Arkiv Jan 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Utsette nytt steinbrot 01.01.2004

Kommunestyret utsette i dag saka om etablering av nytt steinbrot i Gulestøa. Planane har vekt sterke reaksjonar både blant privatpersonar og andre. Einar Samnøy frå Florø skriv:

Det er nesten umogeleg å finne eit meir sårbart område i heile Bremanger Det ligg svært godt synleg for all ferdsel i Frøysjøen. I vurderingane for steinbrotet er det ein stor positiv konsekvens at ein får fleire arbeidsplasar i området. Har nokon sjekka om dette stemmer på Dyrstad? Med dei nye EU-reglane vil det frå 1. mai 2004 verte fri flyt av arbeidskarft frå alle EU-land, skriv Samnøy og meiner mange vil ta på seg korttidsoppdrag ved steinbrotet.

Sogn og Fjordane Turlag har også mange innvendingar mot etableringa og nemner mellom anna turistskipa som går forbi Gulestøa ved solnedgang. Dei meiner også helleristningsfeltet i Vingen vil indirekte bli råka av etableringa fordi besøkande må forbi det eventuelle steinbrotet for å komme til kommunen sine store turistattraksjonar.

Fleire peikar på paradokset av at turisme er eitt av kommunen sine hovudsatsingsområde, samstundes som dei ser ut til å godta eit evigvarande inngrep midt mellom Hornelen og Vingen.

Rune Nordbotten (KrF), kommunepolitikar som sjølv planlegg satsing innan turisme i Botnane skriv:

Nasjonalt er det svært øydeleggande for turistattraksjonar som Hornelen og Norges største helleristningsfelt. Dette gjeld også gravene langs Frøysjøen. Opplevingane vi no kan tilby turistane vil forsvinne grunna at skipsleia vert råka av innsyn, støy og støv frå steinbrotet. I følgje ei spørjeundersøking i 2000 var det fred og ro og fin natur som var det beste ved det å bu i Botnane.

Saka har versert i kommunen sidan januar 2001, og vart no utsett ein gong til, utan at vi fekk vite kvifor.

 


Søndag 1. februar kl. 2000:

Kalenderpikene på Svelgen Kino 31.01.2004

Førstkommande sundag viser Svelgen Kino filmen Kalenderpikene.

Litt om filmen: KALENDERPIKENE er inspirert av den sanne historien om en gruppe kvinner som viste alt - eller nesten alt - for en god sak, og som et resultat av dette ble internasjonale kjendiser, og inspirerte millioner av kvinner verden over. I den ene hovedrollen møter vi velkjente Helen Mirren, som initiativtakeren Chris, og i den andre Julie Walters, fra filmer som "Billy Elliot" og filmene om Harry Potter, som Chris' bestevenninne Annie. Begge karakterene er basert på to av de virkelige "kalenderpikene", hhv. Tricia Stewart og Angela Baker, sistnevnte hvis ektemanns død var den utløsende faktoren til tidenes pengeinnsamling.

"Kalenderpikene" samlet inn godt over en halv million pund, men medias søkelys forandret livene deres for alltid. I KALENDERPIKENE følger vi dem etter hvert som de prøver seg usikkert fram i en verden som er fullstendig ny for dem, fra Yorkshire til London, og til slutt, til Hollywood. Filmen er en morsom og gripende beretning om mot, berømthet, den forførende sjarmen - og faren - ved livet i søkelyset.

Aldersgrense : Alle Speletid: 1 t. 48 min.

Svelgen Kino


Bremanger mørkelagt? 31.01.2004

Tysdag skal politikarane ta stilling til om dei skal stenge veglysa i heile kommunen. Som Svelgen.no skreiv 11. november i fjor (sjå arkiv) er det ikkje sett av ei krone til korkje lys eller vedlikehald i økonomiplanen. Realitetane i dette vart imidlertid ikkje diskutert på budsjettmøtet i desember, men kjem no opp som eiga sak i plan- og utviklingsutvalet tysdag.

Den dårlege kommuneøkonomien skal opp som eiga sak, og det er rekna med at utvalet vil setje i verk innsparande tiltak.


Tatt for bruk av hasj 31.01.2004

Ein mann vart fredag teken for bruk av hasj i Svelgen. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Bremanger-nytt på nett 30.01.2004

Februarutgåva av Bremanger-nytt er no lagt ut på kommunen sine heimesider. Her kan du mellom anna sette deg inn i avgiftsaukene på kommunale tenester.

Ordførar Kåre Olav Svarstad oppfordrar også innbyggarane til å komme med innspel for å få utflytta ungdom til å vende heim etter endt utdanning.

Han skriv:

- Nesten all ungdom frå Bremanger må reise bort frå kommunen for å få utdanning og arbeid som passar. Ordføraren er blitt oppfordra til å ta initiativ for ei samling for desse der kommunen kan gjere greie for kva som skjer i kommunen og kva mulegheiter som finst. Samtidig kan ungdomane få komme med sine innspel til kva dei kan tenke seg kommunen må bidra med for at dei eventuelt kan tenke seg å flytte tilbake til Bremanger. Vi tek sikte å få til samling i påskeveka og tek gjerne imot idear til kva tema som bør takast opp.

Bremanger-nytt


Vi minner om:

Skikarusellen 2004 29.01.2004

Som de huskar vart skikarusellen forrige helg utsett til førstkommande sundag - 1. februar.Og no er det ypperlege forhold i dalen!

Det er Ålfoten IL og Svelgen TIL som arrangerer Skikarusellen og dei skal i alt ha fire arrangement - sjå datoar nedunder.

I meldinga frå arrangøren står følgjande:

I 2002 var Skikarusellen en stor suksess med ca 50 unger som var med på et eller flere renn. I tilleg lå snøen lenge nok til at vi fikk arrangert et "prøverenn" i skiskyting like etter påske.

I fjor var værgudene helt i mot oss. Det begynte dårlig, så kom det litt snø. Vi fikk arrangert renn to helger på rad og så forsvant snøen igjen.

I år satser vi på ny. Vi har satt opp reservedatoer i tilfelle renn går ut på grunn av dårlig vær.

Vi vil ønske alle hjertelig velkommen til skimoro ved Karlskarstova/Langesi. Skikarusellen er åpen for alle og med fastlandsamband på plass håper vi på deltakere også fra ytre delen av kommunen.

LANGESI - KARLSKARSTOVA

I VINTER VIL DET BLI ARRANGERT FIRE SKIRENN OPPE I DALEN:

1. februar

8. februar

29. februar

7. mars (skisportens dag)

(21.mars reservedato for 2. til 4.)

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.30.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior. Skimerkeprøve om nokon ynskjer det. Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 4 renn. Diplom til alle i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-. Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening


Set ned renta 29.01.2004

Sparebanken Sogn og Fjordane set ned renta på lån og innskot med gjennomsnittleg 0,4 prosentpoeng.

Bakgrunnen er Norges Bank sine rentereduksjonar den siste månaden. I går sette Norges Bank ned styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til det historisk låge 2 prosent.


Bremanger i vanskar? 28.01.2004

Bremanger kommune har store økonomiske problem og må kutte sju millionar kroner i driftsutgifter. Det skriv Fjordenes Tidende.

Rådmann Tor-Kristian Gulhaugen seier det må setjast i verk tiltak straks, for å hindre at kommunen blir sett under administrasjon av fylkesmannen.

Rådmannen har ingen konkrete forslag til korleis kommunen skal kome ut av dei økonomiske vanskane, men han åtvarar politikarane mot å setje i verk nye prosjekt.


19 minusgrader i Myklebustdalen 28.01.2004

Storm melder fire minusgrader for varselet i morgon, men gradestokken onsdag kveld viser ni minusgrader. Det er sjeldan vi opplever sånne temperaturer her i Svelgen, og i Ålfotdalen målte vi i ettermiddag heile 19 minusgrader med bilen sin målar.

Trass kulda var det eit utruleg vakkert skue med sol og snøtunge graner oppe i dalen i ettermiddag. Ta med Kvikk Lunsj og appelsin og gi deg sjølv nokre kvalitetstimar! God Helg!


Fotball - Svelgen:

KM-kval. i aldersbestemte klassar 27.01.2004

Lørdag 31. januar og søndag 1. februar vert det kvalik. til innandørs KM i aldersbestemt fotball i Svelgen idrettshus. Arrangør er fotballgruppa i STIF. Totalt er det påmeldt 36 lag i Svelgen denne helga og det skal avviklast 60 kampar.

Det vert lag smågutter, gutter, jenter og junior herrar.

Lørdag vert det kamper for smågutter og gutter. Kampane lørdag starter kl 10.00 og siste kamp går kl. 18.45

I smågutteklassen er det påmeldt 12 lag medan det i gutteklassen er det påmeldt 8 lag.

Søndag vert det kamper for jenter og junior herrar. Kampane søndag starter kl. 10.00 og siste kamp starter kl. 16.35.

I jenteklassen er det påmeldt 8 lag medan det i junior herrar er påmeldt 6 lag.

Nummer 1 og 2 i kvar klasse går vidare til KM-sluttspelet i Nordfjordhallen 6. og 7.mars.

Det vert åpen kiosk under turneringa.

Vi STIF ønsker spelarar og publikum velkommen til ei hyggelig fotballstund i Svelgen idrettshus til helga.

Følgande lag stiller:

SMÅGUTT: Svelgen. Florø 1, 2, 3, 4. Tambar 1, 2. Tornado/Måløy 1, 2.

Eikefjord 2, Skavøypoll, Leirgulen/Davik.

GUTTER : Tambar, Eikefjord, Skavøypoll, Førde 4, Svelgen, Florø 1, 2, 3.

JENTER : Sandane 1, 2. Eid 1, 2. Tornado/Måløy, Bremanger, Florø, Svelgen.

JUNIOR H: Bremanger 1, 2. Florø 1, 2, 3. Skavøypoll.


BK Syver'n :

Det jamnar seg ut i toppen i klubbmeisterskapet 27.01.2004

Arne og Leif Arild Lothe tok sin andre strake siger i klubbmeisterskapet på mandag. Med dette gjekk dei heilt opp i ryggen på Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen som fortsatt leiar samanlagt. Ettersom den dårlegaste spelekvelden no ikkje er teken med på samanlagtlista jamnar det seg ut ein del. Meir informasjon på bridgesida.

Bibliotek-lekkasje i Svelgen 27.01.2004

I fleire år har det vore lekkasjar i taket ved hovudbiblioteket på rådhuset, og endeleg har politikarane vedteke å bruke 150 000 kr på å reparere taket.

Når det regnar, må bøkene dekkast med plastpresenning, og bøtter og kar må setjast utover for å samle opp alt vatnet.

Både for biblioteksjef Randi Tveit Solheim og konsulent Anne Lise Gilleshammer medfører dette mykje ekstraarbeid, og ekstra ille har det vore i haust. Difor håpar dei no at noko må bli gjort for å utbetre lekkasjene, og etter møtet i plan- og utviklingsutvalet tysdag, har dei grunn til å sjå ein tørrare kvardag i møte. Dette skriv Firdaposten.no

Les meir


Ålfotbreen minkar 27.01.2004

Breane i Sogn og Fjordane gjekk tilbake i fjor. Det viser målingar gjort av Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE.

Det var Hansebreen og Ålfotbreen i Nordfjord som minka mest i fjor. På dei 40 åra det er gjort målingar, var 2003 det nest verste året.

Dersom ein tenkjer seg at snø- og ismengda som har smelta vekk er i jamn vassflate oppå breen, er eit lag på nesten tre meter borte. Men overingeniør Bjarne Kjøllmoen seier til NRK.no at den kraftige nedsmeltinga langt frå er dramatisk.


To bestemannsaprisar til Svelgen 27.01.2004

Søndag 25.januar deltok friidrettsgruppa i Svelgen med 3 deltakarar (Pål Valberg, Kim Leirvik og Daniel Hessvik Holm) på YIT- leikane i Førde. Svelgen fekk 2 bestemannsprmier:

Kim Leirvik (Lengde) : 5.87 m

Daniel H.Holm (Kule 2kg) : 10.50 m

Resultata finner du på Friidrett.no

Sjå resultat


Tankbil velt i Ålfotedalen 26.01.2004

Føraren av ein tankbil blei lettare skadd etter ein velt mellom Svelgen og Ålfoten i 11-tida måndag. Tankbilen var tom då han velta, og bilen har ikkje vore til hinder for trafikken, melder NRK.no.

Snømangel i dalen:

Skikarusell utsett 24.01.2004

Som vi har skreve om før her i nettavisa arrangerer i år STIF og Ålfoten Idrettslag Skikarusell oppe i dalen denne vinteren.

Første skirenn skulle gå i dag, men på grunn av manglande snø er det utsett til neste søndag; altså 1. februar. Klokkeslettet er det same. Oversikt over dei fire renna finn du lenger nede på sida.


Vandreutstilling i småsalen 24.01.2004

Det er i helga vandreutstilling på Svelgen Samfunnshus. Arr.: Svelgen Kunstlag.

Nytt styre i Svelgen Næringsråd 23.01.2004

Svelgen Næringsråd hadde møte i går og valde nytt styret. Det ser slik ut: Geir Gjerde (leiar), Tor Olav Halse, Gunnar Mundal, Synøve Sande, Børge Teigene, og Frank Ryland (sekretær)

Heimesida til SNR

Svelgen skulemusikk 40 år! 22.01.2004

Svelgen Skulemusikk er 40 år i 2004 og dette skal sjølvsagt markerast. Jubileumsnemnda etterlyser filmar og bilder frå skulemusikken. Han du noko du meiner kan vere av interesse, ta kontakt med ein av desse: Astri Berle, Torgeir Eidsvik, Per Helge Eikeland, John Fløtre eller Inger Rise Hallset. Jubileet skal feirast på Svelgen Samfunnshus 8. mai.

Kommunalt overforbruk:

Mot underskot på 7 millionar 21.01.2004

- Eg trur at vi med dei pengane vi har, kan drive på ein slik måte at Bremanger framleis blir ein god kommune å bu i, sa Espen Gulliksen (Ap) etter at plan- og utviklingsutvalet i dag vart orientert om trasige økonomiske stoder i kommunen. Han viste til effektiviseringstiltak med god økonomisk effekt i andre kommunar.

For å få balanse mellom utgifter og inntekter, må Bremanger kommune redusere drifta med 7-8 millonar kroner over ein toårs periode, melder Firdaposten.no.

Meirbruken på driftssida har auka med halvannan million kvart år dei 3-4 siste åra, og dei førebelse rekneskapstala viser at Bremanger kommune går mot eit driftsunderskot for 2003 på heile 7 millionar kroner.

Firdaposten


Hurra for prinsessa! 21.01.2004

Svelgen.no vil gjerne vere med å hylle at Norge har fått ein kvinneleg tronarving, og sender kronprinsparet våre gratulasjonar, i tilfelle dei skulle sjå innom nettavisa vår.(I ettertid, altså 22.1. må vi få gi full aksept for det vakre namnet Ingrid Alexandra!)

Fylkesordførar Nils R. Sandal og fylkesvaraordførar Tor Bremer har sendt ei gratulasjonshelsing til kronprinsparet.

I helsinga skriv dei at "Folket i Sogn og Fjordane gler seg over tronearvingen som no er fødd, gratulerer på det hjartelegaste, og ønskjer alt godt for framtida, melder NRK.no

Ein lukkeleg og nybakt far, kronprins Haakon, fortalde på pressekonferansen i ettermiddag at den nyfødte prinsessa veg 3686 gram og er 51 cm lang.


Rocknes på Dyrstad 21.01.2004

Allan Dyrstad har sendt redaksjonen bilde av Rocknes medan den lasta stein på Bremagner Quarry på Dyrstad . Båten heitte den gong Kvitnes.

Forliset, som fekk så dramatisk utfall, skuldast truleg grunnstøyting.

Både assisterende sjøfartsdirektør og selskapet som klassifiserte "Rocknes" trur at lastebåten grunnstøtte og tok inn vann, og dermed fekk slagside før den gjekk heilt rundt.


Bridge :

Resultat frå 3. spelekvelden 20.01.2004

Arne og Leif Arild Lothe tok ein overlegen seier på den tredje spelekvelden av klubbmeisterskapet. Med dette klatra dei til 3. plassen samanlagt. Oppdaterte resultat ligg på bridgesida.

I dag:

Ungdomskonsert laurdag 20.01.2004

Velkomen til ungdomskonsert på Svelgen Samfunnshus laurdag 24. januar kl. 19.30 Fri entre!!!

Gratis kaker. Brus vert å få kjøpt.

Arr.: Midtgulen sokneråd


Februarfilmane klare 20.01.2004

Svelgen Kino har no lagt ut februarprogrammet. Først ut er filmen Kalenderpikene, (1. februar), som baserer seg på ei sann historie om nokre godt vaksne kvinner som laga nakenkalender for det gode formål. Filmen er i kategorien drama, men har også i stor grad komedie ispedd. Filmen gjekk rett til topps på engelske kinolister.

Svelgen Kino viser 8. februar den meir alvorlege filmen Ondskapen som er basert på Jan Guillou si bok med same namn.

Dei to neste filmane er i kategorien komedie. Først Stuck on You (15.2), som er ein svært godt besøkt film og som har falla i smak hos både barn, unge og vaksne.

Søndag 22. februar er det klart for Looney Tunes - ein komedie der teikneserie er blanda med ordinær film.

Helga etter, den 29. februar, viser vi filmen Love Actually med Hugh Grant i hovudrolla. ein Romantisk komedie som har vunne eit stort publikum!

Svelgen Kino


Henta stein på Dyrstad 19.01.2004

Lastebåten Rocknes som forliste utanfor Bergen i kveld har fleire gongar henta stein på Bremanger Quarry på Dyrstad.

Lastebåten Rocknes var eit av verdas største og mest moderne i si klasse då det ble bygd i 2001. Skipet var på veg med stein til Nederland da det kantra.

Skipet er eigd og dreve av reiarlaget Jebsen Management i Bergen. Men det er registrert i Karibia. Det er 166, meter langt og er om lag 28 115 dødvekt-tonn og har lagerkapasitet på 25.5000 tonn. Skipet er forsikret i selskapet Gard.

Skipet var på veg frå Eikjefet i Lindås då det kantret i Vatlestraumen. Skipet seglet tidligere under navnet MV Kvitnes, men i april 2003 fikk det navnet Rocknes.

Båten er eit spesialskip, konstruert for å utføre ei rekke offshoreoperasjoner, blant anna steindumping for å dekke kabler og rørledninger på havbotnen. For ein måned siden fikk ?Rocknes? oppdraget med å gjøre grovarbeidet med å fylle steinmasser i forbindelse med Norsk Hydro sitt Ormen Lange prosjekt.

I følge Bergens Tidene omfattar kontrakta transport av hele 2, 8 millioner stein og løsmasse fra steinbrudd langs norskekysten ut til anlegget. I skrivande stund er to av mannskapet funne omkomne medan 18 er sakna.


Legekontor på toalettet 19.01.2004

Tilsynslegen i Bremanger er tilbydd eit toalett der han kan ta imot pasientar. Ravikumar har bedd om eit lite kontor i det nybygde Bremanger Bu- og servicesenter, men no er berre toalettet ledig. Det skriv Fjordenes Tidende i dag.

Tillitsvald for legane, Kan Shanker er rysta. - Det viser kva for ein holdning man har til tilsynslegane rundt omkring på sjukeheimane. I alle fall i Bremanger kommune, seier han. - Under slike forhold kan ein ikkje utføre tilsynslegefunksjonen, som er lovpålagt, skriv NRK Sogn og Fjordane.


Bremanger Musikklag:

Ny Elton John-turné 19.01.2004

Bremanger Musikklag legg igjen ut på turné med Elton John-oppsettinga si, denne gongen går turen til Florø og Måløy. I tillegg til to konsertar på heimebane og ein konsert i Svelgen i påska i fjor, vitja musikklaget i haust både Stryn og Førde. Alle stader med fulle hus og strålande omtale, skriv Firdaposten.

Firdaposten

Kommunale byggetabber og nyttårshelsing. 19.01.2004

Jostein Eimhjellen har i dag svart Tennebø og Mundal på Fritt Ord sida. Han skriv:

Eg har hevda at den som prosjekterer prosjekta på vegne av Bremanger kommune gjer ein for dårleg jobb og at manglande bygningsmessig prosjektering kunnskap og dårleg økonomisk ansvarsføling er hovudgrunnen til at dei fleste kommunale byggeprosjekt blir dyrare ein dei treng og ofte også budsjettert. . Min anklage går likevel verken på ein konkret enkeltperson eller på noen konkret byggesak.

Etter å ha lest innlegga til Gunnar og Tennebø kjem mitt poeng angande manglande ansvarsføling betre frem. Begge to meiner på forskjellige grunnlag at kostnadstabbane hovudsakleg er politikarane sin feil og at det er dei som må prøve å forbetre seg. Er dette riktig så bør noko gjerast ganske så fort - For om 30 -40 politikare og kanskje også ordførar, rådmann, prosjektleiar og prest eller klokkar skal ta skylddeling til saman, så må det gå gale . - Kor blir det då av ansvarsfølinga som eg etterlyste? Les heile innlegget til Eimhjellen på Fritt Ord sida.


155 såg Ringenes Herre 18.01.2004

155 personar såg i kveld den tredje og siste filmen om Ringenes Herre på Svelgen Kino. 80 vaksne og 77 barn fann vegen til Samfunnshuset kl. 1800.

Allan ny Høgre-formann 16.01.2004

Bremanger Høgre avvikla årsmøte i Svelgen 14. januar.

Den røynde fylkespolitikaren Matias Råheim var invitert av lokallaget. Han orienterte om aktuelle fylkespolitiske tema. Spesielt var han oppteken av ferdigstilling av fastlandssambandet med strekninga Langesi - Bortne. Dette er ei prioritert sak, ikkje berre for Bremanger Høgre, men også for fylkespartiet.

Av lokalpolitiske tema som var oppe til debatt, var situasjonen kring kommuna sitt næringsapparat den saka som tydeleg engsajerte dei frammøtte mest. Kommuna har no ei svært stor utfordring med å få på plass ei ordning som er til det beste for næringslivet i kommuna. Bremanger Høgre er opptatt av at ein størst mogeleg del av dei tilgjengelege midlane øyremerkt næring skal gå til: - Ja, nettopp næring! Det budsjettet som Bremanger VeKsT presenterte i kommunestyret før jul bar preg av store personal- og administrasjonskostnader. Bremanger Høgre vil arbeide aktivt for eit næringsapparat der næringslivet får mest mogeleg att for pengane.

I tillegg til dette vart dei faste årsmøtesakene gjennomgått etter vanleg praksis.

Etter valet ser det nye styret slik ut:

Allan R. Dyrstad Leiar

Styremedlemmar: Gunnar Mundal, Audun Åge Røys Hans Bakke Klaus Langeland og Ingfrid Solheim. Inger Rise Hallset er kvinnepolitisk ansvarleg.

Liv Senneseth Dyrstad, som ønskte avløysning i styret, vart overrekt blomar som takk for fleire års innsats i lokallaget. Med dette vart årsmøtet avslutta, skriv partiet i ei pressemelding.


Hus til salgs 16.01.2004

Hus til salgs i Erlevegen 21. Byggeår: 1965/-66 For nærmere informasjon kontakt Jan-Arne Øksnes ved Elkem Bremanger tlf. 950 30 326.

Søndag 18. januar kl. 1800:

Ringenes Herre: Atter en Konge 15.01.2004

Atter en Konge avslutter den besnærende reisen i J.R.R.Tolkiens feirede trilogi. I Midgard er det skremmende og uvisse tider, og i en legendarisk kamp som pågår mellom det Gode og det Onde, møter en gruppe enkeltindivider sine skjebner.

Atter en Konge forteller deres historie, om deres samhold og stridigheter, og om hvordan selv den uunseeligste av oss med mot, besluttsomhet og lojalitet kan endre og til og med redde Verden.

Aragorn (Viggo Mortensen) strir med sin framtidige kongsrolle, mens Gandalv (Ian Mckellen) står overfor den umulige oppgaven å bekjempe Fyrst Saurons enorme og skrekkelige hær. Vennene Munti og Pippin har kommet fra hverandre og må begge gå til store oppofrelser for å hjelpe. Og Frodo (Elijah Wood) og Sam (Sean Astin) er på ferd gjennom et forræderisk og goldt landskap. Frodo må stole mer og mer på Sam, inntil han til sist skyver ham unna, da Ringen stadig tester hans lojalitet, og til sist selve hans menneskelighet.

Aldersgrense 11 år.

Speletid: 3 timar 20 min.

Ingen kino 11. januar.


Hus til sals 15.01.2004

Hus i Svelgen sentrum til sals. Nær skule og barnehage. Stor flott opparbeidd hage.

Tlf. 57793606/57793697


Godt kinobesøk i Svelgen 14.01.2004

Ganske nøyaktig 700 publikummarar oppsøkte Svelgen Kino hausten/vinteren 2003. Det betyr halvparten av innbyggartalet. Her er statistikken:

Charlies Angels (33), Terminator 3 (72), Hulken (13), Lara Croft (10), Kvinnen i Mitt Liv (65), Bruce Almighty (21), Pirates of Caribbiaen (89), Buddy (17), Sinbad (36), American Wedding (59), Mors Elling (29), Matrix (30), Nemo (83), Nasse Nøff (44), Lille Frøken Norge (10), KillBill (13) og til slutt Kaptein Sabeltann (75) som var Norgespremiere.

Svelgen-publikummen sviktar norske filmar som elles er godt besøkt i byane. Unntaket er Kvinnen i Mitt liv og Kaptein Sabeltann som hadde bra besøk.

Førstkommande sundag er det klart for den siste filmen i Ringenes Herre triologien.


Ledig stilling i ytre Bremanger 14.01.2004

Det er ledig stilling i tenestene for funksjonshemma i 80 % stilling på Hauge i ytre Bremanger. Sjå Stilling ledig.

Bridge :

Uforandra etter andre spelekvelden i klubbmeisterskapet 13.01.2004

Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen vann også andre spelekvelden i klubbmeisterskapet. Som første spelekvelden tok Roar Førde og Bjarne Eikeset andreplassen og Jan Hessvik og Jostein Myklebust tredjeplassen. Stilliga i samandraget vert difor uforandra. Meir på Bridgesida.

Bridge :

To Svelgenpar kvalifiserte til KM 12.01.2004

Arne og Leif Arild Lothe kom på 4. plass i sonemeisterskapet i Florø på søndag mens Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen kom på 9. plass. Begge desse para skulle difor være direktekvalifiserte til kretsmesterskapet den 13. og 14. mars. Det tredje paret som deltok, Roar Førde og Bjarne Eikeset, kom på 16. plass og må avvente resultata i dei andre sonene før dei eventuelt får klarsignal til å starte i KM.

Norsk bridgeforbund Sogn og Fjordane

Akvarium til sals 11.01.2004

Eg er ein gut på 12 år som vil selge eit akvarium.

Det er 6-kanta, 18 l (28,5 cm høgt), i god stand, brukt i 1 år. Pumpe og varmekolbe følgjer med. Pris kr 700,- . (Kosta nytt ca kr 1000,-). Kan leverast i Svelgen.

Telefon: 57 79 41 86 / 90 77 98 78


Volleyball

Sølv til STIF-jentene under KM 11.01.2004

Under KM i klasse 13 år laurdag gjorde STIF sitt jentelag det svært godt og spelte seg heilt fram til finalen. I finalen var Tambarskjelvar ein del betre enn STIF i 1. settet og vann 25-11. I 2. settet kjempa STIF jamt med jentene frå Naustdal, men måtte til slutt gje tapt med 22-25. Dermed vart det fortente sølvmedaljar til STIF. På sølvlaget til STIF spelte følgjande: Benedicte Grindheim, Hanne Svarstad Isene, Elise Eikeland, Stine Sortevik og Camilla Hessvik.

Også gutelaget og det andre jentelaget gjorde sine saker bra under KM. Jentelaget tapte knipe bronsefinalen, og vart nr. 4 av 6 lag. Gutelaget vart nr. 5 av 7 lag. Trenarar for alle desse laga er Frank Hatleset, Frank Midtbø, Line Kjøsnes og Stian Holm.

I guteklassen gjekk Førde, som faktisk hadde alle 4 laga i semifinalen, til topps. Tambarskjelvar i jenteklassen, og Førde i guteklassen, er landet sine desidert beste klubbar i aldersbestemt volleyball. Ein sølvmedalje bak desse klubbane er absolutt verd å henge på veggen. Dette var STIF sin 21. andreplass i KM i aldersbestemt volleyball i Volleyballgruppa si 29 år lange historie.

STIF si Volleyballgruppe, med Frank Midtbø i spissen, hadde som vanleg full kontroll som arrangør av slike turneringar.

Bileta under er tekne under finalen for jenter. På det øvste biletet ser ein Benedicte Grindheim (nærast) og Hanne Svarstad Isene (t.h.)i aksjon i STIF-drakta. På det nederste biletet ser ein STIF nærast kamera.


Volleyball

Kvendseth trena STIF sine yngre spelarar 09.01.2004

Fredag kveld stilte Unn Kvendseth (biletet) sporty opp og trena STIF sine yngre volleyballspelarar. Svelgen-dama, med erfaring frå norsk eliteserie, europacup, juniorlandskampar, seniorlandslagssamling, og spel på høgt nivå i universitetsvolleyballen i USA, trena gutar og jenter i alderen 12-17 år. Det såg ut til at både spelarane og trenar Frank Hatleset hadde ei kjekk og lærerik treningsøkt. Diverre kolliderte treningsøkta med juletrefesten på Samfunnshuset, slik at dei som spelar i skulemusikken ikkje fekk høve til å vere med på treninga.

På biletet under skimtar ein Kvendseth heilt t.v. i grå overdel. Kvendseth spelte sjølv volleyball i STIF frå ho var 12-16 år.


Volleyball

KM 13 år vert arrangert i Svelgen laurdag 08.01.2004

Laurdag 10/1 vert KM i volleyball for jenter og gutar 13 år arrangert i Svelgen Idrettshus. Turneringa tek til kl. 11 og varer til kl. 17. Det deltek i alt 13 lag, og av desse stiller STIF med to jentelag og eit gutelag.

Møt opp og sjå spanande idrett. Det vert kiosksal og gratis adgang.

På linken under kan du sjå kva for lag som deltek i 13-årsklassen.

NVBF Region Midt


Kommunale byggeprosjekt 08.01.2004

På "Fritt ord" har Inge Jarl Tennebø kome med kommentarar til Eimhjelen og Mundal sine innlegg på den same sida.

God hjortejakt i Bremanger 08.01.2004

I Bremanger kommune blir hjortejakta 2003 rekna som vellukka, då det endelege resultatet vil ligge på over 500 dyr. Les meir på linken under biletet. Stig Kjørslevik (biletet), på Elkem sitt jaktlag, var ein av dei som skaut hjort i 2003.


Firdaposten

Lokalbanken deler ut gåvemidlar 08.01.2004

Sparebanken Sogn og Fjordane deler kvart år ut ein del av overskotet sitt til allmennyttige formål. No har di foreining høve til å søkje om gåvemidlar. Les meir på linken under.

Sparebanken

Fotball

Treningskampar for STIF 08.01.2004

For STIF sitt 5. divisjonslag, på biletet representert ved Frank Ommedal (t.v.) og Kjell Åge Bueie, er det til no avtala tre treningskampar. Torsdag 18. mars skal STIF til Førde og møte Saga (3. div) på kunstgras, fredag 26. mars skal STIF til Deknepollen og møte Tornado Måløy 2 (4. div) på kunstgras, og 2. påskedag (12. april) vert det tradisjonen tru treningskamp mot Bremanger (4. div). Denne kampen går på ei av grasbanene i kommunen. Mest sansynleg vert det ein treningskamp til.

Etter at trenar Trond Hatleset ved nyttår tok til å trene laget, har det vore svært godt oppmøte på treningane. Jamt over har 18 spelarar vore på treningane, og i tillegg har ein spelarar som er vekke på skule i midtveka. A-laget til STIF har ikkje hatt større spelarstall sidan Svelgen Idrettshus vart teke i bruk i desember 1993.


Lege sa opp etter 8 månadar 08.01.2004

Tom Elzer (40) har sagt opp legestillinga si etter berre seks månadar i jobben. Han har fått nok av ordninga med legevakt i helgane. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

9 søkarar til stillinga som kultursjef 08.01.2004

Det har meldt seg ni søkjarar til stillinga som kultursjef i Bremanger kommune. Tilsetjinga vil skje i månadsskiftet januar/februar. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Svelgarar i svensk volleyball 07.01.2004

Ronald Førde (biletet) og Linda Mulehamn, begge frå Svelgen, er aktive i svensk volleyball. Førde spelar på Gøteborgs-laget Tuve i 2. divisjon, medan Mulehamn spelar på Bromma i 1. divisjon. Mulehamn har tidlegare spelt i den norske eliteserien.

På linken under kan ein ein sjå bilete og lese om Mulehamn, som i følgje heimesida har kallanamnet "Smulan". Til sorg/glede for Svelgen.no sine lesarar har ikkje klubben til Førde oppdatert heimeside.

Bromma


Fotball

KM- kvalifisering i Svelgen 07.01.2004

31/1 og 1/2 skal Fotballgruppa i STIF stå som arrangør av KM-kvalifisering i aldersbestemte klassar. Les meir på linken under.

Fotballkrinsen

Friidrettsgruppa i STIF aktiv stemnearrangør 07.01.2004

Som ein ser på linken under er det STIF si Friidrettsgruppe, med trenar og leiar Ingvald Ytrehus i spissen, som er den fremste arrangøren i Sogn og Fjordane på innandørstemner.

I følgje terminlista arrangerte gruppa eit stemne i desember, og skal også arrangere stemner følgjande datoar: 16/1, 30/1 og 5/3.

Friidrettskrinsen


Bridge :

Klubbmeisterskapet 2004 er igang 05.01.2004

Mandag den 5. januar starta klubbmeisterskapet 2004. Det var dårleg frammøte med berre 7 par, og det vart difor spela fasitturnering. Regjerande klubbmeistrar Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen vann denne spelekvelden og tok med det ei tidleg leiing i meisterskapet. Det vert å håpe på større frammøte (8 par eller meir) framover så ein får spela "skikkelege" turneringar. Resultata ligg på bridgesidene.

Busstur til musikk- og dansehappening i Førde 04.01.2004

Busselskapet "Hornelen" frå Bremanger legg opp til busstur frå Bremanger og Svelgen til nyopning og nyttårsfest på Rica Sunnfjord Hotell laurdag 10/1. Denne kvelden vert det i nye "Piraya" og "Sunnfjordsalen" følgjande band: Reidar Larsen, Spik Adel og Gilbey`s. Sjølve inngangsbilletten på hotellet kostar kr. 200, og bussreisa vil koste mellom 150-200 kr avhengig av påmeldingstal.

Bussen kjem med folk frå Bremanger med ferje til Kjelkenes, og tek turen innom Svelgen. Her vert det avreise kl. 1830 frå oppslagstavla ved Byggeriet (Ytrehus Sag sin butikk i Samfunnshusbygget). Om lag kl. 0230-0300 vert det avreise frå Førde, og bussen går då via Svelgen. Bussen er ein moderne turistbuss med bl.a. sittegrupper og toalett. Aldersgrensa er 20 år.

Påmelding, innan torsdag 8/1 kl. 2100, til Oddvin Hauge tlf 97088925 / 57791424.


Set av 14. februar!

Florø Storband til Svelgen! 04.01.2004

Laurdag 14. februar kjem Florø Storband til Svelgen Samfunnshus for å halde konsert. Storbandet representerer det beste i sin sjanger her i fylket og blir ei oppleving dei fleste bør unne seg. Vi kjem attende med nærare opplysingar om billettsal og nøyaktig tidspunkt. Men set i alle fall av dagen!

arr.: Svelgen Samfunnshus.

Om Florø Storband


Juletrefest fredag 04.01.2004

Førstkommande fredag er det klart for den årlege og tradisjonelle juletrefesten på Svelgen Samfunnshus. Festen tek til kl. 1800 og komiteen opplyser at nissen er venta på besøk i år som i fjor!

Utforkøyring i Svelgen 04.01.2004

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Vent med å sende/ringe inn målarstand til 9. januar 02.01.2004

Elkem Energi Bremanger oppmodar alle hustandane i Svelgen om å vente med å sende/ringe inn målarstanden til 9. januar. Dette fordi Friidrettsgruppa i STIF, tradisjonen tru, i dagane som kjem vil gå rundt til husstandane og lese av straummålarane.

Om desse utsendingane ikkje har vore på døra innan 9/1, kan ein byrje å sende /ringe inn målaravlesingane.


Litt meir nedbør enn normalt i 2003 02.01.2004

I følgje nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger fall det 2765 mm nedbør i Svelgen i 2003, medan "normalen" er berekna til 2570 mm. Dei to høgste døgnverdiane var 91 og 94,5 mm. Høgste månadsverdiar hadde desember og januar med høvesvis 458og 426 mm. April hadde minst nedbør med berre 68,3 mm.

Mykje nedbør i desember 2003 02.01.2004

Det fall 458 mm nedbør i desember i Svelgen. Det normale er 293 mm. Høgste verdien var 72 mm, og berre eit døgn var heilt utan nedbør.

Nestegard nøgd med første dag for Kanal 24 01.01.2004

Vaktsjef Dag H. Nestegard, utflytta svelgar, er strålende fornøgd med første dag på jobb i Kanal 24, og føler han har teke innersvingen på gamle kollegar i NRK. "- Dette er solide greier. Jeg føler at vi slo NRK på mange områder i dag. Spesielt er jeg fornøyd med dekningen fra Iran, sier vaktsjef Dag H. Nestegard i nyhetsredaksjonen til Kanal 24 til TV 2 Nettavisen etter første dag på lufta."

Les meir og sjå bilde av Nestegard, som mange sikkert hugsar som Dag Hestetræet, på linken under.

Nettavisen


Firdaposten om Molley og 10-årsmarkeringa 01.01.2004

På linken under kan du lese kva Firdaposten skriv om desse sakene.

Firdaposten

Kommunen har dårlege nettsider 01.01.2004

På internettportalen noreg.no har Vestlandsforsking og Statskonsult gjort ei vurdering av offentlege nettstader. Denne syner at Bremanger kommune sine nettsider er forelda og fulle av feil informasjon. Dei opererer med feil ordførar, feil kommunestyre og tilsette som har slutta for lenge sidan. Bremanger kommune sine nettsider får 2 av 6 mogeleg stjerner. Det er Firdaposten som melder dette.

Les meir på linken under.

Firdaposten


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov