelgen.no får opplyst at kommunen vil sette i verk strakstiltak og sikre skiferhellene midlertidig, mens dei ventar på endeleg kostnadsoverslag for å reparere taket.


"Realen" kan bli stengt 27.11.2001

Kulturbygget "Realen" i Svelgen kan bli stengt, og mange brukarar av bygget blir dermed ståande utan fritidstilbod. Årsaka er at taket på "Realen" er i så dårleg stand at det ikkje er forsvarleg å la folk nytte huset før det blir utbetra.

Ordførar Einar Kjerpseth seier tryggleiken er viktigast og vil prøve å finne pengar.

Det er hellene på taket som er i ferd med å losne. I dag skal plan- og utviklingsutvalet vurdere om kommunen har råd til å løyve 900.000 kroner til utbetringa. Ordførar Einar Kjerpseth seier tryggleiken er viktig og kommunen må prøve å finne pengar.

Kulturbygget er pussa opp både utvendig og innvendig, og det som står att, er altså å utbetre taket, skriv NRK.no.


Aukar gebyra 26.11.2001

Rådmannen i Bremanger tilrår ei auke på opptil 10 % i gebyra for feiing, vatn og slamtømming neste år. Det betyr at vassgebyret stig med 140 kroner til 1540 pr. år for ein husstand. Gebyret for feiing/kontroll er føreslått auka til 250 kroner pr. pipe. Slamtømingsgebyret stig med åtte prosent. Det er kommunestyret som endeleg vedtek dei auka avgiftene i samband med budsjetthandsaminga.

Annonse

Julegavetips 25.11.2001

Bestill varer fra Svelgen.no-butikken før 3. desember, så får du redusert frakt pluss en liten gave på kjøpet!
 


Bestill her...

Storsatsing på internett 25.11.2001

NRK Sogn og Fjordane lanserer måndag 26. november eit nytt og eineståande verk for Sogn og Fjordane på internett. Innhaldet vil spenne over 4.000 sider med tekst, video, lyd og bilete for alle kommunane i fylket, og om lag 20.000 oppslagsord.

Du kan lese om Fundamus i Høyanger som no overtek drifta av Fundo, høyre radioreportasje om steinalderfunna i Skatestraumen, sjå bilete frå St. Svithun-forliset i Selje - eller sjå klypp frå Filmavisen om Lodalsraset. Verket er gratis. Følg med på NRK Sogn og Fjordane sine sider på måndag!


Full innkjøpsstopp på rådhuset 23.11.2001

Dersom ikkje bremsene vert sette på no, vil Bremanger kommune gå på eit stort underskot i inneverande år.

Administrasjonssjef, Tor Kristian Gulhaugen, har difor innført full innkjøpsstopp i heile organisasjonen. I eit rundskriv understrekar Gulhaugen at innkjøpsstoppen også gjeld for budsjettkapittel som ser ut til å unngå underskot.

- Alle må vere solidariske og stramme inn så hardt som mogeleg resten av 2001. Opparbeider vi oss eit underskot, må vi dra det med oss inn i neste år, og budsjettrammene for 2002 er som kjent svært stramme for alle seksjonane, skriv Gulhaugen.

Det vert gjort unntak frå stoppen for heilt naudsynt forbruksmateriell. Vikarar må berre brukast dersom det er avgjerande for å halde drifta på eit forsvarleg nivå, melder Firdaposten.no.


-Kommunen snyt småbarnsforeldra 23.11.2001

Mange får ikkje billegare barnehageplass, trass øyremerka midlar. Fleire kommunar i fylket snyt småbarnsforeldra, meiner Norsk Lærarlag Sogn og Fjordane. For dei let ikkje øyremerka midlar frå staten føre til redusert foreldrebetaling slik meininga var, seier leiar i førskuleavdelinga, Kristin Hessvik. Bremanger sette ned prisen med tilbakeverkande kraft frå 1.7, men til neste år vil dei sette den oppatt to kroner, på grunn av dårleg kommuneøkonomi.

Berre tredjeparten av kommunane elles i fylket har redusert prisane slik intensjonen frå departementet var. Det er for dårleg, meiner Hessvik. No håpar ho at alle kommunane vil følgje opp regjeringa si satsing på barnehagar, skriv NRK Sogn og Fjordane.


Per Ytrehus styreleiar i Helse Førde HF 23.11.2001

Styret i Helse Vest RHF har peika ut styra for dei fem helseforetaka i regionen. Leiar for styret for det eine, Helse Førde HF, vert Per Ytrehus.

Helse Vest RHF omfattar dei institusjonar og verksemder som til no har vore eigd av fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og som ved årsskiftet skal overførast til staten.

Administrasjonen for det regionale helseforetaket er under oppbygging i Stavanger. I regionen vert det fire foretak som fylgjer geografiske grenser med hovudkontor i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. I tillegg vert det eit felles foretak for sjukehusapoteka med hovudkontor i Bergen. Helse Vest RHF får omlag 12.500 tilsette og driftsbudsjettet i 2002 vert omlag 12 milliardar kronar. Styreleiar Per Ytrehus (62) er frå Ytrehus. Han har sidan 1993 vore regiondirektør i NHO i Sogn og Fjordane. Han har utdanning frå Luftforsvaret, og har brei røynsle frå næringslivet. Han starta og dreiv eit transportselskap i over 20 år, og har og vore leiar for ei entreprenørverksemd.

Ytrehus var blant etablerarane av trebearbeidingsverksemda Ytrehus Sag A/S, der han er styreformann. Han har hatt fleire styreverv, mellom anna innan utdanning, forsking og offshoreretta verksemder, melder Firdaposten.no.


30 døgn med nedbør på rad 23.11.2001

Ved Kraftsstasjonen sin nedbørsstasjon er det målt nedbør 30 døgn på rad, dersom det også vert snø eller regn i morgon. Vi har hatt snø tre ganger før desember, og det i seg sjølv er sjeldan på våre kantar.

Færre bremangarar 23.11.2001

Bremanger kommune har hatt status quo på forholdet mellom fødde og døde så langt i år; 37 personar døydde og like mange vart fødde. Men når 118 flyttar frå kommunen og berre 84 flyttar til, får kommunen likevel minus på folketalsstatistikken.

15 av utflyttarane reiste til utlandet, medan 14 kom frå utlande, viser statistikken vidare. Kommunen har no nøyaktig 4139 innbyggarar. Tala seier ingenting om korleis desse er fordelt mellom bygdene.


Fotballfest på hotellet i kveld! 22.11.2001

STIF Fotballgruppe arrangerer i dag Fotballfest for Yngre Fotballspillere.

Sted : Svelgen Hotell

Tid: Torsdag 22.11.01 kl. 18.00 - 20.00

Pris: kr. 50.- (betales ved inngang)

Fotballfesten er for alle som har deltatt på treninger og kamper for STIF i fotballsesongen 2001.

Det blir pizza og brus til alle.

Nytt av året er at STIF vil dele ut årspremier / gaver til alle som har deltatt - det blir også utdeling av premier og diplomer m.m.

Foreldre / Foresatte er også hjertelig velkommen, skriv Svein Arne Sandvik på STIF sine sider.


Stor motstand mot havbeite 21.11.2001

Blant kystfiskarane i Bremanger herskar det stor motstand mot søknaden om konsesjon for havbeite av hummar og skjel. No har dei starta underskriftskampanje for å få utsett handsaminga av søknaden.

I alle fall til alle sider av havbeiteprosjektet er gjort kjende. Fiskarane i Bremanger fryktar for allemannsrettane i det området Grotle Havbeite AS no søkjer konsesjon for. Dei er redde for konflikter, og i verste fall å bli utestengde frå området. Vidare hevdar dei at den informasjonen dei så langt har fått om prosjektet er mangelfull, då den ikkje fortel noko om dei negative sidene ved eit slikt prosjekt. Fiskarane konstaterer av lova om havbeite er vedteken, men så lenge forskriftene ikkje er ferdige, meiner dei at kommunen må vente med å ta stilling til søknaden frå Grotle Havbeite. I den samanheng har dei starta ein underskriftskampanje, der dei sluttar seg til følgjande opprop:

Bremanger kommunestyre skal i komande møte handsame saka om Havbeiteprosjektet på 36.000 dekar. Vi meiner allemannsretten og historiske rettar blir fråtatt på ein brutal måte. Vi vil derfor be om at kommunestyret utset handsaminga av saka til konsekvensane for fiskeri og anna aktivitet er kjende, melder Firdaposten.no.


Ny salong opnar i dag 21.11.2001

Charmen har som kjent fått ny eigar, Lene Røyrvik (23), og i dag skal salongen formelt opnast. Lene kjøpte frisørsalongen og parfymeriet av Jorunn Flaten som ny er flytt til Sverige.

Ho fortel at ho har rikelig å gjere og ønsker alle velkommen innom i dag, torsdag.

- Det vert litt tilbod og nokre små overraskingar, seier ho.


Auka foreldrebetaling i barnehagane 21.11.2001

Dei største nedskjeringane i Bremanger-økonomien vert gjort innan skuleseksjonen. Det er dei svakaste som vert ramme og ti står i fåre for å misse arbeidet.

Foreldrebetalinga i barnehagane vert auka med to kroner per time til 19,-, Frå 1. august neste år vert det gjort endringar i bemanninga. Det betyr at ein vaksen for ansvaret for sju barn, mot seks no. Bemanningsplanen er vedteken politisk av kommunestyret.


Steinset ikkje nøgd med kommunen sine svar 21.11.2001

Vår "lokal-synsar" Finn Steinset er ikkje fornøgd med teknisk sjef Magnhild Myklebust og ordførar Einar Kjerpeseth sine forklaringar om den nye vegen i Breivika.

