Arkiv Mai 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Flott pinsehelg i Svelgen 31.05.2004

Det har vore eit strålande ver heile pinsehelga, og forhåpentlegvis har mange svelgarar nytta den flotte naturen i området rundt bygda til utflukter og trim.

Under ser ein Risevatn og dei flotte fjella rundt, fotografert 2. pinsedag. For dei som ikkje er kjent så fører vegen i venstre biletkant 5 kilometer innover i flotte omgjevnader.


Husk:

AmCar traff 11. juni 31.05.2004

 Vi minner om Svelgen Amcar Club som arrangerer treff igjen til sommeren og har satt treff-helga til den 11/6-13/6.Treffet blir kjørt mykje etter samme opplegg som tidligere med 4x4 kjøring i kupa og motorshow på parkeringsplasen ved Elkem. Men dei håper og å få til nokre overraskinger i år og, skriv Tor Helge Ulvmoen i ei melding til oss.

På lørdagen blir dans på Svelgen Samfunnshus med Night Hawks fra Gjøvik.

Søndag blir det bilutstilling og crusing. Svelgen.no kjem sjølvsagt tilbake med meir opplysningar seinare.


Utan planar for sundagen?

Sjå "På Sverdeggja" 29.05.2004

Dersom du ikkje har planar for sundagen, anbefalar vi deg å ta ein tur til Stadlandet for å sjå spelet "På Sverdeggja" på Dragseidet. Stykket handlar om kristininga av fire vestlandsfylke. Vi har vore der i ettermiddag, og det var svært velspelt med mykje humor, autentisk historie og ein fantastisk innsats frå 100 av Stad sine innbyggarar. Lite bar preg av at det var amatørar som har iscenesett det heile. Det er Rolf Losnegård som har skrive stykket, og han var tilstades saman med ingen ringare enn Wenche Foss. Ho har takka ja til å opne spelet både i dag og i mårå. Ikkje nøl. Ta turen!

På bildet ser vi Oddvar Stave få ros frå Norges teaterdronning  og kong Olav.

Aktivt næringsråd i Svelgen 27.05.2004

Svelgen Næringsråd (SNR) har i følgje heimesida 26 medlemsbedrifter pr. 27/5, men reknar med å ha fleire når alle medlemsinnbetalingane har kome på plass. Det er mange ulike typar bedrifter og bransjar representerte i SNR, og alt i frå einmannsføretak til hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger er medlemar. SNR etterlyser på heimesida også eventuelle føretak på strekninga Botnane-Svelgen-Nesbø som ikkje har fått tilbod om å verte medlem.

 

Føremålet med organisasjonen SNR er, i følgje vedtektene på heimesida, å samle næringslivet i Svelgen-området til felles innsats for å styrke næringsgrunnlaget, samt å bidra til ei positiv utvikling for både næringslivet i kommunen generelt og for dei einskilde medlemsverksemdene. NSR vart stifta i 2001, og Geir Gjerde har gjort ein god jobb som leiar heilt sidan stiftinga.

 

På neste medlemsmøte, som er tysdag 8. juni, får SNR besøk av ordførar Kåre Olav Svarstad. Han skal mellom anna informere om næringsutviklinga i kommunen. Etter at sjølve medlemsmøtet er over reiser dei, som har tinga plass innan tidsfristen, på eit spanande bedriftsbesøk på Bremanger Quarry på Dyrstad.

 

Les meir om Svelgen Næringsråd.


Ta turen innom "Tobbensida" 27.05.2004

For dei som ikkje alt har fått det med seg så har Torbjørn Didriksen (biletet nedanfor) laga ei kjempebra heimeside for Svelgen TIF sitt seniorlag. Han har lagt ned mykje godt arbeid på den. Sida har blant lagkameratane fått namnet "Tobbensida"

Snart 22 år gamle Didriksen har vore med på A-laget sidan 1999, og har pr. 27/5 spelt 119 seniorkampar (inkl. 12 B-kampar) for STIF. Han har scora 33 mål for A-laget, av desse 22 i serien. I 1999 vart han plukka ut på eit lag samansett av unge lovande spelarar i Sogn og Fjordane, kalla "Team Kværner", som skulle få vise seg fram for talentspeidarar frå Manchester United. Ingen av spelarane fekk tilbod frå England, men "Tobben" har sidan fått tilbod frå alle naboklubbane til STIF. Heldigvis har Didriksen halde fram for STIF. Dei første åra spelte han flanke på midtbana, medan han no jobbar og slit for laget meir sentralt på midtbana. Han har absolutt vore blant dei som har spelt best i treningskampane og seriekampane i 2004.

På sida er det mellom anna mange bilete frå kampen mot Tempo/FSK 2 onsdag, som t.d. biletet under, og det er Terje Nybø som er mannen bak dei bileta.


Referat Svelgen - Tempo/FSK 2 26. mai 27.05.2004

Laget (4 – 4 - 2): Torgeir Sørheim – Arild Myklebust, Kjell Åge Bueie, Frank Ommedal, Trond Hatleset (Stian Bøhmer i 25 min) – Torgeir Vårdal (Terje Nybø i 10 min), Torbjørn Didriksen, Sigbjørn Hjortland, Thor Kristian Sortevik (Tom Erik Løvseth i 20 min) – Andrè Hatleset (Arne Rebni i 15 min), Andrè Gjerde (Tom Are Blom i 5 min).

Svelgens dårlige offensive uttelling i de første kampene er glemt, forsvaret holdt nullen for første gang i år og Tempo/ Florø 2 blåste tilbake til "verdensmetropolen" i vest med fire baklengs i lomma. Svelgen vant komfortabelt og surfer videre på medgangsbølgen som omsider innhentet laget for to kamper siden.


STIF vann 4-0 26.05.2004

I 5. divisjonskampen onsdag vann STIF 4-0 over Tempo/FSK 2. Kjell Åge Bueie scora to, ei på straffe, og Andrè Hatleset og Arne Rebni eit kvar.

I ein annan kamp i 5. divisjon vann topplaget Selje 2-1 mot Førde, som før kampen låg på 2. plass. Selje scora vinnarmålet to minutt på overtid. Med ujamt tal spelte kampar ligg STIF på 2. plass på tabellen.

Etter svært godt vervearbeid av Frank Hatleset på dei to siste heimekampane, er ein no oppe i 45 medlemar i "Scoringsklubben". Monica Therese Didriksen vann pizzaen gjeven av Svelgen Hotell.

På biletet under ser ein trenaren og assistentane i aksjon på sidelinja onsdag. F.v. Thor Vidar Blix, spelande trenar Trond Hatleset og Leo Cirotzki.


Tinestafetten 2004 26.05.2004

26. mai vert Tinestafetten arrangert over heile landet. Vi har fått tilsendt eit bilete av 10. klassen på Svelgen skule.

Les meir om Tinestafetten


Flytande kraftpris for EEB på Svelgen.no 26.05.2004

Heretter kjem Elkem Energi Bremanger (EEB) til å sende den flytande kraftprisen til Svelgen.no, som vil legge denne sponsoren sin kraftpris ut på nett.

 

 

 

 

 

Den gjeldande flytande kraftprisen for EEB, som tok til å gjelde frå 13. april, er 31,95 øre/kWh. Dette er inkludert 24 % mva, og kraftprisen har ikkje fastbeløp.

 


Hytteeigar ber om flytting av steinbrot 25.05.2004

NRK S. og Fj. melder at Einar Samnøy ber Fylkesmannen om å underkjenne reguleringsplanen for eit steinbrot på Gulestø i Bremanger. Samnøy, som har hytte nokre få hundre meter frå det planlagde brotet, meiner det går ut over både naboar og turist- og reiselivsnæringa.

Han meiner at det alternativt bør flyttast seks til åtte hundre meter slik at det blir til mindre sjenanse.

NRK S. og fj.


Svelgen - Tempo/FSK 2

på Svelgen stadion onsdag kl. 19 25.05.2004

Onsdag 26/5 kl. 19 er det lokaloppgjer mellom STIF og Tempo/FSK 2  på Svelgen stadion.

5. divisjon


Fotball

Firda Avis Cup-kampen flytta 25.05.2004

Kampen Svelgen - Florø i Firda Avis Cupen, som var fastlagd til 2/6, er no flytta til tysdag 8. juni.

Stengt kino 25.05.2004

Svelgen Kino har stengt for sommarsesongen. Det opplyser kinosjef Janne Tytingvåg til Svelgen.no.

Godveret kjem ..... 25.05.2004

På nedbørsvarselet til DNMI for Svelgen er det meldt litt nedbør tysdag, men deretter er det ikkje ein drope på varselet som går fram t.o.m. 31/5. Temperaturane er jamt over om lag 12 grader på dagtid.

Gode nyheiter etter 12 døgn på rad med regn, sludd og snø. På desse 12 døgna har det t.o.m. tysdag morgon falle 160 mm, medan det normale for Svelgen for mai månad er 110 mm.


Leka til sals 24.05.2004

 
Annonse:
14 stk. Leka Byggeplank til salgs mål: 250+50+20 cm.
Kan f.eks brukast til sjølvberande golv / tak.
Rimelig til salgs.
Tlf: 91 17 73 27

Referat Svelgen - Vik 25. mai 24.05.2004

Laget (4 – 4 - 2):Torgeir Sørheim (Roy Vegard Sørgulen i 9 min) – Lars Kristiansen (Arild Myklebust i 21 min), Kjell Åge Bueie, Frank Ommedal, Trond Hatleset (Stian Bøhmer i 65 min) – Thor Kristian Sortevik, Terje Nybø (Sigbjørn Hjortland i 38 min), Geir Myklebust, Torbjørn Didriksen (Torgeir Vårdal i 38 min) – Andrè Hatleset (Arne Rebni i 34 min), Andrè Gjerde (Tom Are Blom i 9 min)

Svelgen virker som de er tilbake i flytsonen, og kjørte over Vik i en underholdende og sjanserik kamp, hjemme på Svelgen stadion, søndag ettermiddag. Laget avgjorde kampen med fire mål i løpet av de første 12 minuttene. Innsatsen til Svelgen var god over hele linja, og et svakt Vik- lag skapte svært få sjanser.

Resten av referatet finn du under Sport t.v. på denne sida.


STIF vann 6-1 mot Vik 23.05.2004

I 5. divisjonskampen søndag vann STIF 6-1 heime mot Vik. Unge lovande Andrè Gjerde, som har vore mykje skada i sesongoppkøyringa, scora to av STIF sine mål. Det er gledeleg at han er på gang.

Vinnar av "Scoringsklubben" sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart medlem nr. 9 Edvin Follevåg. "Scoringsklubben" har no 42 medlemar, men det er framleis mogeleg å bli medlem. Interesserte kan ta kontakt med spelarane på A-laget, eller Frank Ryland.

Referat kjem seinast mandag kveld.

5. divisjon


Meir om snø i Svelgen i mai månad 23.05.2004

Som lesarane til Svelgen.no har merka seg var det altså fredag 21. mai 2004 nokre centimeter med snø på bakken i Svelgen. I følgje STIF si historiebok var det også snø i Svelgen 20. mai 1995, då ein fotballkamp måtte avlysast grunna bana var dekt med snø.

Angrar sløkkinga av gatelysa 23.05.2004

Fire månader etter at politikarane vedtok å skru av gatelysa i Bremanger, angrar no ordførar Kåre Olav Svarstad på heile vedtaket. Les meir i Firdaposten


Fotball

Om kampfakta på Svelgen.no 23.05.2004

Kampfaktaane frå STIF sitt seniorlag sine kampar vert no i si heilheit lagt på "Sport" på Svelgen.no. Dette finn du på menyen til venstre på hovudsida. Eit kort utdrag vil også ligge på hovudsida.

Det vert fotballkamp på Svelgen stadion 23.05.2004

Etter at det laurdag var uvisse om kampen mellom STIF og Vik kunne spelast på grasbana i Svelgen, vart det laurdag morgon bestemt at kampen kan gå som planlagt. Dermed vert det avspark på Svelgen stadion kl. 1500.

Einebustad til sals i Svelgen 23.05.2004

Hjortevegen 3 på Sande selgast. Byggeår 1973. Bruttoareal 180 m2 +  garasje 24 m2.

Flott solrik utsiktstomt på 1095 m2. Takst kr 1.150.00, selgast høgstbydande over 1 mill. kr.

Henvending 57748221/57792290 etter kl 1700.


Kampfakta Vadheim/Høyang 2 - Svelgen 21. mai 23.05.2004

Laget (4 – 4 - 2):Torgeir Sørheim – Stian Bøhmer, Trond Hatleset, Kjell Åge Bueie, Arild Myklebust – Thor Kristian Sortevik (Andrè Gjerde i 35 min), Sigbjørn Hjortland (Geir Myklebust i 30 min), Torbjørn Didriksen, Torgeir Vårdal – Andrè Hatleset, Terje Nybø.

Kort om kampen: Resultatet til tross; endelig! For i kampen mot Vadheim/ Høyang 2 begynte Svelgen endelig å vise innsats. Og når Andrè Hatleset omsider tar ut potensialet han har som målscorer fikk vi i hvert fall i lange perioder se at Svelgen kan leve opp til forventningene som et av topplagene i årets 5. divisjon. Resultatet er på ingen måte et topplag verdig, til det slipper vi inn alt for mange mål, men etter 170 minutter med "rævafotball a’ la Svelgen" snudde det i hvert fall delvis fredag kveld.

Resten av referatet kan du lese ved å klikke på Sport t.v. på denne sida.


Tre "bilar" i bryllaupsgåve.. 23.05.2004

Christian Gulhaugen og Ann Kristin Ryland gifta seg laurdag i Midtgulen kyrkje og feirar i skrivande stund den trivelege hendinga på Svelgen Hotell. Seint i kveld fekk redaksjonen i Svelgen.no besøk av ein kar (som av opplagte årsaker vil vere anonym)  som ynskte vi skulle ta bilde av bustaden til det ferske brudeparet.

Synet som møtte oss ser du på bildet til venstre:

 "Gode" kompisar har i ettermiddag valgt å heidre dei to med å dumpe tre vrak i hagen deira. Gulhaugen er som kjent bil-entusiast - men det spørs om han tykkjer om dette stuntet!!

Svelgen.no ynskjer   all mulig lukke til ekteparet - trass den litt voldsomme starten..


Journaliststreiken over 23.05.2004

Journaliststreken er over. Partane vart einige laurdag kveld omkring klokka 2200. Det betyr at Firdaposten sine journalister igjen syter føre ei meir innhaldsrik avis, og at journalistane i Fjordenes Tidende slepp å gå ut i streik frå måndag, slik det har vore varsla.

Fotball

Uvisst om kampen går i Svelgen søndag 22.05.2004

Det er laurdag uvisst om 5. divisjonskampen mellom STIF og Vik går på Svelgen stadion eller om den vert flytta til Davik. Avgjerelsen om dette vert teke søndag morgon. Det er meldt om minimalt med nedbør og ein del sol, så sjansane er gode for at kampen går i Svelgen. Om kampen går i Svelgen vert avspark kl. 1500, og om det vert Davik byrjar kampen kl. 1530.

Laurdag har veret i Svelgen skifta frå regn, til sol, til sludd, med korte intervall av alle desse vertypane heile dagen igjennom.

Svelgen.no kjem med info om kampstad seinast kl. 12 søndag.


5 mål av Andrè Hatleset 21.05.2004

Andrè Hatleset scora alle 5 måla i kampen mot Vadheim/Høyang 2.

Berre Øyvind Grindheim har scora fleire mål i ein seriekamp for A-laget. Han scora 7 mål i ein kamp i 1993.

Fire andre spelarar har også scora 5 seriemål i ein kamp: Geir Ask i 1976 og 1980, Knut Eikeland 1984 og 1986, Øyvind Grindheim i 1995, og Ronald Førde i 2002.

Eikeland og Ask var berre 17 og 18 år gamle då dei første gong scora 5 seriemål for A-laget.


STIF spelte 5-5 !! 21.05.2004

Jaudå, du las rett. 5. divisjonskampen mellom Vadheim/Høyang 2 og STIF enda 5-5. STIF låg under 0-3, men kom tilbake og leia 5-4 kort tid før slutt.

Referat frå denne spanande kampen kjem på Svelgen.no seinast laurdag kveld.

5. divisjon


Firda Avis Cup 2004

STIF heime mot Florø SK i 1. runde 21.05.2004

Fotballkrinsen har gjeve STIF heimekamp mot Florø sitt 3. divisjonslag i 1. runde i Firda Avis Cup. Kampen går onsdag 2. juni, og STIF får byrje kampen med to straffespark, grunna divisjonsskilnaden.

Det vert med dette gjensyn med gamle lagkameratar for Trond Hatleset og Frank Hatleset (biletet), som i fjor spelte for FSK. Men det gjenstår å sjå om sistenemde vert frisk av strekkskaden i låret. Han er med stor sikkerhet uaktuell til dei tre seriekampane STIF har frå 21/5 - 26/5. Jan Ove Grindheim, gamal STIF-spelar, spelar på FSK.

Florø er det laget STIF har møtt flest gongar i Firda Avis Cupen si 20-årige historie. Dette vert det 6. møtet, og STIF har vunne to av dei fem tidlegare møta. I fjor vann Florø heile 9-1 i 2. runde.

Resten av trekninga kan du lese på linken: Firda Avis Cup. Øyvind Grindheim frå Svelgen TIF er oppsett som dommar i kampen mellom Haugen og Florø/Tempo 2. Grindheim dømmer elles mellom anna i 3. divisjon i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.


Endå meir snø 21.05.2004

 

 I morgontimane i dag har det lava med med snø i Svelgen. Eg var på veg til Isane i dag tidleg, men måtte gje tapt med sommardekk.

Fleire bilar stod faste, og trailarane hadde utrusta seg med kjetting for å komme fram. Bildet er tatt kvart over åtte i dag (21.5.) tidleg. (ieh)


SNØ I SVELGEN! 20.05.2004

Tru det eller ei, men i ettermiddag har det faktisk snøa i Svelgen. Gradestokken har vore nede på 3 grader og vi har hatt både sol og fleire haglbyger. Men rundt halv sju i kveld snøa det - og det den 20. mai - i sterk kontrast til dei fine sommardagane vi hadde for vel ei veke sidan med over 20 grader.

På bildet ser vi Sande sett frå Naustneset. Tåka skjuler nysnøen som har lagt seg på Sansegga. Det er ikkje så godt å sjå snøfnugga som dalar ned på bildet.


Svelgen - Vik

på Svelgen stadion søndag kl. 15 20.05.2004

Søndag 23/5 kl. 1500 spelar STIF heimekamp i 5. divisjon mot Vik.

Fredag 21/5 spelar STIF borte mot Vadheim/Høyang 2. Kampen, som vert spelt i Høyanger,  tek til kl. 1900. I følgje "Tobbensida" manglar ein del spelarar til denne kampen.

Følg med her i timen etter kampane så kjem nok resultatet.


Send inn tips! 19.05.2004

Eg har no tatt til som journalist i Fjordenes Tidende. Dersom de har saker de ynskjer avisa skal skrive om, tips om nyhende, arrangement eller anna er det flott om de tek kontakt anten pr. epost eller telefon. Send epost til ingrid@haugen.no eller ring 92261787 eller 57793606.  Helsing Ingrid E. Haugen


Promillekontroll 18. mai 19.05.2004

Politiet i Bremanger gjennomførde ein promillekontroll på morgonkvisten 18. mai i sentrum av Svelgen. Mellom klokka 06 og 08 blei 77 bilførarar plukka ut til pusteprøve. Ein av dei 77 måtte vente og avleggje ny prøve, etter at han bles til gult. Kontroll nummer to gav grønt resultat, og bilisten slapp dermed reaksjonar frå politiet, melder Firdaposten.no.

Flott 17. mai feiring 18.05.2004

Trass dårleg ver, vart det ei minnerik 17. mai feiring i Svelgen i går. Det var aktivitetar heile dagen. Oransjerussen lukkast i å vekke ein del av oss tidleg på morgonkvisten etter ei natt med rangling med fest på Samfunnshuset og på Risevatnet. Under barnetoget var det nokonlunde opplett, og toget vart langt og fargerikt. På 17. mai ser vi tydeleg at vi bur i eit samfunn med innbyggarar frå heile landet, med dei store variasjonane av bunadar. Seinare på dagen var det barneleikar i idrettshuset. Talen for dagen var ved ordførar Kåre Olav Svarstad som også skulle tale i heimbygda Bremanger. Om kvelden hadde 17. mai komiteen klart å engasjere alle generasjonar i eit langt og innhaldsrikt program. Trekkspelklubb, revylag, songlag, kulturskule og barnehagane stod alle for fine innslag. Olav Ommedal hadde skrive prolog og Ståle Dyrstad og Arve Berle stod for ei humoristisk innslag.  Sist men ikkje minst må vi nemne Svelgen Skulemusikk som stilte opp med sine drilljenter og la ramme rundt heile dagen.


17. mai-leikane flytta til idrettshuset 16.05.2004

Etter ein sur og våt 16. mai, og med verprognosar som fortel om regn 17. mai, har leikekomitèen vedteke at leikane kl. 1215 skal foregå i Svelgen Idrettshus. Her vert det springing, sykling og styltegåing for ungane, medan fire bedriftslag for vaksne skal tevle i tautrekking. Desse bedriftene er Bremanger kommune, Elkem Bremanger, INC Vedlikehold Svelgen og Brødrene Mundal/Klausen.

På ei nedbørsprognose for Svelgen, som er delt inn i tre og tre timar, er det meldt om mykje nedbør 17. mai mellom kl. 11 og 14.


17. mai programmet: 15.05.2004

 

 

17.maikomiteen vil oppfordre alle lag og organisasjonar om å støtte opp om folketoget, som går kl 16 frå samfunnshuset. Ta fram fanene og still opp!

 

Programmet for dagen følgjer tradisjonen vi har i Svelgen:

 

 

  • 0800 Flaggheising ved samfunnshuset
  • 1000 Barnetog  frå barneskulen
  • 1100 Gudsteneste
  • 1215 Barne/familieleikar på idrettsbana eller i idrettshuset i fall dårleg ver.
  • 1330 Barnefilm, samfunnshuset. Brus og kjeks. Bill. kr 40 for barn
  • 1600 Folketog. Start frå samfunnshuset.
  • 1645 Tale for dagen ved ordførar Kåre Olav Svarstad, på samfunnshuset.
  • 1800 Familiefest. Underhaldning med lokale aktørar på samfunnshuset.
  • 2030 Ungdomsarrangement på Realen. Slutt kl 0030.

 

Ta med det vesle heftet til familiefesten. Alle husstandar i nærområdet har fått eit slikt i posten.

 

I skrivande stund er det både kaldt og vått ute, og vêrvarslet for dagen er diverre ikkje godt, men vi kan då håpe at veret snur seg. 17.mai er det uansett ver!

 

Helsing 17.mai komiteen.

 


Regnbyger 17. mai ? 14.05.2004

I eit nedbørsvarsel som Meteorologiske Institutt (DNMI) har utarbeidd for Svelgen, går det fram at det vert regnbyger 17. mai. DNMI anslår temperaturen til om lag 10 grader.

Men det er frameis nokre dagar att til nasjonaldagen, så det er lov å håpe på at vervarslet slår feil.


Hestetræet dagleg leiar i vedlikehaldsbedrift 14.05.2004

I følgje ein artikkel i Helgeland Arbeiderblad datert 22. april, er Per Inge Hestetræet (biletet) tilsett midlertidig som dagleg leiar ved Aker Kværner Industrielt Vedlikehold i Mosjøen.

I følgje artikkelen kom Hestetræet frå stillinga som leiar for ingeniør- og prosjektavdelinga ved Aker Kværner i Mosjøen. Før han kom til Mosjøen jobba han 13 år ved Elkem Bremanger.

Hestetræet er oppvaksen i Svelgen. Han var mellom anna spelande trenar for STIF sitt juniorlag i volleyball, som i 1984 knipe tapte bronsefinalen i junior-NM. Dette er ein av STIF sine aller fremste idrettsprestasjonar, og vart utført med ein 18-åring som hovudtrenar. Hestetræet har trena i alt åtte av STIF sine volleyballag, og førde tre av desse til KM-gull.

 


Heimesida til Spik Adel 14.05.2004

Ved å klikke her kjem du til heimesida til Spik Adel, som laurdag 15. mai spelar til dans på Svelgen Hotell.

Enger tente rått i 2003 14.05.2004

I følgje ein artikkel i Finansavisen tente konsernsjefen  i Elkem, Ole Enger, svært godt i 2003. Enger, som aldri har spelt "Stompa" i TV-serien med det same namnet, hadde ei inntekt på heile 6 030 019 kr.

Historia til A-laget til STIF 14.05.2004

"Tobbensida" kan du no lese ein kortversjon av historia til senior A-laget til STIF.

Spelefri for STIF i helga 14.05.2004

Svelgen sitt lag i 5. divisjon har spelefri i helga. Men f.o.m. fredag 21. mai går kampane "tett som hagl". Kampane mot Vik og Tempo/Florø 2 er flytta ut frå det opprinelege oppsettet. Her ser du STIF sitt kampprogram i slutten av mai:

Fredag 21/5 Vadheim/Høyang 2 - STIF

Søndag 23/5 STIF - Vik

Onsdag 26/5 STIF - Tempo


Frå Svelgen på Vestlandsrevyen 13.05.2004

I Vestlandsrevyen torsdag 13/5  vart det vist eit innslag frå kavrebakinga på Bakarhuset i Svelgen. Innslaget handla om at den gamle tradisjonen med kavringbaking, som Rolf Sande dreiv med i lange tider, no vert ført vidare på Bakarhuset. I innslaget var det mellom anna eit intervju med nyebakaren Roy Vegard Sørgulen og gamlebakaren Rolf Sande, samt kundane Marta Mulelid og Yngve Sande. Vestlandsrevyen kjem i reprise på NRK1 fredag 14/5 kl. 1320, og då vil heile landet kunne sjå programmet. Innslaget frå Svelgen er heilt mot slutten av Vestlandsrevyen.

Dette innslaget er ein kortversjon av eit innslag som skal visast i Norge Rundt på NRK1 ein fredag i mai 2004. Svelgen.no kjem tilbake til datoen innslaget frå Svelgen kjem på Norge Rundt.

Du kan også gå inn på NRK S. og Fj. lyd og velgje "Vestlandsrevyen torsdag".  Dette kan du sjå fram til torsdag 20/5.

 


Påminning:

Køyr vekk hageavfall i dag 13.05.2004

 Hei alle hagearbeidarar i Svelgen !!

Vi er ein gjeng fotballjenter og fotballgutar som skal på Norway Cup. For å kunne reise må vi ha litt inntekter. Vi er villeg til å ta vekk hageavfall for Dykk. Vi stiller med bil og tilhengar. Kvar husstand må samle kvistar og anna hageavfall i ein haug slik at vi kan frakte det utpå storbosset.

Vi køyrer og arbeider i område frå Hola til Medvika på Sande.

Utkøyringsdato
 Torsdag 13. mai etter kl 16.30

Vi må få opplyst kvar du bur. Då ringer du Hilde Jensen eller Kjell Bortheim for avtale.

Hilde Jensen tlf. : 95206055
Kjell Bortheim tlf. : 95982996

Pris pr. hage 150 kr.
Spesialavtale når det gjeld anna avfall eller hagearbeid tar de opp med Kjell eller Hilde For slike avtalar blir det tillegg i pris

Hjerteleg helsing Norway cup deltakarar.


Kino fredag kveld:

Monster 13.05.2004

Aileen Wournos (Charlize Theron) vokste opp under kalde og grusomme omstendigheter. Hun ble utsatt for mishandling og seksuelt misbruk, og ble ignorert av sin egen mor. I en alder av 13 rømmer hun hjemmefra, blir prostituert og narkoman. Filmen følger Aileen i perioden fra 1989-1990. En skjebnesvanger periode med store følelsesmessige kontraster, hvor hun opplever sin første og eneste store kjærlighet i møtet med kvinnen Selby (Christina Ricci), samt tar konsekvensen av sitt hat til menn. Charlize Theron er nominert til Oscar for Beste kvinnelige skuespiller. Hun har allerede vunnet Golden Globe og Sølvbjørnen i Berlin for beste kvinnelige hovedrolle i "Monster". Hun har dessuten vunnet prisen for "Beste kvinnelige gjennombrudds-prestasjon" i National Board of Review of Motion Pictures 2003 for sin innsats i denne sterke filmen.
Fredag 14. mai kl. 20.00
Alder: 15 år. Speletid: 1 t. 49 min


Fotball:

Midthjell sakna i forsvaret til Arna-Bjørnar 11.05.2004

Marit Renate Midthjell, som i april fekk avrive korsbandet i høgre kneet på ein treningsleir i Spania, er sakna i forsvaret til toppserieklubben Arna-Bjørnar. På dei tre siste kampane har bergenslaget sluppe inn heile 14 mål.

Då det rett før seriestart var klart at Midthjell sin sesong var over, uttala medspelarar og trenar til pressa at dei mellom anna ville sakne farten, rutina, overblikket og den gode pasningsfoten til ålfotdama. Trenar Odd Einar Fossum uttala vidare at MIdthjell var tiltenkt ein sentral rolle i forsvaret.

Biletet t.v. er henta frå Arna-Bjørnar si heimeside, og er teke etter at Midthjell skada seg under treningsleiren på La Manga. Då biletet vart teke kjente ikkje Midthjell og klubben til omfanget av kneskaden.

 


Spik Adel spelar til dans på hotellet laurdag 11.05.2004

Laurdag 15. mai spelar Spik Adel frå Bremanger opp til dans på Svelgen Hotell (biletet). Bandet er populært over store delar av Vestlandet, og har også vore svært godt likt når det tidlegare har spelt opp til dans i Svelgen. Så ta turen til Svelgen Hotell laurdag !

Her følgjer nokre linjer saksa frå Firdaposten tidlegare i år: "Spik Adel er eit musikalsk prosjekt som er utvikla og foredla med nøye omtanke over lang tid. Bandet har fylt opp sine musikalske rom med ei god blanding av rock & roll frå 70-, 80- og 90-talet med røter i folkemusikk, blues og moderne countrymusikk. Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med trøkk, overtyding og eleganse. Dei fem musikarane frå Bremanger har gjort det skarpt på mange speleoppdrag i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Dei har fått svært positiv omtale mellom anna på Antoniusfestivalen i Førde, Fjordblues på Sandane, Countryfestivalen på Breim og som oppvarmingsband for Hellbillies. Spik Adel framstår i dag som eitt av dei aller beste banda i fjordfylket, og tilhengarskaren er aukande. Når Bremangerbandet går på scena, stiller dei med flunkande nytt og godt lydanlegg, og spelar dansemusikk som appellerer sterkt til dansefoten!"  


Mobiltelefon mista i Svelgen 09.05.2004

Om nokon har funne ein Samsung mobiltelefon i Svelgen sentrum, gjer vel og ring 57793385.

Fotball

Stortap for STIF 08.05.2004

STIF tapte heile 2-5 heime mot Oppstryn laurdag. Referat kjem i løpet av helga.

Vibeke Kjerpeseth & Astrid Johanne Vårdal vart trekt ut blant dei 35 medlemane i "Scoringsklubben", som vinnarar av pizzaen gjeven av Svelgen Hotell.

5. divisjon


Turorienteringa 2004 lagd ut 07.05.2004

Turorienteringa i Svelgen er i år lagd ut for 22.  gong i regi av STIF. STIF hatt turorientering på programmet følgjande år: 1976-1985, 1990-1995, og 1999-2004. For tredje året på rad er det Alf Håøy (biletet) som har lagt ut postane. Her følgjer info frå turorienteringsgeneralen:

Orienteringsgruppa ønsker nye og gamle medlemmar velkomne til ny dyst i skog og mark. Postane ligg i området Brandevann – Hjelmevatn, og ved Langesi. Postane blir hengande ute til slutten av august. I år er det lagt ut 20 postar med litt ulik vanskelighetsgrad. Ein kan ta postane i den rekkefølge en sjølv vil, kartet ligg i posen.

Pris pr. pose 50 kr klippekort kr 20. Materiell selges på Svelgen Motorsenter (Statoil)

Rettleiing om orienteringa: På kontrollkortet er det merka av kva for nr. posten har, kva poeng verdi posten har og kva detalj i landskapet posten er plassert på. Postane er merkte med orange/kvite postflagg, og den har klippetang til å klippe i kontrollkortet med.

Klipp i nr. rubrikken for kvar post. Det er ikkje nødvendig med kompass.

Merkekrava i år vert: Gullmerke: 90p, sølvmerke: 75p, bronsemerke: 60p. Dei 20 postane, gjev til saman 100 poeng. Dei som greier gullmerket blir med i trekninga om 3 premiar.

Vis naturvett vis omsyn til beitande dyr og planteliv.Om ein avpassar farten kan ungar gjennomføre orienteringa saman med voksne. Ver vennleg og gje beskjed om feil eller mangler ved postane.

God Tur!!!!

Klippekorta må leverast tilbake til undertegna.

For Trimgruppa: Alf Håøy, tlf 91881257


STIF møter Oppstryn på

Svelgen stadion laurdag kl. 15 05.05.2004

Laurdag 8/5 kl. 15 har STIF heimekamp mot Oppstryn i 5. divisjon. Frank Hatleset, som fekk ein kraftig strekk i låret i kampen forrige helg, må stå over både denne kampen og kampane nokre veker framover. Også Terje Nybø og Andrè Hatleset slit med skadar, og er usikre. Sistnemde stod over mot Hornindal i forrige kamp. Også Frank Ommedal er usikker til kampen mot Oppstryn. Følg med på "Tobbensida" for meir info fram mot kampen.

Elles har STIF flytta ein av kampane ut frå det opprinelege oppsettet. Heimekampen mot Vik, som skulle vore spelt 29/5, er flytta til søndag 23/5.


Stor arbeidsløyse 04.05.2004

I Bremanger er  arbeidsløysa urovekkjande høg. 6,3 prosent (118 personar) står heilt utan arbeid.

Heimeside for STIF sitt A-lag 04.05.2004

Torbjørn Didriksen har laga ei uoffisiell heimeside for Svelgen sitt senior lag i fotball. Her kan du finne mykje informasjon om laget, stadion, treningstider, resultat og meir. Adressa er  http://enivest.net/~torbjorn.didriksen/svelgenAlag/

STIF A-lag 2004: Bak f.v. Frank Ryland (oppmann), Arild Myklebust, Frank Hatleset, Andrè Hatleset, Kjell Åge Bueie, Frank Ommedal, Stian Bøhmer, Torgeir Vårdal og Thor Vidar Blix (assistent). Framme f.v. Terje Nybø, Thor Kristian Sortevik, Torbjørn Didriksen, Torgeir Sørheim, Geir Myklebust, Roy Vegard Sørgulen, Trond Hatleset og Arne Rebni.


Svelgen kino 7. mai:

Når du minst venter det... 04.05.2004

 
Svelgen kino viser førstkommande sundag filmen Når du minst venter det. Litt om filmen:

Harry Sanborn er en evig ungkar som holder seg til damer under 30 år. På romantisk helgetur med sin siste erobring, Marin, får Harry hjerteproblemer. Marins mor må motvillig pleie Harry. Da får den aldrende sengehesten følelser han aldri har kjent før.

Fredag 7. mai kl. 18.00
Alder: 7 år. Speletid: 2 t. 8 min


Volleyball

NM-gull til Tambar og Svelgen-jentene 02.05.2004

Tambarskjelvar vann søndag eit nytt NM-gull, då jentelaget i 17-årsklassen gjekk til topps i Stavanger. På laget var det heile fire jenter frå Svelgen. Ut i frå resultata tyder

det på at det var svært spennande både i semifinalen og finalen. Tambarskjelvar vann semifinalen mot Sortland med 2-0 og 27-25 og 25-19 i sett, og i finalen vann dei 2-0 mot KFUM Haugesund med settsifra 25-22 og 25-23.

Gulljentene frå Svelgen var Kristina Mundal, Eli Kvendseth, Herborg Eikeland og Sylvi Mari Fløtre. Dei to sistnemnde vann sitt andre NM-gull for året, då dei også var med på Tambarskjelvar sitt 19-årslag som og vann NM. Svelgen.no gratulerer jentene med NM-gullet, og ein gratulasjon går også til Volleyballgruppa i STIF, som må få ein del av æra for dette NM-gullet. Seinast i sesongen 2002/2003 spelte dei fire jentene for STIF sitt jentelag i 15-årsklassen. Også komande sesong held Svelgen-jentene alderen for å delta i 17 års-NM.

Gå inn på linken NM 17 år og les meir om NM. På bilder - søndag er det ein del bilder frå finalen.

 


Fotball

STIF spelte 1-1 01.05.2004

STIF spelte laurdag uavgjort 1-1 borte mot Hornindal. Heimelaget var før sesongstart rekna som eit av dei betre laga i divisjonen. Kampreferat kjem på Svelgen.no i løpet av helga.

Med dette vart sigerrekka i serien broten. STIF har perioden 2002-2004 vunne 16 seriekampar på rad, og dette er ny rekord for STIF. Den gamle rekorden var frå sesongane 1976-1977 då STIF vann 10 kampar på rad.

Neste kamp for STIF er heime mot Oppstryn laurdag 8. mai.

5. divisjon


Volleyball

Tambarskjelvar til semifinalen 01.05.2004

Tambarskjelvar sitt jentelag, med fire Svelgen-jenter på laget, har vunne alle kampane i NM både fredag og laurdag. Laget er klar for semifinalen som går mot Sortland søndag kl. 0945. Resultata i kampane som har gått, og resultata i kampane søndag kan du sjå her.

STIF spelar borte mot Hornindal laurdag 01.05.2004

STIF sitt lag i 5. divisjon spelar mot Hornindal på Hornindal Idrettspark laurdag kl. 1700. Svelgen.no vil melde resultatet innan ein time etter kampslutt kl. 1845.

5. divisjon


Om nedbøren i april 01.05.2004

I Svelgen fall det 157 mm nedbør i april 2004, mot det normale som er 123 mm. 10 døgn var utan ein dråpe i måleglaset, og det meste ein målte på eit døgn var 39 mm.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov