Arkiv Sept 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Fredag 3.Oktober fra kl:22.00 - til kl:02.00

Dans med Norske Rainbow på Ninas Kro Svelgen 22.09.2014


Lørdag 4.Oktober fra kl:22.00 - til kl:02.00

Karaoke/Diskotek på Ninas Kro Svelgen 22.09.2014




Søndagsskule i morgon 28.09. 27.09.2014

Svelgen Søndagsskule er i Midtgulen Kyrkje (Kjelkenes) 28. september.
Vi skal feire høsttakkefest!
Vi møtes kl 11.
Dersom nokon treng skyss, ta kontakt med Deborah (95030347) eller Liv (99278252)
Alle barn fra 3 år og over er hjertelig velkommen!
Helsing Svelgen Søndagsskule

Svelgen kino 25.09.2014

0

 

   Kaptein Sabeltann 

og skatten i Lama Rama

  Søndag 28.september kl.17:00

         Kinopremiere: 26.september

            


Spinning for nybegynnarar 26.09.2014

Etter ønske, har vi sett opp 35 min spinning.

 

Denne treninga er kortare, rolegare og tilpassa nybegynnarar.

 

  

Treningstider :

 

Måndag kl.18.30 45 min 

Måndag kl.20.00 35 min

   

Torsdag kl.19.00 35 min

Torsdag kl.20.00 45 min

 

Påmelding dagen før eller same dag kl.18.00 - 20.00, ved å ringe 993 06 474.

 

Vel  møtt!



Smalehaudfest med noko attåt 09.09.2014

Vi planlegg smalehaudfest på låven til Ståle Dyrstad laurdag 1. november.

 

Dei som ikkje likar salta og tørka smalehaud, får servert salta fårekjøt og pølse.

Kaffi og ein kakebit blir det og.

 

Bar og musikk for ein kvar smak, er sjølvsagt.

 

For påmelding, send ei melding til ein av desse:

 

Knut Sande               tlf. 950 30 395

Magnar Myklebust    tlf. 915 60 842

Kåre Myklebust        tlf. 959 82 946

 

Dei 60 fyste som melder seg er garantert ein koseleg kveld/natt på Dyrstad.

Buss kan vere aktuelt.

 

Vil du vere med må du ta kontakt med oss innan  søndag 28. september.

 

Knut, Magnar, Kåre og Svelgen Opp og Fram.

  


BASSENGET

ER KLAR TIL BRUK MÅNDAG 22.09.14

 

Svelgen oppvekst, 19.09.14

Bj.



Fredag 26.September fra kl:19.00 - til kl:23.00 p.g.a privat arrangement

Det vil bli stengt 4 timer på Ninas Kro Svelgen 22.09.2014

Kan få bestillt ta med hjem mat i dette tidsrommet det er lukket fra kl:19.00 og fram til kl:21.30 ,kro åpner for alle fra kl:23.00.




Svelgen kino 19.09.2014

The Maze Runner: I dødens labyrint

   

         Søndag 21.september kl.20:00

 

 

                               0Aldergrense: 15.år


3 basketballkampar i Svelgen Idrettshus 19.09.2014

Lørdag 20/9 er det følgande kampar:

 

Kl. 13:00: Svelgen U13 - Gimle

Kl. 14:00: Svelgen/Eikefjord U15 - Ulriken

Kl. 15:30: Eikefjord herrer - Frøya

 

Open kiosk - vel møtt


Bremanger kommune har utstyr for vintervedlikehald av vegar til sals.

 

For meir informasjon og bileter av utstyret, sjå heimesida til Bremanger kommune.


Loppemarknad i januar 16.09.2014

9. klasse sin loppemarknad er utsett til januar. Så spar på loppene!

Vi kjem attende med meir informasjon seinare.

Inntekta skal gå til klassen sin Polen-tur.



Idrettsmerke - NB! kl.18.00 14.09.2014

     

Det vert idrettsmerketaking på Svelgen stadion onsdag 17.september og onsdag 24. september kl.18.00.

 

Vel møtt!


På grunn av privat arrangement, blir PubQuiz flyttet fram en uke til Fredag 19.September

Ønsker dere alle hjertlig velkommen til en Quizaften på Ninas Kro Svelgen 15.09.2014



Svelgen hotell      Lørdag 27.September

 

Trubadur Bjørkis

 

Trubadur Bjørkis har gjennom ei årrekkje reist land og strand rundt med gitaren som fast følgesvenn.   Bjørkis har eit variert repertoar med   – songar av bl.a. Vassendgutane, 3 Busserulls, AC/DC, Britney Spears, Creedence, Øystein Sunde, CC-Cowboys, Jokke, Elvis og Eric Clapton. Kort sagt – i løpet av ein kveld med Bjørkis, får ein låtar frå 50-talet og heilt fram til i dag. Med over 200 songar inne i hovudet kan det til tider bli mykje å halde styr på, så forslag frå publikum vert alltid teke imot med takk, og kjenner han songen og teksten blir ynskja spelt på løpande band. Bjørkis er kjent for å skape liv, allsong og god stemning.

 

Frå kl 22.00

Cover kr 100,-  

 

Velkommen!


Sirkeltrening 14.09.2014

Sirkeltreninga startar opp onsdag 17. september kl 1930 i Svelgen idrettshus.

Treninga passar for alle. Det er berre å møte opp!

Per Arne Sæterlid er instruktør.

Vel møtt.


Svelgen kino 13.09.2014

0

    

          Lucy

      

  Søndag 16.september kl.20:00

 

            Aldergrense: 15 år


Søndagsskulen startar opp att 14. sept. 13.09.2014

Velkommen til et nytt år på Søndagsskolen i Svelgen Kapell!

Kl 11 på kommende søndag den 14. september.

Alle barn fra 3 år og over er hjertelig velkommen!

Helsing Svelgen Søndagsskolen.




Lørdag 13.September fra kl:22.00 - til kl:02.00

Discotek på Ninas Kro Svelgen 10.09.2014


Volleyballtrening 09.09.2014

  

Volleyballtreningane startar oppatt onsdag 10. september.

Vi har same treningstidene som før:

 

Onsdagar kl. 17.00-18.00:

Gutar og jenter 4.- 6. klasse

 

Onsdagar 18.00-19.30:

Gutar og jenter 7.- 10. klasse

 

Torsdagar 20.30 - 22.00:

Senior

 

Fredagar 18.00 - 19.30:

Gutar 7. - 10. klasse + VGS

Jenter 8. - 10. klasse + VGS

 

Volleyballgruppa


KOM DEG UT dagen på Knekkevasshytta 08.09.2014

 
14 born, 3 ungdomar og 15 vaksne var med til Knekkevasshytta i dag 7/9. Dagen starta med litt yr, men sola kom fram då vi sat ute ved hytta. BT hadde turquiz for vaksne og born. Det var trekt ut ein vinner blant dei vaksne og 3 vinnarar blant borna og desse heldige vinnarane fekk kvar sin flott premie. Elles fekk alle deltakarar sitteunderlag som er sponsa av Onecall. På Knekkevasshytta var det servering av suppe, saft og kaker - tusen takk for vertskapet som laga det til og for at vi fekk smake!
Takk for denne turen og for at du vart med!
BT indre v/ Langedal

Savnar du nøklar? 08.09.2014

 

Fann nokre nøklar i hallen på fredag. Er det nokon som savnar dei?

 

Ta kotakt med Vibeke Kjerpeseth, 90 58 00 55.




Åpe hus på Knekkevasshytta søndag 7.september 05.09.2014

  

Keipen Turlag ynskjer velkommen til åpe hus på Knekkevasshytta søndag 07.09 frå kl.12.00 - 15.00.
Servering av suppe, saft, kaffi og kaker. Vegen finn du sjølv på merka sti frå Sørdalstrappa eller Svelgsvatn.

     

VELKOMMEN!                                                                                           

Vertskap er Liv Sigdestad Brekke, Olga Årsnes og Audhild Vistnes.      

 

Keipen Turlag

 


Barnas Turlag til Knekkevasshytta 05.09.2014


  
Søndag 7.september held Keipen Turlag ope hus å Knekkevasshytta frå kl.12 - 15.
Vi i Barnas Turlag tek turen opp. Vi startar frå Sørdalstrappa kl.11.30 - det vert turquiz langs stien opp. Alle får deltakarpremie. Ta med deg litt niste og drikke.

 

Ynskjer du å melde barnet inn i Keipen Turlag, så gå inn på turistforeningen.no/keipen og vidare inn på medlem. Det er ikkje eit krav å vere medlem for å komme på turane våre, men som medlem har du fleire gode rabattar - ein kan lese om dette på heimesida vår.

  

BT indre v/Langedal


Eig du noko av dette? 06.09.2014

Det ligg mykje attgløymde kle og sko på ungdomsskulen.

 

Klikk her for å sjå fleire bilde.

   

  


STIF

Spinning 06.09.2014

  

Spinninga startar oppatt neste veke med desse treningane:

 

Måndag kl. 18.30 - 45 min  Hilde

Måndag kl. 20.00 - 35 min  Hege Iren/Vibeke

  

Torsdag kl. 19.00 - 35 min  Hege Iren

Torsdag kl. 20.00 - 45 min  Vibeke

 

Påmelding dagen før eller same dag frå kl.18.00 - 20.00, ved å ringe 993 06 474.

 

Vel møtt!

 

STIF


Ungkar til Svelgen Samfunnshus fredag 05.09.2014

Fredag 5. september kl. 18.00 i Svelgen Samfunnshus

Laurdag 6. september kl. 20.00 i Kulturhuset Heimen

 

Billpris: kr. 150,-

 

Arrangør: Bremanger kulturlag

 


Barnetrim 05.09.2014


  
Barnetrimmen startar oppatt i dag.

 

Vel møtt i Svelgen Idrettshus fredagane kl.16.45.

 

STIF



Svelgen kino 04.09.2014

0

  

 Fly 2: Brann og Redning

    Søndag 7.september kl.17:00

          Aldergrense: 7år


Svelgen kino 04.09.2014

      As Above, So Below

        Søndag 7.september kl.20:00     

 

                           Aldergrense: 15 år



Teater Innlandet - Ungkar

 

Fredag 5. September kl. 18.00 i Svelgen Samfunnshus

Laurdag 6. September kl. 20.00 i Kulturhuset Heimen

Billettpris kr. 150,-

Arrangør: Bremanger kulturlag




Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov