Arkiv Mars 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Hjelpekorpset øvar

Korpskveld i berget 31.03.2006

Torsdag hadde hjelpekorpset øving, "først på skadestad". Du kan lese meir på sida til Svelgen Røde Kors. Du finn oss i menyen til venstre.

 

 


Ledig stilling ved Bygg- og Reinhaldsservice 31.03.2006

  

Bygg og Reinholdsservice søkjer etter ein positiv, sjølvstendig og fleksibel medarbeidar med arbeidslyst og erfaring frå arbeidsområda snikering, forskaling, kjerneboring, stillasbygging,  maling, flisarbeid og skadebegrensning og anna service arbeid . Det er en fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Manglande teoretiske kunnskapar kan erstattast av lang og brei erfaring. Må ha sertifikat klasse B og det er ønskelig med truck og personlift sertifikat.

Sjå heile teksten under "Stilling ledig" til venstre.


Sjå elevane si utstilling "GLEDA" fredag 30.03.2006

Fredag kan foreldre og andre sjå resultatet av ungdomsskuleelevane si kunst- og handverksveke i småsalen på Svelgen Samfunnshus frå klokka 1510.  

Temaet har vore ”Gleda” - gjennom skulpturar, måling, bygging av lavvo, teikning, design og foto. I dag blir det utstilling.

 

Svelgen Oppvekst har leigd inn ekstern hjelp frå Lærarhøgskulen i Sogndal for å gjennomføre veka i kunsten og handverket sitt teikn. Høgskulelektor Berit Slåttum er imponert over kreatitiveten og arbeidslysta ungdomsskuleelevane har lagt for dagen.

-         -   Dei har sjølve kom med ynskje om kva dei vil drive med. Også temaet ”Gleda” er deira idè, fortel Slåttum som meiner fleire skular burde følge Svelgen Oppveskt sitt eksempel.

-         -   Etter mi erfaring er det svært sjeldan at ein skule set av ei heil veke til kunst og handverk på denne måten. Eg trur det er svært bra for elevane å holde på med ein ting eller eit prosjekt over tid. seier Slåttum. Ho rosar også skulen for engasjementet blant lærarar og leiing, som ho trur smittar over på elevane.

      Sjå fleire bilder og les meir i Fjordenes Tidende fredag - og møt opp i småsalen der musikkduoen Fliflet & Hamre også skal spele som eit forspill til konserten seinare på kvelden.  Lavvoen (bildet)  kan du sjå på Svelgen barnehage sitt uteområde.

      På bildene ser vi øverst Hanne, Stine og Tone i fotogruppa. I lavvoen ser vi Vegard, Ottar Dahl, Emil og Sander .

      Trykk på plakaten og sjå nærare på invitasjonen som elevane sjølve har laga!

 

-           


Uvanleg sinte lærarar i politisk streik 30.03.2006

- Denne streiken er ikkje ein lønskamp, men ein kamp for å sikre kvaliteten i den norske skulen. Vi streikar for at vi skal få vere gode lærarar, for eit nasjonalt vern om fellesskulen og for å sikre at norske elevar får like god undervising same kvar i landet dei bur, sa tillitsvald for lærarane i Bremanger, Ragnar Torvanger då han møtte opp på ordførar Kåre Olav Svarstad sitt kontor på rådhuset i Svelgen saman med Ingeir Løvold i dag. 

- Kravet frå KS er ikkje berre eit trugsmål mot fellesskulen, men også eit trugsmål mot gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Utan engasjerte og entusiastiske lærarar vil denne store reforma miste den viktigaste drivkrafta si. Norske riks- og lokalpolitikarar er opptekne av kvaliteten i skulen. Vi er difor overraska og forarga over måten KS har handtert tingingane om arbeidstidsavtalen på, sa lærarane under møtet med Svarstad.

 

Les heile saka i Fjordenes Tidende fredag.


Lærarstreik i morgon 29.03.2006

I morgon vil 3000 lærarar i Sogn og Fjordane streike i protest mot KS sitt forslag til nye arbeidstidsreglar.

Siste arbeidsdag på fredag 29.03.2006

Kultursjef Gunhild Berge Stang har si siste arbeidsveke i kommunen vår. No tek ho til som kulturrådgjevar i fylkeskommunen og flyttar heim til Stongfjorden i Askvoll kommune.  Til Fjordenes Tidende seier ho at ho ynskjer at Bremanger kommune tilset ein ny kultursjef.

 

- Ved å ta bort stillinga som kultursjef er eg redd kommunen kjem på defensiven, det er noko som heter å spare seg til fant. I staden meiner eg at det burde vore nytta meir ressursar innan kultur, seier Stang til avisa. Ho legg ikkje skjul på at ho er skuffa over at det ikkje er avgjort kva som skjer med stillinga etter at ho sluttar 1. april.

 

Ordførar Kåre Olav Svarstad ser for seg at kultur og næring vert knytt tettare saman i framtida.

Foto: Bremanger kommune


Mogeleg streik ved INC Vedlikehold 29.03.2006

Dersom ikkje Fellesforbundet og Norsk Industri blir einige om ein ny avtale for frontfaga, vil mellom anna  INC Vedlikehold i Svelgen bli tatt ut i streik frå laurdag. 
Til saman vil 1085 bedrifter, og omkring 38.000 arbeidarar, bli berørde dersom det blir storstreik i industrien frå helga av.

Mange på Skikarusell sist helg 29.03.2006

 

Skikarusellen som Ålfoten og Svelgen idrettslag arrangerer kvar år, har aldri hatt så stor oppslutnad som i år. Det har vore over 50 barn på alle renna.  -     På det meste møtte det opp 135 menneske på skikarusellen, og det er jo fantastisk, seier Per Arne Sæterlid (til høgre i bildet). Det er 5. året dei arrangerer skirenn saman med idrettslaget i Ålfoten, og oppslutnaden aukar frå år til år

Den yngste deltakaren i år var berre to år og det er inga øvre aldersgrense. Likevel er det mest barn som deltek. Skikarusellen er ikkje basert på tid, og alle som deltek blir premierte.Neste onsdag, den 5. april, skal det vere utdeling av premiar og pokalar og dei gjevaste trofea går til dei som har gått flest renn, og ikkje dei som har best tid.

-

-         - I fjor vart det mai før vi hadde premieutdelinga, og det vart litt feil meir ei så vårleg råme. Så i år ville vi ha det litt tidlegare for å få til kveldsrenn i lysløypa før vi går inn i hytta, seier Sæterlid.

Det som kan truge det attraktive vinterarrangementet er problem med trakkemaskina.

-           

Ålfoten IL og STIF håpar å få kjøpt ei brukt maskin til rundt 300 000 kroner og kjem til å fri til verksemder og organisasjonar for å få finansiert investeringa.

- Å få ei slik maskin kan vere avgjerande for neste års renn, så det håpar eg verkeleg vi skal få i orden, seier Per Arne Sæterlid.

Sjå fleire bilder og les meir i dagens Fjordenes Tidende.


Indrehus krev orsaking 29.03.2006

Rune Indrehus har sendt brev   til ordførar Kåre Olav Svarstad der han krev orsaking for Geir Ask sine utspel i media.  Svarstad vil ikkje orsake, men fortel han har kursa Ask i kommunelova. Les heile saka i dagens Fjordenes Tidende.


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Nye korpsmedlemmar 29.03.2006

 

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps har denne vinteren hatt fem nye korpsmedlemmar i gjennom grunnutdanning førstehjelp.

Les meir på Svelgen Røde Kors, du finn oss i menyen til venstre 


Disitriktspolitiske verkemiddel kan sikre Svelgen 28.03.2006

Vert satsinga lagt til Kristiansand, ventar berre knappar og glansbilde om regelverket om økonomiske tilskot vert følgt. For Kristiansand er definert som sentrale strok og har dermed i utgangspunktet ikkje tilgang på dei distriktspolitiske verkemidla til Innovasjon Norge, som Svelgen har. I tillegg kan Sogn og Fjordane få differensiert arbeidsgjevaravgift, men dette spørsmålet er enno ikkje avklara, melder Firdaposten i dag.

Friidrett

Gjensidigeleikane i Florø 25/03-06 26.03.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På bilde: fra venstre Ole Martin, Ingvald og Daniel.

 

Svelgen TIF deltok med følgande utøvera på Gjensidigeleikane i Florø laurdag.

 

10 åringane : Kristian Bremnes og Kim Johansen

11 åringane : Siri Vågene, Inga Rise og Marte H.Holm

12 åringane : Mangnus Myrhol og Ole Martin Gjerde

13 åringane : Pål Valberg, Daniel H Holm, Jan Rune Nigardsøy, Marius Solberg og

                    Alf Erik Sande.

 

Brita Myrhol deltok og for første gang i vendeløp.

 

Ekstra spennande blei det til slutt når det kun var Ole Martin og Daniel igjen i sine klassa som

hoppa høgde.

Dei fekk begge kvar sine første plassar og nye persa.

Ole Martin si høgde på 1,38 gav 916 poeng etter Tyrvingtabellen og Bestemanspremie for guttar i

hopp klassen. Daniels høgde på 1,42 gav 867 poeng etter Tyrvingtabellen.

 

Daniel, Pål og Jan Rune gjorde reint bord (som Ingvald pleier og seie) på 30m sprint.

Det samme gjorde Daniel, Alf Erik og Jan Rune i kule.

 

I alt blei dei 7 førsteplassa, 9 andreplassa og 3 tredjeplassa.  Les resultatliste her

 

 

 


Oppkjørte løyper langs Risevatnet 24.03.2006

Keipen Turlag  har i samarbeid med hjelpekorpset køyrt opp skiløyper heile vegen innover Risevatnet. 
Her er det fine forhold for ein skitur for store og små! Det er lyst lenge om kveldane no, så grip sjansen til ein skitur. Samtidig kan du delta i FJELLTRIMMEN, bøker ligg ved 3,5 km og ved vegens ende.
Ha ein fin skitur! 
Keipen turlag

Pubquiz i kveld 24.03.2006

Det blir Pubquiz på LASSE`S KRO idag 24. mars kl 21.00.


I morgon, laurdag, spelar gruppa VI2 opp til dans på same plass.


Investert 12 mill på båt 24.03.2006

Ole Petter Dahl frå Kjelkenes og andre investorar har investert 12 millionar kroner i selskapet Stadt Sjøtransport AS. Firmaet har no kjøpt to skyssbåtar og to taubåtar for å operere strekninga Stad-Bergen. Les meir her.

Det snør i Svelgen... 23.03.2006

Ikkje det at vi trur at det har gått hus forbi for nokon at det snør i Svelgen av dei som bur her. Men vi tenkte vi skulle meddele våre utflytte sambygdingar om det usannsynlege snøfallet denne veka. Det har snødd og snødd og snødd i fire dagar i strekk. Brøytebilane har ikkje klart å ta unna dei enorme snømengdene. Og like gale, eller kanskje til og med verre har det vore i ytre. Der gikk brøytesjåfør Olav Frøyen så langt at han ba folk som ikkje hadde viktige ærend om å halde seg innandørs i dag. Vi har prøvd å finne ut kor mykje snø som faktisk er sendt ovenfra, men har ikkje lukkast. Er det nokon som har peiling på dette, mottar vi tips med takk. 

 

Her kan du lese meir om ekstremveret i Bremanger.


Skikarusell på søndag 24.03.2006

Søndag blir det skikarusell i dalen igjen.

Påmelding mellom 1200 og 1300, start kl 1315.

Det er meldt om kjempeføre - mykje snø og sol.


Verksdirektør Steinar Talle optimistisk:

Fylkesutvalet sa ja til Elkem Bremanger 23.03.2006

 

Fylkesutvalet har samrøystes gått inn for å gje Elkem Bremanger i Svelgen tilskot på 15 millionar kroner. –    Kjempepositivt! Politikarane har vist evne til å  konvertere frå ord til handling, seier plassjef Steinar Talle til Fjordenes Tidende fredag.

  Elkem Bremanger er eitt steg nærare etablering av opptil 100 nye arbeidsplassar. Investeringstilskotet som alle dei politiske partia onsdag sa ja til, skal brukast til å bygge opp Elkem Solar i Svelgen. Dei har sett det som ein føresetnad for tildelinga at ein vesentleg del av satsinga skjer i her. Løyvinga skal finansierast med Innovasjon Noreg sine regionale utviklingsmidlar for neste år, dersom Fylkestinget også seier ja på sitt neste møte, 5. april.

 - Produksjonen av høgreint silisium er ein prosess på fem steg, og vi jobbar no konkret med å få dei tre siste etappane av dette. Det er ei kjensgjerning at Elkem Fiskaa har det som trengs i første del, råvareproduksjonen, men vi har Silgrain-anlegget som utfører nesten nøyaktig same prosess som foredling til høgreint silisium til bruk i solceller, seier Steinar Talle.

  Han meiner ei slik løysing kan gje mellom 80 og 100 nye arbeidsplassar i Svelgen. I tillegg trur han fleire kan verte sysselsett i ulike støttefunksjonar og at det også vil få positive ringverknader for lokale verksemder som er underleverandørar for ulike varer og tenester.

  Tala som er presenterte så langt, tyder på at ei eventuell investering i ein første fase i Bremanger vil liggje på om lag ein halv milliard kroner.  Les heile artikkelen i Fjordenes Tidende fredag.


Gards- og ættesoga på pensjonistmøtet 23.03.2006

Svelgen Pensjonistlag har til møtet  5.april  invitert leiar for sogenemnda i Bremanger, Roar Førde, til å fortelle frå arbeidet med gards- og ættesoga.
 
Sogenemnda saman med sogeskrivaren er på det næraste ferdig med arbeidet.

Moro med barnehagedag 23.03.2006

I Svelgen vart barnehagedagen grundig markert ute i det fri. Med lavvo, ope bål, koking av betasuppe og popping av popcorn, vart det ein uforgløymeleg dag for dei mange små.

 

 

Ei stor gryte varm betasuppe vart raskt tømt i det vinterlege veret. Mange stod på ski, og andre hadde med akebrett. Som ein ekstra spiss på dagen vart det til slutt poppa popcsorn på det opne bålet.
Svelgen og Langeneset barnehage hadde slått seg saman for å markere den nasjonale barnehagedagen tysdag. Dei laga camp ved Svelgen stadion og området rundt var pynta med plakatar og ballongar  som dei mange forbikjørande nok har lagt merke til. Meir i Fjordenes Tidende fredag.

- Utruleg simpelt 23.03.2006

Leo Cirotzki trudde ikkje det var sant så han fekk telefon om at nokon hadde stole tomgodset til Røde Kors. Den grøne containeren til Svelgen Røde Kors har stått utanfor Coop Marked i sentrum i over eitt år. Her har folk lagt panteflaskene sine for å støtte det lokale hjelpekorpset. Ein full dunk gir mellom 2000 og 3000 kroner, og pengane er eit godt bidrag til hjelpeorganisasjonen sitt arbeid. Natt til i går vart den fulle dunken stolen, broten opp og tømt for innhald.

- Men pengane er ikkje det viktigaste. Uansett kor dårleg det står til med folk, er det utruleg simpelt å stele frå ein frivillig organisasjon på denne måten, seier Leo Cirotzki.

 

Tjuvane har drege den tunge fulle containeren frå Svelgen sentrum og opp på Naustneset – ei strekning på 600-700 meter med ein bratt oppoverbakke - i nysnø. Etter å ha brote opp hengelåsen og tømt den grøne dunken, har dei slept den bort til Svelgen Bu- og Servicesenter der vaktmeister Roar Skålbones fann den saman med søppeldunkane i går tidleg. Han gav straks beskjed til Røde Kors.

 

-  Eg må berre seie at eg ikkje trudde det eg høyrde. Eg hadde ikkje sett på eit tjuveri av dunken vår som noko mogelegheit i det heile tatt. Reint hærverk ser ein rett som det er, men å tømme containeren til Røde Kors for rubb og rake er berre heilt ufatteleg, seier Leo Cirotzki. Han meiner Røde Kors sin logo på framsida av dunken burde vere godt nok vern mot tjuveri. Les heile saka i Fjordenes Tidende onsdag.


Fotball

Sonelagsturnering i Florø for spelarar fødd 1993 23.03.2006

Laurdag 1. april inviterer SFFK til sonelagsturnering mellom Sunnfjord, Nordfjord og Sogn for spelarar fødd 1993.

 

Alf Erik Sande og Daniel H. Holm kom denne gangen og gjennom begge uttakene og er klare for å møte Nordfjord og Sogn i sonelagsturnering.  Les meir her


Hornelen Fotoklubb er skipa 22.03.2006


19. mars startet Hornelen Fotoklubb. Det var to fra Bremanger og to fra Svelgen som møttes oppe ved Ålfotsetra til en foto-session søndags formiddag. Etter en god times tid hadde vi fått sett oss litt rundt og tatt
masse spennende bilder. Vi dro ned til et møtelokale i Svelgen hvor vi hadde tilgang til å se på bildene via en projektor. Vi fikk varmen igjen på kaffe og god kake.

 

Der ble vi også enige om å danne en fotoklubb med
følgende formål:

- Dele erfaringer
- Arrangere ekskursjoner i nærområdet
- Eventuelt få økonomi til å kjøpe utstyr/bøker som medlemmene kan leie/låne.
- Få til en hjemmeside hvor vi kan laste opp bilder, komme med nyheter m.m.
- Leie inn kursholdere i forskjellige tema dersom ønskelig
Fotoklubben holder møter 1 gang pr mnd, fortrinnshvis hver 3. søndag i mnd,
annenhver gang i Svelgen/Bremanger. Neste møte blir 23. april i Bremanger.

Har du lyst til å være medlem i klubben? Ta kontakt med Anita Ingebrigtsen på tlf. 48119849
Bildene er fra Ålfotsætra sist søndag.


Friidrett

Strynehalleikane 18/03-2006 21.03.2006

 

 

Svelgen TIF reiste med følgande utøvere til Strynehalleikane i år.

 

10 åringane : Kristian Bremnes og Kim Johansen

11 åringane : Eirik Ask, Siri Vågene, Inga Rise

                    og Marte H.Holm

12 åringane : Magnus Myrhol og Ole Martin Gjerde

13 åringen   : Pål Valberg

16 åringen   : Jørgen Bjørkedal

17 åringen   : Arvid Ytrehus

 

Mange flotte resultater og nye perser blei det.

I alt 10 førsteplasser, 6 andreplasser og 3 tredjeplasser.

 

Dei som utmerka seg mest denne gangen var nok Marte med si høgde på 1,25 som gir 944 poeng etter tyrvingtabellen.

Jørgen persa og med 1,75 i høgde som gir 909 poeng

og Kristian Bremnes med et støt i kule på 7,22 som gir 923 poeng etter tyrvingtabellen.

 

 

Bilde av Marte og Ole Martin er fra G-Sport leikane på Lillehammer i 2005, der Marte imponerte med ei høgde på 1,20.

 

Lørdag 25/03 reiser vi med 11 utøvere til Gjensidige leikane i Florø hallen.


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Simpelt tjuveri! 21.03.2006

I løpet av det siste døgnet har nokon flytta ein pantedunk(biletet) frå sin vante plassering ved Coop Svelgen, til Svelgen Bu og Service Senter. Deretter har vedkommande brote opp låsen og stjelt innhaldet.

Innhaldet er for det meste panteflasker som går til Svelgen Røde Kors Hjelpekorps sin aktivitet og humanitære arbeid.

Det er ikkje tapet av verdien som er det verste her, og dunken skal vi greie å reparere, men å stele frå ein frivillig organisasjon som Røde Kors er bortimot det simplaste som finnst!

 

Saka er meld til politiet, og har du informasjon som kan hjelpe ber vi deg om å ta kontakt.

 


Friidrettsresultat frå Stryn 21.03.2006

Her kan du sjå resultata frå Strynehallsleikane som fleire svelgarar deltok på i helga.

Barnehagedagen 2006   

- Barn på alvor – plass for alle barn   

Barnehagedagen 2006 vert arrangert i heile landet 21. mars. Barnehagedagen er ei synliggjering av at barnehagen er ein inkluderande læringsarena med plass for alle barn.
BARNEHAGANE I SVELGEN HELD OPEN BARNEHAGE I LAVVO NEDANFOR FOTBALLBANA.

HER BLIR DET SERVERT SUPPE, BRØD OG DRIKKE FRÅ CA. KL. 1030

 

VI INVITERER ALLE TIL BESØK.

Veit ikkje om Sander åt morrpølse 20.03.2006

I januar i år vart Sander Gulliksen frå Rugsund i Bremanger smitta av den farlege E.coli-bakterien. Seks år gamle Sander fekk nyresvikt.

Fredag høyrde vi far og mor på NRK Sogn og Fjordane til Sander, fortelje om ei tøff tid, der dei nær mista guten.

- Vi har hatt morrpølse i huset, men  det er jo ikkje Sander som et morrpølse mest, men søskena og vi et slik pølse. Det kan hende at han har smakt på det, utan at vi er sikre, seier Espen Gulliksen.

 

Foto: Åge Senneset


Svelgen songlag inviterer:

- Syng med oss på søndag 20.03.2006

 

Har du lyst å vere med på ei musikalsk rundreise?

Då er staden for deg :

SVELGEN SAMFUNNSHUS

SØNDAG ,     26. MARS       KL. 17.00

Svelgen Songlag, med dirigent Luis Santiago Ruiz og tonefylgje av Geir Aage Hovland inviterar til hyggjeleg samvær.

Det blir lett blanding av korsang og allsang med akk. av medlemer av trekkspelklubben.

Bill.:   vaksne: kr.100.

          barn:     kr. 50.

VELKOMNE!!

Arr. Svelgen Songlag


Flotte solrike dagar i dalen 20.03.2006

Svelgen Oppveskst har vore flinke til å nytte dei fine marsdagane vi har hatt til å ta elevane opp i dalen. Det har vore flotte dagar ved Karlskardstova med glitrande føre og stor skiglede.   Gode nistepakker og bål samla store og små mellom turer i flotte løyper og utfordrande bakkar, skriv skulen på heimesida si. Sjå dei flotte bilda!

Asfaltering i Svelgen i år 20.03.2006

880 meter av RV 614 mellom Svelgen og Storefossvatn skal asfalterast i inneverande år, melder Statens Vegvesen.


Nyhende for:

Svelgen Festivalpark 18.03.2006

 

                                  

  www.festivalpark.no   har vi no lagt ut ei mail adresse kor alle kan kommen med innspel.   Sidan eit ferdig   kostnadsrekna prosjekt er tenkt ferdig i slutten av april, er det viktig  å få fram alle gode idear no. Det er mellom anna komen forslag om at det bør lagast ei gang bru over Riseelva. På sida er det lagt ut ei teikning som viser eit forslag for dette. Det   er og stilt spørsmål   om at anlegget bør vere tilrettelagt   for handikappa. Dette vil truleg også bli teken med i planane.

 

Svelgen Båtforeining og Bygg- og Reinhaldservice AS, har no fått   brev det vi har lagt fram forslag for samarbeid. Alle parter vil bli kalla inn til møte i april, og vonleg vil vi   i fellesskap finne løysingar som er til beste for alle. At www.festivalpark.no no har fått fast link her frå Svelgen.no   er og eit stort løft for prosjektet   Rundt 100 personar har signert på sida og slutta opp om ideen.. Vi håper på endå større oppslutnad etter kvart som heilt konkrete planer føreligg. Ein person har på sida skreve:   No kan svelgen bli ein fin plass å reise til. Nettopp det vil vere ei   målsetting   med prosjektet.

 

Med Helsing

Arbeidsgruppa for parken

Erling Brekke, Jostein Eimhjellen, Andre Vistnes,

Christian Gulhaugen, Roald Løvfald og Gry Gulestøl


Klubbleiar Bjørnar Førde:

Har tru på Solar i Svelgen 17.03.2006

 

Klubbleiar Bjørnar Førde trur Svelgen kjem til å få mellom 75 og 100 nye arbeidsplassar i samband med etablering av Elkem Solar. – Eg føler meg trygg på at dette skal gå, seier han til Fjordenes Tidende i dag.

 

  - Eg trur Elkem Solar kjem til å satse på ein delt modell. Elkem Fiskaa har stengt omnar som er optimale til produksjon av råstoff og eg trur dei vil få denne delen av Elkem Solar. Men når det gjeld vidarefordlinga til høgreint silisium er det vi som har hendene og kompetansen til å utføre det, seier Førde.   

- Å seie at Svelgen er for lite til Elkem Solar blir berre heilt feil. Både skulen og andre funksjonar er tilrettelagt for langt fleire enn dei som bur her i dag. Likeins må ein også hugse at Svelgen har eit fantastisk omland og ligg midt i sentrum mellom fleire byar der reiseavstanden er meir eller mindre ein time, seier Bjørnar Førde.  - Det skal i alle fall ikkje stå på kompetanse, fastheld han.

 

Stans i sommar

Heile Elkem Bremanger skal ha stans i mellom seks og sju veker sommar. Verksemda har bygd seg opp lager, og skal bruke tida på å tømme dette og vedlikehalde omnane og Silgrain-anlegget.

- Etter ferien vil alt gå som normalt, med vanleg produksjon. Det som kanskje er verst er at vi ikkje kjem til å ta inn sommarvikarar i år. Erfaringsmessig er det ungdomane som kjem til Svelgen om sommaren som seinare blir læringar og utdannar seg mot prosessindustrien, seier Førde.

 Les meir i dagens avis.


Jaktprøvekurs - praktisk obligatorisk del 17.03.2006

Kursstart mandag 27. mars 06  kl. 17:00 på S velgen skule.
Kursavgift kr.1100,-
Påmelding frist: 24. mars 06
Arrangør: Svelgen Jeger og Fiskeforening.
577 93 110 / 911 59 104.

Skikarusell på søndag 16.03.2006

Det blir skikarusell som tidlegare annonsert førstkommande sundag 19. mars.

Påmelding mellom 1200 og 1300 og start

kl. 1315.


Coop Marked Svelgen informerer:

- Kast eller levèr tilbake kjøttdeig 16.03.2006

 Vi har fått følgande melding frå butikksjef Geir Gjerde:
 
Dette bør du kaste:
Rå kjøttdeig
Rå familiedeig
Rå kjøttfarse
Rå hamburger
Alle andre former for rå burger
Alle former for rå kjøttkaker og karbonader
Alle andre former for rå deiger og farser laget av storfe
 
Som er kjøpt mellom 1.januar-24.februar
 
Vi tar imot varene og gir pengene tilbake uten diskusjon.
Også om de kommer med umerkede poser og uten kvittering.
 
Coop Marked Svelgen                
 

Tilrår 15 mill. til Elkem Bremanger 16.03.2006

Hovudutvalet for plan- og næring rår til at fylkeskommunen skal gi eit tilskot på 15 millionar kroner til ei satsing på høgreint silisium ved Elkem Bremanger, melder NRK Sogn og Fjordane i dag.

Dans og god mat på hotellet i påska 16.03.2006

                                                             Onsdag 12.april

kl.1930-2130

Tacoaften kr 120.-inkl.dans

kl.2200

Dans Ronny Fløholm cc kr.70.-

Påskeafta

kl.2000-2130

Heilsteikt Ytrefilet kr 180.-inkl.dans

                              kl.2200 

                             Dans Ludo cc kr.100.-

                            Bordbestilling 57 79 33 01

Om LUDO (bildet): Frå Hareid og Ulsteinvik kjem to karar som utgjer duoen Ludo.
Atle Gjerde er vokalist og gitarist, medan Kjartan Skotte spelar keyboard og andre tangentinstrument. Begge har lang erfaring frå danseband, og er kjende som dyktige musikarar.
Ludo satsar på god lyd og behageleg lydnivå. Dei har eit variert repertoar, der låtar av m.a. Creedence, Hollies og Tor Endresen pleier å vere populære innslag. Danseduoen kan kallast ein totalleverandør av musikk for vaksne, danseglade menneske. Dei er kjende for å få med seg publikum når dei opptrer, og er blitt svært populære både blant publikum og arrangørar på Nordvestlandet!

 


Hageavfall kun i opningstida 16.03.2006

Vi har fått følgjande opplysning frå ein av våre lesarar:

IKKJE LENGER LOV Å KØYRE HAGEAVFALL TIL STØLSBORDEN UTANOM OPNINGSTIDENE


Fliflet og Hamre til Svelgen igjen! 16.03.2006

Fliflet og Hamre Energiforsyning kjem til Svelgen igjen. Den 31. mars stiller humørspreiarane opp på Svelgen Samfunnshus med trekkspel og trommer - og mykje meir. 

 

Litt presseklipp om den spesielle duoen:

"Fliflet/Hamre er et orkester som virkelig er noe for seg selv. Med trekkspill og trommesett har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt en helt egen stil som har begeistret både publikum og kritikere i de forskjelligste miljøer.
Fliflet/Hamre fører sammen musikk av ulikt opphav og skaper et eget, personlig landskap. Og både folk med lakksko, bunad, sorte skinnjakker eller cowboyhatter lar seg villig føres rundt i deres fargerike hage. Kontrastene er store, men opplevelsen hel.

I Fliflet/Hamres musikk står lekelyst og innlevelse sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantoner slynges ut mellom svenske religiøse folketoner, jødiske tristesser og hardtsvingende festmusikk fra Texas. Publikum trekkes med på værbitt norsk allsang - og Harald Sæverud havner på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynere.Iblant lar Ole Hamre trommene hvile og lager vakker og uhørt musikk på gryter eller melodika, - eller lager rytmefest med sin helt spesielle stepping....

Gruppen er kjent for sitt tette og dynamiske samspill, og har opptrådt på et meget stort antall skandinaviske festivaler; bl.a. på jazzfestivalene Molde og Kongsberg, Førde og Falun internasjonale folkemusikkfestivaler, Skagenfestivalen og i Finland, Tyskland, Belgia og Skottland".

 

Arrangør: Bremanger Musikkråd
 


Magedans i Florø i helga 16.03.2006

Magedansgruppen i Florø arrangerer kurs i orientalsk magedans for nybegynnere førstkommende helg. Det er et 6-timers kurs som tar for seg grunnleggende teknikker som blir satt sammen til en dans / koreografi.
 

Ta med sjal eller magebelte til å knytte rundt hoftene. Det er best å danse barbent eller med tynne dansesko / gymsko.

Magedans er bra for rygg/ bekken / hofter, passer for alle og ikke minst – det er veldig artig og sosialt! J

 

Du kan sjekke mer på denne linken: http://home.online.no/~henpauls/zamila.html  
 
 

Kurssted:     Puls Treningssenter, Florø     

Pris: kr 450,- pr person                                            
Lørdag 18/03    kl 10.00 – 13.00               
Søndag 19/03    kl 11.00 – 14.00

For mer info/ påmelding, ring: Sonja Olsen 90 95 54 54 eller Eli Kristin Magnussen 99 24 50 84

Takk til INC Vedlikehold 14.03.2006

 

 

Vi har fått følgande gladmelding frå Arne Loftheim på Bakarhuset:

"Aktiv Jobb vil takke for hjelpa vi fekk då bolledelemaskina vår gjekk sund. Maskina er så gamal at det ikkje er deler å få til den. Vi vende oss difor til INC Vedlikehold og spurde om   hjelp.

 

Kjell Standal demonterte maskina og tok den skada delen med på verkstad.

Jan Heggø sveiste delen og monterte maskina på nytt.

 

Takk til Kjell og Jan og medarbeidarane deira for godt arbeid og god service.

 

Kavringproduksjon, og anna produksjon, går no som før på Bakarhuset.

 

Rekninga frå INC Vedlikehold lyder på:

Ein pakke kavring til Jan Heggø og ein pakke til Kjell Standal.

 

Denne hjelpa/gåva set vi stor pris på!

Vi betalar med glede!

 

Tusen takk!"


Lucky loosers på INC-cup 13.03.2006

RESULTAT FRÅ INC-CUP LØRDAG 11. MARS
Pilkast:
1. Åge Kolset 83 p
2. Ragnhild Sagmo 80 p
3. Kjell Ove Sørgulen 76 p

Skyting etter omskyting, då alle tre hadde 90 poeng i ordinær omgang
1. Kjell Ove Sørgulen 97 p
2. Torgeir Fauske 93 p
3. Kurt Svarstad 90 p

Volleyball:
   Sisteplass og dermed vinnar av volleyball turneringa:
   Upper ten ( Elkem Shared Services)

   Egentlig vinnar av finale og tildelt trøstepremie for 1. plass i volleyball
   turneringa:
   INC Vedlikehold Svelgen AS

Fotball:
   Sisteplass og dermed vinnar av fotball turneringa:
   Bremanger kommune (bildet; Marianne Herje, Hilde Jenssen Midtbø, Liv Anita Yttrehus, Ann Irene Myrheim, Liv Marit Bøen, Liv Wenche Dyrstad, Berit Olsbø Frøyen, Rigmor Eikeset og Heidi Synnevåg)
   Egentlig vinnar av finale og tildelt trøstepremie for 1. plass i fotball
   turneringa:
   Elkem Ovn 5
Les meir om turneringa i Fjordenes Tidende onsdag.

Sørlendingane trur på solcelle-siger 13.03.2006

Hovudtillitsvald Kai Isaksen ved Elkem Fiskaa føler seg trygg på at solcellefabrikken med 500 arbeidsplasser hamnar i Kristiansand.

 
 

– Slik dette utviklar seg, kjenner eg meg ganske sikker på at det går vegen, sier Isaksen til Fædrelandsvennen. .

Onsdag ettermiddag var han saman med ein tung delegasjon frå blant anna Elkem-konsernet på besøk hos Agder-benken på Stortinget. Saman med representanter for HiA og Sørlandets kompetansefond presenterte Elkem-gruppa planane om ein fabrikk som skal produsere råmateriale til solceller i form av superreint silisium.

Dette kan skape inntil 500 arbeidsplasser. Kristiansand kjemper med Svelgen om å få fabrikken.

Les heile artikkelen her.


Ny link til festivalparken 09.03.2006

Vi har no lagt ut ein ny link til heimesida for Festivalparken. Sjå meny til venstre.


Fotball

Sonetrening i Florø 18. mars - J/G-1993 09.03.2006

På Sogn og Fjordane si side kan en lese at 4 fra STIF

er videre til sonetrening nr 2.

Katrine Ask, Frida Sande, Daniel Holm og Alf Erik Sande er alle

kalla inn til sonetrening lørdag 18.mars. les mer 



Skikarusell førstkommande sundag 09.03.2006

Det blir arrangert Skikarusell i dalen førstkommande sundag 12. mars.

Påmelding mellom 1200 og 1300.

Start 1315. 


Føremiddagstreff i Bakkevegen 09.03.2006

Svelgen og Omegn Husflidslag ber inn til sosialt samver i Bakkevegen 13, Husflidshuset

mandag 13. mars , 27. mars og 24. april kl 11.00

Tanken er at ein kan møtast for å slå av ein prat, eller utveksle idear til ulike aktivitetar.

Dei som vil, tar med handarbeid.

Kaffi me´någo attåt

Styret


GRATULERER MED DAGEN, JENTER! 08.03.2006

For dei som trudde kjønnskampen var over, ber vi om at artikkelen nedunder blir lest grundig. I og med at det er kvinnelig redaktør av denne nettsida, føler vi oss så fri at vi tar  med det meste:)

 Kvinnedagen 8. mars er internasjonal. Det fins mange undertrykte jenter og kvinner ute i verden som blir lemlesta med omskjæring og ødelagt med syre. Husk alltid at ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon. Det fins to kjønn på denne jorda - med samme ønskjer for dei timane dei skal trakke på planeten. Sjølvsagt - eller?

Den internasjonale kvinnedagen feires hvert år den 8. mars. Dagen ble første gang markert som en nasjonal kvinnedag i New York i 1908. Den gang kjempet kvinnene for stemmerett. I 1910 ble dagen vedtatt som en internasjonal kvinnedag av deres medsøstre i Europa etter et forslag fra den tyske sosialdemokraten Clara Zetkin på den andre internasjonale, sosialdemokratiske kvinnekongressen i København i 1910.

Allerede året etter ble oppfordringen fulgt med markeringer i flere land, men selve datoen ble ikke bestemt før i 1917, da russiske kvinner feiret dagen. Deres demonstrasjon ble opptakten til den russiske revolusjonen. Derfor bestemte Lenin i 1922 at 8. mars skulle være en kommunistisk festdag, og dagen kom til å være knyttet til den kommunistiske bevegelsen fram til den nye kvinnebevegelsen på 1970-tallet.

I Norge var feiringen av 8. mars stor blant annet i 1915, under den 1. verdenskrigen, da Kvinneforbundet i Arbeiderpartiet arrangerte folkemøte for fred, der blant annet Aleksandra Kollontaj fra Russland holdt tale.

Etter dette var det markeringer både i regi av kvinner knyttet til Arbeiderpartiet og av kvinner knyttet til Norges Kommunistiske Parti, stiftet i 1923.

Under andre verdenskrig fant kvinner hverandre i motstandsbevegelsen og i konsentrasjonsleire og markerte dagen i all hemmelighet. Etter krigen var det så det nystartede «Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund», senere « Norsk Kvinneforbund», som holdt dagen i hevd gjennom mindre markeringer. Deres første offisielle markering etter krigen var i 1948. Den gang raste den kalde krigen og kvinnene som markerte dagen møtte mye motstand.

Den nye kvinnebevegelsen tok opp igjen tradisjonen med å markere 8. mars i 1972. Da tok en gruppe kvinnefrontere ved Universitetet i Oslo initiativ til en felles markering med de andre kvinneorganisasjonene. Siden ble dagen en viktig markeringsdag - landet over gikk små og store demonstrasjonstog, noen med en håndfull deltakere, andre med flere tusen. 8. mars 1978 gikk 20 000 kvinner og menn i tog i Norge.


Sjå her Trond Teigene! 06.03.2006

Vi fann dette innlegget på Firdaposten sine debattsider:

 

 " No legg dei ned 15 stillingar i ved økonomiavdelinga i Svelgen, og det ser mørkt ut for avdelinga. Det kan då være på sin plass at med utflytta svelgar, banksjef Trond Teigene, går i spissen for at delar av den ny satsinga til Sparebanken blir lagt til Svelgen. Slik som vi leser det i avisene  går mykje av tenestene på data. I Svelgen sit der no ganske så snart 14 meget kompetente damer klare til å sette i gang. I Svelgen er mykje allereie tilrettelagt for at ei slik verksemd kan ta til" skriv den anonyme svelgaren i innlegget.

Ein skikkeleg god idè, syns vi.


Dyrare med halv barnehageplass 06.03.2006

Frå hausten kan dei som har halv barnehageplass måtte betale høgare timepris enn dei med heil plass. Det oppsiktsvekkande forslaget skal behandlast av kommunestyret tysdag. Det vil gje 135.000 kroner i høgare inntekter til kommunen, melder Fjordenes Tidende idag.


Uten kultursjef? 06.03.2006

Bremanger kommune kjem ikkje til å lyse ut stillinga som kultursjef. Lønskostnadane skal reduserast og rådmann Tor-Kristian Gulhaugen seier til Fjordenes Tidende i dag at han ikkje kan garantere at det blir gjort.

 

 For å få ned lønskostnadane skal kommunen no mellom gå gjennom Bremanger Vekst, Bremanger Hamn og Sentraladministrasjonen i tillegg til kultursjefstillinga.

 

Først på siste kommunestyremøte før sommarferien, den 20. juni skal poltikarane endeleg avgjere om kulturkommunen skal ha kultursjefstilling. Gunhild Berge Stang reiser frå oss 1. april.


Fotoklubb 06.03.2006

Vi er noen stykker som savner en fotoklubb i Bremanger kommune.

Er du interessert i å være med å starte opp? Ta konakt med Anita Ingebrigtsen: 48119849


Svelgen oppvekst

Skiutstyr 06.03.2006

 

Har du ski, stavar og sko du ikkje nyttar, tek Svelgen oppvekst i mot dei med takk.

 


Friidrett

Resultat INC leikane 2006 05.03.2006

 

 

INC leikane i friidrett blei arrangert i Svelgen idrettshallen,

lørdag 4.mars.

58 deltakarar fra Svelgen, Florø, Førde, Ålfoten, Laksevåg og Vik deltok.

Utøvarane vår tok mange 1-2 og 3 plasser og sette mange

personlege rekordar. Resultat lista finn du her

 

Friidrettsgruppa vil få takk alle frivillige som stilte opp.

Utan så god hjelp hadde vi aldri klart å arrangere INC leikane.

TUSEN TAKK alle sammen.

 

 

 

 

 

 


FRIIDRETT

INC Leikane 4.Mars. 2006 01.03.2006

 

 

 

 

 

 

 

Svelgen Turn & Idrettsforening har gleda av å by inn til innandørsstevne i Friidrett i

Svelgen Idrettshus,  laurdag 4.mars 2006. Kl.12:00

 

Stavhopp startar kl.10:00.

 

Ta turen til idrettshallen laurdag og sjå.

Det vært åpen kiosk med salg av svele, kake, kaffi, brus og pølse m/brød.

 

Øvingar:

Årsklasse

Øving

Øving

Øving

Øving

Øving

Øving

J10-J11

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

G10-G11

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

J12-J18

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

G12-G18

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

Menn/kvinne Junior

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

Menn/kvinne Senior

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp


Ferievikar eller musikklærer? 03.03.2006

Har du lyst å bli den nye musikklæraren i vår kulturelle kommune, må du klikke deg inn på Stillig ledig til venstre. Det må også dei som ynskjer å ha sommarjobb i kommunen.

Møyfrid Hestetræet ny leiar for Svelgen Pensjonistlag 02.03.2006

 

 

 

etter   Fridtjof Frøyen   som hadde hatt vervet i 4 år.

Med seg i styret har ho:

Nestleiar: Anne Lise Gilleshammer

Sekretær: Åse Kjelkenes

Kassarar: Konrad Ryland

Styremedlemmar: Arvid Frøyen, Magni Nesbø og Anne Lise Grinde.

Varamedlemmar til styret:  Aud Leirvik, Anna Svarstad og  Arnstein Langedal.

Revisorar: Åse Eikeseth og Elsa Ask.

Valnemnd 2007: Ragna Svarstad, Gerd Ryland og Gudrun Frøyen.

 

Årsmøtet vart i år halde på Svelgen Hotell. Frammøtet var godt 57   av laget sine 113 medlemmar deltok. Etter at dei vanlege møtesakane var gjort unna, var det årsmøtefest. Hotellet serverte god lammesteik med tilbehør og bløtkake og kaffi. Det var underhaldning av ymse slag – Margaret Hjalte hadde laga ein fin prolog til pensjonistlaget, det var allsang og Seniordansegruppa   synte fram nokre av dansane sine. Til slutt spela Trekkspelklubben opp til dans. Gamle og kjære melodiar lokka pensjonistane til dansegolvet. Det vart dansa vals, tango, swing, polka og reinlender nett som då vi var unge.

Eit godt årsmøte og ein triveleg årsmøtefest – det var vi alle samde om.

 alg


Svelgen misser arbeidsplasser:

Etterlyser engasjement 01.03.2006

Arild Mundal etterlyser bygda sitt engasjement etter at det vart kjent at 15 arbeidsplassar, hovudsakleg kvinnelege stillingar med høgkompetanse, forsvinn ut av bygda. Les hans synspunkt på sida for lesarinnlegg.

Ledige stillinger i kommunen 01.03.2006

Bremanger kommune har no lagt ut fleire ledige stillinger. Sjå link.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov