Arkiv Feb 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Skikarusellrenn 2009 23.02.2009

Stad : Karlskarstova

Dato :  15.03.09 (søndag)

            29.03.09 (søndag)

                                                                  

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Premie til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 50,-.

Følg med på svelgen.no og aalfoten.no om eventuelle endringar.
Avlysing vil kome seinast kvelden før rennet.

Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag                                          Svelgen Turn og Idrettsforening


1.Nyhetsbrev fra STIF vedr. Oppgradering av Svelgen Stadion 26.02.2009

 

OPPGRADERING AV SVELGEN STADION

Som dei fleste har fått med seg kan ein no sjå at arbeidene ved   Svelgen Stadion har starta.

Jorda som STIF selger går unna i stor fart men det er fremdeles masse jord igjen som skal selges, og mulighetene for å få jord tilkjørt er fremdeles tilstede.. I skrivende stund har STIF levert ca. 60 billass med jord til bustader i Svelgen og omegn.    Les meir på STIF si side her


BRIDGEKURS I SVELGEN
 
Bridgespill er et av de beste hjernetrim og hobby som finnes.  
Tirsdag 10. mars starter bridgekurs i Svelgen. Kurset er gratis og er åpent for alle som har interesse for kortspill. Leif Arild Lothe holder kurset. Påmelding til Kan Shanker: mobil 91531446 eller e-post: shanker@shanker.no.
 

Ny kraftlinje vil gi rådyr straum til Elkem 26.02.2009

Den omstridde kraftlina gjennom fylket kan øydelegge for Elkem i Svelgen.Om lina kjem kan smelteverket risikere å få 70 prosent høgare straumpris, melder NRK Sogn og Fjordane.

 

- Det betyr ein generell auke i kostnadsnivået, og det svekkjer oss, seier direktør for samfunnskontakt i Elkem, Johan Christian Hovland.

Han er svært uroa.

Elkem er Bremanger sin viktigaste arbeidsgjevar og vurderer å byggje ein solcellefabrikk i industribygda. Dette har vore eit viktig argument for å føre fram den omstridde kraftlina gjennom fylket.

Men no kan kraftlina tvert om gje fabrikken dyrare straum.

Difor krev Elkem at transformatorstasjonen som etter planen skal liggje i Åskåra i Ålfoten, vert flytta til Svelgen. No ber dei Statnett ta samfunnsansvar.

Men det prellar berre av på prosjektleiar Magne Maurset i Statnett.
Dei vil ha transformatorstasjon i Ålfoten på grunn av dei store kraftanlegga der.

- Vi har vurdert Ålfoten i høve til Svelgen. Og Svelgen er eit mykje dårlegare alternativ. Det skal nemleg mykje vasskraft inn på den leidninga, seier han .


LEDIG STILLING I OPEN OMSORG SVELGEN 26.02.2009

Open omsorg Svelgen søkjer brukarstyrt personleg assistent (BPA) 5 timar pr. veke i snitt til ein mann som er avhengig av rullestol. Sjå Stilling ledig til venstre.


Lina Vågene leiar Ungdomsrådet 25.02.2009

Lina Vågene (leiar) Ungdomsklubben Realen 2008 - 2009
Benedikte Grindheim (vara) Ungdomsklubben Realen 2008 - 2009
Elise Madelein Førde Ungdomskubben Kjellaren 2008 - 2009
Susanne Førde Midtbø Hauge skule 2008 - 2009
Simen Hamre (vara) Hauge skule 2008 - 2009
Eline Førde Torvanger Hauge skule 2008 - 2009
Jørgen Hoddevik Hauge (vara) Hauge skule 2008 - 2009
Karoline Abildsnes Davik oppvekst 2008 - 2010
Marlene Joensen (vara) Davik oppvekst 2008 - 2010
Steffen Isene Davik oppvekst 2008 - 2010
Runar Storøy (vara) Davik oppvekst 2008 - 2010
Berit Myklebust Davik oppvekst 2008 - 2009
David Meijer (vara) Davik oppvekst 2008 - 2009
Frida B. Sande Svelgen oppvekst 2008 - 2009
Jens-Petter Kjerpeset (vara) Svelgen oppvekst 2008 - 2009
Oda S.B. Mulelid Svelgen oppvekst 2008 - 2010
Alice B.S. Holm (vara) Svelgen oppvekst 2008 - 2010
Område
ungdomsrådet
arbeider med:
  • Alle saker som rådet ønskjer å uttale seg om
  • Skal velje utsending til fylkestinget for ungdom
  • Disponere dei midlane dei til ei kvar tid har på kommunebudsjettet. Midlane skal nyttast til å betre dei unge sitt oppvekstmiljø

 


- Ingen fare med Svelgen Hotell 25.02.2009

- Nei, vi skal ikkje oppløysast, ler Jostein Eimhjellen ved Svelgen Hotell. - Vi har tvert om teke høge for finanskrisa og legg planar for kva som skal skje framover!

 

"Varsel om kvangsoppløysing" er standardformuleinga frå Brønnøysund når eit føretak ikkje har levert lovpålagde dokument innan fastsett tid. - Vi har skifta revisor og vart dermed nokre dager for seine med registreringa. Eg ringde Brønnøysund for å stoppe registeringa som stod på annonseplass i Firdaposten sist laurdag, men då var den alt sendt, fortel Eimhjellen til Firdaposten. Han fortel at han er optimist og at uteområdet, inkludert basseng, vil verte realisert. Han har i det siste - som kjent her i bygda - vore oppteken med ombygging av Bakarhuset som totalt vil ha ein prislapp på fire millionar kroner og som skal verte verna verksemd.


Barnetrim! 25.02.2009

 

  Det vert barnetrim i vinterferien, fredag 27. februar!

 

  Vel møtt!


Desentralisert lærarutdanning 25.02.2009

                                         Måndag 2.mars kjem Kjell Bergfjord

frå Høgskulen i Sogn og Fjordane

for å informere om det desentraliserte lærarutdanningstilbodet som vert

sett i gong i vår region.

Stad: Davik skule

Dato: Måndag 2.mars

Tidspunkt: kl. 20.45

Møtet er ope for alle interesserte

i Bremanger kommune.

Informasjonsmøtet varer litt over ein time.

Det vert høve til å stille spørsmål.


Svelgen TIF

Vekstjord og torv til salgs 23.02.2009

I forbindelse med oppgraderinga av Svelgen Stadion har STIF førsteklasses vekstjord og torv til salgs.

 

STIF selger dette tilkjørt alle innanfor Svelgen (inntil 4 km fra Bana) for kr. 1500.-  pr lastebillass.

 

Jorda som selges er god vekstjord (utan ugras) bestående av jord og grastorv.

For dei som ønsker jord tilkjørt kan kontakte S.A.Sandvik på telefon 95030315 for bestilling.

Les meir på    STIF si heimeside


Spinning i vinterferien, veke 9 24.02.2009

 

  Treninga torsdag 26.02 kl.20.00 går ut, elles går alle oppsette

  spinningtreningar som normalt i vinterferien.

 

  Vel møtt!


Kastrèr katten din:

Veterinærdag i Svelgen 23.02.2009

Laurdag 14. mars kan alle som har hannkatter i Svelgen og området rundt, få kastrert kattane. Veterinær Hanne kjem frå Florø og har sett av dagen til å sette ein stopp for virile urinmarkerande katter.
Dyrebeskyttelsen stiller med reise-bur og kan vere til hjelp med henting og bringing av kattane dersom det trengst.
I Svelgen er det katteaids blant kattane, og det er som oftast ukastrerte hannkatter som er smittespreiarane. Katteaids smitter gjennom spytt og det er ein sjukdom som kun går på katt og som det ikkje fins behandling for.
Ein kastrert hannkatt vert rolegare, held seg meir heime, sprayar ikkje med illeluktande urin, noko både eigar og naboar bør sette pris på. Ein kastrert hannkatt er heller ikkje med å føre katteslekta vidare, og det trengst også i Svelgen.

Dyrebeskyttelsen har hatt slike dagar i ytre Bremanger fleire gangar og der har bygdefolket vore flinke til å nytte seg av tilbodet. Det finst knapt ein einaste ukastrert katt i ytre Bremanger og problema med sky eigarlause katter er under kontroll.
Så no står Svelgen for tur, og vi oppfordrar alle ansvarsfulle katteeigarar å gripe tak i problemet og få ordna katten.

Til dei som har hokattar, planlegg våren og få katten kastrert no, så er du med å redusere alle dei uønska kattungane som kjem til verda til våren og du er med på å heve statusen til katten. Det er rimelegare å kastrere enn å bruke p-pillar på sikt.
Hokattane må til ein vererinærklinikk for å verte operert, dette kan ikkje Hanne gjere denne laurdagen.
Vi veit at i Svelgen sentrum går det fleire eigarlause sky og svoltne katter som lir og som ikkje er ønskt der. Svelgen er ein såpass liten plass at dette bør ein kunne klare å ordne opp i, men då må tilveksten av desse eigarlause stoppe opp. Dyrebeskyttelsen skal hjelpe til så langt vi har kapasitet til, men vi treng hjelp av bygdefolket.

Alle som kastrerer katten sin denne dagen får eit flott refleks-halsband av Dyrebeskyttelsen som takk. Då får katten din eit synleg teikn på at den er ordna og har ein eigar som bryr seg om han.

Ring tlf 57 75 00 04 så raskt du kan for timebestilling og pris.

Så snakkast vi på rådhuset laurdag den 14. mars.

Helsing Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

Det vert ikkje sirkeltrening onsdag 25/2 23.02.2009

 

Per Arne Sæterlid opplyser at det ikkje vert sirkeltrening onsdag i vinterferien.


Oppstart av anleggsarbeidene ved Svelgen Stadion mandag 23. Februar 20.02.2009

 

  

Iforbindelse med oppgraderinga av Svelgen Stadion har STIF førsteklasses vekstjord til salgs.

                                   Les meir på STIF si heimeside Svelgen Stadion


Pizzahelg på hotellet 21.02.2009

Denne helga er det pizzafest på hotellet. 100,- for ein stor pizza mellom 2000 og 2200!

Stor fest med Kokken Tor på Svelgen hotell 21.02.2009

Laurdag 28 februar blir det stor fest med   KOKKEN TOR på Svelgen Hotell!!

 

Med et repertoar som består av det absolutt beste av norske rockeslagere, i tillegg til et energisk sceneshow, er “Kokken Tor” kjent for å gi alt dei har for at lokalet skal koke opptil fleire ganger før arrangøren kutta strømmen - i følge gruppa si eiga heimeside.

 

Meir info: www.kokkentor.com 

Overnatting og dans: Pr person i dobbeltrom inkludert dans :   520,- kr   (150,-   kr i tillegg for enkeltrom)

Førehandsal av billettar   kr 170,-

Billettar   i døra kr 200,-
 

kl 22.00

 

Svelgen Hotell – 55 79 65 20


Fire fleire i Bremanger kommune 20.02.2009

Statistikken for folketalsutviklinga viser at frå 4. kvartal 2007 til 4. kvartal 2008 så har folketalet i Nordfjord auka med 91 personar. Størst auke har det vore i Stryn (+69), medan Gloppen har den største tilbakegangen med minus 24 i perioden.

 

Fire kommunar i Nordfjord har folketalsvekst i den nemnde perioden. I tillegg til Stryn og Eid så har Bremanger fire fleire innbyggarar og Hornindal har auka med ein. Selje har ein nedgang på åtte, Gloppen, som vi allereie har nemnt har ein nedgang på 24 og Vågsøy minus 11.

Størst folkevekst i Sogn og Fjordane har Førde med pluss 238 i perioden 4. kvartal 2007 til 4. kvartal 2008. Dette melder Fjordabladet .


Lovlydige bilførarar i Svelgen 20.02.2009

 
Av 52 kontrollerte bilar var det ein som køyrde utan bilbelte.
Politiet i Bremanger heldt kontroll i Svelgen på Rv 614 torsdag føremiddag.

Det var stort sett lovlydige bilførarar, og bilar utan manglar.

Ein bilførar fekk bot for ikkje å bruke bilbelte. I tillegg vart det gjeve tre munnlege pålegg for mindre feil på lys, melder Fjordenes Tidende.

Stadt Sjøtransport fjerna grunnstøtt båt 20.02.2009

Stadt Sjøtransport måtte dra "Vårøybuen" ut av fjæresteinane for å få den laus. 

Den 19 meter lange garnbåten frå Sør-Audnedal i Lindesnes kommune grunnstøytte onsdag for to veker sidan ved Sandsøy på Sunnmøre, då båten var på veg til fiskefeltet.

Dei fire om bord i "Vårøybuen" vart berga etter ein dramatisk redningsaksjon. Ole Petter Dahl, dagleg leiar i det Svelgen-baserte Stadt Sjøtransport, fortel til Firdaposten at dette var eit vanleg oppdrag for selskapet. Men "Vårøybuen" låg på ein verutsett plass, og det var vanskeleg å kome til.

No skal båten fraktast vidare til Stord, der den skal skrotast.

Dahl opplyser at Stadt Sjøtransport har fullt opp å gjere. Dei tek hovudsakleg taubåtoppdrag for offshorenæringa og verftsindustrien. Firmaet har fire taubåtar og får snart ein femte. (Foto: Stadt Sjøtransport)


Ferievikarar - pleie og omsorg 20.02.2009

Pleie- og omsorgssektoren i Bremanger kommune søkjer etter ferievikarar. Sjå Stilling ledig til venstre.

Ope for alle

Kafé på Keipenstova kvar laurdag fram til påske 20.02.2009

  

Søndag 22.februar er det fastelaven og 10.klasse vil ha ferske fastelavenboller Keipenstova, laurdag 21.februar.

 

Det vert også andre kaker, kaffi og saft.

 

Inntekta går til turen 10.klasse skal ha til Polen med Aktive Fredsreiser i april.

Dei håper at mange kjem innom Keipenstova for forfriskninger og for å støtte turen!!

 

Opningstider: Kl.10:30 – 14:30


Fantastisk framføring av ungdomssteget! 20.02.2009

Bildeserie fra Firdaposten si nett side   her

Fantastisk framføring av ungdomssteget! 19.02.2009

Det var ein fullsett storesal som i kveld takka med ståande applaus for ungdomssteget sin sjølvkomponerte musikal med basis i ABBA sin musikk. Handlinga var lagt til 50-talet og handla om kjærleik mellom to som nesten vart skilde av det dåverande ubrytelege skillet mellom arbeidsklassen og overklassen. Men som kjent er kjærleik uransakeleg. Difor fikk vi sjå ein lukkeleg ende på vaskedama Monica og direktørsonen Alex sin ektefølte romanse. Men ikkje utan vidare. Berre ved hjelp av venene og arbeidskollegaene sine o ppmuntringar fikk Monica tru på seg sjølv og sine draumar – noko som også ga gjenspel i stykket sitt   namn    ”Draum”.

Det er mykje godt å sei om denne forestillinga. Fantastisk å sjå så mange sambygdingar ta vegen til storesalen. Det er også imponerande at eit ungdomssteg kan lage ei så truverdig historie og framføre den på ein måte som gjer det spennande å følgje med. Utan å nemne namn er det store talent på Svelgen Oppvekstsenter både når det gjeld songarar, skodespelarar, musikarar, dansarar og mest truleg også dramatikarar! Det er vanskeleg å sette seg inn i arbeidet som er lagt ned, også på den tekniske sida. Det er ein lang veg frå planlegging til realisering – og lærarane ved Svelgen Oppvekst fortener hønnør for å bringe fram det beste i kvar enkelt elev ved å lage eit prosjekt som dette!

Elevane ved ungdomssteget lot oss som publikum sitte igjen med eit godt og varig minne. Og det takkar vi for – nok ein gong med ståande applaus!

Ynskjer du bilder tilsendt på epost? send mail til ingrid@haugen.no  kr. 50,- pr. stik

Inntekta går til 10. klasse sin tur med Aktive Fredsreiser


Presisering årsmøte Samfunnshuset 19.02.2009

 

 

 

 

 

  Husk  årsmøte Svelgen Samfunnshus AL måndag 23. februar

  kl 1900. (merk tida


Årsmøte i Røde Kors måndag 2. mars 19.02.2009

Røde Kors i Svelgen held årsmøte på Røde Kors huset mandag den 2.mars kl. 18.00.
Vel møtt!
Styret

Påminning - musikkprosjekt torsdag 18.02.2009

Ungdomssteget ved Svelgen Oppvekst minner om at det er framføring av musikkprosjektet Draumen på samfunnshuset torsdag 19. februar kl. 19.00. 
Vel møtt!

Terra vil selje aksjar igjen 18.02.2009

Terra-gruppa vil på bana att som aksjemeklar.No har gruppa lagt inn bod på samtlege aksjar i selskapet Orion Securities AS, melder NRK Sogn og Fjordane.

Åtte kommunar tapte tilsaman ein milliard kroner på aksjespekulasjonar gjennom Terra Securities som mista konsesjoen og gjekk konkurs.


Bilder fra Valentinerballet 17.02.2009

I Firdaposten kan de sjå bilder fra Valentierballet som 10.klasse v/Svelgen oppvekst arrangerte i lag med Realen ungdomsklubb, fredag 13.februar.


Feira 1-års dagen til Keipenstova 18.02.2009

Bildeserie fra Firdaposten si nettside her


17. mai-komitèen 2009 17.02.2009

Det var rett og slett dårleg oppmøte då 17. mai-komitèen i Svelgen var samla i dag, 17. februar, til konstituerande møte. Ein håpar difor at ei påminning til komitèmedlemane på Svelgen.no vil hjelpe. Neste møte er torsdag 5. mars kl. 18.30. Møtet vert mest truleg på personalrommet på Svelgen Oppvekst, og følgande personar er med i komitèen:

 

Erna Midtbø Førde, Lise Førde, Anita Hessvik, Knut Kjørslevik, Magnhild Herheim, Stig Holm, Jonny Helle, Ulrik Haukenes, John Magnar Nordal, Morten Gulestøl, Inger Rise Hallset, Johnny Jansen, Liv Sigdestad Brekke, Hans Fotland, Ingfred Nygård, Wenche Winter, Helge Lekveen, Kyrre Gulestøl, Camilla Gulhaugen, Ole Heimtun, Therese Vadstein, Roger Hægeland, Leidulf Skaar, Thomas Sætren, Øyvind Sagmo, Viviann Andersen, John Atle Bjørnø, Siv Myklebust, Unni Myklebust, Rune Styve, Nina Svorstøl, Siv Grov, Tor Olav Halse, Liv Wenche Dyrstad, Per Helge Eikeland, Dina Lise Fløtre, Øyvind Grindheim, Robin Ephithite, Arve Vik og Linn Sande Igland.


Bilder av den nye skytebana i Svelgen Idrettshus 17.02.2009

  

   På STIF si heimeside Skytegruppa  kan du sjå blider av den nye skytebana.


- Fantastisk tur til Polen/Tyskland! 16.02.2009

Vil berre seie at gjengen som skal avgårde har mykje å sjå fram til!
Har vore i Berlin, Krakow, konsentrasjonsleirane og saltgruvene sjølv for nokre år sidan. Var heilt fantastisk!

Ligg mykje bilder og ein del informasjon inne på heimesida vår:  http://home.online.no/~bjartba/berlin.cfm

Må innrømme eg er misunneleg... GOD TUR!

Mvh.
Silje

Tipp - til inntekt for Svelgen Turn og Idrettsforening 05.02.2009

 

    Les meir på STIF si heimeside her


Bremanger kommune:

Ledig stilling som DRIFTSSJEF/REKTOR 17.02.2009

 

Frå 01.08.09 er det ledig 100 % fast stilling som driftssjef/rektor ved Davik oppvekst. Driftssjefen har det økonomiske, faglege og administrative ansvaret for si driftseining. Det vil bli lagt noko undervisning til stillinga.

Davik oppvekst inneheld barne- og ungdomsskule med 62 elevar og barnehage med ei avdeling. Skulen og barnehagen er samlokalisert.
Meir informasjon om Davik oppvekst finn du på ved å gå inn på: www.davik-oppvekst.no . STILLING MED SAKSNR   09/194


Påminning - arrangement i Svelgen i februar 17.02.2009

Tirsdag 17.     Seniordans på Samfunnshuset kl 1700
Tirsdag 17.     Årsmøte Svelgen Kunstlag - Lasses Kro kl.19.30
Onsdag 18.    Teater - Hyttekoz på  Samfunnshuset kl. 1930
Minner om teaterstykket Hyttekoz som har framsyning i Svelgen samfunnshus onsdag 18. februar klokka 19.30. Billetten kostar kr 100,- for gruppe (min. 5 personar). For honnør er prisen og kr 100,-. Vanleg billettpris er kr 160,-. Kan kjøpast på servicekontoret på Rådhuset. Restbillettar i luka på samfunnshuset.
 
Ta ein kvann med deg og gå på teater denne kvelden. Bur du utanfor Svelgen så tilby skyss.
Skal vi klare å oppretthalde eit tilbod må vi nytte oss av det.
 
Torsdag 19.    ABBA - konsert på Samfunnshuset kl. 1900
Måndag 23.    Årsmøte Svelgen Samfunnshus kl 1900
Tirsdag  24.     Seniordans på Samfunnshuset
Onsdag 25.     Årsmøte Svelgen Pensjonistlag på Svelgen Hotell
Sjå også plakat for arrangement på Svelgen Hotell lenger nede på sida.

Johnny Jansen:

- La brøytestikkene vere 17.02.2009

Johnny Jansen ved lensmannskontoret i Bremanger opplyser at det fleire stadar i kommunen er blitt fjerna brøytestikker. - Dette er etter kvart blitt eit problem for brøytemannskapa. Spesielt på Kalvåg kan det sjå ut til å ha gått sport i å fjerne stikkene, men også i Svelgen sentrum og på Sande har det vore eit problem. I verste fall kan dette føre til at vegane ikkje blir brøytt. Difor vil eg henstille til publikum om å la stikkene stå. Foreldre kan også gjerne ta dette opp med barna sine og forklare at det ikkje er mogeleg å brøyte uten disse stikkene. Til sjuande og sist gir fjerning av stikker ringverknadar som går det ut over trafikantane, seier Johnny Jansen til Svelgen.no.

Ti permitterte ved Elkem Bremanger 16.02.2009

Elkem Bremanger i Svelgen blir også råka av finanskrisa. Omnen som skulle opnast att 7. mars blir ute av produksjon til og med august, og ti tilsette ved støyperiavdelinga kan bli permitterte, skriv Firdaposten.

Grunnen til den venta permitteringa er svikten i bilindustrien.

Elkem Bremanger er ein viktig leverandør av såkalla inokulantar til bilindustrien og har merka salssvikt.

Ephithite: - Dramatisk

– Situasjonen er dramatisk og veldig uoversiktleg verksdirektør for støyperiet ved Elkem Bremanger, Robin J. Ephithite til avisa.

– Som følgje av stansen blir om lag 20 personar råka. Opptil ti av desse kam bli permitterte. resten skal flyttast til det som no er vikarstillingar. I tillegg skal nokre gå over frå støyperi til Silgrainproduksjon, opplyser verksdirektøren.

 

Bremanger kommune søkjer treningskontakter 16.02.2009

Vi treng treningskontakter for personar som har behov for å komme i fysisk aktivitet, t.d. turar i skog og mark eller organiserte aktivitetar.

 

Dei som skal tilsetjast må vere over 18 år.

 

Er du interessert, ta kontakt med rådgjevar Åse-Iren Korneliussen,

 tlf.: 95   98 29 52/57796300, for nærarer informasjon. (sjå ledig stilling til venstre).

 

 

 


SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS –

HOVUDOPPTAK 2009

 

Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane er 1 .mars. Dette gjeld for barn som skal ta til i barnehagen hausten 2008. Søknadsskjema (papirutgåve) får ein i barnehagen, eller det kan skrivast ut frå heimesida til barnehagane og til kommunen. Foreldre sender søknad til den aktuelle barnehagen.

 

Frå i år er det også mogeleg å søkje elektronisk . Elektronisk søknadsskjema finn ein på Bremanger kommune si heimeside.

 

Barnehagen kan gje svar på spørsmål vedrørande søknad og opptak. Innkomne søknader vil verte handsama i den einskilde barnehagen i løpet av mars månad. Søkjarane vil få svar kring 1.april.

 

Kommunale barnehagar:

  • Davik barnehage
  • Kalvåg barnehage
  • Kolset barnehage
  • Langeneset barnehage
  • Stasjonen barnehage
  • Svelgen barnehage
  • Ålfoten barnehage

Tipp - til inntekt for Røsslyngen 4H 16.02.2009

 

Vi håpar du vil gje dine 5% til Røsslyngen 4H.

Det blir satt av penger til grasrotmottakeren din for hvert eneste spill du leverer. Selv om ordningen starter i mars, vil den ha tilbakevirkende kraft fra 1. januar av. Det betyr at når du velger en mottaker du vil støtte, så vil den foreningen eller klubben motta Grasrotandelen av det du har spilt for så langt i 2009.

Spillerkortet
Spillerkortet til Norsk Tipping er selve nøkkelen til Grasrotandelen. Du må altså spille registrert for å være grasrotgiver. Når du har funnet frem til den du ønsker å støtte, blir dette registrert på deg som spiller. Grasrotandelen gjelder på alle spillene til Norsk Tipping, bortsett fra Flax og Extra.

Vinn – vinn!
Det har ingenting å si om du taper eller vinner på spillet ditt. Du blir heller ikke belastet noe for å være grasrotgiver. Har du for eksempel spilt for 100 kroner på Lotto gir Norsk Tipping fem kroner som går direkte til den mottakeren du selv har knyttet til deg.

4H-LOVNADEN

 

Vi lovar å arbeide mot det mål å verte ein ungdom med klårt Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse.


Vil du vere med Aktive Fredsreiser på tur saman med 10. klasse? 12.02.2009

Den 14. april skal 10. klasse ved Svelgen Oppvekst på tur med Aktive Fredsreiser. I tillegg skal femten foreldre/besteforeldre vere med.  Det er ledig 10 plasser dersom andre i bygda også har lyst å følgje oss. Turen tek 8 dagar og kostar omlag 7000/8000,- pr. vaksen for heile pakken (avhengig av antal påmelde); tur (buss frå Svelgen t/r + båt - Color Fantasy/Magic), hotell, mat, inngangsbillettar med guide med meir (sjå program under). Vi skal oppleve KZ Sachsenhausen, Brandenburger Tor, Riksdagen, Auschwitz II Birkenau, dei berømte saltgruvene i Wieliczka, Berlin og Tropical Islands i Krausnick, Stasi fengselet i Rostock - for å nemne noko. Turen er ei temareise i fred som har gitt eit uutsletteleg inntrykk på alle som har vore med tidlegare. Bli med ein flott gjeng ungdomar på denne opplevinga! Send påmelding (eventuelt spørsmål om turen) til ingrid@haugen.no   tlf. 91165842. (Trykk på bilde for å lese meir om Aktive Fredsreiser).

.

  PROGRAM:

 

1.    DAG Tirsdag 14.4.09 Svelgen - Oslo – Kiel

Vi reiser fra Svelgen ungd.skole kl. 0300 og med Kielfergen Color Fantasy eller Color Magic fra Oslo kl. 1400. Kveldsbuffé. Etter å ha blitt kjent med båten, og hatt hyggelig samvær, er det innkv. i 4-sengs lugarer.

2.    DAG Onsdag 15.4.09 Kiel – Oranienburg -  Berlin

Etter frokost ankommer vi kl. 1000 i Kiel. Vi reiser til Oranienburg og spiser middag i restaurant Remus kl. 1430. Vi besøker KZ Sachsenhausen. Kl. 1800 reiser vi til Berlin og her blir det en bussightseeing der vi kjører Unter den Linden, forbi Brandenburger Tor og Riksdagen. Mat og overnatting på hotell City 54 Hotel i Berlin.

3.    DAG Torsdag 16.4.09 Berlin – Krakow

Etter frokost reiser vi mot Krakow. Det blir stopp underveis. Vi ankommer Krakow på kvelden. Overnatting på Hotel.

4.    DAG Fredag 17.4.09 Krakow – Oswiecim - Krakow

Vi spiser frokost før vi reiser til Auschwitz II Birkenau, hvor vi får en omvisning av en profesjonell guide fra museet. Gruppen får anledning til å legge ned blomster, og vi har et stille minutt ved monumentet, eller ved enden av togskinnene. Vi spiser middag i Centrum Dialogu, og reiser etter dette til Auschwitz I. Der går vi rett til kinosalen, hvor vi ser en 15 min film. Deltakerne får anledning til å legge ned blomster ved skyteveggen og det blir et minutt stillhet. Vi spiser kveldsmat og samles til en temakveld sammen med tidsvitne, hvis vi har vært så heldig å få med oss et tidsvitne på turen. Kvelden bruker vi til ettertanke. Skriv gjerne ned tanker og følelser. Det er en fin måte å bearbeide inntrykkene på. Vi kjører tilbake til Krakow hvor vi overnatter på hotell.

5.    DAG Lørdag 18.4.09 Krakow

Etter frokost reiser vi til Krakow sentrum hvor vi kan handle i bodene i den flotte markedshallen. Det er stort utvalg på fine sølvsmykker, ravstener, utskårne sjakkbrett, fine håndarbeider, malerier, håndslepet krystall og mye mer.   I Krakow kan du finne mange gode og rimelige matsteder.   Vi anbefaler en tur innom Mariakirken, med sitt berømte alter, og et besøk på Wawel-borgen. KL. 1600 besøker vi Wieliczka. De berømte saltgruvene som står på UNESCOs liste over bevaringsverdige kulturminnesmerker. Om kvelden spiser vi middag sammen og det arrangeres en opplevelsesrik folklorekveld, hvor det også blir mulighet til felles ringdans. Denne kvelden er en spesiell og fin opplevelse på turen. Vi overnatter på hotell i Krakow.

6.    DAG Søndag 19.4.09 Krakow – Tropical Islands (dette har et tillegg på kr. 150.-)

Etter frokost reiser vi mot Berlin og Tropical Islands i Krausnick (60 km syd for Berlin). Et “tropisk paradis”

med innsjøer, øyer, strender og en regnskog med 500 plantearter og 14 meter høye trær. Klimaet er tropisk,

med rundt 30 grader i vannet (husk håndkle, badetøy og lakenpose). Gjennom regnskogen går en 800 meter lang informasjonssti. Ny 25 m høy vannrutsjebane (opp til 75km/t) Vi overnatter i “Peace Camp”, hvor teltene har plass til fra én til fire personer. Det blir felles kveldsmat. Ta med badetøy, håndkle og lakenpose.

Senest kl. 01.30 skal det være ro, for å være uthvilt på Berlin dagen. Husk drikk mye vann, det er tropisk klima.

7.    DAG Mandag 20.4.09   Krausnick – Rostock

Etter frokost besøker vi kl. 1000-1130 Stasi fengselet. Det blir så mulighet for en spasertur på Kurfürstendamm. Mat på Hard Rock Cafe eller på hotellet om kvelden.Vi går til Kaiser Wilhelm Gedächtniskirche. Berlinprogram. Kl. 1730 reiser vi til Rostock, hvor vi går ombord i fergen kl. 2200. Etter kveldsmat på båten overnatter vi i 4-sengs lugarer.

8.    DAG Tirsdag 21.4.09 Trelleborg – Oslo - Svelgen

Kl. 0700 er vi fremme i Trelleborg. Frokost spiser vi på båten. Middag kl. 1300 på Håby. Ankomst Bussterminalen Galleri Oslo ca. kl. 1700.Ank. Svelgen ungd.skole kl. 0200

Vi forbeholder oss retten til forandring i programmet inkl. bytte av hotell, buss, ferje og reiseleder.

                                                                      


Same prinsipp gjeld også for slalomski m.m.

Påminning: Preparering av ski og smørjekurs mandag 16/2 15.02.2009

Preparering av ski og smørjekurs i Karlskarstova måndag 16. februar klokka 19.30.

Alle er velkomne til å få kunnskap og rettleiing i korleis du skal stelle/preparere nye og brukte ski (demonstrasjon).  

  Elles informasjon om kva smurning de skal bruke til dei forskjellege snøforhold, og korleis du smør skia.  

Sal av kaffi/te og vaflar.

Helsing S.T.I.F og Ålfoten IL


Oppgradering av Svelgen Stadion kan endeleg starte. 05.02.2009

 

   Les meir på  STIF si heimeside.

   

    Velg STIF Anlegg fra hovedsida og    Svelgen Stadion


STIF

Spinning! 13.02.2009

   

 

  Nytt nr. for påmelding til

  spinningtimar: 99 30 64 74  

                         Les meir på STIF si Trim side


Keipenstova med 1 års dag mandag 16. februar 12.02.2009

                   

Måndag den 16.februar vert det 1 årsfeiring på Keipenstova.
Det vert servert bløtkake  til alle ca.11.30.
Margareth har laga sang
Rådgjevar Åse-Iren Korneliussen kjem
Firdaposten kjem.

                     

                       SANG TIL   KEIPENSTOVA

 

                                          1 ÅR 14.februar!

Av Margareth Hjalte   (melodi: Stenka Rasin)

Ja, i dag då kan vi feire   - 1 årsdag for ”Stova” vår

”Det er lutter sang og glede frå oss alle som her går”.

Stasleg opning, ord og toner – blomster ble det overrekt

”frå ordføraren med fleire, lykkeønskninger frembrakt”

Dette styret har vert driftig, -   stort et arbeid er blitt gjort

”også mange gjorde dugnad – ja, oppussingen gikk fort”

.

Det ble lakket, vasket, snekret, - lys og varme kom og til

”kjøkkenbenk og bord og stoler, arbeidet ble gjort med stil”

Kar og kopper, fat og panner – ja alt til den minste ting

”kom på plass i skap og skuffer. Med god sponsing gikk det fint”

.

Tror at alle mener dette: -   Keipenstova liker vi!

”Her det prates, her det mimres, her er alle glad og bli”

Nå vil vi få gratulere, -   ønske Stova vår alt godt!

”Til Anne Lise med sitt styre sier vi: Her er det flott!”


Kommunen reduserte med 8 millionar 12.02.2009

Bremanger kommune har klart å redusere driftsutgiftene med åtte millionar kroner i 2008. Det skriv Fjordenes Tidende. Bremanger kommune har eit oppsamla underskot på 247 millionar kroner etter Terra-saka.

Rådmann Tom Joensen seier dei så langt ikkje har sagt opp nokon, men at nedgangen i styringsrenta har slått positivt ut for kommunen.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 .

.

.

 


Svelgen by night frå Storefossen 12.02.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Desse bildene har Rune Ripe teke frå

tverrslaget ved Storefossen.


Sjå Dag H. Nestegard sin Sunnfjordfilm 11.02.2009

Sunnfjord byr på mange moglegheiter innan jobb og fritid. Sunnfjord kan og gje mental fridom. Det er nokre av bodskapa i ein ny PR-film. Det er Dag H. Nestegard (bildet) frå Svelgen som har laga filmen på oppdrag frå Sunnfjord-kommunane Førde, Jølster, Gaular, Naustdal og Flora. Sjå filmen her

 


Svelgen Pensjonistlag:

Årsmøte onsdag 25. februar kl. 1700 - hotellet 11.02.2009

   

SAKLISTE:

  1. Opning
  2. Registrering
  3. Godkjenning av innkalling
  4. Godkjenning av sakliste
  5. Årsmelding frå styret
  6. Rekneskap 2008
  7. Budsjett og driftsplaner
  8. Saker som kan kome til
  9. Innlegg av representant frå Fylkesstyret
  10. Val
  11. Avslutning.

 

.

.

.

ÅRSMØTEFEST!

Middag kl.1900

Underhaldning: Marguritas syng og spelar

Seniordansarane syner nye dansar

Sang og musikk m/ Trekkspillklubben

Lynlotteri

Trekkspillklubben spelar opp til dans.

Middag: Biff Stroganoff og kaffe m/bløtkake – 200,- kroner

Dei som ikkje har meldt seg på til middag kan gjere det direkte til Hotellet.

 

VELKOMMRN TIL ÅRSMØTE

OG VELKOMMEN TIL FEST!

Styret


Preparering av ski og smørjekurs 10.02.2009

Preparering av ski og smørjekurs i Karlskarstova måndag 16. februar klokka 19.30.

Alle er velkomne til å få kunnskap og rettleiing i korleis du skal stelle/preparere nye og brukte ski (demonstrasjon).  

  Elles informasjon om kva smurning de skal bruke til dei forskjellege snøforhold, og korleis du smør skia.  

Sal av kaffi/te og vaflar.

Helsing S.T.I.F og Ålfoten IL

 

Kampoppsett INC Cup 2009. Søndag 15 februar. 10.02.2009

 

    INC CUP for alderbestemte klasser i Bremager kommune i Svelgen Idrettshus.

   

 

    Kampoppsett finner du på sida til STIF og Fotballen si side


Kverrsette førarkortet 09.02.2009

Lensmann Hans Rune Strandos opplyser at dei har drege inn

førarkortet til bilføraren som køyrde av vegen i Mevika.

Det var fredag ettermiddag bilen køyrde av vegen i Mevika i Svelgen.

Bilføraren var ein mann i 20-åra og tenåringen som var passasjer f

ekk lettare skader i utforkøyringa.

Lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos opplyser til

Fjordenes Tidende at det var flaks som gjorde at personane i bilen kom

frå uhellet med mindre skader.

- Køyretøyet har vore fullstendig ute av kontroll og dette er eit

område det vanlegvis oppheld seg barn og mjuke trafikkantar.

 Med det som bakgrunn har vi avgjort å kverrsette førarkortet

 til mannen som var førar av bilen. Vi meiner at bilføraren ikkje

 har vore aktsam, slik han pliktar etter vegtrafikklova, opplyser Strandos.


Flora-Bremanger brassband med solid 2. klass i NM 09.02.2009

Flora-Bremanger Brassband stakk av med andreplassen i sin divisjon i NM for brassband i Bergen laurdag.

I brass-NM i Grieghallen laurdag tok Flora-Bremanger 2. plass med 90 poeng. Bjørsvik Brass vann ein klar siger, med 98 poeng.

- Vi er høgt oppe og er blitt gratuelerte opp og ned i meinte. Det gjekk bra. Men korpset har endå meir å gå på, seier ein jublande dirigent Johnny Sælemyhr.

Andreplassen blir ekstra gjev av at vinnarkorpset er sett saman av mange dyktige musikantar med opprykk som eit klart mål, meiner Sælemyr.

Helge Indrevær i Flora og Bremanger Brassband fekk æra av å hente premien for andreplassen, ein diger pokal. Brassbandet fekk også ein pengepremie, melder Firdaposten.

 


07.02.09.

UKM i Bremanger - Svelgen Samfunnshus 08.02.2009

 

Aerion frå Svelgen gjekk vidare til fylkesfinalen med "If You Only Knew" av Shinedown, og det

på 15 års dagen til Jørgen Haugland t.v.  (bilde fra Firdaposten)   Resten av bildeserien her


Svelgen keramikk 07.02.2009

Har du lyst til å jobbe litt med leire, og lage fine ting i keramikk? Kom til verkstedet vårt mandager kl. 18.00. Medlemskap for 1 år koster 150,- Ønsker du kurs, eller opplæring, ring 48119849 (Anita I.).

Trafikkulukke i Mevika - tenåring til legesjekk 06.02.2009

Ein gut i slutten av tenåra er send til legesjekk etter ei trafikkulukke ved Mevikneset i Svelgen.

Det var to personar i bilen som i 15.30-tida køyrde av vegen og ned ei bratt skråning.

- Den enda på vegen som går ned til nausta, fortel ein av naboane ved ulukkesstaden.

Politi og ambulanse rykte ut til staden. I bilen var det to menn, ein i slutten av tenåra og ein i 20-åra, melder NRK Sogn og Fjordane.


MARKISER SVELGEN  

Vi skal til Svelgen for måltaking for markiser og pesienner på mandag 16. februar.

Har du planar om slik invistering i 2009 - ta kontakt med oss for forslag og løysing heime hos deg - uforpliktande.

 

Magnor Hornnes  - tlf. 57 82 63 90/950 41650  www.hornnes.no


Sagebø held fram som leiar i SNR 06.02.2009

På Svelgen Næringsråd si  heimeside kan ein mellom anna lese at Nils Jørgen Sagebø held fram som leiar i SNR. På den same sida finn ein og årsmeldinga til SNR, og info om at Maskin og Marine AS og Bunadsloftet er nye medlemar.

Navigasjonssystem funne på Naustneset 06.02.2009

Sonen til Asle Førde har funne eit lite navigasjonssystem ikkje langt fra huset til
Bjørgulf Myklebust på Naustneset.  Det er levert inn på Servicekontoret på Rådhuset, og eigaren kan hente det der.


Langeneset Barnehage

Utkledningsklede 04.02.2009

No er det karnevalstid og vi i Langeneset barnehage ønskjer oss fleire klede som vi kan bruke til utkledning. Kanskje ligg det nokre gløymte skattar kring om på loft eller i skap? Vi ønskjer oss hattar, caps, skjorter, jakker, skjerf, kjolar, skjørt, parykkar eller kva det måtte vere. Det kan vere klede i alle størrelsar, fargar og fasongar.

Dersom du trur at du har noko liggjande som du vil gje til Langeneset barnehage, så ta kontakt på tlf. 95 98 52 59, eller ta deg ein tur innom oss i Erlevegen 2.

Vi blir veldig glade for alle bidrag J

 


STIF

Basketballtrening 04.02.2009

Andrè Hatleset startar opp med basketballtrening/trim

torsdagane kl.20.30. Første trening vert torsdag 12.02.  

 

Tilbodet gjeld for vaksne og ned til og med 8 klasse.

Både gutar og jenter er velkomne!  Sjå heimesida til STIF


INC Bedrifts-cup vert arrangert 14. februar 05.02.2009

No har INC Vedlikehold Svelgen AS sendt ut invitasjon til INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen her, litt praktisk informasjon  her, og påmeldingsskjema her.  Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Eller du kan sjølv dra gong og organisere lag/påmelding. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 14. februar. Påmeldingsfristen er 4. februar, og påmelding/evt spørsmål sendast   oyvind.grindheim@inc.sf.no

Her kan du lese kva Firdaposten skreiv etter INC Bedrifts-Cup 2004,  her kan du sjå same avis sin biletserie frå 2004, og her kan du sjå resultatlista frå INC Bedrifts-Cup 2004. 

SNR si oppfordring til svelgarane er:  Dra arbeidskameratane dine opp frå godstolen, og få dei med på dette flotte tiltaket frå INC Vedlikehold. Det viktigaste på bedriftscupen er ikkje å vinne, men å ha det sosialt og moro.

STIF

Spinning! 03.02.2009

På grunn av gledeleg stor pågang har vi dessverre møtt oss sjølve litt i døra når det gjeld påmeldinga. Vi gjekk ut med påmelding per tlf mellom kl 16 og 21 dagen før, eller frå kl 16 treningsdagen og fram til ein time før treninga. Mange har imidlertid ringt utanom desse tidene, noko vi hittil har godteke. Vi opna også for påmelding til instruktør etter endt økt. Det har no vist seg at dette vart rotete, urettferdig og uoversiktleg.

For at dette skal gå greitt ber vi om at alle held seg til dei oppsette påmeldingstidene. Det skal vi også verte flinkare til. Dei som allereie er på lista vil ikkje verte strokne. Sjå heimesida til STIF

Vi beklagar rotet og håpar ting går seg til etter kvart.

Målet vårt er å få flest mogeleg på sykkelen. Vel møtt!


FrP ber om ekstramidlar til Svelgen 04.02.2009

Stortingsrepresentant Åge Starheim og fylkesårsmøtet går hardt ut mot samferdsleminister Liv Signe Navarsetes forklaring på at fylket ikkje fekk meir krisemidlar til samferdsla: At det var for få planar klare.

Regjeringas krisepakke vart presentert 26. januar.

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Frp som vart halde i helga, krev at regjeringa må komme med ein krisepakke 2, som blir retta inn mot ferjetakstar og nedbetaling av bomvegprosjekt.

 

Der ber Frp også om at regjeringa tilfører ekstra midlar til distriktsutbygging i område som Bremanger/Svelgen. Dette vil gjere det mogleg å få etablert monaleg fleire arbeidsplassar i Svelgen, seier fylkesårsmøtet. Dette melder Firda.no.


Over Stokk og Stein i vesterveg 04.02.2009

 

 

 

Kåre Jarl Langeland har sendt oss dette flotte bildet av Stokk og Stein i vesterveg.


FrP ynskjer kraftline gjennom Svelgen 04.02.2009

Frp ønskjer som einaste parti å få lagt KV 420-linja mellom Ørskog og Fardal gjennom Svelgen. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane handsama i førre veke saka om trasévalg for KV 420-kraftlinja.

I høyringsuttalen frå mellom andre Bremanger kommune er der forslag om kryssing av Nordfjorden ved Otteren, slik at linja blir ført via Svelgen, med trafostasjon der.

- Dette vil kunne sikre Elkem Bremanger direkte tilgang til denne linja, og dermed ville bedrifta i framtida ha sikker tilgang på straum. Ei annan fordel er at denne linja då vil ligge strategisk for framtidige tilknyttingar for eventuell vindkraft frå vindmølleparkar ved kysten av Bremanger, seier fylkesutvalsmedlem Jostein Kvalsvik i Sogn og Fjordane Frp.

Frp fremja forslag om dette i fylkesutvalget, men fekk ikkje støtte frå dei andre partia, melder Firdaposten.



Ålfoten Idrettslag:

Takk for god hjelp til trakkemaskina!! 04.02.2009

 

Etter mykje fram og tilbake, er trakkemaskina   reparert og klar til bruk. 

Vi vil rette ei stor takk til Bremanger Quarry AS,  INC Vedlikehold Svelgen AS   og Brødrene Mundal AS, som har hjelpt oss både økonomisk og med kompetanse, til å få maskina tilbake i god stand. For ÅIL har denne hjelpa vore heilt nødvendig, og utan kunne vi stått utan eit skikkelig skitilbod i Bremanger kommune.

Skigruppa i ÅIL og STIF har saman med ivrige ildskjeler òg lagt ned ein stor innsats for å gjere dagens status mulig.

TAKK TIL ALLE SOM HAR BIDREGE!

Styret i Ålfoten Idrettslag  


Elkem Energi søkjer:

FERIE - OG HELGE AVLØYSAR VED DRIFTSENTRAL 04.02.2009

 

 

Elkem Energi Bremanger AS driv kraftverk med tilhøyrande anlegg, transformatorstasjon og distribusjonsnett i Svelgen. Bedrifta ligg i Svelgen, som er kommunesenter i Bremanger kommune. Rundt oss er det flott natur med mildt kystklima og gode muligheiter for friluftsliv både på sjøen og på land.

 

.

.

.

.

.

.

FERIE - OG HELGE AVLØYSAR VED DRIFTSENTRAL

 

Elkem Energi Bremanger søkjer etter ferieavløysar som skiftgåande elektromaskinist i driftssentral for kraftverka (5 skift).

Arbeidsoppgåver:

 

·         Overvaking og kontroll av 5 kraftverk, transformatorstasjon og kraftforsyning til bedrift og lokalsamfunn i Svelgen.   Styresystema er av fleire typar: PC-basert og meir konvensjonelle.

 

·         Oppfølging og produksjonsregulering i samband med kjøp og sal av kraft i kraftmarknaden.

 

Kvalifikasjonar:

 

Søkjaren må være 18 år, fortrinnsvis elektroutdanning. Kjennskap til data, då bruk av IT er en del av jobben.

 

Det vil bli gjeve opplæring i jobben i helgar og feriar i tida fram til sommaren. Det vil og bli muligheiter til å arbeide i helgar og feriar utover sommaren.


Søknadsfrist: Snarast.

 

Nærmare opplysningar om stillinga kan gjevast av :
 Asbjørn Svarstad, telefon 90 76 37 05, mail: asbjorn.svarstad@elkem.no

 

Søknad sendast snarast til Elkem Energi Bremanger AS, postb. 57, 6721 Svelgen eller Asbjørn Svarstad sin e-post.


Friidrett

Fem svelgarar tok medalje i UM (NM for ungdom) 02.02.2009

Firdaposten melder: "Ingvald Ytrehus mottok kongens fortenestemedalje i Svelgen førre helg. Denne helga fekk vi oppleve kvifor. For når det gjeld friidrett er Svelgen "annleisbygda" i fylket. Av tretten medaljar til fylket under det nasjonale innandørsmeisterskapen i friidrett i Stange denne helga, kom fem av medaljane i frå fem ulike utøvarar i frå miljøet som Ingvald Ytrehus har bygd opp i Svelgen Turn og Idrettsforening.

 

STIF utøvarane Pål Valberg tok sølv i stavsprang med 3,20 meter i klasse G16 og det same gjorde Ole Martin Gjerde med 2,40 meter i klasse G15.

 

Tor-Inge Øvrebotten Myrhol slo også til i høgde med eit bestehopp på 1,80 meter i klasse G20-22. Det var godt nok for sølv.

 

Kim Nes Leirvik (20) var den einaste frå fylket med gull i bagasjen heim til fjordfylket. Han henta heim gull i stavsprang med 4.30 meter. Jørgen Bjørkedal (19) tok sølv i tresteg med 13.04. Dei to er begge svelgarar, men konkurrerar for i Florø Turn og IF." 

 

Svelgen TIF

  

Firdaposten

  

Firda

 

Fjordenes Tidende

 

NRK S. og Fj.

  

Med sølvmedalje med eit høgdehopp på 1,80 m, nærmar Tor Inge Øvrebotten (biletet) seg læremeister Ingvald Ytrehus sin klubbrekord på 1,88 m. Denne vart sett i Sogndal i 1963, som i sesongen 2009 vert 46 år sidan.


Erna Solberg i Svelgen:

Høgre vil ha Svelgen-Grov inn i NTP 01.02.2009

Høgre vil kjempe for at fullføring av vegane som vil gjere Måløy - Svelgen og Florø til 45 minutts region skal inn på neste Nasjonal Transportplan. Fredag var høgreleiar Erna Solberg på besøk i Svelgen, og no har ho bestemt at Høgre skal sitte i det politiske førarsetet for å få realisert vegprosjektet.

- Eg håpar at dette ikkje forsvinn fordi andre parti skal rote til prioriteringane til Sogn og Fjordane, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.

 

Det er fullt fokus på samferdsel i Høgre i følgje høgreleiar Erna Solberg. Næringsliv og lokalbefolkninga i Måløy, Svelgen og Florø kjempar for å gjere området til ein bu- og arbeidsregion med ei reisetid mellom Svelgen og Måløy og Svelgen og Florø på 45 minutt. Men for å få dette til må det nye vegar langs kysten.

Les kva Firdaposten skriv om besøket.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des