Arkiv Des 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Jam Session på Lasse's 2. Januar 2010! 24.12.2009



S.T.A.R.K  inviterer til Jam på Lasse's 2. Januar til feiring av det nye året.
S.T.A.R.K stiller alt av utstyr til disposisjon; gitarer, trommesett, bass, mikrofoner og lyd-anlegg. Ta gjerne med eget utstyr om du ønsker det.
Møt opp enten du vil framføre noko eller bare for underholdningens del.

Det er ingen påmelding, bare å møte opp!
Har du spørsmål, så ring: Kristian: 97586695 eller Sigbjørn: 95233029

GRATIS INNGANG!!!

GODT NYTT ÅR!!


Bilar i vegen for brøytemannskap 31.12.2009

Brøytemannskapet i Svelgen har problem med å få brøyta skikkelig fordi det står bilar inn i vegen, mellom anna på Riksvegen i Breivika. Dei ber bileigarane finne fram spaden og få bilane så godt inn til sida som mogeleg.

Bandits på hotellet nyttårsafta 29.12.2009

Bandits spelar opp til dans på Svelgen
Hotell nyttårsafta frå kl 22.00.
Cover kr. 150
Avslutt 2009 og start det nye året til
musikk med Bandits!
Velkommen til nyttårsfeiring på Svelgen
Hotell

Hugs å lese av straummålaren 30.12.2009

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Ved januaravlesinga skal også næringsverksemder melde inn målardata. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

EEB sin kalendar vil kome ut i postkassene til folket i Svelgen i løpet av veke 1. Vi er diverre ikkje sikre på om den kjem så tidleg at postkorta i den kan nyttast i januar i år (vi må ha korta i hende 8/1). 

 

Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.

 

Litt ut på nyåret vil det verte endringar av epostadresse mm på kraftverket i Svelgen, men på januaravlesinga kan ein bruke den ovanfor nemdne epostadressa.


10 km løyper

Det er køyrt opp scooterspor på vegen i Risevatn 29.12.2009

På forespørsel frå Keipen Turlag har Svelgen Røde Kors køyrd opp scooterspor heile vegen til tunnelinnslag i Risevatn.

Dette gjer det enklare å nytte ski innover vegen langs Risevatnet.

Det er berre å spenne på seg skia og labbe innover, samstundes kan ein sende ein varm tanke til Arne Loftheim og Ingeir Løvold som har laga spor.

 

God Tur :)


Nissane kom i år også 28.12.2009

Mandag vart den tradisjonsrike juletrefesten arrangert på Samfunnshuset. Komitèen for festen hadde sett i hop eit triveleg program, med flotte musikalske innslag (ingen nemnt - ingen glemt). Og når nissane dukka vart dei yngste både glade og litt skremte, og dei to nissane (biletet) klarte oppdraget så fint at dei nok vert julenissar på festen neste år også.


Ikkje ope hus på Moldahytta 28.12.2009

P.g.a. alt for mykje laussnø er ope hus på Moldahytta avlyst 29.12..Turlaget anbefaler heller at du tek ein skitur til Fjelltrimmpostane i Risevatnet, Omvendeskaret eller Jakthytta.
Keipen turlag

Du skal høyre mye - hotellet mandag 28.12.2009

      4. juledag på Svelgen Hotell  er det klart for " Du skal høre mye" og påfølgande dans med Lundes Trio

         Alt ligg til rette for ein triveleg kveld når   Knut Sande , Ståle Dyrstad,Arild Sande og Ole Christian Rynning inviterer til "Du Skal høre mye"

Har du vitsar og gode historier du vil dele med andre, så er det fritt fram!!

 

Musikk og dans til Lundes trio

Cover 100,-

Dørene opnar kl 20.00

Velkomne!


SPIK ADEL på samfunnshuset 30. desember 28.12.2009

- Likar du å danse og lytte til fengande rock’n roll og countryrock, bør du møte fram i Svelgen Samfunnshus, oppfordrar manager Roald Naustdal.

Spik Adel er eit musikalsk prosjekt som er utvikla og foredla med nøye omtanke over lang tid. Bandet har fylt opp sine musikalske rom med ei god blanding av rock & roll frå 70, 80 og 90-talet med røter i folkemusikk, blues og moderne countrymusikk.

Dei 5 musikarane frå Bremanger har gjort det skarpt på mange speleoppdrag i Hordaland, Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane.

Spik Adel består av: Norvall Klungresæter – gitar og song, Einar Nesbakk – gitar og song, Jarle Grotle – piano, orgel og song, Roger Igland – bass og Helge Førde – trommer.

Romjulsdans på Samfunnshuset

onsdag 30. desember.  

OPEN BAR 22.00-02.00 ALLE RETTIGHETER
******************************************************

Førehands sal av billettar på Bremanger Servicekontor 08.00 - 15.30, måndag til fredag,

Bill. kr. 250,-  aldersgrense 18 år
arr: Svelgen Samfunnshus al

Svelgen Kino:

Tirsdag 29. desember kl. 1600

SE OPP (aldersgrense: 7 år)

Førehandssal på Servicekontoret på Rådhuset.

KIOSK

Fra Disney/Pixar kommer nå "Se Opp" - en eventyrkomedie om den 78 år gamle selgeren Carl Fredricksen som endelig virkeliggjør sin livslange drøm når han fester tusenvis av ballonger til huset sitt og flyr inn i Sør-Amerikas villmark.

Alt for sent oppdager han blindpassasjeren han har fått med seg, den overoptimistiske 8-åringen Russell. Fra den Oscarnominerte regissøren Pete Docter (Monsterbedriften.), inviterer Disney/Pixar's "Se Opp" deg med på en hysterisk reise inn i en tapt verden med den mest usannsynlige duoen i verden.

 

 

 

 

 

 

.

.

.

Tirsdag 29. desember kl. 1900

2012 (aldersgrense 11 år)

Førehandssal på servicekontoret

KIOSK

I 2009 bekrefter et høyt ansett panel av vitenskapsmenn til verdens ledere at jorden slik vi kjenner den snart vil opphøre å eksistere

 

Fram mot 2012 blir det utarbeidet en plan for å redde så mye av menneskeheten som mulig, men det viser seg å være umulig å redde alle.

Mens Jackson Curtis og hans to barn er på en familietur i Yellowstone snubler de over et enormt forskningsanlegg i bunnen av en uttørket innsjø og oppdager den kommende apokalypsen.regjeringen har hemmligholdt.

Jackson må ta saken i egne hender og setter i gang et kappløp for å redde både sin egen familie og seg selv mens de utsettes for jordskjelv, vulkanutbrudd, tsunamier og alle de naturkatastrofer naturen kan utsette menneskeheten for.

 

 

 


OPE PÅ KEIPENSTOVA - påminning! 26.12.2009

Måndag 28.er det ope til vanleg tid på Keipenstova - 10 til 14.

Det blir servert kaffi, småkaker og frukt!

Det blir også "sangtime" og gang kring juletreet!

Vertskap er Eva og Per Ytrehus!

Velkommen til romjulstreff på Keipenstova!


Bygg- og Reinhold har skifta namn 26.12.2009

Bygg- og Reinholdsservice AS skiftar 1/1-10 namn til SERFIX AS. Du finn meir info om verksemda på heimesida og ved å klikke her.

Nissemarsjen 15.des.2009... 24.12.2009

   Nissen deler ut nissemedaljer etter nissemarsjen....   Les meir på heimesida til   STIF


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Helsing redaksjonen i svelgen.no


Takk og god jul fra Røde Kors 24.12.2009

Svelgen Røde Kors ønsker å takke alle som har støtta oss , ved å være medlem, gi oss flaskepanten, kjøpe lodd, med gåver, gode tilbud og mye mer i 2009.
Ei riktig god jul og et godt nyttår ønsker vi dere alle!
Hilsen alle oss i Svelgen Røde Kors

Spik Adel på Samfunnshuset 30. desember 23.12.2009

Firdaposten.

Julestemning på Sandsegga 23.12.2009

På Svelgensona på Origi kan ein sjå at det er pynta til jul på veg oppover mot Sandsegga. Desse bildene kan sjåast ved å klikke her.

 

Det må elles nemnast at Tore Myklebust og Martin Hennøy også på seinhausten/vinteren har halde fram sitt gode arbeide med å utbetre stien opp mot Sandsegga. Det er eit imponerande arbeide dei to har utført.


Molleyturneringa 3. juledag / 27. desember 23.12.2009

Ta initiativ, få med slekt, vener, kjende og meld på volleyballag.

  

Påmelding til Frank Midtbø tlf 57793700 / 94791992 eller Frank Hatleset tlf 57795549 / 95911067.

 

Turneringa tek til kl. 17.00 i Svelgen Idrettshus. 

Påmeldingsfrist 27/12 Kl 1000.

25 kroner per pers.

NB: hugs 2 damer på kvart lag.


Romjula på Svelgen Samfunnshus 23.12.2009

Tysdag 29.12. Kino

Kiosk open frå kl. 15.00

Kl. 16.00          Barnefilm   Se opp

Kl. 19.00          Ungdom/voksen ” 2012

 

PS! 9.januar kjem filmen

”Luftslottet som sprengtes”

 

Onsdag 30.12. Dans   m/Spik Adel - førehandssal av bill.


Juleferie for svømmerekruttane 22.12.2009

Svømmetreninga for rekruttane har no tatt juleferie. Vi starter opp igjen 11 januar. God jul til alle!!

Webcamera frå Langesi 22.12.2009

Det er no høve til å sjå webcamera frå Langesi i Myklebustdalen, nær det høgste punktet på vegen mellom Svelgen og Ålfoten. Dette skulle vere av interesse både for vegfarande og skiglade. Oppdatert bilde kan du sjå ved å klikke her. 


Stor takk til Svelgen Sanitetsforening 22.12.2009

Svelgen Skulemusikk takkar Svelgen Sanitetsforening v/ Liv Nybø for den flotte førjulsgava på kr 10 000. Pengane skal brukast på den stadig veksande aktiviteten innan skulemusikken i Svelgen. Skulemusikken og drillen med aspirantar består i dag av 75 stk flotte Svelgen-ungdomar .


Opa Moldahytte tirsdag 29. 12 22.12.2009

Tirsdag 29.12. er det ope hus på Moldahytta frå kl.12.00-14.00. Julekaker, gløgg og fyr på peisen. Alle er velkomen. Du finn vegen sjølv frå  rv 614 litt forbi Best, toppen av Langeneset eller frå Ytrehus.-VERFORBEHOLD -  For næramre info kan du kontakte 91102654.
Keipen turlag

Nyttårskonsert

Flora – Bremanger Brassband held tradisjonen tru nyttårskonsert i Svelgen!

De får høyre mellom anna;

* Kronprinsparets bryllaupsmarsj

                                                  * My way

                                                       *Millenium                 

                                                 * Theme from Rocky

Ta turen for å høyre sølvvinnarane av NM i brass 2009!

Svelgen Skulemusikk vil også spele nokre nummer!

Billettprisar: Vaksne: 100 kroner      Barn under 12 år: 50 kroner

Det blir servert Canapeer og forfriskningar i pausen inkludert i prisen!

Dato: 2. Januar 2010

Klokkeslett: 1930

Stad: Svelgen Samfunnshus

Velkommen til ein minnerik og fin konsert!


22.12.2009

       

Opningstider på Svelgen Helsesenter i jula.

 

 

       Kontoret held stengt 24.12 og 31.12.
       I romjula er kontoret opent frå 09.00 - 15.00.

       Legevakta ( Tlf. 577 93 313) vil fungere som før.

 


Juletrefest/gudsteneste i kapellet, søndag 27. des.

 

Juletrefesten i Svelgen kapell er i år søndag den 27. desember kl 17.00. Fri inngang.

Hjarteleg velkomne!


JUL og NYTTÅR på Svelgen Hotell !

 

2. juledag laurdag 26. desember

Dans med Trio Desperados frå kl. 21.00.

Førehandssal av billettar på hotellet t.o.m 22.12.09 eller 26.12 i døra dersom billettar igjen.

Cover kr 160,- .

 

4. juledag måndag 28. desember

”Du skal høre mye” frå kl 20.00

Dans med Lundes Trio.

Cover kr 100,-.

 

Nyttårsaftan torsdag 31. desember

Nyttårsdans med Bandits frå kl 22.00.

 

Sjå også vår utsendte julekalender.  


Opningstider på rådhuset i jula. 21.12.2009

Onsdag 23.12 frå kl. 08.00 - 15.30
Torsdag 24.12 - Stengt
Fredag 25.12 - Stengt
Måndag 28.12  frå kl. 10.00 - 14.00
Tysdag 29.12 frå kl. 10.00 - 14.00
Onsdag 30.12 frå kl. 10.00 - 14.00 
Torsdag 31.12 - Stengt 
Fedag 01.01 -  Stengt


Ledige stillingar på Kalvåg 20.12.2009

Bremanger kommune har fleire ledige stillingar i Kalvåg. Sjå utlysing under Stilling Ledig til venstre.

Planane om lokalavis i Bremanger:

750 har tinga Budstikka
treng 250 tingarar - fort

  Intitiativtakaren bak Budstikka fortel at 75 % av abonnentane er på plass. 1000 tingarar må vere på plass før vekeavisa kan starte. Dermed manglar 250 tingarar før avisa kan ”spenne for” og komme ut med alle tiders jule- og nyttårsgåve – eiga lokalavis til, om, av, med, i og for Bremanger kommune.
Det er spennande dagar no når ”nettene blir lange og kulda setter inn”, seier Geir Nybø i ein kommentar til korleis abonnementsinngongen er for den planlagde lokalavisa. 20. Desember mangla Budstikka 250 tingarar. - Dermed vert det spennande å sjå om mange nok tingar avisa fort nok til at prosjektet kan kome i gong, uttaler Nybø.

Julestria- Folk er midt i julestria, og mange har heilt andre tankar enn lokalavis for Bremanger akkurat no. Eg må ta eit skippartak både ved jul og nyttår. Eg håper folk ikkje vert sinte om eg ringer vesle julafta for å høyre om ein vil tinge Budstikka for 2010, seier Nybø til www.svelgen.no <http://wwwsvelgen.no> . Det beste er likevel om folk ringer eller sender SMS til 90119388 eller sender bestilling på bremanger.budstikke@gmail.com
 
- Eg skal love ikkje å ringe julafta, og fyrste juledag, men kjem nok til å henge på tråden dei andre dagane for å tromme saman dei siste 250. – Det vil vere synd å gje opp no. Kjem ikkje avisa i gong tidleg i 2010 kan ikkje avisa starte i 2010. Eg håpar å klare dei siste 250 no når målet er så nær, seier Geir Nybø som meiner det trengst ei mobilisering for å klare mange nok tingarar. – Når snart 50 % av husstandane i Bremanger har teikna abonnement, tyder det på at folk gjerne vil ha eiga avis for kommunen. Nokre vil ”vente og sjå”. For avisa er dette farleg. Er ”vente og sjå”-gruppa for stor, vil ein få sjå at avisa ikkje kan starte. Derfor oppmodar eg folk om å mobilisere interesserte, slik at vekeavisa får tak i dei manglande 250 tingarane, seier Nybø som er svært spent på ”innspurten”.


Orkla sitt kraftoppkjøp:

- Ber statsråden gripe inn 17.12.2009

Orkla solgte katta i sekken da flere lokale kraftverk la 6 milliarder kroner på bordet for Elkems vannkraftverk, mener LO.

 

Nå ber leder Leif Sande i LO-forbundet Industri Energi olje- og energiministeren om å gripe inn mot salget:

- Kraftverkene ble bygget for å gi strøm til industrien, ellers ville de aldri blitt godkjent. Når kraftverkene selges, må det være en forutsetning at kraften fortsatt skal komme industrien til gode, sier Sande.

 

Hans forbund organiserer ansatte i oljebransjen og i kraftkrevende industri.

Det er Orkla-eide Elkems kraftverk i Salten og Bremanger som nå er solgt for til sammen 6 milliarder kroner. Industri Energi har gått gjennom all saksbehandling knyttet til byggingen av disse kraftverkene, og konkluderer med at de er uløselig knyttet til industrivirksomhet på disse stedene.

Derfor må de nye eierne belage seg på å levere strøm til industrien, mener han.

- Hvis ikke, bryter man med et klart vedtak i Stortinget: De har sagt at når et kraftverk med konsesjonsbelagt kraft selges, så følger konsesjonene med, sier Sande.

Og dermed vil også verdien av kraftverkene, som selskapene Norsk Vannkraft AS og Svelgen Kraft Holding AS kjøpte for til sammen 6 milliarder kroner, være betydelig mindre verdt.

- Selv om kraft til industrien var viktig da disse kraftverkene ble bygget, betyr ikke det at det er konsesjonsbelagt strøm, sier direktør i Elkem Energi, Johan Chr. Hovland, til VG.

Men olje- og energiminister Terje Riis Johansen vil ikke forskuttere myndighetenes behandling av dette salget.

- Når gjelder de forhold de konkrete kraftverkene så skal jeg gå inn i det senere, men i utgangspunktet er det slik at de kravene som er satt for kraftverk, de gjelder fortsatt, sier Riis Johansen til VG.


Juletrefest 28. desember 17.12.2009

Den tradisjonelle juletrefesten vert arrangert mandag 28. desember. Festen, som er på Svelgen Samfunnshus, tek til kl. 17.00.

 

Inngangsbilletten er kr. 25,- pr. pers, eller kr. 100,- for familiebillett.

 

Arrangørane ønskjer velkomen til ei hyggeleg stund på samfunnshuset!


Støtt skulemusikken med din "Grasrotandel" 17.12.2009

Svelgen skulemusikk har no registrert seg med "grasrotandel" hjå Norsk Tipping. Du har dermed mulighet til å støtte skulemusikken med 5 % av din tippeinnsats, utan at det kostar deg noko ekstra. Om du registrerer deg hjå ein tippekomisjonær før 31/12-09, har dette tilbakevirkande kraft for heile din tippeinnsats for 2009. Dette kan du enkelt ordne i "tippekassa" på Coop Marked i Svelgen, dei har opplysningane dei treng for at du skal gi skulemusikken din "grasrotandel".

 

Du kan også ordne "grasrotandelen" ved å klikke her.  Skulemusikken sitt organisasjonsnummer er 981 048 695. Foto: David E. Antonsen, Firdaposten


PENSJONISTANE OG UNGDOMEN. 17.12.2009

Etter avisoppslaga i Firdaposten  om støy av bilkøyring i Svelgen sentrum,  tok ein representant frå ungdomen  kontakt med Pensjonistlaget for å gjere greie for sitt syn på saka.
Vi vart då samde om at vi skulle møtast slik at vi kunne drøfte saka. Pensjonistlaget inviterte alle som hadde lyst å komme oss i tale til Keipenstova
onsdag.
Det var svært godt frammøte 4 frå Pensjonistlaget, 2 frå politiet og 16 ungdomar. Det vart servert kaffi, gløgg og peparkaker.
Møtet vart halde i ein uformell tone og alle fekk kome med sine synspunkt. Dei to frå Pensjonistlaget som bur i sentrum sa at dei opplevde støyen av bilkøyringa
om kveld og natt som svært plagsam. Dei unge sa at dei kjende seg ikkje igjen i det avisa skreiv og ga utrykk for at dei ikkje likte å bli stempla som uansvarlege
bilkøyrarar.  Frå politiet si side minte dei om trafikkreglane og sa at kanskje det var lurt at dei unge passa litt på kvarandre.
 
Det var mange som hadde ordet og fekk legge fram sitt syn.
Det vart konkludert med at det er veldig bra at vi kan snakkast saman på ein god måte - og vi vart samde om å halde kontakta.
 
 
Møtet vart avslutta og vi ønskte kvarandre ei god og fredfylt julehelg.

Elkem Bremanger går over til konkurrent:

INC Vedlikehold ute av Elkemsamarbeid 15.12.2009

INC Vedlikehold i Svelgen tapte konkurransen om Elkem Bremanger til fordel for BIS Production Partner etter åtte års samarbeid. Dei tilsette er skuffa og bitre over at Elkem vende dei ryggen, melder Firdaposten i dag. I alt 55 tilsette må finne seg nytt arbeid frå 31. mars neste år. Klubbleiar Øyvind Grindheim seier han har følt at INC og Elkem har hatt en god dialog og at klubben var overtydd om fornya kontrakt. Dagleg leiar, Atle Rogne, har avstått frå å kommentere saka no, men er i følge avisa sjokkert. Direktør Steinar Talle  ved Elkem Bremanger  seier det ikkje var anbodsprisen som var utslagsgjevande.

- Det viktigaste er at BIS har ei brei erfaring og ein sparande måte å nærme seg arbeidet på, uttaler han. Les heile saka i Firdaposten si papirutgåve tirsdag


Endringar vedk. kommunale vassverk 15.12.2009

 

Ved Rugsund vassverk har dei siste vassprøvane vore tilfredsstillande, og kokepåbodet kan difor opphevast frå 10.12.2009.

 

For Kolset vassverk (byggjefeltet) har både prøve utteke 01.12.2009 og oppfølgingsprøve teken 08.12.2009 vist høg førekome av koliforme bakteriar. Det skal normalt ikkje gjevast kokevarsel ved påviste koliforme bakteriar åleine, men på grunn av høgt tal har ein etter drøftingar med Mattilsynet avgjort at ein anbefalar abonnentane å koke vatnet for ein periode. Det vil bli gjennomført tiltak med sikring av borehol, og det vil bli varsla om eventuelle endringar når resultatet av ny prøve (veke 1) ligg føre.

 

For meir informasjon sjå www.bremanger.kommune.no

Teknisk kontor.


Tysdag 15.des.09. Kl.17:00.

Bli med på Nissemarsjen..... 10.12.2009

 

   

Tysdag 15.des. kl.17.00 skal vi ut å gå NISSEMARSJ.

 

          Ta med Nisselue, Refleks og bli med.

 

                  Start ved Idrettshallen.

 

                   Vi har høyrt at NISSEN vil være med, så vi håper at du og vil....

 

                                            Startkontigent kr 30.

        

            Premier til alle ( Nissemedalje, gløgg og pepperkake )  

            

                                         

                                      Velkommen alle til Nissemarsjen.

  

 

Med sportsleg helsing   

Svelgen TIF 

                                                                                                        

      Les meir om Nissemarsjen her

                   

 

Julekonsert ga julestemning i Svelgen 14.12.2009

Svelgen skulemusikk og Svelgen songlag stod for den høgtidsstemde kjensla, då store deler av Svelgen var samla til den årlege adventsstunda.

Mange synest kanskje det var godt å sleppe unna førjulsstria.

Det kan forklare kvifor kapellet var fylt til brestepunktet av svelgarar som ønskte å la julefreden og ettertanken senkje seg.

Framføre stolte foreldre og besteforeldre fekk mellom anna aspirantane til skulemusikken synt fram det dei hadde øvd på.

Sjå fleire flotte bilder i Firdaposten.


Fredsmøte mellom rånarar og pensjonistar 14.12.2009

Svelgen si eiga «Gazastripe»; stripa mellom Elkem Bremanger og Svelgen skule har lenge vore nytta til racingbane av rånarane i Svelgen. Det til stor frustrasjon for eldre og sjuke som bur i Svelgen sentrum.

Etter at Firdaposten skreiv om saka førre veke, har rånarane sjølv teke kontakt med Svelgen pensjonistlag. Det seier pensjonistlagsleiar Anne Lise Gilleshammer.

– Ein av bilgutane ringde meg og sa han ville prate med oss om problemet. Han og sju til åtte andre har no gått med på å møte oss, seier Gilleshammer, til Firdaposten

   


ANDELSHAVARAR – SVELGEN SAMFUNNSHUS AL

 

Då Svelgen Samfunnshus blei bygd vart det etablert ei ordning med A-andelar og B-andelar. Innehavarane av B-andelane skal utpeike inntil fem representantar som stiller saman med A- andelshavarane på Svelgen Samfunnshus sitt årsmøte. Dette har ikkje vore gjort på fleire år.

 

Styret ved Svelgen samfunnshus vil med heimel i vedtak frå årsmøtet 23.02.2009, sak 7, legge fram for kommande årsmøte eit forslag til reorganisering av eigarstruktur og organisasjons-form for Samfunnshuset. I den samanhang ber styret innehavarane av B-andelar ta kontakt om dei vil hevde eigarinteresse i ein ny eigarstruktur. Dette må gjerast skriftleg før 15. februar til styret.

 

Om det ikkje kjem innspel frå innehavarar av B-andelar innan fristen, vil det ikkje verta innkalla til B-andelsmøte i 2010, for val på utsending til årsmøtet.

 

Etter 15. februar har styret som mål å lage til sak for årsmøtet som innstiller på at ordninga med B-andelar opphøyrar.

 

Svelgen Samfunnshus AL

Styret


HEIM TIL JUL 14.12.2009

Hermed vil Bremanger Hamn og Næring KF invitere deg til : Jobbmesse ”Heim til Jul 2009”
Rekrutteringsmesse ’Heim til Jul’ er eit årlig arrangement der vi opplyser om jobb- og etableringsmoglegheitene i Bremanger kommune.

- Måndag 28. desember, i Svelgen, lokala til Bremanger Hamn og Næring , Rise næringsbygg frå kl. 16.00 - 18.00

- Tysdag 29. desember, i Kalvåg, Kafé Vest frå kl. 16.00 - 18.00.

Påmelding seinast på 18. desember 2009 gjennom e-post adresse : marcel.meijer@bremanger.kommune.no eller tel: 90951349


JULEFROKOST - PÅMINNING! 11.12.2009

JULEFROKOST PÅ KEIPENSTOVA.

Laurdag 12.desember er det julefrokost på Keipenstova frå kl.10 til 13.

Alle er velkomene til  det vi vonar blir ei triveleg stund - der Coop-tilsette lagar god julemat og Pensjonistlaget lagar kaffi og står for servering.

 

Helsing Pensjonistlaget og Coopen.


          ÅRETS JULEKONSERT

Svelgen Kapell, laurdag 12.desember

Kl. 17.00

Svelgen Skulemusikk dir.:Fay Løvseth

 

Svelgen Songlag dir.:Grete Berntzen

 

Pianist:  Geir Åge Hovland

 

VELKOMMEN

Arr.: Svelgen Songlag


Massevaksinasjon i veke 51 10.12.2009

Bremanger kommune har motteke 1000 vaksiner mot svineinfluensa. For dei som ønskjer å ta vaksinen vert det gjeve tilbod om vaksine på Hauge og Svelgen Helsestasjon. Vi vaksinerer desse dagane, eller så lenge vi har vaksiner.

Møt opp på Hauge Helsestasjon:
Mandag 14.12 frå kl. 10.00 -18.00
Tysdag 15.12 frå kl. 10.00 - 18.00

Møt opp på Svelgen Helsestasjon:
Onsdag 16.12 frå kl. 10.00 - 18.00
Torsdag 17.12 frå kl. 10.00 - 18.00

Vaksina kostar kr. 110.- . Ta også med personnummeret ditt.

Vi vil ikkje motta fleire vaksiner i 2009.

For meir informasjon sjå www.pandemi.no eller ring pandemitelefon nr. 815 55 015.

ANDELSHAVARAR – SVELGEN SAMFUNNSHUS AL

 

Då Svelgen Samfunnshus blei bygd vart det etablert ei ordning med A-andelar og B-andelar. Innehavarane av B-andelane skal utpeike inntil fem representantar som stiller saman med A- andelshavarane på Svelgen Samfunnshus sitt årsmøte. Dette har ikkje vore gjort på fleire år.

Styret ved Svelgen samfunnshus vil med heimel i vedtak frå årsmøtet 23.02.2009, sak 7, legge fram for kommande årsmøte eit forslag til reorganisering av eigarstruktur og organisasjons-form for Samfunnshuset. I den samanhang ber styret innehavarane av B-andelar ta kontakt om dei vil hevde eigarinteresse i ein ny eigarstruktur. Dette må gjerast skriftleg før 15. februar til styret.

Om det ikkje kjem innspel frå innehavarar av B-andelar innan fristen, vil det ikkje verta innkalla til B-andelsmøte i 2010, for val på utsending til årsmøtet.

Etter 15. februar har styret som mål å lage til sak for årsmøtet som innstiller på at ordninga med B-andelar opphøyrar.

 

Svelgen Samfunnshus AL

Styret


Coop’en og Centrum

Åpningstider i Jule- og nyttårshelga

                                                                             Coop’en                        Centrum

    Fredag   12.des

0900-1800

1000-1630

Lørdag   13.des

0900-1600

1000-1500

 Mandag   14.des

0900-1800

1000-1700

Tirsdag   15.des

0900-1800

1000-1700

Onsdag   16.des

0900-1800

1000-1700

Torsdag   17.des

0900-1800

1000-1700

Fredag   18.des

0900-1800

1000-1800

Lørdag   19.des

0900-1600

1000-1600

Søndag   20.des

1400-1800

Stengt

Mandag   21.des

0900-1800

1000-1800

Tirsdag   22.des

0900-2000

1000-1800

Onsdag   23.des

0900-2000

1000-1800

Julaften

0900-1200

0900-1200

Mandag   28.des

0900-1800

1200-1600

Tirsdag   29.des

0900-1800

1200-1600

Onsdag   30.des

0900-1800

1200-1600

Nyttårsaften  

0900-1200

0900-1200

     Lørdag   02.jan

0900-1600

1000-1400


STIF

Vi treng a-lagspelarar til neste sesong 09.12.2009

 

 

Med den flotte stadion vi har, må vi  klare å få stabla eit seniorlag på beina.

Men då treng vi di hjelp! Er du 10.klassing eller eldre og vil vere med?

Møt i hallen fredag 11.12 kl.18.30.

 

Dersom du vil vere med men ikkje kan møte på fredag, gi beskjed til

Kjell - Åge Bueie,  tlf. 95 97 75 48.

 


Samfedsledepartementet kvalitetssikra Bremanger2 09.12.2009

Bremangersambandet 2 er kalkulert til å koste 685 millionar kroner, og det er grunn til å tru at sluttsummen vil stemme med kalkylen.

Det er konklusjonen i ein kvalitetssikringsrapport av Rv 616 Bremangersambandet 2 som Metier AS har utarbeidd på oppdrag frå Samferdsels-og Finansdepartementet.

– Prosjektet er forankra både i nasjonal transportplan og i økonomiplanane til Fylkeskommunen. Det er lite usikkerheit knytta til omfang og avgrensing av prosjektet, og dei midlane som er løyvde til prosjektering og grunnerverv synest tilstrekkelege, skriv konsulentselskapet i rapporten.

Det er sett av 113 millionar kroner til Bremangersambandet 2 i 2010, vidare er det lagt inn ei løyving på 274 millionar kroner i 2011, 220 millionar kroner i 2012 og 78 millionar i 2013, då anlegget etter planen skal stå ferdig.

Les meir på Samferdseldepartementet sine heimesider.


Bremanger har ein snittalder på 43 år 09.12.2009

 - Ungdommen flyttar ut. Det er ikkje framtid for dei her, seier Terje Voll om utvikla i kommunesenteret.

Han er mellom innbyggjarane som trekkjer opp gjennomsnittsalderen i Bremanger. Bremanger   har om lag 3900 innbyggjarar, og desse er i gjennomsnitt 43 år.

Samstundes går innbyggjartalet nedover. Og slik er det for mange av utkantkommunane i fylket, melder NRK Sogn og Fjordane.


Verksdirektør Steinar Talle:

Milliardkontrakt viktig for heile regionen 08.12.2009

Fredag skreiv Elkem Bremanger under ein kontrakt på 1,5 milliardar kroner med det japanske industrikonsernet Mitsubishi, for levering av superreint silisium, kalla silgrain, til bruk i den elektroniske styringa i databrikker.

Mitsubishi er mest kjend for produksjon av bilar og varmepumper.

Kontrakten går over seks år og utgjer 30 prosent av silgrain-produksjonen i Svelgen. Dette er den største kontrakten smelteverket har skrive nokon gong.

 

I 2009 har Elkem Bremanger investert 80 millionar kroner i utviding av silisiumproduksjonen, og auka staben med fem-seks tilsette. Kring 100 personar er sysselsette i silgrain-avdelinga. Totalt er det 250 personar som arbeider på industriområdet, inkludert vedlikehald og andre støttefunksjonar.

- Aktiviteten i Svelgen er viktig for heile regionen. 250 tilsette får utbetalt kring 120 millionar kroner i løn i løpet av eit år, så dette er betyr mykje for butikkane i Florø og Førde, seier Talle.

Han trekkjer fram arbeidet med 45 minuttsregionen, samferdsleprosjektet på kysten som skal knyte Svelgen, Måløy, Florø og Førde tettare saman.

- Skal vi unngå forgubbing, treng vi ein større bu- og arbeidsmarknad, seier verftsdirektøren.


På reise fra Svelgen i "gamle dagar" 08.12.2009

Historieboka om Svelgen TIF, "Heia STIF!", omhandlar ikkje berre idrett, men også i høgste grad utviklinga i Svelgensamfunnet opp gjennom åra. I boka kan ein mellom anna lese om korleis det var i ta seg fram på reiser frå Svelgen til resten av fylket tidlegare. Før ein fekk veg ut frå bygda, ferjer, og Norddalsfjordbrua var dette svært tungvint, samanlikna med i dag. Før 1965 måtte ein sette seg i båt ut frå Svelgen uansett kor ein hadde tenkt seg i fylket. I 1972 vart det veg til Isane, og ferje over til Nordfjord. Og i 1987 vart det ferjefritt mot Sunnfjord då Norddalsfjordbrua opna. 

 

Om du klikkar her kan du lese nokre utdrag som fortel korleis det var å reise ut frå bygda tidlegare, og om utviklinga av samferdsla i området rundt Svelgen. STIF-boka er no i sal for kr. 100, og kan kjøpast hjå "Bakahuset kafè" eller ved å ta kontakt med Frank Ryland. Les meir om dette her.            

   

Biletet ovanfor syner nokre gutar på veg til pokalkamp i friidrett mot Måløy tidleg på 60-talet. Biletet nedanfor syner STIF sine symjarar på tur med båten ”Vantit” til Måløy i 1967. Bakerst f.v. Anne Berit Nesje og Gudrid Pedersen. Midterste rekker f.v. Wenny Olderøy, Frank Hamre, Gunn Holstad, John Birger Ystebø, Kjersti Birkelid, Torill Fristad, Anne Marit Ripe, Jane Midttun og Bente Håøy. Framme f.v. Eli Hestdal, Evy Løvfald, Anne Lise Førde, John Arvid Fristad, Frank Fossedal og Rune Ripe.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


SESAM MØTE 9 DESEMBER PÅ REALEN.

 

Du er herved invitert til SESAM møte på Realen 9 desember kl: 17.00.

Innhold i møte:

En uformell møteplass for kvinner fra hele verden, også oss fra Svelgen J

Har du vansker med barnepass, ta barna med.

Enkel servering. Alt gratis.

Ta kontakt om noe er uklart.

 

Anita Løver/Bremanger kommune – kultur. Mobnr: 95985267.


 

Bli med oss på Julekino - "Reisen til julestjernen"

 

Ho ho, er det nokre snille barn her? Gler du deg til Jul?

 

I år har vi veldig lyst til å invitere alle konglemedlemmer på Julekino . Ta gjerne med deg andre medlemmer, som søsken/venner og foreldre til kinosalen på Svelgen Samfunnshus torsdag den 10 desember kl 1 7.00.

Vi spanderer nissegodt i pose, og etter kinoen får alle konglemedlemmer overraskelse ifra Nissen. For at alle skal få plass, så meld deg på til epost. gro.myklebust.leirvik@ssf.no antall barn og voksne som vil delta. Har du ikkje epost, kan de ringe 5782 9700.  Påmelding seinast 9 desember.

 

Vi håpar du vil komme, og at alle saman kjem i riktig julestemning i lag med oss.  

 

Helsing

Lise, Gro og Herborg

 

Milliardkontrakt til Elkem Bremanger 05.12.2009

Elkem Bremanger og handelskonsernet Mitsubishi vart fredag samde om ein kontrakt verd 1,5 milliardar kroner.

 

Les meir på nrk.no


"Ravana" - eit populært Svelgenband rundt 1980 05.12.2009

Rundt 1980 var bandet "Ravana" eit svært populært innslag blant ungdomen i Svelgen og omegn. I byrjinga spelte dei på diskotek på ungdomsskulen, på idretts- og fotballfestar, og etterkvart også på dansar rundt om på lokala i Sogn og Fjordane. I følgje eit avisutklipp frå denne tida spelte dei rock og populærmelodiar, og satsa mykje på sceneshow.

 

Blant mange yngre i Svelgen var gruppa svært populær, og gruppemedlemane hadde ein god posjon heltestatus blant desse. Blant dei mest populære låtane gruppe spelte var 2 4 6 8 Motorway og  Darlin. På biletet under, frå eit avisutklipp, ser ein dei fem besetningsmedlemane i "Ravana". Bak f.v. Terje Solberg (trommer), og Stig Frøyen (vokalist), Framme f.v. Rune Djuvsland (gitar/sang), Terje Ryland (gitar/sang), og Per Furset (bassgitar). Foto: Hans Jørgen Gallefoss. Gruppa eksisterte ikkje så lenge ettersom tre av medlemane var vekke på skule/studiar, men fleire av dei spelte seinare i andre band rundt om i landet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


JULEMESSE PÅ KJELKENES

                                     KJELKENES   KVINNE- OG FAMILIELAG

HAR SI   TRADISJONELLE JULEMESSE

I TRUDVANG

SØNDAG 6. DESEMBER   KL 16

TENNING AV JULEGRANA

KAKER, KAFFI OG BRUS!

TOMBOLA OG LODDSAL

DU ER VELKOMMEN!


Vaksinering - ungdom i dag 04.12.2009

Fredag 04.12 frå klokka 09.00-15.30 vert det vaksinering ved Svelgen og Hauge helsestasjon. Dette er for elevar ved vidaregåande skule til og med årskull 1989. Vaksina kostar kr 110 ,-

Bremanger kommune reknar med å starte massevaksinasjon i veke 51.

SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA! 05.12.2009

Måndag 7.desember frå  kl. 12 til ca kl 13 er det sangtime på Keipenstova.

 

Alf og Harald Førde stiller opp med trekkspel og gitar og Margareth Hjalte og Ester Ryland er forsangarar.

Det blir julesanger og andre sanger. Keipenstova er pynta til advent og alle pensjonistar (og andre som har lyst) er velkomne. Opningstid for Keipenstova er måndag og torsdag frå kl.10 til 14 og det blir servert kaffi og sveler/vafler i opningstida året rundt.

Vertskap komande veke er Åse Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland


Svelgen Røde kors markerer jubileum 03.12.2009

Lørdag den 5.desember fra kl 11.00 til 14.00 vil Svelgen Røde Kors markere Norges Røde Kors Besøkstjeneste sitt 60 års jubileum i Svelgen sentrum. Besøkstjenesten og Hjelpekorpset sine frivillige vil være tilstede med informasjon, ei hjelpande hand, og på Kjeipenstova blir det kaffi og noe å bite i. Ta gjerne turen innom.
Svelgen Røde Kors

Branntilløp ved Elkem i dag 03.12.2009

Det var torsdag ettermiddag branntilløp ved Elkem Bremanger. Brannmannskap kom raskt til staden og fekk kontroll på brannen.

– Brannen vart snart sløkt, så det var ikkje dramatisk. Det det heile skuldast er at gnistar frå reinseanlegget sette fyr på nokre lyngtuer bak verket.

Det seier lensmann i Bremanger Hans Rune Strandos til Firdaposten.


Åpent hotell i morgon etter 2230 03.12.2009

Fredag 4. desember

Vi opnar for dans frå kl. 22.30.

NB! Pent antrekk.

Cover kr. 100,-

Musikk: The New Retro Music Duo

 

Laurdag 5. Desember

Lukka arrangement.

 

Laurdag 12. Desember

Lukka arrangement.

 


Geir manglar 441 abonnentar: 03.12.2009

- Veit ikkje om han treng ordliste til jul...
- Det vert spennande å sjå om eg må oppdatere ordlista, seier Geir Nybø. - Eg finn ikkje att ordlista frå vidaregåande. Kirsti Årøen – som er ihuga nynorsk-entusiast - har vore på tråden som “konsulent”. Ho gav meg sterke grunnar til å velje nynorsk ordliste frå Samlaget,  dersom eg skal starte vekeavis på nyåret, seier initiativtakaren bak Bremanger Budstikke.

Grunnen til at Nybø ikkje veit om han treng oppdatering av ordliste, er at Budstikka i augneblinken manglar 441 abonnement før ein kan seie at opplagsmålet er “i boks” og ein kan starte organiseringa for å kome ut som vekeavis. Nybø er sjølvsagt spent på om det kjem bestilling på gåve-abonnement – der folk gjev årsabonnement i julegåve. Dette er jo ei fin julegåve både til skuleelevar, studentar og andre som kan ha interesse av kva som skjer i Bremanger.  - Eg har snakka med “heltane” mine i Åmli-avisa. Dei selde gåve-abonnement i “bøtter og spann” til jul i fjor, men dette skjedde etter avisa hadde vore i drift nesten eitt år. Det er ikkje sikkert folk tenkjer på å gje gåve-abonnement på ei avis som ikkje er komen i gong som vekeavis, og derfor er eg spent på “julesalet”, seier Nybø. Det er slett ikkje sikkert folk hugsar at eit abonnement på Bremanger Budstikke er ei flott julegåve.

Usikker på startdato
- Dersom eg klarer å nå målet, er eg usikker på når avisa kan starte. Grunnen er at det er ein god del ting som må tilretteleggjast. Mellom anna skal det skrivast kontrakt for distribusjon. Vanskeleg å gjere dette, så lenge opplaget ikkje er heilt i boks.  Eigentleg er målet å kome like over nyttår. Dersom eg rekk opplagsmålet, ser det ut til at det vil gå nokre veker over nyttår. Kravet for å få pressestøtte er 48 utgåver i året. Så for kvar veke som går over nyttår, dess meir press er det for å kome i gong - for å kunne klare 48 utgåver. Pressestøtte er naudsynt for ei slik lita avis. - Hadde trengt 5-6 dagar som den fyrste veka. Rekorddagen kom det inn 76 tingarar. Eg håper på fleire liknande dagar. Ein vanleg dag kjem det inn om lag 20 nye abonnentar. I går teikna 21 seg for abonnement, og dagen før var det 24 som teikna. Budstikka treng “berre” 22 slike dagar for å vere i mål. Det går uansett jamnt og sikkert oppover, men eg skulle gjerne sett at målet var nådd, og eg kunne byrje å organisere det heile, seier Nybø som oppmodar til å bestille på enten 90119388 (både telefonbestilling og SMS er OK). Mailadressa for abonnementsbestilling er: bremanger.budstikke@gmail.com

Liv S. Brekke suveren vinnar:

202 turar til Sandsegga + 104 til Moldahytta! 02.12.2009

Liv Sigdestad Brekke har vunne fjelltrimmen 2008/2009 med 844 poeng (suveren vinnar) 202 turar på Sandsegga,104 turar på Moldahytta og 10 turar på Gulebrystet.
2.plassen gikk til Jonny Helle med tilsaman 363poeng og nr.3 Janne Vik Strandos med 21 poeng. Vinnarane vert premierte med gavekort frå MX sport på h.h.v. kr.500,-,300,- og 200,- GRATULERER!
 
Liste over vinnarar på dei enkelte postane står som oppslag på Kopenveggen Bøkene til FJELLTRIMMEN 2009/2010 er lagt ut på fylgjande stadar: Omvendeskaret, Sandsegga, Ivervatn, Risevatn 3,5 km og ved vegenden, Moldahytta og Jakthytta,Gulebrystet. I tillegg til premier som siste år vert det neste år trekt ein premie blandt dei som besøker alle 8 postane - VELKOMMEN TIL Å DELTA.
Keipen turlag

Molleyturneringa vert arrangert 3. juledag 02.12.2009

"Molleyturneringa" er STIF sitt mest tradisjonsrike eksisterande arrangement, og vert søndag 27. desember (3. juledag) arrangert for 24. år på rad. Sidan datoen no er klarlagt må alle volleyballinteresserte få med seg familie, vener, arbeidskolegaar, klassekameratar/venninner osv osv å lage lag med minst 2 jenter/damer på laget. Ein kjem tilbake på Svelgen.no med påmeldingsinfo når jula nærmar seg endå meir.

