Arkiv Jan 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ny treningstid for friidrett. 31.01.2010

 

Ettersom det blei så masse kolisjon i treningtidene for dei minste på mandagane....

 så har friidretten flytta treningstida fra mandag kl 18:00 til samme tid på tirsdager.

  

Dei andre treningstidene er ikkje endra... sjå meir på sida til STIF og Friidretten

         

 

 

                    Vi ønsker velkommen til alle som vil være med på friidrettstrening.

 

                                       Tirsdag kl 1800-1930   - grunntrening (fra 8.år)

 

 

 

 


Nyoppkøyrde skispor i Risevatnet 30.01.2010

Ingeir Løvold og Helge Lekveen har i fleire timar i dag vore innover vegen i Risevatn, og køyrd opp skispor med snøscooter. Dei har laga spor heilt til vegenden, og i følge Ingeir var det enormt med nysnø lengst inne. Dei avslutta scooterkøyringa i 16-tida. Sjølv om det no har kome endå meir nysnø etter dette, er det berre å finne fram att skiutstyret søndag og ta seg ein tur.

 

Parker gjerne ved Bakarhuset då det er avgrensa med plassar ved bommen.

 

Det har og kome ønske frå skiglade om at dei som går med sko langs vegen i Risevatnet, ikkje går i sjølve skispora.

 

Det kan vere praktfullt med ein tur i Risevatnet, som her tidlegare i januar i år. Foto. Frank Ryland.


Jens P. Dyrdal spelar opp til dans

på Svelgen Hotell i kveld fredag 29. januar fra kl. 22.00

Med eit breitt repertoar reiser Jens Petter rundt og spelar kjende og kjære låtar som publikum garantert kjenner igjen! Av artistar kan nemnast – Dance With a Stranger, Alan Jackson, Creedence, Vassendgutane og mange fleire. Med eit solid komp i ryggen spelar Jens P. kassegitar og syng. Han er kjend for å levere god stemning og dansetakt der han opptrer! Jens Petter er vokalist og låtskrivar i country/rock-bandet Kruttrøyk som for tida er eit av dei mest spelte banda på Dansefot Jukebox på NRK.

 

Rist av deg vinterdvalen og ta turen til Svelgen Hotell i kveld!

Cover kr 120

Budstikka har klart opplagsmålet og kjem med fyrste avis neste veke: Redaktøren etterlyser personalia Bremanger Budstikke kjem etter planen med fyrste ordinære utgåve neste veke. Redaktøren vil gjerne at folk byrjar å sende inn helsingar, bilete, meldingar om nyfødde, giftemål, forlovingar og alt som gjeld familien, vener og kjende. Kort sagt alt som har interesse for folk med Bremanger-aner, også gamle bilete, klassebilete og liknande.

- Eg veit at dette er ei av dei viktige oppgåvene som ei lokalavis fyller, og derfor denne etterlysinga, så ser vi om det kjem i gong med ein del personalia allereie frå fyrste avisa. Målet med lokalavis for Bremanger er at dette skal bli Bremangers avis, og at alle ting som er nært og kjært skal kunne meldast inn i den lokale  avisa. Derfor oppmodar Geir Nybø om å sende bilete, helsingar, og alt som folk vil ha med på familiesidene. Epost for peronalia-sida er inntil vidare: gnyboegeir@gmail.com


Årsmøte

 

Svelgen Samfunnshus AL sitt årsmøte blir onsdag 3.mars 2010, kl. 18.00 i småsalen på Samfunnshuset.

Saker til årsmøtet kan rettast til styreleiar Bjørg H. Didriksen.

Sakliste blir kunngjort 14 dagar før møtet.


INC Leikane, Svelgen 30.januar 2010 23.01.2010

 

Svelgen Turn & Idrettsforening har gleda av å by inn til innandørsstevne i

Svelgen Idrettshus, laurdag 30.januar 2010. Kl.12:0.

 

Stavhopp startar kl.10:00.

 

Øvingar:

           

Årsklasse

Øving

Øving

Øving

Øving

Øving

Øving

J10-J11

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

 

G10-G11

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

 

 

 

 

 

 

 

 

J12-J18

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

G12-G18

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

 

 

 

 

 

 

 

Menn/kvinne Junior

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

Menn/kvinne Senior

Lengde u.t.

Høgde u.t.

Lengde m.t.

Høgde m.t.

Kule

Stavhopp

 

 

Vanleg premiering. Deltakerpremie til alle 10-12åringer.

 

 

Startpengar kr 60,-/øving - og ein kan ta del i så mange øvingar ein ynskjer.

Webpåmelding innan torsdag 28. januar.

 

 

INC LEIKANE 2010 , Bankgironummer for startpengar er:   3776 30 11462

 Ingvald Ytrehus, Spettebakken 5, 6723 Svelgen.   (Tlf. 57 79 36 82)

 

 

 

VELKOMEN til Svelgen Idrettshus

 

Sportsleg helsing  

Friidrettsgruppa i Svelgen Turn og Idrettsforening


Friidrett

23-24.januar 2010. Miljøhelga i Florø. 25.01.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei vellykka og kjekk friidrettshelg i Florø for heile Sogn og Fjordane. Hanne Haugland, verdensmeister i høgde var en av instruktørane.... Les meir på STIF og sida til  friidretten

 


Svelgen Kino
Laurdag 30.januar kl. 16.00
 
 
Kiosk og billettsal frå kl. 15.00

I ALVIN OG GJENGEN 2 får vi et gledelig gjensyn med Alvin, Simon og Theodor.

Når Dave havner i en ulykke, må guttene se seg nødt til å flytte til Dave sin kule fetter Toby. De får da beskjed om å begynne på skolen slik som alle andre barn, noe som viser seg å ikke bare være lett for rockestjernene.

På skolen opplever de det alle andre gutter opplever på skolen; gruppepress, sport og jenter! Og med "jenter" menes da de tre søte "Chipettes" som også har sitt eget rockeband. Det oppstår da ikke bare rivalisering mellom gruppene, men også søt musikk!


Jens P. Dyrdal spelar opp til dans

på Svelgen Hotell fredag 29. januar fra kl. 22.00

 

Med eit breitt repertoar reiser Jens Petter rundt og spelar kjende og kjære låtar som publikum garantert kjenner igjen! Av artistar kan nemnast – Dance With a Stranger, Alan Jackson, Creedence, Vassendgutane og mange fleire. Med eit solid komp i ryggen spelar Jens P. kassegitar og syng. Han er kjend for å levere god stemning og dansetakt der han opptrer! Jens Petter er vokalist og låtskrivar i country/rock-bandet Kruttrøyk som for tida er eit av dei mest spelte banda på Dansefot Jukebox på NRK.

 

Rist av deg vinterdvalen og ta turen til Svelgen Hotell denne kvelden!

Cover kr 120


STIF

Møte for A-lagspelarar 25.01.2010

Tysdag 26.januar kl.19.30 vert det møte for A-laget i Svelgen idrettshus.

 

Saker:

- Presentasjon av trenarane.

- Opplegg for sesongen.

 

Det vert trening etter møtet.


PENSJONISTMØTE. 22.01.2010

 

 

 

Svelgen   Pensjonistlag held møte på Keipenstova

onsdag 27.januar kl.1700.

 

Program:

 

Opning  

Ord for dagen v/ Møyfrid Hestetræet  

Referat  

Underhaldningsgruppa spelar og syng  

Kultursjef Espen Frøysland: Nidarosdomen og kirkebygging gjennom 1000 år.  

Fysioterapeut Asle Førde: Styrketrening for oss over 60  

Diverse lagssaker – bl.a. vårturen  

Påmelding til årsmøtefesten på Svelgen Hotell  

Kaffi og mat  

Loddsalg.  

Avslutning.

 

 

Velkommen til møte!

 


RESULTATLISTE FOR SKIKARUSSELLEN 2010
  1. Renn          
Startnr. Fornavn Etternavn Idrettslag Årsklasse   Antall frammøtte:
Kortløype Distanse 500m Født 2004 ----      
Start nr. Fornavn Etternavn Idrettslag Årsklasse Distanse Resultat
1 Astrid Johanne Eikenes Ålfoten 2006
2 Terese Sande Ålfoten 2004
3 Andre Sande Ålfoten 2006
4 Jonas Myklebust Ålfoten 2003
5 Kristoffer Haugland Svelgen 2003
6 Leif-Olav Myklebust Svelgen 2003
7 Ragnar Nes Hjelle Heia 2006
8 Ingebrigt Nes Hjelle Heia 2004
9 Celina Rejs Svelgen 2004
10 Sonja Rejs Svelgen 2004
11 Ingeborg Hunnvik Ålfoten 2004
12 Beate Styve Svelgen 2004
13 Hanne Styve Svelgen 2006
14 Erik Midtbø Svelgen 1997
15 Oda Midtbø Svelgen 2007
16 Sanna Midtbø Svelgen 2004
17 Oskar Kjerpeset Vårdal Svelgen 2005
18 Anna Elise Førde Ålfoten 2006
19 Martin Andre Førde   Ålfoten 2004
20 Jonas Førde Sagebø Ålfoten 2004
21 Geir Orheim Isane 2005
22 Frøydis Årøen Svelgen 2004
23 Ane Steinset Svarstad Svelgen 2004
24 Anders   Steinset Svarstad Svelgen 2004
25 Jonas Myklebust Ålfoten 2005
26 Tuva Myklebust Svelgen 2006
27 Elias Myklebust Ålfoten 2006
28 Jenny Sørgulen Svelgen 2004
29 Odin Ødegård Svelgen 2004
30 Marie Igland Svelgen 2004
31 Andreas Myklebust Førde Ålfoten 2004
32 Signe Myklebust Førde Ålfoten 2006
33 Marta Midthjel Lunde Ålfoten 2005
34 Thea Midthjell Ålfoten 2003
35 Idun Lind Håøy Svelgen 2005
56 Emma Føleide Svelgen 2002
57 Julia Solberg Sandvik Svelgen 2002
58 Tore Andre Orheim Isane 2000
61 Hanna Bolette Myklebust Svelgen 2002
1-4 klasse Distanse 1,6 Km Født 2000-2003
Start nr. Fornavn Etternavn Idrettslag Årsklasse Distanse Resultat
40 Karl-Andre Eikenes Ålfoten 2001 00:09:15
41 Sigve   Sæterlid Svelgen 2001 00:06:35
42 Dorthe Leigulen Leirgulen 2002 00:10:40
43 Oline Leirgulen Leirgulen 2000 00:07:49
44 Tove Kristin Sande Ålfoten 2001 00:08:46
45 Simen Svarstad Svelgen 2001 00:07:34
46 Sofie   Svarstad Svelgen 2003 00:09:14
47 Alicia Rejs Svelgen 1999 00:09:36
48 Bjørnar   Hunvik Ålfoten 2001 00:09:41
49 Eilin   Styve Svelgen 2000 00:12:35
50 Katrine   Styve Svelgen 2002 00:12:05
51 Sigve Hessvik Loftheim Svelgen 2002 00:18:40
52 Christina Bruvoll Dreyer Ålfoten 2001 00:10:30
53 Vebjørn Solberg Svelgen 2001 00:07:55
54 Sindre Sande Svelgen 2001 00:07:45
55 Stine Førde Sagebø Ålfoten 2000 00:08:21
59 Svein   Orheim Isane 2002 00:20:05
60 Karen Betine Norbotn Svelgen 2002 00:11:07
62 Martine   Sørgulen Svelgen 2001 00:11:20
63 Hanna Kristine Elde Ålfoten 2002 00:09:35
64 Tord Andre Dalen Vadstein Svelgen 2000 00:13:18
65 Thorhild Bruland Ålfoten 2000 00:08:38
66 Anna   Igland Svelgen 2000 00:09:22
67 Mathias Holm Cirotzki Svelgen 2002 00:12:08
68 Marthe Røyrvik Nesbø Svelgen 2002 00:24:12
69 Kristina Midthjel Lunde Ålfoten 2002 00:10:54
70 Anne Mathilde Myren Solheim Svelgen 2003 00:14:12
71 Tirill Frimanslund Blix Svelgen 2003 00:13:35
72 Anne Marte Førde Sagebø Ålfoten 1998 00:08:45
5.klasse-Senior Distanse 3,4/5 Km Født -----1999
Start nr. Fornavn Etternavn Idrettslag Årsklasse Distanse Resultat
80 Tor Kristian Eikenes Ålfoten 1999 00:13:40
81 Sofie Sæterlid Svelgen 1998 00:15:45
82 Tonje Leirgulen Leirgulen 1998 00:15:10
83 Jørgen Myklebust Ålfoten 1999 00:12:04
84 Martin   Svarstad Svelgen 1997 00:12:15
85 Håvard Hunvik Ålfoten 1998   00:15:18
86 Håvard Strømmen Leirgulen 1996   00:19:00
87 Jeanett Strømmen Leirgulen 1997 00:14:50
88 Joachim Dreyer Ålfoten 1999 00:14:30
89 Johan Olav Orheim Isane 1998 00:19:41
90 Ivar Andreas Myklebust Ålfoten 1995 00:10:20
91 Birthe Norbotn Svelgen 1999 00:16:17

Webkamera frå Langesi på svelgen.no 25.01.2010

Du kan no følge med på ver og kjøreforhold på Langesi. Trykk på kameraikon oppe til høgre på svelgen.no! Dette bildet er henta frå 25. januar i år.


Henstilling til hundeeigarane 24.01.2010

På vegne av butikkeigarar og bebuarar i Samfunnshuset, henstiller eg til at dei som luftar hundane sine rundt samfunnshuset (og ellers i sentrum for den del) om å ha med, og bruke hundepose (doggybag). Det ser ikkje pent ut i snøen med alle etterlatenskapane dei firbeinte legg att.
 
Det er enkelte som har si faste lufterunde i området, og konsekvent ikkje har med hundepose.
 
Eg har ikkje bestemt meg om eg skal spa opp driten og hive den inn i hagane til dei dei aktuelle hundeeigarane eller om eg skal la "onkel" ta saka.
 
Dersom denne henstillinga hjelper, slepp eg å gjere denne vurderinga.
 
Dyrstad Eiendom/Samfunnshuset
 
Allan R. Dyrstad

Det vert skirenn søndag 24. januar! 23.01.2010

STAD:         KARLSKARSTOVA  (mellom Svelgen og Ålfoten)

 

DATOAR:         

24.01.10 (søndag)

07.02.10 (søndag)

28.02.10 skisportens dag

14.03.10 (søndag)

 

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.

Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.

Premie til alle i kvart renn.

Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 50,-.

 

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.

 

Open kiosk.

 

Ålfoten Idrettslag       &       Svelgen Turn og Idrettsforening


Nybegynnerkurs i paragliding i Nordfjord 23.01.2010


Oppstart:  6. februar
Varighet:  5 - 6 helgar
Kursavgift:  kr. 8.200,-

Påmelding kurs, info paragliding:
Jøran Henriksen (indre Nordfjord), tlf. 99003060                                       
Kjell Eikeland
Arr.:  Førde Luftsportsklubb

Meir info på:

www.fordeluftsportsklubb.com

Sist haust arrangerte Espen Frøysland, i samarbeid med Svelgen Kunstlag og Bremanger Folkeakademi, ein fantastisk tur til Roma.
 
Turen var så vellukka at arrangørane inviterer til ein ny tur i mai, denne gong til Oslo med temaet:
 
           Norsk kunst, kultur og arkitektur.
 
"Norske kulturstrømninger i det 19. og 20. århundre"
 
Det vert fire forelsningskveldar:
 
15. - 22. mars og 12. - 19. april
kl. 20 oo på Safunnshuset
ved Espen Frøysland.
 
Her er alle velkomne!
 
Vi inviterer med på studietur til Oslo
frå torsdag 22. april til søndag 25. april.
 
Det vert eit innhaldsrikt opphald med
besøk i Nasjonalgalleriet og Kunstindustrimuseet.
Omvisning og konsert i den nye operaen
og teaterbesøk ved Nasjonaltheateret,
Omvisning på Stortinget og byvandring m.m.
 
Vi skal bu på hotell Cesil i nær Spikersuppa.
 
OBS!
Påmeldingsfrist for Oslo turen er allereie
 
10. februar  .
 
Sjå oppslag eller ta kontakt med Kulturkontoret for nærmare informasjon.
 
Arrangørane håpar på god oppsluttning både på forelesningskveldane og
til Oslo turen!

Einaste kommune i Sogn og Fjordane:

Bremanger åleine om e-val i 2011 22.01.2010

 

.

.

Av 35 søkjarar valde kommunalminister Liv Signe Navarsete  ut 11 kommunar som får vere med i forsøket med elektronisk stemmegiving i 2011. Bremanger er den einaste kommunen i Sogn og Fjordane som får vere med.

 

I dei elleve forsøkskommunane har om lag 200.000 veljarar røysterett, og kommunane vart plukka ut på bakgrunn av fleire faktorar. Ordføraren i Bremanger trur dei vart valt ut fordi dei er ein grisgrendt kommune.
 
– Vi hadde ikkje trudd vi fekk vere med, seier ein glad ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, som trur Bermanger fekk moglegheita fordi kommunen er grisgrendt. I tillegg bur skuleungdommane borte, og me har fiskarar som har problem med å få stemt ved val, seier Svarstad.
 
Auka deltaking
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) har tru på at dette forsøket skal få opp valdeltakinga i kommunar som Bremanger.
 
– Eg håpar og ventar auka deltaking, seier Navarsete, som strekar under at elektronisk stemmegiving skal gjere det enklare å stemme der ein er. I tillegg er det viktig å utvikle seg i takt med nye generasjonar.
Staten har løyvd 110 millionar kroner til prosjektet: I tillegg er det meininga at kommunane sjølve skal bidra.
 
Fakta om E-val 2011:
* Desse kommunane fekk vere med i forsøket: Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn, Ålesund og ein bydel i Oslo.
* 35 kommunar søkte om å få vere med
* Forsøket skal evaluerast av eksterne forskingsmiljø og skal gi Stortinget bakgrunn til å avgjere om veljarar i heile landet skal få stemme elektronisk.

Planlegg nye omsorgsbustader i Svelgen 22.01.2010

Kommunen planlegg nye omsorgsbustader i Svelgen. Dei vil truleg liggje på Naustneset, i nærleiken av både sjukeheimen og bustadene til funksjonshemma, dersom det er plass.

Det er ordførar Kåre Olav Svarstad som er prosjektansvarleg, medan rådmann Tom Joensen er prosjektleiar.

I styringsgruppa sit Per Helge Eikeland frå plan- og byggjenemnda, kommunalsjef helse- og omsorg Randi Ytrehus, i tillegg til driftssjef Berit Frøyen i PLO Indre, driftsingeniør Frank Husevåg og representantar frå eldrerådet og funksjonshemmarådet pluss ein tillitsvald.


Anbod på Bremanger2 innan 12. mars 22.01.2010

 Innan 12. mars vil Vegvesenet ha pris på den største jobben på andre del av Bremangersambandet. Den omfatter driving av en 4,8 km lang tunnel og oppgradering av 3 km veg. Verdien av kontrakten er anslått til 3-400 millioner kroner.

  

Når anlegget blir ferdig 2013, får innbyggerne på Bremangerlandet og de andre øyene 40 km kortere veg til Svelgen enn de har i dag, skriv avisa VåreVeger. 


E-val til Bremanger 22.01.2010

 

Bremanger er ein av 11 kommunar som får vere med i forsøket med elektronisk stemmegiving i 2011. I dei elleve forsøkskommunane har om lag 200.000 veljarar røysterett, og kommunane vart plukka ut på bakgrunn av fleire faktorar.

Les meir om E-valet på www.firda.no


Ledige stillingar i kommunen 21.01.2010

Bremanger kommune har lagt ut fleire ledige stillingar innan helse og omsorg. Sjå Stilling ledig til venstre.

BREMANGER PRAKTBOK 21.01.2010



Vi skal lage ei praktbok om Bremanger der ein skildrar natur, folket og årstidene gjennom 1 år.  Vi har valgt oss året 2010. Skildringa blir gjennom bilete, tekst og dikt. Boka skal vise den fantastiske naturen med flotte bilete frå alle delar av kommunen som strekk seg frå hav til bre. Dei fire årstidene vil bli dokumentert med bilete i boka. Det er difor eit viktig fokusområde for å skildre korleis folk lever med årstidene.

Det blir laga portrett av utvalte personar frå Bremanger, alle frå ulike delar av kommunen. Vi vil også legge opp til å auke natur og turgleda ved å skildre ulike stader i Bremanger, der turløyper er i fokus. I all hovudsak vil det bli lagt mest vekt på bilete, eit bilete sei ofte meir enn tusen ord.....

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko, eller har spørsmål eller tips til oss om ting vi bør ha med i boka. Det er også muleg å tinge boka på førehand! Planlagt utgiving hausten 2011.

Ta kontakt med oss ved å skrive ein e-post til : bremanger2010@gmail.com eller ring til oss.

Prosjektleiar : Anita M. Ingebrigtsen, Svelgen tlf.: 48119849
Medforfattar : Leni Lisæter, Kalvåg, tlf.: 99029461


Takk for Haitistøtte fra Røde Kors 21.01.2010

Røde Kors i Svelgen ønsker å takke alle som stilte som bøssebærere og dei som ga penger til aksjonen. Resultatet Kr 53317,00 KJEMPEFLOTT!
Nå er bøsseinnsamlinga avsluttet, men det er fortsatt mulighet til å støtte aksjonen på telefon 82044001, rodekors.no eller kontonr.8200 06 08331.
Svelgen Røde Kors
Leiar Synøve Sande

Nye epostadresser for Elkem Energi Bremanger 21.01.2010

Elkem Energi Bremanger AS har no fått sfe-epostadresser. Den nye epostadressa som skal brukast ved adresseendingar, innsending av målarstand mm, er:  svelgenkraft@sfe.no   (det er no for seint å melde inn målarstanden 1/1).

 

Dei tilsette ved EEB har heller ikkje lenger epostadresse som sluttar på elkem.no.


Avslutningsmarkering for Elkem Energi Bremanger AS i Elkem

Kraftverkssjefen med 30 år i Elkem 21.01.2010

Under ei hyggeleg tilstelning på Svelgen Hotell før jul, vart Oddleiv Hj. Andersen tildelt Norges Vel sin medalje for å ha jobba 30 år i Elkem. Andersen er i dag dagleg leiar på Elkem Energi Bremanger AS. Men han byrja si karriere i Elkem som elektroingeniør på Silgrainanlegget på Elkem Bremanger i Svelgen i 1979. 1. desember 1981 vart han tilsett som kraftverkssjef ved kraftverket til Elkem i Svelgen. I 2004 vart kraftverka til Elkem i Svelgen skilde ut som eit eige aksjeselskap, som fekk namnet Elkem Energi Bremanger AS.

Ved denne markeringa for Andersen sine 30 år i Elkem, deltok også leiarar frå Elkem Energi sentralt og frå dei andre kraftverka til Elkem Energi. I samband med dette vart også samankomsten ei avslutning for Elkem Energi Bremanger AS som eit selskap i Elkem. Som kjent vart Elkem Energi Bremanger for ei tid tilbake kjøpt opp av nystarta Svelgen Kraft Holding AS . Dette selskapet er eigd av Sogn og Fjordane Energi Produksjon AS (56 prosent), Tafjord Kraftproduksjon AS (34 prosent) og Sognekraft AS (10 prosent). Når dette oppkjøpet vert godkjent av myndigheitene, truleg ut på våren, vert aksjane i Elkem Energi Bremanger AS overdregne til det nyskipa selskapet.

Biletet øvst: Produksjonssjef i Elkem Energi, Jan Børre Vik (t.v.), overrekker Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste til Oddleiv Hj. Andersen.

Biletet nedanfor: Dei tilsette ved Elkem Energi Bremanger AS og tilreisande gjestar frå Elkem Energi samla på avslutningsmarkeringa før jul.

 


Stadt har kjøpt ny slepebåt 19.01.2010

Stadt Sjøtransport AS satsar friskt, og har kjøpt endå ein slepebåt, Stadt Valiant, til rundt 80 millionar kroner.

Akkurat no er det nye flaggskipet til Stadt Sjøtransport AS på veg til Norge med eit skrog som skal til Ulstein Verft.

Taubåtselskapet Stadt Sjøtransport har hatt ei svært positiv utvikling. No satsar reiarlaget, som vart etablert i 2005, friskt med endå ein taubåt til rundt 80 millionar kroner.

Den nye taubåten Stadt Valiant er bygd ved Sanmar i Istanbul i Tyrkia, og vart overteke i midten av desember.

Stadt Sjøtransport har hatt ei svært positiv utvikling. I det første driftsåret i 2006 hadde selskapet ei omsetjing på knapt 7 millionar kroner.

I det sist innleverte rekneskapen for 2008 syner ei omsetning på kr 42,7 millionar kroner og med eit årsresultat på 3,5 millionar kroner. Så dette er god butikk.

Dagleg leiar i Stadt Sjøtransport, Ole Petter Dahl, seier til Fjordenes Tidende at 2009 vart eit endå betre år.

Han seier dei hadde ei omsetning på 48 millionar kroner og eit resultat som vart betre enn i 2008.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si måndagsutgåve.


Takk til dugnadsgjengen på Samfunnshuset 18.01.2010

Svelgen Samfunnhus vil rette ei stor takk til dugnadsgjengen som var med og fjerna det som var på mørkeloftet. 3 toppa tilhengarlass blei det.  

Vi har mange krav frå Branntilsynet. Rydding av loftet var eit av krava.

Har nokon lyst til å vere med å ta i eit tak for Samfunnshuset, ta kontakt med styret. Her er mange oppgåver t.d. hjelpe til på kinoane/dansane/basar, måking av snø, vasking av vindu eller anna vask, små reperasjonar…. Alt arbeid foregår på dugnad (ingen er tilsette) – Vi jobbar for at Svelgen skal ha ei trygg og triveleg storstove. PS! Ta ein titt på heimesida til Samfunnshuset.

-Styret-


JORDSKJELVOFRA TRENG VÅR STØTTE NO!
Røde Kors i Svelgen vil gå med bøsser søndag på Endal, mandag, tirsdag på strekninga Davik til Botnane for å samle inn penger til jordskjelvofra på Haiti.
Ta vel i mot dei som kommer på dørene. All hjelp er god hjelp!  Du kan og ringe 82044001 eller gå inn på rodekors.no for å gi din støtte.
For Svelgen Røde Kors
Leiar Synøve Sande

Vil du vere med i kor? 17.01.2010

Vi inviterer 1- 10 klasse
til å komme til
Svelgen kapell

Torsdag 21.januar kl 18.00

Britt m.fleire

Ut på tur, aldri.....

Ferske skispor i Risevatn 15.01.2010

Ingeir løvold og Arne Loftheim kviler ikkje, dei var ute med scooter fredag ettermiddag slik at det er ferske skispor innover vegen langs Risevatnet. Det er køyrd opp dobbelt spor fram til 3,5 km og enkelt spor vidare til 5 km. Det er berre å finne fram ski og stavar og gjere turen i suveren diagonalgang. 

Dette er ferskvare, nyt det mens du kan.

Parker gjerne ved bakarhuset då det er avgrensa med plassar ved bommen.


Skikarusellen 2009 15.01.2010

STAD:         KARLSKARSTOVA  (mellom Svelgen og Ålfoten)

 

DATOAR:         

24.01.10 (søndag)

07.02.10 (søndag)

28.02.10 skisportens dag

14.03.10 (søndag)

 

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.

Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.

Premie til alle i kvart renn.

Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 50,-.

 

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.

 

Open kiosk.

 

Ålfoten Idrettslag       &       Svelgen Turn og Idrettsforening


Idrettsskulen våren 2010 12.01.2010

 

      A ktivitetsplan for Idrettsskulen finn de på heimsida til STIF

      og    Barneidrett / Idrettskule


AVLYST TEATER I SVELGEN

Teaterstykket ”ISHUSET” av Marit Tusvik skulle gå i Svelgen neste veke er avlyst. Framsyninga i Bremanger går som planlagt.


Budstikka: Manglar 30 abonnentar
Geir Nybø har brukt opp alle bokstavane i alfabetet over folk som bur i Bremanger. - Det er sjølvsagt ein del eg ikkje har fått tak i. Dei var kanskje på ferie, eller bortreist dei dagane eg ringde til den bokstaven? Dermed har eg ikkje fått tak i meir enn circa 80 prosent av dei som bur i Bremanger. Eg har notert 970 abonnentar og er snart under målseglet. Eg skulle gjerne hatt ein liten ”sluttspurt” slik at 1000 er passert. Kjem eg i mål, blir det avis enten frå 28. Januar eller  4. Februar. Er det nokon som har gløymt å bestille, eller som vil ”vente og sjå”, så er dei sterkt sakna på opplagsblokka til Nybø. Abonnement kan tingast på 90119388 (SMS og telefon) eller til: bremanger.budstikke@gmail.com

Til alle kvinner.

 

SESAM møteplan våren 2010.

Onsdag 13 januar.

Onsdag 10 februar .

Onsdag 10 mars.

Onsdag 14 april

Onsdag 19 mai.

Onsdag 9 juni.

Tidspunkt KL: 17.00 – 19.00.

Sted: Realen.

 

Hva er SESAM.

SESAM er en møteplass for kvinner med bakgrunn fra andre land og lokal kvinner møtes. Der vi blir kjent og utvider vårt sosiale nettverk. SESAM er også en arena for språktrening og der alle lærer av alle. Ved å delta på SESAM møter kan vi gjøre lokalsamfunnet vårt til en rausere og romsligere plass.

 

SESAM er et samarbeidsprosjekt mellom Bremanger kommune/kultur og Svelgen sanitetsforening.

 

Ta gjerne kontakt.


Påminning om målaravlesing 08.01.2010

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at dei som ikkje har meldt inn standen på straummålarane i Svelgen, må gjere dette snarast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Ved januaravlesinga skal også næringsverksemder melde inn målardata.  Les av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                          

Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.

 

Litt ut på nyåret vil det verte endringar av epostadresse mm på kraftverket i Svelgen, men på januaravlesinga kan ein trygt bruke den ovanfor nemdne epostadressa.


Laurdag 9. januar kjem filmen ”Luftslottet som sprengtes” på Svelgen Kino

Tempoet skrus opp enda noen hakk i "Luftslottet som sprengtes", som er den tredje, avsluttende og avgjørende delen i Millennium-serien, og som starter der "Jenta som lekte med ilden" sluttet.

Lisbeth Salander forsøker å bli kvitt anklagene om trippelmord, samtidig som Mikael Blomkvist graver i Salanders skjulte fortid for å komme nærmere sannheten. Akkurat som med "Jenta som lekte med ilden" er det den erfarne Daniel Alfredsson som regisserer "Luftslottet som sprengtes", samt Naomi Rapace og Michael Nyqvist som spiller hovedrollene.

Laurdag 9. januar kl. 19:00 Billettsalg og kiosk frå klokka 18:00

Førehandssal av billettar: Bremanger Servicekontor

Klikk på bilde for mer info, trailer m.m.

Aldersgrense: 15 år    Billettpris Kr. 70.-

Egnethet: Ungdom/voksen

 


BREMANGERNYTT NR. 1 / 2010
bereknast å komme ut til husstandane ca. 1 februar, og vi minner om frist for innsending av info/annonser/bilder og anna som er 10. januar.
Sjå Bremangernytt for desember.
 
Vi ønsker å få tilsendt stoff via e-post og det bør være ferdig redigert når vi mottek det, og det skal sendast til:
 
 
Om du ikkje har høve å sende det på e-post, skal det sendst til:
Bremangernytt
v/ Bremanger kommune
Postboks 104
6721 Svelgen 
 
Med venleg helsing
Bremangernytt

ISHUSET til Svelgen 21. januar 07.01.2010

 
Ishuset

Sogn og Fjordane Teater kjem til Svelgen Idrettshus med framsyninga Ishuset av Marit Tusvik torsdag 21. januar klokka 19.00.

Bremangerhallen
Onsdag 20. januar klokka 19.00
Påmelding Ytre Bremanger: Gerda Frøyen tlf 482 75 423


Billettpris:
Vaksne: kr 160,-
Barn/student/honnør/gruppe (min 5): kr 100 ,-

Billettar kan kjøpast på servicekontoret i Rådhuset tlf 57 79 63 00 frå 4. desember.

Dersom minst 5 personar kjøpar billett under eitt oppnår ein grupperabatt. Tingar ein billettar over telefon må desse hentast seinast klokka 15.00 dagen før framsyning.

Flotte kritikkar av Ishuset
”Ishuset” av Marit Tusvik har fått veldig fine kritikkar:

”…noe av det beste jeg har sett på Sogn og Fjordane teater” BT
”…underhaldane og morosamt” Firda

Firda 14. desember 2009 – om Ishuset
Ishuset startar med at vi møter Mads og dottera hans Johanne som har reist over fjellet for å besøkje barndomsheimen til Mads på Vestlandet.

Det er langt frå eit hjarteleg gjensyn vi blir vitne til. Det er mange såre kjensler som skjuler seg i heimebesøket, noko vi får sjå med eigne auge når familiekrøniken hoppar tilbake i tid til den første dagen i Mads sitt liv, fødd som ein attpåklatt i ein søskenflokk på fire som veks opp utan foreldre. Du ler og humrar for deg sjølv av dei livlege søstrene som dansar erotisk dans med kålhovud og dei sure brørne som et kromkaker heile tida.


Båtførarkurs i Svelgen - intensivkurs over ei helg 

Kursstart: Fredag 29. januar kl. 1700.

Kursstad: Svelgen Oppvekstsenter

Kursavgift: kr. 1375,- pr. deltakar

Familierabatt.

Undervisningsmatriell, utskriving av båtførarbevis og sensoravgift kjem i tillegg.

NB! Fra 1.5 2010 er det innført obligatorisk båtførerbevis for alle som er født etter 1.1. 1980 og dersom båten er over 8 meter og/eller 25  HK eller mer. 

Bindande påmelding innan tysdag 26. januar til Tor Tønder tlf. 99224091 eller mail: tor@tonder.no


Nedbørstal frå desember og for heile 2009 06.01.2010

I desember fall det berre 56,6 mm nedbør i Svelgen, "mot normalt" 293 mm i denne månaden. Desember vart dermed den månaden i 2009 med minst nedbør. Den høgaste døgnverdien som vart målt var 11,6 mm, og heile 17 døgn var utan ein drope i måleglaset til Elkem Energi Bremanger AS.

 

I 2009 fall det 2396,2 mm nedbør i Svelgen, medan normalen som Meteoroligisk Institutt har berekna er 2570 mm. Ein må tilbake til 2002 for å finne ein lågare årsnedbør i Svelgen. Mest nedbør hadde ein september med 512,7 mm, og den høgste døgnverdien målte ein om morgonen 9/9 med 73,5 mm.


Ut på tur.....

Skiløyper i Risevatn 04.01.2010

Ingeir og Arne frå Røde kors og Keipen turlag melder om strålande føre i skiløypene på anleggsvegen i Risevatn. Det er no laga doble skispor i traseen innover til 3.5 km og enkelt spor vidare til 5 km(enden på vegen)

Det er berre å få på seg hovudlykta, spenne på skia og nyte desse vinterdagane/kveldane.

 

God Tur :)


The winning team fra årets molley 04.01.2010


HEI alle musikk-, dans- og dramainteresserte!

 

No er det tid for å melde seg på Sogn og Fjordane Ungdomsmusikal si neste satsing; FAME! 
Denne gangen er det mykje dans, sang, musikk og drama, i tillegg til eit fantastisk band/orkester. Du kan søke på:
 
Aktørar:

Hovudrolle danseelev (dans, drama, song)
Hovudrolle dramaelev (drama, song)
Hovudrolle musikkelev (instrument, drama)
Danseelev i klasse (dans, korsong)
Lærer (drama)
 
Scenearbeid mm:
Sufflør
Sminke
Rekvisitør
Inspisient
Scenearbeidar under førestillingane og turnè
 
Orkester:
Alt-, tenor- og sopransax
fløyte
klarinett
trompet
el-gitar
el-bass
slagverk
perkusjon
keybord
 
Dato for opptaksprøver:
Sandane 29.januar 2010
Sogndal 30.januar 2010
Førde 31.januar 2010
 
Dato for øvingshelger:
19.-21. mars
7.-9. mai
18.-20. juni
 
Dato for øvingsveker:
26.-30.juli
2.-5.august
Premiere:
6. august
 
Turné:
7.-14. august
 
SØKNADSFRIST: 10. januar 2010!
 
Om nokre av øvingsdatoane ikkje høver, meld frå om dette ved påmelding, så ser vi om vi kan finne ei løysing!
 
VIKTIG:
Det er berre dei som melder seg på som aktørar som skal møte til opptaksprøver. Vidare informasjon om opptaksprøvene kjem i løpet av desember.
 
Musikarar skal sende påmeldingsskjema, men legge ved meir utfyllande informasjon som referanser, relevant erfaring, skulegang, motivasjon osb. Opptak av musikarar skjer på grunnlag av denne informasjonen. Musikarar skal IKKJE møte på opptaksprøver.
 
Scenearbeidarar skal også sende inn påmelding, og legge vekt på motivasjon og relevant erfaring (evt ønske om å få erfaring). Desse skal heller ikkje møte på opptaksprøver.
 
Musikalsk leiar: Michael Pavelich
Regissør: Jeff Pedersen
Koreograf: Kristine Melby (frå Dansefeber og So You Think You Can Dance Scandinavia!)
 
Meld deg inn i facebook-gruppa FAME the Musical! for meir informasjon!
 
Tidlegare ungdomsmusikalar som har hatt premiere og dratt ut på turné i fylket, er Jesus Christ Superstar og West Side Story. Du som var med på den eine eller begge musikalane er velkommen til å bli med denne gangen også, i tillegg til at vi ønskjer alle nye danse-, sang- og dramaspirer hjartleg velkomne til å søke! 


 


Bli med på fotokonkurranse

I forbindelse med FNs barnekonvesjons 20-års jubileum har en rekke kjente fotografer bidratt med en "photo pledge". Nå inviteres også du til å delta med et bilde. Er du mellom 12 og 18 år kan du vinne deltagelse på en fotoworkshop i Etiopia.

Kjente fotografer som Mary Ellen Mark, Bruce Davidson og Reza, samt FN-ambassadører som David Beckham og Ewan McGregor har levert inn et såkalt "photo pledge" - et fotoløfte - i forbindelse med 20-årsjubileet for FNs Barnekonvensjon. Bildene er hentet fra oppdrag de har vært på rundt i verden, som fotografer eller ambassadører.

Nå inviteres også du til å gjøre som disse og sende inn ditt eget bilde til støtte for barnekonvensjonen. Det er konkurransen Sony World Photography Awards som i samarbeid med Unicef lanserer initiativet for å skape blest om konvensjonen og markere jubileet.

De ønsker bilder som illustrerer en av de fem fundamentale barnerettighetene, som er retten til å overleve, retten til en utdanning, til helse, til beskyttelse fra skade, misbruk og utnyttelse, og retten til å bli hørt.

Ungdom i aldersgruppen 12-18 år inviteres til å delta. Seks vinnere får være med på premieutdelingen i Cannes i april 2010, samt en fotoworkshop sommeren 2010 i Etiopia med Reza. Frist for innsending er 28. februar.

Les mer og delta på www.worldphotographyawards.org/unicef/


900 har tinga Budstikka .

Deadline for Bremanger Budstikke nærmar seg. I løpet av nyttårshelga er det til saman 900 som har tinga avisa. – Eg har utvida fristen til ca. 15 januar, og treng dermed i gjennomsnitt 10 nye abonnentar pr dag, dersom eg skal klare målet om å få inn 1000 abonnentar og kan setje i gong vekeavis, fortel Geir Nybø til svelgen.no. - Eg trur dette kan gå. I helga kom det inn over 40 nye tingarar, og eg håper dei som ”skal vente og sjå” no bestemmer seg for å trø til. Det er ikkje kvar dag bygdene i Bremanger Kommune har sjansen til å få si eiga lokalavis, som berre skriv om det som angår Bremanger og folk der. Derfor vel eg å tru at eg klarer dei siste 100 no når eg er så å seie på oppløpsida, med målseglet i sikte, seier Geir Nybø som oppmodar folk om å bestille på enten bremanger.budstikke@gmail.com eller på 90119388 (SMS eller tlf) eller skriv til Budstikka, Sandevegen 40a, 6723 Svelgen


Måk foran postkassene! 04.01.2010

Posten oppfordrar folk i Svelgen om å måke veg framom postkassene sine.

Bygg- og Reinhold har skifta namn 26.12.2009

Bygg- og Reinholdsservice AS skiftar 1/1-10 namn til SERFIX AS. Du finn meir info om verksemda på heimesida og ved å klikke her.

STIF

Redusert bruk av idrettshuset denne veka 04.01.2010

 

Hallen er stengd denne veka på grunn av montering av basketballkorger og merking av bane.

 

Sqashhallane og styrkerommet kan nyttast som vanleg.

 

 


Svelgen Samfunnhus   vil rette ei stor takk for pengegåvene frå:

 

INC og SERFIX AS     kr. 8.000    frå kvar av dei.

 

Bygg og Reinhaldsservice AS kontakta nokre bedrifter i forbindelse med at dei skifta namn til SERFIX AS om å gje pengegåve til Svelgen Samfunnshus AL for å kunne arrangere dans med storbandet Soul Control.

 

Så desse pengane var øyremerka dans 15.mai 2010 med storbandet Soul Control, men det har vi ikkje fått til. Men vi prøver å få eit anna storband til å spele denne dagen.

 

Svelgen Røde Kors    kr. 837 .   Dei sette ut nokre bøsser under markering av Besøkstenesta sitt 60 års jubileum. Besøkjande kunne gje ein skjerv til Samfunnshuset om dei ville.

 

Svelgen Samfunnshus AL

-styret-


Påminning: 01.01.2010

Flora Bremanger Brassband sin nyttårs – konsert!

 

 

Minner om nyttårskonserten til Flora Bremanger Brassband i morgon2 januar klokka 1930. På konserten vil det bli lodda ut flotte gevinstar og i samband med dette vil vi i kveld gå rundt å selje lodd. Ta eit par lodd og du er kanskje den heldige vinnaren av ein dvdspelar eller ein Bergenstur!

Hugs også å ta med venner og kjente på ein flott konsert i  morgon klokka 1930 på Svelgen Samfunnshus!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov