Arkiv Mai 2012

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ungdomsrådet treng ein vaksen til tur 31.05.2012

Bremanger ungdomsråd skal til Tønsberg på et demokrati prosjekt i august. Nå har vi fått tilbud om fleire plasser, og det er fleire ungdommer som vil reise. MEN, vi trenger en voksen person til med oss. Dagene er 14 - 19 august. Noen som kunne tenke seg dette? Møte mange kjekke ungdommer fra Norge, Finland, Sverig og Island. Du får ikke betalt, men en god attest kalt Youtpass.
Er det evt noen som trenger timer i f.h.t fagbrev Barne og ungdomsarbeiderfaget er det mange timer å hente her:)
Ta kontakt! 95985267
Vær så grei.............

MH Bremanger ungdomsråd.



BREMANGER KOMMUNE

Ledige stillingar:

 

Fagleiar skulve v/Hauge oppvekst - saksnr 12/1202
Fagleiar skule v/Svelgen oppvekst - saksnr. 12/1206
Lærar, vikariat v/Svelgen oppvekst - saksnr. 12/1207

Pedagogisk leiar, vikariat v/Svelgen oppvekst - saksnr. 12/1208

Reinhaldar, vikariat v/Kalvåg oppvekst - saksnr. 12/1211

 

Sjå fullstendig utlysingstekst på www.bremanger.kommune.no eller under "stilling ledig" til venstre.

 

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det.

Søknadsfrist: 11.06.12


TUR TIL OMNEN SØNDAG 03.06.12.
Start frå Rise kl. 10.00. Turen går via Risesetra til Omnen (818moh)
I fint ver er dette ein flott tur med fantastisk utsikt i alle himmelretningar.
Vi reknar med å bruke ca 6 t/r.
Passar for dei med litt trening. Barn frå 8-10 år greier turen fint.
Gode sko er ein fordel då vi må over eit lite parti med snø.
Turleiarar: Steinar Isene tlf. 95030371 og Arne Loftheim tlf. 95982930
Keipen Turlag ynskjer: Velkommen på tur!

PENSJONISTMØTE. 29.05.2012

Minner om pensjonistmøtet i dag kl. 1700. Sjå program på "Keipenstova-sida".


Mansjettknapp til bunad og bunadsring -

blei funne 17.mai. Ta kontakt med Svelgen skule, administrasjonen


Svelgen Kino 29.05.2012

 

MEN IN BLACK

Søndag 3. juni 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Men in Black 3 er agentene J (Will Smith) og K (Tommy Lee Jones) tilbake... i

tid.

J har sett en del uforklarlige ting i sine 15 år med mennene i svart,

men ingenting, ikke engang romvesener, forvirrer ham så mye som hans

ironiske og tilbakeholdne partner. Men når livet til K og hele planetens

skjebne settes på spill, må agent J reise tilbake i tid for å ordne opp.

J oppdager at det finnes hemmeligheter i universet som K aldri fortalte ham

om - hemmeligheter som vil bli avslørt når han slår seg sammen med den unge

Agent K (Josh Brolin) for å redde sin partner, byrået og menneskehetens fremtid.

Aldersgrense: 11 år  Lengde 1 t 45 min

Fotballkamp på stadion 29.05.2012

  

Onsdag 30. mai spelar jenter 9/10 år fotballkamp mot Selje på Svelgen Stadion kl.17.45.

 

Kom og støtt jentene!


Har du meldt deg på?

Invitasjon til Tour de Bremanger lørdag 2. juni 29.05.2012

 

Klikk her for å sjå invitasjonen.



Svelgen Røde Kors og Keipen Turlag i samarbeid om lokal "Til Topps" 21.05.2012

Nasjonalt har Norges Røde Kors eit samarbeid, mellom anna med DNT (Den Norske Turistforening) om Norges sprekaste integreringsarrangement, ”Til Topps”.

Det frivillige og fleirkulturelle går saman mot eit felles mål, som er toppen av Norges tak – Galdhøpiggen.

 

·        Svelgen Røde Kors og Keipen Turlag vil invitere busette flyktningar og innvandrarar med oss på tur i lag med frivillige og andre som kan tenke seg å bidra til å skape eit lokalt nettverk gjennom natur-, kultur- og relasjonsopplevingar.

 

Vårt mål i Svelgen for 2012 vil vere å nå ein lokal topp.

Mål for 2013 vert å kunne ta turen til Galdhøpiggen i lag med det nasjonale arrangementet.

 

Vi startar onsdag 30. mai med ein tur inn Risevatnet. Ein litt roleg start for å verte kjende, snakke litt om fornuftig utstyr og ha ein triveleg tur i lag!

Vi avtalar ny tur etterkvart.

 

 

Møt opp ved ”Bakarhuset” onsdag 30.mai kl. 18.00

 

Husk gode tursko og godt humør!

 

http://video.rodekors.no/?id=244       

 

                                              

Svelgen Røde Kors og Keipen Turlag

 



DANS PÅ GATEN! 25.05.2012

Tirsdag 29.mai har seniordansarane utedans ved Svelgen Bu-og servicesenter.

Vi  startar opp ca kl. 1700. Alle er velkomne til å sjå på dansen og høyre på gode dansemelodiar.


Straumstans på Villabakken fredag 1. juni 27.05.2012

Grunna arbeid i høgspentnettet varslast straumstans for Lia - Villabakken / Bakkevegen fredag 01.06.2012 fra kl.09:00 til kl 13:00.

 

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.


Straumstans i Lia tysdag og torsdag i veke 22 27.05.2012

Grunna arbeid og omlegging i lavspent fordelingsnett blir det punktutkoblinger i forsyningen for Lia 1-  23. Tirsdag 29 mai og Onsdag 30 mai 2012 fra kl 08:00 til 14:30. Begge dager. Ingen avbrot vil vare over 3 timer.

 

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.


Korkveld i Svelgen 2. juni kl. 16 27.05.2012

BREMANGER MANDSANGFORRENING.

(KOR DE`BREMANGER)

 

Dato : Laurdag 02.juni kl.16:00 inviterer Bremanger

 Mandsangforening til korkveld/korkafe i Svelgen

 Samfunnshus.

 

 

Opplev gleden av korsang med kommunens einaste mandskor, med allsang , lotteri , kaffi og kaker.

 

Dirigent : Øyvind Widerøe

 

 

Inngangsbilett : kr 50,-

 

VELKOMMEN !


Invitasjon til Tour de Bremanger 2012 15.05.2012

 

Heile invitasjonen finn du ved å  klikke her. (eller du kan lese den nedanfor)

 

Dette er ein invitasjon til alle trimglade i alder 30+.

Velkomen til ein sykkeltur Bremanger rundt.

 

Dette skal vere ein roleg og sosial sykkeltur, som startar utanfor Lasses kro i Svelgen sentrum. Det viktigaste på turen er å nyte naturopplevingane, ta det med ro, og ikkje

stresse for å komme fram. Vi har heile dagen på oss.

 

Vi startar laurdag 2. juni klokka 08 45 .  

Turen går i gjennom Ålfotdalen, vidare   til Davik og til   Rugsund. Det blir servert mat på Gloføykje. Vi syklar vidare til Oldeide, Konsdalen , Struen, Smørhamn og ferja over til Kjelkenes og til Svelgen. På Svelgen hotell blir det sosialt samvær med mat og drikke.

 

Vi skal sykle roleg i lag og ha felles stoppestadar. Sykkel og hjelm må sjølvsagt vere i god stand og etter   alle føreskrifte. Det blir   to følgjebilar som kan frakte sekkar med   nødvendig utstyr som klede, litt mat og drikke. På sjølve sykkelen bør du ha med drikkeflaske, eventuelt ein liten sekk med det mest nødvendige. Eg anbefaler sykkelbukse. Følgjebilane har med verktøy til dei ”aller fleste” typar syklar og førstehjelpsutstyr. I bilen er det og rikeleg med sportsdrikk , kaffi, frukt og grønt og middagsmat.

 

På dei forskjellege stoppeplassane vil det bli servert forfriskingar som frukt, sportsdrikk underhaldning og fysisk velvere.

 

Dersom du vil vere med, ta kontakt med Per Arne Sæterlid på telefon 95967770

Deltakaravgift 150 kr.  

Bli med på Tour de Bremanger !!!!!!

 

Turen er sponsa av, Elkem Bremanger, Bremanger kommune

Svelgen Hotell og Svelgen Kraft.

 

Arrangørkomitèn fråskriv seg eit kvart ansvar for uhell og konsekvensane av uhell.

 

Arrangørkomiteen


Svelgen Kino 24.05.2012

 

The Dictator

Søndag 27. mai 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

 

Ny komedie med Sacha Baron Cohen, mannen bak "Bruno" og "Borat".

Sacha Baron Cohen og regissøren Larry Charles, teamet bak Brüno og Borat,

er tilbake med en ny ellevill komedie.

I The Dictator, inspirert av Saddam Husseins roman Zabibah and the King,

spiller Baron Cohen en diktator som har tatt alle midler i bruk for å forhindre at demokratiet kommer til landet han så kjærlig har undertrykket.

Så en dag får han muligheten til å reise til New York, hvor en ny verden åpner seg.

Ikke minst når han møter kjærligheten i form av en forhandler av organiske grønnsaker.

Aldersgrense: 11  Lengde 1 t 25 min

Sande - Hennøystranda via Martinbu
Start frå skogsvegen på Sande 2. pinsdag kl.10.00
Vi går den T - merka stien til Martinbu på Sandsegga.
Turen går vidare på god sti mot nord med Hornelen midt imot.
Vi går forbi Hennøysetrane og følgjer gamal seterveg/sti til Hennøystranda.
Her vil vi ta ein stopp for å verte betre kjende med bygda som i dag har berre ein fastbuande.
Martin Hennøy vert med som turleiar/kjentmann. Han er sjølv oppvaksen i Hennøystranda så han kan historia til bygda.
Vi går same vegen tilbake til Sande. Turen har mange flotte utsiktspunkt.
Reknar med å bruke ca 7 t. t/r.  Passar for personar med litt trening.
Turen er eit samarbeid med Flora Turlag.
Turleiarar: Martin Hennøy, tlf. 95735838, Arne Loftheim, tlf. 95982930 og Signe Norvik, tlf. 41530520.
Turen er omtala i Turboka for Bremanger på side 76.

Ny TV3 serie, «Småbruket», til Bremanger!

Det er bekrefta at Bremanger blir ein av to stadar der ein gjennom ein ny tv-serie «Småbruket» skal følgje to familiar som ynskjer å flytte frå byen og søke det gode liv på landet. Det er Nordisk Film og TV som skal produsere denne serien for TV3. Filming og innspeling av serien vil skje i tidsrommet 15.juni-07.juli.2012 og serien vil bli vist på TV3 til hausten. Prosjektet er ein feel-good-serie for heile familien. Vi håpar sjølvsagt at familiane ikkje berre vil bli her under sjølve filminga og innspelinga, men at dei faktisk finn det gode liv og blir værande her i den flotte kommuna vår. Dette blir ein flott moglegheit til å få markedsført Bremanger på. Så då gjenstår det å ynskje produsent og innbyggjarar lykke til med dette spennande prosjektet.


Vedr. sosialtrening for hund!

Vi tar no sommerferie, men startar opp igjen med sosialtrening til hausten. Det vert gjeven beskjed når vi er klar til oppstart.

 

God sommer.


EIN NYDELIG DAG PÅ ASPENESET 23.05.2012

 
Barnas Turlag arrangerte idag 19/5 tur til Aspeneset. Vi hadde oppmøte der ute kl 1300. 19 born og 13 vaksne møtte opp.
Vi starta turen ved å gå bortover mot der bunkersane ligg og der kanonane var plassert under krigen. Oddmund Leirvik fortalte oss historia kring desse kanonane og bunkersane. 
Etter å ha fått høyre historie, og fått sett og vært inni bunkersane, laga vi bål og grilla pølser.
Barnas Turlag hadde tema strandrydding idag, og det vart etter grillinga delt ut søppelsekker og arbeidshansker. Vi plukka mykje søppel, fleire bossekker med alt frå sko til plastbiter. Det var mykje boss, og mykje rart å finne. Ungane storkosa seg og var ivrige ryddara. Bilete av deg som strandryddar kan du ta med på Akvariet i Florø og få gratis inngang for heile familien.
 
Tusen takk til Oddmund Leirvik som stilte opp og fortalte historia kring bunkersane og kanonane på Aspeneset!
 
Og Tusen takk til alle dåkke som møtte opp på turen vår!
 
For innmeldelse i Barnas Turlag gå inn på heimesida til turistforeninga og vidare inn på bli medlem!
 
Ossenkamp/Langedal

Sande-tunnelen periodevis stengt også i veke 21 20.05.2012

Dyrstad - Svelgen (Sande tunnel)

Redusert framkommelighet

Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 07:00 til 18:00. Gjelder fra 21.05.2012 til 24.05.2012.

Gjelder fra 21.05.12 klokken 07:00

 

Trafikkmeldinger


DAGSTUREN TIL NORDFJORD.. 18.05.2012

  Den 23.mai blir det strålande vær - iflg. vervarslinga!

Der er endå nokre plasser att - og vi har frist til å komme med det endelige talet til måndag 21.

Dei som treng hjelp for å klare turen må seie i frå. Her er mange som kan og vil hjelpe!

Ring Bjørg 47615127 eller Anne Lise 41418231.

Sjå programmet på "Keipenstova-sida".


Storesteinen på Langeneset ferdig bolta 19.05.2012

 - Vi har sett på steinen nokre gongar, og vurdert forskjellige løysingar. Å fjerne steinen heilt er ikkje sikkert hadde vore noko betre, sidan det er hus nedanfor vegen, og tett busett rundt steinen. No slapp vi stenge vegen i nokon stor grad, og arbeidet gjekk greitt. Vi såg ikkje dette som nokon kritisk sak, men vi fann ut at vi ville sikre steinen, slik at vi slapp vidare problem. Les meir i Firdaposten.


VELKOMMEN TIL OPE HUS PÅ KNEKKEVATN

 

Søndag 20.05. er det ope hus med servering på Knekkevatn frå frå 12.00 – 15.00.

Vegen finn du sjølv på merka sti frå Svelgsvatn eller Sørdalstrappa. For info kan du ringe 91102654.

Denne turen kan og vere ein fin start på TURORIENTERINGA som er annonsert lenger nede på denne sida – trur du kan finn postar på vegen og ikkje så langt frå stien……

 

OBS!! Turen til Hennøystranda som er planlagt 1.pinsedag (27.05.) er utsett til 2.pinsedag – annonse kjem seinare.

KEIPEN TURLAG


Svelgen Kino 18.05.2012

 

Tor med hammeren

Søndag 20. mai 17:00

kiosk og billetter fra 16:30

Den unge smeden Tor drømmer om storhet, ære og respekt, men hans mor har andre og mer praktiske planer for ham. Ifølge legenden er han sønn av Odin, gudenes konge, og landsbyboerne tror at de lever under Odins guddommelige beskyttelse.

Det ingen vet er at Hel, underverdenens herskerinne, har onde planer som setter både menneskers og guders liv i fare. Ved en ren tilfeldighet, eller kanskje det er skjebnen, ender verdens mektigste våpen, hammeren Mjølner, opp i Tors hender. Når kjemper går til angrep og blant annet fanger Tors beste venn Edda, må han ta affære og få kontroll over både sine egne tanker og sin nye venn, for å stå i mot de mørke kreftene.

Aldersgrense: 7 år Lengde 1 t 23 min



Glimt frå folkefesten 17. mai 2012 17.05.2012

 

 


Turorientering 2012.

Keipen turlag ønsker velkommen til årets turorientering som

er lagt til følgande ruter:

 

·         Dyrstad-Dyrstadvatnet

·         Indrehus-Demmevatnet-Indrehus

·         Sørdalvatnet-Knekkevannshytta

·         Myklebustsætra-Sætredalsvatnet

 

Alle rutene er lette å finne om ein brukar kartet. Dei fleste er merka.

 

Det er lagt ut 28 postar som ein kan ta i den rekkefølgje ein vil.

 

Rettleiing om orienteringa.

 

På kontrollkortet er det merka kva for nummer posten har, i lag med ein beskrivelse på terrenget/ein detalj der posten heng. Postane er merka med kvit/orange postflagg med nummer på. På postane heng det ei klippetang for å klippe i kontrollkortet. Kvar tang har sin kode. Klipp i nummerfeltet for posten i kontrollkortet.

 

Merkekrava i år er:

 

Gullmerke 28 poster

Sølvmerke 24 poster

Bronsemerke 20 poster

 

Merkekrava for barn 8 år eller yngre:

 

Gullmerke 20 poster

Sølvmerke 17 poster

Bronsemerke 15 poster

 

Dei som greier gullmerket er med i trekningen av 2 premier i kvar gruppe.

 

Vennligst gje beskjed om feil eller mangler ved postane.

Ta gjerne kontakt med underteikna om det er noko du lurer på.

Kontrollkorta må leverast til Svelgen motorsenter(Best), eller underteikna.

Postane vert hengande ute til 26. August.

 

Mvh.

Steinar Isene   (tlf.: 950 30 371)


BARNAS TURLAG
Våren er her og vi ønsker å begynne sesongen med en lettere tur til Aspeneset lørdag 19/5. Der går vi på oppdagelse blandt de gamle kanonfundamentene (ta med lommelykt). Vi bruker også noe tid på å være med på prosjektet "Rydd en Strand" (se http://ryddenstrand.no ), som betyr at vi samler opp søppel som ligger i strandkanten. Avslutningsvis blir det anledning å grille pølser på grillplassen bland de gamle kanonene.
Oddmund Leirvik vil fortelle litt om historia til desse kanonane.

Oppmøte: kl 1300, parker helt på enden av veien forbi Dyrstad og steinbruddet. N.B. begresnet med parkeringsplasser, kom med full bil!
Ta med: Pølser, grillspyd, lommelykt, noe å sitte på. BT sørger for ved. For strandryddedagen ber vi de som har om å ta med arbeidshansker til både voksne og barn, gjerne også en kniv (BT stiller med søppelsekker og noen arbeidshansker)

I samarbeid med Akvariet i Florø ( www.florafauna.no ) tilbys vi gratis adgang til akvariet for strandryddere - ta med et bilde av deg selv under ryddingen så er det billett for et besøk med familien under 2012. Søppelfunn vil bli registretrt i en nasjonal database som skal hjelpe å spore og forhindre marin forsøpling, så dette blir en tur som kombinerer nytte med fornøyelse.

 

Vel møtt!

Langeland & Ossenkamp


17.mai i Svelgen

Program for dagen

08:00       Flaggheising ved Samfunnshuset
                       
Skulemusikken spelar.

10:00       Barnetog
                       
Start v/ungdomsskulen

11:00       Gudsteneste i Svelgen kapell

12:30       Barne- og ungdomsleikar på skulen                          

                   (i Idrettshuset dersom dårleg vèr) 
                   Sykling, kaste på boks, potetløp, "fisking" og pilkast. 
                   Pilkast gjeld f.o.m 5 klasse – premiering på folkefesten.

                        Kiosksal v/9.klasse under leikane.

14:00    Bøttehandball på stadion
               
(I idrettshuset dersom dårleg vèr)

16:00       Folketog                         

                    Start frå samfunnshuset. Vi oppfordrar lag og
                    organisasjonar til å   stille med flagg og fane.     

Etter folketoget:  Tale for dagen                         

                          v/Gabriel Ossenkamp

Etter tale for dagen (ca kl. 17.30):   Folkefest

                         Born kr. 20,-
Vaksne kr. 50,-
Familie kr. 100,-

Skulemusikken har open kafè/kiosk på Samfunnshuset

og på Keipenstova frå kl. 10.30 

                      

                       

V i gjer merksam på at det står i 17.mai heftet at tale for dagen startar klokka 17.00, og at folkefesten startar klokka 18.00. Det riktige er:

Tale for dagen startar rett etter folketoget. Folkefesten startar rett etter tale for dagen.

 

 


Meir enn normalnedbøren for mai i løpet av to døgn 15.05.2012

Mai månad skal i følge statistikken vere den tørraste månaden i året i Svelgen. Meteorologisk Institutt (DNMI) har berekna at normalnedøren for mai i Svelgen er 110 mm. I løpet av to døgn, målt mandag og tysdag morgon denne veka, målte ein 116,8 mm nedbør i måleglaset til Svelgen Kraft. Mandag morgon målte ein 75,7 mm og tysdag målte ein 41,1 mm nedbør. I løpet av dei 15 første målingane i mai, som inneheld 4 nedbørsfrie døgn, har det falle 182,5 mm nedbør i Svelgen.

 

75,7 mm er den høgste døgnverdien ein har målt i mai i Svelgen sidan nedbørsstasjonen ved årsskiftet 72/73 vart flytta frå Rise til Elkem. Til samanlikning har ein sidan 1973 hatt ni mai-månadar med mindre enn 75,7 mm på heile månaden, og minst hadde ein i mai 2008 med 37 mm.

 

Biletet ovanfor er frå barnetoget 17. mai 2011. Måtte ein få finare vèr i Svelgen 17. mai 2012!


17.mai komiteen treng hjelp 15.05.2012

   
Er det nokon som kunne tenke seg å hjelpe oss med å få gjennomført barneleikane på 17.mai?

 

Alt er planlagt og klart, men vi treng folk til å stå på dei forskjellige stasjonane.

 

Ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth tlf 90 58 00 55.


Regnfull 17. mai - men snart sommarvær i Svelgen 15.05.2012


Takk til Bremanger Quarry 14.05.2012

Ein strålande fornøgd blåturkomitè ved Svelgen oppvekst vil takke Bremanger Quarry. Desse fantastiske folka stillte opp og gjorde til at turen vår vart ein suksess. Vi fekk låne oppvarma "fest lokale", fekk god omvisning og mykje praktisk hjelp. Ikkje nok med det, dei stillte også opp med premie på konkurranse og gåver til Svelgen oppvekst.

   

Makan til positiv og hjelpsom gjeng finnast nok ikkje. Tusen takk, nok ein gong!

     

Helsing Anne-Kristin, Ingrid og Linn 
  

Vi vil også nytte høvet å takke Bakerhuset og Svelgen hotell for nydeleg mat og Firda Billag for sporty sjåfør.


17 mai på Svelgen hotell

- Kakebar frå kl. 11.00

- Buffèt frå kl. 13.00 – 17.00   (NB – Bordbestilling seinast 15.mai )

- Softis i kafèen

Telefon 57 79 65 20



Sosialtrening for hund!

Det vert sosialtrening for hund kvar onsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

Ingen hund er for liten, eller for stor. 

 

   

Vi har med oss hundeinstruktør

Bjørn Henry Marthinussen!

 

Vel møtt.


17. MAI PÅ KJELKENES 2012

 

Kl. 12.00 - 14.00 SAL AV RØMMEGRAUT I TRUDVANG

Kl. 14.15 - FOLKETOG FRÅ TRUDVANG

Kl. 15.00 - GUDSTENESTE I MIDTGULEN KYRKJE

                   SVELGEN SONGLAG DELTEK

Kl. 15.45 - SAMLING VED TRUDVANG- SAL AV

                   KAFFI,KAKER,PØLSER,IS OG BRUS.

                   LEIKAR FOR SMÅ OG STORE.

Kl. 15.45-   SAMLING I TRUDVANG - PREMIEUTDELING MM




PÅMINNING! 14.05.2012

Husk sangtimen på Keipenstova i dag!

 Starter kl.1200.



KEIPEN TURLAG
Vi håpte i det lengste, men regn og vind gjorde til at vi dessverre måtte avlyse turen til Mulen idag!
Håper finværet snart kjem att slik at turane med Keipen Turlag kan gå som planlagt.
Velkomen til neste tur!
Oddmund Leirvik og Inger Lise Langedal

Svelgen Kino 10.05.2012

IRON SKY

Søndag 13.mai 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

 

I løpet av andre verdenskrig gjør det tredje rikets vitenskapsmenn et teknologisk gjennombrudd som gjør dem i stand til å rømme fra jorden etter nederlaget i 1945. Fra en hemmelig base i Antarktis tok de første nazi-romskipene av for å grunnlegge militærbasen "Schwarze Sonne" på baksiden av månen. Basens formål var å bygge en sterk invasjonsflåte for så å returnere og ta verdensherredømme. I løpet av 70 år i skjul konstruerer de et gigantisk fort med en enorm armada av UFO'er.

 

Aldersgrense: 11 år Lengde 1 t 33 min


DUGNAD SVELGEN SENTRUM

.

 

 

Torsdag 10 mai klokka 17:00 til 19:00.

Ta med deg hansker og kost eller rive så tar vi siste innspurt før 17 mai.
Dennne gangen er det rundt og ved samfunnshuset vi skal gjere ein innsats.

Vi håper at alle kan parkere bilane sine nedanfor samfunnshuset denne ettermiddagen slik at vi får spylt og
kosta området.

Vel møtt!

Svelgen Opp & Fram


Svelgen Hotell   Lørdag 12. mai

Trubadur Jan Helset

Jan Helset fra Volda kan alt om popbransjen og er en etterspurt musiker i Norge.   Jan har eget plateselskap med to CD utgivelser så langt. Flere er på vei fra eget studio. Dagens Idol på TV2 het engang «Stjerner i sikte» Der gjorde Jan Helset stor suksess som hele norges Elton John. Så kom platene med egen musikk, som ennå går på radioen. Albumet «The sun» kom i 1999 og albumet «Turn back» kom i 2004. Begge fikk kjempekritikker, se google. Gå for all del innom der denne mannen opptrer. Musikalsk holder Jan Helset et uvanlig høyt nivå. I tillegg til egen sin musikk får du versjoner av kjente og kjære pubsanger som Sting, Elvis, Robbie, Creedense, Queen, Country og swing-ting, jodling kan dukke opp, U2 eller Oasis for å nevne noe. Å gi publikum god «feel» er jobb nummer en, sier Jan. Han veit hvordan. 30 års erfaring gjør at han «leverer varene» - helg etter helg.
Jan Helset stiller med en enkel gitar, humor, plenty go'låter og en av norges beste stemmer. Med sjarm, erfaring og et uhøytidlig driv, sikrer han go'kvelden. Tre ut av comfort-sofaens sugende kraft. Utelivet trenger deg og Jan har X-faktoren. Ikke mange tolker pophistorien som Jan fra Volda. Han spiller som hvem-som-helst på stjernehimmelen.  
 

Cover kr 100


SØNDAGSTUR TIL MULEN 13/5-12 08.05.2012

Keipen Turlag har søndagstur til fjellet Mulen. Turleiarane stiller med bil ved Lasses Kro i Svelgen, og starter derifrå kl 10. Vi køyrer bil rundt Midtgulen og fram til Sleneset, der vi parkerer, og sjølve fjellturen starter. Turen følgjer delvis hjortetrakk opp lida framme på fjellkanten, og går gjennom blanda skogsterreng opp på fjellet. Den har toppunkt ved varden framme på fjellpynten ca 500 moh. Utsikta er fantastisk, og viser nærast eit fugleperspektiv over Gulenfjordane. Dersom været er tørt og fint kan dei som vil sjå "spektakulære" fjellsprekker bli med inn på fjellet saman med kjentmann og få beundre det store arbeidet som naturen ein gong har utført. Vi får då ein litt annan vei ned att gjennom lida, men endar inn att på ruta opp frå Sleneset.
Turen tek ca 3-4 timer.
Turleiarar: Inger Lise Langedal mobil: 47 06 35 43
Oddmund Leirvik mobil: 95 27 63 83
Vi håpar på fint vær og mange glade turgåarar.

Møt opp å støtt jentene i deira aller første seriekamp

Fotballjentene spelar kamp kl. 17.45 onsdag 9/5 08.05.2012

Svelgen-jentene 9/10 år spelar sin aller fyrste seriekamp i morgon kl. 17.45. Kampen går på Svelgen stadion og motstandar er Eid 1.


Fotballopning i snøkave

STIF i gong med sin 50. sesong med herrefotball i seriespel 08.05.2012

Svelgen TIF har i år meldt på herrelag i 7`ar-fotball-serien, og dette vert dermed den 50. sesongen på rad STIF deltek med herrelag i seriespel. Første gong var i 1963, då Einar Gjerde & co melde på lag i serien i Sogn og Fjordane. Einar Gjerde har vore trenar for A-laget for herrar i 20 sesongar, og Øyvind Grindheim (arkivbiletet) har spelt flest seniorkampar (inkl. B-kampar) med heile 544 kampar. Torgeir Vårdal er den med flest sesongar med kampar på A-laget. Om han kjem på bana i ein eller fleire av årets serieturneringar, har han 25 sesongar med kampar for A-laget. Øyvind Grindheim har også fleste mål for A-laget, med 167 stk (eitt meir enn Edvin Førde). Beste plassering i divisjonssystemet hadde ein i 1998 og 1999, med 6. plass i 3. divisjon (begge sesongar med leo Cirotzki som hovudtrenar). Både i 1967 og 2011 måtte STIF trekke laget frå serien undervegs i sesongen pga mangel på spelarar. I 2008, 2009 og 2012 har STIF stilt med lag i 7`ar-serien, medan i dei 47 andre sesongane har ein stilt med 11`ar-lag. To herrespelarar frå Svelgen TIF har nådd spel i eliteserien, og desse er Roger Føleide og Arild Førde.

 

Laurdag som var var det serieopning i 7`ar-serien på  Svelgen stadion, Forutan STIF, deltok også Viksdalen, Vadheim, Norane og Jølster. STIF vann to kampar og tapte to. Trenar for herrelaget i år er Kjell Åge Bueie, og laget består av ein god mix av både yngre og "eldre" spelarar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




Lokalforeningsstyret

Svelgen Røde Kors vil få takke bedrifter og privatpersoner for gåver og gevinster til Røde Kors-basaren.

Ein takk og til sambygdingar som har støtta oss ved kjøp av lodd, kaffi og kaker på basaren.

Like fortent er ein takk til dei frivillige som bidrog til at "Seniorkaffien" fredag og basaren lørdag vart avvikla heilt knirkefritt!

 

Svelgen Røde Kors

v/leiar Inger Valberg


Dirigert kjøring i Langenesbakken 07.05.2012

Mesta arbeider med den kløyvde kampesteinen like over Trostevegen i Langenesbakken.


Sosialtrening for hund!

Det vert sosialtrening for hund kvar onsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

Ingen hund er for liten, eller for stor. 

 

   

Vi har med oss hundeinstruktør

Bjørn Henry Marthinussen!

 

Vel møtt.


TUR TIL INDRE NORDFJORD. 07.05.2012

 OBS! OBS!

Svelgen pensjonistlag sin tur til Indre Nordfjord er utsett til 23.mai.


Sirkeltrening 06.05.2012

 
  Sirkeltreninga tar pause til over sommarferien.

 

  Mvh.

  Per Arne Sæterlid.


Grytadalen i dag - søndag 6. mai 2012 06.05.2012


Åpe brev til Bremanger kommune 05.05.2012

Gjeld ny vegplan for strekninga Svelgen – Indrehus FV 614.

Vi er tre personer som bur i Svelgen, men som arbeider i Florø. Vi har i fleire år dagpendla mellom Svelgen og Florø og ønsker derfor og sei vår meining om vegplanen Svelgen – Indrehus FV 614.

Vegen mellom Svelgen og Kjelkenes er svært dårleg og det er nødvendig med snarleg utbedring. Vi voksne pendlar frivilleg, men vegen er ein prøvelse med samanhengande   humping, risting, bråbremsing, vanskelege forbikjøyringar og liknande. Men skule-elevane som dagpendlar, gjer det kanskje ikkje fullt så frivillig. Kanskje er dagpendlinga gjennom 3 skuleår, medverkande til at dei vel bort Svelgen når dei skal busette seg?  

Det er rett at det er stor trafikk gjennom Svelgen sentrum og at det manglar fortau mellom Breivika og sentrum. Det gjer strekninga spesielt farleg. Trafikklys som vert blir aktivert via knapptrykk, ved idrettshallen, skulen eller Coopen kunne bidra til betre   trafikksikkerheit .

Pendlar ein dagleg mellom Svelgen og Grov, så kjenner ein vegen godt.

Det er heilt klart at ein tunnel mellom Svelgen og Indrehus vil gjere vegen sikrare enn den vegen vi har i dag. Det vil også vere bra om kjøyretida kunne reduserast med omlag 10 min.

Men slik vi ser det, er «flaskehalsane» på vegen; stigninga opp og ned frå Svelgen og gjennom Magnhildskaret.

Avdi vi reiser til og frå Florø, konsentrerer vi oss om Magnhildskaret og meinar at om ikkje noko vert gjert der, er alt anna «luksus».

Det er i Magnhildskaret nesten alle problem på vegen oppstår!   Her snakkar vi om steinras deler av året og snøras og glatte vegar om vinteren. For ikkje å snakke om alle lastebilane som står faste på dei glatte vegane!

I feb./mars 2011 registrerte vi i løpet av 14 dager fylgjande trafikkblokkade pga. lastebiler/ trailer :

10.02.2011 blokkade med ventetide 45min.

15.02.2011 frå kl. 14.40 var vegen stengt i 4,5 time pga. 2 lastbiler som kom ikkje vidare.

28.02.2011 kl. 7.40 kunne bussen passere, men etter det var vegen stengt i fleire timar. (kom på Radio)

02.03.2011 var vegen stengt frå kl. 17.30 til 19.30, avdi ein lastebil stod fast.

Men det verste er rasfaren. Den dagen i mars 2011 då vegen ut forbi Langneset blei øydelagt pga. mykje nedbør og fekk mykje omtale i media, kom det også ei stor steinblokk ned i vegen opp mot tunellen i Magnhildskaret. Vi var heldige, for det skjedde om dagen mellom kl 15.00 og kl. 16.00, då bussen reiste frå Svelgen til Florø og før den kom attende med skule-elevane kl 17.00. Steinen slo stort hol i vegen og for over autovernet og ned i dalen. Den var kjempestor og ligg delt i 3 store bitar.   Dette vart ikkje nemdt i media og holet i vegen vart snartleg dekka med asfalt. Men vi torer ikkje tenkje på kva som hadde skjedd, dersom bussen eller ein bil hadde kome forbi der akkurat då.

I 2012 har Magnhildskaret vore stengt minst 4 gang i løpet av ein månad pga. av ras.   Det var ikkje mogeleg å komme på skule, sjukehus i Førde/ Bergen eller til arbeid. Vi som er arbeidstakarar blir då trekte i løn, elevane mista skuletid og andre kom seg ikkje til t.d. sjukehus/ lege.

Vi kan ikkje ha det slik, og derfor meinar vi at det er viktigast å få gjere noko med Magnhildskaret.

Kva hjelper det og kommer 10 min. tidlegar til Magnhildskaret når det er stengt der?

I tillegg blir tunell Svelgen-Indrehus forholdsvis dyr, rekna med bompengar kr 75.- pr veg. Mange reiser ofte og det blir ein omfattande ekstra kostnad.

Blir det då attraktivt for folk og pendle t.d. til jobbar i Svelgen? Pendlarar kan få frådrag ved skattelikning, men det er likevel nettoen vi lever av.

Vi trur at det er best å oppgradere eksisterande veg mellom Svelgen og Kjelkenes så langt råd er og konsentrere seg om å få ein trygg og døgnopen veg heile året gjennom Magnhildskaret.

Med helsing

Ute Førde            Rita Svarstad Isene            Astri Berle          


ELKEM-KOPP TIL MARTIN, ANNA OG STIAN 05.05.2012

Vinnarar av Elkem-kopp i april vart desse: Anna Resj (nr. 1087 på Moldahytta), Martin Hennøy (nr.483 på Sandsegga) og Stian Holn nr. 987 i Risevatnet 3,5 km.
GRATULERER
No i mai skal vi trekke koppar på Ivervatn, Knekkevatn og Risevatnet 3,5 km. Fjelltrimmboka på Knekkevatn er plassert i kasse inne på do ; ved Ivervatn finn du boka i kasse bak naustet.
Alle er velkomne til å delta. I juni vert det trekking av kopp på Gulebrystet, Sandsegga og Risevatnet 3,5.
KEIPEN TURLAG
FJELLTRIMMEN

Barnehagebarna syng Bremanger Reggi 05.05.2012

No kan du sjå video frå Rådhuset sitt 40 årsjubileum. Gå inn på www.bremanger.no


Nedbørstal for april 05.05.2012

I april fall det 134,4 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for månaden er 123 mm. 23,0 mm var høgst døgnnedbør, og 13 døgn var utan ein drope i måleglaset til Svelgen Kraft.

 

I løpet av årets fire første månadar har det falle 1035,6 mm nedbør, medan normalen er 727 mm. Dette vert 42,4 % meir enn normalt samla for desse månadane.

 

Vi skriv i dag 5. mai, og markene i Svelgen er dekt av nysnø på morgonkvisten. Statens vegvesen sitt webkamera i Ålfotdalen syner kl. 08.30 at brøytebilen har brøyta køyrebana i retning Ålfoten. For å sjå webkamera klikk på kameraet øverst til høgre på denne sida.


Kjempefin tur for Keipen Turlag til Keipen 04.05.2012

1. mai deltok 33 personar på Keipen Turlag sin årlege skitur til Keipen. I følgje turleiar Asbjørn Svarstad (biletet t.v.) var det ein svært flott og vellukka tur i eit kjempefint vèr. Svarstad har vore med som turleiar på 1. mai-turen i mange år, og i hans tid som turleiar har det iallefall ikkje vore med fleire deltakarar enn i år. Om lag halvparten av deltakarane var busett på andre stadar enn Svelgen, men mange av dei utflytta svelgarar. Og nær halvparten av dei som deltok var jenter og damer. Nedanfor følgjer bilete frå årets tur:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


A-lags turnering 04.05.2012

I morgon, laurdag 5.mai, kl 12.00 startar a-laget sesongen sin på Svelgen stadion.

 

Det 7'er serie der dei spelar turnering. Dei skal møte Viksdalen, Vadheim, Norane, Jølster 3.

 

Det vert kiosk sal. Møt opp for å heie fram a-laget.

 


Svelgen Kino 02.05.2012

En katt i Paris

Søndag 6. mai 17:00

Kiosk og billetter fra 16:30

Årets mest spennende barnefilm! Katten Dino lever et dobbeltliv. På dagtid er han en søt kattepus som tilhører Zoe, datteren til den kvinnelige politisjefen i Paris. Jenta har vært stum siden hennes far ble myrdet av storgangsteren Victor Costa. Om natten sniker Dino seg ut for å være sammen med tyven Nico, som elegant slenger seg fra tak til tak, alltid på jakt etter et verdifullt bytte. Dinos bekymringsløse katteliv blir med ett langt farligere når Nico faller i unåde hos Costa og hans bande. Og plutselig blir også Zoe blandet inn i bandittakrobatikken. Hun bør helst holde balansen!

Aldersgrense: 7 år  Lengde 1 t 5 min


The Avengers

Søndag 6. mai 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Marvel Studios presenterer "Marvel's The Avengers" - tidenes team med ikoniske Marvel superhelter som Iron Man, The Incredible Hulk, Thor, Captain America, Hawkeye og Black Widow.Når en uventet fiende truer den globale sikkerheten, må Nick Fury, direktør for det internasjonale fredsbevarende byrået S.H.I.E.L.D., finne et team som kan redde verden fra randen av katastrofe. En dristig verdensomfattende rekruttering iverksettes."Marvel's The Avengers" er skrevet og regissert av Joss Whedon, og basert på den populære Marvel-tegneserien 'The Avengers,' først publisert i 1963 og siden da anerkjent som en tegneserie-institusjon. Gjør deg klar for en spennende og begivenhetsrik film, fullpakket med action og spektakulære spesialeffekter når superheltene i 'Marvel's The Avengers' samles sommeren 2012.

Aldersgrense: 11 år Lengde 2 t 21 min


Svelgen Oppvekst hoppar for hjertet 04.05.2012

4.-7.klasse ved Svelgen oppvekst er med i konkurransen Hopp for hjertet 2012 i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen!

Målet med ”Hopp for hjertet” er å vise at fysisk aktivitet kan vere både morosamt og bra for helsa.
Vil du lese meir om konkurransen kan du sjå  her

Privat arr. på Lasses etter 1930 laurdag 04.05.2012

Lørdag 5. mai på Lasse`s kro vil det være lukka fra kl 19.30 og ut kvelden.


Seniorkaffi fredag 4.mai kl 16.30 på Svelgen Samfunnshus. 03.05.2012

Svelgen Røde Kors Omsorg inviterer til Seniorkaffi, ein sosial samankomst med kaffi, kaker og  underhaldning av barnekoret og songgruppa.

Velkomen!


Tunell Svelgen – Indrehus

Skal folk i Bremanger betale regninga for ein tunell vi ikkje skal bruke? Blir dette eit straffegebyr for å bu i Bremanger Kommune?

 

Bremanger Kommune inviterte nyleg til folkemøte for å presentere konsekvens utgreiing som er utarbeid for ulike trase val Svelgen –Indrehus. Det heile blir underleg og arrogant når ein veit at ein politisk allereie før resultatet av konsekvens utgreiing og folke møte har konkludert med tunell. Spørsmålet folk lurer på er kvifor ein i 45 minutt - prosjektet har nedprioritert Magnhildskaret ?- Her finnest det i dag ingen gode svar, skriv Jostein Eimhjellen i eit lesarinnlegg. Les alt under "Lesarinnlegg" i menyen til venstre.


Kongleriket Miniputt 2012 03.05.2012

                             

Her ser de datoar og arrangørar for miniputt turneringane 2012:

 

   6.mai -              Tambarsjelvar, Naustdal

  10.juni -              Svelgen

  26.august -         Eikefjord

  16.september -    Florø


Sommarjobb ved Bremanger Quarry 03.05.2012

Bremanger Quarry søker etter sommarvikarar - gravemaskinsjåfør og dumpersjåfør. Sjå ledig stilling til venstre.


Tur til Smalerabben søndag 6.mai 03.05.2012

Det blir tur til den ”lokale Besseggen” i ytre Bremanger søndag 6.mai.

Turen tek ca 5 timar og høgste toppen er 540 m.o.h.

For dei som har lyst (og ikkje har høgdeskrekk) er det mogleg å gå over den smale egga

etter toppen, med Dalsbotnen på eine sida og Berledalen på den andre.

 

 

Arrangør: Keipen Turlag

Turleiar: Gisle Skjølberg (46879706) og Tore Skjølberg

 

 

Oppmøte ved Snuplassen i Førs kl 10.00.


Trubadurix Thomas Forsberg på hotellet 12. mai 03.05.2012

Trubadurix Thomas Forsberg

Lørdag 12 mai blir det trubaduraften på Svelgen hotel.
Thomas spiller variert musikk fra fleire ti år. Spiller fast rundt om i plankebyen Fredrikstad, men er no klar for Vestlandet.
Så ta på danseskoa, og gjør klar for en fin kveld på Svelgen hotell.
Cover kr.100,-


Teknisk driftseining treng ferievikarar på Bremangerlandet i perioden juni – august.

Stilling med saksnr. 12/1023.

For meir informasjon sjå "stilling ledig" til venstre, eller www.bremanger.kommune.no

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

SØKNADSFRIST: 18.05.2012


Endring av b ussruter fra 1. mai
Bussruta som gjeld frå 1. mai er feil når det gjelder avgang fra Sande om morgonen.
Avgangen fra Sande skal være kl 0700, ikkje 0705 som det står i det nye ruteheftet.
Rutetidene fra Svelgen-Grov-Førde er også 0700 fra Sande og 0710 fra Svelgen.
Firda Billag Svelgen

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov