Arkiv Juli 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
STIF

Spinning! 30.07.2009

I veke 32 og 33 vert det spinningtrening tysdag, torsdag og søndag kl.20.00.

Dette vert økter på 45 min. Påmelding frå kl.16.00 dagen før, ring 99 30 64 74.

 

Dersom nokon har lyst å vere med og ikkje har betalt medlemskort og treningsavgift, kan ein kjøpe enkelttimar for 50 kr.

 

 

Frå og med veke 34 startar vi oppatt for fult, kjem tilbake med meir informasjon.


Svelgen Stadion

28.07.09. Friidrettsdekke ferdig. 30.07.2009

 

 

Friidrettsdekke var ferdig lagt mandag 27.juli og jobben signert ut tirsdag 28.juli.2009.

  

No står det at merking av friidrettsbana og legging av kunstgress.

 

Les meir og sjå bilder på STIF si heimeside

 

  her  og  her


TIL INFORMASJON 22.07.2009

 

  

        

          Sprøyting av Friidrettsbana !!

 

 

På grunn av mykje regn dei siste dager har det ikkje blitt sprøyta og jobba med friidrettsbana på

Svelgen Stadion.

  

Dersom værprognosene slår til, vil det bli sprøyta kommande helg og dei første dagene i neste veke..

La oss alle håpe på godt vær slik at Neusport GmbH får ferdigstilt sitt arbeid på Svelgen Stadion.

 

For Stadiongruppa

Nye Svelgen Stadion

 


TIL INFORMASJON 14.07.2009

 

              VIKTIG !!

 

          

I forbindelse med oppgraderingen av Svelgen Stadion vil det i uke 29 og 30

legges toppdekke på friidrettsbanen.

Toppdekket blir sprøytet på og det vil være fare for malingsstøv i lufta.

 

Oppfordrer derfor alle som parkerer ved Rådhuset / Legesenteret og nærområdene ved Stadionside om å finne alternativ parkeringsplass, for å unngå malingsstøv på parkerte biler.

 

Sprøyting av topplaget er vær avhengig og STIF vil derfor informere når sprøytingen vil pågå.

 

Vi oppfordrer publikum til sjølv å følge med og parkere i god avstand fra Stadion.

 

For STIF

Stadiongruppa


Ny klubb- og kretsaldersrekord i stav for G16 14.07.2009

 

 

Daniel Hessvik Holm (bilde) klarte endleg målet på 4m....

 

Magnus Olav Myrhol (15) fornya persen til 3.10.

    

Meir om Rekoruka (Moelv) på

   Friidretten si side

 

dag 7 - dag 4-5-6 - dag 3 - dag 2 og dag 1


Fleire frå Svelgen på Vetenløpet 13.07.2009

Også under årets "Vetenløp" deltok det fleire svelgarar. Sjå resultatliste med meir  her.

 

Frank Hatleset og Stig Gjerde frå Svelgen er trufaste på Vetenløpet. Dei sprang på 40,09 og 42,05.   Foto: Firdaposten, Annbjørg Hauge Nygård.


Om nokre av STIF-laga på Norway Cup på Haugensida 11.07.2009

På Haugen Fotball si gode heimeside kan du lese om første gong eit lag frå Svelgen TIF deltok på Norway Cup (gutelaget 1975), samt den beste prestasjonen eit lag frå STIF har gjort på Norway Cup (gutelaget 1979). Du kan også sjå bilder av dei to laga.

 

Heimesida til Haugen Fotball finn du her, og artiklane er datert 10. juli. Stoffet er henta frå STIF-boka.


0,2 mm nedbør i løpet av 18 døgn 10.07.2009

I siste halvdel av juni og første del av juli har Svelgen hatt mykje sol og sommar. Nedbør har det vore svært lite av, før det i natt/dag tidleg kom noko regn som gjorde godt for det meste. I løpet av dei 18 siste døgna, før dette regnet kom, var det 18 døgn der det nesten ikkje var nedbør. Nokre dagar inne i denne perioden målte ein ved EEB sin målestasjon 0,2 mm på eit døgn, som og var det einaste ein målte i denne perioden.

 


Resultat Sparebankleikane og Krinskamp 5 og 6.juli.09. 10.07.2009

 

  Ny pers til Marte på 60m...

 

              Les meir på STIF og Friidretten si side


Servitør på Svelgen Hotell 10.07.2009

Svelgen Hotell søker etter   ein person over 20 år som vil jobbe som servitør / bar   og   resepsjon no i sommar, og eventuelt vidare utover hausten.

 

 

Er du interessert så ta snarleg kontakt med

Jostein Eimhjellen

tlf 48275626

s@svelgenhotell.no


Havly i Bremanger:

Klart for MusikkWeekend 16.-18. juli 2009 06.07.2009

" For dei som ønskjer å oppleve årets MusikkWeekend i Bremanger den 16-18 Juli, startar det med den tradisjonelle jammen på torsdag den 16.Juli.

Der kan både lokale og ikkje lokale musikarar få høve til å “prøve seg”.Fredag den 17.Juli er det “The Topangas” som skal entre scena på “Havly”,Info om dei kan de finne på: http://www.myspace.com/topcan
Laurdag den 18.Juli blir det om ettermiddagen utanfor området ved “Havly”,utekonsert med lokale musikarar i tillegg til at ein kan få kjøpe seg grillmat etc og høveleg drikke :)
Om kvelden i klubblokelet på Havly,blir det klubbkonsert i dei intime lokala med sjølvaste “Tom Principato Band”!! Dei har gjesta Bremanger før,og vi veit kva vi kan vente her! :) Info om dette bandet kan ein finne her: http://www.tomprincipato.com
Info/billettar kan ein maile til: havly.bremanger@enivest.com,eller ringe mobilnr: 91833611 "


Dekkelegging av friidrettsdelen på stadion 06.07.2009

På "Svelgensona" på Origo kan du sjå fleire nye bilete frå Svelgen stadion teke av Bjarne Ripe.

Klikk her for å sjå fleire av bileta.

 

Det var for øvrig Bjarne Ripe som i si tid utforma både logoen og fana til Svelgen Turn- og Idrettsforening. Les meir om dette her.


 

PRESSEMELDING FRÅ FRAMTIDSFYLKET:

     8 av 10 vil bu i Sogn og Fjordane

 

Det store fleirtalet av dei som er spurde i ei fersk omdømmeundersøking ønskjer å bu i Sogn og Fjordane.

 

         Dei som har svart meiner at dei viktigaste kriteria for å få folk til å flytte til Sogn og Fjordane er høvet til å få seg relevant jobb og at fylket byr på gode oppvekstvilkår for born, seier Anne van Oorschot. Ho er dagleg leiar i samarbeidsselskapet Framtidsfylket, som skal   inspirere fleire potensielle tilflyttarar og heimflyttarar til å sjå etter jobbar i fylket, og gjere det lettare for bedriftene å nå ut til denne gruppa.

         Men undersøkinga viser også at den flotte naturen er viktig for dei som trivst her, og for dei som ønskjer å flytte hit. Begge grupper svarar at dette er den største styrken fylket har for å tiltrekkje seg tilflyttarar.

 

Det er kommunikasjonsbyrået Burson&Marsteller som i starten av juni 2009 har utført   omdømmeundersøkinga for Framtidsfylket AS. Undersøkinga vart sendt ut gjennom epost og sosiale medier til personar busett i Sogn og Fjordane (217 svar), og til personar som er busette andre stader (376 svar).   Målet var å kartleggje desse viktige målgruppene, og å få innsikt i flyttevanane og avgjerande faktorar knytt til desse.

 

Av dei som bur i Sogn og Fjordane er det heile 70,2 % som ikkje har flytteplanar, og blant dei som bur utanfor fylket er det heile 80 % som kunne tenkje seg å flytte til Sogn og Fjordane. Begge grupper trekkjer fram naturen som det største plusset.  

         Dette stemmer også godt med ei undersøking Respons gjorde for Aftenposten nyleg. Der var konklusjonen at kvar tredje innbyggjar i Oslo drøymer om å flytte ut av hovudstaden og busetje seg på landsbygda. Ein stor del av dei ønskjer å kome nærare naturen, og å sikre gode oppvekstvilkår for borna, seier van Oorschot.

        Vi kan tilby alt dette i Sogn og Fjordane, og tek med glede i mot dei som vil flytte hit.

 

I omdømmeundersøkinga for Sogn og Fjordane er dei som bur i fylket også spurt om kva som kunne ha vore dei to viktigaste sosiale årsakene til å flytte frå fylket, og svarar «nærheit til vener og familie» og «større utval av fasilitetar». Dei to viktigaste karrieremessige årsakene til å flytte frå Sogn og Fjordane vert oppgjevne til å vere «at den perfekte jobben/stillinga dukkar opp» og «eit større miljø som gjev høve til utfordringar».


Dei som ikkje bur i fylket er spurt om dei viktigaste karrieremessige grunnane for eventuelt å flytte til Sogn og Fjordane, og svarar «god balanse mellom jobb og fritid» og «at den perfekte jobben/stillinga dukkar opp». På den sosiale sida dreg dei fram «nærheit til vener og familie», «naturen» og «høve til å dyrke sport og friluftsliv» som viktige faktorar.

 

         Begge gruppene svarar at høvet til å få passande jobb er den største svakheita for å tiltrekkje tilflyttarar. Likevel svarde 31 % av dei som bur i fylket at «gode karriemuligheiter» er nest viktigaste årsak til at dei busette seg i Sogn og Fjordane, nest etter «nærheit til vener og familie», seier van   Oorschot i Framtidsfylket.

         Men det er mange spennande jobbar her i Sogn og Fjordane, og det er nettopp det Framtidsfylket arbeider med å synleggjere. Det viser at vi har eit viktig arbeid med å gjere dei attraktive stillingane og næringsklyngene meir kjende. Til dette vil vi bruke både nettportalen framtidsfylket.no og våre egne karrieremesser i storbyane.

 

I mai hadde Sogn og Fjordane den nest lågaste arbeidsløysa i landet (1,9 %), etter Rogaland (1,8 %). Likevel var det ved utgangen av mai heile 770 ledige stillingar i Sogn og Fjordane, eit fylke med vel 100.000 innbyggjarar.

 

 

 

For meir info, kontakt:

Anne van Oorschot, dagleg leiar
Framtidsfylket AS
Telefon: 928 35 232
E-post:
anne@framtidsfylket.no

 

 

 


Ikkje vatn i Midtgulen 06.07.2009

Det er ikkje vatn i kranen på Midtgulen gravplass. Så viss du skal ut og stelle graver, må du huske å ta med vatn sjølv.

KEIPENSTOVA 04.07.2009

Keipenstova har vanleg opningstid heile sommaren:

Måndag og torsdag 10 - 14.

 


AKTIV JOBB BAKARHUSET SOMMAREN 2009
 
Kafeen vert stengd i veke 27 (29.06. - 05.07.) og veke 29 (13.07. - 19.07.)
Veke 28 og resten av sommaren vert det open kafe tysdag, onsdag og fredag, men med litt redusert utval i disken.
 
Kavring sel vi når kafeen er open.
 
"Uteavdelinga" er open for oppdrag heile sommaren med unnatak av veke 29.
 
Aktiv Jobb Bakarhuset ynskjer god sommar!

Brann ved Elkem Bremanger i dag 01.07.2009

Les meir på NRK Sogn og Fjordane

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des