Arkiv Aug 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Fotballkamp på Svelgen stadion 31.08.2014


 
Måndag 1.september kl.18.00 spelar gutta 2005/2006 kamp mot Tornado/Måløy.

 

Kom og sjå!!


Svelgen kino 27.08.2014

0

      Børning

  Fredag 29.august kl.20:00

   Aldergrense: Tillatt for alle

 Brom brom - action og humor i ekstraordinært bilrace fra Oslo til  Nordkapp. Børning er noe så uvanlig som en norsk bilfilm med Anders Baasmo Christiansen, Jenny Skavlan, Otto Jespersen og Sven Nordin.



Stenging av vatn i Svelgen

OBS, OBS! Nye opplysningar! Stenginga vert natt til torsdag!

 

Natt til torsdag 28.08.2014 vert vatnet over heile Svelgen avstengt frå kl. 24.00 til 04.00.

Dette på grunn av arbeid i Gunnar Schelderupsveg.


Ved spørsmål, ta kontakt med teknisk vakt på telefon 95 98 29 99.


Svelgen kino 27.08.2014

0

 Teenage Mutant Ninja Turtles

  

     Søndag 31.august kl.17:00

          Aldregrense: 11.år


Svelgen kino 27.08.2014

0

        Beatles

    Søndag 31.august kl.20:00

            Aldergrense: 7.år


Kim Solvang Andersen med bokdebut 27.08.2014

Kim Solvang Andersen frå Svelgen har gitt ut si første bok. Her er omtala han får frå forlaget:

"Kim Solvang Andersen (f. 1986) har skrive i mange år. Han har også, på mystisk vis, klart å bli forlova. Han bur i Sandnes, men brukar mykje av tida si i Ankh-Morpork. Når han ikkje skriv, høyrer han mykje på musikk. Nokon vil sikkert seie altfor mykje. Det har dei sikkert rett i. Dette er hans første publiserte bok.

Skildringar om verda. Eller iallfall ei verd. Eit kort glimt av kva som kunne skjedd. Om berre. Om kanskje. Eit hurtig lyn. Ein eksplosjon. Ei løgn pakka inn i sanning. Stillteiande bilete. Hole tomrom. Skjult draum. Nostalgiskrik i torevêr. Gisp og stønn. Lattermilde glefs med ei aldri så lita dose med kynisme. Regnvêr og sol. Og ei aning punk."

Her kan du lese meir og bestille boka!



Saniteten startar opp førstkommande måndag 27.08.2014

Svelgen Sanitetsforening startar opp haustsesongen med møte på småstova på samfunnshuset måndag 1. september kl 18.00.

Gamle og nye medlemer er velkomne!


TUR ÅREBROT-OLADALEN-SØRGULEN 27.08.2014

Søndag 31 august vært det tur frå Årebrot-Oladalen-Sørgulen. Turen tek ca 8 timer tur retur. Oppmøte er i Årebrot. Turen tek til kl. 10 - Turleiarane vil stå i vegen så du lett kan sjå kor oppmøtestaden er.
Turleiarar er Åge Tansøy mob. 413 12 227 og Oddmund Leirvik tlf. 577 93 261
Keipen Turlag

Melding frå Svømmegruppa 27.08.2014

STIF v/SVØMMEGRUPPA
Vi er i år 2 faste trenere og 1 vikar som har med svømmegruppa frå 2. kl t.o.m 7. kl
Vi har 3 grupper i år - der det er 2 grupper med 7 svømmere og 1 gruppe med 8 svømmere. For at ein skal ha utbytte av svømminga så kan ein ikkje ta inn fleire enn dette.
Det har  vært venteliste på svømming frå i fjor og desse har fått tilbod i år. Det er derfor per dags dato kun ledige plasser på den yngste svømmegruppa 3 klasse. Her tar vi inn 4 svømmere. Kriteriane for å kunne være med er at du MÅ kunne symje.
PÅMELDING TIL SVØMMING I DEN YNGSTE GRUPPA MÅ DU RINGE
47 06 35 43 (Inger Lise Langedal) - HER ER DET PRINSIPPET FØRSTE MANN TIL MØLLA SOM GJELD. DEI SOM IKKJE FÅR PLASS BLIR SATT PÅ VENTELISTE.
Til deg som er eldre enn 3. klasse så kan ein sende SMS med namn og alder til mob. 47 06 35 43 og bli satt på venteliste.
Om det er nokon som ønsker å være svømmetrener så ta kontakt - vi skulle gjerne fått gitt tilbod til fleire svømmara.
Vi gler oss til oppstart!
Mvh
Hilde O. Myklebust
Lene Marie Myklebust
Inger Lise Langedal

Dagleg leiar på Byggeriet 27.08.2014

Byggeriet Ytrehus Sag søkjer etter ny dagleg leiar. Sjå Stilling ledig til venstre.

Kunngjering frå Kystverket

Varsling om tiltak i innseglinga til Svelgen, Bremanger kummune,

sjøkart nr. 28.

 

I månadskiftet august/september 2014 startar Kystverket opp arbeidet med å utdjupe farleia ved terskelen til Svelgenbukta.

For meir informasjon, trykk her.

 

 


Gutar 13/ 14 25.08.2014

Spelar kamp mot Tornado Måløy på Svelgen stadion

tysdag 26.08 kl. 18.00.


Pilates 26.08.2014

Pilates startar opp att med trening torsdag den 22.08.14 kl. 20.00

Det vert pilatestrening kun om torsdagar fram til den 23.09.14.




PUBQUIZ PÅ LASSES KRO FREDAG 29. AUGUST!!! 25.08.2014

 

Køyring med Eliasbåten onsdag 27.august 25.08.2014

Laurdag var det desverre tekniske problem med Eliasbåten.
 
Dette er no retta, så det vert køyring onsdag 27. august kl.16.30 - 19.00 nedanfor hotellet.

 

Vel møtt!



Turen til Gjegnen i morgon er avlyst 23.08.2014

Keipen Turlag opplyser at den planlagde turen til Gjegnen/Bukkenibba sundag 24. august er avlyst.

HUSK KUNSTUTSTILLINGA ! 23.08.2014

Utstillinga på Øyratunet held ope i dag frå kl. 1300 til 1500. I morgon er det ope frå 1500 til 1700. Alle er velkomne!


Svelgen kino 22.08.2014

 

          Let's Be Cops

         Søndag 24.august kl.20:00

 

                          0  Aldergrense: 11.år


Kjempekamp i dag 22.08.2014

Møt opp og få med deg årets stooore kamp på stadion i dag kl.17.00.

 

Tilsette ved Svelgen oppvekst skal møte eit lag med ungdomsskuleelevar.

 

Vel møtt!!


HØGT OG LÅGT:

Bil-rebusløp på fredag! 20.08.2014

Rebusløpet med bil startar fredag 22. august kl 1800 med start frå Firda Billag.

Fyll opp bilen og møt opp, så får du meir informasjon der. Dette blir spennande for heile familien!

Deltakar pris kr. 100,- pr. bil.

Inntekta går til Polen-tur for årets 9. klassingar.

 

Førstepremie er tur/retur for to personar med ekspressbåten til Bergen.

Velkomne!

 

PS.

 

9. klasse vil også ha kakelotteri og stand laurdag. Stikk innom der også!



Kampar på Svelgen Stadion 21.08.2014

 

Torsdag spelar gutelaget mot Eid kl.19.00

 

Fredag skal A-laget møte Hyen kl.19.00.

 

Vel møtt!!




Høgt og Lågt

Plassering av aktivitetar: 20.08.2014

    

 

Tusen takk til dei som har sponsa oss!


Ungdomsutvekslingsprosjektet Cultural Colours

I perioden 26. september til 5. oktober kan du du som er mellom 18 og 30 vere med til Armenia som deltakar på ungdomsutvekslingsprosjektet Cultural Colours.



Der får du møte ungdom frå Tunisia, Portugal, Georgia og Armenia.

 

Saman skal dere sjå på blant anna musikk og dans, men du må ikkje kunne spele eller danse for bli deltakar.

Du får og lære om ein heilt anna kultur enn vår eigen. Du vil bu på eit aktivitetssenter saman med dei andre ungdomane og aktivitetane vil foregå der og i nærområdet rundt.

Det blir og ein dagstur til Armenia sin hovudstad Yerevan.

 

Prosjektet er gratis, men du må sjølv ordne reise til og frå Gardermoen.

Interessert? Ta kontakt med kulturkontoret, vi har fem plassar, så her er det lurt å vere raskt ute!

Yerevan, hovudstaden i Armenia, med fjellet Ararat i bakgrunnen:


Temakveld om hundelova 11.08.2014

Stad: Rådhuset

Dato: 25. august 2014


Tid: kl. 19.00

 

Tema som vert teke opp på på denne kvelden er:

  • Hund sau problematikk
  • Lokal bandtvang
  • El- Dressur

 

Forelesar er Knut Broberg, kommuneadvokat i Flora kommune.

 

Målgruppe for temakvelden er:
Bønder, hundeeigarar, politikarar, politiet og andre interesserte.

 

Vel møtt!

 

 

 

 


BREMANGER KOMMUNE

 

Ledig 75 % vikariat for fagarbeidar ved Kolset oppvekst

 

 

Stilling med saksnr 14/1898

 

Søkjarlista er offentleg , og opplysnigar om søkjar kan bli offentleggjordt sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

 

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

 

Søknadsfrist: 01.09.2014

 



TUR TIL GJEGNEN SUNDAG 20.08.2014

 

 

Sundag 24. august har Keipen Turlag tur til Gjegnen – høgste fjellet i Bremanger kommune – 1670 m.o.h..

Litt krevjande tur. Deltakarane må vere noko trena. Turen går etter ny løype frå Åskora. Heile turen er rekna å ta 12 timar.

Frammøte ved krysset til Ålfoten kl. 09.00. Turleiarar vert Roar Førde og Svenn Petter Kjerpeset.

                   

                    Med helsing

               Gunnar Skjølberg

-              Leiar Keipen turlag

                 tlf. 95217780


BASSENG 20.08.2014

 

Bassenget   er ikkje klart til bruk enno. Vi legg ut melding på svelgen.no og plakat på oppslagstavle ved Copen når det er klart til bruk.

 

Tinging av bassengtid startar

tysdag 26.august frå kl. 09:00

Tlf. 95 98 29 45

 

For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de ha livreddande førstehjelpskurs – kurs som er eldre enn 2 år blir ikkje godkjente. Dersom det er behov, vil vi prøve å arrangere kurs i samarbeid med Svelgen Rødekors.

Billettprisar:         Kr. 33 for voksne pr. time

                               Kr. 22 for barn pr. time

                                Kr. 20 for badstove pr. gong

 

Minstebetaling er kr. 300 for haustsesongen  (1 time pr. veke).

 

For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje kjem til å bruke bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalsveke (anna kvar veke).

 

Fellestider:            Småbarn (0-5år) à laurdagar kl. 1100-1230

                               ”Familiebading” à laurdagar kl. 1230-1400

 

Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel (gjeld også fellestider).

 

Svelgen oppvekst, 19.08.14

Bjørg H. Didriksen


 

Fredag 22.august:

 

Kl. 17.00: KJEMPEFOTBALLkamp på Svelgen Stadion

Kl. 18.00: Bilquiz-løp - oppmøte ved Firda Billag. Arr. 9.klasse.

 

Laurdag 23. august:

  

Kl. 11.00: Olabil-løp i Tunellbakken

Kl. 12.00: Liv og røre i senrum med grilling, stand, salsboder, Eliasbåten, brannbil, motorcross, Maskinen3prenør1 stiller med gravemaskin, Barnas Turlag, ansiktsmaling og hårstyling, fasade- og bruskasseklatring m.m.
Aktiv Ungdom sel popkorn og sukkerspinn :)

 

Kl. 16.00: Nordgulenslitet.

                 Premieutdeling for Nordgulenslitet og Olabil-løpet.

 

Kl. 21.00: Ungdomsarrangement på Svelgen samfunnshus.

 

Dans på Svelgen Hotel.

 

 

 


Høgt og Lågt

NB! Ungdomsarrangement laurdag 23. august 09.08.2014

   

Arrangementet på samfunnshuset med DJ Amadeus laurdag 23. august er gjort om til  UNGDOMSARRANGEMENT.
  
Aldersgrense: 7.klasse - vidaregåande.

 

Diskoen startar kl.21.00 og varer til kl.01.00.
7.klasse får vere med fram til kl.23.30.

 

Cover kr. 30,-

 

For bestilling av GRATIS transport, send SMS til 913 02 768. 

Det vert kiosk med sal av brus, sjokolade, mat m.m.

 

DJ Amadeus har det siste og det beste av musikk. Med rett musikk så blir det party!

   

Les meir om DJ Amadeus her.

   

   


Tre påmelde lag til "Nordgulenslitet" - oppmodar fleire om å melde på lag 18.08.2014

Under "Nordgulen høgt og lågt" lørdag 23. august vert trdisjonen tru også "Nordgulenslitet" arrangert. Meir info om dette får du ved å klikke her. Arrangørane oppmodar bedrifter, grendalag, vennelag, og elles andre som vil bidra med god underhaldning, om å melde på lag.

   

Søndag kveld var det 3 påmelde lag, og desse er "Langeneset dream team" og to lag frå Naustneset.



Kinoen er igong att 17.august. 01.08.2014

Link til filmer som kjem på Svelgen kino finner en på Svelgen.no og linken på høgre side som heiter Svelgen kino. Når en kjem inn på sida til  
Svelgen Samfunnshus/Svelgen kino så er det en link som heiter  
"Visningsliste kino"  
http://samfunnshuset.svelgen.no/Samfunnshuset/

 

        

Guardians of the Galaxy

Første kino etter sommeren er 17.august kl.20:00.

      0 Aldergrense 11.år.




Ny eigar av Lasses Kro 14.08.2014

Nina Svorstøl tek over Lasses Kro frå 1. september. Her er arrangementsplanen til Ninas Kro;




Lus!!

 

Helsestasjonen og legekontoret i Svelgen har fått tilbakemelding om fleire tilfeller av lus.

Vi oppmodar difor foreldre om å undersøke borna før skulestart, slik at ein kan starte med ein mest mogeleg lusefri haust.

 

Besøk folkehelseinstituttet sine sider for meir informasjon http://fhi.no/tema/lus


"Nordgulenslitet" lørdag 23. august 13.08.2014

Under "Nordgulen høgt og lågt" lørdag 23. august vert trdisjonen tru også "Nordgulenslitet" arrangert. Meir info om dette får du ved å klikke her. Arrangørane oppmodar bedrifter, grendalag.vennelag, og elles andre som vil bidra med god underhaldning, om å melde på lag.

Treng du husvask? 13.08.2014

Ring tlf. 91813501 (150,- pr time)


Vil du vere med å merke turen til Gjegnen? 13.08.2014

Turvenner! Det skal merkast T-tur til Gjegnen og Keipen Turlag treng hjelp. 

Det blir merking av T-er på onsdag, torsdag og fredag. Fredag er målet å komme heilt opp til varden. Det blir også ein del merkepinnar å bære opp.

For dei som kan og vil hjelpe DNT og Keipen Turlag, ta kontakt på telefon 95898565.

Og kanskje er det du som sitt på galleriet og dingler med beina fram på kanten 1074 meter rett ned, men ein kan jo og la være å gå fram på kanten.


Vi treng deg! 12.08.2014

 

Vi treng fem vakter til dansen på Svelgen Samfunnshus laurdag 23. august frå kl.22.00 - 02.30. 
Vaktene får gratis brus og nattmat.
   
Er det nokon som kunne tenke seg å stille som vakt, ta kontakt med Kåre Myklebust
tlf. 959 82 946.

 

Vi oppmodar alle bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar til å stille med stand, aktivitetar eller salsboder.

  

Ver med å bidra til liv og røre i bygda.

 

 


LØRDAG 16. AUGUST PÅ LASSE`S KRO 12.08.2014

Gå ikkje glipp av sommer avslutningen på lasse`s kro med Lobotomert Symfoni 16. august!!!! 07.08.2014

Lobotomert Symfoni er eit spontan-coverband beståande av ein god cocktail av sju medlemar med røtter i frå Svelgen.
Lobotomert Symfoni spelar variert populær pop/rock, pluss noko attåt og håpar på å kunne lage god stemning på Lasses laurdag den 16. august.

Kvelden startar kl 2200. Kun kontant betaling ved inngang. Cash is king! CC kr 60,-

FREDAG 15. AUGUST PÅ LASSE`S KRO: 12.08.2014




SVELGEN SENIORDANS 08.08.2014

Tirsdag 19.august startar seniordansen opp etter sommerferien . Storsalen kl.1700 - som vanleg. Frammøte på Keipenstova. Vel møtt til gamle og nye dansarar. 


FREDAG 15. august på Lasse`s kro 07.08.2014

Trubaduren Kjetil Klubben, med god variert musikk for alle og ein kvar. Hjarteleg velkommen på kroa. CC 100,- 

Gå ikkje glipp av sommer avslutningen på lasse`s kro med Lobotomert Symfoni 16. august!!!! 07.08.2014

Lobotomert Symfoni er eit spontan-coverband beståande av ein god cocktail av sju medlemar med røtter i frå Svelgen.
Lobotomert Symfoni spelar variert populær pop/rock, pluss noko attåt og håpar på å kunne lage god stemning på Lasses laurdag den 16. august.

Kvelden startar kl 2200. Kun kontant betaling ved inngang. Cash is king! CC kr 60,-

Påminning om arrangement på lasse`s fredag 8. og lørdag 9. august: 07.08.2014


LEDIG LÆRARSTILLING VED KALVÅG OPPVEKST

Stilling med saksnr. 14/1805

Vi manglar ein lærar for undervisning hovudsakleg i 1. klasse for kommande skuleår.

Søkjarar utan fullført fagleg og pedagogisk utdanning kan og bli tilsett.

For nærare opplysningar, ta kontakt med driftssjef Isak Berle, tlf.: 95982955.

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter :

http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

SØKNADSFRIST: 11. AUGUST 2014

 


Høgt og Lågt

Dans på samfunnshuset 06.08.2014

Laurdag 23. august vert det dans på Svelgen Samfunnshus med DJ Amadeus.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                           Dørene opnar kl.22.00 og då er musikken og festen i gang.                                                                                                                                           Cover kr 100,-     Aldersgrense 18 år.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                        DJ Amadeus har over 15 års erfaring   med festmusikk til mange ulike tilstellinger og for ulike aldersgrupper. Liker utfordringer der det er ulik musikksmak og aldersspredning. Med over tusen spillekvelder  har  DJ Amadeus den rette erfaringen   om hvilken musikk som får danseføttene i gang for ulike aldersgrupper. 80-tallsparty er en av spesialitetene til Dj Amadeus som virkelig har tatt av i det siste. DJ Amadeus har all den rette musikken fra 80-tallet som skaper den heftige 80-talls stemningen, og ikke minst lang erfaring i hva som fungerer på gulvet.                                     Les meir her:  http://www.djamadeus.no/ 

Spar på loppene! Marknad til hausten 04.08.2014

9. klasse held på å planlegge loppemarknad utpå hausten for å tjene pengar til klassetur i 10.

Har du ting og tang som er brukbare, håpar vi du tar vare på det og gir det til oss! Vi kjem tilbake med meir informasjon seinare.

 

9. klasse ved Svelgen Oppvekst


ELKEMKOPP TIL JANNE, EDEL, HUGO, JON,MAGNUS OG LIV. 04.08.2014

Trekking juni: Janne Gjerde (nr.306 Omvendeskaret), Edel Lind Håøy (nr.465 Ivervatn) og Hugo Bjørdal (nr.263  Gulebrystet)
Trekking juli:Jon Myklebust (nr.1451 Sandsegga), Magnus Gulhaugen (nr.2277 Risevatnet 3,5 km) og Liv Sigdestad Brekke (nr.1942 Moldahytta)
GRATULERER TIL ALLE VINNARAR !
No i august kan du vinne kopp på Gulebrystet, Ivervatn og Sandsegga. I september skal vi trekke på Knekkevatn, Sandsegga og Risevatnet 3,5.
KEIPEN TURLAG FJELLTRIMMEN

Oppheving av bålforbod 04.08.2014

Totalforbodet mot bål/eld i Bremanger kommune er no oppheva.


Vanlege reglar gjeld


Bremanger ungdomsråd 01.08.2014

Er du opptatt av korleis tilboda til ungdommen i Bremanger er? Meinar du noko om det som skjer og gjerast i bygda di, eller kanskje ikkje skjer?

 

I Bremanger ungdomsråd kan du vere med å påverke korleis Bremanger skal bli framover. Ungdomsrådet er ditt talerør inn mot dei som bestemmer i kommunen.

 

Vi treng DEG!

No skal det veljast nytt ungdomsråd, og frivillige lag og organisasjonar kan kome med forslag.
Er du interessert, be organisasjonen din (idrettslaget, korpset, 4H eller anna) om å sende inn forslag på nettopp deg.

 

Forslag kan sendast til: anita.lover@bremanger.kommune.no

 

Valet vert i byrjinga av september.

 

Kulturkontoret


Byggeskikkprisen 2014 01.08.2014

Vi inviterer deg til å komme med forslag til gode kandidatar til byggeskikkprisen for 2014.

 

Vi ynskjer forslag ikkje berre på eldre bygningar og bygningsmiljø, men også på nyare hus som er tilpassa staden og som glir inn i kulturlandskapen på ein estetisk og god måte, samt nye og spennande bygg frå heile kommunen.

 

På kommunen si heimeside ( www.bremanger.kommune.no) finn du retningslinjer for prisen.

 

Frist for å komme med forslag er 1. september 2014.

 

Kulturkontoret kan og kontaktast om du ynskjer nærare informasjon. Forslag kan sendast på mail eller pr. post til:
Bremanger kommune
Postboks 104

6721 Svelgen

 

E-post: espen.froysland@bremanger.kommune.no

 

Kultursjefen


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des