Arkiv Nov 2013

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Adventsfest 01.12.13 25.11.2013

Velkommen til adventsfest i Svelgen kapell

1.søndag i advent kl. 16.00

Helsing Svelgen søndagsskule


Svelgen kino 25.11.2013

           Last Vegas

      Søndag 1.desember kl.20:00

           0


Tenning av julegrana i Svelgen laurdag 29.11.2013


Julekafè 28.11.2013

I samband med tenning av julegrana laurdag 30. november har skulemusikken sal av graut, pølse med brød, kaker, kaffi og brus på Samfunnshuset frå kl 1200 til 1400.

Det vert musikkinnslag og drilloppvisning ca kl 1300 inne.

Skulemusikken skal spele til  tenning av julegrana kl 1400.

Velkommen!!




Turboktrimmen - 2014 29.11.2013


Alle som bur på Dyrstad og Nesbø 27.11.2013

Søndag 1. desember kl 1600 vert det tenning av julegrana utanfor Grendahuset på Nesbø. Etterpå samlast vi inne til kaker og kaffi.

VEL MØTT!

- styret -


Fotballfest 22.11.2013

Det vert fotballfest i idrettshallen, for alle aldersbestemte lag, torsdag 28.november kl. 17.30 til 19.30. 

 

Utdeling av merker/medaljar.

Servering av pizza og brus.

 

 

Pris: 50 kr pr. person

 

 

Påmeling ved sms til tl 95 20 60 55 innan tysdag den 24.november.

 

Dersom de har allergiar eller ikkje et pizza av andre grunnar, skriv det i meldinga når de melder dykk på.

 

 

- styret i fotballgruppa-





DEMENS! 23.11.2013

Temakveld om demens på Keipenstova måndag 25.11 kl.17.30. Alle er velkomne! Dette vil alle ha bruk for å vite meir om - også unge personer!

Bremanger kommune

Vi har følgjande ledige stillingar:

Svelgen Oppvekst

Saksnr. 13/2600

100% lærarvikariat f.o.m 01.02.14 t.o.m 31.01.15.
Fagønskjer: Kroppsøving og kunst og handverk.
Ved intern endring kan det bli ledig ei 80 % assistentstilling i same tidsrom.
50% lærarstilling frå snarast og ut skuleåret 2013/2014.

Open omsorg ytre

Saksnr. 13/260

180% fast stilling som heimehjelp frå snarast.

25,35% fast helgastilling som nattevakt frå snarast.

Sjå fullstendig utlysning på:
www.bremanger.kommune.no  eller under "Stilling ledig" til venstre

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søkjarlista er offentleg , og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det.

Søknadsfrist: 09.12.2013

.


Svelgen kino 19.11.2013

         Søsken til evig tid

         Søndag 24.november kl.17:00

   Kafe med sal av kaffi, brus og kaker frå kl 16.00.

 

                              0


Svelgen kino 19.11.2013

The Hunger Games: Catching Fire

           Søndag 24.november kl.20:00

             0



BØSSEINNSAMLING 22.11.2013

Mandag 25.november vert det bøsseinnsamling i Svelgenområdet for dei som vart råka av katastrofen på Filippinene og i Vietnam. Dei innsamla midlane går til akutt naudhjelp og til å dekke dei humanitære behova som vil vere der i lang tid framover.

 

Her kan du lese om Røde Kors sitt arbeid i katastrofeområdet.

 

Ta vel i mot bøssebærerane på mandag!


Dei tre nynorskteatra presenterer

“Ein god dag kjem aldri for tidleg”

 

Dei tre nynorskteatra Sogn og Fjordane Teater, Det Norske Teateret og Hordaland Teater feirar Språkåret med ein samproduksjon og presenterer «Ein god dag kjem aldri for tidleg». Ein leiken kabaret frå Ivar Aasen til Odd Nordstoga.

 

Dei glitrande pennane, dei gode songane og den kvasse, ironiske replikken er blitt til ein leiken kabareten der vi får «Nynorske perler på ei snor. Ein god dag kjem aldri for tidleg er framsyninga som samlar Ivar Aasen, Valkyrien, Allstars, Stein Torleif Bjella, Bjørn Eidsvåg, Kjartan Fløgstad og Marie Takvam på same brettet og som med ein god dose humor kjeklar seg gjennom ei rik samling litterære perler.

 

Billettsal og prisar

Gjennom billettservice får ein kjøpe billettar på Narvesenkioskar i tillegg til på www.billettservice.no og 815 33 133. Dersom ein ønskjer billettane sendt heim til seg i posten, så må ein ringje seinast fem virkedagar før speledato elles kan ein sjølvsagt ringe og reservere dei for å hente dei i døra eller på Narvesen. Hentefrist på reserverte billettar er sju dagar og seinast ein halv time før framsyning. Alt sal i døra blir gjort over same systemet via internett. OBS: Billettsamarbeid med Posten er avslutta.

Prisane eks billettavgift er:

Vaksne: kr 240
Barn/student/honnør/firdakortet/gruppe (min. 5) medlemmar, BoiVest/firdakortet/Teaterlauget kr 190.
Billettavgift kjem i tillegg til prisane ovanfor (på billettservice er avgifta kr 20)
Scenekort kr 100.

 

Bremangerhallen: Torsdag 21.11. kl. 19.00

Svelgen samfunnshus: Fredag22.11. kl. 19.0


Laurdag 23.november held  Svelgen samfunnshus open kafe med sal av kaffi, brus og kaker frå kl 16.00.

Strikkekafè og juleverkstad i Trudvang 22.11.2013

Ynskjer velkommen til strikkekafe og juleverkstad i Trudvang måndag 25.11. kl. 18.00 og utover.
Ta med strikketøy, og/eller  gode idear til små “juleting” + materiell. Du får ein hyggeleg kveld + kaffi/te og noko å bite i.
VELKOMMEN !
Kjelkenes Kvinne og familielag

ELKEM KOPP TIL ANNE KARIN, STINE OG SVENN PETTER 22.11.2013

Ved trekking har Anne Karin Vedvik Leirvik vunne Elkem-kopp på Sandsegga (nr.67), Stine Senneset på Ivervatn (nr.25) og Svenn Petter Kjerpeset i Vasskaret (nr. 16). GRATULERER.
I november kan du vinne kopp på Gulebrystet, Risevatn 3,5 km og på Knekkevatn.
I desember skal vi trekke på Moldahytta, Sandsegga og Jakthytta. HJERTELEG TAKK TIL ELKEM FOR 36 KOPPAR GJENNOM ÅRET !
KEIPEN TURLAG
FJELLTRIMMEN


A-laget 21.11.2013

Det vert ikkje a-lagstrening i morgon,

fredag 22.11. pga. Nattcup i hallen

Kjell Åge/Terje 


Vil du bli treningskontakt/Støttekontakt?


Psykisk helsearbeid i Bremanger kommune søkjer etter personar som kan tenke seg å gå turar nokre timar i veka.

Personane vi søkjer må vere sosiale, omgjengelege, positive og kunne halde på teieplikta.
Det blir gjeve opplæring og oppfølging frå oss.
Arbeidet er meiningsfult og gjevande.

Vi oppmodar dykk som har lyst og tid til å komme innom oss for ein prat.
Vi treng folk i alle aldersgrupper til våre oppdrag.

Henvendelsar til:


Fagleiar i psykisk helse, Ann Kristin Bråten - Tlf. 959 82 989
Psykisk sjukepleiar, Thea Deckers - Tlf. 916 58 523

Adventsmesse

Laurdag 30. november
Klokka 11.00 - 13.00

Det vert kaffi og kake.

Åresal
Loddsal med gevinstar laga på arbeidsstova.

Velkommen!

 

Helsing Arbeidsstova v/ SBS


Førjulsmoro i Svelgen, laurdag 30. november 19.11.2013

 

Program for dagen:

 

Kl. 12.00 - Julekafè på Samfunnshuset - sal av graut, pølse m/brød, kaffi og kaker.

 

Kl. 12.00 - Sal av julegåver frå boder ved Samfunnshuset.

 

Kl. 12.00 - Bål. Ungane kan grille pinnebrød og marsmallows. Gratis :)

  
Kl. 13.00 - Drillen opptrer.

 

Kl. 14.00 - Tenning av julegrana - skulemusikken spelar.

                  Opning av peparkakebyen og tenning av juletre i sentrum.

 

Håper du vil vere med og lage god julestemning i Svelgen!

 

Vel møtt!

 

Arrangørar: Svelgen Skulemusikk og Svelgen Opp og Fram



Nattcup 22.11. 16.11.2013

9.klasse skal arrangere nattcup for 6.-10.klasse fredag 22.11.

Kvart lag skal bestå av 6 spelarar, det må ha minst to jenter.

Laga skal spele fotball og volleyball. Viss du ikkje finn deg lag

kan du melde deg på som enkeltperson, så skal vi prøve å sette saman lag. På skulen finn du skjema der du kan melde på lag. Viss du lurer på noko kan du sende melding til Tobias (91996939) eller Jon Atle (90283890) 

5.klasse er hjertelig velkommen som publikum. 

Cupen startar kl.20 og varer til ca midnatt, alt etter kor mange lag som er påmeldt. 

Vi håpar det vert mange lag og god stemning på tribuna.

Dette er nok eit forsøk på å lage til noko trivelig og sosialt for barn og ungdom i bygda. 

Det vert sal av mat og drikke, samt snacs i kiosken. 

Inngangsbillett: 50 for spelarar og 60 for publikum. 

Håpar å sjå deg der :-) 

Inntekta går til turen vi skal på med Aktive fredsreiser i 10.klasse. 

 



Svelgen kino 11.11.2013

 

           Detektiv Downs

Søndag 17.november kl. 20:00

 

                                  0


Søndagsskule i morgon 17.11. 16.11.2013

Velkommen til søndagsskule i Svelgen kapell 

i morgon kl. 11.00 

Ta med deg ein ven og kom ! 

Helsing Liv og Siv Norunn 


Berre fem døgnverdiar over 100 mm i åra 1957-2013

108,7 mm nedbør i Svelgen siste døgn 16.11.2013

Meterologiske Institutt sin nedbørsmålar målte heile 108,7 mm nedbør i Svelgen fom fredag morgon tom lørdag morgon. Dette var 5. gongen sidan 1957 at ein har målt over 100 mm nedbør i Svelgen.

 

Det er svært sjeldan det kjem over 100 mm nedbør i Svelgen. Forrige gong var i oktober 1995, då det fall 113,5 mm nedbør. Og den gong var det 29 år sidan sist ein målte over 100 mm nedbør i Svelgen. Den 8. september 1966 målte ein heile 130,5 mm, som er den største døgnverdien som er målt i Svelgen nokon gong. Dagen før denne rekorden fall det 102 mm, slik at det på 48 timar fall 232,5 mm nedbør. Også i april 1960 hadde ein eit døgn med over 100 mm nedbør i Svelgen ( 101,3 mm). Kva døgnverdiar ein hadde før 1957 skal vere uskrive her.


Vegen åpna 16.11.2013

Vegen er no åpen ved Haukå - kl 0100 natt til laurdag. Men følg med på link nedanfor.

Ikkje kjør om du ikkje må fredag 15.11.2013

På grunn av store nedbørsmengder har det gått ras både ved Davik og ved Haukå, i ettermiddag. Vegen  Grov - Førde er no åpna for trafikk.  Følg med på trafikkmeldingane til Statens Vegvesen.

 

SISTE: 21.15 - fredag kveld er Haukå stengt igjen. Trykk på link over.

Vegen 616 mellom Grov og Svelgen er no stengt ved Haukåa.
Statens Vegvesen og Mesta vil ha ny vurdering kl 24:00.
Bussen til Svelgen fikk slippe gjennom.


Ossenkamp glad for kuvending 15.11.2013

Verksdirektør Gabriel Ossenkamp er glad for at forslaget frå Solberg-regjeringa om å kutte i CO2-kompenasjonen til den kraftkrevjande industrien vart avblåst. Les meir i Firdaposten

Bremanger kommune

Vi har ledig fire 100 % stillingar for sjukepleiarar

Saknr.   13/2517          

Vi har ledige stillingar for sjukepleiarar ved Bremanger sjukeheim, ved heimesjukepleien i ytre Bremanger og i Svelgen, og ved Svelgen bu- og servicesenter.

Sjå fullstendig utlysning under stilling ledig til venstre eller på Bremanger kommune si heimeside: www.bremanger.kommune.no        

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter: http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søkjarlista er offentleg , og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det.            

Søknadsfrist: 02.12.2013



Ny nettside for 45-minuttsregionen 13.11.2013

Trykk på bildet for å komme til den nye nettstaden!


Årsmøte i Keipen Turlag 2013 13.11.2013

Årsmøte vert i Davang (ungdomshuset) onsdag 27.11. kl 18.00

Har du saker du vil ha opp på møte så meld frå til leiar innan 20.11.

Endeleg sakliste kjem ut 21.11.13.

Vel møtt!

Arne Loftheim

-leiar KT-


Åpe på Husflidslaget laurdagar 13.11.2013

Vi har åpne lokaler følgande lørdager:16/11, 23/11 og 7/12 kl 11.00-15.00
Salg av Husflidprodukter, lefse og natronkake.

Kaffe og kake

                    Velkommen!




SNEKKER LEDIG FOR OPPDRAG 11.11.2013

SNEKKER LEDIG FOR OPPDRAG.
Svelgen tlf.96657959


Kafé på Kulturnatta 07.11.2013

9.klasse vil halde open kiosk/kafé på Samfunnshuset

frå kl 18.45- kinoen startar, i morgon 8.november. 

Det vert vanleg kiosk til kinoen. 

Det vert sal av pølser med brød, kaffi, sveler og kaker/gjærbakst. 

Inntekta går til turen med Aktive fredsreiser, hausten i 10.klasse 

 


VOLLEYBALLTURNERING 07.11.2013

Runde 1 u15/ u17/ mini skal spelast i Svelgen Idrettshus i helga.
 
Svelgen stiller med følgande lag:
- jenter 15
- gutar 15 og 17
- mini
 
LØRDAG (u15/ u17):
Kampstart kl. 10:00
 
SØNDAG (mini):
Kampstart kl. 11:00
 
Ta turen i hallen i helga og bli med å heie på våre unge talent!
 
Open kiosk begge dagar.

Kulturnatt i Nordfjord

Kulturnatt i Bremanger - logo 8. november 2013

Alle arrangementa skjer i Svelgen.

Kl. 18.00
Opning i Biblioteket v/ ordførar

Kunstnariske innslag
Eventyrstund for dei minste i bibliotekkjellaren

Kl. 19.00
Open scene i Svelgen samfunnshus

Kl. 20.45
Kino i Svelgen samfunnshus

Norges premiere av «Jul i Flåklypa»

Kl. 21.20
Ungdomskafè på Svelgen samfunnshus

Transport til Hauge og Davik – heim kl. 23.00


Svelgen kino 04.11.2013

Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa

  Fredag 8.november kl.20:45

     Kinopremierer samme dag

  Søndag 10.november kl:17:00

 

                           0


Svelgen kino 08.11.2013

             Optimistene

       Søndag 10.november kl.20:00

             0


OBS OBS!!! 06.11.2013

Dansen som er nemt under er flytta til laurdag 16. november (Ryland Grendahus) og søndag 17. november (Svelgen samfunnshus).

 

Det er framleis ledige plassar.

 

Mvh.

Kulturskulen



Salsutstilling på Nesbø Grendahus 06.11.2013

Det vert salgsutstilling på Nesbø grendahus 9. og 10.november kl 13.00-18.00
 
Salg av diverse handarbeid som lappeteknikk,strikkakle,handmala porselen og trevarer og juledekorasjonar

 Kaffeservering og overraskelse!

                     Velkommen!



Førjulsmoro med marknad 05.11.2013

Svelgen Opp og Fram i samarbeid med Svelgen skulemusikk vil også i år arrangere førjulsmoro med marknad. Dette skjer i Svelgen laurdag 30.november, med tenning av julegrana og opning av peparkakebyen.

 

Vi vil lage til boder under baldakinen ved samfunnshuset og dei som ynskjer kan stå der og selje julegåver.

  

Er det noko du lurer på eller har du noko du kan selge?

Ta kontakt med Vibeke Kjrpeseth på tlf. 905 80 055.

 

Start produksjonen i dag!


Kjekt med positiv tilbakemelding 03.11.2013

     

Sogndal Storband takkar for ei flott helg i Svelgen. Vi vart tekne godt vare på av både arrangørar og publikum. Maten og servicen på hotellet var super. Vi håpar at alle gjestar koste seg like mykje som vi gjorde.

Vi kjem gjerne att ein annan gong!


Skulemusikken takkar 03.11.2013

Tusen takk til alle som møtte på basaren laurdag 2. november.

Tusen takk til Kopen for sponsing.

Tusen takk til alle bedrifter og privatpersonar som gav gevinstar.

Tusen takk til drillen og korpset for flott opptreden.



Vinnarlisa til hovudlotteriet vert hengt opp på Kopen måndag ettermiddag.


Basarkomiteen


Julebord Svelgen Hotell 03.11.2013


SVART SKJERM 02.11.2013

Det er arbeid som skal gjerast på Kruna som gjer at vi ikkje får inn signal. Dette skulle fiksast sønda, men plutselig ordna det seg :-)

Basketballkamp i Svelgen Idrettshus 01.11.2013

Laurdag 02.11 kl 14.30 er det basketballkamp i Svelgen Idrettshus.

Eikefjord sitt seniorlag skal møte Ulriken fra Bergen.

Ulriken var tidlegare eit storlag i basketball med fleire nm-titlar

men i denne kampen er det Eikefjord som er favoritt som det einaste ubeseira laget i 3. divisjon.

Håper det er mange som tar turen til Idrettshuset denne dagen.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des