- Om dette er total mangel på tilstedeværselse eller ein konkurranse mellom politikarane og byråkratane om kven som maktar å kome med den mest tøvete utsegna veit ikkje eg. Men om dei på slik måte er fråverande, må eg uttrykkje medkjensle, eg veit kor vondt det gjer når viktige hendingar går tapt, skriv Finn Steinset i eit lesarinnlegg.

- Eg slit med å huske siste regulering av Breivika, kor tid, og om då ny veg frå nedre Breivika og opp til Rv 614 ved Statoil-stasjonen var lagt unn. Den tidspunktet mnå nok ha vore etter at Br. Mindal kjøpte området, for elles har dei nok ikkje kjøpt. For kvifor skulle dei kjøpe eit område som var plangat til kommunal veg? , skriv Finn Steinset mellom anna.


Omn 5 truleg klar til våren 21.11.2001

No står det omtrent berre eit stålskal igjen av omn 5 på smelteverket. Dei siste vekene har det vore stor aktivitet rundt den største omnen på verket, med utskyting inne i omnen.

Etter 15 skift med fem mann på kvart skift var jobben gjort og omnen tom.

- Alle har gjort ein glimrande innsats, og det har ikkje vore nokon form for skade under prossessen, seier Kjartan Myklebust til Fjordenes Tidende.

- Vi arbeider no med eit prosjekt for å søke om investeringsmidlar for å bygge oppatt omn 5. Dette vert ikkje avklart før utpå nyåret, og er vår største utfordring framover, seier Roar Hatlenes.

Han seier vidare at dei to andre omnane køyrer som før, og at det er bra etterspurnad etter dese produkta. Det same gjer Silgrain-anlegget som no får råvarer frå Elkem Salten.


Slutt på omstilling? 21.11.2001

Kutt i statsbudsjettet frå den nye regjeringa kan råke mange offentlege prosjekt i fylket, mellom anna omstillingskommunen Bremanger.

Dette opplyser fylkesdirektør Magne Skaar i Sogn og Fjordane fylkeskommune til Firdaposten.no.

Årsaka er at regjeringa har fjerna grunnlaget for å lage dei spleiselaga som skal til for å finansiere prosjektet. Han ser for seg ein negativ dominoeffekt i utviklingsarbeidet fordi kommunane mister næringsfonda sine, SND har fått reduserte råmer og fylkeskommunen har fått svekka evna si til å drive aktiv regionalpolitikk.

I ein kommentar kan vi legge til at ingen i Norges land veit korleis statsbudsjettet vert sjåande ut til sjuande og sist...


Indrehus vart leiar i Sp 21.11.2001

Rune Indrehus er vald til leiar i Bremanger Sp. Ola Martin Grotle held fram som nestleiar, medan Eldrid Strømmen er ny i styret. Ola Myrhol og gerda Frøyen tok attval. Ordførar Einar Kjerpeseth representerer partiet i kommunepolitikken, Oddmund Hagnes er styremedlem frå Senterungdomen og Erling Sande fylkestingsrepresentant.

Volleyball laget til topps! 19.11.2001

Hornindal IL stod som arrangør for ei vellykka 15 årsturnering i Strynehallen søndag. Svelgen sitt jentelag vart suveren vinnar med siger i alle sine kampar. Neste turnering blir i Svelgen 8. desember, då håper vi at også 13 åringane vil stille opp, melder STIF på heime sida. Trykk på logo til høgre og les meir sportsnytt!

Ny kino utlagt 17.11.2001

Vi har no lagt ut omtale av den siste filmen, «A KNIGHT`S TALE» for november. Desemberfilmane kjem litt seinare. Sjå rubrikk "Aktuelt".






Hybelen vart stolen 16.11.2001

Bergenspendlaren Jan Helge Restad frå Bremanger vart utsett for eit svært frekt tjuveri natt til torsdag. Berre timar etter han forlet Bergen stal nokre frekke tjuvar hybelen hans i Fyllingsdalen.

Restad hadde berre budd ei veke i campingvogna som fungerte som hybel.

No håpar Restad at tips frå publikum kan hjelpe han med å få hybelen tilbake.


Flotte dikt av 6. klasse! 14.11.2001

Årstidene

Vinteren

Han er så kvit

Han er så fin

Han er så kald

Han seier at du må

Finne fram varmare klede

Vinteren

6. klasse ved Svelgen skule har arbeidd med dikt i haust. Dette har Malin i 6. klasse dikta.

Fleire dikt


Svelgen utan post 14.11.2001

I går vart kommunesenteret utan eige postkontor. Kommunen har no ingen postkontor i gjen.

- Vemodig og trist, seier postkunde Wenny Vårdal til Fjordenes Tidende i dag.

- Eg er ikkje så moderne at eg brukar e-mail, så familien har brukt posten mykje. Det har vore koseleg å komme her, eg har alltid fått god service og veiledning her. Eg håpar den nye ordninga med Post i Butikk fungerer bra, men eg kjem sikker til å sakne kontoret, seier Wenny som sikkert har mange som er einig med ho i dette.

Joker Mat har teke over og vi ønsker sjølvsagt lukke til. To vert arbeidslause som følgje av nedlegginga i Svelgen.


Vegen i Breivika; 11 millionar 14.11.2001

Den nye vegen, kjøp og opparbeiding av industritomt i Breivika vil koste Bremanger kommune 11 millionar kroner. Teknisk sjef Magnhild Myklebust seier vegen ikkje er lyst ut på anbod fordi kommunen ikkje eig eigedomen.

- Vi kan ikkje hente inn anbod på noko vi ikkje eig. Derfor har vi gjort avtale med Br. Mundal om å kjøpe vegen etter at dei har gjort jobben, seier Myklebust.

Kommunen skal også kjøpe tomta der Br. Mundal held til i dag. Dei skal bygge nytt, og kommunen skal kjøpe steinmassane frå deira nye tomt og nytte den til å utvide industriarealet i Breivika.

- Slik vi har vurdert det er ein totalkostnad på 6.1 millionar rimeleg for fire mål regulert industriområde, seier Myklebust til Fjordenes Tidende i dag.


STIF sida oppdatert 12.11.2001

Svelgen-tif.no er no oppdatert og kommer til å bli betre utvikla utover, melder web-master Ingve Eikeland.

Strid om vegbygging i Breivika 12.11.2001

Finn Steinset har fleire gongar kontakta Bremanger kommune for å få vite om den nye vegen frå Strandvegen opp til riksvegen ved Statoil vert bygd i strid med regelverket.

Han får ikkje svar på kva kostnadane totalt vert for kjøpet av tomta til entreprenør Brødrene Mundal der Norsk Marin Yngel skal ha sine lokalitetar ved etableringa i Breivika. Steinset lurer også på om Bremanger kommune betaler for opparbeidinga av den nye tomta til Br. Muindal og kvifor arbeidet med den nye vegen ikkje har vore ute på anbod.

Steinset føler han vert møtt med tausheit og ingen av dei ansvarlege i kommunen vil svare på spørsmåla hans.

- Når kommunen lova varmtvatn til det nye torskeoppdrettet og ikkje klarte å gje dei nok, er dette med tomt som eit plaster på såret. Kommunen har betalt fem millionar kroner for ei lita tomt med ein gamal bygning på, seier Finn Steinset til Fjordenes Tidende.

- Dei har skaffa ny tomt til entreprenøren som det skulle ikkje forundre meg om dei betaler for opparbeidinga av denne også. Massane som vert tekne ut frå denne tomta vert nytta til utfylling for å skaffe Fjord Seafood større plass ved si verksemd, seier Steinset vidare.

Ordførar Einar Kjerpeseth seier i ein kommentar at kommunen har kjøpt tomt, hus og kaier av Br. Mundal.

- Som ein del av denne avtalen har dei og fått jobben med å bygge vegen. Vi hadde behov for areal til maritime aktivitetar, og når kommunen ikkje hadde slikt å tilby Norsk Marin Yngel måtte vi skaffe oss eit, seier Kjerpeset som ikkje kan huske kor mykje kommunen skal betale Br. Mundal for bygging av vegen.

I følge Finn Steinset er prislappen 6 millionar kroner - og Kjerpeset stadfester at dette ikkje har vore anbodsrunde på dette arbeidet.

Teknisk sjef Magnhild Myklebust reknar med at vegen er kjørbar over nyår.


Ny kraftpris i Svelgen 12.11.2001

Elkem Bremanger Kraft set ned kraftprisen måndag 19.11. til 38.5 øre/kWh. Prisen er inkl. forbruksavgift og moms. Prisen er fast ut året utan tillegg av fastbeløp, medan nettleiga kjem i tillegg, vert det meldt.

Elisabeth Thorsen ny prest i Bremanger 12.11.2001

Bjørgvin Bispedømmeråd har tilsett Elisabeth Thorsen som ny sokneprest i Bremanger. Thorsen er 35 år og frå Oslo.

Vil kjempe mot fleire pol 12.11.2001

-No har Sogn og Fjordane fått nok vinmonopol-utsal. Det seier stortingsrepresentant Magne Aarøen. KrF-politikaren sit i sosialkomiteen på Stortinget og han vil ikkje ha fleire polutsal i fylket.

-Det vert ikkje fleire pol om eg får gjennomslag for det eg ønskjer, seier Aarøen.

Det betyr at Stryn og Årdal kan ha fått de to siste polutsala i Sogn og Fjordane. Magne Aarøen jobbar for å få til et fleirtal på Stortinget mot etablering av nye polutsal i Sogn og Fjordane og andre fylker.

Pol-forkjempar Jan B. Paulsen i Årdal er oppgitt over dette utspelet. Han meiner fleire polutsal er den einaste måten å kjempe mot ein illegalt marknad, melder nrk.no.


Bratseth involvert i omstridd havbeiteprosjekt 12.11.2001

Usemje om beiteområdet til hummaren Fiskerirettleiar John Ove Bratseth i Bremanger får no kritikk fordi han er aksjonær i eit selskap som er engasjert i eit omstridd havbeite-prosjekt. Fiskar Terje Lindvik meiner det er svært uheldig at Bratseth er involvert i eit selskap som vil ha råderetten til eit havområde på heile 36.000 dekar.

Fiskar Terje Lindvik er ikkje den einaste som meiner det er problematisk at fiskerirettleiar John Ove Bratseth er ein av fire aksjonærar i eit selskap som har søkt om å få konsesjon til å drive oppdrett og fangst av hummar og skjel. Grotle Havbeite AS vil ha konsesjon for 36.000 dekar. Politikarane i plan og utviklingsutvalet i Bremanger kommune anbefalte før helga at selskapet får konsesjon under visse føresetnader. Men det er fiskeridirektøren som avgjer spørsmålet, og då er det ikkje uproblematisk at ein av søkjarane er fiskerirettleiar John Ove Bratseth.

Regiondirektør Rolv Petter Vetvik, altså sjefen til Bratseth, seier til NRK Sogn og Fjordane at engasjementet til Bratseth må avklarast i fiskeridirektoratet sentralt, og det vil først skje i januar. Etaten er midt inne i ein omstrukturering og Vetvik meiner Bratseth ikkje kan jobbe som kontrollør dersom han er aksjonær i Grotle Havbeite. Reglene er meir uklare dersom Bratseth vel å fortsette som fiskerirettleiar.

John Ove Bratseth vil ikkje la seg intervjue på radio, men seier han avventar ein avklaring frå fiskeridirektoratet sentralt, og han understrekar at han i god tid informerte Vetvik om engasjementet i selskapet. Havbeiteprosjektet i Bremanger er omstridt. Fisker Terje Lindvik er kritisk til at fire personar skal få råderetten til 36.000 dekar, eit område han lever av, melder NRK.no


Gavesenteret med blomster 10.11.2001

I dag er det siste dag for Torils Blomster i Svelgen. Samstundes tek Svelgen Gave & Kontor til med blomster. Britt Mulelid seier til Svelgen.no at ho ikkje har overteke verksemda til Toril Hatlenes.

- Vi byrjar i det små - så får vi sjå korleis responsen blir. Det blir i alle høve eitt til bein å stå på for butikken, og det håper eg også kundane vil sette pris på, seier Mulelid som no er åleine om å drive butikken etter at Ann Elin Røyrvik ikkje lenger er medeigar.


Superlørdag i Svelgen 10.11.2001

I dag arrangerer handelsstanden i Svelgen "Super-lørdag". Dei har gått i lag om å gje ekstra tilbod i dag, og håpar innbyggarane vil støtte opp om tiltaket.

Husflidslaget skal ha basar på Samfunnshuset og serverer rømegraut og arrangerer barnepass. Skulemusikken skal også spele, så her er mange gode krefter samla for å skape ein triveleg inngang til helga.

Svelgen har veromskifte i dag frå null-grader i går til ni grader i dag, men handelsstanden håpar dei fleste kjem seg ut trass slapseføret.


Må bryte opp rådhus-taket? 10.11.2001

Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger har bestemt seg for å utsetje reparasjonane av taklekkasjane på rådhuset i Svelgen. Årsaka er at store delar av ventilasjonsanlegget kanskje må skiftast og at taket då må brytast opp.

Desse oppsiktsvekkjande opplysningane kom fram under møtet torsdag. – Inneklimaet i rådhuset er elendig. Vi har hatt ein runde med bedriftshelsetenesta for å finne ut kva som må gjerast, orienterte rådmann Tor-Kristian Gulhaugen.

I samband med dette arbeidet henta Bremanger kommune opp ein konsulent, ein såkalla "inneklima-ekspert" frå Rogaland, same personen som vart brukt for å teste ventilasjonsanlegget ved Svelgen barnehage, skriv Firdaposten.no

– Han meiner at det meste av taket på rådhuset må brytast opp for å få plass til nye kanalar. Det er snakk om større innsug og større utblåsing og varmegjenvinning, for å nemne noko. Dette er omfattande tiltak, og vi snakkar om fleire millionar kroner. Derfor bør vi vente med å reparere taklekkasjane, sa Gulhaugen.


Plaster på fingeren 09.11.2001

Piloten blei flydd med helikopter til kommunelegen i Svelgen. Helikopterselskapet opplyser at alt no står godt til med piloten.

-Etter legesjekken ringte han til oss, og fortalte at han hadde fått eit plaster på fingeren, seier Laila Fånes i Helitrans. Verre var det altså ikkje.

Selskapet har førebels ikkje oversikt når det gjeld skadene på helikopteret.

bilde


Kunne gå ut av helikopteret 09.11.2001

Piloten kunne sjølv gå ut av helikopteret etter ulukka ved Hjelmevatnet klokka 12 i dag. Helikopteret sklei og vippa av landingsplassen og slo roretblada ned i bakken. Årsaka til ulukka er truleg is på understellet, opplyser flygesjef i Helitrans Roy Estensen til NRK.

Redningshelikopter på plass 09.11.2001

Redningshelikopteret er no på plass i Svelgen, ein time etter ulykka. Det er sendt to redningshelikopter til Svelgen, derav det eine landa i skrivande stund, 13.00. Vi veit ikkje om piloten er henta ned frå Hjelmevatn eller ikkje.

Sklei av landlingsplassen 09.11.2001

Piloten som er skadd etter at et helikopteret skled av et landingsfelt ved Hjelmevatnet i Bremanger kommune. Politiet i Fjordane fikk melding om ulykken fra amk-sentralen (113) rett før klokka 12.

- Det har gått ned eller styrtet ved Hjelmevatnet, ikke langt fra sentrum i Svelgen, sier politikonstabel Frode Kolltveit ved Fjordane politidistrikt til Dagbladet.no.

Luftambulanse, politi, lokale redningsmannskaper og et Sea King-redningshelikopter fra Hovedredningssentralen på Sola er på vei til ulykkesstedet.

- Det var en mann om bord i helikopteret. Han er i live, og skal etter forholdene ha klart seg bra. Men vi vet ikke noe mer konkret om tilstanden hans, sier Kolltveit.

Hovedredningssentralen bekrefter overfor Dagbladet.no at det bare var én person om bord i helikopteret.

- Jeg er ikke sikker på hvem som varslet dem om ulykken, men jeg tror det var helikopterføreren selv, sier Kolltveit til Dagbladet.no.

Hovedredningssentralen for Sør-Norge sier til Dagbladet.no at mannen er bevisst.

- Men vi vet ikke om han har indre skader. Det er ikke helsepersonell på stedet ennå.

De fikk melding om ulykken klokka 11.57, fra AMK i Førde, skriv Dagbladet.no som også har vore i kontakt med Svelgen.no for ytterlegare informasjon.

- Helikopteret sto på landingsplassen da det skled og slo rotoren i bakken, sier de til Dagbladet.no.


Helikopter havarerte i Svelgen 09.11.2001

Eit helikopter havarerte i dag føremiddag ved Hjelmevatnet like overfor Svelgen. AMK på Sentralsjukehuset opplyster at helikopteret gjekk ukontrollert i bakken. Det skal vere ein person ombord, og luftambulansen er sent ut. Piloten skal etter det vi kjenner til vere i live.

Helikopteret har hatt base ved vatnet, og styrta truleg under landing. Det var et Bell helikopter fra Heltrans som havarerte.

Eit redningshelikopter frå Ørlandet og eit ambulansehelikopter frå Ålesund er på veg mot ulukkesstaden no.


Leikeloppemarknad på Realen er avlyst 08.11.2001

Rydd på loft og stove - vi tek i mot alt som gåve! Laurdag 10. november skulle det vere leikeloppemarknad på Realen frå klokka 1100 til 1500 Dette er no utsett. Leikar, barne- og ungdomsbøker, musikk- og sportsutstyr kan likevel leverast på Realen i opningstida. Alle inntektene går til prosjektet "Vær Real" som håpar på mange lopper og godt oppmøte!

Vil starte familiekor i Svelgen 05.11.2001

Sangglade familiar i Svelgen får no eit tilbod dei aldri før har hatt. Barne-og ungdomsarbeidar Britt Mulelid og organist Geir Åge Hovland inviterer torsdag til sangøving i kapellet, i håp om å få starte opp eit familiekor.

- Vi har plukka ut eit par songar som vi kan begynne med, og vi håpar at bygdefolket har lyst å komme, seier Britt Mulelid. Ho har dei to siste åra hatt ansvaret for Svelgen barnegospel, men i haust har det ikkje lukkast å få starta oppatt.

- Oppmøtet var veldig lite, og då var det vanskeleg å få det til, fortel ho, og håpar i staden at eit familiekor kan få fleire til å melde seg.

- Vi har ikkje så store ambisjonar, men det ville vore kjekt om vi kunne samle ein fin gjeng som likar å synge. Får vi det til, kunne det sjølvsagt vore kjekt å øve inn nokre songar til julekonserten, seier ho vidare.

Saman med organist Geir Åge Hovland håpar ho å få mange Svelgen-familiar med på songøving annankvar torsdag, og kanskje kan det danne grunnlaget for å starte oppatt barnekoret seinare ein gong, melder Firdaposten si nettutgåve i kveld.


Første snøen er komen 05.11.2001

Første snøen denne vinteren har lagt seg over Svelgen. Den kom i går kveld kring klokka sju - altså 4. november. Så no kan vi sjå etter på arkivet på Svelgen.no når det kjem opp diskusjon om kortid snøen kom i år....

Det er meldt kaldt ver framover.


Konsekvensanalyse av Elkem-stansen 04.11.2001

Etter forslag frå Bremanger Ap gjorde eit samrøystes kommunestøre vedtak om at Kjerpeseth straks tek opp drøftinga med den lokale verksleiinga go leiinga sentralt i Elkem for å få avklart situasjonen ved verket.

Ordføraren klargjer om kommunen kan vere medspelar for å sikra framtida på verket, og kome i gang med ombygging av omn 5 snarast råd.

Ordføraren får vidare i oppdrag å gå utarbeidd ei konsekvensanalyse som syner utviklinga for Bremanger kommune, Svelgen og omliggande område om Elkem legg ned verket eller satsar vidare med ei bemanning på 200 220 årsverk, og om dei kan levere varmtvatn i den mengda Miljøvarme har kontrakt på, eventuelt med endå større mengd.

Kjerpeseth får fullmakt til å inngå avtale med konsulentfirma for å utføre konsekvensanalysen. Kommunestyret er innstilt på å omdisponere midlar om det skulle bli turvande, heiter det i vedtaket.


5 millionar til Norsk Marin Yngel 04.11.2001

Bremanger kommunestyre har slutta seg til rådmannen si tilråding om å gå inn i Norsk Marin Yngel AS med eigenkapital i form av tomt med påhøyrande bygninga i Breivika i Svelgen, til ein verdi av 5 millionar kroner. Vedtaket var gjort mot røystene frå Kåre jarl Langeland (V) og Gunnar Mundal (H).

Dyrare å bu i Bremanger 04.11.2001

- Auken i renter og avdrag vil gå ut over den daglege drifta i kommunen. Vi må rekne med reduserte tilbod og auka avgifter allereie i 2002 og 2003 dersom det ikkje dukkar opp nye postar på inntektssida, seier Tor Kristian Gulhaugen.

Terrortap for sparebanken 04.11.2001

Sparebanken Flora Bremanger har tapt nesten ti millionar kroner på valuta og verdipapir dei tre første kvartala i år. Til samanlikning hadde denne posten ein pluss i rekneskapen i fjor på 2.2 millionar kroner.

Banken ser for seg å tape ytterlegare på terrorfrykta som har råka verdas børsar.

- Mykje taler for at terrorfrykt vil legge ein dempar på den oppgangen dei fleste hadde sett føre seg på sikt, seier banksjef Vidar Strømsøy til Firdaposten.


Ålfotbreen ny turistmagnet? 04.11.2001

Vestkysten Reiseliv med støtte frå Bremanger Vekst, utgreier no eit prosjekt med å gjere taubana på kraftverket i Åskåra i Ålfoten om til ein tilbod til turistane.

Hotellsjef Geir Gjerde meiner at bana har potensiale til å bli eit like godt produkt som Brisdalsbreen.

Turen frå fjordbotnen i Ålfoten til 650 meters høgde tek 15 minutt. Denne opplevinga av eit panarama med det beste fjord- og fjellheimen i Norge kan by på, kan gjere turistkommunen Bremanger langt meir attraktiv, melder Firdaposten.


Framsyninga til Svelgen-ungdomen 02.11.2001

Vi har no lagt ut nokre fleire bilder frå framsyninga Svelgen Ungdomsskule hadde på Samfunnshuset tirsdag. Bildene har vi fått av Dag Frøyen i Firdaposten. Takk til han!

bilder

Flom på Grov 02.11.2001

Vegvesenet melder at vegen mellom Grov og Svelgen er stengt på grunn av flom.

Firdaposten sin journalist på staden fortel over mobiltelefon at det har regna så heftig i natt at ein mindre bekk har vorte forvandla til ei elv.

Resultatet vart at den gjekk ut over sine breidder og tok lettaste vegen, nemleg riksvegen (Rv 614).

Dette skjedde 250 meter frå krysset på Grov, mot Svelgen, der vegvesenet for tida held på å seinke vegbana med tre meter.

Vegen vart stengt etter at ein bil sette seg fast. To gravemaskiner held i augeblikket på å grave ny trasé for vatnet. Dei største bilane og høgste bilane køyretya slepp i gjennom, medan dei lågaste må vente, melder avisa.


Overskot i Flora Bremanger 02.11.2001

Sparebanken Flora Bremanger oppnådde eit overskot på 7, 3 millionar kroner i siste kvartal.

Sparebanken Flora Bremanger oppnådde eit overskot på 7, 3 millionar kroner i siste kvartal - mot 19, 3 millionar kroner på same tid i fjor. Den store skilnaden skuldast at banken oppnådde ein gevinst på 11, 7 millionar kroner frå aksjesal i Fellesdata i fjor, melder NRK Sogn og Fjordane.


Ustad avviser kritikk 01.11.2001

Verksdirektør Per Otto Ustad ved Elkem Bremanger tek ikkje kritikk for at han her på NRK i går inviterte tilsette til å drøfte kritikken av personalpolitikken, berre fem timar etter at han avlyste eit møte der akkurat dette sto på dagsorden.

- Møtet vart utsett fordi eit anna møte tok for lang tid. Møtet er utsett til neste onsdag, og sakene vil bli tatt opp då, seier Ustad. Han har måtte tole sterk kritikk frå dei tilsette i samband med permitteringane på verket.


Stengt vatn på måndag 01.11.2001

Svelgen Vassverk melder om at vassforsyninga i heile Svelgen vert avstengt mandag 05.11.01 frå kl.09.00 --> på grunn av arbeid på ledningsnettet. Avstengingstida er uviss, og det er fare for rustpartiklar o.l. i vatnet etter åpninga.

Teknisk seksjon planlegg å føre vatn forbi stengeområdet ved Riseelva ved hjelp av to brannslangar, og vassforsyninga vil fungere nesten som vanleg i heile Svelgen. For å få dette til er vi avhengig av at ein gammal ventil i Gunnar Sceldrupsveg fungerar,og at vi får stengt vatnet her. Hvis vi ikkje greier å få stengt denne ventilen, -- ligg vi dårlig an. Jfr. Murphys lov.

Vi får ikkje testa ut opplegget på førehand, så svaret på om dette fungerar får vi først greie på mandag etter kl.09.00. Teknisk seksjon håpar og trur at det går greitt. Med helsing Bernhard Andersen - avd.ing. anlegg -


Masse skryt til Svelgen-ungdomen 01.11.2001

Svelgen-ungdomen får mykje skryt for framvisinga dei hadde tirsdag i dagens Firdaposten.

Avisa skriv:

Ungdomskulen har sidan dei tok til i august hatt intensiv musikkundervisning. Resultatet fekk ein stappfull kinosal på samfunnshuset oppleve tirsdag til ståande applaus.

Lærar Tom Sølve Myklebust trur at denne typen undervisning gjer at dei kan få meir ut av musikkundervisninga som no er meir eller mindre ferdig for dette skuleåret. På denne måten er det også større rom for at elevane sjølve kan prege undervisninga.

- I staden for å ha ein time ein gong i veka i eitt år, så har vi satsa på eit meir intensivt prosjekt. Då tek vi all musikkundervisninga frå skulestart fram til no, og det heile kulminerer i ein slik konsert, seier Tom Sølve Myklebust og Ståle Dyrstad som sjølve var frontfigurar i "Dei gamle cowboyane" med låten Morgan Kane på konserten.

Vi blei fortalt det, men ville ikkje trudd at nokre av dei som var med, ikkje hadde spelt instrument eller vore på ei scene før. På vel to månader sto dei like fullt framfor ein stappfull sal og framførde "Knocking on Heavens Door" med originalt arrangement. Alle som ein av ungdomsskuleelevane var med på konsertprosjektet som hadde fått det treffande namnet "Positive krefter". Nettopp positive krefter blei vist frå den yngre garde denne tysdagen. Kulturen i smelteverksbygda verkar å vere i trygge hender ut frå det ungdommane kunne vise til.

- Det viktigaste er at alle er med, hevda ein smilande rektor Kåre Myklebust som såg ut til å storkose seg bak i salen.

Rytmebanda "A-Brakarane" og "B for bonde" hadde laga eigne rytmeinnslag som gjorde at taktfoten tok til å leve av seg sjølv. Dans hadde også fått si rolle i konserten, og lærar Gunhild Bjørlow kunne vere stolt av det ungdommane viste torsdag. Ensemblet "B-Shure" imponerte, og det var tydeleg at dette var elevar som hadde teke fritida til hjelp for å få alt til å klaffe.

For ikkje å gløyme rockebanda som viste den røffare sida av musikkundervisninga. Det mest spenstige innslaget var ein kreativ dans som hadde form av ein serie folkeeventyr med hitlåten til Kylie Minogue "Can't get you out of my mind" som musikalsk ramme. Ei blanding som var svært artig og ein sprek måte å syne eventyrarven vår på.


Foto: Dag Frøyen, Firdaposten


Flere bilder

Sviande kritikk mot verksleiar 01.11.2001

Direktør Per Otto Ustad ved Elkem Bremanger får sviande kritikk frå dei tilsette.

Direktør Per Otto Ustad får sviande kritikk frå dei tilsette etter at han i går på NRK Sogn og Fjordane inviterte dei tilsette til å kome til han for å snakke om konkrete problem som følgje av permitteringane ved verket.

- Eg fekk nesten kvalmefornemmelsar av å høyre det, når eg veit at han fem timar tidlegare avlyste eit møte i arbeids- og miljøutvalet, der ein skulle diskutere konkret personalpolitikk ved Elkem Bremanger. Dette er eit prakteksemplar på kynisk ledelse, seier Einar Lunde, som er tilsett ved smelteverket. Han har tidlegare kritisert leiinga for dårleg personalpolitikk. I vart i går permittert, og hadde sin førebels siste arbeidsdag ved verket.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des