 

I Svelgen Idrettshus er det volleyballtrim kvar torsdag kl. 20.30, og der er alle velkomne til å spele volleyball. 

 

Klikk her   og les kva som står i "STIF-boka" om den aller første Molleyturneringa i 1986.


Volleyball

Ronald Førde & co nesten til cupfinalen 02.12.2009

Dei fleste volleyballinteresserte lesarane av Svelgen.no trudde nok at Ronald Førde for lengst hadde gitt seg med volleyball på høgt nivå. Men den gang ei: Den (snart 35 år) gamle ringreven, med ei skadeliste så langt som eit vondt år, spelte i helga semifinale i NM for 1. divisjonslaget  OSI frå Oslo. Der vart det diverre tap Førde & co, ettersom dei tapte 1-3 for eliteserielaget Randaberg. Settsifra var 25-20, 25-23, 16-25, og 25-16. Les meir om semifinalen i Aftenbladet, På veg til semifinalen slo OSI bl.a Kristiansund, som har gjort det svært godt i NM siste åra.

 

OSI er ubeseira i  1. divisjon avd. 2 og har også gjort det godt på rankingturneringane. Ronald Førde har kjempa om opprykk til eliteserien tidlegare, med både Førde VBK, Bjørn og OSI, men har aldri nådd spel i øvste divisjon. Kanskje skjer det i "godt vaksen" alder.............


Nedbørstala for november 01.12.2009

Det fall 241,1 mm nedbør i Svelgen i november i år, medan normalen er 318 mm. 11 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til EEE, 9 av desse kom på rekke og rad tidleg i månaden. Høgste døgnverdi var 41,0 mm, noko ein målte om morgonen både den 26. og den 27.

 

Desember fekk ein kvit start, då den første snøen kom natt til søndag 1. desember. Om lag ein cm var det søndag, og mandag var det om lag 3-4 cm i Svelgen. Tysdag kom mildvèret og snøen forvsvann i låglandet.


Stilling på Elkem Bremanger

Elkem Bremanger - metallprodusent i verdensklasse 01.12.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ELKEM BREMANGER

har 170 ansatte og er en høykompetanse, internasjonal bedrift, med produksjon av ferrolegeringer, silisiummetall, kjemikalier og Microsilica.                                                                                                            Hovedkundene til bedriften er innen elektronikk, solcelle, vindmøller og bilindustrien. 

Bedriften ligger i Svelgen, 50 km fra Florø, i en natur med mildt kystklima med gode jakt- og fiskemuligheter i området. Svelgen er kommunesentrum med kommuneadministrasjon, idrettshall, skoler m.m.

Elkem Bremanger er den største arbeidsplassen i distriktet og har et moderne og framtidsrettet industrianlegg og organisasjon .

__________________________________________________________________________

Stilling på Elkem Bremanger

 

Vi søker etter drifts- og vedlikeholdsleder for produksjonsanlegg av Microsilica

Vi ønsker en kandidat med:

·          Ingeniør-/ Sivilingeniørutdanning innen maskinfag/elektrofag/marinfag.

·          Som lar seg motivere av og har erfaring fra forbedringsarbeid.

·          Det er ønskelig med erfaring innen vedlikeholds- og  prosjektarbeid, men nyutdanna kan også søke.

·          Vedkommende må være selvstendig, målrettet og resultatorientert.

·          Dokumentert gjennomføringsevne

·          Gode samarbeidsegenskaper både internt og mot eksterne miljø.

Viktige arbeidsoppgaver:

-               HMS-, budsjett- og driftsansvar for produksjonsanlegget.

-               personalansvar for operatører.

-               innkjøp av vedlikeholdstjenester.

-               lede og utvikle Elkem Bremanger’s vedlikeholdskompetanse.

Personer som er systematiske og resultatorienterte av legning, og som ønsker å utvikle seg i takt med en ambisiøs arbeidsgiver, vil passe godt til stillingen.                                                                                Vi tilbyr:

·          En utfordrende stilling i en bedrift som er inne i en spennende utvikling og har positive  

              framtidsutsikter.

·          Gode muligheter for personlig og faglig utvikling.

·          En presisjonsbedrift som jobber i henhold til Toyota Production System (TPS).

·          Arbeide i et miljø med internasjonal kontakter og jobbmuligheter.

·          Konkurransedyktig lønn.

·          Bedriften kan skaffe bolig  

For mer informasjon kontakt: Produksjonssjef Lars Endre Myklebust. Søknad sendes sammen med CV og andre relevante vedlegg til personalsjef Trudi Vågene på e-mail: trudi.vagene @elkem.no eller sendes pr.post til : Elkem Bremanger, personalavdelingen, Postboks 133, 6721 Svelgen innen 15. desember  2009  

 


Går vidare med alle vegalternativene 01.12.2009

Formannskapet i Bremanger fekk tre alternativ for Kystveg i Svelgen-området og ville ikkje forkaste nokon av dei.
- Eg er rimeleg sikker på at vi har eit system over oss, som heilt sikkert vil ta avgjerd om trase, og det vil det gjere med kostnad i botnen, seier tidlegare ordførar i Bremanger, Einar Kjerpeseth (Sp).

Diskusjonen om dei ulike alternativa vart verken oppheta eller lang, for eit samla formannskap var samde i å gå vidare med ei utgreiing av alle tre alternativa.

Inger Hilde frå teknisk seksjon opplyste at det var kome inn mange reaksjonar og innspel på planane om å plassere ei rundkøyring like ved Svelgen idrettshall.
Politikarane fekk studere dei ulike alternativa på ei stor kartskisse og Hilde presiserte at alle tre traseane var innom det ho kalla stridsområde.

- Alle omfattar større og mindre inngrep i området i og rundt Svelgen sentrum. Eg kan nemne dyrka mark, her ligg det gravplass, samt badeplass og friluftsområde. Det er desse vi har fått ein del merknader rundt, opplyste Hilde. Kåre Jarl Langeland (V) var ikkje i tvil om at alle tre alternativa måtte takast med i det vidare arbeidet og utgreiast.

Les meir i papirutgåva til Fjordenes Tidende i morgon, onsdag 2. desember.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov