Arkiv April 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

PROGRAM FOR 1. MAI 2006 30.04.2006

PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS

Kl. 15.30    Svelgen Samfunnshus opnar dørene.

                     Sal av kaffe, kaker, nysteikte sveler, is og brus

                     v/ Svelgen Pensjonistforeining

Kl. 16.30    Festopning v/ ordførar Kåre Olav Svarstad m/ ord for dagen.

Svelgen Skulemusikk v/ dirigent Fay Løvseth

Apell ved Joar Aarøen

      Ludmila Matvienko – flygel

     Allsong  

      ”De unge slekter”

      leia av Margareth Hjalte  

    

Botnane Barneorkester  v/ leiar Jacqueline Mannart

 

Apell ved Bjørnar Førde

Svelgen Seniordans v/ leiar Konrad Ryland

Tale for dagen v/ Arvid Langeland Distriktssekretær i LO, Sogn og Fjordane

Ludmila Matvienko - Flygel

  Avslutning v/ ordføraren


Vi minner om:

Bandidas på kino i kveld 28.04.2006

Vi minner om at det er kino i kveld kl. 2000. Sjå annonsa lenger nede på sida.

Samfunnshuset er flidd:

Tid for vårreingjering 27.04.2006

Torsdag var det vårreingjering på Samfunnshuset. Det vart vaska  vindu og vegger, dører og lister samt taket i Småsalen. Det var ein gjeng med godt vaksne damer som samla seg for å gjere ein innsats slik at huset skulle vere fint til 1. og 17.mai. Rektor Kåre stilte opp med ein gjeng til utearbeidet. Fontena blei reinska for rusk og rask og det vart kosta og raka. Så no er alt klart til dei store festdagane.
 
Det er tid for dugnad, og redaksjonen tek gjerne i mot meldingar og bilder om tiltak som må vere på gang.
 

Fjordaferd til Svelgen tysdag 2. mai 27.04.2006

Tysdag 2. mai legg Atløy til kai i Svelgen. Dei skal reise Nordfjord rundt og har allereie vore innom fleire plassar i kommunen vår. Fjordaferda er ei gjenskaping av gamle tradisjonar då bytehandel var ein viktig måte å få tak i varer på.  Fiskarane på kysten drog inn i fjordane og kjøpte eller bytta til seg varar der. Dei haddde med seg  sild, torsk, brosme og mykje anna frå øyane. Om hausten, etter at potetene var teke opp av jorda fekk fjordabonden bytta til seg eller kjøpt poteter, grønnsaker, frukt, mjøl, ved og skurlast kanskje litt hatleband til sildetønnene eller vove ulltøy. Denne årvisse handelsferda heldt fram like til 1950-åra.  Her kan du lese meir.


Anders Skipenes blir banksjef 27.04.2006

  Anders Skipenes blir ny banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane i Gloppen. Skipenes, som jobba i Svelgen ei årrekke, er 42 år og har dei fire siste åra vore administrerande direktør for bussprodusenten Vest-Busscar i Stryn.  


Spelte Shakespeare på Sandane:

Svelgen-ungdomar på teaterscena 27.04.2006

Iført profesjonelle kostymer frå Opera Nordfjord stilte dei to Svelgen-ungdomane Mari Elise (heilt til høgre) og Kristian (nr. 3 frå høgre) på teaterscena på Sandane onsdag kveld saman med andre elevar ved dramalinja ved Firda. Stykket "Stor Ståhei for Ingenting" av William Shakespeare er lagt til tida etter ein krig er slutt. Men den "lystige" krigen mellom Beatrice (Mari) og Benedick (Kristian) rasar vidare.  Det vart eit reint lystspel med mykje humor og stor moro for dei mange som fekk sjå stykket som er vist tre gongar denne veka.

Ledig stilling som brannsjef 26.04.2006

Bremanger kommune har ledig stilling som brannsjef i 100 prosents stilling. Sjå "Stilling Ledig".

Stortingsmann på Svelgen-besøk 25.04.2006

Stortingsmannen og davikaren Erling Sande frå Senterpartiet (heilt til venstre i bildet)  besøkte i går Svelgen der han mellom anna la turen inn om Ann Irene Myrheim og Bremanger Vekst. Sande fekk med seg informasjon om Elkem Solar og kunne fortelje at han kom til å bruke tida som gjenstår før avgjerd fell aktivt men dei kanalane han finn.

 

Vidare vart det snakka om energi utnytting, breiband og kommunikasjonar - mellom anna gratis ferjer. Om Bremanger blir prøvekanin på prosjektet med frie riksvegsferjer, er førebels ikkje avgjort. Men Sande kunne fortelje at departementet skal ha ferdig utgreiinga kring dette før jul i år. På bildet ser vi utanom dei to nemne også fylkessekretæren i Senterpariet, Per Rune Vereide og Einar Kjerpeseth. Les meir i Fjordenes Tidende onsdag.


Svelgen ungdom til NM torsdag 25.04.2006

 

Tre Svelgen-ungdomar reiser torsdag til Lillestrøm  for å konkurrere i NM for ungdomsbedrifter.

 

Ungdomsbedrifta Huldra UB frå Jølster Vidaregåande skule vann tidlegare i år prisen som beste ungdomsbedrift i fylket. Dette kvalifiserte til finalen torsdag. Då møter mellom andre dei tre Svelgen-ungdomane Frode Midtbø Bjørkedal (styreleiar), Malin Vedvik Leirvik (dagleg leiar) og Malin Valberg Svarstad (styremedlem) saman med ni andre i verksemda Huldra UB.   

 Dei konkurrerer om fleire prisar, men fortel til Fjordenes Tidende at dei traktar etter den gjevaste – som beste ungdomsbedrift på landsbasis.

- Vi gleder oss kjempe mykje og er spente på korleis utfallet blir. Vi skal konkurrere med 80 andre ungdomsbedrifter frå heile landet, fortel Malin Svarstad. Torsdag blir det full rulle med oppsetting av stand, scene og presentasjonane dei har laga. I tillegg blir det gallamiddag om kvelden – og sjølvsagt shopping innimellom, opplyser finalistane.  

Under prisutdelinga i Førde i vinter vann Huldra førstepris for å ha utvikla beste logo. På tampen av prisutdelinga fekk elevane frå Vassenden ein enno større opptur, då den aller gjevaste utmerkinga også gjekk til Huldra som beste bedrift. 
Ungdomsbedrifta med Svelgen-leiing tilbyr produksjon av medieprodukt, med hovudfokus på profilerings- og informasjonsarbeid.

- Vi har blant anna produsert reklamefilmar, foldarar, årbok for skulen og annonsar. Elles tilbyr vi journalistisk arbeid, foto, websider og liknande. Rett og slett gode og gjennomførte medieprodukt, til ein rimeleg pris, fortel den glade gjengen.

Les heile saka i Fjordenes Tidende onsdag.

 


Skulemusikken inviterer:

Vårkonsert i Idrettshuset 25.04.2006

Laurdag 6. mai skal Svelgen skulemusikk arrangere vårkonsert i Svelgen idrettshus.
 
Vi opnar dørene kl. 1200, og då blir det sal av kaker, kaffi og brus. I tillegg blir det mange forskjellige aktivitetar som til dømes 21, lykkehjul, pilkast og "bowling".
Klokka 1600 vert det konsert med Svelgen skulemusikk og drillen skal opptre og skal mellom anna vise konkurranseprogrammet sitt.
 
Vi håpar at flest mogeleg har høve til å støtte skulemusikken denne dagen, og legg kafèbesøket til idrettshuset denne laurdagen. Og ikkje minst, kjem på konserten. Det blir ein fin forsmak på 17. mai.
Vi kjem attende med nærare program når datoen nærmar seg.

AmCar program tek form 25.04.2006

 

Arild Tyvold som driv med motivlakkering kjem til Svelgen-treffet som i år er lagt til helga 16. til 18. juni. Han skal lage til ein liten stand der han viser fram nokre eksempel på arbeid som han har gjort og kva utstyr han bruker.

 

Musikk til dansen på lørdag blir Trondsheimsduoen Trixie Dicks som, sjølvsagt, spelar fengande country musikk.

 

Les meir om treffet på Svelgen AmCar sine eigne nettsider.


Rett Vest for mange svelgarar 24.04.2006

Mange svelgarar sprang i helga Rett Vest i Florø - fleire med gode resultat. Mellom anna    Magnus Myrhol og Ole Martin Gjerde som kom på høvesvis 1. og 2. plass i si gruppe (12 og 13 år).

Heile resultatlista kan du sjå her.


Ordføraren framleis optimistisk:

Positivt Solar-møte 24.04.2006

Ordførar Kåre Olav Svarstad er framleis optimist etter møtet med konserndirektør i Elkem John G. Thuestad og Solar-direktør Erik Løkke-Øwre. På møtet på Gardermoen vart den såkalla Bremanger-pakken presentert for dei to Elkem-direktørane. At fylkeskommunen legg 15 millionar på bordet og at ein i tillegg kan få to prosent investeringstilskot frå Innovasjon Norge, vart i følgje ordføraren godt imotteke. Kor mykje investeringstilskotet til slutt vil utgjere, er førebels ikkje kjent.

- Dette er noko av det vi må jobbe vidare med. Eit slikt tilskot er blir så stort at det er Innovasjon Norge sentralt som må handsame det, seier Svarstad. Dersom tilskotet vert avgjerande for at Solar-etableringa skjer i Svelgen i staden for Kristiansand, må ein få til ei førehandshandsaming. Likeins set EØS visse krav til kor mykje offentleg stønad som skal gjevast med omsyn til konkurransevridning. Dersom heile Solar-fabrikken vert lagt til Svelgen vil det koste ein halv milliard kroner, og tilskotet vil då utgjere heile 50 millionar i tillegg til pengane som allereie er løyvd frå Fylkestinget.

- Tilgang og pris på kraft er eit anna viktig moment. Det vert no jobba aktivt med å få til ein industrikraftmarknad. Styresmaktene er i gang med forhandlingar med EU, og utfallet trur eg blir avgjerande for all kraftintensiv industri her i landet. EU er opptekne av at alle skal ha like konkurransevilkår, men så lenge kraftprisen ligg skyhøgt over det industrien må betale i til dømes Frankrike eller Spania vil ikkje dette vere eit bærande argument for at vi, som står utanfor EU, ikkje skal kunne opprette ein slik marknad, meiner Kåre Olav Svarstad. Regjeringa er også i gang med å framforhandle diffrensiert arbeidsgjevaravgift. Dersom nivået kjem ned på 10.4 prosent som tidlegare vil det bety millionar av innsparte kroner årleg for Elkem Bremanger.

- Korleis dette kjem til å verke i praksis er ikkje bestemt endå, men tidlegare var det slik at dei som hadde færre enn 12 innbyggarar per kvadratkilometer fekk lægare arbeidsgjevaravgift. Bremanger kommune har fem. No betaler Elkem 14.4 prosent i slik avgift, medan ein til dømes i Finnmark betaler ingenting, fortel Svarstad. Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve i dag.

 


Bandidas på Svelgen kino neste fredag 21.04.2006

 

1880. Det lovløse ville vesten strekker seg inn i Mexico. Sara, datter av en rik bakeier, og Maria, oppvokst i en fattig bondefamilie, kunne ikke vært mer forskjellige. Men en dag forener Tyler Jackson, representant for et stort finanshus i New York de to i en tragedie som ryster begge kvinnenes familier, for ulovlig å ta kontrollen over store meksikanske landområder under dekke av utvidelsen av den amerikanske jernbanen.

 

Filmen har norske regissører: Joachim Rønning og Espen Sandberg

Fredag, 28/4. kl.20.00
11 år
Speletid: 1 time, 33 min.

 

Les meir om filmen på FilmWeb.


Årsmøte i Bremanger SV 21.04.2006

Det vert halde årsmøte i Bremanger SV på  Davik oppvekst onsdag den 26. april 2006 kl. 18:30

  Sakliste:

 

Sak 1.    Godkjenning av innkalling.

 

Sak 2.     Godkjenning av sakliste.

 

Sak 3.     Årsmelding.

 

Sak 4.    Rekneskap.

 

Sak 5.    Budsjett for 2006.

 

Sak 6.    Val

 

Sak 7.    Møteplan 2006

 

Det vert høve til innmelding i lokallaget på møtet. Nye medlemmer kr. 100.-

 

VEL MØTT!

Nils-Jørgen Sagebø

  - Styreleiar -


Folkemøte i Svelgen 3. mai 21.04.2006

Statnett har meldt til NVE at dei planlegg ei 420 kV kraftline frå Ørskog på Sunnmøre til Fardal i Sogndal. Lina kan bli omlag 300 km lang. NVE arrangerer 13 folkemøte om prosjektet i april og mai.

Årsaka til meldinga frå Statnett, er trong for meir overføringskapasitet til Midt-Noreg og ein betre forsyningstryggleik for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Samstundes kan den nye lina transportere ny kraftproduksjon ut frå området.

Les meir her.


Tips til næringsdrivande på Rise:

Snart 17. mai 21.04.2006

Redaksjonen i Svelgen.no har høyrt rykter om at 17. mai toget i å vil gå bak forbi Rise Næringsbygg og via Naustneset og bort til Svelgen Bu- og Servicesenter. Kanskje nokon bør rydde? Bremanger kommune og næringsdrivande for eksempel.. 

 

Berre eit velmeint tips.


Positivt møte med Posten 21.04.2006

Svelgen Næringsråd, representert ved Bjørgulf Myklebust og Tor Olav Halse møtte i går Posten Norge saman med ordførar Kåre Olav Svarstad. Både SNR og Bremanger kommune har sendt brev til Posten der dei ber om at kommunen får nytt postnummer og at vi såleis kjem under sortering i Bergen i staden for Ålesund som i dag. Leiaren i SNR opplyser at møtet var positivt, men at han har forståing for at ei endring er komplisert. SNR reknar med å få tilbakemelding frå Posten om vel 14 dagar.

Mattilsynet:

Kritikk av manglande informasjon 21.04.2006

Mattilsynet har i eit brev til Bremanger kommune bede om dokumentasjon på den informasjonen som er gjeve i samband med kokepåbodet i Svelgen, Ålfoten, Kolset og Rugsund. Mattilsynet opplyser at dei har fått fleire førespurnader om dette frå abonnentane til Svelgen Vassverk.

 

Teknisk sjef Ole Bjørn Førde har hevda at eit kokepåbod gjeld inntil nytt varsel vert gjeve, men dette er feil i følgje Drikkeføreskrifta. Der heiter det at innbyggarane skal verte løpande orientert. Teknisk seksjon vedgår i svarbrevet at systemet har svikta.

 

Les meir i dagens Fjordenes Tidende.


4 millionar omsøkt 21.04.2006

Fjordenes Tidende melder i dag at Svelgen Næringsråd har fått inn søknadar på totalt fire millionar kroner til den eine millionen dei har til rådvelde.

 

Leiar Bjørgulf Myklebust seier det er mange spennande prosjekt som han håpar det skal bli Svelgen-arbeidsplassar ut av.


Opa Moldahytte på sundag 21.04.2006

Søndag 23.04 er det  ope hus på Moldahytta frå kl. 11.00 - 15.00. Servering av suppe, kaffi/te, saft.Vegen til Moldahytta finn du sjølv på merka sti frå Rise, Breivika eller Ytrehus. 
Vi ynskjer store og små velkomne til Moldahytta på søndag.
KEIPEN TURLAG

Kokepåbod oppheva 20.04.2006

Kokepåbodet ved Svelgen vassverk, Bråtane vassverk i Ålfoten og Kolset vassverk (bustadfeltet) vert med dette oppheva, då dei to siste vassprøvane er fri for koliforme bakteriar og vatnet såleis oppfyller kvalitetskrava i ”Drikkevassforskrifta”, melder teknisk kontor i Bremanger kommune på nettsidene sine i dag.

Kokepåbodet gjeld framleis for Rugsund vassverk, der vassprøvane viser at vatnet framleis inneheld koliforme bakteriar. Påbodet gjeld inntil nytt varsel vert gjeve.

Hornelen fotoklubb 20.04.2006

Hornelen fotoklubb møtes i Kalvåg søndag 23.april kl. 14.15 ved bedehuset.

Tema for dagen blir "Buavandring". Ta godt med klær med, det kan være kaldt ute.

Ferge fra Kjelkenes kl. 13.30, med retur 17.25. Ta kontakt med Anita Ingebrigtsen (tlf.: 48119849) dersom du ønsker å være med, eller vil bli medlem i klubben.

 


Vil skrive bok frå Vingenfeltet 19.04.2006

Astrid Johanne Nyland (31) vil skrive bok der handlinga er lagt til steinalderens kvardag i Vingenfeltet og Skatestraumen. Ho vil fortelje om guten Stein som levde her for 6000 år sidan både gjennom fakta og fiksjon.

 

 

Nyland er utdanna arkeolog og har arbeidd i Vingenfeltet fem somrar på rad. Ho syns plassen er så interessant at ho har valt å bruke omgjevnadane som bakgrunn for historia si.

 

Les meir i dagens Fjordenes Tidende. 


Svelgen Kino:

Istid 2 kjem 13. mai 19.04.2006

I Istid 2 er våre godt frosne helter tilbake - Manny, den loete mammuten, dovendyret Sid, sabeltanntigeren Diego og den uheldige, forhistoriske ekornrotta kjent under navnet Scrat.

 

 

 

Våre venner holder fremdeles sammen og nyter fordelene som avdekkes etter hvert som isen smelter. De morer seg i en primitiv versjon av vannpark - fylt av vannsklier, bølgebasseng og solbadende dyr - og Manny ser sammensveisede familier overalt rundt seg og føler at han nå selv er klar til å stifte familie. Men ingen har sett en annen mamut på aldri så lenge, og Manny frykter at han kan være den siste eksisterende mammuten.

 

Laurdag 13. mai 

kl. 1600

7 år
Speletid: 1 time, 30 min.


Samfunnshusbasar

                         Lørdag 22.april   kl. 12.00

er det klart for den årlege samfunnshusbasaren!  

Sal av 21, årar, kaffi og kaker.

Hovudtrekning på bøkene ca. kl. 1400.

Vel møtt til ei hyggeleg stund på

Svelgen samfunnshus


Norway Adventures med norsk heimeisde 18.04.2006

Norway AdvenTURes si heimeside har no kome med norsk utgåve. Skal du på ferie, blåtur, kurs eller ha en firmatur, kan firmaet lage eit skreddarsydd opplegg for ein opplevelse utenom det vanlige.

 

Les meir på heimesida.


Bremanger kommune

La ut personnummer på nettet 18.04.2006

Vigdis Greftegreff trudde ikkje det ho høyrde då ho fekk vite at personnummeret hennar var å finne på Bremanger kommune sine nettsider. Svikt i rutinane gjorde at kommunen la ut dokument med personnummera til minst sju personar på Internett. Dette melder NRK Sogn og Fjordane i dag.

Fikk videoutstyr 16.04.2006

 
Etterlysinga vår etter "gamalt" videoutstyr har gjeve resultat. Vi takkar dykk som har ringt. Det var kjempefint at de ville hjelpe oss.
Framleis god påske til alle. 
Helsing Aud Marit og Espen.

HUSK KINO I DAG 12.04.2006

I dag viser Svelgen Kino siste filmen til Olsenbanden jr. Sjå lenger ned på sida for omtale.

Etterlyser "gammalt" videutstyr 12.04.2006

I "gamle" dagar (1990) kjøpte vi oss videokamera av typen video 8. Vi har mange råfilmar liggande og skulle sjå på desse. Diverre er videokameraet øydelagt. Er det nokon som har eit slikt kamera liggande, og eventuelt til låns slik at vi får spele råfilmane over på videoband. Dette hadde vore kjempefint.
Med helsing
Aud Marit og Espen Sortevik 57793616  

DYKKERKURS I MAI 12.04.2006

Sunnfjord Dykkerservice vil holde dykkerkurs i Svelgen i mai, visst nok påmelde.

 

Pris for kurset:

4-5                   kursdeltakere               3500,-

6 eller meir     kursdeltakere               3000,-  

 

Påmelding/Info:

Svelgen Sportsdykkerklubb

Ronny Førde          mob            91344313        

Ingmar Vårdal       mob            95257530


Vi minner om:

Påskemenyen på Svelgen Hotell 11.04.2006

 

                                                             Onsdag 12.april

kl.1930-2130

Tacoaften kr 120.-inkl.dans

kl.2200

Dans Ronny Fløholm cc kr.70.-

Påskeafta

kl.2000-2130

Heilsteikt Ytrefilet kr 180.-inkl.dans

                              kl.2200 

                             Dans Ludo cc kr.100.-

                           

Bordbestilling 57 79 33 01

Om LUDO (bildet): Frå Hareid og Ulsteinvik kjem to karar som utgjer duoen Ludo.
Atle Gjerde er vokalist og gitarist, medan Kjartan Skotte spelar keyboard og andre tangentinstrument. Begge har lang erfaring frå danseband, og er kjende som dyktige musikarar.
Ludo satsar på god lyd og behageleg lydnivå. Dei har eit variert repertoar, der låtar av m.a. Creedence, Hollies og Tor Endresen pleier å vere populære innslag. Danseduoen kan kallast ein totalleverandør av musikk for vaksne, danseglade menneske. Dei er kjende for å få med seg publikum når dei opptrer, og er blitt svært populære både blant publikum og arrangørar på Nordvestlandet!

 


Fotball:

Stine Sortevik på krinslaget 10.04.2006

Fotballkrinsen har teke ut krinslaga for gutar og jenter fødde i 1990 og 1991, som skal måle krefter mot Hordaland. Stine Sortevik er einaste Svelgen-namnet på lista. Her kan du lese meir.

Fylkesrordførar, ordførar og Elkem Bremanger:

Møter Thuestad i morgon 10.04.2006

Ein delegasjon med fylkesordførar Nils R. Sandal i spissen skal i morgon møte konserndirektør John G. Thuestad (bildet)i Oslo for å freiste å påverke lokaliseringa av Elkem Solar.

 

Arbeidet med å få Elkem Solar til Svelgen held fram med full tyngd. I morgon reiser ordførar Kåre Olav Svarstad og fylkesordførar Nils R. Sandal samt verks- og klubbleiing ved Elkem Bremanger til Oslo for å møte konsernsjef John G. Thuestad.

 - Vi ynskjer å presentere Bremanger-pakken til han og vise kva vi faktisk kan tilby, seier ordførar Kåre Olav Svarstad. Han er særskilt glad for at han også kan legge fram 15 millionar kroner i reint tilskot frå fylkeskommunen. Det er også klubbleiar Bjørnar Førde.

 Han gleder seg til å treffe konserndirektør John G. Thuestad som jobba ved Elkem Bremanger i Svelgen ei årrekkje på 90-talet.

- Vi skal fortelje at vi har klart areal, vi har kompetanse og eit etablert Solar-miljø. Thuestad er den øvste sjefen innan Elkem og det er viktig å informere han, seier Førde. Dersom Svelgen ikkje får ein einaste Solar-arbeidsplass etter det avgjerande styremøtet i månadsskiftet mai/juni, seier Førde han vil bli svært overraska og veldig skuffa.

- Magekjensla blir berre betre og betre på at dette skal gå rett veg, seier han til Fjordenes Tidende i dag.


Kverrsette stereoanlegg i Svelgen 10.04.2006

Etter å ha spelt musikk vel høgt natt til sundag, og etter gjentekne klager frå naboane, rykte lensmannen i Bremanger til slutt ut til ein mann 40- åra busett i Svelgen og kverrsette stereoanlegget hans, melder Firdaposten.


 

 

Styringsgruppe for Svelgen sentrum

Assisterande administrasjonssjef Liv Marit Bøen la fram forslag om å setje ned ei kommunal styringsgruppe for å komme i gang med oppgradering av sentrum i Svelgen. Kommunen har som mål å sende søknad til fylkeskommunen om midlar til tettstadutvikling. Bakgrunnen for at saka kom opp var eit skriv frå Svelgen Næringsråd, der dei ba om fortgang i saka. I brevet går det fram at dei ynskjer å prioritere området frå stadion og bort til Riseelva. Jorunn Frøyen (H) tok til orde for at det var på høg tid at noko vart gjort med kommunesenteret, etter så mange år med snakk.

 

 

Ros til Kyststemnet

Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) tok opp Landstemnet på Kalvåg under plan- og utviklingstuvalet torsdag. Han meinte det ikkje var grunn til å kritisere korkje Forbundet Kysten eller Kystlaget Hornelen for det økonomiske resultatet.

-  Arrangementet var fantastisk og Hornelen har dekka underskotet fullt og heilt. Den mediadekninga og profileringa Landsstemnet fekk kan ikkje betalast i pengar når det gjeld marknadsføring av Bremanger kommune. Sigmund Larsen har også sendt brev til kommunen der han takkar for støtte til gjennomføring av stemnet både før, under og etter arrangementet, sa ordføraren mellom anna. Les meir i dagens Fjordenes Tidende.

 

Kraftutbytte til Bremanger

SFE hadde i fjor eit overskot på 125 millionar kroner, 30 millionar meir enn 2004. Bremanger kommune eig 2.81 prosent av kraftselskapet og får 680.000 kroner meir i utbytte enn budsjettert.  Samla utbytte blir 2.183.000 kroner.   Totalt betalar SFE ut 87 millionar kroner i utbytte - ei auke på 28 millionar   i høve året før, skriv Fjordenes Tidende.

 

Møte med Miljøverndepartementet

Ordførar Kåre Olav Svarstad har vore i Miljøverndepartementet for å drøfte vern av Ålfotbreen. Med i følgjet var mellom andre Gloppen-ordførar Anders Ryssdal.

Det er ikkje teke avgjerd i forslaget om landskapsvern som Bremanger kommune er sterkt i mot. Svarstad fortalde at det framover blir behov for meir kraft, ikkje minst dersom Elkem Bremanger får Solar-fabrikk.

 Dette melder Fjordenes Tidende i dag.

 

- Er Idrettshuset inntektbringande?

Roar Førde (H) meiner rekneskapen for Svelgen idrettshus ikkje fortel heile sanninga om den økonomiske stoda. Bakgrunnen for at saka kom opp under møtet i plan- og utviklingsutvalet var at årsmeldinga med fjorårs resultatet vart lagt fram. Det viste eit overskot på   vel 88.000 kroner.

- Det kan jo sjå ut til at det å drive idrettshus er inntektsbringande. Det hadde vore greitt å få vite kva kommunen betaler av driftsutgifter, sa Roar Førde (H) og fekk svar frå sonen, tekinsk sjef Ole Bjørn Førde. Han fortalde at kommunen betaler kapitalkostnadane for lånet på huset, forsikring, kommunale avgifter og vedlikehald. I 2005 har idrettshuset også investert i fjernvarme der utgifta vart delt på to. Les meir i dagens Fjordenes Tidende.

 

 

 

Sel eldste huset i Svelgen

Bremanger kommune ynskjer å selje det eldste huset i Svelgen, Øyratunet 5 i sentrum. Kommunen overtok huset i 1991 og restaurerte det utvendig. Sidan har huset frå 1860 ikkje blitt brukt.

 

Overskot i kommunale føretak

Dei fleste kommunale føretaka i Bremanger kommune får med overskot. Torsdag fekk politikarane i plan- og utviklingsutvalet lagt fram rekneskap og årsmelding. Aktiv Jobb KF (tidlegare Bakarhuset KF) hadde eit overskot på 81.679 kroner. Overskotet, som kjem frå avdelingane i Svelgen (69.715 kroner) og ytre Bremanger (11.982 kroner), er avsett på fond. 13 personar har arbeidstilbod gjennom tiltaket.

Bremanger Vekst KF har eit overskot på vel 720.000 kroner. Etter at underskotet frå året før er dekka inn vert det akkumulerte overskotet på 182.000 kroner.

Bremanger   Hamnevesen KF   hadde i fjor eit driftsoverskot på 248.970 kroner.

Bremanger Indutribygg KF   har eit underskot på 23.408 kroner. Underskotet er dekka inn ved bruk av tidlegare avsette midlar. Rekneskapen for 2005 viser at det er avskrive husleige frå Bremanger Fryseri på 244.444 kroner, etter vedtak frå kommunestyret.

Frøysjøterminalen KF har eit   overskot på 501.129 kroner. Overskotet, som kjem av eit rekneskapsmessig mindreforbruk, skal tilførast eigenkapitalen, skriv Fjordenes Tidende i dag.

 

Vil ha breiband i Berle

Skulen i Berle er ein av elleve som endå ikkje har fått breiband her i fylket. Ei utbygging vil koste 192.000 kroner. I Bremanger kommune gjenstår elles Dombestein, Botnane og delar av Kjelkenes og Novelandet. Totalkostnaden på utbygginga er rekna til 1.2 millionar kroner. Under plan- og utviklingsutvalet sist torsdag opplyste ordførar Kåre Olav Svarstad at målet er hundre prosent dekning innan i løpet av 2007. Kommunen må koste ein tredel sjølve, melder Fjordenes Tidende.


Ordførar informerte Fylkestinget:

Vil ha ilandføring på Smørhamn 10.04.2006

Ordførar Kåre Olav Svarstad informerte sist veke Fylkestinget om planane kommunen har for ilandføring av gass i Smørhamn. - Det kan fort bli snakk om 100 arbeidsplassar, seier han.

 

  Kommunen kjøpte industriområdet der på åttetalet som har stått ubrukt sidan den tid.   Det er feltet Agat som først var aktuelt for ilandføring til øya. Seinare har Norsk Hydro i tillegg gjort bra funn ved det såkalla Peon-feltet som ligg like vest for det første funnet. Nyleg vart det også gitt tildeling til yttarlegare to brønnar nord i området.

 

  Gassen vil bli ført inn til eit såkalla kondenseringsanlegg om omdannar gass til flytande LNG-gass.  F elta skal testast ut i løpet av sommaren og ein reknar med at   avgjerd om utvinning vil skje rimeleg kort tid etter dette.  Les heile saka i Fjordenes Tidende i dag.


Ledige lærarstillingar 08.04.2006

Bremanger kommune har ledig fleire lærarstillingar. Sjå Stilling Ledig.

Til til Klagegga søndag 07.04.2006

Søndag er det Klakegga som står på Keipen turlag si  turliste. Turleiar er Rogier van Oorschot. For opplysning om starttid og stad eller nærare informasjon om turen kan du ringe han på telefon 99404207 - helst innan kvelden på laurdag.
Som alltid på ein slik skitur håpar vi på godt ver, og etter dei prognosane som ligg føre i skrivande stund er det visst på søndag det skal bli bra.
Keipen turlag

Lions støttar klassetur 07.04.2006

 

 

Lionsklubben i Svelgen har gitt 5000 kroner som støtte til klasseturen for 10 kl. ved Svelgen skule. Turen som går til Tyskland i slutten av april, har som formål å gi ungdommane nye og viktige tankar om menneskerettar, fleirkulturell forståing og rettferdig fordeling i den verda vi lever i i dag.

Eit av Lions sine mål er å skape større forståing mellom menneske og nasjonar ved å arbeide for auka innsyn i mellommenneskelege problem. Formålet med turen høver godt inn med dette.

Lions er verdas største humanitære serviceorganisasjon med ca. 1,4 millionar medlemner i 196 land. I Norge er det ca. 13500 medlemmer fordelt på 515 klubbar. Vil du vite meir om Lions, logg deg inn her

 

 


Overnatting og yatzy på Karlskarstova 06.04.2006

Tysdag 28. mars til onsdag 29. mars hadde 5. klasse overnattingtur til Karlskarstova.

Vi tok bussen frå skulen tysdag morgon. Det kunne sjå ut som vi skulle vere borte i mange dagar, men vi hadde berre med oss det vi trengte og litt til. Oppe ved hytta var vi ute og hadde det kjekt i snøen, gjekk på ski, laga hopp og aka. På kvelden gjekk tida med til leik og spel. Litt seinare enn på normale dagar var det tid for å finne fram soveposen. Størst utfordringar skapte enkelte luftmadrassar som måtte blåsast opp utan pumpe. Det var ikkje like enkelt å kome til ro med 22 stykk som låg tett i tett oppe på Karlskarstova, men vi sovna til slutt. Onsdagen vakna vi til regn og med skodda langt ned i fjella. Så etter frukost slappa vi av med kortspel og yatzy, før vi pakka saman og tok ein liten skitur alle saman.

Vi hadde ein kjekk og sosial tur, melder klassen på skulen si heimeside. Sjå fleire bilder der.


Jorunn Frøyen (H) om Posten:

- Heilt forferdeleg! 06.04.2006

-           - At Posten stikk kjeppar i hjula for næringslivet i distrikta er rett og slett forferdeleg, sa Jorunn Frøyen (H), då PLU torsdag handsama protesten frå Svelgen Næringsråd.

 

Politikarane i Bremanger er heilt samde med Svelgen Næringsråd i å prøve å få skifta postnummer  og dermed bli lagt under region Bergen i staden for Ålesund.  

Roar Førde (H) kunne fortelje at han personleg har gitt opp heile Posten.

-           - D ei vel konsekvent ulogiske løysingar, og det er alvorleg når Posten sviktar i basale tenester, sa Førde.

Også ordførar Kåre Olav Svarstad uttrykte stor misnøye med resultatet av Posten sin såkalla effektiviseringsproses.

-           Han kunne informere dei andre politikarane om at SNR har fått svar frå Posten.

-          Posten vil gjerne møte næringsrådet og drøfte vanskane, og det er jo positivt, opplyste Svarstad som også vil sende brev til Posten.

Les meir i Fjordenes Tidende fredag.


Fylkestinget med endeleg løyving 06.04.2006

Fylkestinget gjorde onsdag endeleg vedtak om å tilføre Elkem Bremanger 15 millionar i investeringstilskot. Vilkåret er at delar av Elkem Solar blir etablert i Svelgen.

Dette melder Fjordenes Tidende fredag.


Overskot i Bremanger 06.04.2006

 

- Eg syns vi skal rose administrasjonssjef Gulhaugen for denne oppryddinga, sa Einar Kjerpeseth vendt til assisterande administrasjonssef Liv Marit Bøen på møtet i PLU torsdag.

 

I Tor-Kristian Gulhaugens fråver er det personalsjef Liv Marit Bøen som dei siste vekene har fungert som administrasjonssjef i Bremanger kommune. I går møtte ho for første gong i plan- og utviklingsutvalet der ei av sakene var rekneskapen for 2005. Den viste at prosjektet ”Budsjett i balanse” som Gulhaugen har sett i gang, har hatt god verknad. Driftseiningane har holdt seg innanfor eigne råmer og kommunen kan vise til eit rekneskapsmessig overskot på vel 900.000 kroner. 

Les heile saka i Fjordenes Tidende fredag.


Onsdagstur til jakthytta 05.04.2006

I dag går onsdagsturen til jakthytta på Ytrehus. Dette er ein lett og fin tur som passar for unge, gamle  - store små !!  Vil du vere med??
Møt opp ved Ytrehus Sag kl. 17.30.
Turleiar Olga Årsnes.
Vel møtt - i dag skin sola.
Keipen turlag

Ledig vikariat - driftssjef 05.04.2006

Det er ledig 100 prosents vikariat i stillinga som driftssjef for open omsorg i indre Bremanger i perioden f.o.m. 15.07.06 t.o.m. 14.07.07.

 

Stillinga er ei 100% administrativ stilling, og   næraste overordna er administrasjonssjefen. Driftssjefen har eit overordna fagleg og administrativt ansvar for open omsorg i heile indre del av kommunen (Svelgen- og Davikområdet). Les meir under "Stilling ledig" til venstre.


Tiggarar frå dør til dør i Svelgen 04.04.2006

Uthaldande som få gjekk tiggarar frå Polen fredag frå dør til dør i Svelgen sentrum og ba om pengar. Med seg hadde dei eit bilete av det dei fortalde var ei sjuk jente. Medan den eine køyrde tok dei fire andre føre seg gate for gate på tiggarferda. Og politiet seier dei fekk løn for strevet. 

- Berre ein person hadde fått inn 1500 kroner i løpet av nokre få ettermiddagstimar i Svelgen. Og når dei er fem personar, seier det seg sjølv at timebetalinga kan verte ganske bra, seier lensmannen i Bremanger, Hans Rune Strandos, til NRK Sogn og Fjordane.

Politiet tok kontakt med polakkane. Tiggarane lova då bot og betring, og leverte pengane tilbake til ein del folk. Seinare på dagen skal dei ha gjenteke gjerninga i ytre Bremanger og Florø.


Næringsrådet vil ha nytt postnummer 04.04.2006

 

Svelgen Næringsråd ynskjer seg nytt postnummer. Dei meiner omleggingane i Posten har blitt ein hemsko for næringslivet. Dei vil også ha lokalpolitikarane til å reagere.

 

Etter at all postsortering har blitt flytta ut av fylket opplever fleire næringsdrivande i Svelgen at posten ikkje kjem fram når den skal. Svelgen Næringsråd representerer 34 store og små verksemder som alle meiner den naturlege kommunikasjonsvegen er sørover mot Bergen og ikkje mot Ålesund som i dag.

- Det vil vere mykje bedre for næringslivet dersom vi ligg under same postregion (68 i staden for 6723/21) som Førde og Florø, skriv næringsrådet sin leiar Bjørgulf Myklebust (bildet) i eit brev til Bremanger kommune. Der ber han på vegner av SNR at   kommunen også sender brev til Posten slik at ynskjet om endring vert forsterka. Meir i Fjordenes Tidende onsdag.

 

 


Stengd nettbank frå onsdag til torsdag 05.04.2006

Som følge av omfattende systemoppdateringer vil nettbanken dessverre være utilgjengelig fra onsdag 12.april kl. 18:00 fram til torsdag 13.april (Skjærtorsdag) ca. kl. 12:00. Vi beklager ulempene dette medfører for våre kunder, skriv banken på sine heimesider.

STIF får erstatning etter 12 år 04.04.2006

 

I november i 1994 gjekk Bremanger kommune inn avtale med STIF om e rstatning for overtaking av arealet for mellombels treningsbane. Beløpet var på 100 000 kroner. Bremanger kommune godkjenner no  i tillegg tilleggskravet på dei  kostnadene STIF har hatt med oppsetjing av gjerde.

- Sidan det er gått så lang tid sidan erstatninga burde ha vore utbetalt etterkjem vi også kravet om renter på beløpet. Totalt utbetalt beløp vert såleis kr.118.618,98, skriv teknisk sjef Ole Bjørn Førde i eit brev til leiinga i STIF. Han orsakar også at saka har teke så lang tid. Dette melder Fjordenes Tidende onsdag.


Kork i Svelgen 04.04.2006


Tysdag ettermiddag sørga tre vogntog for trafikkork to kilometer frå Svelgen sentrum. Vogntoga stod faste og sperra vegen. Politiet stengde vegen for å rydde opp, melder Fjordenes Tidende onsdag.

Ikkje aprilsnarr:

Svelgen kino i gang att!! 03.04.2006

 

Etter nesten eitt år utan kinotilbod, prøver Svelgen Samfunnshus på nytt å tilby kommunesenteret film der film er best – nemleg på kino. 

 

Svelgen.no melde 1. april at Svelgen ville få superkino, men det var dessverre ein aprilsnarr. Gledeleg er det i alle fall at bygda no ser ut til å få eit kinotilbod.

 

– No håpar eg folk stiller opp, seier kinosjef Janne Tytingvåg til Fjordenes Tidende måndag.

 

Første film ut på Svelgen Kino er Olsenbanden jr. sin siste ”På Cirkus” den 12. april.

- I staden for å vise film kvar veke som tidlegare, satsar vi no berre på reine kassasuksessar som blir plukka rett ut frå topp ti lista på Filmweb to til tre gongar i månaden, seier kinosjef Janne Tytingvåg.

Svelgen kino har gått med underskot i fleire år. Den er driven av Svelgen Samfunnshus som igjen er eigd av lag og organisasjonar i bygda som eit andelslag. Dei siste åra har tapet på drifta av kinoen blitt dekka inn med basarar, bingo, mykje dugnadsarbeid og andre arrangement. Dette ville ikkje styret la fortsette, og i april i fjor sa dei stopp.

Men tidlegare i vinter fekk kinosjefen, som også er dagleg leiar ved Samfunnshuset, eit anonym mail frå ein av ungdomsskuleelevane frå Svelgen Oppvekst.

- Mailen var så reflektert og vedkommande hadde så mange gode innspel at eg rett og slett vart inspirert til å ta kinodrift opp med styret endå ein gong. Dei gjekk med på å vise film nokre gongar i månaden. No skal vi prøve ut litt ulike sendedagar, og håpar på fleire innspel frå publikum både om dette og gjerne filmynskjer, seier Tytingvåg som dermed ber om innspel på følgande epost: samfunnshuset@svelgen.no

Les heile saka i Fjordenes Tidende måndag.

 

 

 

MEN FØRST ALTSÅ:

 

 

 

 
Onsdag, 12/4. kl.18.00:
"Olsenbanden jr. på Cirkus".
Aldersgrense: tillatt for alle,
Speletid: 1 time, 32 min.
Billettpris kr. 80,- 
Sal av brus og snacks på huset før filmen.
 

Svelgen-jenter tok NM-GULL! 03.04.2006

  Tambarskjelvars jentelag held fram med å imponere i volleyball. I helga henta dei heim gullet i NM for 19-åringar, der tre Svelgen-jenter utgjer ein vesentleg del av laget.

 

-Dette er sjukt bra, jublar sportsleg leiar Odd Kaare Nøstdal I Tambarskjelvar over for NRK Sogn og Fjordane etter å ha  fått melding om at J19-laget har gått heilt til topps i NM i Bodø.

Tambarskjelvar gjekk gjennom meisterskapen i Bodø utan tap. I semifinalen banka dei Stord 3-1, og i finalen vart det 3-0 over favoritten Stavanger.

 

Desse tok NM-gull for Tambarskjelvar: Silje Vallestad, Beate Nyhammer, Hilde Elvebakk, Kine Grimeland, Herborg Eikeland, Sylvi Fløtre, Ida Hveem, Kristina Mundal, Ingri Malene Ervik Erdal og Malene Salbu.

 Svelgen.no gratulerer!!


her

Premieutdeling på skikarusellen 02.04.2006

Onsdag 5. april blir det premieutdeling for alle som har deltatt på årets skikarusell. Det blir også renn med  påmelding mellom 1630 til 1730. Start kl 1800.

 

Etter rennet får alle som har gått renne tidlegare i år ein fin premie. 

 

Det blir også mogeleg å ta skimerke denne dagen.


Ikkje idrettsskule onsdag 02.04.2006

 
På grunn av skikarusellrenn og premiutdeling ved Karlskarstova onsdag 5. april vert det ikkje idrettskule.
 
Onsdag 19. april klokka 17.00 - 18.00 vert det avslutning på idrettskulen. Det vert ulike leikar i hallen og kake og saft til slutt.
Vi ønskjer alle som har vore med velkomen.  
 
Helsing STIF

Kjempeglad Janne Tytingvåg:

- Svelgen får superkino! 01.04.2006

 

Svelgen Kino har vore stengd sidan april i fjor på grunn av dårlige besøkstal. Men kinosjef Janne Tytingvåg har ikkje lagt på latsida. I mars i fjor lyste vidgjetne Colusseum Kino i Oslo ut ein konkurranse blant alle private kinoar, der premien var å overta amfiet deira med   nedfellbare, stoppa og komfortable stolar. Svelgen Kino har som kjent ikkje dei beste facilitane og Janne meldte Svelgen Kino umiddelbart på konkurransen.

  Den kinosjefen som visste mest om nyare norsk film på direkten via internett, vann den gjeve premien.

Kinosjef  Janne Tytingvåg kunne seint i går   kveld fortelle Svelgen.no at ho, til sin store overrasking, gjekk av med sigeren – og det med god margin!!!!!

- Eg er utruleg glad og overraska, seier ho.  

Den 12. april skal   Svelgen Kino ha på plass sine nye stolar og vise kassasuksessen Olsenbanden jr. På Cirkus.

- For å feire sigeren vil Svelgen Kino gje gratis billettar til dei ti   første vaksne som møter opp i billettluka i dag, laurdag før kl. 1200, seier Janne Tytingvåg som personleg vil dele ut vinnarbillettane.

- Dette er berre heilt fantastisk. Svelgen kjem til å verte eit sentrum for kino og eg lovar her og no at vi framover skal vere best i regionen på å vise gode og populære filmar, seier ei overlukkeleg Janne Tytingvåg. Her kan du lese meir.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov