Arkiv Juni 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

 


Utstillarar på Svelgen Kunstlag si medlemsutstilling 17.06.2014

Desse stiller ut under medlemsutstillinga: Utstillarar er : Gunvor Holm, Anne Leni Hunt, Dag Solberg, Johanna Riple Midttun, Ann-Margret Rundereim, Ivar Svensøy og Christina Frøysland.

Stengt på Bakarhuset

 

Grunna ferieavvikling vert Bakarhuset stengt i veke
29, 30, 31 og 32

 

Stell av hagar og fjerning av boss må ordnast på anna måte i denne perioden.



Ledige stillingar som operatør på verket 30.06.2014

Elkem Bremanger har fleire ledige stillingar som operatør. Sjå stilling ledig til venstre.

27 personar gikk på Kårnykjen i går 30.06.2014

27 personar deltok på turen til Kårnykjen søndag. Fjellet ligg rett over Ålfoten. Spesielt gledeleg var det at mange ungdomar var med på turen denne gongen. Andre var med for å få 5. klipp i Keipen Turlag sin turboktrim. Turen gikk i sol og stort sett fint vær. (Svenn Petter Kjerpeset)

Bilde på heimesida til Svelgen oppvekst 30.06.2014

Det er lagt ut mange nye bilde på heimesida til Svelgen oppvekst. 

  

Mellom anna frå friluftsdagene til 1.- 4.klasse, 2.klasse på tur til Bremanger og 1.klasse på arbeidsplassbesøk på Rådhuset.

  

Gå inn her og sjå : Svelgen oppvekst.

   



Tur til Kårnykjen 29. juni 26.06.2014

29. juni vært det tur til Kårnykjen. Oppmøtestad er Myklebustsetra. Ein starter kl 10 og turen tek ca 7-8 t. Turen er for erfarne turgåarar. Fra Kårnyken er de fin utsikt mot Ålfoten,og dei store fjella i kommunen.

 

Fakta

Turdatoer
29.06.2014 Svenn Petter Kjerpeset 95898565. 
Terreng
Kupert
Vanskelighetsgrad
Litt krevende
Passer for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangeres av
Keipen Turlag


BREMANGER KOMMUNE

Vi har følgjande ledige stillingar:

  • Aktiv jobb/Teknisk driftseining, saksnr. 14/1461
    Vi har ledig ei 100% stilling som miljøarbeidar/spesialarbeidar
  • Svelgen Oppvekst, saksnr. 14/1507
    Vi har ledig ei 47,32% og ei 20% stilling som reinhaldar

Sjå fullstendig utlysingstekst på heimeside til Bremanger kommune;
www.bremanger.kommune.no eller på "stilling ledig"  til venstre i menyen.


Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening


Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.


Søknadsfrist: 15.07.2014


Jonsokfeiring i sentrum 23.06.2014

    

Kjekt at så mange var med og feira Jonsok i småbåthamna ved Lasse`s i dag.

 

Takk til dei som arrangerte og la til rette for ei kjekk feiring for store og små!

 

    

Sjå fleire bilde her.


Svelgen kino 12.06.2014

Torden & Magi

Søndag 22.juni, kl.17:00

   0 Tillatt for alle


PUBQUIZ

LASSES KRO

Fred 27.JUNI

Kl 21.00

Velkommen til kroa


Jonsokfeiring i småbåthamna måndag 18.06.2014

Det vert jonsokfeiring ved småbåthamna i sentrum, mandag 23. juni.

 

Grillane vert tende kl. 18:30 (ta med eigen grillmat).
Bålet vert kveikt kl. 19:00
Lasse's Kro sel rømmegraut.
Velkommen!
For å få dette til, håpar vi at DU kan vere med på dugnad fredag 21. juni kl. 18:00.
(Bålbygging, oppsetting av telt, benkar, grillar osv.)
Arr.: Svelgen Opp & Fram/ Lasse's Kro

Jonsokfeiring på Nesbø måndag 19.06.2014

Det blir tradisjonell jonsokfeiring, 23. juni, på gamleskulen også i år!

Kaffi, kaker, graut og saft frå kl. 1700. Basar med lodd på årer og bok. Flotte gevinstar!

Tenning av jonsokbål kl. 2000!

 

 

Alle hjarteleg velkomne!

 

Styret

Frå solnedgang til soloppgang 19.06.2014

Laurdag 21.juni har Keipen Turlag tur frå Grotle til Klungreset med tittelen "Frå solnedgang til soloppgang"

Turen startar kl. 21.00 frå snuplassen på Grotle. Vi går til Veten og nyt solnedgangen der før turen går vidare til Leianipa, Huseheia. Steinfjellet, Karihaugen, Steinfjellet (TV) og til slutt Oldeidsmannen med soloppgang sundags morgon.

 

Keipen Turlag

Gunnar Skjølberg

- leiar -


Eld/bål i Bremanger kommune

 

Totalforbodet mot eld/bålbrenning i Bremanger kommune er no oppheva.

 

Vanlege reglar gjeld.

 

Ein oppmodar om å vise varsemd ved eventuell ny tørr periode.






Barnas Turlag på Ivervann 17.06.2014

11. Juni var Barnas Turlag på Ivervann. 5 vaksne og 12 born var med på turen. Vi hadde ikkje grilling då det var bålforbud. Ungane bada, var ute i robåten og prøvde fiskelykka. Været var stort sett bra - vi hadde sol med regn på slutten. Ønsker du å ta med ungane på ein kort tur så er Ivervann veldig fin. Terrenget er stort sett flatt. Og det er ein spennande sti å gå på då det varierer mellom bruer/planker/steiner og vanleg sti. Og gulrota på denne årstida er jo bading på Ivervann:-) Det ligg turbok for born i alderen 0-12 år på Ivervann - den må alle besøkande born skrive seg inni, i tillegg til den andre boka.
Vil du melde barnet ditt inn i Barnas Turlag så gå inn på turistforeningen.no/keipen og videre inn på bli medlem.
Tusen takk for turen.
Ossenkamp/Langedal

Strategiplan for kulturfeltet - Ny høyring

I møte 5. juni 2014, vedtok Bremanger formannskap å sende strategiplan for kultur ut på ny høyring. Høyringsfrist blir 1. august 2014.

Sjå strategiplan her.

Innspel til planen må gjerast skriftleg, og kan sendast:

post@bremanger.kommune.no

eller

Bremanger kommune

Postboks 104

6721 SVELGEN

Merk innspel med «Strategiplan kultur»



ELKEMKOPP til Liv, Magne og Merete 15.06.2014

Her kjem namna til dei heldige vinnararne av ELKEMKOPP i mai: Liv Sigdestad Brekke (nr.813 på Sandsegga), Magne Ervik (Knekkevasshuset) og Merete Blom (nr.473 Risevatnet, Vasskaret). Gratulerer!

No i juni skal vi trekke koppar i Omvendeskraet, på Ivervatn og Gulebrystet. I juli  kan du vinne kopp på Sandsegga, Moldahytta og Risevatnet 3,5 km.   

KEIPEN TURLAG FJELLTRIMMEN


Flotte drakter frå Sparebanken 15.06.2014

Sparebanken Sogn og Fjordane er stolt sponsor av Svelgen Turn & I.F.  I slutten av mai månad fekk vi gleden av å dele ut komplette draktsett til  desse to fotballlaga. Dette blei godt motteke av spelara og trenarar, kjekt å kunne vere med å bidra.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Sigrid Moldestad med band - Botnane laurdag 14.06 13.06.2014

Konserten med Sigrid Moldestad med band laurdag 14.06. ved Botnane grendahus der tekstforfattar Jan Magnus Bruheim budde i 7 år og skreiv mykje.   Sigrid Moldestad har vorte inspirert og spelt inn delar av musikken ynskjer vi å dele med flest mogleg. Grendalaget sel varm mat og kaffemat (rømmegraut,hamburgar,pølse, svele, kringle og sjløvsagt is.) med ulik drikke til(kaffe,te,brus,vatn og øl). Vi satsar på ein fin og varm dag, men har likevel gardert oss med stort telt med sitteplass til 300. Så ingen treng å finmyse på værmeldingane om det vert nokre regndråpar eller om det er 10 eller 20 grader.

Vi har sett opp båt frå Florø kl 13.20 og 14.30. frå Kalvåg kl. 15.00. Det går også buss frå Svelgen kl.14.30. Vi ber om att dei som vil nytte dette tilbodet melder seg på seinast fredag.          Folk kan også køyre bil til Botnane denne dagen, men det tar doddelt så lang tid som å nytte båt. Difor tilbyr vi behageleg båtreise med Øyservice og Dagning.

I tillegg tilbyr venner av Haugefisk å ta   turen frå Bremanger(Struen). Bilettar kan kjøpast i banken i Bremanger. Avgong kl. 13.30

Turlaget i Florø arrangerar sykkeltur frå Villevik til Botnane. Dei tar rutebåt kl 13 frå Florø. Påmelding til Signe Nordvik(tlf41530520) innan fredag kl. 20.00 Det er ein flott sykkeltur.

Om kvelden kl. 21.00 vert det dans med Lunden. Flytebrygga ved Firda settefisk er til disp. om folk vil kome med eigen båt. Om nokon vil overnatte i telt eller bubil ordnar vi plass til det også. Til dansen vert det bilettsal ved porten.

Vi ynskjer alle velkomne til Botnane denne dagen. Bilettar vert selt på samfunnhuset i Florø eller http://www.florasamfunnshus.no/ , svelgen rådhus og knutholmen.

Kan også kontakte Rune Nordbotten om dykklurer på noko særskilt.(41553395)

Bilettpris er 250/100 for konserten og med båt frå Florø 500/200 Kalvåg og Svelgen 400/200

Venleg helsing Botnane og Årebrot Grendalag.



Off roadshow og motorshow

Svelgen AmCar informerar 13.06.2014

Svelgen AmCar klubb informerar om at Off road køyrng i Kupa er kl 20:00 fredag. All parkering må skje i sentrum. Berre dei som deltek i kupa kan ta med bil.

Motorshowet er i år flytta til den gamle ferjekaien på Kjelkenes. Dette er kl 15:00 på laurdag. Det vert sett opp gratis buss frå treffområdet til Kjelkenes. Det er særs avgrensa moglegheiter til parkering på Kjelkenes.

Først buss går kl 1345.

Meir info får du i sekreteriatet på treffområdet.


50 års markering til skulemusikken 05.06.2014

Laurdag 14. juni vil skulemusikken markere i Svelgen sentrum at dei fyller 50 år. Skulemusikken har invitert nokre av korpsa i nærleiken til å komme å jubilere med oss. Dei som kjem er Florø skoles musikkorps, Eikefjorden skulemusikk og Bremanger skulemusikk. Vi håpar også at mange svelgarar vil ta del i feiringa.

Klokka 12.00 vert det oppmarsjar til sentrum. Om lag klokka 12.30 vert det fellesnummer og ein liten konsert av alle korpsa utanfor samfunnshuset. Det vert sett opp bord og stolar ute, og det vert sal av 21. lodd, kake, kaffi og saft. Ved dårleg ver vert konserten flytta inn på samfunnshuset.


Svelgen kino 12.06.2014

Edge of Tomorrow

  Søndag 15.juni kl.20:00

    0 Aldergrense: 11.år


OPNINGSTIDER PÅ LASSE`S KRO AMCAR HELGA

13.06 FREDAG 16.00 TIL 02.00

14.06 LAURDAG 12.00 TIL 02.00

15.06 SØNDAG 12.00 TIL 22.00


Pilates 12.06.2014

   

    

Pilates har tatt sommarferie.

 

   

Bjørg.




Bakarhuset held stengt! 10.06.2014

Bakarhuset held stengt fredag 13.juni.

Elkem-kopp til Frøydis og Torgeir 09.06.2014

Vinner av kopp på Moldahytta var Frøydis Årøen.
Vinneren på Ivervann var Torgeir V. Lekven.
Kopp kan hentast på Coopen hos ho Liv.

BARNAS TURLAG INDRE 09.06.2014

Onsdag 11. juni vært det tur til Ivervann med Barnas Turlag indre. Vi møtast ved Sørdalstrappa kl. 1630. Om tempraturen held seg så kanskje vi kan ta eit bad? Ha med deg badekle i tilfelle. Det blir også anledning til å bruke båten som ligg der. Barn og vaksne må då ha redningsvest med seg. Ellers gjeld det å kle seg e tter været - ta gjerne med bytekle.
Om det vært lov å ha bål, og været er ok så griller vi. Ta då med deg grillmat. Nærmere beskjed kjem om det ikkje vært grilling. Følg med på facebook sida og
svelgen.no
 
Oppmøte 11.Juni kl. 1630 ved Sørdalstrappa

Vi gler oss!

Ossenkamp/Langedal





I kveld på Lasses kro, Diskotek! 07.06.2014

H

Barnetrim 06.06.2014

Barnetrimmen har tatt sommarferie. 

NAV Bremanger held stengt fredag 13.juni 2014.

Ledig stillig i NAV Bremanger

 

Rådgjevar - 100% fast stilling

 

Stilling med saksnr. 14/1308

 

 

Arbeidsområdet er å kartlegge, rettleie og følgje opp menneske med fokus på arbeid og aktivitet. Rådgjevaren vil også kunne jobbe opp mot busetjing og oppfølging av flyktningar. Det vil i tillegg vere viktig å kunne handtere oppgåver som ligg til mottaksfunksjonen.

 

Søkjar til stillinga må ha minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet, og gjerne røynsle frå sosialfagleg arbeid og NAV. Det vert lagt særleg vekt på motivasjon og at søkjar er personleg eigna for stillinga.

 

 

Sjå full utlysing her eller under stilling ledig i menyen til venstre.

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søknadsfrist: 20. juni 2014


Stemne i Førde:

Slo klubbrekord frå 1982 i svømming 03.06.2014



Fottur til Vetvika søndag 8. juni 02.06.2014

Sundag 8.juni arrangerer Keipen Turlag fottur til Vetvika. Start på Svarstad (på vegen til Bremangersendaren) kl. 10.00. Med litt stans i Vetvika tek heile turen ca. 7 timar.

Turleiarar: Gunnar Skjølberg, Svenn Petter Kjerpeset, Rob Deckers.


Eld/bål i Bremanger kommune

Det er no totalforbod mot eld/bålbrenning i heile Bremanger kommune grunna tørke.

 

 

Forbodet gjeld hovudsakleg i skog og utmark, men vis også varsomheit ved grilling ved privat bustad.


Forbodet gjeld til anna melding vert gjeve.




Første og andre plass til Svelgen i stavhopp. 01.06.2014

 

Under stavkonkuransen på Framoleikanes andre dag, blei det 1.plass på Daniel Hessvik Holm (4,30)

og 2.plass på Tor Inge Øvrebotten Myrhol. (4,10). Det vart ingen perser, men bra hopping på begge :) Daniel og Tor Inge må reise til Bergen for å få trene stavhopp.


Svelgen kino 01.06.2014

          Maleficent

         Søndag 1.juni kl.20:00

         0 Aldergrense 11.år


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des