Arkiv Feb 2011

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Årsmøte Svelgen Samfunnshus og kino 22.02.2011

 

 

 

Det vert med dette kalla inn til årsmøte for   

Svelgen Samfunnshus og Svelgen Kino

 

 

     

   

   

   

   

        

           

          

          

         

            

          

       

Møtestad: Småsalen i Samfunnshuset

Møtetid:      tysdag 15.mars 2011 -   kl. 18.00

  

Sakliste:          1. Opning

                         2. Namnopprop – registrering

                         3. Val av ordstyrar, skrivar og to til å skrive under protokollen

                         4. Årsmelding 2010

                         5. Rekneskap 2010

             6. Budsjett og driftsplaner 2011

             7. Innkomne saker

             8. Val iflg. Vedtektene

Saker som skal handsamast på årsmøte må vere styret i hende innan 28.februar 2011.

 

Svelgen, 16.02.11

Svelgen Samfunnshus / Svelgen Kino

 

Bjørg H. Didriksen

-styreleiar-


DATAKURS. 28.02.2011

Dersom det melder seg nok deltakarar startar vi opp med datakurs for "vettskremte nybegynnere" :) på Keipenstova. Willy Bell er lærar.  Påmelding kan skje til tlf.41418231


Litt mindre enn normalt med nedbør i februar 28.02.2011

I februar fall det i Svelgen 164 mm nedbør, medan normalen er 174 mm. 24,4 mm var det meste ein målte på ei døgn, og 13 døgn (12 på rad) var utan ein drope i måleglaset til Svelgen Kraft.

Ytterlegare nedsetjing av variabel kraftpris 28.02.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 77,50 øre/kWh inkl.mva til 73,70 øre/kWh inkl.mva.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten

 

Prisendringa gjeld frå 14. mars 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

14.03.2011

58,96

73,70


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

En stor gratulasjon til produksjonsavdelingen Silgrain ved Elkem Bremanger som nå har gjennomført 10 år uten fraværskade(H1 - 27.02.2001).

 

I tillegg har de også rundet 6 år uten H2- skade ( skade med arbeidsbegrensing/medisinsk behandling)

 

Dette forteller oss at det fullt mulig å få dette til i alle produksjonsavdelinger/felles områder.

 

Vi gleder oss over disse resultatene, men vet at hver dag framover er en ny eksamensdag.

 

Fakta om Produksjonsavdelingen Silgrain:

Produsere til markedsegmentet polysilisium som benyttes til solcelle og elektronikk.

Produserer 38.000 mT pr.år under varemerket Silgrain ®     

     

      Produserer 45.000 mT (aluminiumsklorid, jernklorid og lut) pr.år. Brukes bla til    vannrensingsanlegg

     

      Avdelingen benytter også HydrogenFluoridsyre/flussyre) i deler av produksjon.

     

    Silgrainanlegget har 4 personer pr skift i døgnkontinuerlig


Set ned variabel kraftpris 28.02.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 78,95 øre/kWh inkl.mva til 77,50 øre/kWh inkl.mva.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten

 

Prisendringa gjeld frå 4. mars 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

04.03.2011

62,00

77,50

 


50 deltok på skikarusell søndag 28.02.2011

Sjå heile resultatlista på www.bremanger.no

Svelgen Kunstlag står som arrangør for Sogn og Fjordane si vandreutstilling
 
                                 "Tilknyting"
 
Utstilllinga vert offisielt opna 
 
                                          fredag 4. mars kl 18 oo.
 
i Småsalen på Samfunnshuset.
 
Det er 16 kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane som deltek på utstillinga.
 
Difor er dette ei spennande utstilling som viser eit mangfald av ulike kunstartar  - 
alt  frå måleri, akvarell, teikning og foto -  til biletvev, instalasjonar og tresnitt.
 
Svelgen Kunstlag ynskjer alle velkomne til utstillinga og håpar at mange finn vegen oppom Småsalen  denne helga.
 
Opningstider:  
 
                        Fredag    4. mars  kl. 18 oo  -  20 oo
                        Laurdag  5. mars  kl. 11 oo  -  16 oo
                        Søndag   6. mars  kl. 14 oo  -  17 oo
 
I samarbeid med Bremanger Kulturkontor er alle 8. klassingane i kommunen inviterte til omvisning på utstillinga fredag.
 
Styret i Svelgen Kunstlag minner medlemmane om årsmøtet i Småsalen
torsdag 3. mars kl 18oo  der det vert høve til å sjå utstillinga. 

Zumba 27.02.2011

 

  Neste zumbatrening vert søndag 13.mars kl.18.00!

 

 


Yogi Bjørn på Svelgen kino torsdag og søndag 17.02.2011

Yogi Bjørn blir vist på Svelgen kino torsdag 24.februar 17:00 og søndag 27.februar 17:00

Kiosk og billettsalg en time før

Jellystone-parken har ikke så mange besøkende som før, så ordfører Brown har bestemt seg for å stenge parken og selge området. Det betyr at familier ikke lenger kan oppleve den vakre, ville naturen - og enda verre er det at Yogi og kameraten Boo Boo vil bli kastet ut av det eneste hjemmet de noen gang har hatt.

Aldersgrense: Tillatt for alle

Ny link til webcameraet på Langesi 27.02.2011

Den faste linken på Svelgen.no til webcameraet på Langesi har ikkje virka på ei stund, så her kjem ein ny link: http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=123575

Hugs sanitetsbasaren på samfunnshuset laurdag 25.02.2011

Svelgen sanitetsforening arrangerer basar lørdag 26 februar på Samfunnshuset i Svelgen.

 

Vi åpner dørene kl: 11.30. Ta turen innom for  Kaffe, Kaker og Åresalg J


Hauge legekontor stengt til 4.mars! 25.02.2011

Hauge legekontor blir stengt fra 25.februar til 4.mars 2011 på grunn av omlegging av data og telefon system.
 
For øyeblikkelig legehjelp kontakt tlf: 57793313 

Skikarusellrenn søndag 27. februar 23.02.2011

STAD: KARLSKARSTOVA

DATOAR

27.02.11 (søndag)

13.03.11 (søndag)

 

 

Påmelding presis mellom 12.00-13.00.
Start 500 meter kl 13.15.
Start dei andre distansane kl 14.00.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Premie til alle i kvart renn.
Utdeling av pokalar på siste karusellrennet.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 50,-

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før renn. Når de har parkert på parkeringsplassen, må de gå rett over hovudvegen, og gå den nye traseen opp til Karlskarstova

Open kiosk

Ålfoten Idrettslag        Svelgen Turn og Idrettsforening


Stor nedgang i klimagassar 24.02.2011

Frå 2008 til 2009 gjekk mengda utslepp av klimagassar (CO2-ekvivalenter) ned frå 232.000 tonn til 166.000 tonn i Bremanger. Industrien i kommunen står for 88 prosent av utsleppa. Det skriv Statistisk sentralbyrå.

Den samla utsleppsreduksjonen i norske kommunar var i same perioden på seks prosent.


A-lagstreninger (vinterferien) 21.02.2011

 

A-laget gjennomfører utetreninger på stadion tirsdag 22.02. Kl.16:00.

 

 

  Treninga torsdag 24.02 blir flytta inn pga dårleg vær.
               Treninga starter kl.19.30.


                              Møt opp!
  

                              TVB

Hugs avstemminga på midtbane på "Tidenes Sogndal-lag" 23.02.2011

Som nemnt før er ein no kome til kåringa av dei beste sentrale midtbanespelarne på "Tidenes Sogndal-lag". Atle Torvanger frå Bremanger er ein av kandidatane ein kan stemme på hjå NRK S. og Fj. Om du vil lese meir om Torvanger si innhaldsrike fotballkarriere klikkar du her.

Reisebrev fra Praha 23.02.2011

En gjeng på 18 stykker fra kunstlaget og Bremanger folkeakademi er for tiden på tur i Praha, Tsjekkia. Med oss som reiseleder har vi Espen Frøysland som gjør en glimrende jobb og geleider oss fint gjennom gatene, kirker, tårn, kanaler og det som er.

Tirsdag møtte vi ambassaderåden ved Strahov klosteret. Ett kloster som ligger på en av høydene. Klosteret har en enorm boksamling. Den ene salen var nylig oppusset med midler fra et eøs fond, hvor Norge er sterkt inne. Etter omvisningen som gikk i områder publikum ikke normalt kommer til, gikk vi ned til den norske ambassaden hvor vi fikk foredrag om Tsjekkia idag og levestandard.

Vi fryser oss gjennom dagene, men trives godt og ser frem til de neste dagene.

 

Hilsen Christina Frøysland


TRUBADUR

EINAR JAKOBSEN

SPILLER PÅ

LASSE`S KRO

26. FEBRUAR

LANG ERFARING I BRANSJEN, EIN AV FYLKES BESTE MUSIKER,

VELKOMMEN TIL Å SVINGE DEG.

COVER:100,-


HUSK ÅRSMØTE - Svelgen Pensjonistlag! 23.02.2011

  Årsmøtet er i Storsalen på Samfunnshuset og tek til kl.17.00

Koldtbord og kaffi/bløtkake ca. kl. 1900, det kostar 200 kroner.


Santitetsbasar på Samfunnshuset laurdag 22.02.2011

Svelgen sanitetsforening arrangerer basar lørdag 26 februar på Samfunnshuset i Svelgen.

 

Vi åpner dørene kl: 11.30. Ta turen innom for  Kaffe, Kaker og Åresalg J


STIF

Ikkje barnetrim i vinterferien 20.02.2011

 

Det vert ikkje barnetrim fredag 25.februar på grunn av vinterferie.


Årsmøte Svelgen Turn og Idrettsforening. 14.02.2011

 

Vert halde på Svelgen Hotell 16.03.2011, kl 18.00.

      

SAKER TIL ÅRSMØTE SENDES TIL

Svelgen Turn og Idrettsforening, 6723 Svelgen

  

                  Og må være oss i hende innen 1. mars 2011.

                                       

                                                                                Heimesida til  STIF  

                     STIF v/ Styret
   

Det er tillatt med ei stemme pr PC pr døgn

Atle Torvanger på "Tidenes Sogndal-lag"? 20.02.2011

Atle Torvanger (bak t.h. på biletet), opprineleg frå Bremanger, er ein av kandidatane på sentral midtbaneplass på NRK Sogn og Fjordane si kåring av ”Tidenes Sogndal-lag”. Juryen beskriv han som ein ballelegant med fantastisk skotfot, og vi frå Bremanger kommune som følgde karriera til Torvanger, kan med godt samvit stemme han inn på dette "laget". Les meir om denne kåringa ved å  klikke her, og der kan du også avgi di stemme på sentralmidtbaneplass på dette ”laget”. Nedanfor kan du lese litt om fotballkarriera til Atle Torvanger:

 

Etter å ha gått gradene i Bremanger IL melde Torvanger i 1983, det året han fylde 20 år, overgang til Sogndal i nest høgste divisjon. I alt 9 sesongar, fordelt på to periodar, spelte Torvanger for Sogndal. I løpet periodane 1983-1987 og 1992-1995 spelte han totalt 345 kampar for Sogndal, og scora 68 mål (i offisielle kampar var tala 210 og 26). Spel i eliteserien vart det med Sogndal i 1992 og 1994, og i den første av desse to sesongane hadde han æra av å vere kaptein for Sogndal sitt stolte fotballag. Torvanger var i desse sesongane ei svært viktig brikke for Sogndal på sentral midtbaneplass Tidlegare lagkamerat i Sogndal, Arild Førde, beskriv Torvanger slik: God teknisk, fart, glimrande skotfot/pasningsfot, flink til å lese spelet, og ein strålande person utanfor bana. So m nemnt spelte Torvanger mest på sentral midtbane, men i løpet av dei ni sesongane spelte han også back, midtstoppar, midbaneflanke og spiss. I 1987 hadde Sogndal ein svært god sesong i nest øvste divisjon, og klarte opprykk til eliteserien. Torvanger var svært delaktig i opprykket, og vart mellom anna belønna med uttak til OL- landslagssamling (dei beste norske spelarane som ikkje hadde delteke i EM- eller VM-kvalifisering). På denne tida var Nils Arne Eggen ein av trenarane på OL-landslaget.

 

Etter den gode sesongen til Torvanger og Sogndal i 1987, fekk han tilbod om å spele for Brann i eliteserien i 1988 (biletet t.v. frå 1988). Alt første sesongen fekk han oppleve sin største augneblink på fotballbana: Brann kvalifiserte seg til cupfinalen på Ullevaal stadion. Torvanger markerte seg til og med med scoring i finalen, då han sørga for å utlikne til 2-2 i 2. ekstraomgang. Sjå scoringane frå cupfinelen på YouTube . Dette medførte at det måtte spelast ein ny cupfinale på Ullevaal for å kåre NM-vinnaren. I denne 2. finalekampen vann Rosenborg 2-0, og Torvanger og Brann måtte ta til takke med NM-sølv . Dei fleste Brann-spelarane spelte finalen med heilskjegg grunna eit veddemål, som starta i 3. runde, om at dei ikkje skulle ta skjegget før dei var ute av cupen. Ikkje berre scora Torvanger i cupfinalen, han sørga også for at Brann kom til finalen ved å score det avgjerande målet i semifinalen borte mot Moss. Sidan Rosenborg også vann eliteserien var Brann kvalifisert for spel i europacupen for cupvinnarar, der dei møtte det italienske storlaget Sampdoria, med fleire verdsstjerner på laget. Her gjorde Brann ein heiderleg innsats, men det vart tap 0-2 heime og 0-1 borte . Det høyrer med til historia at Sampdoria vann cupvinnercupen den sesongen.

 

1989-sesongen vart Torvanger sin beste i Brann-trøya: På VG-børsen fekk han nest flest poeng av samtlege spelarar i eliteserien (berre slått av Bård Bjerkland frå Lillestrøm), på den same børsen vart han kåra til ”Årets midtbanespelar”, og han vart toppscorar for Brann med 8 mål i eliteserien. Denne kjempesesongen gjorde til at han oppnådde å få spele med det norske flagget på brystet, då han vart utteken til å spele for det norske B-landslaget mot England. Torvanger sleit med lyskestrekk før og under denne kampen, men spelte 1. omgang på Stavanger stadion, før han måtte gi seg pga lyskeproblem. Torvanger spelte i alt fire sesongar for Brann, og si beste plassering i eliteserien fekk Torvanger med Brann i 1990. Her var laget med å kjempa om gullet heilt til siste kamp, men i den siste og avgjerande kampen mot Rosenborg vart det tap 0-2. Om laget hadde vunne denne kampen, som Torvanger måtte stå over pga lyskeproblem, med 2-3 mål, hadde laget blitt seriemeister. I staden vart det 4. plass, berre eit poeng frå bronse, og fem poeng bak Rosenborg som vart seriemester. Torvanger opererte begge lyskane pga lyskestrekk i 1990, men fekk ein del problem med dette også etter operasjonane. I sin siste sesong i Brann, i 1991, vart Torvanger utnemnd til kaptein for bergensklubben (biletet ovanfor i kvit Brann-drakt er frå 1991). Torvanger spelte i alt 88 offisielle kampar (serie og cup) for Brann, og han scora 18 mål i desse kampane (12 i eliteserien).

 

Grunnlaget for dei 13 sesongane i norsk toppfotball la Atle Torvanger i Bremanger IL. Her gjekk han gradene i yngre klassar, og han og lagkameratane markerte seg sterkt med å nå krinsfinalen i aldersbestemt fotball heile fire sesongar. Diverre klarte dei ikkje å gå heilt til topps i nokon av sesongane. Han fekk også med seg 10 gutekrinslagskampar, og her imponerte han så mykje at han vart innkalla til landslagssamling i guteklassen. Han fekk også med seg 51 seriekampar for A-laget til Bremanger, og vart mellom anna toppscorar ein av sesongane.

 

Skrive av Frank Ryland februar 2011


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arr.: Svelgen Samfunnshus


RØDE KORS I SVELGEN HELD ÅRSMØTE PÅ RØDE KORS HUSET MANDAG DEN 28. FEBRUAR   KL. 18.00

SAKER:

  1. Godkjenning av innkalling

  2. Godkjenning av saksliste

  3. Val av ordstyrar og sekretær

  4. Val av to representanter til å skrive     under             møteboka

  5. Årsmelding 2010

  6. Rekneskap   2010

7. Utleige av underetasje i Røde Kors huset

  8. Handlingsplan   2011

  9. Budsjett     2011

10. Val

Det blir lett servering etter møte!

Vel møtt!

Styret


Strikkekafè i Trudvang måndag 18.02.2011

Måndag 21.02. er det strikkekafe i Trudvang frå kl. 19.00. Velkommen til ei uformell samling med strikk,prat,kaffi og vafler. Du treng ikkje å vere medlem av KKF for å komme på strikkekafe, dette er for alle.
Vel møtt!
Kjelkenes Kvinne og familielag

Harry Potter
og Dødstalismanene - Del 1

Svelgen Kino

Søndag 20. februar

 

Klokka 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Det er en filmbegivenhet mange venter på, og historien skal fortelles i to filmer. Del 1 begynner med at Harry, Ronny og Hermine legger ut på et farlig oppdrag for å finne og ødelegge hemmeligheten bak Voldemorts udødelighet og tilintetgjørelse - malacruxene.

Klikk på filmplakat for mer info, trailere m.m

 

Aldersgrense: 11 år - Frarådes barn under 11 år
Egnethet: Ungdom fra 13
Begrunnelse: Gjennomgående mørk og truende stemning og skrekkeffekter gjør at filmen får 11-årsgrense. Filmen frarådes underårige.


Årsmøte - Svelgen Pensjonistlag. 18.02.2011

  Årsmøte på Svelgen Samfunnshus - onsdag 23.februar kl.1700.

Opning v/leiaren

Allsang

Registrering

Godkjenning av innkalling

Godkjenning av sakliste.

Val av møteleiar

Val av skrivar

Val av 2 til å skrive under møteboka

Årsmelding 2010

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Arbeidsplan 2011

Kontigent for 2012

Ordførar Kåre Olav Svarstad har ordet

Val

Avslutning og allsang.

 

ÅRSMØTEMIDDAG OG ÅRSMØTEFEST kl.1900

Velkommen og allsang

Koldtbord

Underhaldning der eigne krefter deltek i lag med pensjonistar frå Ytre Bremanger

Kaffi og bløtkake

Lyntotteri

Meir underhaldning.

Ca 21.30 spelar utvida Trekkspillklubb opp til dans.

Velkommen!

 


                 

Valentinsball 2011

       

Vi i 10. klasse ved Svelgen oppvekst skal arrangere Valentinsball

18. februar på Svelgen Samfunnshus.

Det vert servert tacobufe!

Aldersgrense: 8.kl.-18 år.

Tid: 20.00-02.00.

Inngangspris: 100,- kr (mat inkludert i prisen). Kiosk med brus og snop.

Påmelding var 14.februar på tlf. 57796300
 

                                                Velkommen til eit rusfritt arrangement!


Hjort påkjørt ved Indrehus i kveld 17.02.2011

Ein hjort vart påkjørt på Indrehus klokka halv sju i kveld. Hjorten døyde etter samanstøyten. Viltnemda vart varsla.


Kommunen søkjer etter ferievikarar 17.02.2011

Bremanger kommune har no lagt ut stillingane som ferievikar innan pleie og omsorg. Sjå Stilling ledig til venstre.

TAKK FOR GÅVE! 16.02.2011

Svelgen Pensjonistlag takkar for minnegåve til Keipenstova i samband med Edith Fotland si gravferd. Det kom inn 3850 kroner. Takk til dei pårørande og til gjevarane.

 


Flotte svømmeprestasjonar i Bergen 16.02.2011

I helga vart landsdel/årsklassemesterskapet for utøvere i alderen 11-15 år arrangert. Totalt 226 deltakere frå 19 klubber deltok.
Dei 24 beste frå kvar region kvalifiserer seg. Matias Gulestøl og Vegard Strandos var dei som kvalifiserte seg frå Svelgen. Totalt svømmer dei 5 øvelser. 400 fri, 200 medley, 200 rygg, 200 bryst og 100 butterfly.  Dei sette nye personlige rekorder i samtlige øvelser. Sammenlagt vart Matias nr 6 og Vegard nr 20.
Etter denne helga går dei 24 beste frå heile landet videre til Årsklassemesterskapet som i år går av stabelen i Ålesund 8-10 april. Matias går videre.
Vi begynner å merke at vi trener i 12.5m basseng. Det merkes meir og meir dess eldre utøverne blir. Dei andre klubbene er imponert over hva vi presterer under slike forhold. I dag er det bare vi som trener i 12.5m basseng

Bilder frå UKM 16.02.2011

Sjå bilder frå Ungdommens Kulturmønstring som vart arrangert i Svelgen i helga.(Firdaposten)

49 barn stilte på Skikarusellrennet 15.02.2011

Du kan no sjå resultatlista frå mandagens Skikarusell her.

Semitrailer fast i Magnhildskaret - vegen stengd for større kjørety 15.02.2011

KL 1524 - Trafikk, utenlandsk semitrailer står fast i Magnhildskaret FV 614 , Florø.

Politi og tungbergar har køyrd til staden. Vegen er stengt for større køyretøy. 

Siste: KL 1700: Førar har fått forelegg Kr 7.000,- då semitrailer ikkje var godt nok skodd.


Woodleg Odd til Svelgen påskeafta 14.02.2011

WOODLEG ODD spelar på Svelgen hotell påskeafta.

 Slik er dei omtalt på nettsida:

Med sin 4. cd utgivelse, Foot Fetish, ble Woodleg Odd spellemannsnominert i 2006. En livekonsert med disse gutta gir deg knakende god blues fra deres eget arkiv av gode låter, samt. slagere fra storheter som f.eks. Steve Ray Vaughan og Robben For. I tillegg til å reise rundt i Norge å spille, har de i løpet av de siste åra hatt 4 USA turneer og 7 Englandsturneer.


Svelgen by night 13.02.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette bildet har Anita Ingebriktsen teke av Svelgen. På www.bremanger.no ligg fleire bilder som ho har teke av andre delar av kommunen. Alle bilda vert lagt til galleriet på denne sida.


NM-gull til Kim Nes Leirvik 13.02.2011

Kim Nes Leirvik frå Svelgen og FTIF svinga seg over 4,60 i dagens stavkonkurranse i innandørs NM i friidrett som blir arrangert i Ranheim Idrettshall i Trondheim denne helga.

Det var godt nok til å sikre seg gullmedaljen i øvinga. Han prøvde seg også på 4,70 som ville vore ny personleg rekord, men utan å lykkast.


VELKOMMEN TIL SANGTIME! 13.02.2011

Måndag 14.februar frå kl.1200 er det igjen sangtime på Keipenstova. Denne dagen er det Valentinerdag og då blir det fleire kjærleiksongar på reportuaret - gamle og nye.

Alle er velkomne!


Alle på BIS Production Partner har fått permitteringsvarsel 12.02.2011

500 har fått varsel

BIS Production Partner, med hovudkontor i Årdal, har sendt ut permitteringsvarsel til samtlege 500 tilsette ved selskapet sine ulike einingar på Vestlandet

– Det er ikkje snakk om å ta ut heile einingar, forsikrar dagleg leiar Per Gullaksen. BIS har avdelingar i Høyanger, Svelgen, Odda, på Karmøy og Sunndalsøra i tillegg til Porsgrunn.

Tøft år

Gullaksen seier BIS hadde eit veldig tøft år i fjor, med for dårlege økonomiske resultat.

– Me ser at starten i år går i same retning og me har overkapasitet på einskilde område. Dette gjeld både stab, leiing og ute i avdelingane. I tillegg har me høge faste kostnader som me må kutta i.

Gullaksen seier dei no, saman med dei tillitsvalde, har 14 dagar på seg til finna ut kven som skal permitterast.

– Me jobbar steinhardt for å få nye kundar i andre marknader, noko me også er godt i gang med. Me har fleire bein å stå på i dag i høve til tidlegare. Så ser me litt i krystallkula, så ser det ikkje så aller verst ut. Men me må nok ta ned ein del kapasitet nokre plassar, seier Gullaksen, som strekar under at det uansett ikkje vil bli snakk om massepermitteringar.

– Det er mange stader som går veldig bra, men me må få ned kostnadsnivået. Me opererer i ein tøff marknad, volumet vårt er ikkje på eit nivå som me skal ha. Det er difor naudsynt å gjera grep for å få ein sunn butikk att. Av praktiske grunnar er det difor sendt ut eit permitteringsvarsel, noko som vil gje oss fridom til å gjera nokre grep, seier Gullaksen til Sogns Avis.


Svein Arild Vatsø kan få spellemannspris 12.02.2011

Svein Arild Vatsø er nominert til spellemannsprisen som skal delast ut på NRK 5. mars. Gå inn på  bremanger.no og sjå musikkvideoen Superkul med kniv med Yoga Fire, der mellom andre Jenny Skavland deltek.

 

 

Dette bildet er henta frå filminga av dei tyske seriane på Kalvåg for to år sidan.

 


Svelgen Kino

Varg Veum - Svarte får

OBS ! 2 forestillinger

Søndag 13.februar 14:00 og 20:00

Kiosk og billettsalg en time før forestilling

Svarte får er ny film i serien om Gunnar Staalesens privatetterforsker Varg Veum, med Trond Espen Seim i hovedrollen. Med på rollelisten er også stjerneskuddet Jakob Oftebro, samt Lene Nystrøm og Bjørn Floberg. Svarte Får er regissert av Wallander-regissør Stephan Apelgren.

Klikk på filmplakat for info om filmen,trailer m.m.

Filmer som kommer: Følg med på:

Svelgen Samfunnshus

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen

STIF

Zumba 11.02.2011

Minner om Zumbatrening søndag 13.februar kl.18.00.

STIF har leigd inn instruktøren Sonja frå Florø til å halde Zumbatreningar. Dei som har betalt treningsavgift og medlemskontigent i STIF betalar ingenting, medan andre betalar 50 kr pr gong.
 

Desse datoane vert det Zumbatrening: søndag 13. februar, søndag 27. februar og søndag 6. mars. (Ikkje Zumba 20.februar pga vinterferie).

 

Alle er velkomne!


Påminning: Skikarusellrennet søndag er flytta til mandag 14/2 11.02.2011

Per Arne Sæterlid melder at skikarusellrennet søndag 13/2 må flyttast grunna fotballturnering i Florø. I staden for vert det lysløyperenn mandag 14. februar. Påmeldinga her må gjerast i tidsrommet kl. 16.30 til 17.00, og rennet har start kl. 17.30. Alle må/bør ha hodelykt ! Open kiosk.

Ungdomens kulturmønstring 11.02.2011


UKM vert i år arrangert i Svelgen samfunnshus

laurdag 12.feb. kl. 15.00

 

Open kafe, kunstutstilling, sceneinnslag

Bill. vaksne                   kr 50

Barn / skuleungdom             kr 25

 

Arr. Svelgen skulemusikk – Kulturskulen


Kommunen får ikkje godkjent budsjett og økonomiplan 10.02.2011

Kommunestyret har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan der krav om balanse etter kommunelova ikkje er oppfylt. Som følgje av dette har Fylkesmannen vedteke at kommunen må gjennomføre ei ny handsaming. Det melder Fylkesmannen.no
Les heile saka på www.bremanger.no

Ledig plass!! 10.02.2011

Vi har en ledig plass på Bremanger folkeakademi og Svelgen Kunstlag sin studietur til Praha fra 20. til 25. februar.

Turen koster 6000,- Interessert? ta kontakt via kunsttur@live.no  innen lørdag 12. februar. Se mer informasjon på www.kunsttur.blogspot.com

 

Espen Frøysland


PÅMINNING! 09.02.2011

Husk kultursjefen si førelesing i kveld - onsdag kl.1900 - på Realen om tsjekkisk historie, kunst og kultur.


- Viktigare å reparere eksisterande veg 08.02.2011

Er det virkeleg så utroleg viktig å ha sånn 45 minutts forbindelse 
med omliggende kommuner? Skal det ikkje bli like viktig eller viktigere å reparere og utbedre 
eksisterende vei? spør Erik Vanhuffel i ein mail. Sjå heile innlegget under Lesarinnlegg til venstre.

- Bør alfaltere fra sentrum til Breivika 08.02.2011

Veldig bra at det blir asfaltering i Svelgenområdet i år. Men hvorfor legge ny asfalt på Sande og glemme den dårlige asfalten fra sentrum og utover Breivika. At veivesenet overser denne hullete veien med dype styrespor i kjørebanen er helt uforståelig, skriv Finn Eikrem i en kommentar til Vegvesenet si asfalteringsliste som står lenger nede på svelgen.no.

Påminning:

Fredag 11. februar på Svelgen Hotell 08.02.2011

Fylkeskomiker og stand-up artist Ole Johannes Øvretveit er eit kjent namn for dei fleste

I ” Min kamp for å bli tatt seriøst ” forklarer   Øvretveit om veddemål han inngjekk om å delta i Gaularfjellsrittet og ulike utfordringar med å få den 140 kg tunge kroppen oppover dei bratte bakkane. Showet har fått gode kritikkar i media, og alt ligg til rette for ein underhaldande aften.

 

Etter standupshow tar   DJ Tommy over kontrollen på scena. Her blir det ein god blanding av musikk frå 70  til 90 tallet. Ein kan også komme med eigne musikkønskjer. DJ Tommy er kjent for å skape god stemning som setter fart på dansefoten!

Frå kl 21 .00

Cover kr 195,-


45 minuttsregionen:

- Ikkje riktig å kritisere prosjektmedarbeidarane 08.02.2011

Det er ikkje riktig å kritisere prosjektmedarbeidarane i 45-minuttregionen. Dei har utført dei oppdrag som er gitt av kommunane  og har brukt seriøse konsulentselskap til å utføre arbeidet.  Prosjektet sine konklusjonar er vedteke i bystyra i Flora og Vågsøy samt kommunestyret i Bremanger. Det er vidare handsama av fylkestinget i Sogn og Fjordane“, skriv ordførar Kåre Olav Svarstad i eit innlegg. Les på www.bremanger.no

50 deltok på Barnas Turlag sundag 08.02.2011

 
"Kom deg ut dagen" gjekk av stabelen 6/2 i Ålfotdalen ved Karlstastova. Her var BT i indre og ytre ilag, då det var dårleg med snø i ytre. Det var godt med oppmøte frå ytre og det var veldig kjekt!
 28 barn og 22 vaksne var med på turen. Værmeldingane i forkant gjorde nok litt utslag i antall deltakarar, men vi som var tilstades hadde ein fin dag med quiz langs skiløypa, aking, grilling og fri leik.
Vi vart frå Norsk Tipping sponsa med quizen og premiar til alle. Spørsmåla på quizen var utfordrande. Det blir spennande å sjå om ein frå vår tur vært ein av dei heldige vinnarane!
 
Vi vil gje ei STOR TAKK til Vidar Midtbø som på svært kort varsel ordna med pløying av parkeringsplassen!
 
 
Helsing Barnas Turlag i indre og ytre!

Zumba 03.02.2011

STIF har leigd inn instruktøren Sonja frå Florø til å halde fire Zumbatreningar. Dei som har betalt treningsavgift og medlemskontigent i STIF betalar ingenting, medan andre betalar 50 kr pr gong. Treninga vert i idrettshuset søndagar kl 1800.

 

Desse datoane vert det Zumbatrening: søndag 6. februar, søndag 13. februar, søndag 6. mars og søndag 13. mars.

 

                             Alle er velkomne!


- Elkem forsvinn uansett, meiner kommentator 08.02.2011

Per Valebrokk i E24 meiner dei nye kinesiske eigarane er ute etter teknologi og kompetanse og at Elkem før eller seinare vil forsvinne ut av landet:

"Så lenge Elkem Solar i Kristiansand, Elkem Bjølvefossen og Elkem Bremanger er konkurransedyktige fabrikker, beholder Bluestar dem i Norge. Men før eller siden legges de ned eller flyttes til Asia - akkurat slik Orkla ville gjort om det var den som eide Elkem.

Det er teknologi og kompetanse Bluestar trenger fra Elkem - ikke høytlønnede nordmenn.

De som kjemper for å bevare industrien på norske hender, skylder på fraværet av "forutsigbare og solide rammevilkår" fra politikerne. Det er tull. Norge er et av de tryggeste landene i verden å etablere næringsvirksomhet i, også industri.

Det er en gjennomsnittlig månedslønn for norske arbeidstakere på nær 35.000 kroner, og ikke minst lang vei til stadig viktigere markeder i Asia, som gjør at norske industriarbeidsplasser forsvinner.

Dette er ikke særnorsk fenomen. Europa tømmes for industri i rekordhøyt tempo." Les heile kommentaren her.


Vil du bli med på

FOTOKURS 06.02.2011

Dato: 15. februar 2011

Tid: 17:30 - 20:30

Sted: Elkem kantina

 

Fotokurset holdes i Elkem kantina tirsdag den 15. Februar kl. 17:30 - 20:30.

Kurspris er 350,-. Det er fortsatt ledige plasser.

 

Kurset vil legge vekt på bruk av speilreflekskamera uten bruk av AUTO knappen. Det blir også anledning til å prøve seg på fotografering med lang lukkertid, og forskjellige blenderåpninger for å se hvilke effekter det har på bildet. Andre som har mer avanserte digitalekamera med manuelle innstillinger kan også delta.

 

 

Påmelding gjøres til ami@amifoto.no, eller ring 48 11 98 49.

Skriv hvilket type kamera du har, og hva du kunne tenkt deg å vite mer om.

 

Anita M. Ingebrigtsen

 


Nes Leirvik persa i landskamp i Finland 07.02.2011

I følgje Firda gjorde Kim Nes Leirvik (arkivfoto) ein flott innsats under helgas friidrettslandskamp i Finland, då han persa i stavsprang med 4,65 m. Nes Leirvik er opprineleg frå Leirvika og Svelgen TIF, men representerer no Florø TIF. Han vart nr. 5 i friidrettslandskampen innandørs for seniorar, og vart best av dei to norske som deltok. I landskampen deltok Sverige, Norge og Finland. Svelgen.no gratulerer med landslagsuttak og ny pers!

 

Nes Leirvik var i godt selskap på det norske landslaget, noko du kan lese om her.


Kronerullinga til oppussing av storkjøkkenet på Svelgen Samfunnshus

 

Svelgen Samfunnshus takkar for innkomne gåver i januar:

Allan Rasmus Dyrstad (1.000), Martin Olav Nybø (500), Gry og Morten Gulestøl (500).

Dersom nokon ynskjer å gje pengegåve, er bankkontonr. 3776 03 19962.

 

-Styret-


Arild Førde på "Tidenes Sogndal-lag" 07.02.2011

Arild Førde (på biletet frå 1983 i STIF-drakt) og Asle Hillestad fekk flest stemmer då NRK S. og Fj. skulle finne ut kven som som fortjente plass som midtstopparar på "Tidenes Sogndal-lag".

 

NRK S. og Fj. skriv mellom anna: "Arild Førde har 297 kampar bak seg mellom 1984 og 1993. Han er kjend for å vere liten og rask, og god på hovudet. Han var også veldig god til å lese spelet. I 1988 vart han utteken i den første landslagstroppen til Ingvar Stadheim mot Brasil , men kom ikkje på bana. Hillestad og Førde spelte saman i mange sesongar og utfylte kvarandre godt. Hillestad var murbrekkaren som gjekk i krigen, medan Førde låg bak og plukka opp ballane."

 

Les meir om dei to midtstopparane hjå NRK S. og Fj.


Skikarusellrennet flytta frå 13/2 til mandag 14/2 07.02.2011

Per Arne Sæterlid melder at skikarusellrennet søndag 13/2 må flyttast grunna fotballturnering i Florø. I staden for vert det lysløyperenn mandag 14. februar. Påmeldinga her må gjerast i tidsrommet kl. 16.30 til 17.00, og rennet har start kl. 17.30. Alle må/bør ha hodelykt ! Open kiosk.

Bilder frå første framsyning på Svelgen Kino 07.02.2011

 

 

På bildene ser vi øvst kinomaskinoist Ove Jon Hessvik gjere seg klar for første digitale framsyning på Svelgen kino. Styremedlem Kristin Hjelle er på plass i kiosken med popcornmaskin og anna kinogodt. Styreleiar Bjørg Didriksen spanderte kvit dame, cider og kaffi på gjestane åpningsdagen. (Alle foto: Anita Hessvik)


Ny digitialisert kinokvardag i Svelgen 07.02.2011

- Det er heilt utruleg. Lyden og biletet på den digitale kinomaskina er noko heilt anna, seier kinomaskinist Ove-Jon Hessvik.

No blir det ein heilt ny digitalisert kvardag for Ove-Jon og dei andre frivillige i Svelgen kino. Kinolerretet som skal på plass andre veka i mars, blir 30 prosent større.  På lang sikt skal stolar og salen også renoverast.

Film og Kino har gjennom ei støtteordning betalt vel 750.000 kroner av ein million kroner for anlegget. Det skal betalast attende med avdrag. Støtta er gjeve med klausul om at det skal vere minst 50 framsyningar i året. I tillegg til desse utgiftene kjem lerret til 135.000 kroner som Svelgen Kino må betale sjølv.

  

- Dette anlegget er like bra som i byen. Standardhevinga handlar om å gje folk i Svelgen eit så godt kinotilbod som mogleg er. Spesielt viktig er det, når vi snakkar om å halde på ungdommen i kommunen, seier styreleiar Bjørg Didriksen  til Firdaposten.  

På bilder ser vi kultursjef Espen Frøysland ynskje velkommen til første digitale kinoframsyning i Svelgen. (Foto: Anita Hessvik)


Til sjukehus etter trafikkulykke ved Sande-tunnelen 06.02.2011

Ein mann er send til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke i Svelgen søndag morgon.

Det var like etter klokka seks at politiet fekk melding om at mannen i 20-åra hadde køyrt i tunnelveggen i Sandetunnelen bak smelteverket.


OPPDATERING ANGÅANDE KOM UT DAGEN MED BARNAS TURLAG 6/2 kl 1200
 
På grunn av litt usikre værprognosar legg vi turen til Lysløypa som ligg rett over vegen
ved Langesi. Her har vi anledning til å få sitte under tak, og trekke inn i Karlstastova om været skulle bli dårleg.
 
Det blir satt opp varseltrekanter begge sider før ein kjem til parkeringsplassen, fordi ein skal være observant i forhold til barn/voksne som krysser vegen.
Om det er fullt på parkeringsplassen så må bilen settast langs vegen, og då sjølvsagt så nærmt som muleg brøytekanten.
 
Meir informasjon angåande turen finn du under den fyrste annonseringa vår!
 
Og husk at; "Det finst ikkje dårleg turvær berre dårlege klær og pysete foreldre!"
 
 
Barnas Turlag v/Ossenkamp/Langedal

 

305,5 mm nedbør i januar 05.02.2011

I januar fall det 305,5 mm nedbør, medan det normale for månaden er 230 mm. 30,6 mm var det meste ein målte i løpet av eit døgn, og 5 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til Svelgen Kraft.

 

Det har også vore ein nedbørsrik start på februar månad, med 91,6 mm på dei fem første døgna, medrekna målinga lørdag morgon.


Tillatt med ei stemme pr PC pr døgn

Hugs kåringa av tidenes midtstopparar på Sogndal 04.02.2011

Om du klikkar her kan du lese meir om kåringa, og der kan du også avgi di stemme på kåringa av beste midtstopparar gjennom tidende på Sogndal. Svelgaren Arild Førde er som kjent ein av kandidatane, og ein kan stemme fram til midnatt søndag kveld. Mandag 7/2 offentleggjer NRK S. og Fj. dei to beste midtstopparane. 

Påminning BARNAS TURLAG 04.02.2011

Barnas Turlag i indre og ytre inviterer til skidag på Langesi på KOM DEG UT dagen. Her er alle små og store hjarteleg velkomne!
På Langesi er det flotte forhold for aking og langrenn. Ta gjerne med deg både ski og akebrett.
Det vært på turen lagt opp til ei orienteringsløype i skisporet. Kanskje vankar det ein premie til deg!
 
Barnas Turlag har med grillar, og vil spandere pølse m/brød/lompe/pinnebrød og saft.
 
Tid/Stad: Søndag 6 februar på parkeringsplass v/Langesi kl 1200 til kl 1500.
I sekken din: Turpasset, drikkekopp, sitteunderlag, varme kle, varm drikke og evt. ein nistepakke.
 
 
På grunn av ustabilt vær kan det bli endringar, og ein må derfor følgje med på Svelgen.no laurdag ettermiddag.
 
Vi gler oss til turen og håpar du vil være med!
 
Barnas Turlag indre v/Ossenkamp og Langedal

Byggeskikk- og kulturpris – forslag på kandidatar 04.02.2011

Bremanger kommune si heimeside vil du finne retningslinjer for prisane. Frist til å komme med forslag er 15.mars. Kulturkontoret kan og kontaktast om du ynskjer nærare informasjon. Forslag med grunngjeving kan sendast på mail eller pr post til:

 

Bremanger kommune

Postboks 104

6721 Svelgen

 

Espen Frøysland tlf 95985265             espen.froysland@bremanger.kommune.no

Margun Indrehus tlf 91619092             mi@bremanger.kommune.no


Innkalling til fjorårets 17.mai-komitè 03.02.2011

Det kalles herved inn til møte i 17. mai-komitèen 2010.
Sted: Svelgen Skule, Lærerrommet
Tid: Mandag 7. februar 2011, klokken 20:00
 
Det er ønskelig at komitèledere skriver en liten oppsummering for sin aktivitet, som tas med på møtet.
 
Med vennlig hilsen
Harry Gulestøl / harry.gulestol@gmail.com / 916 67 863
- Leder -

Ny asfalt i Svelgen i år 03.02.2011

Følgande vegar får ny asfalt mellom mai og september, melder Statens Vegvesen:

F 572 Svelgen – Sande skal dekkeleggast 930 meter

F 614 Svelgen – Sørdalsvatn skal dekkeleggast 2650 meter


Trafikk og finansieringsanalyser på nett 03.02.2011

45minuttsregionen har no lagt ut trafikk og finansieringsanalyser på nettsida si (trykk på link).


Elkem-kopp til Jon Bakke og Svenn Petter Kjerpeset 02.02.2011

 
Svenn Petter Kjerpeset (turgåar nr. 530) er uttrekt som vinnar av Elkem kopp Risevatnet 3,5 km.  Jon Bakke (turgåar nr.451) er uttrekt som vinnar av Elkem-kopp Sandsegga.
I januar månad med hålskeføre, mørketid og mykje ver hadde Sandsegga 90 besøk og Risevatnet 3,5 km 31 besøk. I februar har du fortsatt sjansen til å delta i Fjelltrimmen - nye koppar vert trekt ut. VELKOMMEN TIL Å DELTA !
 
Keipen turlag
Fjelltrimmen

Førstkomande laurdag:

Svelgen hotell byr på biffmiddag før stordansen 02.02.2011

I samband med stordans med Florø storband på Svelgen Hotell

kommande laurdag, er du velkommen til middag.

 

Kveldens rett :

Steikt biff ytrefilet med friske grønsaker, omnsbakte amandinepoteter

og heimelaga pepparsaus.

Dessert: Sjokoladefondant med heimelaga vaniljeis

 

Middag og dessert 270 kr

Mellom kl 19.00 og 21.00

Bordbestilling   før kl 15.00 laurdag

tlf 57796520


Svelgen Hotell lørdag 5. januar - tilbod på overnatting

16 manns orkester - FLORØ STORBAND 02.02.2011

Florø Storband har sidan 1970-talet vore ein arena for jazzvener i Flora Kommune. I dag har fleire av medlemmane solid røynsle frå soul, rytme&blues og danseband.  Arne Sunnarvik er eit navn som jazzfolket i fylket burde kjenne godt. Han har  kapellmesterplassen bak pianokrakken og  er primus motor. Vokalist er  Leif Helge Sande .

 

Frå repotoaret kan nemnast : Don't know why - Norah Jones        Gent    Frode Thingnæs  

Gonna fly now - Tema frå Rocky    Just once - James Ingram     Just the way you are- Billy Joel

New York - Frank Sinatra       Sir Duke - Stevie Wonder      Smells like teen spirit   Nirvana/ Paul Anka

Summertime      - Gershwin       Take the A-train - Duke Ellington

Teach me tonight   - Gene De Paul      We're in this love - Al Jarreau

You can leave your hat on - Randy Newman/ Joe Cocker

Just a Gigolo - Leonello Casucci / David Lee Roth       I feel Good - James Brown

 

Når dette storbandet setter i gong er det   det duka for ein heilt spesiell musikalsk opplevingar som garantert vil få fart på dansefoten,

 

 

Frå kl 22.00

Cover 160 kr

 

Overnatting  

300 kr pr pers I dobbelt rom

150 kr i tillegg for enkelt



Du kan avgi ei stemme på PC pr døgn

Stem Arild Førde inn på "Tidenes Sogndal-lag" 02.02.2011

NRK Sogn og Fjordane skal i tida fram til Tippeliga-start kåre "Tidenes Sogndal-lag". Arild Førde, oppvaksen i Svelgen, er lansert som ein av kandidatane til ein plass i midtforsvaret på dette "laget". Svelgen.no oppmodar lesarane av Svelgen.no til å stemme Førde inn på "laget". Her er det ikkje snakk om å stemme inn ein spelar som ikkje fortener ein plass, tvert i mot, han burde vere sjølvskreven. Men sidan han la opp i 1993 er det mange yngre fotballinteresserte i fylket som ikkje hugsar/har høyrt om Arild Førde. Han er den av midstopparkandidatane til NRK med nest flest kampar for Sogndal, og dei beskriv han som ein komplett forsvarar. Les meir om Arild Førde på sak på Svelgen.no datert 31/1.

 

Om du klikkar her kan du lese meir om kåringa, og der kan du også avgi di stemme på kåringa av beste midtstopparar gjennom tidende på Sogndal. 


Svelgen

.

Samfunnshus/Kino

.

Årsmøte måndag 10.mars 2011, kl. 18.00

i småsalen på Samfunnshuset.

Sakliste blir kunngjort 14 dagar før møtet.

Saker til årsmøtet kan rettast til styreleiar

Bjørg H. Didriksen.


Hets og sverting? spør Nybø

 

- Eg vil presentere reknestykket for 45 min regionens forslag til ny kryssing av Nordfjorden, seier Geir Nybø i Bremanger Budstikke og viser til følgjande reknestykke:
Føresetnaden er auke frå 90 bilar Måløy-Oldeide til 410 Tongane-Vemmelsvik
Regnestykke: 410 bilar x 50 kroner = dagleg 20.500, pr år ca. 7,4 mill som skal betale 50 % av investeringa på 445 mill – altså 222,5mill. 30 års avdrag medfører ein avdragssum på ca 7,4 mill pr år. Konklusjonen er at lånet må vere avdragsfritt.
- Det må vere lov å sjekke opplysningar som prosjektet sjølv legg fram, seier han og reknar vidare:
Andre vegen (sørover) er det opplyst at det kjem bompengar (75,-) i ein tunnel mellom Svelgen og Indrehus.

- Bremanger Budstikke har påpeikt at det er viktigare å bli kvitt Magnhildskaret som er farleg og som har vore vinterstengt 2 gonger i år.  Det ligg også 2 tunnellar rundt Haukå med rasfare. Dersom å påpeike desse forholda er hets og sverting, slik Firdaposten siterer Dag H. Nestegard på, så er eg ikkje einig. Her bør ein snakke om saka, og ikkje vri dette over til ein persondebatt, seier Geir Nybø som svar på intervjuet med Dag H. Nestegard i Firdaposten.


DEN 28.FEBRUAR ER DET

 ÅRSMØTE I SVELGEN RØDE KORS

 

 

 

SAKER TIL ÅRSMØTE SENDES TIL,

 SVELGEN RØDE KORS,BOKS 24,6723 SVELGEN

OG MÅ VÆRE OSS I HENDE

 INNEN DEN 13.FEBRUAR

     STYRET


Ny prisendring på straum - SFE 01.02.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 79,99 øre/kWh inkl.mva til 78,95 øre/kWh inkl.mva.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten

 

Prisendringa gjeld frå 15.februar 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

15.02.2011

63,16

78,95

 


Påminning! 02.02.2011

Vi minner om kveldens foredrag om tsjekkisk kunsthistorie på Realen klokka 19.00!

 

Svelgen Kunstlag og Bremanger folkeakademi

Takk frå Broadway-koret 01.02.2011

 

”Broadwaykoret”  alias Svelgen songlag og Bremanger kammerkor

vil få takke publikum for flott frammøte i år og!!!

Vi vil og få rette ei stor takk til alle som gav oss økonomisk stønad til prosjektet og særleg til Geir på Coopen for velvilje og for bidrag med ei rose til kvar einskild utøvar i framføringa!!!!!

TUSEN TAKK

Kunngjering:

Svelgen Songlag startar med nytt prosjekt

Måndag 07.02.2011      kl.17.30

 Svelgen skule – musikkrommet

Likar du å synge er DU hjerteleg velkomen!!!!

Vel møtt

Svelgen songlag

BILDER FRA SØNDAGENS KONSERT


SVELGEN OG OMEGN HUSFLIDSLAG
Det vert med dette kalla inn til årsmøtem i Svelgen og Omegn Husflidslag

Tid      mandag 14. februar 2011  klokka 18.30

Stad     Bakkevegenn 13, Svelgen

Vanlege årsmøtesaker

Saker som skal handsamast av årsmøtet, må vere styret i hende innan 10.
februar.

Styret

01.02.2011.

A-lags treninga i dag... 01.02.2011

 

     

   Blir i  idrettshallen p.g.a. lysanlegget er ute av drift.


65+ SJÅFØRKURS 01.02.2011

Kurset startar onsdag 2.februar kl.1200.

Sjå Keipenstova-sida.


Jegerprøvekurs

Praktisk obligatorisk del. Kursstart mandag 7. februar kl. 1700 på Svelgen Skule. Kursavgift for medlemmar i Sjff kr. 1500,-. Kursavgift for ikkjemedlemer kr. 2000,-

 

  Påmeldingsfrist 4.februar             

                           Arrangør :

           Svelgen jeger og fiskeforening.

          

              Rune Styve. Tlf :   911 59 104


BARNAS TURLAG 01.02.2011

Barnas Turlag i indre og ytre inviterer til skidag på Langesi på KOM DEG UT dagen. Her er alle små og store hjarteleg velkomne!
På Langesi er det flotte forhold for aking og langrenn. Ta gjerne med deg både ski og akebrett.
Det vært på turen lagt opp til ei orienteringsløype i skisporet. Kanskje vankar det ein premie til deg!
 
Barnas Turlag har med grillar, og vil spandere pølse m/brød/lompe/pinnebrød og saft.
 
Tid/Stad: Søndag 6 februar på parkeringsplass v/Langesi kl 1200 til kl 1500.
I sekken din: Turpasset, drikkekopp, sitteunderlag, varme kle, varm drikke og evt. ein nistepakke.
 
 
På grunn av ustabilt vær kan det bli endringar, og ein må derfor følgje med på Svelgen.no laurdag ettermiddag.
 
Vi gler oss til turen og håpar du vil være med!
 
Barnas Turlag indre v/Ossenkamp og Langedal

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov