Arkiv Okt 2001

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Normal-nedbør i oktober 31.10.2001

Ved nedbørsstasjonen til Kraftstasjonen i Svelgen fall det i oktober 326,3 mm. Dette er nesten nøyaktig det som metrologisk institutt har berekna som "normalt" for Svelgen i oktober. Den verdien er 327 mm. Det meste som kom på eit døgn var 43,5 mm og ein hadde 8 dagar utan nedbør.

I tidsrommet 1973 - 2000 hadde ein følgjande max- og minimumsverdi for oktober i Svelgen: 703 mm i 1983 og 75 mm i 1974, melder kraftstasjonen.


Kjempeflott konsert av Svelgen-ungdommen! 30.10.2001

Alle ungdomsskuleelevane heldt i dag konsert for dei yngre klassane, barnehageungane og foreldre som var møtt opp. Samfunnshuset var heilt fullt då ungommane stilte opp til korsong. Under framsyninga fekk vi sjå store musikalske talent, like store humoristar og utruleg flotte dansarar - og viktigast av alt; glade unge menneske som såg ut til å stortrivast på scena alle som ein.

Svelgen skule fortener honnør for den innsatsen dei har lagt ned i prosjektet.

- No kan alle sjå meg eigne auge at Svelgen har flott ungdom, fastslo rektor Kåre Myklebust før har slapp til lærargrupppa som framførte Morgan Kane-songen iført cowboy-hattar til stor jubel frå publikum.


Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

Bjørgulf Myklebust og SKAF aksepterer ikkje permitteringane:

Tvistesak mot Elkem 29.10.2001

Svelgen kjemiske køyrer no tvistesak mot permitteringane på verket i samband med at omn 5 ved verket blir teken ut av drift.

Saka går no over til Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund som skal tinge vidare med Elkem sin sentrale part, Prosessindustriens Landsforbund (PIL).

Dette er klart etter at Svelgen kjemiske ikkje fekk aksept for at ansiennitet åleine skal ligge til grunn for permitteringane. Mange av dei tilsette har reagert sterkt mot permitteringane ? som enkelte fryktar er første stasjon mot oppseiingar. Klubbleiar Bjørgulf Myklebust karakteriserer stemninga ved verket no som dyster.

- Bedrifta har valt ein mellomveg, der ansiennitet er grunnlaget for ein del av permitteringane, men har også lagt vekt på kompetanse, og dette vil vi ikkje godta. Vi krev at bedrifta her skal følgje ansiennitetsprinsippet, seier klubbsjef Bjørgulf Myklebust ved verket i Svelgen, skriv Firdaposten si nettutgåve i kveld.

- Har du likevel ikkje ei viss forståing for at bedrifta må sikre at ho ikkje misser kompetanse, viss framtida til verket skal tryggast vidare?

- I dei tilfella vi køyrer tvist, meiner vi å dokumentere likeverdig kompetanse, hevdar Myklebust. Firdaposten tek opp saka i avisa i morgon.


Outsoursing i stampe 28.10.2001

Forhandlingane om outsouringa av vedlikehaldsavdelinga på Elkem Bremanger står i stampe. Etter det Svelgen.no kjenner til var det så lang avstand mellom KOGAS og Elkem sine tilbod og krav at det er ikkje aktuelt å vidareføre forhandlingane.

Sinte Svelgen-ungdomar tek til motmæle! 27.10.2001

Tysdag 23. Oktober sendte NRK Sogn og Fjordane ei reportasje frå ungdomsklubben Realen i Svelgen. Reportasjen la vekt på at dei fleste ungdommane i Svelgen røykte, dette fordi tre av dei som vart intervjua røyker.

Reportaren stilte leiande spørsmål, og kom med negative kommentarar som; - Eg skjønner at du ikkje kjem herifrå sidan du ikkje røyker??

Då vi høyrde dette vart vi ganske sinte, men reagerte ikkje på det før vi på onsdag kunne lese på NRK tekst TV (side 182) at det stod om Svelgen ungdommen. Positivt var det ikkje!

Sida var full av usanne rykte, som for eksempel: Alle ungdommane i Svelgen røyker og at det var nærmast krise på Svelgen ungdomskule som skulle stenge av for "sentrum vandring" i det store friminuttet.

Då blei vi veldig sure, og etter litt enkel matematikk fann vi ut av ca. 27% av ungdomskuleelvane i svelgen røyker. Det vil seie 16 stykker.

Det negative kjem for godt fram i forhold til alt det positive som faktisk skjer her i bygda blant ungdommen.

Realen er positivt. Dans, spill, musikk og sosialt samvær burde bli lagt merke til. Ungdomsklubben er også den beste ungdomsklubben i Bremanger Kommune, om ikkje ein av dei beste i fylket.

På skulen held vi for tida på med eit musikkprosjekt som skal framførast på tysdag 30. oktober. Med i prosjektet er det dans, band, rytmegrupper, kreativ dans og meir. Alle elvane bidrar med sitt. Elles har vi eit biblioteket med Internett moglegheiter, og vi kjem kanskje til å få Net Café i den næraste framtida. Vi har ein idrettshall som er i bruk kvar dag på ein eller anna måte. Fotball, volleyball, handball og så bortetter.

Ungdomen i Svelgen er positivt innstilt til det meste. Realen held også på med eit prosjektet "Vær Real". Prosjektet legg vekt på diskriminering, rasisme, vold og rusproblem. Det skal bli arrangert konsert, lappemarknad, og eit stort diskotek i sambande med dette.

Men høyrer vi ein positiv kommentar om Svelgen og ungdommen? Nei da, legg no for all del vekt på det negative!

Konklusjonen blir vel at det må fokuserast meir på det positive som skjer i Svelgen og at ein proff rapporter bør vise begge sider av saka, og ikkje stille leiande spørsmål som lett kan bli mistolka og forvirre.

Med vennleg helsing

Yvonne S. Løvseth

Stian S. Holm

Eli K. Kvenseth

Lise K. Holm

Isabel Grindheim

Ingve Eikeland

for medlemane på Realen ungdomsklubb.


Posten vert nedlagt 13. november 27.10.2001

Frå 13. november overtek Max Matsenter, Joker, Posten i Svelgen.

Skulesjefen

Foreslår nedlegging av Langeneset barnehage og SFO 26.10.2001

Skulesjef Gunnar Skjølberg har foreslått å legge ned Langeneset barnehage og samtlege skulefritidsordningar i kommunen i sitt budsjett framlegg. Forslaget må sjåast på som ein protest mot dei lave budsjettrammene etaten er tildelt for neste år.

- Eg føler meg lite vel med denne jobben, det er meir som ei tvangshandling. Blant anna har vi lagt ned Langeneset barnehage, skulekontoret (!), PPT tenesta og timar med spesialundervisning er kraftig redusert, fortel Skjølberg.

- Forskjellen mellom vår tildelte ramme og det vi verkeleg treng er på nesten sju millionar kroner. Det er like mykje som dei andre seksjonane manglar tilsaman. Det føles nesten som vi blir straffa for å ha hatt god budsjettstyring og halde oss innanfor rammene, seier ein skuffa og oppgitt skulesjef.


Elkem kjøper opp billege produsentar 26.10.2001

Klubbleiar Bjørgulf Myklebust stiller spørsmål ved kva som ligg bak vurderingane om oppkjøp i utlandet samstundes som drifta i Norge blir bygd ned.

- Spørsmålet er om Elkem kjøper opp verksemder i utlandet for å bli kvitt ein konkurrent eller om dei vurderer å flagge ut til land der arbeidskraft og produksjonskonstnader er lågare enn i Norge, seier Myklebust.

Overfor Fjordenes Tidende understrekar han at han har tru på verket i Svelgen, og at det har ei framtid.

- Men då må alle vere med å ta eit tak. Det er tras alt her kompetansen fins. Vi skal stå på og kjempe for vidare drift, seier Myklebust.

I år stenger Elkem omnar ved fem smelteverk.

"Trass i at leiinga ved Elkem Bremanger hevdar dei driv mest lønsamt innanfor konsernet, vil dette truleg ha lite å bety i den stor samanhengen" skriv avisa sin redaktør, Erling Våge.

Informasjonsdirektør Svein Sundsbø har sagt at verket i Svelgen ikkje er det som har den sterkaste økonomien og han nemner også problema med å halde oppe ei hamn drift av omn 5.


Lene Rørvik tek over Charmen 26.10.2001

Frisør Lene Rørvik tek over Charmen frisørsalong og parfymeri når Jorunn Flaten no reiser frå Svelgen. Lene har arbeidd på Charmen siste året.

Kari Johnsen Rise ny helsesøster 26.10.2001

Kari Johnsen Rise er tilsett som ny helsesøster i Svelgen. Ho har dei siste åra arbeidd på sosialkontoret på Rådhuset. Ho tek til i arbeidet 15. november. Norunn Midthjell, som stok over når Hilda var pensjonist, flytta attende til Florø etter at prøveåret på helsestasjonen var over.

Trolloftet vurdert selt 26.10.2001

Fay Løvseth vurderer å selge pub og pizzabaren Trolloftet. Ho seier til Svelgen.no at staden går godt økonomisk med at det er ugunstig arbeidstid som er ein av grunnane til at ho no ynskjer å gje seg. Ho og sambuaren har også fått eit tilbod om å overta ein restaurant i Trondheim som er svært fristande. Fay er ein stor ressurs for Svelgen som dirigent i Skulemusikken, så vi håper i alle fall at dei blir i Svelgen!

Dobbel auke på Svelgen hotell 26.10.2001

Hotelldirektør Geir Gjerde kan notere seg dobbel så stor auke i overnattingsgjestar som gjennomsnittet i kommunane Flora og Bremanger.

- I sommarmånadane har talet på overnattingar vore 30 prosent over fjoråret. Dette er kjempebra og er eit resulatat av ei langsiktisk satsing p turisme, seier Gjerde til Firdaposten.

- Han forklarer ein del av auken i Svelgen med at det generelt er eit høgt aktivitetsnivå på grunn av omstillingsarbeidet i kommunen. Etablerigna av det nye stenbrotet på Dyrstad har også hatt positiv innverjnad.

Nye reiselivsprodukt kan gjere kommunen endå meir attraktiv. Eit av dei er under utgreiing, og dersom det fell på plass, kan det bli ein attraksjon på høgt med Briksdalsbreen i indre Nordfjord!

Og det høyrest veldig spennande ut - ska tru kortid vi får vete kva det dreier seg om?


Optimisme - trass alt 26.10.2001

- Vi må tenke positivt. Eg trur omn 5 vil stå kanskje eitt år, ikkje lenger, for så å bli starta opp att, seer rørlegga Roald Nigardsøy i ein kommentar til situasjonen i Svelgen til Firdaposten.

Verksemda hans er sterkt knytta til Elkem Bremanger. - Det har vore nedgangstider i Svelgen før, og det som skjer ved Elkem no, er langt mindre alvorleg enn det vi har opplevd tidlegare, seier han.


Trur på ei framtid i Svelgen 25.10.2001

I periodar er nitti prosent av alle oppdrag på Klausen Industrier retta inn mot Elkem, og stenginga av omn 5 gjer to årsverk overflødige. Likevel ser dagleg leiar Gunnar Mundal lyst på framtida i Svelgen.

- Vi har innsett at navlestrengen er i ferd med å ryke, og det har fått oss til å tenkje nytt og løfte blikket mot andre marknader, fortel Mundal.

Han styrer ein arbeidsstokk på 15, der til saman fire årsverk er knytte mot omnane på Elkem. To av årsverka er relatert til omn 5, desse blir no omplasserte og får andre arbeidsoppgåver internt i selskapet.

- Ein av fordelane ved å vere små er at vi kan gjere slike grep når det røyner på. Permitteringar er siste utveg, slær han fast.

Klausen Industrier produserer elektromantlar til omnane på Elkem, og leverer ni slike for veka heile året gjennom. Av den faste produksjonen er 25-30 prosent retta mot Elkem, der halvparten er direkte retta mot omn 5, skriv Firdaposten.


- Uaktuelt å legge ned! 25.10.2001

Elkem-direktør Per Otto Ustad i Svelgen ser det ikkje som særleg aktuelt at verket i bygda blir avvikla. Han svarer kontant nei til spørsmål om dei no er truga av nedlegging. Han legg til:

- Vi må likevel innsjå at vi er i ein vanskeleg situasjon. Men vi skal greie å løfte oss. Eg føler meg likevel trygg på at vi greier oss viss vi greier å gjennomføre det styret har pålagt oss, skriv Firdaposten si nettutgåve.


Norgesmeister i judo frå Svelgen! 25.10.2001

Svelgen har fått følgande mail frå ein av våre trufaste lesarar: Hei!

Vil informere om en liten ting:

Bård Nesbø Skreien frå Førde vart junior Norges meister i judo i helga. Vil då meddele at mor hans Gerd Nesbø er frå Svelgen, og far hans Anders Skreien har budd mange år i bygda. Så han kjeme vel då like mykje frå Svelgen? Løypen er bestefaren, so e de sagt, skriv Håvard Nesbø (stolt søskenebarn).


Reint vatn før jul? 24.10.2001

Teksnisk sjef Magnhild Myklebust tør ikkje lenger setje nokon dato for kortid vi skal få reint vatn frå springen i Svelgen. Etter å ha kjøpt eller kokt vatn i snart 5 år, ser vi fram til å få denne luksusen snarast! - Det som det står på no er driftsovervakinga av anlegget. Den rørmessige delen er ferdig, men vi ønsker å ha alt på plass først, seier Magnhild Myklebust.

- Eg har sagt datoar før, så det vil eg ikkje gje meg ut på igjen, seier Magnhild Myklebust som håpar på fortgang i arbeidet.


Røykemøte på Svelgen skule 24.10.2001

Svelgen skule set i verk fleire omfattande tiltak for å stogge røykinga blant elevar. Det var i eit program i NRK i går det kom fram at svært mange ungdomsskuleelevar i Svelgen røyker.

Alle Svelgen-ungdomane som var med i programmet om ungdomsklubben Realen i går fortalde at dei røykjer. Alle er ungdomsskuleelevar, og rektor Kåre Myklebust ved Svelgen skule ser svær alvorleg på situasjonen.

I matpausen har elevane hatt høve til å gå i Svelgen sentrum. Men etter meldingar om at ein del elevar då røykjer dreg skulen attende denne fridomen. Foreldra og born som røyker vert i tillegg kalla inn til møte på skulen for å drøfte problemet.


Elkem varslar nedleggingar 24.10.2001

Elkem vil omstrukturere, og varslar nedleggingar av smelteverk. Selskapet har problem med å selje produkta sine på verdsmarknaden. Blir situasjonen verre, kan Elkem Bremanger, som permitterer over 40 tilsette 1. november, stå i fare for å bli lagt ned, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Elkem kontrollerer store deler av verdsmarknaden for silisiummetall, og er difor svært utsett for den usikre verdsøkonomien. Og når salet sviktar, må produksjonen reduserast. Berre i år stenger selskapet omnar ved 5 smelteverk, og mange tilsette blir permitterte.

Men det er ikkje slutt med dette. Konserndirektør i Elkem, Svein Sundsbø, fryktar at marknadssituasjonen kan bli endå vanskelegare, og då må Elkem leggje ned smelteverk. Leiinga ved Elkem Bremanger skryter av at dei lenge har vore det mest lønsame verket i konsernet, men svelgarane skal ikkje ta sigeren på forskot. Sundsbø seier Elkem Bremanger ikkje er det verket som har den sterkaste økonomien, og han nemner også problema dei har hatt med å halde opp ei jamn drift av omn 5.

Samstundes som Elkem snakkar om å leggje ned smelteverk i Norge, vil dei kjøpe opp eit silisiummetallverk i Brasil. Konserndirektør Sundsbø forklarar oppkjøpet med at dei brasilianske produkta er svært konkurransedyktige, og at Elkem vil ha ein fot inne også i Sør-Amerika. Spørsmålet er om Elkem kjøper opp verket i Brasil for å bli kvitt ein konkurrent, eller om dei flaggar ut til land der produksjonen er billegare, melder Fylkesnytt.

Uansett er det for tidleg å seie om Svelgen misser hjørnesteinsbedrifta si, men dei tilsette og innbyggjarane går usikre tider i møte. Like etter den tunge beskjeden om at omn 5 blir stengd og 43 tilsette permitterte, får dei altså vite at det neste steget kan vere nedlegging.


- Ikkje alle Svelgen-ungdomar røyker! 24.10.2001

Svelgen.no fekk mail frå Svelgen-ungdom som føler seg utrettferig uthengt i NRK Sogn og Fjordane som i ei sending skal ha sagt at "alle ungdomane i Svelgen røyker". Vi sendte spørsmål til redaksjonssjefen og fekk dette svaret: - Vi har aldri sagt at alle ungdomane i Svelgen røykjer. Det vi har sagt er (sitat): Alle Svelgen-ungdomane som var med i programmet om ungdomsklubben Realen i går fortalde at dei røykjer.Alle er ungdomsskuleelevar,og rektor Kåre Myklebust ved svelgen skule ser svær alvorleg på siuasjonen (...)

Dette vart sagt av reporter i Fylkesnytt i dag kl. 1203. I føremiddagssendinga i går, tysdag 23. oktober, sende vi ein reportasje frå Realen ungdomsklubb (det er denne reportasjen/programmet det er vist til i sitatet ovanfor). Der møtte reporteren ein gjeng på trappa utanfor ungdomsklubben som stod og røykte. Ei av jentene på ungdomsklubben kommenterte dette med å sei at "det var det mesteparten brukte å gjere". På spørsmål frå reporter om alle ungdomane i Svelgen røykjer, svara ei anna jente "nei".

Vi henta inn løyve frå foreldra til dei ungdomane som vart intervjua i reportasjen. Rektor Kåre Myklebust seier i dag at han ser alvorleg på situasjonen. Men; vi har aldri sagt at alle røykjer, men at dei som var med i reportasjen/programmet røykjer.

Mvh

Rune Møklebust Redaksjonssjef NRK Sogn og Fjordane

Meir


Ikkje omselting på omn 5 24.10.2001

Det blir likevel ikkje omsmelting av slagghaugane på omn 5. Det betyr at omnen stenger den 1. november og totalt 48 personar på verket går ut i heil eller delvis permisjon. 43 årsverk er permittert, men sidan enkelte skal ha 40-60 % permisjon, er det i alt 48 personar som har fått varslet.

Det vert no arbeidd med at omn 4 skal smelte om slagget i staden for omn 5. Verksdirektør Per Otto Ustad seier til Svelgen.no at han er optimistisk i høve til maknaden.

- Planen no er at omnen skal oppgraderast og vere i drift at om seks månadar. Eg trur marknaden vil ta seg opp etterkvar og at vi no er nede i ein bølgedal, seier Ustad.

Verket leverer så mykje Silgrain dei berre kan få skipa ut, men Ustad seier at dette er på grunn av kontraktene dei har inngått tidlegare.

- Kundane vil helst ikkje ha meir Silgrain, men vi fastheld at kontraktene skal haldast, seier Ustad.

På spørsmål om han trur at verket vil få bruk for samtlege tilsette som er permittert når omnen startar oppatt, svarar han at han ikkje ynskjer å spekeluere det.

- Men det er på det reine at vi heile verksemda må gjennom ei omstrukturering - i samarbeid med dei tilsette, seier Ustad.

Klubbleiar Bjørgulf Myklebust ønskte ikkje å kommentere internstyret si avgjerd før har hadde diskutert det med klubbstyret.


Den tradisjonsrike fotballfesten tilbake! 24.10.2001

Den tradisjonsrike Fotballfesten til Fotballgruppa i STIF vert arrangert lørdag 22. desember. Innbydelsar vil bli sendt ut i månadsskiftet november/desember.

Det vil også bli arrangert Fotballfest for ungar, men tidspunktet for denne er ikkje klart endå. Denne Fotballfesten for voksne har lange tradisjonar og den første festen ein kjenner vart arrangert i 1965. Her følgjer eit utdrag frå historieboka til STIF om denne:

Laurdag 13. mars klokka 2030 vart den første Fotballfesten arrangert i Småsalen på Samfunnshuset. Arrangementet vart den gang kalla "Fotballmoro". Det gjekk ut følgjande innbyding til aktive fotballspelarar med damer, både frå Svelgen og Berle:

Etter at en forhåpentligvis bedre varm meny er satt til livs, blir det dans etter rytmer fra et firemannsorkester til den lyse morgen Under dansen blir det severt kaffe og kaker. Beklager å måtte meddele at vi har sett oss nødt til å ta kr. 6,- pr. person i entrè. Vi innrømmer dog 50 % rabatt for skoleungdom.


Internstyremøte på Elkem i dag 23.10.2001

Internstyret ved Elkem Bremanger skal i dag møtast for å drøfte situasjonen på verksemda. Det skal mellom anna takast stilling til om slagghaugane skal smeltast før omn 5 vert stansa. Dette kan utsetje permitteringa for omlag halvparten av dei som fekk varsel forrige tysdag. Svelgen.no kjem attende med resultat frå møtet seinare i dag.

Uvanleg nordlys - også i Svelgen 22.10.2001

Folk mange stader i fylket, også i Svelgen, kunne i går kveld sjå eit svært uvanleg lys på himmelen. Det er minst 11 år sidan solaktiviteten førte til eit slik lysspel.

God framdrift i omstillingsarbeidet 22.10.2001

- Vi har inntrykk av at omstillingsarbeidet i Bremanger vert drive fram med entusiasme og stort lokalt engasjement, og vi trur at 100 nye arbeidsplassar er eit realistisk mål for omstillingsarbeidet. Dette sa forsker Sturla Alvheim i Stiftelsen for Samfunns- og næringslivsforskning, SNF, då han la fram ei undervegsevaluering av omstillingsarbeidet i Bremanger kommune.

Bil hamna på taket i Skutevika 22.10.2001

Tre ungdommar frå Bremanger vart sendt til sentralsjukehuset i Førde natt til søndag. Etter det Firdaposten får opplyst skal det berre vere lettare eller moderate skader, men ein person skal ha fått ryggskadar. Det var fire ungdommar i bilen. Ulykka fann stad i Skutevika på Bremangerlandet klokka halv fire natt til søndag. Bilen kom køyrande frå Kalvåg/Smørhamn. I ei høgrekurve, ved avkøyringa til Novelandet/Kjerpeset, kom bilen over på feil side. Hjula hamna utfor asfaltkanten, ut på lausgrusen og føraren miste kontrollen på bilen. Bilen heldt fram om lag 30 meter før den til slutt vart liggande på taket. Personbilen fekk omfattande skader og kan nok reknast for å vere eit totalvrak. Politiet etterforskar saka og melder så langt at dei ikkje har mistanke om at føraren skal ha vore rusa.

Olve Fossedal sa nei til rådmann-jobben 19.10.2001

Fredrik W. Gulbranson (49) kjem tilbake i sin 3. periode som rådmann i Flora kommune, etter at Olve Fossedal overraskande i går formelt sa frå seg tilbodet.

Fossdal orienterte allereie tidlegare i veka ordførar Kolbjørn Dyrli om avgjerda si. Alt i forgårs var dei to gamle kompisane Dyrli og Gulbranson ute på byen og snakka om situasjonen. Gulbranson har rett nok enno ikkje gitt kommunen noko endeleg svar, men kan tydeleg tolkast som at han vil ta mot stillinga. Dyrli har allereie ønskt han velkommen tilbake på rådhuset, melder Firdaposten.


Fleirbrukshallen skubba ut 19.10.2001

I forslaget til investeringsbudsjett kan bygginga av fleirbrukshallen i Bremanger tidlegast starte i 2004. Mykje av pengane frå budsjettet går til helse og omsorg. Kommunen må no gjere grep op driftssida for å skape balanse i rekneskapen.

Ikkje julebord i år 19.10.2001

Etter det Svelgen.no kjenner til vert det i år ikkje det tradisjonelle julebordet arrangert i regi av Elkem Bremanger. Dei bruker å invitere arbeidstakarar med følge samt pensjonistar til julebord - ofte fire eller fem utover i november og desember, men denne gangen går det rykter om at det i beste fall vert kvar si korg julemat.

Tøffe tider for mange i Svelgen 19.10.2001

Denne veka fekk 43 arbeidarar ved Elkem Bremanger beskjed om at dei er permittert frå 1. november. Det betyr 70 % lønn, og for mange harde økonomiske tider.

I dag var Tommy Mundal avbilda over heile førstesida i Fjordenes Tidende under tittelen "BITTERT". Han er ein av 43 arbeidarane som fekk permitteringsvarsel tirsdag.

- Det er bittert. Eg jobbar ikkje ved omn 5 så dette kom svært overraskande. I tillegg er vi i etableringsfasen med stort lån på huset og høge månadlege utgifter, så vi går tøffe tider i møte, seier Tommy som har to små barn.

Får familien selt huset for ein god pris og jobb ein anna stad er eitt alternativ at dei flyttar frå Svelgen.

- Vi får tru denne situasjonen med permittering vert korvarig og at vi framleis kan bu i Svelgen, seier Mundal til Fjordenes Tidende.

Og akkurat det støttar nok heile Svelgen-samfunnet opp om.


Vraka Senneset som helsesjef 18.10.2001

Formannskapet i Årdal vil ikkje ha den profilerte helsepolitikaren Svein Kåre Senneset som ny helsesjef.

Politikarane vil ikkje grunngje kvifor. – Eg er naturleg nok vonbroten for at eg ikkje nådde opp, særleg på bakgrunn av at dei tilsette ville ha meg, seier Senneset. Det får vera min kommentar til dette. Med fire mot tre røyster tilsette formannskapet Silje Berge som ny helsesjef i Årdal kommune.

Dette var i tråd med administrasjonen si tilråding. Mindretalet ville ha den mest røynde helsepolitikaren i fylket, Svein Kåre Senneset, som ny helsesjef. Senneset er i dag rektor ved Hauge skule i ytre Bremanger.


Anda og Bringeland kan bli nedlagt 18.10.2001

Flyplassane på Anda i Gloppen og på Bringeland i Gaular kan bli nedlagt.

I innstillinga Luftfartsverket kjem med til Samferdsledepartementet i dag står det at begge flyplassane er samfunnsøkonomisk ulønnsame.

I rapporten frå Luftfartsverket som styret legg fram i dag er dei regionale flyplassane inndelt i to kategoriar. Den første og mest nedleggingstruga gruppa er flyplassar som ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsame. Sandane Lufthamn hamnar i denne klassa saman med fire andre.

Førde Lufthamn, har hamna i den andre gruppa, denne er også samfunnsøkonomisk ulønnsam, men med meir usikker margin. Men også denne gruppa er svært aktuell for nedlegging. Den korte avstanden til flyplassen i Florø skal vere eitt av momenta.


Lynyrd Skynyrd T.B. til Bremanger! 18.10.2001

"Verdas beste kopiband" Lynyrd Skynyrd Tribute Band kjem til Bremanger 27. oktober. Ta med luftgitaren og kom, oppfordrar Bremanger Rockklubb!

På byrjinga av syttitalet såg den legendariske gruppa Lynyrd Skynyrd dagens lys. Med si karakteristiske besetning på bass, trommer, piano og heile tre gitarar vart dei sjølve malen på sørstatsrock.

Gjennom heile tiåret leverte dei klassikarar som perler på ei snor, før det heile enda dramatisk i ei flyulukke. Lynyrd Skynyrd mista fleire medlemer, og vart aldri det same, trass i at dei fortsatt er aktive som band i dag.

På midten av nittitalet tok ein gjeng i indre Sogn opp tråden frå dei gode syttiåra. Dei gamle klassikarane vart øvde inn i henhold til originalen, og bandet fekk namnet Lynyrd Skynyrd Tribute Band. Lik originalen har bandet hatt utskiftningar og pauser, men framstår i dag som betre enn nokonsinne. For å gjere det mest mogleg autentisk brukar bandet å ta med utfyllande element som pianist og koristar, og bandet dristar seg til å seie at dei er den beste Lynyrd Skynyrd - kopien i landet.

Så vil du ta ein tur tilbake til syttitalet og høyre Sweet Home Alabama, Free Bird, T for Texas mm, så kast sveiva, tørk støvet av luftgitaren og ta turen til Havly laurdag 27.oktober.


Betre service på Svelgen-butikkane! 16.10.2001

Over 40 deltakere var med på seminarene i Svelgen og Kalvåg. Tilbakemeldingene har vært svært gode fra de som var med. Med tema som trendar og utfordringar, med motivasjon som drivkraft, personleg utvikling, mental innstilling, sal som yrke og salets løyndom, var tydlegvis engasjerande og viktig. Svelgen.no hadde utsending, og dei som deltok av butikkar og servicenæringa lærte mykje om service og kundebehandling.

Dersom du merkar at du får bedtre service - gje tilbakemelding (til kven som helst; oss, medbygdingar, butikkeigarar vener osb!).

Og: skal vi alle bidra til å stoppe handelslekkasjen slik at vi beheld dei få butikkane vi har?


Permitteringsvarsel tirsdag 15.10.2001

Leiinga ved Elkem Bremanger har vedteke å sende permitteringsvarsel til 43 tilsette med virkning frå 1. november. Dermed får avgjerda om å stoppe produksjonen ved omn 5 konsekvensar for mange fleire enn dei 20 som er direkte knytte til ojmene. I tillegg får nokre av dei tilsette innan transport, vedlikehald, reinseanlegg og laboratorium varsel om permittering som ei følge av at leiinga har bestemt å stanse produksjonen ved omn 5.

Dette vert stadfesta av hovudtillitsvald Bjørgulf Myklebust overfor Fjordenes Tidende.

Fredag var han oppteken i møter heile dagen vedrørande situasjonen på verket.

- Lista vi har fått frå leiinga medfører permitteringa av 43 arbeidarar med verknad frå 1. november. Dette tek vi til etterretning, men eg vil understreke at vi ikkje på nokon måte aksepterer dettte, seier Bjørgulf.

Verksdirektør Per Otto stad fortel at leiinga har nytta både kompetanse og ansinnitet ved utvelginga av dei som vert permiterte.

- Vi jobbar for å få til ordningar, blant anna med ei omsmeltningsprosjekt, men dette går på lønnsomheit. Vi skal ha styremøte den 23. oktober og får komme tilbake med meir opplysningar etter møtet, seier Ustad.

Dei som vert berørte av produksjonsstansen ved om 5 får beskjed i morgon, tirsdag.


Svelgen guten-Hessvik beste spelar 13.10.2001

Kenneth Hessvik har gjennom 2001-sesongen vore den beste spelaren vurdert av Firdaposten.

Han meiner FSK har vore for dårleg trent denne sesongen. - Vi ligg langt bak laga vi konkurrerer mot, påpeikar han.

Hessvik er ein av få i klubben som har heva seg og halde eit stabilt høgt nivå sesongen igjennom.

- Det er alltid moro å få god kritikk, og eg føler at det har gått bra denne sesongen sjølv om det ikkje har gått så bra for laget, seier han. Ein viktig faktor for kvifor ikkje FSK klarte å halde seg i divisjonen, meiner han er for dårleg treningsgrunnlag.

Hessvik derimot har kanskje aldri vore betre trent som fotballspelar enn denne sesongen. Han hevdar at det kjem av at han har hatt disiplin til å trene på eiga hand.

- Eg har trent kvar dag og somme tider fleire gonger om dagen. Er eg godt trent fysisk, held eg kampane betre og klarar å oppretthalde god form gjennom sesongen. Er du i god fysisk form, slepp du dei store svingingane, seier Hessvik og understrekar at på dette punktet har klubben mykje å hente.


Framleis inga Fundo-avklaring 13.10.2001

Elkem Bremanger leverer 60 tonn Silgrain i månaden til Fundo i Høyanger, og sjebnen til verksemda vil ha betydning for erksemda i Svelgen.

Det er endå ikkje noko avklaring i situasjonen ved Fundo i Høyanger. Men Hamid Rashid Al Zayani, som representerer eigarane i styret, sa seint i går kveld at han trudde det ville kome til ei løysing i løpet av dagen i dag.

Fundo-sjef Arvid Ullebø har tidlegare sagt at dersom ikkje Fundo får ei ordning med bankane, har dei ikkje pengar til å drive ut månaden.


Industrien får fritak frå avgift 11.10.2001

Regjeringa vil gje industrien fritak for svoveldioksyd-avgifta. Her i fylket er det metallverka i Årdal, Høyanger og Svelgen som betalar slik avgift i dag.

For verka i Årdal og Svelgen betyr forslaget i statsbudsjettet innsparingar på kring eit par millionar kroner for kvart av verka.

Forslag til statsbudsjett har vore tema i alle nyhende kanalar i heile dag, men få poengerer at det for det første ikkje er vedteke av Stortinget, og for det andre er sjansane for at vi får ei heilt ny regjering og eit heilt nytt forslag til statsbudsjett ganske stor.


Bremangersambandet får 58 mill. kr 11.10.2001

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2002 får Bremangersambandet (Rv 616 Kolset-Klubben) 58 millionar kroner.

For Bremangersambandet er det 14 millionar mindre enn det som er kalkulert for å gjere anlegget ferdig, men Vegvesenet reknar med at det likevel er nok til å kunne opne anlegget hausten 2002.

Då gjenstår det å sjå kortid vi får løyvingar til tunnel og veg Langesi-Bortne. Uten denne strekninga, meiner mange fastlandssambandet er lite verdt.


1.1 mill. til verksdirektør Ustad 11.10.2001

Bremanger kommune har fått 15 nye millionærar, men framleis er det fiskeoppdrettar Kristen Strømmen som toppar lista, med 8,5 millionar i formue. Sønene hans, Kurt André og Sven-Jørgen følgjer tett på, det same gjer dottera Petra Sølvi Strømmen.

Innimellom Strømmen-arvingane finn vi som før også fiskar Roald Torvanger med 7,5 millionar i formue, butikkekspeditør Aud Karin Nygård med 7,2 millionar og fiskehandlar Odd Larsen med 5,1 millionar i formue. Felles for alle desse er at det er oppdrett og fiske som har danna grunnlaget for velstanden.

Som vi kan sjå, har alle desse over fem millionar i formue, men i alt eit trettitals personar i Bremanger har formuar på rundt to millionar eller meir. I forfjor kunne 114 personar i kommunen kalle seg millionærar, i fjor har talet auka med 15.

Fiskehandlar Odd Larsen tente mest i Bremanger i fjor, skriv Firdaposten Han hadde ei nettoinntekt på 1,8 millionar. På ein god andreplass kjem fiskar Oddleiv Grotle, med ein halv million mindre i inntekt, og deretter kommunelege E. Ravikumar med ei nettoinntekt på vel 1,2 millionar kroner. Verksdirektør Per Otto Ustad mottok i fjor ei løn på 1 177 600 kroner og den desidert best betalte i Svelgen.


4237 besøkande i september 11.10.2001

Svelgen.no hadde i september 4237 besøkande, og 11170 ulike sideoppslag. Vi har no holde på eit halvt år, og fått god respons frå brukarane. Spesielt kjekt er det at ungdommen er aktive brukarar av Svelgen.no.

Vi ønskjer difor å opprette ein eigen ungdomsredaksjon for klassesteget 8. 9. og 10. klasse. Dei som skal vere med bør like å skrive, og vere interessert i det som skjer rundt om kring. Har du spesielle interesser som musikk, bøker, spel, film, data, skule, politikk, idrett eller gode idèar er det berre å ta kontakt.

Har du lyst å vere med i redaksjonen ta kontakt over e-post. Vi kjem tilbake med meir informasjon om ei stund.


Sikt mot stjernene - kurs i kveld 10.10.2001

Bremanger VeKsT har den glede og invitere deg til eit litt spesielt kveldsseminar.

Onsdag 10. oktober i Svelgen

Torsdag 11. oktober i Kalvåg

Tid : Kl. 17.00-22.00

Stad: Svelgen Hotell/Knutholmen

I tillegg til enkel servering, kan vi by på følgjande innhald:

 Trendar og utfordringar

 Med motivasjon som drivkraft

 Personleg utvikling g mental innstilling

 Sal som yrke

 Salets løyndom

Seminarleiar vert Atle Jarl Trettevik, Unn deg dette høvet til å sjå på deg sjølv og di eiga bedrift i eit nytt perspektiv. Din eigen mentale drivkraft er det einaste du har å stole på i ein stadig tøffare kvardag. Det du gjorde i går var kanskje glimrande då, men er det godt nok i morgon ? Meld deg på så vi blir mange som kan bruke nokre timar på å diskutere og utveksle meiningar om ting som gjeld oss alle, om vi er store eller små. Her er det menneske som står i fokus. Bremanger VeKsT dekkjer seminarkostnader og servering. Påmelding snarast til Bremanger VeKsT: Telefon: 57 79 59 48/ Telefaks: 57 79 63 01 E-post: tom@bremanger-vekst.com


Bremanger VeKsT under lupa 10.10.2001

Bremanger VeKsT har blitt satt under "lupen" av Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF). Fem omstillingsområder er blitt evaluert. Arbeidet er nettopp ferdig og tirsdag 16. oktober kl. 16.00 kan alle som vil møte opp på Svelgen hotel og høre Sturla Alvheim fra SNF presentere resultatene fra evalueringen.

Bremanger ABBA på nett 09.10.2001

Bremanger Musikklag si satsing på ABBA musikk har virkelig slått an rundt om i fylket. Nesten 2500 har sett konserten. Både i Bremanger, Svelgen, Florø, Førde og Sogndal har dei spelt for fulle hus. No har dei også fått si eiga heimeside med bilder og presseklipp og mykje anna. Trykk på link.

Meir om "ABBA"

ILA-smitta fisk hos Strømmen 09.10.2001

ILA i Bremanger Det er påvist ILA-smitte i oppdrettsanlegget til K. Strømmen i Bremanger, og det er også mistanke om ILA-smitte ved Fjord Seafood sitt anlegg i Vågsøy. Dermed kan fem anlegg i Nordfjorden vere smitta på kort tid, fortel spesialveterinær Martin Binde.

Oppdrettselskapet K. Strømmen er no alt i gang med å slakte ned dei omlag 270 000 vårsette laksane som er ILA-smitta. Og den same lagnaden vil ramme laksen til Fjord Seafood sitt anlegg i Vågsøy, om det blir påvist ILA-smitte der.

Det har alt vore strenge tiltak i Nordfjorden, men altså utan hell. Difor meiner Binde det er tid for å gå enda lengre i kampen mot ILA. Han meiner det bør vurderast å starte med vaksinering i Nordfjorden.


Kom seg laus 08.10.2001

Lastebåten Fristar, som gjekk på grunn på flua i hamnebassenget i Svelgen fredag ettermiddag, kom seg laus ved eiga hjelp.

Det var i halv fem tida fredag at den nauriske lastebåten gjekk på grunn, på veg ut att frå smelteverket, der han hadde lossa ei last med polsk kol. Det var ingen særleg dramatikk knytta til grunnstøytinga.

Lensmann Hans Rune Strandos ved Bremanger Lensmannskontor opplyser til Firdaposten at båten vart forsøkt teken av grunn ved eiga hjelp i eitt-to tida natt til laurdag, og frå skipingskoordinator Svein Austrheim ved Elkem, får avisa stadfesta at dette gjekk greitt.

Korkje Strandos eller Austrheim hadde noka forklåring på kvifor lastebåten gjekk på grunn akkurat her. Fluna er godt merka, og kapteinen var godt kjend i området. Likevel er det på det reine at lastebåten gjekk på feil side av staken.


Konfirmasjon 9. mai 06.10.2001

Det er no bestemt at det vert konfirmasjon i Svelgen Kristi Himmelfartsdag torsdag 9. mai. Sjå konfirmantliste under "Personleg".

Tempoprisen til Fosse 06.10.2001

Svein Inge Fosse frå Kalvåg er tildelt den første Tempo-prisen, som Sparebanken Flora Bremanger deler ut. Prisen er på 25.000 kroner og skal gå til folk som står for nyskaping og næringsutvikling.

Kolbåt på grunn ved idrettsbana 05.10.2001

Ein lastebåt gjekk på grunn i hamna i Svelgen i dag ettermiddag ( kring klokka halv fire) , rett ved Svelgen stadion, på same plass som Kystverket for ei stund sidan.

Den norske båten "Fristar" hadde lossa polsk kol på Elkem Bremanger, og skulle gå til Mo i Rana då den gjekk på grunn på den velkjende flua ved Svelgen sentrum.

Båten ventar på flo sjø og vert truleg liggande til i morgon tidleg.


Nektar for garnfiske etter hummar 05.10.2001

I går starta rettsaka mellom garnfiskarane i Kalvåg og staten. Fiskarane blånektar på at dei med overlegg har brukt breiflabbgarn for å fiske etter hummar.

Dei vil ikkje vedta godta bota på 30.000 som dei har fått. Fiskarane vedkjenner seg dårleg røkting av garna, men ikkje at dei med overlegg har lete garna stå lenge i sjøen.

Aktor Ivar Iversen viser til at åtte av dei ni garnlenkene er sette alt for grunt og på plasser det er godt fiske etter hummar, melder Firdaposten. Berre ei av garnlenkene er etter aktor sin påstand plasserte på ei djupne og på den botntype der ein ventar å få breiflabb.

Saka held fram i Kalvåg i dag.


-Vanskelig prosess på verket 05.10.2001

Klubbleiar Bjørgulf Myklebust har hatt fleire arbeidarar på kontoret sitt som fryktar å bli permitterte.

- Fleire seier dei ikkje vil klare sine økonomiske forpliktelser dersom dei blir permitterte. Det er leiinga som avgjer kven som skal permitterast, men vi prøver å påverke til fordel for våre medlemmar, seier Bjørgulf til Svelgen.no.

I går intervjua NRK Sogn og Fjordane fleire klubbleiarar som har gått på ein smell etter å ha vore gjennom same prosessen.

- Det er veldig vanskelig, og eg har frå tid til anna spurt meg sjøl kvifor eg held på med dette og vurderer også å slutte, seier han.

Permitteringsvarsel skal sendast ut 14 dagar før den trer i kraft, men Myklebust er usikker på om verket kjem til å ha alt på plass om knappe to veker. Det er heller ikkje avgjort om slagghaugane skal smeltast før omnen vert stansa og om dette vil utsette prosessen.

På spørsmål om outsoursinga av vedlikehaldsavdelinga går som planlagt fortel Myklebust at dei er inne i sluttforhandlingar med Kværner.

- Dei som jobbar med vedlikehald er i samband med dei varsla permitteringane også blitt meir usikre på å gå inn i eit nytt selskap. Men dette går sin gang, så får vi sjå kva som skjer når resultatet av forhandlingane viser, seier Myklebust.


Nytt fra Naomi 05.10.2001

Vi har fått følgande mail frå "Gutta på tur": Hei dere!

På grunn av seiling i lite Internettvennlige strøk har det gått en del tid siden vi har lagt ut reisebrev på www.naomi2000.com

Nå har Øyvind vært hjemme på en kort flytur og levert fra seg et par disketter, og vi har nå lagt følgende ut på reisebrevsiden:

Loggbok Galapagos - Marquesas

Ekspedisjon Andes 2000 - Ekspedisjonslederens egne betraktninger og avlagte rapport (med bilder)

5. Reisebrev til Firdaposten

Fotoarkivet vil bli oppdatert om få dager !!!

Vennlig hilsen

oss på Naomi



Link til Naomi


Bremanger best på levekår 03.10.2001

Bremanger er den kommunen i ditriktet som er best på levekår. Sogn og Fjordane fylke toppar lista på landsbasis. Dette syner den store levekårsundersøkinga som nylig er gjennomført av Statistisk Sentralbyrå for Sosialdepartementet.

Den tek for seg alle kommunane i lande og har sett fokus på sosialhjelp, dødstal, uføretrygd, vald, arbeidsløyse, overgangsstønad og låg utdanning.

På ein skala der 1 er best og 10 dårlegast, fekk Bremanger 2.9. Aller best i fylket er Hornindal


Olve Fossedal ny Flora-rådmann 03.10.2001

Bystyret gjekk tysdag samrøystes inn for å tilsette ny rådmann i Flora. Olve Fossedal ville i går ikkje seie noko til Firdaposten om han tek imot jobben eller ikkje.

- Først vil eg sjå tilsettingsbrevet. Så vil eg orientere arbeidsgjevaren om svaret, før eg seier noko til pressa, seier han til Firdaposten.

Olve Fossedal var i går på haustferie på veg til Svelgen. Han seier at han ikkje vil vurdere stillinga før over helga, når han kjem tilbake til Larvik.

Kona jobbar i dag som pleie- og omsorgssjef i Larvik kommune. Mulege jobbsjansar for henne i Flora er av dei sakene familien vil vurdere nærare før han er klar med eit svar til Flora kommune.


Vasstopp drepte fisk 03.10.2001

Brema Flatfisk i Svelgen fekk i går ein uventa vasstopp og rundt 30.- 40.000 aure i anlegget dauda. Dagleg leiar Ola Sveen seier dette utgjer rundt fem til ti prosent av den totale mengda på 500.000 fisk.

I følgje Sveen er dette ikkje dramatiske tap for selskapet. Det hadde vore verre om det var laks i anlegget, seier Sveen. Fisken blir no sendt til destruering.

Vass-stoppen skjedde ved kraftstasjonen på Bremanger Smelteverk som leverer spill-vatn til oppdrettsanlegget.


Kattunge funne på Naustneset 03.10.2001

Vi har funne ein liten kattunge på Naustneset. Den er uten halsband, men er veldig tillitsfull og virker vand med barn. Den er litt loden (halv skogskatt?), brun og svart. Hvis du savner den kan du ringe 57 79 36 06.

Stemme på nytt 03.10.2001

ABC startsiden har sletta alle innkomne stemmer for deira utvalgte startsider. Svelgen.no hadde ein poengsum på 7.07 og 191 brukarar hadde stemt, noko vi er godt fornøgde med. Dersom du ønsker det kan du no stemme på nytt.

28 nye tomter på Langeneset 02.10.2001

Det er planlagt nytt bustadfelt på nedste Langeneset med plass til 28 tomter med god utsikt og gode soltilhøve. Tomtene ligg oppe i terrenget, medan sonen langs sjøen og ytste del av neset er friluftsområde. Det er avsett to område for leik på tilsaman 5 da.

Tilkomstvegen er planlagt frå riksvegen, ved nedkjørsel av vestsida av Langeneset.

Etter den offentlege utlegginga er det likevel klart at spørsmålet om tilkomst må sjåast på ein gong til, med ny handsaming i utviklingsutvalet. Det har elles vore lite merknader til planen og når det gjeld framdrift vonar teknisk seksjon å få planen endeleg godkjent på nyåret, men prossessen fram til byggeklare tomtar vil venteleg ta minst to år. Du kan sjå planteikning i siste nummer av "Bremangernytt".


Reint vatn 5. oktober? 02.10.2001

No er pumpestasjonen på Elkem Bremnager snart ferdig montert og vatn frå kraftstasjonane vil då bli pumpa ut på det kommunale nettet. I følge dei som utfører arbeidet, vil stasjonen vere klar å tilkople den 5. oktober, og vi vil då få reint vatn på nettet. Teknisk seksjon opplyser at ein del abonnentar likevel vil få smuss i vatnet frå vassleidningane.

Bygginga av renseanlegget håpar dei skal komme i gang med før nyttår. Det er også planlagt å skifte ut nokre av dei dårlegaste leidningsstrekka, men dette vil ein først starte på når det andre arbeidet er avslutta. Det vil bli gjeve melding i form av plakatar og annonser i lokalavisene når den nye vasskjelda er kopla til, og kokepåbodet vert oppheva.


Soknerådsvalet 2001 01.10.2001

I Bremanger skal det holdast soknerådsval 14., 21. og 28. oktober. Vala vert etter gudstenesta i den enkelte kyrkje, melder Tore Myklebust.

I Midtgulen sokn blir det røysting i Svelgen kapell 14. oktober: kl 12.00 - 13.30.

Her er lista:

1. Espen Sortevik, Svelgen, 41 år

2. Elisabeth Ruud Nordbotten, Botnane, 40 år

3. Asbjørn Sivertsen, Svelgen, 36 år

4. Sigrid Solheim, Kjelkenes, 61 år

5. Norunn Eimind, Svelgen, 48 år

6. Roger Mulelid, Kjelkenes, 34 år

7. Oddgeir Sande, Svelgen, 38 år

8. Gunnvor Dyrøy, Svelgen, 57

9. Trudi Vågene, Svelgen, 35 år

10. Torunn Frimannslund, Svelgen, 54 år

11. Yngve Sande, Svelgen, 62 år

12. Oddbjørg Hessevik, Svelgen, 42 år

13. Aud Bjørnsen, Svelgen, 66 år

14. Einar Leira, Svelgen, 55 år

15. Ingvald Ytrehus, Svelgen, 62 år

16. Wenche Frimannslund Styve, Svelgen, 29 år

17. Liv Senneset Dyrstad, Dyrstadgrend, 51 år

18. Berit Tansøy, Sørgulen, 41 år

19. Asbjørn Svarstad, Svelgen, 39 år

20. Aud Leirvik, Nesbø, 61 år

Sjå meir om valet under "Aktuelt"


Suksess for Bremanger-ABBA 01.10.2001

I helga har Bremanger Musikklag skapt ABBA-feber i fylket. Både lørdag i Sogndal og Søndag i Førde samla musikklaget fulle hus og skapte stor stemning, melder Fjordenes Tidende.

Ekstrarekning på 2.3 millionar 01.10.2001

Bremanger kommune får ei ekstrarekning på 2.3 millionar kroner frå KLP. Tidleg forrige veke rekna kommunen med ei rekning på 1.6 millionar, men den endelege utrekninga blei klar fredag, fortel ordførar EInar Kjerpeseth.

Han meiner det vil bli ein håplaus situasjon om ikkje kommunen får kompansert på ein eller annan måte. Dersom dei får behalde auka skatteinngang, slik KS gjer framlegg om, er situasjonen likevel ikkje heilsvart. Sjølv om Bremanger ikkje brukar å kome heldig ut på skatteinngang, har dei i alle fall plusstal.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov